Bilde-id: 08661_047_10
Dato:
CaAar: 1954
Bildetekst:
Flybilde frå Loen sokn på 1950-talet. Sjå bilde-katalog 304. I alt 78 bilde.

Utsnitt av bilde som til venstre viser Låven på Trulsbruket, bruk nr 70/11. Lenger inne på Teigane ligg først Tunet på bustaden Nyheim (kalt Gjerstun til vanleg), bruk nr 70/42. Dette er heimen som vart etablert av familien på Gjerstunbruket i Bødal etter at dei måtte flytte frå Bødal etter ulukka i 1936.

Lengst inne på dette bildet ligg tunet på Isakebruket, bruk nr 70/5. Isakebruket vart flytta ut frå Lotunet ved utskfitninga i 1898 og etablerte tunet lenger inne mot Lofossen (kalt Gamle-Isake i dag). Ved rasulukka i 1936 kom elva utover bøane og rundt husa. Tunet vart då flytta fram til Teigane.