Bilde-id: 08661_48_10
Dato:
CaAar: 1954
Bildetekst:
Flybilde frå Loen sokn på 1950-talet. Sjå bilde-katalog 304. I alt 78 bilde. Utsnitt av bilde over Lotunet. Sentralt i dette bildet er Magnebruket, bruksnr 70/3 med låven nedanfor vegen og huset ovanfor vegen.

Rett bak våningshuset på Magnebruket ligg våningshuset på Arnebruket, bruksnr 70/14 med låven bakanfor og stabburet til høgre. Til Høgre for tunet på Arnebryket skimtar ein Tamburhuset (Holten), bruksnr 70/69 .

Ovanfor kyrkja til venstre ligg låven og våningshuset på Framigardsbruket, bruksnr 70/8. Til høgre for Framigard ser ein låven på Innigardsbrukt, bruk nr 16.

Magnebruket og Framigardsbruket vart flytta ut frå Lotunet ved utskiftninga i 1968.