Nordfjord - Loen sokn - BødalBilde - Kart - Tekst

Bødal

Bygdeskildring. Garden Bødal

Garden Bødal har innmarka si ved utlaupet av Bødalselva. Garden omfattar Bødalen med Bødalssetra. Denne dalen går heilt inn under Bødalsbreen. Vidare høyrer nordre del av Kjenndalen til Bødal (arealet på nordaust sida av elva). Denne dalen endar også i ein arm av Jostedalsbreen (Kjenndalsbreen).

Dei historiske kjeldene tyder på at Bødal var større og betre tidlegare enn i notida. Frå gamalt var utmarka svært viktig, og det kan tenkjast at breen har øydelagt mykje i Kjenndalen. I vårt århundre har garden blitt lagd øyde av to rasulukker (1905 og 1936). Sjå om desse ulukkene i bygdeboka (Aaland). I matriklane på 1800-talet var det 7 bruk i Bødal. I skattematrikkelen frå 1647 var det 11 brukarar. I dag (2000)er det berre 1 bruakr som bur i Bødal

Bødal grensar mot fjell og bre i nord og aust. I Kjenndalen grensar Bødal mot eigedomen til garden Nesdal. Bødal har ikkje skogsteig på sørsida av Lovatenet. Mot vest grensar Bødal mot Raudi. Bødal skal også ha skogsteigar nedanfor Raudi, og grensar mot Hogrenning med desse (dette går ikkje fram av det kartutsnittet som er laga).

Kjenndalen med Kjenndalsbreen har vore målet for turisttrafikken på Lovatnet. Før ulukka i 1936 var det resturant ved enden av vatnet. Etter ulukka i 1936 vart det bygt resturant lenger inne i Kjenndalen. Denne var i bruk til ut ut på 1950-talet (må kontrollerast) men drifta vart seinare nedlagt. På 1980 talet vart den resturert, men vart slegen skakk av fonnvind ein vinter og deretter riven. Det vart då bygt ny restaurant ved vatnet på same staden som den gamle hadde lege.

Bødal har i dag gardsnr 77 i Stryn kommune. I matrikkeln frå 1838 fekk garden matrikklenr 46 i Olden skipreide og hadde då 47 som gammalt matrikkelnr.