Båten Lodalen

Til turoversikt

Lenke til bilde:

Tur: Historisk vandring i Bødal

Historia om dampbåden Lodalen
(Kjelde: Olav A. Loen: Garden og ætta- Sjurebruket i Loen)
.

Lodalens Dampbåtlag tinga Trondhjems Mekaniske Verksted til å kome og byggje ny båt på Vasenden. Dei kom med ferdiglaga jarnplater frå Trondheim, og sette saman skroget på beddingen på Vasenden. Båten fekk namnet Lodalen og kom i rute på Loenvatnet i 1902. Han hadde innsett dampmaskin,og hadde sertifikat for ca. 90 personar. Bakan for maskinromet var der ein liten salong med dekk over, elles var han ikkje overbygd.

Om vinteren vart han sett i eit naust i Trosjevika i sundet mellom Bødal og Nesdal. Denne båten fekk ei kort levetid med 3 gode turistsesongar. Loen ulukka 15. januar 1905 tok båten frå vinterleget sitt og hivde han 400 m inn over land, og sjølve skroget vart ein god del skada. Havariet var likevel ikkje verre enn at dei kunne ta ut maskina og nytta i ein ny båt. Skroget vart oppreist, og vart liggjande der til 1936. Mange av turistane gjorde turen inn og såg dette skroget som var eit synleg minne på dei store kreftene som var igang i denne ulukka.

Den 13. september 1936 vart båten teken av båra på nytt og ført fleire hundre meter og høgare opp i lia då ei ny og enno større ulukke hende i Lodalen. No ligg båten som eit rusta jarnskrog og er synleg frå vegen til Kjenndalen ved minnetavla oppe i fjellet.