Blå = Historisk vandring Raud = Gamle gardstun Gul = Andre minne eller gå til Start
Gå tilbake til prosjektoversikta for:
Bildet: Bødal før 1905
Lenke: |
Historisk vandring i Bødal .
Den nære historia for Bødal er omtalt i artikkelen Lodalen 1900-1940. I 1905 var det 7 bruk i Bødal medrekna Raudiparten. Garden var ikkje utskifta før ulukka, og 5 av bruka hadde husa sine i eit klyngetun heilt nede ved vatnet.Det var husa på Gjerstunbruket og på Raudiparten låg utanfor klyngetunet. Gjerstunbruket og Raudibruket gjekk fri for ulukka i 1905, medan båra tok alle bustadhusa i klyngetunet. Det var berre nokre av dei øvste fjøsbygningane som vart ståande. Det var 24 menneskje i Bødal som omkom ulukkesnatta og 3 dei neste dagane. Dei nye tuna vart etter kvart bygde opp på nytt ovanfor det gamle tunet. I boka til Sigurd Nesdal "Lodalen fager og fårleg"er der kartskisser (side 90 og side 128) der plasseringa av bruka før ulukke i 1936 er avmerke. Markeringa av tuna i den historiske turløypa er stort sett i samvar med dette. Ved raset i 1936 kom bølgja mykje støre enn i 1905. Medan bølgja i 1905 delte seg mot Nesodden, skola ho no over Nesodden og alle bruka i Bødal vart tekne. Det einaste som stod igjen var ysteriet, og nokre gardfjøsar lengst oppe. Etter 1905 var det komne til to nye bruk ved frådeling slik at det var 9 bruk som var lagde øyde. Det var bygt skulehus og forsamlingshus (losjehuset) som også vart tekne av båra. I dag (2010) er det berre eitt av bruka i Bødal som er bygt opp igjen og har fast busetnad. Dette bruket ligg ovanfor den komunale bilegen like sør for brua over Bødalselva |