Samuelbruket og Raudi

Til turoversikt
Forrige Neste

Du er her nå;

Lenker til eksterne data
Raudiparten i Bødal
Samuelbruket

Tur: Historisk vandring i Bødal

Samuelbruket og Raudiparten .

Raudi er ein eigen gard som ligg på neset nordvest for Bødal. Raudi har i lange periodar vore drive med bustad i Bødal. I det 19. århundre vågde brukaren seg til å bu på garden Raudi, men i 1885 gjekk det ei stor steinskred over gardne. Raudi har ein eigedomspart i Bødal og ein teig der husa var plasser (bruk nr 7). Husa på Raudiparten i Bødal vart ikkje tekne under rasulukka i 1905, men ved rasulukka i 1936 tok båra også desse husa.

Det nye tunet på Samuelbruket etter 1905 vart bygt nordaust for det gamle Bødalstunet nærare elva. Samuelbruket grensar i sør mot Raudiparten. Husa vart tekne av båra i ulukka i 1936.

Traktorvegen som den historiske vandringa følgjer, kjem ned til Rauditeigen i grensa mot Samuelbruket, og gjer der ein 90 graders sving mot sør- sørasut langs grensa mot teigen til Raudibruket. Det går også ein stikkveg rett fram mot vatnet

1. 2010. Traktorvegen mot gresna mellom Raudi og Samuelbruket
1. 2010. Traktorvegen mot sør langs Rauditeigen
1. 2010. Skilt som markerar kvar Tunet på Raudibruket låg
1. 2010. Skilt som markerar kvar tunet på Samuelbruket låg