Solvangbruket og Kolbeinbruket

Til turoversikt
Forrige Neste

Du er her nå;

Lenker til eksterne data
Solvangbruket
Kolbeinbruket

Tur: Historisk vandring i Bødal

Solvangbruket og Kolbeindbruket .

Bruk nr 9, Solvang, vart etablert i 1916 ved frådeling frå bruk nr 1. Tunet på bruk nr 9 vart bygt lengst borte frå vatnet mot Bødalselva. Husa låg i ytterkanten av skadeområdet i 1936, men vart likevel tekne av båra. Berre murane etter huset stod igjen. Eit ysteri som stod like ovanfor vart ståande.

Kolbeinbruket hadde stovehuset sitt i den øvste rekkja i klyngetunet i Bødal før ulukka i 1905. Huset vart då teke av båra. I 1936 var tunet på Kolbeinbruket og tunet på bruk nr 9, Solvang plassert lengst opp frå vatnet. Bruk nr 9 låg nærast Bødalselva og lengst oppe. Kolbeinbruket låg lenger mot søraust. Huset på Kolbeinbruket vart teke av båra, men loftsetasjen vart ikkje slegen sund, og flaut som ein båt 100 meter oppover. Der vart det ståande på ei røys, og 3 menneskje kunne gå uskadde ut.

1. 2010. Skilt som markerar kvar Solvangbruket låg
2. 2010. Skilt som markerar kvar Kolbeinbruket låg
3. 2010. Traktorvegen vidare nedover mot vatnet