Gjerstunbruket

Til turoversikt
Forrige Neste

Du er her nå:

Lenker
Gjerstunbruket i Bødal.
Gjerstunhuset i Loen.

Tur: Historisk vandring i Bødal

Gjerstunbruket .

Gjerstunbruket hadde eige tun før ulukka i 1905. Dette tunet låg lenger oppe enn klyngetunet og vart ikkje teke av båra i 1905, Tunet på Gjerstunbruket låg sikkert på same staden fram til ulukka i 1936. Då vart tunet teke av båra, men alle kom seg ut og i sikkerheit før husa vart tekne. Dette tunet låg like opp under bakkane ovanfor og det var kort veg for å berge seg.

Etter ulukka fekk brukaren Ola Olsen Bødal seg tomt på teigane i Loen der han bygde våningshus og låve. Låven vart riven på 1990-talet men våningshuset er bygt på og vert nytta som bustadhus (2002).

2010. Skilt som markerar plasseringa av Gjerstunbruket
2010. Traktorvegen vidare mot Nesodden frå Gjerstunbruket
2010. Traktorvegen vidare mot Nesodden frå Gjerstunbruket