Storerunden i Loen 2011

Kvar gong eg er heime i Loen tek eg med kamera og går Storerunden. Det er då mest vanleg at eg startar med å gå innomver mot Lofossen, over brua og utover til Lovik. Derfrå tilbake over brua på fylkesveg 60 og langs hotella og tilbake til Lotunet via kyrkja.

På denne turen får eg med det som har hendt i Loen sidan året før. 2011-versjonen av rundturen er oppdatert med bilde til og med 2011.

Turen er inndelt i kartutsnitt med fleire informasjonspunkt for kvart utsnitt. Om ein ikkje vil gå heile turen, kan ein velje kartutsnitt og utsiktspunkt heilt fritt.

Det er elles lagt opp til å gå heile turen på same måten som eg brukar å gjere og kan då velge Start som i dette tilfellet er tunet på Sjurebruket i Lotunet

Turomtale
Bildegalleri

Gå tilbake til prosjketoversikta for:
Loenområdet

Storerunden i Loen 2011 .
Storerudnen er ein rundtur i Loen som vert nytta av turistar og bygdefolket. Turen tek ca 1 time i turisttempo. og på denne rundturen får ein sett mesteparten av garden Loen.

I denne omtalen startar turen på tunet på Sjurebruket i Lotunet.