Storerunden
(Tur rundt Loen)
Punkt: Lotuent nedre del

Tilbake til turoversikt
Forrige Neste

Lenker til eksterne data

Tur: Storerunden i Loen"
Informasjonspunkt: Lotuent nedre del
.

Tunet er staden for den opprinnelge busetnaden i Loen. Før utskiftninga i 1898 var husa på garden samla i to tun, ovanfor og nedanfor kyrkja. Det var då ca. 100 hus i tuna. Gjennom utskiftninga i 1898 og ny utskiftning i 1968 vart husa på 8 av dei 14 buka flytta ut frå det opprinnelege tunet. Vegen som går gjennom tunet er no kyrkejveg.

Det er Sjurebruket som er startpunkt i denne versjone av turomtalen. Nabobruka er Arnebruket ovanfor mot kyrkja og Trulsbruket nedanfor vegen. I same området mot kyrkja ligg bruk nr 60 (Tamburhuset) og huset til Asgeir Loen med gartneri (bruk nr 113 + 160).

Det som er nytt i dette området dei siste åra er felling av grantrea lang vegen. oppføring av nytt våningshus på Trulsbruket, frådeling av det gamle våningshuset og nystova på trulsbruket og oppussing av nystova. Vidare er våningshuset på Arnebruket skilt ut som bustad. Det er planlagt ombygging av Arnehuset og utgraving for utvida kjellar vart gjennomført i 2012.

1. Våningshuset på Sjurebruket
2. Våningshuset på Sjureb ruket med Skåla som bakgrunn
3. Utsikt mot fjorden frå Lotunet nedre del
4. Utsikt mot fjorden. Grana borte
5. Lotunet- kyrkjevegen
( (Sjå artikkel i Fjordingen)
6. Prat med naboen over gjerdet
Sjå artikkel i Fjordingen .
7. 2012. Utgraving for kjellar og tilbygg på Arnehuset
8. Arnehsuet 2012. Kran løfter på plass element til ny kjellarvegg
9. Vedlikehald av Trulsnystova
10. Nytt våningshus på trulsbruket
11. Våningshuset og nystova på Trulsbruket
12. 2012. Ny veranda på nystova på Trulsbruket

Neste utsiktspunkt er på Teigane.