Storerunden
Punkt: Brennaugen, utsikt mot vest

Tilbake til turoversikt
Forrige punkt
Neste punkt
(eller velg punkt nedanfor)

Heimtun Mot NK Mot Kvitfjell Bustad Sakris-huset Industri Forrige kartutsnitt Neste kartutsnitt

Lenker til eksterne data

Tur: Storerunden i Loen
Informasjonspunkt: Brennhaugen - utsikt mot vest
.

Ved heimtuntomta går det stikkvelg frå den kommunale vegen og opp til bustadfeltet på Brennhaugen. Frå toppen av stikkvegen til bustadsfeltet er det utsyn over Bustadsfeltet i Lovik, anlegget til Nordfjord kjøtt AS (NK), fjorden med hotella og Lotunet.

Det er eigentleg to bustadfelt i området. Mot vest i bakkane nedanfor ligg Lovik bustadfelt. Det var her det starta med bustadbygging i dette området. Området Lovik omfattar det som tidlegare var kulturbeite til Antunsbruket. Brennhaugen kom til seinare og dette området vart kjøpt av kommunen frå Sjurebruket og gjort i stand for bustadbygging. Vegen opp frå heimtuntomta var opprinneleg berre til dette bustadfeltet. Det er også tinglyst at vegen skal kunne nyttast til jordbruksdrift. Men så vart det lagt til ei ny rekke md hus øverst i Lovik og lagt veg mellom denne bustadrekka og innmarksarelat bak Brennhaugen( Må sjekke dette litt nærmare).

Med den utbygginga som har skedd med NK dei siste par åra og med den planlagde omlegginga av den kommunale vegen, vil NK legge beslag på mestparten av flatene i Lovik. Før utskiftninga av utmarka i 1927 hadde bruka i Loen utslåttar i Lovik med eigne lader (sjå bilde) etter utskfitninga på innmarka i 1968 fekk eitt av bruka mesteparten av innmarka si i Lovik. Dette bruket er no utan innmark og bustadhuset er overteke av NK. Meir informasjon om utbygginga av NK dei siste åre er vist med bilde frå utsiktspunkta langs vegen til Lovik.

Det var konflikt mellom Stryn Meieri og lokale bønder på den eine sida og Vestlandske slagslag på den andre sida som førde til etablering av privat slakteri i Olden med namnet Nordfjord Kjøttindustreier AS. Verksemda vart seinare flytta til Loe. For meir informassjon er det lenke til leksikonet Wikipedia, og omtale av det økonomiske resultatet i 2010 på sidene til NRK.

Fottur Storerunden.
Punkt Brennhaugen. Utsikt mot vest. Bilde

1. Vegen mellom bustadfeltet i Lovik og innmarka bak Brennhaugen
2. Bustadfeltet i Lovik, nedanfor Brennhaugen. Granskogen i Lovik er borte etter orkanen Dagmar
3. Oversikt over Nordfjord kjøttindustri.
4. Oversikt over Lovik etter postkort datert 1925
5. Utsikt mot fjorden og Hotel Alexandra
6. Utsikt mot Loktunet

Neste utsiktspunkt er frå Brennhaugen med utsikt mot Kvitefjell bustadfelt.