Storerunden
Punkt: Markusbruket og Hogabakken.

Tilbake til turoversikt
Forrige punkt
Neste punkt
(eller velg punkt nedanfor)

Lenker til eksterne data

Tur: Storerunden i Loen
Informasjonspunkt: Markusbruket og Hogabakken.
.

Markusbruket vart flytta ut frå det gamle tuen ved utskiftninga i 1898 og har no tunet like innanfor Hotel Alexandra. Det var familien på Markusbruket som i si tid etablerte hotel Alexandra. Denne familien hadde også poståpneri, butikk, og bensinstasjon. På gardsbruket vert det no drive med dyrking av frukt, bær og grønsaker. Postkontoret låg lenge i privatbustaden til ein av etterkomarane frå Markusbruket. Postkontret vart seinaere flytta til same lokalet som nærbutkken, men er no lagt ned.

Frå vegen nedanfor Markushusa er det utsikt mot austsida av Hotel Alexandra. Dette har no blitt inngangspartoiet for hotellet og i 2012 vart det bygt på ein eksta toppetasje.

Frå gamalt var det ein husmannsplass som heitte Lohaug. Denne plassen hadde husa sine der Markusbruket no har frukthage. Husa var borte før mi tid men eg hugsar at det var ei grind i gjerdet i Hogabakken der husa hadde lege. Husa er med på mange gamle postkort.

Fottur Storerunden.
Punkt: Markusbruket og Hogabakken. Bilde

1. Husa på Marksusbruket i 1999.
2. Ny salgsbod på Markusbruket i 2012
3. Utsikt tilbake til hotel Alexandra. 2012
4. Vegen frå hotellet til Lotunet. 1925
5. Vegen frå hotellet til Lotunet ca.1905
6.Markjushuset, Hogahusa, Lotunen mv. ca. 1910

Neste punkt er ved Tindebuda.