Storerunden
Punkt:Gamle Isake

Tilbake til turoversikt
Forrige punkt
Neste punkt
(eller velg punkt nedanfor)

Lenker til eksterne data

Tur: Storerunden i Loen"
Informasjonspunkt: Gamle-Isake
.

Etter rasulukka i 1936 med flodbølgje nedover elva frå Lovatnet vart låvebygningen og våningshuset på Isakebruket frytta frå det gamle tunet. Det som no står igjen er eit sommarfjøs som er bygt på murane etter låvebygningen og eit stabbur. Haugen bakanfor tomta er Revholen.

Marta Loen Havnvik har fortalt om ulukkesmorgonen 13.september i 1936. Ho delte då rom med bestemora si. Ho vakna av at bestemora stod ved glaset og ropte: Det er dommedag, eg ser englane springe på Revholen. Då var det folka på Isakebruket og på Halsteinbruket som sprang opp på Revholen i berre natt-tøyet for å berge seg frå flodbølgja.

Fottur Storerunden.
Punkt Gamle - Isake. Bilde

1. 2000. Sommarfjøsen på tomta etter Gamle Isake
2. 2000. Jakob Loen og stabburet på Gamle-Isake.
3. Før 1936. Måleri som viser tunet på Gamle-Isake før fråflyttinga
4. Før 1936.Innkøyring av tørrhøy påGamle Isake. Ser våningshuset.

Neste punkt: Fjøsane ved Lofossen.