Storerunden
Punkt: Saghølen

Tilbake til turoversikt
Forrige punkt
Neste punkt
(eller velg punkt nedanfor)

Lenker til eksterne data

Tur: Storerunden i Loen
Informasjonspunkt: Saghølen
.

Bilder som viser saghølen i Loelva både på sørsida (kvia) og på norsida (skora) samt utlaupet av laksetrappa og Lofossen

Saghølen er den beste fikseplassen etter laks i Loelva. Hølen har namn etter sagbruket som låg på nordsida like ved hølen.

Laksen kjem ikke opp Lofossen, men på midten av 1950-talet vart det bygt laksetrapp slik at laksen kan gå også til øvre elv. Laksetrappa føl den same traseen som frå gamlt førde vatn til kvernene og til eit sagbruk.Laksefikset er i dag utleigt til Bergen sportsfiskerlag.

I 2005 vart det rydda skog og laga betre sti ned til Saghølen. På denne måten vart det betre utsikt mot fiskeplassen frå vegen.

I desember 2011 herja orkanen Dagmmar i granfeltet i Kvia ved Saghølen. Ein del av dei nedblesne granene blei nytta til ved, men det vart ikkje rydda opp fullstendig. I 2017 ligg det fortsatt busker og greiner i området.

NK har teke over rekkehuset som er bygd på Heimtun-tomta. Muren mellom denne tomta og feltet innanfor heldt på å ramle ut. I 2016 gjennomførde NK ei utfylling og opprydding i området rundt Heimtuntomta.

Fottur Storerunden.
Punkt Saghølen. Bilde

1. Saghølen sett frå stien ned frå kommunevegen på sørsida (kvia)
2. Saghølen med fokus på Skåra på nordsida av elva
3. Saghølen med fokus på utlaupet frå laksetrappa på nordsida
4. Utsikt oppover mot Lofossen frå Saghølen
5. 2005. Rydding av skog og ny sti
6. 2012. Etter orkanen Dagmar
7. Utfylling langs Heimtuntomta. Våren.
8. Utfylling langs Heimtuntomta. Om hasuten tilvakse med gras

Neste punkt: Ved Heimtuntomta