Tur Lofjellet
Punkt Kvilebakken

Tilbake til turoversikt

Lenker til eksterne data

Tur: Lofjellet frå Oppheim til Loen"

Punkt: Kvilebakken .

Når ein er ferdig med den bratte nedstigninga frå Høgesetra, kjem ein ned på Kvilebakken. På Kvilebakken deler stien seg. Mot sørvest går går det slakare veg den korte strekninga ned til innmarka på bruk nr 10 i Loen. Mot norasust og og delvis i motbakke går det sti til Saubrua over Hagedalselva og til Aksla på andre sida av Gjølet.Frå Saubrua går det også sti og lenger nede skogsveg gjennom Hagedalen.

Den offisielle vegen til Høgestra var lagt om i 2007. Tidlegare gjekk den frå Kvilebakken gjennom innmarksbeitet og tunet på bruk nr 10 i Loen og deretter langs gardsvegen for dette bruket til Fylkesvekgen. I 2007 vart den offisielle vegen lagt over saubrua og langs skogsvegen ned gjennom Hagedalen. For å unngå omvegen via Kilebakken var det merka ein ny stikkveg frå eit punkt ovanfor kvilebakken og ned til Saubrua. Ein kan framleis gå via Kvilebakken og tilbake til Saubrua, men på grunn av skogplanting er denne stien i ferd med å gro igjen.

Bilde frå Kvilebakken og stien mot Saubrua

1. Kvilebakken. Mot venstre til Saubrua og til høgre mot Knutebruket
2. På stien mot Saubrua gjennom nyplanta granskog.
3.Vestsida av Saubrua. Opp til venstre går det ny stikkveg til høgeserevegen.
4. Austida av Saubrua med sti til Aksla og ned gjennom Hagedalen