Skålatårnet

Velg punkt,
eller
gå til Start

Turomtale
Bildegalleri

Gå tilbake til prosjektoversikta for:
Loenområdet

Tur til Skåla .
Turen til Skålatårnet på toppen av Skåla er den mest kjende og mest nytta fjellturen i Loen. Turen startar på ca 30 m. over havet på Tjugen og endar på 1848 m. over havet. Det vert no kvart år arrangert motbakkeløp "Skåla rett opp" og løyperekorden er (2007) på 1 time 8 minutt 39 sekund. For vanlege folk tek turen 4 - 6 timar opp og 2 timar ned.

Parkeringsplassen på Tjugen Tjugen-fossen Tjugen sæter Elvane frå Fosdalen og Skålavatnet møtest Bru over elva frå Fosdalen mot Sjingla Fjellsida opp til Skålavatnet Skålavatnet Skaret ovanfor Skålavatnet Toppen av Storeskåla som er synleg frå Lotunet Skålatårnet Skåla sett frå Raksneset

Skåla ligg aust for garden Loen og er det høgste av fjella som omkransar bygda. Skålefjellet fungerar på ein måte som kulisse bak Loen sett frå fjorden. Dette er eit motiv som går igjen på mange postkort, måleri og private foto. På toppen av Skåla ligg Skålatårnet med overnattingsplass til 22 personar. Toppen med Skålatårnet er ikkje synleg frå sjølve Loen-bygda, men er synleg frå Rake og gardane lenger ute langs fjorden