Fottur Lofjellet

Punkt Opheims-sætra

Til turoversikt Lofjellet

Forrige / Neste

Utsiktspunkt: Opheims-sætra.

Opheimssetra klorar seg liksom fast i fjellsida utan nokon stor flat setervoll. Frå setra er det flott utsyn mot Opheim og Olden.

Bilde frå Opheimssætra

1. Opheimssætra sett frå sætrevegen frå Rakssætra.
Loen
2. Opheimssætra sett frå Raksfjellet
Loen
3. Utsikt mot fjella i Loen med Skåla.
Loen
4. Utsyn mot Opheim
Loen

Fotturen frå Rakssetra til Opheimssetra tek ca 1/2 time.

Frå Opheimssetra går det bratt sti rett opp mot høgda. Før ein kjem opp på høgdedraget deler stien seg. Til venstre (vest) går den til Raksfjellet og Årheimsfjellet. Til høgre (aust) går den innover Lofjellet. Stien innover Lofjellet mot Tungegjølet går på baksida av høgderyggen og dermed på Strynesida. Loen er ikkje synleg frå denne delen av stien.