Nordfjord - Nordsida - BergsetBilde - Kart - Tekst

Bergset

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 96 Bergset

Namn og opphav

Namnet er i Bj. K. i dativ skrive "i Berosætre" og "i Berusætre". I gammalnorsk norm. var vel forma Berusetr, av bera, hobjørn (hynebere) og setr, bustad. Etter det kunne namnet tyde bjørnegarden, og det kunne vere høveleg namn, då garden ligg høgt oppe inne i tjukke fureskogen. Namnet kan og kome av kvinnfolknamnet Bera eller elvenamnet Bera, meiner somme namnegranskarar. Namnet er etter 1500 skrive på ymse måtar: Berosetter, Beresetter, Bergzetter, Berseter. Forma Bergset, som har vore brukt i nyare tid, er ikkje rett.

Garden er eldre enn ein skulle tru. Kring 1930 vart det funne ei øks frå vikingtida (no i Bergens Museum). Truleg er garden oppteken då.

Av Bj. K. ser ein at prb. i Innvik åtte (1) laup, St. Lafrans kierkia på Skodi 1/2 1. i Berosætre, prestebolet i Utvik (1) sketting og kyrkja i Inuikum åtte (1) m.m.b. i Berusætre, som fru Æghilæif hadde gjeve. (Ho var gift med Sigurd Lodinson. Av Bj. K. ser ein at ho også hadde gjeve Grotlekvrkja gods i Almdal.) Vinsens Lunge si iordebok (frå ikr. 1535) melder at han åtte "l skiffue bast Isk. i Bersether". Det hadde sikkert høyrt til Nonneset-klosteret sitt gods. Ein ser her at landskylda då vart svara i bast, ei vare som Bergset måtte ha god råd på, då her veks mykje lind. Berre ein gard til i Nordfj., Vik i Stryn, ytte i eldre tid bast-landskyld.

Garden er ikkje nemnd i tiendepengemanntalet frå 1520. Truleg låg han då i øyde. Sikkert veit vi at Ytre-Bergset vart oppteken av øyde ikring midten av 1500-årstalet. Av eit dokument frå 1595 (no på br. nr. 6 hjå Ola Bergset) ser ein at langfredag d. år tok Rasmus Bergset prov av kyrkjelyden på kyrkjegarden i Innvik etter preika om det ikkje var faren hans, Jakob Olson, då avliden, som var rett rudbolsmann til Ytre-Bergset. Kyrkjelyden sannprova at Jakob hadde rudd garden av øyde "fra den tykke skog, som der stod". I den tid han rydja garden, budde han under eit stort furetre til dess han fekk seg opp hus, då han ikkje hadde hus å une seg i. Og fura stod då dei (i 1595) prova dette. Etter dette provet kunne difor 8 svorne lagrettemenn stadfeste at Rasmus sin far, Jakob, var rett rudbolsmann til Ytre-Bergset.

Den fura som er nemnd i provet, var ei overlag tjukk kraddefure, som stod attmed Ola-smidja og difor vart kalla Smidjefura. For ein mannsalder sidan vart ho nedhoggen ein vinter dei var i beit for kveiksel. Det var slik framifrå god spik i henne.

Om det var berre Indre-Bergset som var bygt i mellomalderen eller om det var begge tuna, og dei så begge låg i øyde og vart opptekne att i 1500-årstalet, er ikkje godt å seie med full visse. Sikkert er det i alle fall at i 1563 bur det to mann her, som legg kvar 1 dl. i skatt, Jakob YtreBergset og Laurits (Indre-Bergset). I 1585 eig Innvik- og Utvik-kyrkjene kvar sitt 1/2 pd. i Beresetter.