Resten av Noreg - Sokn Gulen. Alle - Nordgulen i GulenBilde - Kart - Tekst

Nordgulen i Gulen

Bygdeskildring. Garden Nordgulen i Gulen

Garden Nordegulen (gnr 25) i Gulen.

Garden Nordgulen ligg på vestsida av Nordgulselva i botnen av Nordgulvågen. Aust for elva ligg grannegarden Tveit og sør for elva ligg garden Haveland. Elva kjem frå den tronge Nordguldalen som møtest med Rutledalen. Vasskilet ligg på 226 m.o.h. om lag 7 km frå fjorden. Nordgulvågen er skilt frå Nordgulfjorden med eit trongt sund som er berre 30 meter på det smalaste.

Garden har i dag (2018) gardsnr 25 i Gulen kommune. Frå gamalt er det nemnt 2 brukarar. Omkring 1600 vart begge bruka delt slik at det vart 4 bruk . I slektslistene i bygdeboka er der 5 bruk med slekter tilbake til før 1830 (løpenr 143, 144, 145, 146 og 147). Seinare har det kome til fleire bruk (løpenr 146b, 147b, og nokre fleire bruk etter at den ny matrikkelen vart teken i bruk). Det hadde også vore husmenn på garden

Lars Bertelsen Undertun kjøpte eitt av bruka i Nordgulen i 1896 (lnr 144 etter gammal matrikkel og bruksnr 2 etter ny matrikkel). Bruk nr 8 vart skilt ut fra dette bruket i 1896 og det nye bruket fekk 1/9 av hovedbruket.