Sokn Gulen. Alle - Undertun i Gulen - Undertun, bruk nr 3 - Lars Bertelsen HantveitDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Lars Bertelsen Hantveit

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 11.2. Hantveit.

På Hantveit gr.nr. 29, har slekta gamle røter på br.nr. 2. Baltsar Olsson kom der til truleg frå Austgulen ca. 1675. (Bygdeboka til Kleiva bind 1 side 531). Han var lagrettesmann frå 1681 til 1700. Sonen hans, Knut Baltsarsson, fekk bruksbrev frå biskop Bornemann i 1748 på ½ 1. smør og 1/2 får. Kona hans, Berte, var frå Vestervik. Knut var og lagrettemann og bumerka til han og far hans finn vi i Kleiva si bok om Gulen bind 1. Baltsar Hantveit 1713(bumerke)og Knut Hantveit 1758(bumerke).Det siste merke nytta og Jon Hantveit i 1765.

Knut saman med broren Gjevle gjekk gjennom isen og drukna i 1760. I skiftet etter han synte det seg at han hadde 162 rdl. og han hadde såleis vore ein bra velhalden mann for den tid å vere.

Han hadde berre ei dotter, Lisbet, som gifte seg med Lars Knutsson, Nedre Grinde i 1780. Då han døde tidleg, gifte enkja seg opp igjen med Bertel Andersson Netteland, også dei fekk bruksbrev frå bispen som i 1784 heitte Irgens. Bertel var lagrettemann frå 1797. Dei hadde 6 born, og den yngste av dei var Lars Bertelsson, fødd i 1796.