Personer - Kristian Pedersen RosetDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Kristian Pedersen Roset

Årbok for Nordfjord 1952. Kristian Roset

Av Olav A Loen


Kristian Roset

Kristian Roset var ein av desse ungdomane som ein set voner til. Han var evnerik og arbeidsglad, og hadde stor hug å skriva. Dikt og stubbar hadde han teke til å få prenta i ymse blad. Vi som kjende han, og visste kor trottigt han sat ved skrivebordet, venta på at det snart kom ei bok frå han. Då kom bodet brått og uventa at han var død, knapt 21 år gamal.

Kristian Roset var eldste son til Per og Synneve Roset, og fødd på Roset-garden i Blakset 21. mai 1904. Alt tidleg fekk han hug til bøker og skriving. Då han skjøna at både foreldra og garden hadde bruk for han heime, slo han utferdstankane frå seg. Vinteren l92l-22 gjekk han Voss Folkehøgskule, og sidan vart han heime. Han var ein ihuga arbeidsmann, og saman med faren braut og rudde han mykje nyland. Men om kveldane, og ofte om nettene med, sat han på romet sitt og skreiv.

Serleg etter den vinteren på folkehøgskulen vart det fart i skrivinga. Lars Eskeland hadde sterk innverknad på han, og nørde skrivehugen. Den unge guten var no på leiting innetter i sin eigen hug, for å gje sin personlegdom form og innhald. Han var i denne tida svært redd for å verta ein etterapar etter andre.

Dikta fekk fastare form etter som han arbeidde. Det løglege han såg og opplevde forma seg til småstubbar. Ei slik samling hadde han gjort ferdig og fått von om å få ut hjå Noregs Ungdomslag til jul 1925. Diverre døydde han før dette var heilt i orden. Han var midt i ein rik arbeidsbolk då han våren 1925 vart sjuk. Berre etter ei stutt sjukelega døydde han 16. mai same året. Ein av våre evnerike ungdomar gjekk her bort før han hadde nått fram til full mogning.

Han let etter seg ei større forteljing, og endå ei var i emning. Eit lite spelstykke han skreiv om skotårsfriing har vore spelt i mange ungdomslag. Han hadde og ei heil samling av velskrivne dikt. Vi prentar her songen han skreiv til heimbygda si - Blakset.