Nordfjord - Loen soknBildepunkt - Kart - Tekst

Loen sokn

Bygdeskildring. Loen sokn. Oversikt

Loen sokn. Kart. Kilde: Gardskart/Skog og landskap

Bygdeskildring

Nordfjord endar i tre fjordarmar. I nord går fjorden inn til Stryn og i sør til Olden. Mellom desse går fjordarmen Loen mellom Raksneset og Tyvaneset inn til garden Loen. Nordsida av fjorden mellom Stryn og og garden Loen høyrer i dag til Loen sokn. Frå fjordbotnen går Lodalen først i aust, sidan i søraut vel ei mil inn mellom dei høge fjella. Mellom fjorden og Lovatnet er det eit eid på ca 3 km med 4 gardar, og gjennom dette eidet renn Loelva som har to fossar.

Mest heile Lodalen er fylt opp av Lovatnet som er 12 km langt, 1,5 km breitt og ligg 52 meter over havet. Lengst inne kløyver dalen seg i tre tronge dalar: Bødalen i aust, Kjenndalen i søraust og Kvanndalen i sør. Gjennom alle desse dalane renn det elvar med smeltevatn frå brearmar. Ved utlaupet av alle desse dalane ligg det flate delta, men i dag er busetnaden borte frå desse på grunn av ras og flodbølgjer. I tillegg til gardane ved utlaupet av desse dalane ligg det 4 gardar langs Lovatnet.