Audun Loen sitt postkortarkiv

Postkorta viser Loen kyrkejsokn frå Ytterste Strand til Kjenndalsbreen gjennom 100 år.

Innsamling av postkort starte i 2005. I perioden etter 2005 har eg kjøpt alle ulike kort som har vore på sal på QXL.

For presentasjon og som praktisk hjelpemiddel for å unngå kjøp av dublettar, har eg laga ei web-side med alle postkort som inngår i samlinga mi. Postkorta er der gruppert etter geografisk tema innan kyrkjesoknet.

i arkivet er postkorta samla i postkortalbum, sortert ette same hovedtema som på nettet. Det er likevel ikkje nødvendigvis same rekkefølgja på bilda innen kvart tema som på nettet.