Bilde. Reise i kart/bilde

Tilbake til Startsiden

Meny bildevsining

MENY
Reise i Kart
Velg start-kart.

Jordkloden
Europa
Noreg
Nordfjord
Loen sokn

Det er knytta informasjon berre til Loen sokn med sinde gardar og bruk

Reise i kart/bilde

Opplegg for bruk av kart som meny for slektsdata.
NB: Kartmenyane er ikkje tilpassa til bruk med mobiltelefon!

"Reise i bilder" er eit opplegg for å vise slekt- og lokal-historie med kartet som meny. Det er laga eit forenkla rammeverket basert på bruk av sattelittbilde og flybilde. Opplegget er tilpassa til Loengrenda der grenda, gardar og bruk er markerte med raude punkt som kan veljast (klikke på). Slekter og personar er knytte til bruk/bustadar. Mesteparten av innhaldet mangler for dei fleste gardane og bruka

Bilde og informasjon er knytt til dei geografiske nivåa grend, gard og bruk med modulane Gardpunkt(berre for grend), Brukpunkt (berre for gard), Bildepunkt (for grend og gard), Brukdetaljar med slektsinformasjon (berre for bruk), Bildegalleri og Tekst.

Nivåa Jordkloden, Europa, Norge og Nordfjord er med berre for å plassere Loen i ein større samanheng. Startnivå kan veljast i menyen til venstre (øverste)

Produktet "Reise i bilde" er basert på ein 20 år gamal visjon om å bruke kartet som meny og GIS som verktøy for lokalhistoria. Visjonen gjekk ut på at ein kunne starte med oversiktskartet. Etter kvart som ein zooma inn i kartet kunne det dukke opp stadig nye kartobjekt som kunne veljast og visast med tilleggsinformasjon fra andre databasar (t.d. gardstun og andre bustadhus). Visjonen kunne ha blitt realisert om sentrale aktørar hadde gått saman om å etablere ein felles kartbase som grunnlag for kartbasert lokalhistorie. Av økonomiske grunnar (m.a.innkjøp av digitalt kartgrunnlag og datasystem) og mangel på kompetanse (drift av eit geografisk informasjonssystem) var det umogleg fore ein privatperson å realisere visjonen åleine. Funksjone "Reise i bilde" er berre ei primitiv tilnærming til den opprinnelege visjonen. På mange andre område ser ein no at visjonen om oppslag via kart og bilde blir realisert (t.d. Google earth og google street-view)

Gardpunkt

Modulen gardpunkt er eigenltleg ein meny for å velge gard, men viser samtidig kvar i grenda dei ulike gardane ligg. Modulen har sattelittbilde av Loengrenda som bakgrunn og senteret for kvar gard er market som raudt punkt. Gard vel ein ved å klikke på punktet for garden. Bakgrunnsbildet er henta frå Google earth. (eksempel)

Brukpunkt

Modulen brukpunkt er ein meny for å velge bruk innan garden, men viser samtidig kvar dei ulike bruka har sitt driftssenter. Modulen har som hovedregel flybilde i svart /kvitt som bakgrunn og driftssenteret for kvart bruk er market som raudt punkt. Bruk vel ein ved å klikke på punktet for bruket. Flybilda som er nytta som bakgrunn er innkjøpt frå Terratec A/S. Tidspunktet for flybilda er sommaren 1993. (eksempel 2 for garden Loen)

Bildepunkt

Modulen bildepunkt er ein meny for å velge og vise naturbilder. Bakgrunnen her er også sattelittbilde eller flybilde, og bilda som kan visast er avmerka som klikkbare piler. Bildepilene er plasserte der bilda er tekne og pila viser retninga. Sjølve bilda vert viste på den måten som er standard for bildearkivet med bildetekst under bilda. Formatet på bilda er ca 500 punkt i vertikal retning. Originalbilda i full storleik er ikkje tilgjengelege på nettet. (eksempel for grenda (sokna) Loen)

Bildegalleri

Modulen bildegalleri gir eit eller fleier bildealbum for grenda, kvar gard og kvart bruk. Bildegalleria er bygt opp av klikkbare småbilde organisert i tabellform i to spalter med 300 punkt i bredda for kvart bilde. Når ein klikkar på eit bilde får ein opp bildet med tekst på den måten som er standard for bildearkive. (eksempel for sjurebruket i Loen)

Tekst

Tekstmodulen gir tilgang til meny med lenker som knyter tekst til grenda, kvar gard og kvart bruk. Teksten inngår ikkje som del av opplegget for "Reise i bilder", men kan finnast under andre delar av nettstaden til Loen webinfor eller kvar som helst på nettet. (eksempel for sjurebruket i Loen)

Bruk detaljar

Bruk-detaljar er eit stanardisert opplegg for kvart bruk. Der er med samandrag fra tilgjengeleg matriklar og folketeljingar, og lenke til bruket i systemt Lokhis. Lokhis innehelt person- og slekts-opplysningar. Dette er den einaste modulen som er komplett med innhald for alle bruka. (eksempel for sjurebruket i Loen)

Opplegget "Reise i kart/bilde" var meint som prototype og vert ikkje oppdatert. Dei koorinatfesta punkta i kartbildet gjeld i høve til fast storleik på bildet. Dette fungerar ikkje i system som tilpassar storleiken på bildet i høve til skjermstorleiken- som t.d mobiltelefon. Det er imidlertid lagt ned så mykje arbeid i denne prototypen at den inntil vidare ikkje vert fjerna frå Loen bygdebase.