Eigedomshistoria for bruka i Loen
(ei kort oppsummering frå Ålandsboka.)

På 1200 talet var det rekna med at dei fleste bønder i Noreg var leiglendingar. Det var då nokon som åtte gardane og andre som budde på gardane og bruket jorda (brukarar/bruk). Dei som åtte jord leigde ut til så mange det var plass til for å få inn leiga (skylda).

Frå gamalt var det to eigedomspartar i Loen, prestebolet og resten. Prestebolet var opphavleg knytt til eit bruk men vart seinare delt på to (Erkebruet og Markusbruket). Resten av Loen var lenge på ei eigarhand og var truleg adelsgodt i mellomalderen.

Alt for 1000 år sidan var det truleg så mange brukarar som det var plass til i Loen. Svartedauden reduserte talet på brukarar og det tok 150 år får det tok seg opp att. I 1615 var det blitt 13 bruk som i dag når ein tek omsyn til at prestebolet vart delt i to bruk i 1734 .

Loen var frå gamalt delt i 2 tun, Oppigard (ovanfor kyrkja) med 8 bruk og Nigard med 6 bruk. Ålandsboka viser til eit dokument frå 1367 som viser at det alt då var to tun.

Før futane kom inn som eigarar i Loen var det presten i Lom, Jon Lauritsen (død før 1615), som åtte den delen av Loen som ikkje var prestebol. Enkja etter Jon, Lisbet Torsteinsdotter, arva Loen etter han. Ho gifte seg opp att med fut i Nordfjord, Peder Jørgensen. Når Lisbet døde arva futen og borna til Jon Lauritsen kvar sine delar av Loen. Det kan sjå ut som om futen arva halparten og resten delt likt på 3 born etter presten Jon Lauritsen. Etter futen Peder Jørgensen kom futen Jørgen Post. Jørgen Post var gift med Sofie Jonsdotter (dottera til presten Jon Lauritsen i Lom) som også åtte sin del i Loen. Det ser ut som om Jøren Post vart eigar av det som tildegare hadde tilhløyrt den forrige futen + det som tilhøyrde kona. Buet etter Jørgen Post var falittbu og vart overteke av kruna. Presten Peder Finde kjøpte i 1728 krunegodset. I 1767 løyste brukarane godset (br. nr. 3, 4, 6, 7, 8, 10, 14 og 15) for 90 rdl. for kvart bruk frå sonen Henrik Pederson Finde. Ein liten del av det som hadde tilhøyrt futen hadde blitt kjøpt av Povel Povelsen i Trondheim og hadde ikkje blitt overteke av kruna. Dette vart i 1732 kjøpt av brukaren på bruk nr 14 frå M. P Klingenberg.

Det som hadde tilhøyrt Lisbet Jonsdatter vart etter å ha tilhøyrt fleire eigarar løsyst av brukarane frå løytnant Pfeil i 1698 ( bruk nr 16 og nr 5). Den delen av Loen som hadde tilhøyrt den 3. av borna (svigersonen) til prestren Jon Lauritsen vart i 1935 og 1743 selt til brukaren på bruk nr 13, og resten i 1743 til brukaren på bruk nr 11.

Prestebolet låg som nemdnt opphavleg til eitt bruk, men vart delt i to bruk i 1734 (bruk nr 1 og nr 2). Bruk nr 2 vart løsyst av brukaren i 1844, og bruk nr 1 vart løyst av brukaren i 1873.

Futen Peder Jørgensen valde å busetje seg i Loen, og budde på Arnebruket. Futeombodet vart teke frå Peder Jørgensen i 1633 (kjelde Per Sandal i "Soga im Gloppen og Breim"). Han dreiv sjølv dei 6 bruka nedanfor kyrkja. Desse bruka hadde seinare løene sine under ei tekkje. Truleg var løa bygd av futen Peder Jørgenson den tid han brukte mesteparten av Nigard i eitt bruk.

Før 1630 var det som nemnt 13 bruk i Loen. Futen Peder Jørgensen vart brukar omkring 1630. Medan futen og steborna hans brukte deler av Loen, var brukstalet lågare, men i 1680-åra var brukstalet kome opp i 13 som før futen vart brukar. Medan futen og hans medarvingar var brukarar var bruka av ulik storleik. Etter 1680 var det 12 jamstor bruk + prestebolsbruket. Det kan tenkjast at teigane då var delt på nytt mellom bruka og at teigdelinga deretter var om lag som på jodskiftekartet frå 1898 (dette siste er gjetning).

Den vidare historia om bruka er fortalt for kvart einskilt bruk