Olav A Loen. Diktsamling. Det var deira draum Innhald

Det var deira draum.
Diktsamling av Olav A Loen

Forside

1. Forord.

Diktsamlinga "Det var deira draum" av Olav A Loen vart prenta og utgjeven av Rune Forlag (Erling Skjølberg), Trondheim 1980, ISBN 82-523-0258-0.

Diktsamlinga er på 48 sider og inneheld 45 dikt. Heile diktsamlinga er scanna og inngår i denne presntasjonen.
Audun Loen 24.4.00

DEL I

Det var deira draum

På denne garden
laut dei stri
for å overleve.
Barkebrødet
gav lite kraft,
men dei berga då livet.

I korte dagar
og måneskinskveldar
dyrka mannen
si steinute jord.
Og kona sat i lyset av kola
og spann og vov.

Det var deira draum.
Dei skuldlause liv
som dei saman
sette inn i verda,
dei skulle ikkje gå
matlause og nakne
Og det skulle bli
litt lettare
for dei som kom
og tok arv etter dei.

Vi ser dei ætt etter ætt
så langt vi kan sjå
attom farne tider.
Ingen nådde så langt
som dei hadde tenkt,
og ofte måtte dei
setje livet inn
for å halde nauda borte

Men draumen var som
ei stjerne som blenkte
i deira lange arbeidsdag.
Eit steg, om berre eit hanesteg
skulle gjere romet tryggare.
for den som kom etter.
Denne vona har bore
fram arbeidet i tusen år,
og skal enno lyse
over den gamle garden.

GARDEN

Det spirer og gror,
og alt det som veks og mognar,
det høyrer garden til.
Han har ei underleg makt
til d knyte menneske og dyr
i saman.

Våren det er ei herleg tid
då allting vaknar
og veks og blømer.
Då dansar og sprett born og ]am
fritt på det grøne tunet.

Gamle bestefar
vert ung på nytt
og smiler og ler
til den kåte dans.
Slik bind garden
slektleda saman,
og tid og år
skrid umerkande framom.

BERRE EIN AV DEI TI ER NOK

Han stod på
den gamle tunhella
og såg mot uthuset
med åker og eng ikring.
Det var i dag det skulle hende.
Dei skulle hente han no
med bil.

Du skal ikkje gå her
i armoda og einsemda,
sa dei til han.
Du har gjort ditt,
du skal få det godt no,
på "Heimen".

Han hugsa det han sa
til kona då ho skulle
fare bort:
Det vart berre
fattigdom og slit du fekk
her all din dag.

Då sa ho:
Eg har aldri vore fattig
her hjå deg, eg.
Gud gav oss ti bom,
var ikkje det ein stor rikdom?
Og då eg kom her til
gav du meg rådvelde
over alt ditt.

Han hugsa vel borna han?
Dei smurde solskin på brødet,
vaks og vart store.
No er dei borte.
Alle.

Her må han vere å finne
Om nokon kjem heim.
Her har dei vore
son etter far i mange hundre år.
Huset må ikkje vere stengt
og folket borte nor dei kjem
Om det så er
berre ein av dei ti.

VÅRT DAGLEGE BRØD

Vi treng brød,
ropar millionar som svelt.
Men brødet treng ein åker
for å vekse og mognast.

Av jord under betong
og mellom klunger og tistlar
veks ingenting som gjev brød.

Plogen må leggje jorda svart.
Menneske må vere med
og få såkornet i jorda,
då først kan sol og regn
signe grøda.

Skulle det ikkje
bli nok til alle
kan vi kanskje overleve
om vi deler likt
med vår svoltne bror.
Der er berre eit matfat
til alle.
Vår jord
og vårt hav.

Ingen kan hente brødet
frå andre kloder,
det er her vi skal dele
vårt daglege brød.

MELLOM RUINAR

Nedfalne murar
mellom bregnar og skog.
Ei grue i røys,
kol mellom steinane.

Ved grua baka
kvinner flatbrød.
Tolv sneiser dag,
Mykje mat for
svoltne munnar.
Ti menneske til bords.

Langt til fjord,
langt til grannen,
men årvisst her.
Komet fraus ikkje,
havre til flatbrød,
bygg til graut og malt.

Alt er som for,
Årstidene som før.
Jorda, ho ligg her under
sol og måne og stjerner.
Men her er ingen
som sår og haustar som før.

EIT UTKANT MENNESKE

Eg stod pd lovebakken
og såg det yrande liv
i Tigerstaden.
Frå Fløyen såg eg
over Bergens hamn
der skip kom
og skip for
på det vide hav.

Men det var under Vardefjellet
i det lysmåla huset
med ark som eit fuglebur
eg høyrde til.

Der såg eg sola renne
og graset gro,
og der var eg venta
når eg steig inn.

DU TOK IKKJE ROMET FRÅ ANDRE

Hytta di låg
inn ved fjellhamaren,
den du berga foret
inn under.
Det bar du på ryggen
frå øvste fjellskåra,
der ingen andre
såg seg syn med
å hente vinterforet.

Du tok ikkje
romet frå andre,
og du fekk sete
nedst ved bordet.

Du berga då fram
borna dine,
til dei berga seg sjøl.

Ein vart diktar
og ein skomakar,
og døtrene vart
farmarkoner i Dakota.

FOR EPLETREET ER DET VON

Den framande stod på
si barndomsjord
og såg alt i ei røys.
Menneska borte
og husa øydelagde.

Eit epletre var utan
topp og greiner.
Berre ei grein igjen
der kvar knupp var
blømande roser.

Dette treet hadde ropa han heim
frå prærien i Brimsmade.
Epletreet
utan koveglaset
med blomar om våren
og eple om hausten.
No lyste blomane
og løynda såra.
For treet var det von.

For alt som har rot
er det von,
tenkte han som var
komen heim frå Dakota.

MED MOLD KRING FØTENE

Han gjekk med
Mold kring føtene
På ein steinfull åkergrunn
og fann sin himmel
I to gråblå augo.

I sin rikdom trødde han
i jorda
og tok himmelen
i sitt fang.
Han trudde at dagleg brød
til svoltne born
var ein stor rikdom.

No talar han og borna
kvar sitt språk.
Han får vita at han
var ein moldtræl
all sin dag.

Enno varmest hjarta
når kona kjem med
si slitne hand
Om kvelden når dagen er slutt.
Det er ein rikdom
som, han tykkjer
er slitet verd.

DET DØDE PARADISET

På sætervollen stod
mannshøge nesler og tistlar
Mellom nedfalne hus.
Nakne vegger utan tak,
med utslegne dører og glas.

Det hjalar ingen lokk
inga bjølle ringlar i åsen
på veg frå beite.
Her er inga ku som rautar
og ventar ei hand med salt.

Borna spring ikkje
mellom sela med glade rop.
Det lyser ikkje bål
på Briseldebakken.
Ungdomsleiken i sommarnatta
er borte.

Ei uhyggeleg djup stille
gjer at eg kulsar
i den lyse dagen.
Når kvelden kjem
skrik ugla på Klempehamaren.
Det lyder som eit nårop
over det døde paradiset.

PÅ LEIT ETTER STADER

Eg lengtar etter stader
eg aldri har sett.
Det var som noko venta meg
der eg aldri kom.
Kva kunne eg finne
som eg ikkje hadde før?

Her kjem folk frå
heile verda
for å sjå det som
eg ser dagleg.

Er det slik
dei og har det,
dei som eg?

Her skulle ho kanskje
ha levt sitt liv
ho som kom frå Sveits
og ville kjøpe seg gravstad her.
Ho vart likevel borte
i myldret av
menneske som kom og for.

Er det kanskje
slik med meg og?
Eg ville ha kome
bort frå meg sjølv
om eg hadde reist
på leiting etter
den staden eg aldri fann.

DE SOM FEKK BYGDEPATRIOTANE

De som skuldar utkantane
for å vere bygdepatriotar
og trongsynte egoistar.
De var med då skulen vart stengd
og borna for mange mil med bussar
til det store skulesentret.

Det var dykkar plan
a automatisera telefonen.
Og da handelsmannen slo lemmen for glaset
då var det gjort.

Posten var den siste som stengde.
Sidan køyrde postbudet
den lange vegen
med lokalavisa
og skattekortet
til den siste
som ikkje ville fare bort.

Han kunne ikkje
bu her lenger
det vart for dyrt,
for det offentlege.
No er han komen til Heimen
tvangsflott,
på den offentlege sin kostnad.

Er desentraliseringa
berre talemåtar?
Kvifor gjekk de ikkje i gang
å byggje opp igjen
no dei trongsynte egoistane
og bygdepatriotane er borte?

Minnesmerka står her,
falleferdige hus
og fråflytte heimar,
Vitnar om at verket dykkar er fullfort.

EIT MINNE

Gjennom svevnen høyrer eg
det kimer i klokker.
Eg vert løft og boren
og kjenner himmelen
opne seg for meg.

Då høyrer eg
mor si røyst:
"Alt star ferdig".

Det er heim eg er komen
til mor.
Snart sit vi ved frokostbordet
alle.
Det er juledagsmorgon.

UTIGARDSFOSSEN

Utigardsfossen

Morgonvinderi susa
over doggvåte blomar
og born leika i gamle tun.
Utigardsfossen sitt risemål
song til arbeid og svevn.

Med kvite skjorteermar
rodde skjeggute menner
og frå løfte åreblad
fall sølvdropar i vatnet.
Kvinnene hadde silkefaks
på sine svarte plagg.
Sola steig over Kjenndalskruna
og la gullstrimer i kjølvatnet
forbi Nesodden
ein kyrkjesundagsmorgon

Den tid kjem ikkje igjen.
Men Utigardsfossen
syng med sitt risemål
og morgonvinden susar
i tre og greiner,
på dei attgrodde
gamle tun .

MJUKE TONAR

I det nye kyrkjeorglet
var det så
mjuke tonar.
Det var som
kvinnerøyster i tonane.

Kvinnerøyster er alltid mjuke.
Dei har vore her
og sunge guds pris
i hundreder av år.
I sorg og i glede kom dei,
med sin elsk
og sitt hat
i von og fortviling.
Det var mjuke tonar
som lyfte seg
over mannsrøyster.
Det gav helg
etter ein lang kvardag.

MASKINISTEN

Ein gong stod han
utan for løa heime
og såg lysa
fare nord og sør
gjennom leia.
Karlsvogna og Sjustjerna
blinka ned til han.

Kva leid han enn tok
kom han alltid til havet.
Der høyrde han
Sirenene song
i måneskin og tåke,
og skarven skreik
i stormveret.

Under stjernene
var han kalla
og døypt til havet.
Frå eit lite skjer
ved det store hav
for han ut.

No har han teke sin tørn
og ingenting er nytt
og eventyret prøvt.
Han hadde reist over store hav
mot nye horisontar.
Når ferda gjekk bort
gjekk tanken heim.

A liggje i kveldsol
og fiske utanfor Øya.
Sjå husa oppe på hogda
vende mot havet
med den siste blenk
av sol i glasa.

Lukkelegare var han aldri
enn den dagen han på nytt
kunne stige i land
på si barndoms øy.

I EI MURBLOKK I BYEN

Ho kom frå ei fjordbygd
på Vestlandet.
Han kom frå ei fjellbygd
i India.
Som av ei magnetnål
vart dei dregne,
ho til Oslo
og han til Bombay.
Til slutt hamna dei
i den same murblokka
i den store byen.

Dageleg fortalde
dei kvarandre
om kvar sitt paradis
i bygda heime,
og banna livet
i skyskraparen.
Men fast hekk dei
som fluga i kongroveven.
Kvifor rister dei ikkje
støvet av føtene sine
og vender attende
til det lovpriste bondelandet?

DEL II

MOR

Sjå ikkje berre
ned mot jorda
men og opp mot himmelen.
Om mor er død
er ho enno levande.
I deg.
Ho høyrer med
til det evige livet.

Ho kunne vake
utrøytteleg
over sitt sjuke barn.
var meir mor
enn medmenneske,
og øydde ikkje
bort kjærleiken
men sjølrettferd.

Ho er udøyeleg.

EIT NYFØDD MENNESKEBARN

Det følgjer von
med ein komande dag,
ei ny solrenning,
ein grøn spire
i vårvarm jord,
og eit nyfødd
menneskebarn.

Vakning og vokster
skaper glede i barm.
Knuppar som opnar seg,
blomar som lyser,
rikare moning,
liv som ber frukt.

Voner er vengjer,
kjærlege vengjer
kring alt som skal bli.
Ingen veit dagen
kva han vil gje.
Allting kan hende
allting kan skje.

UNG OG GAMAL

Då eg var ung
og tanken søkte ut
kom han igjen
og var fylt og forgylt
av kjensler som ville
sprengje bringa.

No er tanken på leiting
attover til det som var,
men ingen ting
er som det var lenger.
Eg er blitt åleine
og kjenner meg framand,
og er ikkje heime lenger.

EITT MINUTT

Eitt minutt er ein del
av di tid.
Det er ei ævelengd
når du ligg under høylasset
eller på kvelve i stormen,
Men det er som eit lyn
når du i famnen til den du elskar
får ditt første kyss.
Eitt minutt kan vere
liv eller død.
Det kan avgjere
din lagnad
til tap eller
sigervinning.

DET EINE LIVET

Det er berre
eit liv for kvar.
For dei er det livet.
Det verdfullaste det har fått.

Her er mange millionar
som lever hjelpelause,
pinte og forfølgde,
hungrande og sjuke.
Dei har berre
dette eine livet,
som er det kjæraste
dei eig.

Vi har dei
midt i mellom oss
og dei er vår neste.

TINDEKLIVAREN

Eg kleiv i bratte fjell
det var der eg skulle finne
det eg kjende meg kalla til.
Eg stod fram for eit øjeleg djup
der berre fykande veng kom over,
men på den andre sida var
det eg søkte etter.

Til ein stengd port
var eg komen,
men lykelen var borte.
Eg brukte alle krefter
men her var det inga
mannemakt som opna.

Eg kleiv etter slette veggen
leita etter ei sprunga
som kunne opne veggen
inn til det løyne romet.
Hjelpelaus fall eg ned
som ein makk på jorda.

Då såg eg eit syn:
Det var inn i meg sjølv
at vegen var stengd.
Den lykjelen som opna
matte eg sjølv smi.

Då eg såg opp
stod eit barn
og gret ved den stengde porten.
Vi var like hjelpelause begge.
Eg stod opp og tok barnet i handa,
og vi gjekk bort i lag
for a finne dørvaktaren.

DET VART ALDRI TID

Alle vil heim
til fiskarbåten
ved havet,
til tunbjørka
og sætervollen.

Det vart aldri tid.
Det vart berre
eit draumesyn.

Båten ligg kvelvd
i fjøra.
Tunbjørka står
mellom taklause hus
og sætervollen attgrodd
med nesler og skog.

INGEN HAR NOK I SEG SJØL

Ingen har nok i seg sjøl.
Ein vert ikkje fattig men rik
av å ha noko å dele
saman med andre.
Den som gjev
han vil og få
nokon å gle seg med
nokon å gråte med,
ei morshand
ei venehand
ei barnehand.
Det er med og gjer
den veike sterk.

I TRETTI ÅR

Dei hadde livt
saman i tretti år.
Men dei hadde ikkje blitt eitt
slik presten sa,
til det var dei for ulike.
Dei gav kvarandre
både små, store sår.
Men dei såg at dei
fylte ut kvarandre
og dei hadde også gleder i lag.

åra gjekk.
Om dei skildest
med harde ord i harm,
eller dei mottest
med famntak og kyss,
alltid kjende dei
at meir batt
enn som skilde.

Stundom tykte dei
at dei hadde fått
auka menneskeverd.
Men dei var berre
vanlege folk
og måtte greie seg utan slike ord
Dei fekk gle seg over
at sola kom igjen
når toreveret var over.
Når dei sag attende
sag dei mest berre sol.

ALLE TING VAR DYRE HER

Her kosta det å vere til.
Det kunne ikkje betalast med pengar.
Blod og slit var dei verdiar det kravde.
Dei la igjen si kraft og sin sveitte
i åker og skog,
i fjøs og løe og vevstol.
Det var berre hamen som til sist
vart boren til kyrkjegarden.

Det var dyrt å byggje
veg mellom grannar.
Dei lange band
langs med fjorden
og over fjellet
der er soga skriven
med blod og sveitte.
Mange var det som låg
igjen på vegen
før bandet nådde fram
frå granne til granne.

Det vart langt mellom grannar.
Dei sat kvar pd sitt nes
og ville rå seg sjøl.
"Trød meg ikkje for nære".
Grannevenskap var dyr
og vanskeleg å eige.
Det er dyrt å vere menneske.
Vegen fram til din granne
vert kanskje den hardaste prøva.

EG VAKNA

Eg vaknar og
ris opp i otta,
eg ser frå mi seng
solskinet gyller toppen
av det snøklædde
Skarsteinsfjellet.

Eit så fagert bilæte
kan du ikkje kjøpe
og feste på veggen.

Men den som søv
vil aldri sjå
kor fagert alt er
i den første
morgontimen.

Det var ein slik morgon
eg møtte
det vedunderlege.
Det var som dagen
kveikte sitt lys
for første gong.

KVA SØKTE HO HER?

Ho kom frå byen
mellom dei sju fjell,
og stogga ved inngangen
til den mektige katedralen,
der ein praelat stod i stein
inn ved den evige is.

Hit kom ho år etter år.
Fjellet la dalen øyde,
menneska bygde på nytt,
men fjellet kom fårlegare att.
Her kosta det livet å bu.

Ho kom alltid igjen
og stogga på same stad.
Var det offerviljen
ho var gripa av,
eller ei mektig storkna natur.
Var det det grønblå vatnet
der snøfjella spegla seg,
eller var det her ho hadde
sitt første elskhugsminne.
Kva veit vi.
Ho sat alltid på same staden
og såg det same synet.

HAN TOK LØYNDOMEN MED SEG

Han var frå Fredriksgade
og gjekk med si bereveske
og si pipe.
På ei lyngtuve
mellom to furutre
der elva sikla forbi
og ormen smaug
mellom tuene
hadde han sætet sitt.
Det var det same
anten det var sol
eller regn.

På vegen til og frå
vinka og smilte han
til dei innfødde.
Toogtyvende året,
sa han,
i sommer.

Kva søkte han her?
Han bar løyndomen
med seg bort
då han følgde
flyttfuglane.

Han frå Fredriksgade
fann sikkert noko
som gav hans liv meining
der mellom furetrea.
Det var hans løyndom
som ikkje vedkom
dei innfødde.

EIT DRAMA I SKOGEN

Djupt i den grone skog
der beiter dei horn ved horn
i samlivsfred.

Berre ein gong for året
vaknar driftene
og krev sin rett.
Det smell av horn mot horn,
musklar og sener knakar og brest.
Ein kamp på liv og død.
Eit drama i skogen,
der ein må bite i bakken,
eller røme og vere dømd
til tapar.

Han som sigrar, seiest det,
er ein fåre for dei han møter.
Han bryt stilla med ville brøl,
og har det store mod
som krev alt for seg
og sparar ingen.

MEITEMAKKEN OG MAUREN

Meitemakken er
kultutarbeidar
og individualist.
Under den grone
grasrota
gjer han jorda
skikka til å bere
blomar og frukt.

Gå til mauren og vert vis,
seier ordtaket.
Kva visdom er det vi får av mauren?
Han er den fødde
sentraliseringsekspert
som i annsamt jag
utan stogg dreg alt
inn i sentrum.
Maurtuva.
Det er hans visdom.
Det veks korkje
frukter eller bær
i ei maurtuve.

Gå til meitemakken,
lær deg
korleis livet kan
gro og bere frukt.

DEL III

EIN GLAD VANDRAR

Ein sundagsmorgon
eg kom frå sommarfjøset
med mjølkespannet,
sat det ein glad vandrar
på trappa.

Buksa var festa saman
med nåler.
Der var berre ein knapp i trøya
og nakne kroppen innanfor.
Fela bar han i ein klut.
Han sat og hadde det godt
i morgonsola.

Eg tok han med inn
og vi åt frukost saman.
Han sa med stor undring:
Eg kan ikkje hugse kva tid
vi vart så godt kjende.
Han vinka då han for.

Det har hendt vi har råkast sidan
då helsar vi kvarandre
med stor gjennkjennarglede
og kjenner oss som brør.

I DAG

Han drog ikkje
katten etter rumpa,
og nekta ikkje å sjd etter
skrikarungane til mor.
Ikkje i dag.

Han tok fluga
or mjølkeglaset,
ho laga ein våt veg
på bordet i ein ring.
Det vart ein 0,
Oddny heitte ho.

I dag hadde ho
halde han i handa
lærarinna
i leiken
på skulen.

DIKTET

Diktet er
sju svingar opp,
seier diktaren.
Det går fint
nor den akademiske
motoren er i gang.

Har ein fått vengjer
kan også ein sporv
nå opp
utan å telje svingane.

PÅ SJUKEHUSET

Han var redd
og skjelvande.
Han stod framfor
den porten
der alle ein gong
skal gå inn.

Dei stod ved sida
og heldt han i handa.
Dei visste at det var
berre eit liv for alle.

Han kjenner freden
gjennom sin kropp.
Han var komen på ei grøn eng.
Då sola rann
høyrde han grashoppa
surra i graset,
og skjelvinga var borte.

Han kjende enno
handa som heldt i hans.
Dei talde vel hjarteslaga.
Var det ikkje på
sjukehuset han var?

DET VERDFULLE LIVET

Han var ein
livsrøynd mann.
Han hadde gjort
si gjerning.
No var det knapt han
gjekk for eiga maskin.

Eg har så lyst å leve,
sa han til meg.

DEN UVERDIGE HJELPAREN

Den mest einsame
er den
som fornedrar med si hjelp
den han hjelper.

Men hjelper han den
som ingen finn verdig
då sprett det ut
ei rose i hans hjerte.

EG VAR FØDD TIL DET EG VART

Eg var fødd
til det eg vart.
Eg har bore det
fram til denne tid
og ikkje banna
den dagen
eg var fødd.

EIT FORTVILA ROP

Hjelpelaus sa han det
til si kvinne.
Kvi er eg til
når mi mannskraft
er minst.
Fordi vi i lag
skal tena menneska,
sa kvinna.
Då gret han i si avmakt
og kvinna strauk over
hans tårevåte kinn.

EIN TOM DAG

Ein tom dag
er som eit hus
i mørkret,
der du ikkje fekk
kveikje eit lys
og ingen svara
når du ropa.

TIL SIGMUND SKARD

For diktsamlinga "Auga og hjarta".

Du møtte
det evige
i Allheimen.
Du fann
eit univers
i kvar
menneskesjel.

I alle dei
myriader
av millionar
som kveiktest
og slokna var det.
Veldig er deira
spennevidde
frå høgste siger
til djupaste fall.

Her og no
lever dei og andar
og deler sin rikdom
og si armod,
alt med alle
i ein hatande
elskande
og kjempande
søskenring.

TANKEN OG VINDEN

Ingen kan sjå tanken.
Den er usynleg
som vinden.

Den usynlege vinden
kan knuse
det gildaste hus,
og sende det største skip
til undergang og forlis.
Vinden kan ingen styre.

Din tanke er som vinden,
men den er meir enn vind.
Du kan styre din tanke.
Også tanken har krefter
til forlis og undergang,
for andres liv
og ditt eige.

Din siger over tanken
er ditt menneskeverd.
Du kan gå til din neste
og gje han di høgre hand,
og du kan reise deg
og vinne igjen
di tapte ære.

DAGEN

I undring ser eg morgonsola roda
og kveikjer lyset over fjell og fjord.
Eg både kjenner det og sjøl for skoda
kor allting vaknar som eig liv og gror.
Kvar lita blomsterkruna opp seg trengjer
i mot den nye dag der sola skin.
Nyss fuglar sov med nebben under vengjer
no vekker dei alt liv med songen sin.

Og sjøl eg står og kjenner dagen strøymer
i mot meg her inn ved mi stovedør.
Det er ein dag som nye voner gøymer,
ein dag som ingen her har opplevt før.
Men eg kan ikkje frå mi fortid røme
eg ber ho med inn i den nye dag.
Skal tru det er i dag at det skal bløme
ein blome opp av mine tapte slag.

Ei nykveikt von er i kvar dag som stiger.
Ja, siøl for den som luter mot si grav
så er den nye dagen som ein siger
han kjem med von om eg må bruke stav.
I undring ser eg imot morgonroden,
velsigna sol som dagen til oss bar.
I den vart åkren sådd og kornet moden
og hausta inn for sola glada var.

SOLARGLAD

Når sola seig og dala
i mot eit solarfall
då milde vindar svala
di heite panna skal.
Ein arbeidsdag er ende
du skal snart gå til ro,
frå alt det strev du kjende
du skal få kvila no.

Men både strev og møde
la farge på din dag,
fekk livet til å gløde
med varme hjarteslag.
Så mange tunge stunder
dei røynde på dit mod,
men ny kraft som eit under
fekk gjere dagen, god.

Ein dag med sorg og glede,
ein dag i kamp og strid,
du har arbeidt og bede
og no er alt forbi.
Du ingen meir skal femne
og ingen treng dei hand,
alt kjært som du kan nemne
skal slita alle band.

Men nett når sola gøymer
sitt auga bak om fjell
på himmelkvelven strøymer
så vent eit fargespel.
Er det eit bod om dagen
vi ventar bak om sky?
den fagre Endenshagen
som bløma skal på ny.

Mitt fjell

Skåla

Her fjellet reise seg med snø på kruna
Mitt fjell det står her som ein rise sver.
Det vår og haust og vinter skifter bunad,
og det står like traust i alt slags ver,
i eldningsblink og og toreslag som duna
og når i skoddekåpa løynt det er.
På denne søyla himmelkvelven kviler
og morgonsola der frå til oss smiler

Ja, alt frå eg var barn eg til deg stunda
Du var mitt eventyr i draumar blå.
Eg gjekk ned ved din fot og på deg grunna
og himmelstige var du for meg då
Du var i leik og draumen når eg blunda
Mitt ynskje var å kunne toppen nå
Eg skulle vere der når sola roda
på fjell og tind så langt eg kunne skoda

Og dit det bar med barn og ektemake
der møtte oss eit syn så rikt og stort,
og sidan støtt eg drøymde meg tilbake
om utferdstrongen tidt meg lokka bort.
Der ute hugen inga ro fekk smake
det var som eg eit brotsverk hadde gjort.
Eg var til denne staden fødd og kåra
og fjellet bar eg i mi sjel forklåra

No hjarta mitt det ro og fred har funne,
eg har min heim her under fjellet mitt.
Og over fjellet der har sola runne
og alle år meg gledt med skinet sitt.
Kva var det vel her meir eg ønskja kunne
enn kvile her når eg har frå meg stridt?
Med synet vendt mot fjellet skal eg sova
og venta på den dagen som er lova