Publisert i Fjordingen 3.januar.2014.
Av Inge Fænn (redaksjonen@fjordingen.no)
Nesdal i Lokalen vart ilagt øyde etter ulukka i 1936, men med sommaren kjem folket tilbake. For dei som var fødde der og også etterkomarane, har banda aldri slitna. Jorda skal haldast vedlike.
Grannane oppe i Jostova, såg båra slå over husa våre. Dei trudde at alle var borte, men då dei hadde berga meg kunne dei slå fast at heile familien levde, fortel Sverre Nesdal.Sverre var berre eitt år og tre månader gammal då båra kom. Han hugsar ingen ting av det som hende, men det manglar ikkje på forieliingar.
Far høyrde at eg gret. Eg hadde ramla ut av barnevogna og flaut i vatnet inne i stova då han fekk tak i meg, fortel han.
Han ser utover heimebøen hjå "Larsane" i Nesdal. Ein 400 år gammal gard som i si tid var den største av dei seks bruka i Nes-dal.
Det er feriefolk i dei fleste husa. Nokon snur i høyet på marka, andre går på leit etter blomar. Grenda skal ikkje gro igjen.
Bøane vart rydda og husa reiste seg på nytt etter ulukka i 1905, men etter 1936 var det slutt. Det var nok dei som hadde lyst til å prøve igjen, men vi fekk ikkje lov, seier Sverre som var yngstemann i syskinflokken. Faren Ragnvald hadde opplevd begge ulukkene. Han kjøpte ny gard på Åland i Randa-bygda, men det var med tungt hjarte han sette familien på flyttelasset og reiste.
Historie i kvart einaste steg
Vi la til land i ytre Nesdal. Båt er einaste framkomstmiddel. Siste raset sette også stogg for alle planar om veg. Sivert Nesdal kjempa ein einsam kamp for ei bruløysing, men vann aldri fram.
Nesdal var rekna for å vere mellom dei beste gardane i kommunen. Dei hadde høg skyld (verdisetjinga av garden). Temperaturen var drivande, og det var sjeldan at kornet fraus. Eit lite kornkammer ved foten av Jostedalsbreen. Men gode gardar var ikkje til hjelp når Ramnefjellet kom.
Far såg båra kome som ein svart vegg. Døra vart pressa opp. Ho slo gjennom bestestova og sende sølvtøy og annan stas langt ut på bøane. Men då uveret stilna levde vi alle, både Lars, Rasmus, Jørgen,Trygve, Asbjørn, bestemor, mor og far og også eg sjølv, seier Sverre.
Det er vanskeleg å tenkje seg kva drama det var når ein står på nyslegen bø ein varm sommardag, og Sverre fortel utan store fakter. Han som andre nesdøler er herda av kampen mot naturkreftene.
Men broren Rasmus som var 13 år den gongen, har skildra dramaet slik han hugsa det i boka til Sigurd Nesdal. Han hugsa at faren vod inn i vatnet og berga veslebroren i siste sekund, at dei søkte ly i Abrahamstova då det heile var over, at eldstebroren Lars og bestemora hadde gått med om dei hadde lege i sengane sine, og også at huset vart ståande på murane fordi golvåsane var bygde ned i grunnmuren. Sjølv om dei som hadde opplevd ulukka i 1905 meinte dei budde trygt, hadde dei nok i tankane at Ramnefjellet kunne kome på nytt, når dei bygde oppatt husa på nye tufter.
Dei som hadde hus etter ulukka opna dørene for dei som ikkje hadde hus, når båra hadde lagt seg, fortel Sverre. Dei budde eitt år på Muri i Olden før garden på Åland var til sals.
Larsane vølte husa, men det vart aldri heilårsdrift. Nystova vart plukka ned, tøm-meret merka og under krigen bygde dei opp-att på nytt, der dei rekna seg for trygge.
Dei brukte garden
Om Larsane flytte til Åland var garden framleis i drift. Dei var ikkje redde for å ta eit tak. Dei slo graset, køyrde høyet på isen til Kjenndalen og vidare med lastebil til Lo-bryggja og dampen. På Hopland var det ny omlasting frå båt til hest og slede, før høyet frå Nesdal vart køyrt 300 høgdemeter opp til Åland.
Under krigen låg Lars og Jørgen her inne og hogg ved til gassgeneratorane. Det var med å berga inntekta for garden, fortel han.
Historia sit i veggane når Sverre og kona Berit byr på nysteikt fisk frå Lovatnet. Bygt i 1879 står det over vindauga i stova dei har sett i stand. Brørne bygde hytter, og Jørgen hadde sauer her inne i mange år.
Det er lite som minner om tragediane frå farne år når vi ruslar gjennom tuna, pratar med folk, nikkar og helsar. Alle har tid til ein prat. Lange steinmurar vitnar om slit og kamp for å rydde jorda, og nye generasjonar held krattskogen borte frå innmarka. Om graset ikkje blir til glede for andre enn hjorten, skal bøane likevel haldast vedlike.
Så lenge det var omgangsskule hadde vi skule her i Larsstova, fortel Sverre. Seinare kom det skulehus i Bødal, og elevane rodde over vatnet eller gjekk isen når den var sterk nok.
Stova vart også opna for basar og andre samkomer. Samhaldet var sterkt i bygda.
Skjerma for turistane
Utan veg er Nesdal skjerma for straumen av turistar, men frå minnetavla ser dei over vatnet til ei fråflytta grend som ikkje vil gro igjen.
Turistane som kjem hit er turistar med røter til grenda.
Eg er her på tredje veka, fortel Eldfrid Nesdal som sit i solveggen ved hytta sitt. He var gift med Jørgen som dreiv garden her inne, og har bak seg mange somrar i slåtten.
Finst ikkje betre feriestad, legg ho til og gled seg over at borna har teke over stellet av garden.
Også Sverre som er pensjonert lærar og kona Berit som til dagleg bur i Volda, ventar familieinnrykk til kvelden.
Dette er den store samlingsstaden for familien, seier han. Skuvar båten frå land og set kursen mot kaia ved Kjenndalsstova og vegen til omverda.
|
Såret i Ramnefjellet er viktig landemerke i Lodalen (teksten passar ikkje til bildet). |
Publisert i Fjordingen 3.januar.2014.
Frå 2008 og til og med 2012 vart det lagt ned eit stort arbeid på stien til det kjende turmålet Skålatårnet i Loen.
Med den store auken i besøkande var dette eit heilt nødvendig arbeid som både folk lokalt reiseliv og nasjonalparkforvaltninga var samd i. Resultatet av utbetringsarbeidet har blitt ein svært robust sti som toler slitasje og erosjon. Og med eit våtare klima og stadig aukande popularitet og besøkstal, så trengs årleg tilsyn, seier Ole Runar Aabrekk i Utmarksressurs A/S.
Samarbeid
Gjennom prosjektperioden har ei gruppe samansett av grunneigarar, lokalt reiseliv, Stryn kommune, Bergen og Hordaland turlag saman med forvaltning og oppsyn vore ein av suksessfaktorane for å få dette til. Denne godt fungerande arbeidsgruppa har Statens naturoppsyn og styret for Jostedalsbreen nasjonalpark hatt eit ynskje om å føre vidare. Difor vart Skålastilaget skipa 13. november i år, seier Aabrekk.
Skålastilaget er samansett av grunneigarar, einfrå Loen Active, ein representant frå Reisemål Stryn og Nordfjord og ein frå Bergen og Hordaland turlag. Dei offentlege aktørane som var i prosjektgruppa vil vidare bistå som faglege støttespelarar.
Laget har som formål å jobbe for tilsyn og vedlikehald av stien frå Tjugen til Skålatårnet i Loen. Det vil bli årleg tilsyn der ein sørgjer for mindre vedlikehald som å halde opne stikktenner og elles gjere vurderingar på behov for mindre utbetringar. Målet er at alle turglade vandrarar i åra framover skal kunne nytte ein vedlikehalden og god sti på veg til Skålatårnet.
Publisert i Fjordingen 26.februar.2014.
Måndag 24. februar 2014 var det vindkast av ekstrem styrke i Lodalen. Dette førde til skade på ei hytte, to campingvoger og ein del skog.
Fjordingen hadde med 3 reportasjar om hendinga inne i avisa
Av Harald Vartdal(harald.vartdal@fjordingen.no)
Folk i Lodalen har igjen opplevd naturkreftene sine herjingar. Ei hytte fekk store skadar då to grantre velta og la seg over taket.
Her har enorme krefter vore i sving, fastslår hytteeigar Hans Kristian Nilsen.
Sverre Sande som bur i Bødal, forstod at noko var i anmarsj då han måndag i 12-tida køyrde nedover mot Loen.
Eg høyrde at det dura i fjella. Men det var berre bagatellar i forhold til det som skulle kome nokre timar seinare, fortel Sande.
Aldri sett verre fok
Korleis opplevde du ekstremveret måndag?
Då eg køyrde skulebussen opp att til Lodalen i 14.30-tida, låg det tre over veg-bana. Folk frå Opedahl & Sønner var raskt på plass og fekk rydda. Bølgjene på Lovatnet slo opp mot Ramnefjell og kom voldsomt tilbake. Det var eit fok på vatnet som eg aldri før har sett i dagslys. To campingvogner nede på Bødalssanden låg velta. Eg oppdaga også at store tre hadde lagt seg over eit hyttetak.
Det er ikkje første gong du opplever naturskader?
Nei, vi skal ikkje lenger tilbake enn 5. april 2013. Då vart campingvogna mi knust til pinneved etter å ha blitt kasta ned i elva, seier Sverre Sande.
Store skader
Hans Kristian Nilsen fekk måndag kveld melding om at hytta hans hadde fått skade.
Eg reiste opp og såg at der låg tre over taket. I dagslys er skadeomfanget større enn eg hadde frykta. I tillegg til skadane på taket, ser det ut til at hytta er slega skeiv, fortel Nilsen. Som rosar forsikringsselskapet.
Eg varsla om skadane måndag kveld. Tysdag morgon klokka 08.15 var dei klare til å yte assistanse. Det er godt å få så rask og god hjelp når ein kjem opp i slike situasjonar, understrekar Hans Kristian Nilsen.
Av Gunnhild Sindre(gunnhild.sindre@fjordingen.no)
Dei kraftige vindkasta i Lodalen gjorde kort prosess med to campingvogner i Lodalen måndag.
Då dei uvanleg kraftige vindkasta råka Lodalen måndag fekk dei godt tak i to campingvogner. Den eine vart kasta over på sida, den andre vart kasta rundt og flytta langt bortover.
Vogna vår er totalvrak, seier Sissel Tenden til Fjordingen.
Ho hadde trilla rundt og var flytta 100 meter. Det var like før ho gjekk på vatnet, fortel Tenden.
Brynjulf Nesje og Sissel Tenden var oppe og tok hand om vogna måndag ettermiddag, men kunne berre konstatere at dette ikkje var noko å feriere i meir.
Av Gunnhild Sindre(gunnhild.sindre@fjordingen.no)
Dei kraftige vindkasta i Lodalen måndag kom eigentleg overraskande, seier statsmeteorolog Geir-Ottar Fagerlid frå Olden.
Det var ikkje venta så kraftig vind i indre strok måndag. For å få slike skader som er beskreve her, må kastevinden vere på iallefall 25-30 meter i sekundet. Det var ikkje observert vind i nærheita av denne styrken på stasjonane til MET (Meteorologisk Institutt) i låglandet måndag. Det var kun Juvasshøe i Lom på 1894 m som hadde sterke vindkast observert den dagen. Her blei det observert vindkast på 40 meter i sekundet frå sørvest. For å "finne" denne vinden i prognosene må ein opp til 700 hPa (hektopascal, måleeining for trykk), eller 3000 m. Så vinden i denne høgda må ha slått ned i Lodalen, forklarer statsmeteorologen, som seier årsaka til dette er ein kombinasjon av topografien i Lodalen, visse kriterium i atmosfæren og vindretninga.
Normalt er det søraust-vinden som tek godt i indre strok i Stryn, men her er altså vinden meir vestleg og det er meir uvanleg. Eg meiner liknande også har skjedd tidlegare med denne vindretninga i dette området, seier Fagerlid.
Publisert i Fjordingen 26.februar.2014.
Av Roy Aron Myklebust(roy.aron.myklebust@fjordingen.no)
Vegard Solheim vil gjerne dele fjelltoppen Hoven med fleire, men ikkje ved hjelp av taubane. Dei får gå turen sjølve.
Solheim er busett i Solvik på Rake og har god kjennskap til fjella i nærområdet.
Eg har brukt desse fjella mykje sidan eg var liten gut, og hadde min første tur på Hoven som seks-åring, fortel Solheim. No er han redd gleda over turar i eigen fjellheim vil forsvinne om taubana blir ein realitet.
Stort inngrep
Eg er eit friluftsmenneske og ein naturforkjemper. Det er først og fremst anleggsvegen her i frå Oppheim og til toppen eg mislikar. Sjølve taubana er ein ting, men anleggsvegen som er planlagt er ikkje blitt via så mykje merksemd, og eg trur kanskje ikkje folk flest er klar over kva inngrep den representerer, seier han.
Vi står ved øvste garden på Oppheim, og Solheim peikar mot Skredfjellet og Hoven og forklarar kvar vegen mest truleg vil bli lagt om utbyggjarane får det som dei vil.
Eg er redd for kva ein slik veg vil utløyse av trafikk og andre ting som lett følgjer med. Til dømes er det nærliggjande å tenkje at hytteutbygging kan bli aktuelt om ein veg kjem på plass, seier han, og dreg parallellar til utbygginga ved skisenteret i Stryn.
Fornøyelsespark
Solheim fryktar for det han kallar ein fornøyelsespark på toppen av det ca 1.000 meter høge fjellet. Restaurant og skitrekk, og yrande folkeliv frå store cruisegrupper, er ikkje det Solheim ønskjer å møte når han er på tur.
Eg veit at det er fleire med meg som er motstandarar av desse planane. Og det er dette med vegen som dei fleste er mest skeptiske til. Eg og andre ønskjer å sikre området for framtidige generasjonar, seier Solheim.
Vil skape presedens
Naturforkjemparen frå Rake følgjer også ivrig med på vernesaker frå andre stader i landet, og ser at fleire har brent seg på å vere for lausslupne med inngrep i naturen. Han meiner det er viktig at kommunen tenkjer seg nøye om før dei tek ei avgjerd.
Det blir sagt at det er så mykje verna område i Stryn kommune, men saka er den at veldig mykje av dette er knytt opp mot nasjonalpark og høgfjellet og såleis lite tilgjengeleg for folk flest. Det er jo nærområdet som er absolutt viktigast, seier han. Solheim meiner vedtaket i denne saka vil skape presedens for framtidige vernespørsmål, og tykkjer det er viktig at dei negative sidene blir tekne med i vurderinga.
Eg ønskjer å setje fokus på dette før eit vedtak skal fattast, for erfaringsmessig er det vanskeleg å påverke noko når ting først er bestemt, avsluttar Solheim.
Publisert i Fjordingen 28.februar.2014.
Av Gunnhild Sindre (gunnhild.sindre@fjordingen.no)
Jarle Grov vaks opp i hotellfamilien Grov i Loen og har jobba i hotellkjeda Radisson SAS, (no Radisson BLU) i mange år. Det var difor heilt naturleg å halde seg innan bransjen då han valde å starte sitt eige firma. No har han flytta heim til Loen for å drive booking- og reisebyrå derfrå.
Etter 10 år innan sal og marknadsføring i den internasjonale hotellkjeda hadde eg lyst til å prøve noko nytt. Eg byrja for meg sjølv, med støtte frå Hotel Alexandra, noko som var ganske avgjerande for å kunne satse på dette. Etter kvart vart det til eit booking- og reisearrangørfirma som står på eigne bein, seier han.
Flytta heim
Busett på Jar i Bærum valde Jarle Grov å drive firmaet sitt med heimekontor. Men Jarle og sambuar Marita Fonn har tre mindreårige bom, og dei var einige om at dei ønskte at borna skulle få vekse opp i miljøet dei sjølve kom frå.
Då sambuaren min fekk tilbod om jobb på laben hos Nordfjord Kjøtt her i Loen, var det ikkje noko å tvile på . Då fylte vi opp ein Tenden-trailer og sette kursen vestover, seier Jarle, som sjølv kunne flytte med seg firmaet og drive det frå Loen. Her har han leigd seg kontorplass hos Hotel Alexandra, familiehotellet der han trakka sine barnesko.
Då eg byrja for meg sjølv for seks år sidan var det også hovudfokus på dei tre familiehotella våre, Alexandra, Loen-fjord og Wadahl. Events, konferansar, opplevingsferiar, kick off-arrangement og anna for bedriftsmarkedet, fortel han.
Nytt bein å stå på
Ulempen med å drive eit firma for hotellevents, var at han aldri kunne ta fri, oppdaga Jarle Grov etter kvart. Du må alltid vere "på". Gruppelevent/konferansemarkedet er slik, seier han. Då han fekk tak i domenet hotellbooking.no fekk verksemda eit nytt bein å stå på, og dermed vart det også meir fleksibilitet for innehavaren.
Dette fungerer slik at folk kan booke sine eigne hotellopp-hald på nett, seier Grov. For å gjere seg synleg og tilgjengeleg på nett søkte han designhjelp hos Farmhouse.
Ein må ha noko som skil seg ut. Når det fanst lokal kompetanse på dette, var det naturleg å gå til dei, seier han
Reisearrangør
No satsar Jarle Grov også som lokal reisearrangør.Så langt har eg for det meste sendt folk ut av landet. Planen no er å hente folk hit, seier han. Mellom anna har han laga opplegg for firma som har kome med fly til Ålesund, ribbåtar inn Storfjorden, buss til Lodalen, hatt grilling, guida tur til Skåla og avslutning med spa.
Kombinasjonen natur, fysisk utfordring og litt luksus er i tida, seier han. For folk i distriktet vil han også fungere som reisearrangør ut. Mange ønskjer hjelp til å legge opp komplette turar og tek gjerne kontakt om dette.
Lite og personleg
Mange ringjer om forskjellige spørsmål, tips og detaljar. Eg har inntrykk av at folk tykkjer det er greitt å snakke med ein dei kan identifisere seg med, seier han. Sjølv er han godt nøgd med å kunne drive firmaet frå Loen, i staden for frå Bærum.
Eg blir nok ikkje rik av dette, men draumen er å kunne jobbe med dette resten av livet. Eg ønskjer å ha eit lite og personleg firma, og har ingen planar om at det skal vekse til nokon gigant, seier han.
Publisert i Fjordingen 12.mars.2014.
ved Inge fænn
FJORDINGEN for 25 år sidan (1989) ved Inge Fænn
Det var truleg natt til laurdag at fonnvinden raserte Kjenndalsrestauranten. Skadeomfanget er så stort at det er utelukka å reparere bygningen, seier Mariann Navelsaker. Snøraset har gått der det vanlegvis gjer innafor restauranten, og fylt opp elvafaret i ei breidde på 500 meter. Heile huset vart slått skeivt som fylgje av fonnvinden. Berande bjelkar vart knekte tvers av, og kjøkkenet og peisstova er rasert. Vindauga er utslegne, og det er eit stort hol i veggen til storsalen.
Alo: Fjordingen har hatt fleire artiklar om Sleipner Hoven i februar/mars 2014. Dette gjelde både artiklar om framdrifta og meiningsytringar. I vekas spørsmål i veke 10 var det 80,3 prosent som var imot prosjektet, 18,5 prosent var for og 1,2 prosent var usikre. I staden for å skanne alle desse innlegga, har ein teke med ein leiar i avisa med oppsummering av status i midten av mars 2014
Publisert i Fjordingen 12.mars.2014.
Arbeidet med å planleggje den storstilte utbygginga av pendelbane frå fjorden til fjellet Hoven i Loen held fram. Pendelbana med utkikspunkt, restaurant og tilrettelegging for friluftsaktivitetar til fots, med sykkel og på ski, er i kroner den største enkeltståande utandørs reiselivssatsinga i indre Nordfjord nokon sinne.
Planane vart først presenterte i Fjordingen midt i desember. Det er ikkje meir enn fire månader sidan. Likevel har det skjedd mykje utvikling i prosjektet sidan den gong. Selskapet som står bak har orientert kommunestyret om planane. Og førre veke var representantar frå Doppelmayr i Loen for å sjå på plassering av pendelbana, både botnstasjon og toppstasjon.
Folket frå Doppelmayr har erfaring i å byggje heisar og ulike baner i krev-jande terreng. Dei gav uttrykk for at dei likte det dei fekk sjå i Loen. I motsetnad til det meste som vert bygd av slike baner i mellom-Europa, har Sleipner-Hoven det unike i seg at bana går heilt frå fjorden til fjells, 1.008 meter over havet. Dei fleste slike baner startar og sluttar i høgalpine område.
«Fantastisk utsikt og eit flott pro-sjekt», uttalte Nichlas Moser frå Doppelmayr til Fjordingen oppe frå Hoven. Det er ikkje å overdrive. For det er kombinasjonen av fantastisk utsikt og eit terreng som inviterer til allsidig aktivitet som gjer SleipnerHovenprosjektet unikt.
Dernest det faktum at det allereie finst infrastruktur og turisme i nærleiken som utfyller og som bidreg til å sikre nødvendig trafikkgrunnlag.
Dei som står bak SleipnerHoven har ikkje sett i gong dette prosjektet for moro skuld. Dei gjer det med det mål å utvikle turistnæringa i indre Nordfjord og ta grep i ei tid der brearmane vert stadig slankere og kanskje forsvinn heilt. Indre Nordfjord og Nordvestlandet treng slike motorar innan utvikling av reiseliv. Utvikling av reiselivsprodukta bidreg til å trekkje turistar til regionen. Det gir sjølvsagt effekt for utbyggjarane som no satsar, men har og ein betydeleg ringverknad for mange. Det høyrer med i totalvurderinga.
Ei slik utbygging er ikkje og skal ikkje vere konfliktfri. Blant anna frå grunneigarar som nyttar området til beite har det kome kritiske merknader til prosjektet. Helst ser dei at SleipnerHoven aldri vert realisert. Om så likevel skjer, har dei klare krav om at deira interesser vert ivaretekne. Regionen treng spenstig utvikling som SleipnerHoven. Regionen treng og landbruk. Det eine bør slett ikkje utelukke det andre. Gjennom fornuftig dialog bør det vere fullt mogleg å kome fram til løysingar som ivaretek fleire interesser. Slikt går bra andre stader og bør gjere det også i Loen.
Publisert i Fjordingen 14.mars.2014.
Av Roy Aron Myklebust (roy.aron.myklebust@fjordingen.no)
Johan og dottera Rannveig Mindresunde er sterkt kritiske til både innhaldet og tempoet i pendelbane-prosjektet SleipnerHoven. Dei meiner det er kapitalen som rår og at omsynet til naturen og beitemarka blir skubba i bakgrunnen.Det er faktisk dei som vurderer å legge ned heile gardsdrifta, seier Johan Mindresunde
Johan og Rannveig Mindre-sunde ser absolutt ingen fordelar med prosjektet SleipnerHo ven. Faren og dottera frå Oppheim på Rake ser derimot ei lang rekke ulemper med den planlagde pendelbana.
Til liks med sambygdingen Vegard Solheim, som har uttalt seg negativt til planane tidlegare, er anleggsvegen kanskje det mest alvorlege inngrepet for dei to.
Det blir brukt som eit argument at vi skal få gratis skogsveg i terrenget oppover mot sætrane våre, men faktum er at veldig mange ikkje vil ha veg opp dit, seier Rannveig Mindre-sunde.
Skal ein ha ei sæter så skal ein i alle fall måtte gå ein halvtime for å kome dit, meiner no eg, seier faren Johan Mindresunde, som er sterkt kritisk til at ein eventuell anleggsveg vil gå tett oppunder Oppheimsætra der han sjølv har sel.
Vi meiner også anleggsvegen er blitt veldig bagatellisert. Men når her skal betongbilag på 30 tonn opp i samband med utbygginga, så seier det seg sjølv at det ikkje er ein skogsbilveg ein snakkar om. Dessutan er ikkje Oppheims-vegen heller dimensjonert for den trafikken ein her legg opp til, seier han.
Problem for beitinga
Mindresunde er ikkje grunneigar i det aktuelle området, men han har beiterett og ser store utfordringar knytt til beitinga dersom planane skulle bli realisert.
Det er faktisk dei som ser så mørkt på dette, at dei vil vurdere å legge ned heile drifta, seier han. Og visst sauebruka forsvinn, så går det utover kulturlandskapet. Det er i alle fall heilt sikkert, slår Johan Mindresunde fast.
Med så mykje folk innover fjellet, og ein anleggsveg som bryt inn i dei faste råsene, vil sauene bli stressa, meiner far og dotter Mindresunde, som meiner det manglar ei forståing for korleis inngrepa vil påverke dyra.–
Mangel på respekt
Dei er klare på at dei sjølvsagt er eksstra engasjert sidan det handlar om eit område som rører dei, men at dei også prinsipielt er motstandarar av slike ut byggingar.
Dette handlar om mangel på respek for naturen. Når det blir klaga på at vi har for mykje nasjonalparkar i dette landet, så tenkjer eg vi skal vere glade for dei vi har. Kven har eigentleg rett til å gjere dette? Ja, kor lenge kan vi halde fram denne utviklinga? spør Rannveig Mindresunde. Og faren supplerer.
Ser ein på utviklinga siste 150 åra, og visst denne kurva skal fortsetje, ja så går dette ikkje stort lenger. Ein har respekt for jorda. Som Henry Ford ein gong sa, då han vart spurt om kva han skulle bruke alle pengane til, "Kjøpe land, for det lagar dei ikkje lenger", seier han med eit skeivt smil.
At breane smeltar vekk blir bruk som eit argument i dette prosjektet, at ein treng noko nytt å tilby turistane. Men vi må ha tiltru til at naturen i seg sjølv er meir enn god nok for dei, med eller utan bre. Der kan gjerast mange andre ting utan så store inngrep, seier Rannveig Mindresunde.
Opplegget med å ta pendelbane opp på ein fjelltopp føyer seg elles in i ein trend der alt skal vere så lettvint Ein skal liksom ikkje jobbe så mykje for ting lenger, seier ho.
Økonomisk gevinst for nokre få
Dei to stiller seg også kritiske til måten prosjektet blir lagt fram, som eit viktig bidrag til lokalsamfunnet og reiselivsnæringa.
Det blir framstilt som at ein bidreg til noko nyttig, det å få folk ut urørt natur. Men alt kokar ned til at nokre få tenar meir pengar, seier Johan Mindresunde.
Ja, og det blir framstilt som ein gode for heile reiselivet i området, men dette er kun nokre få som vil nyte godt av, seier Rannveig Mindre-sunde. Ho trur eit slikt tilbod, så nærme cruisekaia i Olden, vil stele store deler av trafikken frå andre aktørar i området.
Eg er bekymra for andre aktørar som vil skape seg eit levebrød, delvis basert på cruisetrafikken, seier ho.Johan Mindresunde meiner ein også bagatelliserer eit eventuelt skitrekk og i kva grad dette vil konkurrere med eksisterande anlegg i området.
Vi les i avisa om tronge tider for lokale skitrekk. Eg trur no at visst eit slikt skitrekk kjem på plass her oppe, så vil også familiar ha dette med i vurderinga dei morgonane dei har tenkt seg ut å stå på ski. Og med så marginale vilkår dei andre sentra har, så er det kanskje nettopp dei kronene som tilfell dette anlegget som betyr vere eller ikkje vere for dei andre, seier han.
Kvar blir det urørte av?
Dei to motstandarane ser også føre seg at det blir lite att av den urørte naturen som prosjektgruppa prøvar å selje inn.
Her skal det kanskje 40.000 opp i løpet av eit år - deriblant mange cruiseturister og ungar som gjeme ikkje er vande med å ferdast i fjellet. Og så skal dei fram på kanten og ta bilde. Her blir dei nøydde å gjerde inne heile området på toppen - og kor urørt blir dette då, spør Rannveig Mindresunde.
I marknadsføringa har dei også nytta eit foto av ei ørn som flyg ved fjelltoppen. Der kjem i alle fall ikkje til å vere ei ørn att om dette blir noko av. Blir ørna forstyrra i hekkinga, vender dei aldri tilbake, seier faren Johan.
Ikkje redd for konflikt
Alt i alt mislikar dei to det voldsomme tempoet som blir køyrt i prosessen.
Vi reagerer veldig på at ting skjer så fort at vi ikkje har tid til å reagere ein gong. Det blir framstilt som om alt er greitt og i boks. Vi føler det blir halde tilbake informasjon, eller i alle fall at ikkje alle som burde det blir involvert i prosessen. Ein burde gått breiare ut og informert i denne fasen, meiner dei to.
At det er to ulike leirar i saka, også mellom innbyggjarane i bygda, må dei leve med - og er heller ikkje bekymra for at det skal skape konflikter.
Nei, vi er vaksne folk og aksepterer at ein har ulike meiningar, så eg er ikkje redd for konflikt om det skulle ende eine eller andre vegen, seier Rannveig Mindresunde.
Publisert i Fjordingen 21.mars.2014.
ved Inge Fænn
Fjordingen for 55 år sidan (1959) ved Inge Fænn
I dag er det siste arbeidsdag på strekninga Loen -Stryn, og det er ikkje von om meir pengar i år. Siste tida har det vore 60 mann og ni lastebilar i arbeid på dette anlegget, og mykje er blitt gjort. Diverre er det ikkje alt som blir ferdig pukka og grusa slik at vegen kan takast i bruk. Fyllinga på skulehuset ved Rake blir køyreklan, og likeeins er den store skjæringa på Marså-kleiva så og seie ferdig. Vegen rundt Lobukta er ferdig pukka, og skal grusast før påske.
Publisert i Fjordingen 7.april.2014.
ved Inge Fænn
Fjordingen for 25 år sidan (1989)
Det aller viktigaste for Hotel Alexandra i dag er å få flytta riksvegen. Ja, eg vil seie det så sterkt at det rett og slett er avgjerande for framtida til hotellet. Det målet vi arbeider fram imot er å få omlagt vegen i løpet av den komande hausten og vinteren, slik at alt skal vere klart til verdsmeisterskapen i bogeskyting i 1990. Det er i september, og det er ei storhending der vi vil gjere bygda så vakker som råd er, seier administrerande direktør Eivind Grov.Publisert i Fjordingen 7.april.2014.
Det er oppretta ei styringsgruppe for pendelbane-prosjektet SleipnerHoven, og dei hadde sitt første møte denne helga. På programmet stod tur til fjelltoppen Hoven og planlegging av forprosjektet.Vi legg til rette for godt team-arbeid gjennom å bli kjende på tur i fjellet, seier prosjektansvarleg Richard Grov.
Gruppa skal jobbe med sju delprosjekt og heile 15 rapportar skal utarbeidast. Etter planen skal reguleringsarbeidet vere fullført tit desember i år, og forprosjektet avsluttast i løpet av februar 2015.
Medlemmar i styringsgruppa:
Ann Helen Biakset (RS&N), Per Helge Bøe og Rune Holen (Naturservice), Siri Gausemel, Tore Geir Aaland, Ole J. Osvold (Aaland Arkitektkontor), Sven Ole Skrivervik (Telio), Birger Moxnes (jurist), Steinar Nesdal (Nordplan), Ingvill Flo (PwC), Yngve Thorsen (Skikrinsen), Asne Folstad (Inn. Norge), Richard Grov og Erik Brendefur (Alexandra).
Publisert i Fjordingen 16.april.2014.
ved Inge Fænn
Fjordingen for 50 år sidan (1964)
Utvidinga av riksveg 60 på Rake går for fullt. Mykje er gjort, men endå står ein del att før vegen er ferdig heilt til Oppheimsskiftet. Det smale og dårlege stykket som stod att ved bensintankane i Marsåvika er på det næraste ferdig, men det står framleis att ein del arbeid frå skulehuset på Rake og fram til vegkrysset til Oppheim. Om lag 40 mann har vore i arbeid for sysselsetjingsmidlar i vinter, men no vert styrken redusert ein del.
Publisert i Fjordingen 2.6.2014.
ved Inge Fænn
Fjordingen for 50 år sidan (1964) ved Inge Fænn
Nyevegen pa Rake
Nyevegen på Rake kan takast i bruk denne veka. Det er eit stort arbeid som er gjennomført sidan byrjinga av januar. I Marsåvika er det sprengt ut skikkeleg vegbane rundt den høge hammaren, og det er kome ei fylling ovanfor tankane. Også frå Opheimskrysset til skulehuset på Rake har fleire lag vore i arbeide, og det er dette stykket som no kan takast i bruk. Dette skal også få asfalt. Asfaltverket skal plasserast på Marsåneset i staden for Loen slik at det blir kort transport.
Publisert i Fjordingen 2.5.2014.
Fjordingen for 50 år sidan (1964)
I sommar vil eit 16-setars helikopter gå i rute frå Loen til sjølve breplatået på Briksdalsbreen. Ein tur som til vanleg tek mange harde timar til fots, vil vere unnagjort på om lag fem minutt. Det er heilt utruleg! Det er Stryn Turistnemnd som har unnfanga denne storslåtte ideen, og søkt kontakt med AS Norsk Helikopterservice. Dei fann ideen god, og gjekk med på å opprette ruta. Turistnemnda, med herrane Inge Lødøen og Johan Lunde i spissen, har siste åra gjort mykje for turistnæringa.
Publisert i Fjordingen 30.4.2014.
Av Roy Aron Myklebust (roy.aron.myklebust@fjordingen.no)
Sidan 80- talet har det vore diskutert kunstgrasbane i Loen. Går alt etter planen kan dette bli ein realitet innan neste sesong.
I 10-millionar prosjektet ligg det også planar om nytt klubbhus, ny ballbinge og leikeareal i tiflknytning til stadion.
Planane har lege der i nærare 30 år, men no håpar fotballgruppa i Loen IL at dei endeleg skal få realisert kunstgrasdraumen i bygda.
Dette vart diskutert allereie på 80- talet, og du skulle sett kva planar dei då hadde. Mellom anna var det innteikna løpebane rundt stadion, fortel Jan Erik Sandbakk.
Der finst ikkje dei gamle teikningane vel, spør Sandbakk, og vender seg mot Jørn Moen og Per Willy Dragset. To andre frå idrettslaget som også er tungt inne i prosjektet. Felles for trioen er ulike verv i fotballgruppa og idrettslaget, men kanskje først og fremst eit brennande engasjement for bygda.
Særleg det siste året har det blitt jobba målretta med kunstgrasplanane, og går alt som dei ønskjer kan arbeidet starte allereie denne hausten.
Vi håpar på oppstart av grunnarbeidet på tampen av denne sesongen, og fullføring neste vår, seier Sandbakk.
Viktig for motivasjonen
Men før den tid er det mykje som skal på plass. Mellom anna ei større finansiering. Prosjektet er tredelt og har ei total kostnadsramme på i overkant 10 millionar.
I planane ligg kunstgrasdekke på dagens bane, rive det gamle klubbhuset og byggje opp eit nytt, samt lage eit nærmiljøanlegg i tilkyting til stadion som inneheld ny ballbinge og leikeområde.
I følge prosjektgruppa vil ei kunstgrasbane bety mykje for fotballfolket i bygda, som også utgjer den store majoriteten i idrettslaget.
Slik det er no kjem ein ofte seint i gong med treningane på våren, seier Per Willy Drageset.
Dette vil også ha mykje å seie for motivasjonen til trenarar og støtteapparat, seier Jørn Moen. Han og dei andre opplever kor utfordrande det tidvis kan vere å få med forledre på aktivitet i laget, men er overbevist om at betre fasilitetar vil gjere den oppgåva atskilleg meir takknemleg.
Finansiering
Finansieringskjeldene er fleire i eit slikt stort prosjekt. Vi håpar å kunne få inn mellom 3,5 og 4,5 millionar i spelemidlar, seier Sandbakk. I tillegg reknar dei med ein del i sponsorstøtte, sal av andelar og ikkje minst eigeninnsats. Dei er elles opptekne av å handle lokalt og vender seg i all hovudsak mot det lokale næringslivet.
Vi har hatt fleire arbeidsmøter med lokale bedrifter. Dette har vore entreprenørar, rørleggarar og andre som kan bidra i eit slikt prosjekt. Det har hjelpt oss til mest muleg realistisk kostnadsestimering, seier Sandbakk. Han håpar og trur på stor velvilje også frå den kanten.
Vi har utfordra dei på å sponse deler av arbeidet, seier han.
Søknad til kommunen
I desse dagar går ein søknad inn til kommunen der dei både ber om finansieringsstøtte, godkjenningar, løyve i høve arealbruk og garanti til lån. Når det gjeld sistnemnte håpar dei å sleppe unna noko langsiktig lån, men treng hjelp til å forskottere spelemidlane.
Dessverre er ordninga slik at dette kan ta mange år - kanskje opp i ti år, før ein får spelemidlane utbetalt, seier Sandbakk.
Samtaletema
Og kunstgrasbane- prosjektet engasjerer bygda på fleire måtar. Representantane for prosjektgruppa kan fortelje at meir enn 100.000 kroner er samla inn gjennom ulike tilstellingar som loppemarknad og bygdafest.
Folk virkar veldig gira på dette. Det er eit stort samtaletema, og ein snakkar på ein måte om før og etter ei slik bane, seier Moen.
Vi ønskjer at ungane skal vere aktive, og då her i bygda, og sleppe reise hit og dit for å finne forhold, seier han.
Web-basert andelskjøp
At det er nytenkjande karar med ein dose kremmarånd som jobbar med prosjektet, kjem til uttrykk på fleire vis. Mellom anna når det gjeld andelskjøp i kunstgrasbana.
Vi har fått laga oss ei web-basert løysing. Det i seg sjølv er ikkje nytt, for eg har sett fleire prosjekt der ein kan gå inn på ei nettside og velge seg ut ein eller fleire kvadratmeter på ei bane, men deretter har prosessen vore manuell med faktura. Her skal ein kunne «dra visaen» og vi sparer oss for masse administrasjon, forklarar Jan Erik Sandbakk.
Ved hjelp av ei nettbasert løysing skal ein selge andefar. Her kan ein velge seg ut ein bit av bana, som ein kjøper, og såleis støttar prosjektet.
Tenkjer nytt i sponsorarbeidet
Per Willy Drageset er eigar av joker-butikken i Loen. Han representerer sjølv ei bedrift som ønskjer å gå inn i kunstgrasprosjektet med sponsorstøtte. Men som for mange andre små og mellomstore bedrifter er det eit svært avgrensa sponsorbudsjett han har høve til å operere med. Dette har fått den fotballengasjerte butikksjefen til å tenkje.
Eg ønskjer å gå inn med 100.000 kroner men fordele betalinga over fire år, samstundes som prosjektet får heile beløpet med ein gong, seier Drageset. Han forklarar at ein måte å få dette til på, og som har vore diskutert, er at banken er med på ei løysing der dei forskotterer heile beløpet på vegne av sponsoren.
Vi har ikkje vore veldig konkrete på korleis, men vi har lufta det for banken og lei var positive, seier han.
Publisert i Fjordingen 26.5.2014.
Av Gunnhild Sindre (gunnhild.sindre@fjordingen.no)
Med Lostrupane som vertsakap fekk songarar oppleve eit strålande songarstemne i Indre Nordfjord. I regi av korforbundet i Sogn og Fjordane var 700 songar fordelt på Loen og to andre songarstemne i fylket. Stemnet som Lostrupane stod for, omfatta flotte konsertar i Olden kyrkje og Loen Bygdetun. Mest spetakular var nok konserten i Lodalen
Storslått song under Ramnefjellet.
Songarane som var samla i Loen i helga fekk ei mektig oppleving med guida tur på Lovatnet og friluftskonsert med Rammefjellet som kulisse.
Vi vil gjerne vise noko av det beste vi har her i bygda. Difor vil vi gjerne ta alle med på tur til Lodalen, sa leiar for Lostru-pane, Sissel Tenden, då ho ønskte dei seks gjestekora velkomne songarstemne.
Og tur vart det, buss den eine vegen og båt den andre for alle gjester, og guidar på turen slik at alle skulle få ta del i Lodalen sin dramatiske historie. Kva passa vel då betre under utekonserten enn "I skuggen av Rammefjell».
Feststemning
Stemnet starta med songartog gjennom bygda med flaggborg og Stryn Musikklag i spissen. Eit populært innslag som skapte feststemning der folk hadde stilt seg opp langs vegen.
Reine 17. mai-en på overtid. sa ein begeistra campinggjest. Ved Loen Bygdahus var del velkomsthelsingar, der Jar Heggheim tok sjansen på å garantere fint ver under heile stemnet. Og det vart det.
Sissel Tenden takka loarane som hadde heist flagget i høve dagen, og dei tilreisande vare nok ekstra imponerte over flagget som vaia ved Via Ferrata, 800 m.o.h.
Neste gong vi er samla her tek vi kanskje gondolbana opp og har fellessong på toppen, sa Sissel Tenden. Er de med på det? Ja! svara 700 songarar, og ein av dei la til: Vi kan ta oss av opninga!
Ros til arrangørane
Ordførar Sven Flo helsa både songarar og arrangørar. Som ordførar er eg stolt av det Loen og loarane får til, sa han, og understreka verdien av frivilligheit i lokalsamfunna. Eg vil gje ros til Lostrupane for den dugnadsinnsatsen dei har utført for å få til dette stemnet, sa Flo.
Også Marianne Hoff, leiar for Norges Korforbund Sogn og Fjordane, rosa arrangøren Lostrupane for innsatsen.
Men, sa Jan Heggheim frå Lostrupane, no er det nok prat. Her skal det syngast!
Flotte konsertar
Og song vart det. Under tur til Lodalen med Singers Corner ved Kjenndalsstova, på mektig kyrkjekonsert i Olden kyrkje og under den avsluttande konserten i Loen Bygdahus. Storslått korsong som alle musikkglade fekk ta del i. Det merkast når hundrevis av songarar er komne til bygds!
Publisert i Fjordingen 11.7.2014. Fjordingen for 10 år sidan 2004..
I går kveld kunne administrerande direktør Eivind Grov ønskje gjestene velkomne til opninga av Alexandra Bad og Spa, ei investering i velvære til 60 millionar. Største enkeltinvesteringa i hotellet si 120 år lange soge.
Samstundes er det 40 år sidan Inger og Eivind vart vertsfolk på hotellet. Dei har drege lasset i lag, dei to, og Eivind er den første til å rose kona for hennar innsats i det som kan kallast ei eventyrleg livsverk.
Når førstemann stuper i eitt av dei nye bassenga er det om lag på dagen 28 år sidan det aller første bassenget stod ferdig. Det kan høyrest utruleg ut, men investeringa på vel tre millionar den gongen, var større vågestykke enn investeringa på 60 millionar i dag.
Publisert i Fjordingen 21.7.2014.
Av Anne-Marie Aalberg (redaksjon@fjordingen.no)
Turistane strøymer til Lodalen, og rundt 40.000 personar kjem til å besøkje dalen i løpet av sommaren. Reiselivet merkar effekt av både Disney-filmen «Frost» og TV-program som «71 grader nord».
Turistauke frå Amerika
Kring 40.000 vil besøke Lodalen i sommar. Grunna stor pågang av turistgrupper må Kjenndalstova stengje for servering til andre gjestar i store delar av sommaren.Lodalen har mange turisttilbod, men denne gongen går turen inst i dalen. Kjenndalstova har ikkje kapasitet til å ha ope for matservering eller båttransport for andre gjestar når turistgrupper er venta. Dei fleste laurdagar og søndagar i juli er MS Kjenndal II klar for billett-turistar og Kjenndalstova opa for alle som kjem for å nyte lokal mat.
TV betyr mykje
To gongar i år har Lodalen vore på TV.I reiseprogrammet 71 grader NORD på TV-Norge og i hageprogrammet «Grønn glede» på NRK der fokuset var samarbeidet i dalen for planting ved minnesmerket for dei som omkom i rasulukkene i 1905 og 1936.
TV betyr mykje, og sendingar herfrå har andre fanga opp, seier turistvert jan Ove Hogrenning.
Eksotisk og eksklusivt
Han seier at Disney-filmen «Frost» var fin Norgesreklame, og fortel at turoperatøren Disney Adventures tilbyr naturopplevingar linka til filmen. Dei har base i Geiranger og har fast avtale. Gjestene prøver garnfiske og får lunsj basert på råvarer frå dalen, fortel Hogrenning. På lunsjmenyen står mellom anna steikt aure frå vatnet, hamburgar av hjort- og kjekjøt. Som drikke får dei eplesaft frå Håkon Loen.
Du veit amerikanarane vert forundra over hamburgar med 95 prosent kjøt og litt uvant smak, rein vare og heilt utan konserveringsmidlar, ler turistverten medan han tek ettersyn på MS Kjenn-dal II. Eksotisk og eksklusivt, slår han stolt fast.
Mykje amerikanarar
Medan Fjordingen vitjar Kjenndalstova, kjem det inn to busslaster frå cruiseskipet Celebrity Infinity. Vi får ein hyggjeleg prat med to ektepar som er fulle av begeistring for Norge generelt og Nordfjord spesielt. Dei har vore ved Kjenndalsbreen og stoggar for kaffi og vafler.
Drøymt om å sjå landet
Esther og Ron Hart frå California har pensjonert seg frå høgteknologi-industrien.Esther er årsak til Norgesferien.Eg las ei bok om Norge som tenåring, og sidan har eg drøymt om å sjå landet og fjordane. Eg hadde ei heilt anna oppfatning av fjordane enn det som eg har sett og eg hadde ingen idé om kva fjordane var, fortel Ester oppglødd og gestikulerer for å syne sjøen som går inn mellom høge fjell.
Positivt overraska
Urna og Bharat Bhatt er opprinneleg frå India men har budd i Baltimore i 45 år. Han er geologi-professor og ho har jobba med born. Også dei er pensjonistar. Bharat Bhatt er ivrig med kamera og filmar alt av fjell og fossar. Dei spør mykje om kva folk lever av og korleis det er når vinteren kjem. Kor kaldt kan det vere? spør professoren som ynskjer å vitje Norge for å sjå nordlyset. Dei er positivt overraska over temperaturen i sommar-Norge.
Norske reisande
Det er nordmenn også blant turistane i Lodalen. Like nedanfor Kjenndalsbreen møter vi familien Furubolten frå Nordhordland. Dei har Norge som ferielandet sitt og i fjor var reisemålet Telemark.Mamma Ingunn, pappa Morten med borna Ingelin, Heine og Aleksander nyt lunsjen ute til bakgrunnstoner frå fossefall og elvesus.
Dei bur på Loenfiord Hotell som er base for utflukter og aktivitetar kring om. Foreldra planlegg å vitje Skålatårnet medan borna skal til Eid og spele golf. Elles freistar jo både spa og bading, seier mamma In-grunn.
Forøvrig var det norske skilt på dei fleste bilane ved stien til Kjenndalsbreen.
Publisert i Fjordingen 30.7.2014.
Av Kaia Johnsen Viki (kaia.johnsen.viki@fjordingen.no)
Ingvild Glomnæs Loen (22) skal heidre oldefaren med konsert i Loen kyrkje på laurdag. Oldefaren var Arne S. Loen. Klokkar og kyrkjesongar i Loen kyrkje frå 1913.
Loen er elev ved Barratt Due instituttet i Oslo. Saman med kjærasten Eilert Hasseldal og pianist Andreas Løken Taklo frå Florø, skal ho halde sommarkonsert i Loen kyrkje laurdag 2. august.
Bestefar spurte meg i jul om ikkje vi kunne ha ein konsert i Loen i sommar. Det var noko både eg og kjærasten min hadde veldig lyst til, fortel ho.
Ho er oppvakse i Stavanger, men tre av besteforeldra hennar kjem frå Indre Nordfjord.
Betyr mykje for meg å synge her
Bestefaren hennar er Brynjulf Loen. Faren hans og Ingvild sin oldefar var Arne S. Loen. Lærar, klokkar og kyrkjesongar i Loen. Det er han dei vil heidre med konserten.
Oldefaren min hadde sterk tilknyting til Loen kyrkje. Det blir veldig kjekt å halde ein konsert i eit rom der han har så vore mykje, trur Loen.
Ho har tilbragt stort sett alle sine somrar i Stryn. Gjennom historiene til bestefaren har ho blitt godt kjent med slekta si historie og oldefaren sin.
Eg gjer det jo litt til ære for bestefar og. Han finn så mykje glede i musikk. Så har han vore veldig oppteke av å fortelje vidare historia, slik at vi som ikkje er oppvakse her skal vite kvar vi er frå.
Loen og Hasseldal studerer beg ge klassisk song. Til konserten på` laurdag har dei sett saman eit kon sertprogram som dei trur vil passe godt på ein sommarkveld i Loer kyrkje.
Det blir ein konsert med mest norsk musikk frå både kjende og mindre kjende komponistar. Del blir både soloar og duettar, forte Hasseldal.
Eg håpar vi kan skape ei varm atmosfære. Det er ei lita kyrkje så det blir ein intim konsert der ein kjem tett på publikum, seier Loen. Ho gleder seg spesielt til å syngje for alle slektningane i Nordfjord.
Mange i slekta veit at eg driv med dette. Så er det ein moglegheit til å synge for nokon heilt andre enn dei som kjem på konsertane våre til vanleg.
Gratiskonserten er open for alle som vil kome og høyre på. Eg trur det blir veldig fint, eller det veit eg. Det betyr masse for meg å kunne synge i Loen kyrkje, det er på ein måte ein del av meg, smiler ho.
Publisert i Fjordingen 6.8.2014.
Av Inge Fænn (redaksjon@fjordingen.no)
Dei tre frå Barratt Due instituttet i Oslo hausta ståande applaus frå ei fullsett Loen kyrkje etter konserten laurdag kveld. Ein konsert som bør bli tradisjon.
Dette skal ikkje vere minnekonsert for Arne Loen. Det skal vere ein sommarkonsert, sa Brynjulf Loen. Bestefar til sopranen Ingvild Gomnæs Loen, då han helste velkomen til dei vel 150 som fylte kyrkja. Jenta som har besteforeldre frå Stryn både på fars- og morssida hadde med seg kjærasten Eilert Taugbøl Hasseldal, baryton, og Andreas Løken Taklo, klaver. Hasseldal er Oslogut medan Løken Taklo har postadresse Florø, men røter til Nordfjordeid og Olden. Dei tre gav oss ein ugløymande kveldstime i Loen kyrkje. Tre talent som vi utan tvil vil høyre meir til, og som er hjarteleg velkomne tilbake. Gjerne i eit endå større lokale og med endå meir folk i salen. Det fortener dei.
Oldefaren til Ingvild, Arne Loen, var klokkar og kyrkjesongar i Loen kyrkje i 37 år, og ho gjorde ikkje skam på røtene. Vakker røyst og vakker framføring i godt samspel med dei to ho hadde med på laget.
Ho opna med Lo-songen ført i pennen av Leif Arnold Loen og tonesett av Arne Loen. Sågjekk det slag i slag med kjende perler både norsk og internasjonalt. Vi nemner i fleng. Geirr Tveitt, Mendelssohn, Haydn, Schumann, Kjerulf, Grieg og Agathe Backer Grøndahl, og kva var vel meir naturleg enn å slutte av kvelden med «Sommarnatt ved fjorden» av Ketil Bjørnstad. Rett nok ligg kyrkja nokre steinkast oppe frå sjøen, men stemninga var der i den lune sommarkvelden ved foten av Skåla.
Dei gjorde ikkje skam på forfedrane sine dei unge musikarane. Dei trollbatt publikum og hausta applaus for kvar einaste nummer der dei skifte frå duett til solo, frå humor til alvor, ispedd glimrande solo-prestasjonar av Andreas Løken Taklo.
Målsetjinga på førehand var å setje saman eit konsertprogram med noko for ein kvar smak. Denne gangen fall alt i smak for dei fleste. Ekstranummer måtte til før dei unge talenta fekk roser i hendene og også rosande ord frå publikum som samla seg på kyrkjebakken etter ein musikkveld av dei sjeldne.
Publisert i Fjordingen 15.8.2014.
Av Kaia Johnsen Viki (kaia.johnsen.viki@fjordingen.no)
Mats Yri har guida 1000 personar i Via Ferrata denne sommaren og kjenner ruta betre enn dei fleste. Han har og merka effekten av bildedeling på interntitt.
Bilete spreiast som eld i tørt gras gjennom Facebook. Etter at brua kom har det eksplodert. Ingen hadde trudd at det skulle bli så mykje folk.
Mats Yri har vore med og laga Via Ferrata og er ein av dei som kjenner den best. Berre i sommar har han hatt 65 turar opp klatreruta, og hatt med seg over 1000 personar.
Vi har fått ei bru og no vil alle opp, frå bestefar og bestemor til born og familiar.Men ifølgje Yri er det ein tøff tur, som ein må vere i god form for å gjennomføre.
Turen startar langs ein grusveg og ein går om lag 400 høgdemeter før ein byrjar på klatringa. Det er allereie på denne strekninga at folk må gi seg. Enten seier vi ifrå eller så skjønner dei det sjølv, fortel Yri.
Utfordrande varme
Når ein har kome opp til 300 meter er det eit stopp med instruksjon. Her lærer turdelta-karane kva dei skal gjere og ikkje skal gjere, ifølgje Yri.
På 440 meter over havet ligg Innsteget. Her tek vi eit eple eller ein sjokolade og tørkar sveitte. Særleg denne sommaren som har vore spesielt varm. I år har turen vore meir ekstrem på grunn av varmen og teke ein time lengre enn vanleg, fortel han.
Etter Innsteget byrjar klatringa, og første strekninga kallast for Skogvake.Her går ein i skogen, men er festa til løypa, det er ikkje så bratt. Så kjem vi til Steinura og deretter til Olden-Innvik, som ligg på 540 moh. Her er det flatt og dårleg veg, derav namnet, fortel Yri.
Litt lengre opp kjem ein til Midtkvile. No byrjar folk å bli slitne og det trengst energipåfyll. For etter Midtkvile går ein laus på Ormenlange og det er det mest krevjande partiet av ruta. No er det for seint å snu så alle må opp. Enten heiser vi dei opp eller dyttar dei. Det er ingen bønn. Dette er den finaste delen, med flott klatring. Mange klorar seg fast og har høg puls, så ein må drive litt psykologisk arbeid for å få folk opp.
Ny høgdeoppleving på brua
Etter Ormenlange kjem Gampen. Denne sommaren har guidane vore nøydd til å helle vatn over folk her, fordi det har vore så varmt. Guidane har bore med seg 7-8 liter med vatn på turen. Mange tek med seg for lite vatn sjølv om vi minner dei på det, seier Yri.
Gjølmunnebrua er neste høgdepunkt.Her får mange ei anna høgdeoppleving. Nokon må vi leie over, mens andre spring, ikkje alle meistrar høgda. Brua heng 160 meter over bakken og er den lengste hengebrua i Europa, tilknytt ein Via Ferrata. Etter brua er det bygt ein platting. Her er det vanleg med ein rastepause.
Vidare opp mot toppen er det meir som ein spasertur, med fin utsikt mot hengebrua under seg og gjølet på andre sida, ifølgje Yri.
Toppen ligg på 1010 meter over havet.Her tek vi bilete og så tuslar vi heimover, seier han. Guiden har opplevd mange reaksjonar på toppen. Nokon seier at dei aldri vil gjere det igjen, at det var nok med den eine gongen. Andre går og kjøper seg utstyr for å gjere turen på ny. Dei aller fleste er veldig fornøgde. Det er mykje spreke og flinke folk, seier klatreguiden.
Publisert i Fjordingen 29.9.2014.
Fjordingen for 10 år sidan.
No blir det gangveg
Arbeidet med den 600 meter lange gang- og sykkelvegen gjennom Lovik er i gang. Støypearbeid ved brukara og fjerning av 2000 kbm jord mellom Loen Hotel og krysset opp til Nordfjord Kjøtt, står for tur. Den totale kostnaden er på nær 6 millionar kroner, og arbeidet skal vere sluttført 15. desember. Eit skår i gleda er at det ikkje finst midlar til å ftillføre ei trygg kryssing inn på gang og sykkelvegen frå Loen -skule.
Publisert i Fjordingen 17.11.2014.
Av Harald Vartdal (harald.vartdal@fjordingen.no)
NVE anlegger godt i gang med å byggje ein 365 meter lang og 10 - 15 meter høg skredvoll i Gjølmunna. Prosjektet har ei total kostnadsramme på 21 millionar kroner.
Gjennom dette tiltaket sikrar vi eksisterande bebyggelse. Som ein bonus vil det også føre til at byggjeområdet i Loen sentrum kan utvidast, seier prosjektleiar Helge Leif Nordvik til Fjordingen.
Arbeidet i Gjølmunna starta opp i fjor haust med bygging av tilførselsvegar. På grunn av rasfare, måtte vi ta pause til våren. Men frå 5. mai og til no har anleggsdrifta gått for fullt.
Vergudane spelar på lag? - Ja, vi har bak oss ein kjempefin sommar og haust. Heller ikkje dei veldige nedbørsmengdene i slutten av oktober skapte store problem. Så vi ligg godt an med tanke på ferdigstilling neste haust.
Kor lenge vil arbeidet halde på før de tek vinterpause? - Meininga er å fortsetje fram til jul. Men det er sjølvsagt ver-avhengig, slår Helge Leif Nordvik fast. -
Fantastiske arbeidsfolk
NVE anlegg står for rassikringa' av Gjølmunna. Med seg som underentreprenør har dei Ottar Dvergsdal AS. Fire gravemaskiner og ein borerigg er i arbeid. Til å styre desse har vi fantastiske arbeidsfolk, understrekar prosjektleiaren.I samband med vekkøyring av overskotsmasse, velta ein av dumpersane. Vi må prise oss lukkeleg over at det gjekk bra med sjåføren, seier Helge Leif Nordvik.
Dekkjer med finmasse
Under planlegging av rassikringa i Gjølmunna var, det eit tema korleis dei skulle klare å kamuflere den 2.600 kubikk store muren som strekkjer seg frå sjøen og oppover mot startpunktet for Via Ferrata (160 m.o.h.). Vi trudde at der berre var stein i grunnen. Difor var det meininga å male opp skog til å dekke toppen på fyllinga. Men under gravearbeidet, synte det seg at anlegget ligg i enden av ein morene. Dermed er det nok finmasse til å dekkje steinfyllinga, som etter nokre år vil vere tilgrodd. Så dette var ei gledeleg overrasking, smiler Helge Leif Nordvik.
NVE dekkjer 80 prosent
NVE tek 80 prosent av kostnaden på 21 millionar kroner. Den resterande femteparten vert dekka av grunneigarar og kommunen. Vi har hatt eit veldig god dialog med kommunen og lokale interessentar, understrekar prosjektleiaren. Noko, avdelingsleiar Anders Maurset kan skrive under på. Det er interessant og lærerikt å få vere med på eit så krevjande anlegg. Eg er imponert over arbeidet som blir utført. Her er folk som verkeleg kan sitt fag, seier Maurset.
Avsluttar karrieren i Loen
Anlegget i Gjølmunna blir Helge Leif Nordvik sitt siste som tilsett i NVE. Det er fint å avslutte her i Loen. Eg har nemleg to gongar før vore med på sikring av Gjølmunna. No får vi gjort de skikkeleg ved å byggje rasvollen så lang og høg at det ikkje skal vere fare for at snøskred kjem ned til husa. Det er kjekt å kunne setje sluttstrek med ei utbygging som er heilt nødvendig for å sikre utvikling i området i Loen sentrum, seier Helge Leif Nordvik.
Men det er framleis ei stundigjen før du og maskinentreprenørane kan avslutte prosjektet i Gjølmunna? ja, etter vinterpausen blir det oppstart igjen tidleg i mai 2015. Då vil arbeidet gå fram til alt er ferdig ein gong utpå hausten, opplyser prosjektleiar Helge Leif Nordvik.
Med største presisjon
Moderne teknikk vert nytta til å byggje opp muren som skal sikre Loen mot ras frå Gjølmunna.Maskinkøyrarane nyttar Gemini planleggingsprogram. På ein dataskjerm får dei opp nøyaktige stikningsdata og andre relevante opplysningar. Dermed kan arbeidet utførast medstørste presisjon, forklarar Helge Leif Nordvik.
Dagfred Befring, ein av veteranane til NVE anlegg, demononstrerer korleis dette fungerer i praksis. GPS-en viser kvar skuffa skal setjast. Det gjer at arbeidet kan utførast heilt nøyaktig. Men jobben byr vel likevel på utfordringar?- ja, spesielt når det er så bratt som her i Gjølmunna. Men veret har vore på vår side, sluttar Befring.
Publisert i Fjordingen 26.11.2014.
Av Ove Sveen (ove.sveen@fjordingen.no)
Solidare bru i sitt slag enn den som no er bygt i Hogrenningsdalen, skal ein leite lenge etter. Problemet er snøskred og høg vassføring. Sigmund Haugen Grunneigar.
Det bekrefter prosjektleiar Bjørn Kjetil Hilde som får mykje ros av grunneigarane for arbeidet. Brua er kostnadsrekna til omlag 150.000 kroner.
Brua ligg i eit område der ein også kan gå til og frå Skåla, men området er nok ukjent forfolk flest. Brua går over ei elv som kjem frå Austerdalen, og 300 meter nedanfor møter denne elva ei ny elv som kjem frå Hogrenningsbotnen og Helsetbotnen.
Solide dimensjonar
Bjørn Kjetil Hilde, Sigmund og Kjell Haugen har utført arbeidet med brua, og ikkje utan ein viss dramatikk. Då storflaumen kom i haust, måtte dei ta ned igjen endeforskalingane frå elementa og gjere reint og rydde på nytt før støyping.
Vi hadde før ei bru av plank og trykkimpregnerte materialar som vart teken ned omhausen. For få år sidan vart ho teken av elva. Det var også vanskeleg å styre sauene inn på denne brua. Brua no vart så solid som den kan bli. Her er ofte snøskred, men med armering både i over- og underkant, skal brua stå mot presset. Elles har vi under dei siste milde haustane hatt store utfordringar med høg vassføring som har skapt problem når sauene skulle heim, seier Sigmund Haugen.
Bolta ned i fjellet
Haugen og Hilde opplyser at dei har nytta Kveen med helikopter for å få opp både ein minigraver, betongelementa, betong og anna materiell som armering og forskaling til bygginga.
Brua er 7,5 meter lang, og det er forskala opp og støypt tre brukar som er nedbolta i fjellet med 35 mm jarnstenger. Oppå desse er det lagt fire element ( kvar på 600-700 kilo og breidde 60 cm). Elementa er godt sikra og armert mot brukara med etterfølgjande støyping på toppen. Dekket er no 30 centimeter, og rekkverk vil bli montert til våren.
Hilde opplyser også at arbeidet vart rasjonelt utført, ikkje minst ved at dei fekk returnert utstyr same dag som dei støypte dekket.
Som ein kurositet nemner han smilande at dei også la inn høgtideleg opning med det som naturleg høyrer til. Ei ned-støypt tavle med namn viser kven som har vore i sving.
Publisert (internett) 24.12.2014, kl. 12:00.
Av Elin Hansson, Journalist i DNT og kjæreste med oldebarnet til brepioner Elias Hogrenning. Sammen dro de på tur i hans fotspor gjennom Breheimen.
Et sammendrag om Elias Hogrenning er kopiert inn her
Elias Hogrenning var bonde på et lite bruk i Flobygda i Stryn. Penger tjente han ved å vise engelske rikfolk og europeiske adelige rundt på breene.
Elias Hogrenning var klatre- og fjellkjendisene William Cecil Slingsbys høyre hånd, Kristian A. Bings medsammensvorne og George Hastings venn.
Patentfører Elias Hogrenning var en av de første på mange fjelltopper i Norge, men fordi han var en bonde fra Sogn og ikke en rikmann har han gått inn i historien uten heder og ære.(Patentfører var tittelen på Den Norske Turistforenings guider, en tittel og rolle som det var svært vanskelig å få).
Hvem var han egentlig og hvorfor ble han patentfører i Turistforeningen?
Født 24. august 1872 på Hogrenning gård i Loen i Sogn og Fjordane som den tredje eldste av sju søsken. Han begynte å ro turister over Lodalsvannet i 12-årsalderen. På samme tid startet han også å vise turister rundt på Tindebreen som ligger rett ved familiegården.
I barndomsåra hadde han lest en bok som het «Hundre timer i engelsk». Disse språkkunnskapene kom godt med i kontakt med turistene.
22. august 1983 kom sakfører Kristian A. Bing til Hogrenning gård. Han hadde tenkt til å gå over breen fra Lodalen til Sunndalen og ønsket å ha med seg noen på turen. Dette ble begynnelsen på karrieren som profesjonell patentfører og klatrer for Elias. Etter at den lange og farefulle ferden var gjennomført lurte Bing på om han kunne skrive en artikkel til Bergens Turistforenings årbok og slik ble artikkelen «Ei eventyrleg ferd» til, som det er sitert mye fra i denne artikkelen.
I 1890 kom den første dampbåten på Lodalsvannet og dette ble slutten på roing av turister for Elias.
1. august 1898 giftet han seg med Johanne Torsdotter Flo. Elias skulle egentlig ta over farsgården på Hogrenning, men Johanne hadde lovet foreldrene sine å ta vare på dem, mot at hun fikk et jordstykke de hadde i Flobygda. Foreldrene hans nektet ham å gifte seg med henne ettersom de så det som galskap å flytte fra en gård til noe langt mindre. Da bestemte Elias seg for å sultestreike og gikk fort ned i vekt. Foreldrene forsto alvoret og lot ham få sin hjertens kjær.
I 1898 planla tre prominente britiske klatrere en tur til Lyngsalpene. En av dem var William Cecil Slingsby. I forkanten av turen skrev han til sin venn Bing i Bergen og lurte på om han ville anbefale en sterk og god klatrer som kunne være med som bærer. Bing anbefalte Elias og knappe tre uker etter han var gift gikk ferden til Nord-Norge. Både på Store Leangstind og Store Jægervasstind var de førstebestigere. Så fortsatte reisen videre til Finnmark med George Hastings. De ble de første som besteg selve breplatået på Øksfjordjøkulen.
I 1899 ble det nok en tur til Troms, denne gangen med Hastings og de ble de to første til å bestige Jiekkevarre.
I 1900 var det ny tur med Slingsby, denne gangen til Skagastølstindane. De besteg blant annet mellomste Skagastølstind fra nordsiden, det hadde ingen gjort før dem.
I 1909 ble han autorisert som patentfører i Den Norske Turistforening. På den tiden måtte man bli anbefalt for å få patentførerbeviset og ingen ringere enn Therese Bertheau skrev et brev hvor hun anbefalte Elias på det varmeste.
Elias og Johanne fikk ti barn sammen. Ettersom gården de bodde på kastet lite av seg, var fjellføringen en kjærkommen inntekt.Da Elias bygde huset deres i 1912 gjorde han det uten å låne penger og i tillegg satte han 500 kroner inn på en konto i banken, noe som var en betydelig sum penger for en bonde på den tiden. En dagslønn var for mange bare en krone den gangen.
2. mars 1932 døde Elias Hogrenning, 59 år gammel.