Vis heile sida

Litteratur om Loen

Litteraturdelen omfattar eit digitalt arkiv av bøker og artiklar med informasjon om Loen. Oppbygging av arkivet er i startfasen.


Ein del av dette materialet er tilgjengeleg gjennom LOKHIS knytta til gardar, bruk og personar. Eksempelvis vil ein få tilgang til artikkelen i Årbok for Nordfjord om Truls Vassenden ved oppslag på han i slektsdatabasen (kjem med ved neste oppdatering av LOKHIS).

Det er to tekstdokument som har spesiell rolle i LOKHIS. Det er Bygdeboka der kapitla om kvar gard er knytta til vedkomande gard og gir den historiske omtalen av garden. Det andre dokumentet er "Bygdeskildring" med kapittel for Nordfjord, for kvar av kommunane i Nordfjord og for kvar gard i Loen sokn. Dette er omtale ut frå dagens situajon og gir den geografiske plasseringa. For kvar gard har dermed LOKHIS med bygdeskildring og historisk oversyn som rein tekst. Dei andre tesktdokumenta er knytta til gardar, bruk og personar i LOKHIS den grad det høver.

Det digitale tekstarkivet for Loen er meint å skulle kunne omfatte mykje meir enn det som vert kopla til gardar, bruk og personar i LOKHIS. Mellom anna vil bøkene som Olav A Loen har gitt ut og som har lokal tilknytning, kome med.