Litteratur.
Bygdeboka. Tekstdel

Til Litterturlista

INNHALD

70 Loen
71 Tjugen
72 Haugen
73 Sande
74 Helset
75 Hogrenning
76 Raudi
77 Bødal
78-79 Nesdal
Ras 1905
Ras 1936
80 Sæten
Breng
81 Oppheim
82 Rake
83 Marså
84 Strand

96 Bergset

Bygdesoga for Innvik og Stryn

Av
Jacob Aaland

Tekstdelen for dei einskilde gardane i Loen sokn
+ Garden Bergset

*************************************

Start

70 Loen

Den gammalnorske nominativforma på namnet var vel Lodi, dat. i Loda. Truleg var namnet opphavleg namn på fjorden, no Lo-bukta. Tydinga av namnet er det uråd å seie noko sikkert om. Er eitt av dei få døme på at d tidleg er bortfallen. Er elles i Nordfjord-målet vorte til d.Loen er sikkert ein av dei eldste gardane i Indre-Nordfjord. Her er funne ymse gravfunn, og her var før mange gravhaugar. Dei fleste skal no vere utgravne. Ovafor Tiendebua låg fem haugar i rad. I ein av dei fann Lasse Heljeson ikring 1850 m. a. eit brystpanser (brynje?), hjelm, skjold, sverd, spyd, øks, skei. Sonen Helje, som hadde særs god greie på funn frå forntida, har funne ymse ting, m. a. ein flinteskrapar. Då And. Markusson ikring 1870 bygde hus og kjellar vart utgraven, fann dei ymse flint- og steinverktøy, som diverre ikkje vart granska. Helje Loen har m. a. ein steinhammar frå bronsetida, eit handsneldehjul og ein avlangrund stein (slagstein). Desse tinga er no i muséet iBergen.

Garden er nemnd i fleire av mellomalderskjeldene. Av Bj. K.ser ein at prestebolet i Loba åtte ti laup. Her stod alt då kyrkje på garden, og prestane i Loba budde vel og her. Kyrkja i Loda er og nemnd i Bj. K. Loda sokn er og nemnd i Munkelivboka, og begge er nemnde i dipl. dags. 25.1. 1367. (Sjå Dipl. Norv. XIII s. 24.) Då er øvre tunet i Loda nemnt, så garden alt då var to tun.

Av tiendemanntalet av 1520 ser ein at Lode då hadde seks mann som la tiendepengar. Dei var: Hugligh la 5 lodd sølv i tiendepengar og 3 lodd s. for jordegods, Iwer la 2 1. s., Sijmon la 2 mrk., Lauriss la 4 skill. 3 l. 1. qvintin s., Pædher 3 mrk. og Jacop 3 l.- s. og 2 1. s. for jordegods. Dei same er nemnde i «brevbruds»-manntal av 1.522 og legg då såleis: den første 9 mrk., dei to neste kvar 4 mrk., dei to dinest kvar 5 mk. og den siste 2 mk. i «brevbruds»- pengar.

Tindebuda og Klovsteinen ved Lotunet

I 1563 har Loffuenn 8 mann som legg leiglendingsskatt. Dei er: Jacob, Lauritzs Lauritzssenn og Lauritzs Olsenn, som legg kvar 1 dl., Stener legg 3 ort, Salmund i Louenn og Oluf Olsenn legg kvar 1 dl., Anders (Engelbretson; var lrm. 1-584) legg 1 ort, og Oluf Suendsenn legg 2 l. s. Ingen av dei var jordeigarar.

I leidingsmanntalet 1567 er garden nemnd to stader, venteleg av di han var i to tun. Det eine la 3 gsk. 1 bsk., det andre la 2 gsk. 2 bsk. i leiding. Landskylda då skulle etter det vere ikring 51/2 laup. Må då vere lågt skyldsett.

Landskylda var etter 1609 13 1/2 laup. I 1702 vart avteke 3 laup og i 1734 2 1/2 laup, så han då vart 8 laup. Matrikkelnemnda 1723 ville ta av 1/2 laup, då garden var turr og skrinn, og sildefisket var øydelagt av elvabr6t og grus. I 1702 fann retten at Loen hadde lide «merkelig» skade av svor frå «det forferdelige store fjeld nordenfor gården». Her var all bumarka heilt øydelagd. Slættene og høyløene var og øydelagde; m. a. tok svora ei løe her i 1701, som dei trudde stod trygt. På den andre bøen var og falle ned mykje stein og aur. På sørsida har eit stort svoralaup skada féhagen. Storelva hadde for nokre år sidan br6te seg innover bøen og teke nytt får, og tok då med seg mykje grus og mold, og derved vart og det beste sildekastet ved garden øydelagt. Retten fann garden å vere elendig, marka var lita og lite dugleg til høy. Fisket som var grunn til at garden før var sett i så høg landskyld, var no øydelagt, og difor var brukarane så utarma at den eine etter den andre «har undveget» garden, så bruk jamt og tidt ligg øyde. All denne skaden verdsette retten til 1/3 av skylda, men vågde ikkje å gjere framlegg om høgre avtak enn 3 laup.

Loen la i 1612 84 mk. i butiende. Garden fødde etter det 84 mjølkekyr.

Jordeboka av 1626 seier om Loen det var ein stor og god gard til avling og hadde «ringe (d. e. noko) lunder» til fiske når åra var gode. I 1661 hadde garden to kverner og noko lunnende av småsild om haustane. Kvernene var då inne ved Hagedalen, sidan ved Kleiveledet. No er kvernene inne ved Lofossen; det er no tre kverner: fem bruk av Nigard er saman om ei, fire Oppigard-bruk og Sjurbruket er saman om den andre, og dei andre fire Oppigard-bruka om den tredje.

Etter reformasjonen åtte prestebolet i Innvik 1 ½ laup, avteke til 2 2/3 pd. Prestebolsparten låg opphavleg i eitt bruk, men vart delt i to bruk i 1734 (nr. 1 og 2). Nr. 2 vart løyst i 1844 for 200 spd., nr. 1 i 1873 for 493 spd. Denne parten hadde vel vore prestebolsgods frå mellomalderen av. Resten av garden var i siste part av 16. århundre og til ikring midten av 18. århundre samla på ei hand. Truleg hadde det i mellomalderen vore adelsgods. I 1564 selde Eirik Hardenberg (dansk adelsmann og riksråd, stor jordegodseigar, død 1604) til Torstedlunde på, sine og broren Knut Hardenberg sine vegne m. a. gods også Lodde i Nordfiordt til Hans Pederson til Seem og mora hans. (Arkivar Thomle tek feil når han meiner det er Lote som er meint her.) Det vart sidan strid om salet, m. a. Lodde, etter det var selt. Herredagen i Oslo 1580 dømde i striden 30.6. og gav Hans Pederson rett, og det påkjæra godset vart tildømd han. (N. Domb. II s. 52.)

Sidan kom Lodde i bisp Anders Foss si eige. Han kjøpte garden 1598 av Maren Søfrensdotter for 250 dl. Herav betalte han 60 dl. med det same; resten skulle han svare med ein tredjepart i åra 1599, 1600 og 1601 og dertil ha even-tyret, vågnaden, på garden. Vart ikkje pengane betalt etter semja, skulle garden falle attende til Maren og borna hennar for same pris. Maren sin son, Johans Christenson, kjæra på salet og meinte at det var gjort han urett då mora hadde selt deira arvegods, som han kunne prove med ættlegget sitt var deira fédregods. Han stemnde saka inn for herredagen i Bergen i 1604. Saka vart pådømd den 13.7. For bispen svara versonen Jon Mogenson (Skanke), sokneprest i Innvik. Herredagen dømde handelen om inkje,og bispen skulle få att sine utlagde pengar. (N. Domb. Vll s. 36). Sidan vart «velbyrdige frue» Beate Huitfeldt eigar, men ho selde garden, då = 12 laup, til hr. Jon Lauritsson, sokneprest til Lom (d. f. 1615). Enkja hans, Lisbet Torsteinsdotter, arva Loen etter han og er nemnd som eigar i 1624 (odelsmanntal for Nordfjord i Riksarkivet). Ho gifte seg opp att med fut i Nordfjord Peder Jørgenson, og då vart noko av garden utlagt på stykborna hans (borna åt hr. Jon); resten arva Peder etter henne, og han og stykborna er nemnde som eigarar i 1661. Peder J. budde på garden og brukte frå 1630 5 1. 2 pd., sidan 4 l.; resten brukte versonen Peder Lauritsson. Etter Peder J. var død i 1660-åra, vart futen Jørgen Post, g. m. Peder Jørgenson si stykdotter Sofie Jonsd., eigar av 7 laup 2 pd., versystera Lisbet Jonsd. var eigar (og brukar) av 7 pd., og svogeren deira Peder Lauritsson åtte 7 pd., men brukte berre 4 1/2 pd. I 1680-åra vart borgarmeister i Bergen Hans Munthe eigar av Lisbet sin part (som brukarane løyste i første åra av 1700-årstalet), og Marta Friis (stykd. åt presten i Innvik, Abs. J. Beyer), g. m. Henrik Lyster, prest i Strinda, åtte 2 laup. Jørgen Post sitt bu vart fallittbu, og kruna tok då m. a. hans part av Loen med unnatak av 1 pd., som Povel Povelson i Trondheim var eigar av. Presten Peder Finde kjøpte i 1728 krunegodset, i alt = 7 l. 2 pd. - 5 pd. 3 2/3 mk. avtak, for 4 mrk. 8 skill. pr. mrk. I 1767 løyste brukarane godset (br. nr. 3, 4, 6, 7-, 8, 10, 14 og 15) for 90 rdl. for kvart bruk frå sonen Henrik Pederson Finde, godseigar i Hellevik, Ytre Holmedal. Munthe-parten (nr. 7 (feil skal være 5) og 16) kjøpte løytnant Pfeil i 1698, og han selde att same år til brukarane Jon Olson (nr. 16) og Jakob Rasmusson (nr. 7). Friis-parten (nr. 11 og 13) kjøpte løytnant J. Kr. Diche av presten i Melhus, Kr. Lyster, sonen åt Marta Friis, i 1729. Diche selde nr. 13 i 1735 og 1743 til brukaren Mons Andersson, og nr. 11 i 1743 til Truls Jørgenson Tyva, som vart brukar då. Det eine pund, som Povel Povelson i Trandheim åtte, vart sidan borgar P. Tonning og versonen hans M. P. Klingenberg eigar av. Brukarane løyste det i 1732 (nr. 14).

Loen, som er største garden i Nordfjord, vart tidleg delt i mange bruk. Alt i 1520 hadde garden seks og i 1563 åtte brukarar, som budde i to tun; det var då truleg fire i kvart tun. Alt før 1602 har garden fjorten brukarar, men så tek brukartalet av. I 1615 har han tretten, i 1630-åra ni, i 1667 ti, i 1673 tolv og i 1680-åra tretten att, og med det stod talet til 1734, då prestebolsparten vart delt i to bruk, nr. 1 og 2. I siste tid er det utskilt nokre småpartar. Tolv av dei gamle bruka var jamstore og var 1 l., sidan 2 2/3 pd,, etter 1734 1 1/3 pd. kvart. Dei to prestebolsbruka var 2 1/4 d.,sidan 1 3/4, pd., etter 1734 1 1/3 pd. kvart. I 1630-åra, då garden var ni bruk, var det ymse storleik på dei: Eitt var 5 1. 1/2 pd., tre var 1 ½ l. kvart, eitt var 3 1/2 pd., eitt 1 l., eitt 2 1/2 pd., to 2 pd., eitt ½ l

Loen var bygt i to tun, Oppigard med 8 br. ovafor kyrkja, og Nigard med 6 bruk nedafor kyrkja. Dei 6 var br. nr. 3, 4, 6, 11, 14 og 15. Alle desse 6 bruka hadde før løene sine under ei tekkje, og det såg mest ut som ein reiparbane. Truleg var løa bygd av futen Peder Jørgenson den tid han brukte mesteparten av Nigard i eitt bruk. Alle bruka hadde eigna si om einannan. Det har visst aldri vore noko strengemerke mellom dei to tuna.

Strid og semjer.
Sjølvsagt har det på ein så vidt stor gard tid etter anna vore strid mellom grannane seg imellom eller mellom Loen og grannegardane om samnøyte, bruk og merkeskil.

I 1654 vart det gjort semje mellom Loen og grannegardane Tjugen og Haugen om merkeskil og hamnelende. Semja vart tinglyst att 22.6. 1816.

År 1732 var det åstadssak om merkeskila mellom Loen og Auflem. Semja vart tinglyst att 15.10. 1843.

I 1738 vart det gjort semje mellom brukarane av Loen om åkrane. Ny sak om same og nytt byte vart gjort i dagane 1. til 6. oktober 1751. Desse åkrenamna veit dei å nemne: Åkredalen, Apallhola, Baksteækra, Bakkåkr., Bjørkevollen, Bråvallgjerane, Bråvallteigane, Buksene, Buksebakken, Einnok-teigane, Goteskarteigane, Geilebakken, Næste-Gjerane, Gjerane, Gjerstadsteigane, Hogateigane, Haueledet, Hestesprengen, Klovningen, Klovningshaugen (desse to låg attmed ein gammal gravhaug), Knutsbrekkene, Klæbrekkene, Klævollen, Longeteigane, Loøyrane, Myrane, Naustteigane, Rafsholen, Revholen, Skitnemyrane, Skogagrøvlingen (n. ett. Skogagrova), Stubben, Staupet, Svorateigane, Tverrteigane, Teigane. Teigane låg frå tunet innover dalen; dei var ikring 200 m lange og breie og såleis ikring 40 000 rutealner (ikr. 40 mål) og skulle vere største åkeren i fylket. Kvart bruk hadde her to dagars pløgstr; helvta vart sådd med bygg, resten havre. Kvart år var det ombyte på kornslaget. Kvar ein av dei 14 brukarane hadde sin lut i åkeren. Han var sikkert mange hundre år gammal.

Kornavlen var særs viktig på denne garden før. Lendet var særs godt og her var årvisst. Dei kunne difor år om anna avle meir enn dei nytta, og i gode år selde dei noko lite korn. År etter år brukte dei her som andre stader i Nordfjord same åkrelendet; noko «vekselbruk» trudde dei før ikkje på her. Det var romsleg å pløye på Teigane, og her var det liv om våren når alle 14 huslydane dreiv på med pløgstren. Men det var ikkje alle stader det var så romsleg. Somme åkrar var så smale at 8 luteigarar måtte pløye «over», d.v.s. dei pløyde over alle lutane kvar si f6r etter tur. Det var eit underleg syn å sjå 8 ploghestar, den eine etter den andre, for kvar sin plog, på ein etter måten liten åker. På ein annan åker, Buksene, pløyde 6 brukarar - 3 av Nigard og 3 av Oppigard - «over».

År 1734 var det åstadsgransking av den skade garden hadde lide.

I 1772 vart merkeskila mot grannegarden Auflem pådømde att.

I 1784 vart det gjort semje mellom brukarane om setrehamna og setra. Dei hadde då seter på nordsida av dalen. No nyttar dei setrehamn berre på sørsida. Men det står setrehus på nordsida enno.

Ny semje om hamnegangen er tinglyst 20.4. 1860. År 1704 klaga brukarane til «stiftet» over at dei alle saman måtte svare 12 mils «fløtning» til jorddrotten, studiosus Henrik Lyster, endå han åtte berre ein mindre part av garden.

Lo-bukta har frå gammal tid av vore ein god kasteplass. I 1727 fredlyste dei bruka for sildekasting av andre. Fredlysinga er tinglyst 27.5. d. år.

Utskiftning av garden si innmark vart ferdig i 1897. Fem brukarar flytte ut.

Gamlelønden (Rasmus J. Loen)

Helje Loen

I 1738 var det - som før nemnt - åstadssak om åkre- og engbytet. Brukarane vart då samde såleis: Hans Hansson (nr. 3) la ifrå seg ein part i Buksedalen til Jakob Olson (nr. 10) imot ei kvie attmed hagen sin utan påkjæring. Ant. Arneson (nr. 14) fekk eit åkrestykke tett attmed til hage. Rasmus Olson (nr. 6) la og ifrå seg eit stykke av Vollåkeren til Jakob Olson (nr. 10). I Øyrane fekk dei 6 laupane (Oppigard) og prestebolsgodset (= 1 ½ I.) kvar sin part. Dei brukarane dette galdt var: Løytnant Diche, nr. 11, Anton, nr. 14, Jon Steffenson, nr. 4, G. Ola Jonson, nr. 5, Mons Andersson, nr. 13, Simon Jakobson, nr .2, og Byrge Abrahamson, nr. 1. Rasmus Olson, nr. 6, la ifrå seg eit åkrestykke i Tjuvekoståkeren = 3 alner breitt og eit engstykke på Vollane til Hallkjell Olson, nr. 8, og Samuel, nr. 15, la ifrå seg eit stykke av Buksebakken til Jakob Olson, nr. 10. Med denne semja var alle velnøgde.

To gonger har Loen brunne. I 1650 brann det eine tunet, og sju brukarar vart då fri skatt i tre år. Det var Oppigardstunet som då gjekk til. Venteleg flytte dei, då dei bygde att, noko lenger opp. I 1714, natt til 14. desember, brann fire hus med innbu og klede på br. nr. 11. Ola Torson Raudi, som låg her den natta, brann inne.

Palmesøndag 1796 hende det ein sørgjeleg tilburd inn for Tyvaneset. Åtte mann (Berent S. Strand, Ola 0. Gytri, An ders K. Rustøynar, Anton S. Oldøyra, Anders R. Abrekke, Ola R. Åbrekke, Ivar J. Høgalmane og Anders A. Nesdal), som rodde i ein færingsbåt i maksver frå Loen til Olden, kom bort og vart ikkje funne att. To av dei var gifte.

Det går segn om at Loen ei tid var futegard. Segna tek feil i det. Men her hadde Peder Jørgenson, som var fut i Nordfjord i 1620-30-åra privatbustaden sin frå ikring 1630. Kona hans åtte, som før meldt, mest heile garden, og dei brukte ei tid 5 2/2 l., sidan 4 l. Truleg brukte dei saman med versonen deira, Peder Lauritsson, heile Nigard. Sidan budde versonen deira, futen Jørgen Post, også her, og brukte 4 pd. i Loen og ein part av Tjugen, som han åtte. På Arnebruket, nr. 14, var det under den gamle stova ein kjellar som dei kalla futekjellaren. I muren var det små rom (nisjar), og dei fann tre golv i kjellaren, det eine ovapå det andre.

Når kjerringar slæst. To Lo-kjerringar, Dorte Pedersd. og Brite Rasmusd. Loen, vart 3. februar 1699 stemnde og tiltala for retten for skjensmål og uvenskap. Dorte var klagar, men Brite kom med motklage. Dorte skulda Brite for å ha kalla seg ei «tolvmannshore». To mann kunne prove det med eiden sin. Brite skulda Dorte og mannen hennar for å ha rive henne i håret og knuga henne for brystet, men hadde ikkje prov for det. Dorte gjorde såvora utgreiing: Ho gjekk etter ved for å nøre opp i omnen. Då kom Brite og ville stogge henne. Ho tok seg då føre med handa, men då beit Brite henne. Då kom Dorte sin mann ut og la Brite over ende i vedakosten deira, og køyrde si eiga kone inn i stova att, og ho elda i omnen. Så kom Brite inn og reiv eldinga fram over golvet. Då Dorte så ville sanke brannane opp frå golvet, klorte Brite henne.

Start

Loøyra

Loøyra var opphavleg sameigneplass under Loen, men vart løyst og skyldsett i 1884 og utskift i 1897. Her var i 1700-årstalet eksisplass, der Strype-kompaniet hadde øvingsstaden sin. I den tid budde det offiserar på Loøyra. Vi høyrer om desse:

Johan Kr. Diche. Han var f. 1675 i Saksen, Tyskland, var 4 år i soldat-teneste som musketer ved Fotgarden i Brabant, flakka så vide omkring som underoffiser; var m. a. i Italia, Ungarn, Pommern, vart så underløytnant ved Sjællandske regiment og i 1718 pr.løytn. ved Strynske komp. Han b. 1725 husegrunn her, 50 X 50 al. for 1/2 rdl. årleg bygsl. K.: Ingeborg de Bloque, d. 1744. Både Diche og frua døde og vart gravlagde i Loen. Tre søner er kjende:
1. Joh. Lyder D., f. i Hollstein i 1715, vart r.løytn. etter faren i 1738 ved Strynske komp.
2. Frants Bloque D., f. i Loen ikring 1722.
3. Hans Peter D., f. i Loen i 1725, vart korporal i 1743, avskil 1749.
Ved arvebyte etter mora arva kvar av dei tre sønene 47 rdl.

Løytn. Kristofer Steen budde her frå 1745. D. år sk. på huset til Diche med 2 kakkelomnar, ei borgestove, 2 fjøs og eit lite naust.

Johan Kristofer Kr. Ravn. Han var f. i Lårdal, Telemark, 1699, vart i 1718 korporal i Aurl. komp., der frenden hans, J. G. Meidel, var sjef, i 1738 offiser, i 1749 pr.løytn. ved Strynske komp., kaptein ved same 1762, men ikkje sjef, avskil i 1722, d. og gravlagd i Lokyrkja 87 år g. 1786. K.: 1. Thale Helene Køpke. d. f. 1751. 2. Anne Sofie å Mønnichen, d. og gravlagd i Lokyrkja 85 år g. 1794. Av deira ti born døde mange i ung alder. Av dei som vartvaksne kan nemnast:
Gerh. Kr. Ravn, major i 2dre Bergenh. regiment, budde i Tysnes.
Peter Andr. R., prest i Haram.
Hans Henr.R., kaptein i 2dre Bergenh. regiment, i 3 år sek.løytn. ved Strynekomp.
Jens Kr. R., tollbetjent i Hurum.
Thale Helene R. var den einaste av borna som var fødd i Loen. Ho var f. 1752, d. 58 år g. 1817. Ho vart g. m. Torgilds Guttormsen Oppheim. Dei budde på Loøyra. Frå henne har Thale-namnet i Nordfjord opphavet sitt. Mange eignalutar som ho arva etter foreldra sine, har vore i ætta hennar på Loøyra til siste tid.

Det lever enno ymse segner om offiserane på Loøyra og om kalasa der i den tid. I eit drikkelag vart det av ein ung løytnant gjort veddemål om høgstnattes å hente Bibelen frå altaret i Lo-kyrkja. Då han kom ut av kyrkja, ville han bykse over kyrkje-gardsgjerdet, som var skigard. Då gjekk det så uheppe til at han fekk ein staur i livet og kom såleis vådeleg av dage. I dette høvet skulle steinkorset frå Korsvika verte flytt og sett på grava til den unge løytnanten.

Start

71 Tjugen

(Th)yfin er vel den gammalnorske forma på namnet, men er i mellomalderen skrive på ymse måtar: (Th)yfin, (Th)yuin,(Th)fwin, Thyffwen, Tyfin. Frå 1600 vert skrive Tiuffuen, Thiffueenn, Tiufven, Tjugen. Bygdefolket seier Tyva. Første parten av namnet kjem vel av (th)ufr: tuve, siste parten av vin, hamnemark, gard. Namnet skulle då tyde den tuete mark, gard. Same namn er vel Tyve i Oppdal.

Tjugen er sikkert ein gammal gard. Han er nemnd i Bj. K. Til prestebolet i Loda låg då m. a. gods også gods i (Th)yfin, (ein) sketting og (ein) m.m.b. Av Munkelivboka ser ein at Munkeliv i 1427 åtte VII m.m.b. i (Th)yfwin, i 1463 IIII kringler bast i Thyffwen og ikring 1490 XIIII m.m.b. i Tyfin. Han er og nemnd i dipl. dagsett 1340. (Dipl. Norv. IX s. 136.) Då var det VIII m.m.b. avfall i (Th)yuin. Garden er ikkje nemnd i tiendepengemanntalet 1519 eller «brevbrudsmanntalet» 1522. I 1563 legg Karll p. Tyffuenn 2 1. s. i skatt. I 1567 svarar Tiuffuenn 1 gsk. 1 bsk. i leiding og er då ikring 1 1/2 1. landskyld.

Landskylda er i 1626 førd opp med 2 1/2 1; i 1654 vart pålagt 9 mk. I 1667 vert skylda sett til 2 1. 9 mk., men i 1683 avteken 1 1/8 pd. sm., og i 1702 nedsett til 4 pd. Matrikkelnemnda i 1723 seier at garden då til ymse tider hadde lide skade av elvabrot, men fann likevel ikkje grunn til å ta av skylda, Garden hadde «god avl» i 1626. I 1661 har han to kverner. Svara i 1612 15 mk. sm. butiende.

Tjugen var Munkelivgods frå mellomalderen av. I 1660 åra vart futen Jørgen Post eigar. Kona hans, Sofie Jonsd., åtte i 1666 3 1. i Loen og heile Tjugen og Haugen. Jørgen brukte ei tid heile garden. Då han fallerte, tok kruna garden, men selde att til presten P. H. Finde i 1728 på auksjon for 4 ort pr. mrk. Sidan kom garden under sonesonen, presten Claus Finde. Brukarane løyste bruka i 1722-23.

Opphavleg var garden eitt bruk, men vart delt i to jamstore bruk før 1602. I 1660-80-åra låg begge bruka saman, og Jørgen Post (og seinare enkja hans, Sofie Jonsd.) brukte då heile garden.

Garden har til ymse tider lide skade av Hagedøla. Ein gong braut ho ned over garden, og det gjekk mykje på skade. To jenter gjekk då til. Dette skulle vere gjort av hemn av ein som hadde fria til den eine og fått avslag. Han gjekk då over garden med kviksølv, seier segna.

Av avtaksverket frå 1702 ser vi at garden hadde lide stor skade både på åker, eng og utmark av fonn~ og svoralaup. Særleg leid garden stor skade «for nogle år siden» (i 1693) då åkrane vart mest øydelagde av elva frå fjellet (Hagedøla). Dessutan hadde Storelva gjort skade på féhamna. Dei hadde difor lagt inn bøgarden noko.

År 1718, 13. juli, gjorde ei stor steinsvor mykje skade på garden; m. a. vart kvernhusa uttekne. Åstadsretten granska skaden 10.8. s. år og kom til at svora hadde øydela, tre kufor, men fann det ikkje naudturvande at garden fekk avtak. Brukarane kunne heller få nokre års skattenedsetjing.

I 1722 gjorde elvane ymse skade på garden den 3.8.

År 1834 vart gjort semje mellom Tjugen og grannegardane Haugen og Sande om fébeite og merkeskil, tingl. 1864. Året etter vart utmarka skift mellom Tjugen og Haugen, og i 1917 vart innmarka utskift.

Under Tjugen låg før ein plass, «Vebjørnplassen», som hadde namnet sitt etter Vebjørn Olson Hamarsbø frå Valdres, som bygsla plass her i 1799. Han var ein dugande målar og for ikring på bygdene og måla kister, skrin, ølbollar, glas o.y.a. K.: Johanne Olsd. Dokset. Av borna deira kan nemnast Knut, «Målar-Knut», som bygsla plassen etter faren, og Anne g. m. lærar og kyrkjesongar Ola 0. Ytreeide i Stryn.

I 1600-årstalet var det ymse usemje mellom Tjugen og Haugen på eine og Loen på andre sida om merkeskil, skogabruk og féhamne. År 1654 vart det halde åstadsrett, og då vart partane samde. Etter å ha teke oversyn over dei då påviste tre merkesteinane, drog åstadsretten ned til Tjugen for å døme mellom partane. Det synte seg skilgreitt at Tjugen og Haugen hadde lide mykje skade av Lo-mennene. Likevel vart partane samde såleis at frå dei merkesteinane som stod i ein hammar og viste rett opp i det øvste av fjellet «ved det himmelblik, som bemeldt er», og som den tredje merkesteinen skulle setjast etter, skulle Lo-mennene etter denne tid ikkje ha noko å gjere korkje med slætter eller skogahogst innafor desse merkesteinane, og Tjugen og Haugen hadde ingenting å gjere utafor dei nemnde steinane.

Med omsyn til seter hadde Tjugen og Haugen gjeve Peder Jørgenson i Loen løyve til å ha sine anmark-krøter om sommaren saman med dei i Fossdalen, eller to andre av Lobrukarane i hans stad, men dei skulle drive krøtera frå setra og dit opp på same tidsbel som Tjugen og Haugen gjorde, og ikkje gjere dei skade på åker og eng. Det skulle stå Tjugen og Haugen fritt føre å gjere merkesgard frå dei nemnde merkesteinane og opp i høgste fjellet, men dette skulle ikkje meinka Peder Jørgenson i si seterdrift. Dei som braut semja, skulle svare 10 rdl. til kongen og 1 st. mjøl til dei fattige. At partane såleis vart samde, vedkjende dei seg med handfestin.- og namna sine.

Enno er det segn om «Suffi», og namnet hennar har dei minne om i Suffi-hesjane. M. a. seier segna at Suffi sat på ein stein inn og ovafor husa og såg etter folka sine i ein kikert når dei var i marka og slo høy. Var dei ikkje hæve å arbeide, fekk dei skjenn når dei kom heim.

Start

72. Haugen.

Haugen er ein nyare gard, nemnd første gong under namnet «Eighou» i tiendemanntalet 1606. Anders Eighou legg då 6 mk. sm. i butiende, men svarar ikkje leiglendingsskatt før ikring 1620. Han var rudbolsmann til garden.

Segna seier at Haugen opphavleg var buhage til Tjugen, men vart rudd av ein mann som skulle vere av skotsk ætt og budde i ei hol eik før han fekk opp hus. Difor fekk garden namnet «Eighou». Han skulle og kome i mykje strid både med fut og skrivar, og valda at dei begge vart avsette. Om det er noko i denne segna, er vandt å seie. Striden galdt eigedomsretten til garden. Odelssøksmålet hans vart avvist, men så gjorde han påstand om ruddbolsrett til garden, og i det gav retten han medhald, seier segna.

Garden er sjølvsagt oppteken frå Tjugen. Dei to namna Karl og Sander (= Aleksander), som ein finn på Tjugen ikring 1600, er skotske namn og kan tyde på at det er roko i segna.

Landskylda var i 1626 21/I pd.; garden var då ring til avl. I 1654 vart skylda avteken pd., men i 1673 p pålagt 6 mk. att. I 1723 ville matrikkelnemnda ta av 12 mk. att av di garden hadde lide stor skade i 1718, men skylda vart ståande med 2 pd. til 19. århundre.

Garden var Munkelivgods likeins som hovudbolet Tjugen, men vart kjøpt i 1660-åra av futen Jørgen Post. Garden kom sidan under kruna, og i 1728 under P. H. Finde. I 1819 løyste brukaren garden for 310 spd. frå Cl. Finde sin arving N. Leganger.

Garden har alle tider vore berre eitt bruk, og den same ætta har vore på garden ikring 300 år.

I 1718 gjorde steinsvor ymse skade på garden. Ved oversyn av retten 10.8. s. år vert det sagt at steinskred, som saman med vassfløde gjekk ned over garden sin beste bø og eng såleis at der det før var turr mark, vart det då ei stor rennande elv, og stein, grus og sand har såleis vorte grytt utover og øydelagt beste enga til 4 kufor, og aldri nokon sinne kan ho dyrkast att. Om lag tredjeparten av garden sin høyavl var øydelagd. Åker til om lag 11/4 t.havresåd vart og øydelagd. Skjønsretten fann det naudturvande at garden fekk eit rimeleg avtak.

Semja 1834 med grannegardane om merkeskil og fébeite. År 1845 vart det gjort semje mellom Haugen og gardane inne i Lodalen om hestebeite på Vassenden.

Vassenden var ålmenning. Her hadde Lodalsgardane hestebeiterett og båtstød frå mellomalderen av. Om det strid i 1847. Dom i striden avsagd då og tingl. i 1878. Hestebeitet utskift og skyldsett i 1884.

Her har butt husmenn heilt frå første helvta av 1600-årstalet.

Start

73. Sande.

Opphavleg form var Sandr, i dativ Sande, som har fest seg som namn i notida. Garden ligg ved ei sandfjære på nordsida av Lovatnet. Garden er gammal.

Av Bj. K. ser vi at 1/9 laup i Sande låg til prestebolet på Eide (Nedstryn), 2 tveitars leige låg til prestebolet i Alda og var gjevne av Simon Hallsteinson for årtidehald; 2 tveitar og 6 laup låg til prestebolet i Loda.

Garden er og nemnd i dipl. av 1340, som melder at det då var 3 m.m.b. avfall i Sande.

Sande låg truleg øyde i siste parten av mellomalderen. Garden er ikkje nemnd i 1520-åra. I 1563 legg Siffuord på Sande 2 1. s. i leilendingsskatt. I 1567 er garden heller ikkje nemnd. Sjurd Sande var lagrettemann i 1588. Han er vel den same som Siffuord, n. i 1563.

Landskylda var i 1626 4 pd. sm. 1 sau. Då brukaren Oluf Rasmusson fann ho for høg, søkte han til lensherren Ove Bielke om å få landskylda nedsett. Lensherren påla skrivaren å granske saka. Den 11.6. 1651 var skrivar Ivar Ancherson med 6 lagrettemenn på garden, granska garden sine lunnende og dømde at landskylda skulle avtakast 1 pd. 1 sau, då ho var for høg. I 1683 vart avteke 1 sau 6 mk. = 1 pd. til av di garden hadde lide ymse skade, men i 1723 ville nemnda leggje på 6 mk. Sidan kom skylda opp i 3 pd. 9 mk.

Garden hadde i 1626 "ringe" avling.

Innvik prestebol åtte mesteparten av garden, før 1651 1 laup 1 sau, sidan 1 laup, og enda seinare 2 pd. 9 mk. Resten var kyrkjegods. Av dette åtte Olde-kyrkja 12 mk. i nr. 3 og Lo-kyrkja 12 mk. i nr. 1. Br. nr. 3 vart løyst i 1860 for 450 spd., nr. 1 i 1850 for 300 spd.

Sande var eitt bruk til 1750, vart då kløyvt i to jamstore bruk. I siste mannsalder er det utskilt 2 småbruk, Osneset og Asen, frå dei gamle bruka.

Utskiftning av innmarka og utmarka i 1882.

Start

74. Helset.

Namnet av hellir, hiller, og setr, bustad, gard. Namnet skulle då tyde: garden under berghellene, og det er særs høveleg. Namnet er i 14. århundre skrive "i Hellissetre" (dat.), i 15. århundre Hellesetter, Hællisæter, i 17. århundre Heldesetter, Jeldesetter(!).

Av Bj. K. ser vi at 21/2 laup i Hellisetre låg til prestebolet i Loda, og dipl. av 1340 melder at der da var 4 m.m.b. og to tveitars leige avfall i Hellisettre. Av dipl. dags. 1.7. 1401 ser vi at Ellend på Setin m. a. gods også åtte gods i Hellesetter. Truleg var det same godset som Ulvhild Jonsd. åtte i 1469. (Dipl. Norv. XIII s. 44 og 102.)

Då vi så ikkje høyrer noko om Helset før i 1603, må vel garden ha lege øyde ei lang tid. Landskylda var i 1626 og sidan 1 l., men vart i 1673 avteke 1/2 pd. Matrikkelnemnda fann i 1723 at Helset låg farleg til for fonn, men skylda let dei stå ubrigda. I 1756-58, etter den store skaden, vart det avteke helvta av skylda.

Garden var bondegods og var eitt bruk til ikring 1608. Vart då delt i to bruk mellom to brør, det eine = 2/3, det andre 1/3 av garden. Dei gjekk i 1650-åra saman att, og garden var då eitt bruk til 1810, då han vart kløyvt att i to like bruk, som i 1890-åra gjekk saman att.

Ætta som sit på garden kan ein fylgje attende til 1602. Ti brukarar har hatt namnet Rasmus.

Garden ligg uvanleg farleg til under Helsetnibba, ei høg fjellnibbe på nordsida av Lodalsvatnet, der skred jamleg går. Største ulukka hende i 1755, den 5. februar, då garden vart øydelagd. Tolv hus med innbu vart bortsopt. 11 menneske og 30 krøter vart ihelslegne. Mannen var på fiske ut med havet. Han kom heim fem dagar etter, og gjekk såleis fri. Der husa stod då, kallar dei no Tuftene. Garden vart oppattbygd ute i Neset vestafor. Sidan flytte dei husa inn att på Tuftene. Nystova som no står, har vore flytt to gonger. Skaden vart granska 18.5. 1756 og 15.9. 1758, og skylda vart nedsett til helvta mot før.

Semje 1854 mellom Helset og grannegardane om fébeite. Etter kong. res. av 19.8. 1884 fekk garden eit avtak i skylda på 16 skill., rev. 14 skill. for all tid.

Start

75. Hogrenning.

Den gammalnorske nominativforma var vel Hugrennir. Namnet er i mellomalderen skrive "i Hughrene", Hugrenne, Haugrennij, Hogrenne, Hugrenni. Kva det tyder er vandt å seie visst. Det kjem kan hende av ordet hugrenna, "det renn i hugen" (hugskot).

Av Bj. K. ser vi at prestebolet i Alda åtte to tveitars leige i Hughrenni, prestebolet i Loda åtte sju tveiti og Lo-kyrkja en tveiti, som ei kvinne, Sigrid, gav. Elles er Hogrenning nemnd i dei same dipl. som Helset. I 1340 er det 3 m.m.b. avfall i Hugrenne, i 1401 åtte Ellend Setin og sonen Jon m.a. gods 6 m.m.b. i Hugrenni. I 1469 åtte Ulvhild Jonsd. m.a. gods 9 m.m.b. i Hogrenne. Garden er ikkje nemnd i 1520-åra. I 1563 legg Erich på Hugrendinge 1 dl. i skatt.

Landskylda var i 1626 den same som i 1667 = 1 ½ l. I 1670-åra vart avteke l/4 pd. sm. av skattesk. og i 1749 1 pd. til, så han sidan var berre 2 1/4 pd. til 19. århundre. I 1723 hadde garden lide skade av elvabr6t og snøfonn, men nemnda let den gamle skylda stå.

I 1626 var avlinga "ringe", og garden låg "under fieldskreed". Brukarane hadde "ringe formue", og det var mange luteigarar om garden. Hadde kvern i 1661. Heile garden var bondeodel og brukarane si eign. 13 mk. vart pantsett i 1670 åra til borgar P. R. Tonning, men løyst att i 1690-åra.

Garden var eitt bruk til 1614, men vart då kløyvt i to bruk, det eine = 1 1., det andre = 1/2 1. Ikring 1660 vart laupsbruket kløyvt i to, så garden då var tre jamstore bruk, men frå 1694 vart han to bruk att, og dei var jamstore. Enno er det segn om dei tre bruka. Skogen til det tredje bruket var sameign etter at bruket var gått saman med dei andre att, men er no bytt mellom dei to bruka. I 1726 var det åstadssak her, og då gjorde dei to brukarane omkast i bruka.

Garden ligg særs farleg til for steinsprang, men har likevel ikkje lide skade av det så vidt dei no veit å seie av. I 1688 slo fonnvinden ned to stabbur og eit fjøs, men korkje folk eller fé fekk skade.

I 1884 den 19.8 fekk bruk nr. 2 avteke 15 skill. (= 12 skill. rev.) av skylda.

Skilsdom mellom Hogrenning og Raudi i 1881. Semje 1892 mellom Hogrenning og Ytre Nesdal om beite på sørsida av vatnet

Start

76. Raudi.

Namnet var vel opphavleg nytta i forma Raudin av raudr, raud lit, og vin. Etter namnet å døme skulle garden vere eldgammal, enda så lite tiltøkleg her var å bu under det tverrbratte f1ogfjellet, der det tidt har gått steinsvor og snøskred som har øydelagt garden ymse gonger. (Raudi er sikkert oppteken frå Bødal. Bødal eig skogteigar utafor Raudi i Stranda.) Då garden ikkje er nemnd i mellomalderskjelder, må han då ha lege øyde. Han er nemnd i 1603 og 1608, men i 1614 er han brukt saman med eit bruk i Bødal, venteleg av di han då hadde lide skade, så dei fann det vågeleg å bu her.

Landskylda var 1 pd. sm., men vart i 1745 nedsett til det halve.

Raudi var bondeodel og brukarane si eign til dess garden i 1670-åra kom i P. R. Tonning si eige. I 1720 løyste brukaren Jens Paulson garden frå borgar P. P. Tonning. Sidan har garden vore brukarane sin eigedom, men var ei tid pantsett til Anders E. Bødal.

I det 19. århundre vågde brukarane seg til å bu på garden, då det lenge ikkje hadde gått skred, men dei fekk ei grøteleg røynsle av at garden ikkje var farefri.

Den 2. mars 1885 gjekk ei ovstor steinskrede over garden. Kvitehammaren brast då ut og for nedover garden med brak som av toredøn. Ein ovstor stein sprang over stova, men ho vart likevel sundslegen av steinspruten, og eit par menneske fekk skade. Gamlekona Synnøve vart svimeslegen og døde eit par timar etter. Ein 10 år gammal gut (Sivert, no i Am.) fekk avslege eine lårbeinet sitt. To jenter som låg i fjøset var underleg nok uskadde, endå 8 kyr og 50 smalar vart ihelslegne, og store steinblokker låg strødde utover fjøstufta. Mykje av åker og bø fekk og skade, så, skylda vart nedsett til det halve. Ein ovstor stein la seg like nedafor tunet, og romet under han er no nytta til løe og geitefjøs. Steinen som var ikring 17-18 m lang, 8 m høg, låg før ovafor husa og gav dei livd imot skred. Han vart no kløyvd og fura ein 3 m nedover, skjekte stova og slo ned løa. Dei hadde alltid trygt seg til "Storesteinen", men han vart då deira våde.

Sidan har brukarane vore busett i Bødal, der ein part i lange tider har lege under Raudi.

Ikring 1612 la Raudi-mannen 11/8 m. k. og 12 mk. sm. i tiende. Etter det var det ringt med kornavlen, men fodnaden var ikring 12 mjølkekyr.

At Raudi er eldgammal, fann dei eit godt prov for då dei bygde ny løe der i 1869. Dei fann då kol og svart mold 4 alner djupt i grunnen. Det såg ut for at skred i gammal tid hadde gått over kol- og moldlaget.

På Raudi var det og ein plass. Husa stod saman med dei andre gardshusa utafor og vart øydelagde i 1885.

År 1745 var det avtak på Raudi, då garden i lenger tid, men særleg i 1743, hadde lide uboteleg skade, "ruin og fordærfuelse". Retten sette avtaket til 1/2 pd., d. e. helvta av den gamle skylda = 1 pd. Etter den gamle matrikkelen (frå 1667) fødde garden 6 naut og sådde ½ t. korn.

Raudi-åkrane i Bødal låg ut og ovafor der husa til Raudibr. i Bødal låg.

Om brukarane sjå under Bødal.

*************************************
Start

77 Bødal

Lodalsulukka 1905
Lodalsulukka 1936.

Namneformene Bær: gard, eller Myklabær (Myklabø): den store garden, vert bruka jamsides i mellomalderen. Sistnemnde forma er brukt ned til midten av 16. århundre. Frå 17. århundre av vert namnet skrive og sagt Bødal. Dei nyare matriklane har Bødalen. Den gamle forma Myklabø burde verte brukt att, då ho er særs høveleg. Bødal er vel opphavleg namn på dalen som går frå garden inn under breen.

Garden er sikkert ein av dei eldste i sokna. Gravfunn kjenner ein lite av. I ein gravhaug, Brøhaugen, f ann dei ymse frå eldre jarnalder: eit spyd, perler, beksel, handkvern, sverd o.a. Garden er nemnd i ymse mellomalderskjelder.

Bj. K. seier at prestebolet i Loda då åtte ymse gods i Bø: i Gerdisjordu 1 laup, i Kleppaluta ½ l., i Karildarluta ½ l., i Breidzjordu 2 tveitar; Alda prestebol åtte 1 m.m.b. i Bakkatun, som Olaf Breidr hadde gjeve; dessutan åtte same prb. tvau tveites leige i Bø.

Her er eit av dei få høve der ein får vite noko om einskilde bruk i mellomalderen. Då det er så mange einskilde bruk her i den tid, har vel garden vore større og betre enn i notida. Fanatunum er dat. fl. av Fanatunir. Første parten av ukjent opphav. Andre parten fl. av tun. Bakkatuni, av bakke og tun, her i dat. eintal. Kleppaluta og Karildarluta er begge samansett med luti (hluti) avbrøytingsform av lutr (hlutr): lut, lot, part. Kleppa er gen. flt. av kleppr, fjellknatt; Karildar, gen. av kvinnenamnet Karhildr.

Til lysingar ved «krossenum i stoplenom» (var kan hende korset i Korsvika, no på Lo- kyrkjegarden) låg det då 1/2 1. og 1 m.m.b. i Bø. Dipl. av 1340 seier at det var 18 m.m.b. avfall i Bø. Av dipl. dags. 1.2. 1360 ser ein at Einar Hugleikson då selde til Isak Helgeson 8 m.m.b. i Fanatunum i Bø på Gardudall og gjev han skøyte på same. (Dipl. Norv. XIII s. 19.) Dipl. dags. 25.1. 1367 melder at Sigurd Isakson (var vel son til førnemnde Isak) og kona Ragnhild makebytte 3 1/2 m.m.b. i Winzrygg i inste tunet i Breidemnis skpr., 1/2 m.m.b. i Helgeimi på Jolmster i Sunnfjordum og dertil 3 merker forngilde i fé og korn med Øystein Simonson på vegne av dottera hans, Gurid Øysteinsd., imot 18 m.m.b. jord i Midtunum i Myklabø på Gardudall i Loda k. s. Dette godset hadde Øystein fått i heimafølgje med kona si, Sigrid, dotter åt Erlend Jonson (Nesdal). Vitne på makebytet var Isak Helgeson, Erlend Jonson, Einar Hugleikson og Arnfinn Bårdson. Makebytet gjekk føre se- i «Loda» i øvre tunet ovafor kyrkja.

Tiendepengemanntalet frå 1519 nemner at Arne i Bøø legg 2 ½ l. s. 1 mrk., og Kolbein legg 3 1. s. og 1 1. s. for jordegods. Dei same menn er nemnde i «brevbrud»s-manntalet 1522, og legg då 5 og 8 mrk.

I 1546 selde Knut Olson 4 pd. i Bø «i I.- og Ytre-Nesdal», som kona hans, Birgitte Mogensd., åtte, til broren hennar, Siur Mogenson Bødal. I 1575 kjæra Knut og Birgitte sine søner, Anders, Rasmus og Oluff Ullffuestadt i Watne s. Sm. på salet, og kjøpesummen vart då auka med 10 1/2 dl. Endå ein gong anka dei på handelen; det var i 1590-åra. Av Sjurd. Mogenson sine arvingar, Lasse i Indre-Neszdal, Mogens i Bødal, Amund same stad, Peder på Brecke, Siurd i Bødal, alle søner av Sjurd, fekk dei då av kvar 9 dl. og av Sigrid p. Myklebostadt og Rannei p. Flytred (Breim) 8 dl. Dertil hadde dei før fått betaling med Elling i Ytre-Neszdal, men kor mykje vert ikkje nemnt. Det vart så oppsett skøyte, underskriven av Rasmus Setin, Huglik i Loen, Peder og Salve same stad. (Dipl. Norv. XIII s. 771.)

I 1555 var det og strid om dette godset. Av dom, dømd 20.6. d. år av lagm. Mats Størszenn i Bergen, ser vi at det hadde vore strid mellom Sjurd p. «Møchelbøe» og Steinar p. Holle, Laurits p. Mollestadt (Breim) og Bodvard p. Afflin om 8 m.m.b. i Møchelbøe, som dei i langsameleg tid hadde «forholdt» Sjurd; men som han då med brev og bevis prova sin rett til og som då vart han tildømd. (Dipl. Norv. XIII s. 799.)

I 1563 legg Kolbjørnn i Bø 2 1. s. i leiglendingsskatt og 1 dl. i skatt for jordegods, Jonn same stad 1 dl. og Hagenn i Bøgårdt 1 dl. I leidingsmanntalet 1567 er Bø nemnd på to stader. Truleg var garden då to partar med kvar sitt tun og skilde ved strengemerke. Gammal segn stadfester dette. Merkelina skulle gå såleis: Frå ei stor helle ved Lassenauste (no bortskola) til ein stor stein i Knutstovemuren på nord sida (no bortriven), derifrå til ein høg, kvass stein, Fonna, i Fonnåkeren, som vart avslegen ein gong under pløgstren. Bø svarar då på eine staden 2 gsk. 1 bsk. og på andre staden 3 bsk. i leiding. Landskylda var då om lag 5 laup sm.

I 1584 var det åstadssak på garden, og då vart skylda sett ned til 7 laup. Kor stor ho var før, vert ikkje sagt.

Landskylda var i 1626 6 1. 1 3/4 pd. sm. I 1654 vart avteke 6 mk. og i 1664 1 laup av di garden hadde lide skade av fjellskred og elvabråt, og i 1702 1 1/2 laup. I 1723 seier matrikkelnemnda at garden hadde lide skade av elvabrot på slåttemarka både inna- og utagjerds, men ho let skylda stå med avtaket i 1702. I 1772 vart det avteke 1 pd. av di garden hadde lide skade på beitet i setremarka og på vårbeitet og slættene i Tjønndalen.

Både til skyld, fodnad og avling var garden mykje betre i 17. enn i 18. århundre. I 1626 var garden «stor og god» til avling, men det var mange luteigarar om han. Av dei ti brukarane var ein, Lasse Åmundson, «temmelig formuende»; dei andre hadde «ringe formue».

Størsteparten av Bødal var bondegods. I 1584 åtte Lasse Sjurdson i Nesdal og brørne hans (sjå ovafor) 4 1. 1/2 pd., Oluf Maud(?) og medeigarar 1 ½ 1 laup, Bodvard på Åvlein og medeigarar 1 1. og Oppstryn-kyrkja og Olde-kyrkja åtte 1 pd. saman. I 1626 var kyrkjegodset 1 pd. 2 mk.; resten var delt mellom 9-10 brukarar. I 1680-åra åtte P. R. Tonning 15 mk., den same parten som sidan kom under Raudimannen. Han vart og eigar av 1 pd. som i 1666 låg under V. Broderson, borgar i Bergen. Kyrkjeparten låg opphavleg i eitt bruk, men vart i siste parten av 17. århundre bytt mellom fleire bruk. Oppstryn-kyrkjegodset låg i nr. 1 med 6 mk., i nr. 2 og 3 med 3 mk. i kvart; Olde-kyrkjegodset låg i nr. 1 med 3 mk., i nr. 2, 5 og 6 med 1 1/2 mk. i kvart, og i nr. 3 med 4 1/2 mk. = i alt 12 mk. Olde-kyrkjegodset vart løyst i 1861 for til saman 124 spd.

Myklebø vart tidleg bytt i mange einskilde bruk, som vi får vite namn på av gamle mellomalderskjelder. Dei nemner Gerdisjord, Kleppalut, Karildarlut, Breidsjord, Bakkatun, Fantun og Midtun. Alle desse bruka, som truleg då låg i kvar sitt einskilde tun, er nemnde i første bolken av 14. år- hundre. Av desse namna er det no att berre eitt, Gerdisjord, som truleg er det same som Gerdstun no. Kleppalut trur dei er det bruket som Lasse no har, nr. 6. Her synte tufter føre utskiftninga. Etter segna hadde dei geitene sine i Storelia, ræste dei gjennom eit hål i fjellet. Der slo dei mykje høy som dei firde ned til vatnet. Om Kariåkeren har høyrt til Karildarlut er vel uvisst.

Brukartalet gjekk sterkt ned i siste bolken av mellomalderen. I 1520 har garden berre to brukarar, i 1563 tre, men i 1602 ni og i 1610 ti brukarar. I første bolken av 1600-årstalte hadde bruka denne storleiken: Eitt var 4 1/2 pd., eitt 3 pd., eitt 2 3/4, pd., eitt 1 3/4 pd., fem var 1 1/2 pd. kvart og eitt berre 18 mk. Dessutan låg ein part på 18 mk. til Raudi. I 1700årstalet gjekk brukartalet ned til ni og sidan ned til sju. Etter segna låg to bruk på Hauane, eitt gjekk saman med nr. 5, eitt med nr. 6. Dei to Haugebruka og Gjerstun skulle vere eldste bruka, seier ei anna segn. Eiriksbruket låg ei tid øyde av di mannen her drap mannen på Lassebr. (nr. 6) i eit lag og rømde, seier segna.

Av avtaksverket frå 1707 ser vi at retten i 1693 seier at garden hadde lide mykje skade på utmarkslættene av Breideskreda og Espe-skreda, som tid etter tid, men særleg i 1692 og 1693 hadde gjort mykje skade, teke ut slætter og grytt stein og grus utover hamna. Elva hadde nedafor bøgarden teke nytt far nedover beste enga og teke ut 5 mæler såd av åkeren, og dess nærare elva kom ned til vatnet, dess meir ræste ho utover og gjorde skade på åker og eng. I Tjønndalen, der Bødal åtte helvta, hadde dei 5 slåttekvier med 6 høyhus; dessutan førde dei med seg heim mykje høy etter kvart. Men no (i 1693) var all slætta her øydelagd av breen og elva, og her kunne det ikkje meir verte nokon slått, då mest heile dalen var overgått med stein og urd. Retten sette avtaket til 4 1/4 pd.

I 1702 hadde Tjønndalen lide enda meir skade; to løer med engslætter var uttekne sidan sist. Den store elva frå blåbreen har teke med seg all jord, så det då var att berre grus, stein og urd, som vert grytt utover dalen av fonnene frå dei «forfærdelig høie fjelde» på begge sider av dalen, der Bødal før hadde «sin bedste herlighed af engslått og fægang». Avtaket vart i 1702 sett til 1 1/2 laup. Sidan har garden både i 17. og 18. hundreårstalet lide skade og fatt avtak på skylda. (Sjå om det nedafor.)

I siste tid har garden og lide mykje skade. Etter ulukka i 1905 vart Alden si skyld nedsett med i alt 1,75 Pkmk.

Sommaren 1926 leid garden ymse ny skade av elvebr6t og vassflaum. Dalelva gjorde då mykje skade på eng og åker, og tok ei ny bru.

Gamle gardsdokument. Få gardar har hatt så mange gamle gardsdokument som Bødal. Dei eldste er prenta i Dipl. Norv. (sjå ovafor). Dei yngre (frå 16. og 17. århundre) låg på garden og var sameige. I Lodalsulukka 1905 vart dei diverre øydelagde. Eg var så heppen å få ta ein «ekstrakt» av dei hausten før då eg var på garden. Av dei får ein vite ymse av verd om garden.

I 1584, den 14.5., kunngjer 6 lagrettemenn at dei tredje søndag etter påske d. år på Nedstryn kyrkjegard av Amund Siurdson og Kolbeinson Bødal vart tilspurde kva dei visste om hagebeitet i «Tjønnedal etter fædres og andre gamle folks ord. Dei svara då at dei aldri hadde høyrt anna enn at dei bøndene som sat i Bødal alle tider hadde beita med krøtera i Tjønnedal saman med Nesdalsbøndene. Dei hadde drive krøtera til Tjønnedal over sundet, og sidan dreiv dei krøtera frametter fjæra for minst mogleg å skade Nesdals-gardane. Ne,sdølingane la same tid fram eit gammalt skinnbrev som tala mot dette (ikkje sitera), men det lydde berre på halve Tjønndal.

Same år 16. juli var 12 lagrettemenn, oppnemnde av futen Chr. Pepler, på garden for å byte jorda og hamna etter den domen som vart gjort på lagtinget s. år, og for å gjere avtak på landskylda, då ho var sett for høg. Eigarar av garden var då: Lasse i Nesdal og brør, som åtte 4 1. 1/2 pd., Oluf Maud(?) og medeigarar åtte 1 ½ l., Bodvard på Avlein og medeigarar åtte 1 1.; kyrkjene i Olden og Oppstryn åtte 1 pd. saman.

Dei bytte Tjønndalen mellom Bødal og Nesdal såleis: Begge Nesdalsgardane skulle ha lendet på søre sida frå Jørpehaugen (av Jørpeskreda) og inn under breen; andre bytet fekk dei frå Alkimfoss til Timbrevassgjølet; tredje bytet frå Jørpegjøl til Hellegjøl. Myklebø fekk første bytet sitt på andre (nøre) sida frå Sletteskreda inn under breen, andre bytet frå Alkimfossen mot Sletteskreda, tredje bytet frå Timbrevassgjølet til Jørpegjølet. Hamnebeitet skal vere «horn mot horn» (sambeite).

Så vart slættene i Tjønndalen bytte. «Det store gjerde» (kvia) «der ladene står», vart bytt i to partar, den eine parten til Myklebø, den andre til Nesdalsgardane. Kvia på sørsida, kvia innafor, Alkimskvia og Jørpegjølskvia vart og bytt i to partar. Som ein ser må Kjenndalen den tid ha vore ein framifrå hamnedal og hadde mange slåttekvier. I eit avtaksverk frå 1700-årstalet er det sagt at i Kjenndalen var ikkje att noko slått eller hamn, men der var berre urd og stein, og der hadde garden i gammal tid hatt mest all si krøterforing. Dalen var då øydelagd av breen. No er det ikkje slåttekvier der.

Åker- og engbytinga i Myklebø vart den tid utsett, då grøda stod i sin beste vokster. Den 15. oktober same året vart åker og eng bytt av futen Pepler, lensmann og 6 lagrettemenn. Etter beste samvit bytte dei såleis at Bodvard Avlein, Oluf Simonson og Anders Kolbeinson Myklebø fekk søre parten av Myklebø, 1/3 av Austøya og ein liten teig i Uteng. Amund, Mogens og Siurd Siurdsøner Myklebø og Lasse i Nesdal fekk sin part på nordsida, enga utafor elva og alt det som ligg opp til husa. Det vart såleis dømt strengemerke mellom søre og nøre («innafor og utafor») parten.

Den 28.11. 1600 selde Thomas Andersson Holwik, Davik skpr. og (broren) Rasmus Andersson 1/2 1. i Hjelle i Oppstryn til Kolbein Lauritsson Bødal og broren unge Anders Nesdal for 20 gam. dl. og 3 gam. dl. i skøytingsøyre. Kjøpebrevet er på skinn (no i Holmøy) og er «beseglet» av partane og lensskrivar Trogels Jensson, Jørgen i Loen og Anders Rasmusson Muri, Igrm.

I 1603 den 3. juni selde Sjurd Sjurdson Loch, busett i Bødal, 19 mk. i Eide i Stryn og noko gods (2 mk.) i Lide (ligg oppe i dalen på sørsida av elva; var då truleg bygd; har særs god jord) i Bødal, som alt var kona Karin Bodvardsd. (ho var vel dotter til Bodvard Auflem) sitt odg., til Hugleik Andersson Loen for i alt 11 dl. 22 mark i pengar, 4 m. korn, 1 mark penge og 1 vog korn i skøytingsøyre, som dei hadde fått av kjøparen i si store naud. Skøyta, som er på pergament, er stadfest med segl av Sjurd Sjurdson, lensmann Oluf Arneson Skåden og 5 lagrettemenn. Ho er no i Gjerstun.

Ymse strid, domar og semjer. I 1729 vart åkrane bytte. Retten fann då to merkesteinar, den eine nedst i tunet, den andre i ein åker ovafor husa; elles var teina grenseskil (mellom Innigards og Utigardseigna). Retten fann at den eldgamle delinga var heilt urettvis, og dømde difor ny lovleg deling etter kvar sin lut og leigebol. Åkrevidda var i alt vel 320 000 rutealner eller vel 128 mål; det er over 23 mål på laupen og såleis den største åkrevidde etter måten nokon gard i Nordfjord før hadde. Dei selde jamt korn her før, for kornet treivst særs godt her. Garden har godt jordkynde og er solrik. Av åkrenamn er då nemnde: Flåtane, Storåkeren, Storstykket, Bakkestykket, Andersåkeren, Trøde, Korsåkeren, Kalvåkeren, Langåkeren, Litleøyåkrane, Kaldeflåten, Hampetuft, Smidjeåkeren, Sjurdkalvåkeren, Kyrkjehalvpundsåkeren, Raudiåkeren, Kvieåkeren, Sundåkeren, Grovestykket, Nylenda, Sameigna, Brødhaugen, Tøndeåkeren, La-åkeren, Svora, Bakkåkeren, Hollestykket, Langhaugen, Karåkeren, Klypeåkeren, Kolmilåkeren, Myrhaugen, Skjeggåkeren, Fjøsåkeren, Stoveåkeren, Myråkeren. Største åkrane var: Flåten (innafor) 17 mål, Flåtane (utafor) 10 mål, Storåkeren 12 1/3 mål.

I 1756, den 17. mai, var retten etter pålegg av stiftsbefalingsmann Cicignon på garden for å sjå over og verdsetje den skaden som garden då hadde lide av fjellskrede og elvebråt. Brukarane prova at avlinga på garden sidan 17. århundre hadde minka med 6 kufor og 2 3/4 t. utsåd, og denne skaden kunne aldri kome «til nytte igjen». Særleg var det kuhamna og utslåttmarka som hadde lide skade av blåbreen, elvelaup og fjellskred, og var så overbreidd med store steinar, aur og sand at det aldri «står til rydning eller forbedring igjen». På grunnlag av oversynet i 1756 vart skylda to år etter avteken med ¼ av den opphavlege skylda, og leidingen nedsett frå 11 til 8 geitskinn.

I 1772 var her avtaksgransking att av den skaden som garden dei 2-3 siste åra hadde lide. Bødalselva hadde nede ved vatnet rive ut om lag 10 turrhøylass-slått, og Brede-, Espe- og Sameigneskredene hadde teke bort mest all slåtte- og hamnemark som fanst inne i dalen. Retten verdsette nedgangen på fodnaden til om lag 1 hestefod og 21 a 26 kyrafod. Brukarane prova same tid at setrehamna «er ganske av elven og fjeldskrede bortreven». For å fø like mykje som før, måtte brukarane anten leggje att åker eller med stort utlegg til folkehjelp og med stor livsfare skaffe seg beit og for frå dei bratte og farlege bergsidene, der dei mange stader måtte heise både seg og foret etter tau. Likevel sette ikkje retten avtaket til meir enn eitt pd.

Ymse av husa i det gamle Bødalstunet var svært gamle. Stabburet på Lassebr. var bygt av rundhøvla almetømmer. På ei glasrute stod «Eirik Andersson 1737», men det var sagte mykje eldre. Tømmeret er no oppatthøvla. Det skulle vere hogge på Storegjeret. Er no ombygt til nystove, 4,l x4,4 x 2,4 m høg under bjelkane og 0,75 m høg ovapå, har 9 kverver under, 3 ovapå. Ein stokk er 0,34 m brei. Har vore ombygt i 1777.

Før var det og mykje gammalt innbu på garden, t d. gamle kjerald, ljosestakar, gamle våpen, m. a. ein «krumsabel», flintelåsbørser, kårde og ymse gamle pengar. På ein minnedalar frå 1788 stod:

«Urokkelig som Dovres høie fielde
står Norges sønners troskab, mot og vælde.»

Truleg har livgardisten «Storeknut-Anders» fått minnedalaren frå København.

I 1636 pantsette Oluff Siffuerson Bødal 1/2 pd. av br. sitt i Bødal for 9 rdl. til Anders Nesdal. Pantebrevet, som no er på Sæten, er underskrive av Oluf. På same brevet kvittar Oluf Korneliusson og kona Synnøve Lauritsd. (p. br. nr. 2 i Bødal) for 12 rdl., motteke frå Anders Rasmusson Dåreflåt for 1/2 pd. sm., dagsett 26.3. 1675.

År 1655, 13.6., var det åstadsrett i Bødal. Her vart det dømt i odelstretta mellom dei to systrene Beritte og Mildrid Rasmusd. og Kolbein Lasseson Bødal om 1 laup i Bødal. Det vart då lagt fram av begge partar ymse gamle dokument frå 1599 til 1609, men saka vart framdrygt til 17.10. s. år. Det vart då lagt fram endå fleire gamle dokument i saka derimellom provsbrev, skøyter, gamle domar o. m. Av dei var to pergamentbrev, eitt dagsett 1400 og eitt 1554. Desse dokumenta prova at godset opphavleg låg under Kolbein si ætt, men at 1/2 1. av same uretteleg var vunne av Klaus Drageset, som sidan saman med borneborna sine avstod odr. til den halve laupen til Kolbein, og før hadde selt den halve laupen til Kolbein sine forfedre. Godset vart difor no tildømt Kolbein med full rett.

Same år, den 13.6., gjorde Knut Mogenson odelssøksmål mot farbroren Knut Knutson Bødal på 1/2 1. som han meinte som eldste bror å ha næraste rett til, men Knut Knutson meinte at han va næraste å bruke godset, då han med stort utlegg hadde løyst godset frå framande. Knut Mogenson vart tildømt godset.


*************************************
Start

78-79 Indre og Ytre Nesdal

Lodalsulukka 1905
Lodalsulukka 1936.

Den gammalnorske forma var Nesdalr. Garden ligg på eit nes utfor dei to dalane Kvanndalen og Tjønndalen og har vel namnet av det. Alt frå før 1300 er det skilt mellom Nidre-, Indre- og Ytre-Nesdal. Nesdalsgardane er opptekne frå Bødal. Dette vert sagt i ein dom i 1657. Gravfunn kjenner ein ikkje. Namnet Nesdal er vel «pendant» til Bødal. Det ligg difor nær å tru at det opphavlege namnet var Nes likeins som Beer, Bø, og at Nesdalr opphavleg var namn på dalen som går opp frå garden i søraust og øvst heiter Kvanndalen.

Gardane er nemnde i ymse kjelder frå mellomalderen. Av Bj. K. ser vi at prestebolet i Alda åtte 1/2 1. i «Nidra Nesdal", prestebolet i Loda åtte 5 1/2 1. i «Nesdale ytra», 1/2 1. i «inra Nesdal» og 1/2 m.m.b. i «Nesdali», som Inga å Sundi gav for sal. Sigurdr Bonde; Lo-kyrkja åtte (ein) tveites leige i Nes dale. I dipl. av 1340 ser vi at i «Nesdale inra» var 7 m.m.b. leige avfall og i «yttra Nesdale» var 11 m.m.b. avfall.

I 1401 åtte Erlend Jonson på Setten m. a. gods også 9 m.m.b. i «innathunum i Nesdalle», 7 1/2 m.m.b. i «yttratunum» og 2 1/2 m.m.b. i «Yttra Nesdalle». Av dipl. dagsett 29.1. 1469 ser vi at Ulvhild Jonsdotter m. a. då åtte 19 m.m.b. i Næsdal, og derunder låg halve «Tiænnedaal» og «Muledaal» til hagelende. Ho var dotter til Jon, som var son til Erlend.

I tiendepengemanntalet av 1520 og manntalet av 1522 er ikkje gardane nemnde. I 1563 legg Laurits i Nesdall (indre) 18 skill. 2 1. s. og Erlend i ytre Nysdall 9 skill. 2 1. s. i skatt. I 1567 svarar Nesdall 3 gsk. 1 bsk. i leiding. Ellend Y.-Nesd. var lagrettemann i 1588.

Landskylda var: Av Indre-Nesdal i 1626 2 1/2 1. I 1654 vart avteke 2 pd. I 1687 vart I.-N. avteke 2 1/2 pd. av di garden hadde lide skade av fjellskred og av ræsing av Tjønndalselva og den fra «fjeldet over gården nedrinderide elv" (Utigardselva?). I 1702 vart avtaket sett til 2 pd. Av Ytre-Nesdal i 1626 2 l., i 1654 avteke 23 mk., derav 3 av prbg., 2 av kg. og 18 av bg. I 1667 vart avteke enda 4 mk. til, og med det vart ho ståande til 19. århundre. I 1702 ville nemnda leggje på 1/2 l.

Nesdalsgardane svara i 1612 70 mk. butiendesmør; fodnaden var då etter det ikring 70 vaksne kyr.

I 1626 var begge gardane «temmelige til avling». Det var mange luteigarar. To av brukarane i 1.-N. var «temmelig formuende», dei andre hadde «ringe formue». I I.-N. var i 1661 ei kvern. I 1723 skriv nemnda om I.-N. at «gården er noget farlig for elvebrud og stensvor». Om Y.-N. seier nemnda m. a. at «de samler deres hø med stor livsfare, hvorunder nogen mennesker år efter andet sætter livet til for sten- og fjeldskred hvorfor også man av frygt for snefonn har flyttet alle husene».

Av Y.-N. åtte Lo-kyrkja 1/2, pd. og Innvik prestebol 1 pd. Kyrkjeparten låg i nr. 2, løyst 1782, og prestebolsgodset i nr. 3, løyst i 1858 for 698 spd. Resten av garden og heile I.-N. var bondegods og brukarane si eign.

Alt i mellomalderen var I.-N. tre bruk, som visst låg i kvar sitt tun, Indretun, Ytretun og Nidre-Nesdal. (Nigardsåkeren minner enno om Nidre-Nesdal.) Om Y.-N. var fleire bruk då, veit ein ikkje. I 1560-åra er det likt til at kvar av dei to gardane berre hadde ein brukar. I 1602 var dei kvar to og i 1608 kvar tre bruk. Dei var jamstore i 1630-40-åra, men i 1650åra vart storleiken på bruka i I.-N. brigda noko. Eitt var = 2 1/4 pd., eitt = 1 3/4 pd. og eitt = 1 ½ pd. I 1670-åra vart største bruket kløyvt i to, det eine dubbelt av det andre. Før 1683 vart den minste parten bytt likt mellom dei to andre bruka i garden. Dessutan vart det i 1670-åra utskilt ein part på 9 mk. frå 1 3/4 -pundsbruket, nr. 2, og brukt under nr. 2 i Bødal til det 19. århundre.

Ytre-Nesdalstunet skal ein gong i gammal tid vere flytt-, tuftene syner enno. Det må vel ha vore ikring 1656. I ei odelssak n. år vert sagt at Y.-N. då hadde lide stor skade av steinskred. I.-N. har tid etter tid lide ymse skade av fonn og elvabr6t. I 1687 fann retten at garden hadde lide «ubodelig skade» av Kjenndalselva, heime-elva og av steinskred. Skaden verdsette retten til 1 laups avtak. I 1693 var heimebøen nedgrytt av stein og urd, og Kjenndalen, som garden åtte helvta av, var «totalt ruineret». I 1702 seier retten at dei beste slættene både heime og i Kjenndalen hadde lide skade av elvabråt og fjellskred, så brukarane måtte skaffe seg høy frå andre stader. Féet vert jamleg ihelslege av skred, og folk lever i dagleg livsotte for ovafare. Elva hadde dei prøvt å førebyggje, men når flaumen kjem, vil vel den ta overhand. Skaden verdsette retten til halve skylda, men av di garden før var sett i billeg skyld, nøyer retten seg med 2 pd. i avtak.

I 1721 var det åkrebyte i Indre-Nesdal. Åkrevidda var då 163 604 rutealner = 65 1/2 mål. Det kom vel 103 000 rutealner eller 411/3 mål på laupen. Åkrane var (då er ikkje nemnde åkrane Jonselen og Litle-Ånders-åkeren på nr. 3, Øksa på nr. 2 og Rugåkrane, ein på kvart bruk): Sandbad, Reina, Vetleåkeren, Laåkeren, Steinstykket, Hildeåkeren, Ripane, Nigardsåkeren, Storåkeren, Ekra, Litle Skortåkeren, Midt-Skortane, Langåkeren, Kvernledåkeren, Krokåkeren, Hampetufta, Siugebarnshola, Bakkåkeren, Ellingåkeren, Heggåkeren, Kloa, Vasshola, Anders Jonson-åkeren, Storhålåkeren, Utigardsåkeren, Fjøsåkeren, Faråkeren (har alltid vore kåråker), Øvståkeren, Klønene, Humlegardsåkeren, Fillipåkeren, Fillippus- Joåkeren, Fillippus-skårane (er namn som minner om F.. Han var ein framifrå fjellmann. Gjekk i tresko i fjellet og løyste bukkar som hadde gått seg fast.)

Gjørpa er ei fonn i Tjønndalen, som går kvart år. Ho har flytt ein stein så stort som eit hus tre gonger, som folk no kan seie av: i 1904, i 1832 og ein gong før.

I 1896 hende den ulukka at tre slåttefolk - ein mann og to kvinner - vart ihelslegne av steinsvår inne under Hamrane i Tjønndalen. Same tid vart brukaren Ola Andersson på nr. 3 slegen forderva i ein fot.

I 1705 var det ei løgleg sak mellom Peder E. Nesdal (Ytre) og Johannes Magneson Tjugen. Dei var i skjensmål. Peder kalla Joh. «ein spenål». Johannes svara: «Det kan du sjølv vere til du provar det!» Då svara P.: «Eg var ikkje mor til måle og ikkje far til kåle.» Så rauk dei i hop og slost. Peder vart idømd ein dalar i bot.

I Nesdal har det vore gøymt ymse gamle skinnbrev frå gammal tid. Dei eldste er prenta i Dipl. Norv. XIII. Det yngste er ei skøyte der skrivaren Ivar Åncherson og 3 lagrettemenn provar at Simon Andersson Nesdal i 1637 hadde kjøpt 5 mk. av Knut Larsson i Rugsund, 6 mk. frå kvar av Rasmus Andersson Egge og Rasmus Andersson Verlo og 2 mk. av Lasse Amundson Raudi, til saman 19 mk. i I.-Nesdal for i alt 28 rdl. med skøytingsøyre .(Skøyta på skinn no i Riksarkivet.)

Mellom Nesdalsgardane og Bødal har det ymse tider vore strid om beitelende og skogen i Kjenndalen. Om skogbruket var det åstadssak 7.7. 1817 og 4.5. 1841. Ar 1847, den 18.9., var det åstadssak om skogbruket mellom Nesdalskarane.

Begge Nesdalsgardane leid mykje skade ved Lodalsulukka i 1905, helst då Ytre-Nesdal, der husa og mykje av beste jorda vart skåla bort. (Sjå meir om det under stykka Lodalsulukka 1905 og Lodalsulukka 1936.) IndreNesdal fekk den 24.11. 1905 eit avtak av 2,16 skmk. i 5 år og sidan 1,49 skmk. for alltid. Aret etter vart avtaket sett til 0,91 skmk. på kvart av br. nr. 1 og 3 og 1,13 skmk. på nr. 2, i alt 2,95 skmk.

Ytre Nesdal fekk i 1905, den 24.11., avteke helvta av skylda i 20 år og sidan 2,01 skmk. av kvart bruk. Året etter, den 14.8., eit nytt avtak av 0,75 skmk. frå kvart bruk.

Gardane vart utskift i 1878 og i 1906. Ytre-Nesdal vart ikkje bygt opp att på den gamle tunstaden, men lenger oppe frå vatnet, der dei trudde seg trygge. Det er gamle ætter som bur på desse to gardane, og dei har halde trutt på gammal sed og bunad. Her var og mange gamle hus. I 1901 vart nedriven ei eldgammal stove; ho hadde stokkar som var ein halv meter breie og 2 dm tjukke.


*************************************
Start

Lodalsulukka 15. januar 1905

Bødal etter Lodalsulukka 1905
Ytre Nesdak før ulukka i 1905

Lodalsulukka 1905 er den største og mest alvorsame ulukke som har hendt i Nordfjord og ei av dei hardaste ulukker som har råma Noreg i seinare tid. Ved denne ulukka vart ikkje mindre enn 62 menneske drepne, og heile garden Ytre-Nesdal og halve Bødalsgardane øydelagde. Ti huslydar vart heilt eller delvis bortrivne, ei mengde krøter av alle slag drepne, mykje jord bortskola og mykje innbu og hustarvende av ymse slag øydelagt i ein augneblink.

Det var sundagskvelden den 15. januar 1905, noko etter sengetid, då alle folk på Lodalsgardane var gått til ro og flest alle låg i djup svevn, at det brast ut eit uhorveleg stort fjellstykke frå den tverrbratte nordsida av det høge Ramnefjellet på søre sida av Lodalsvatnet. Fjellstykket, som sikkert var fleire tusen kubikkmeter, for med ofse og toreliknande brak og døn nedetter fjellsida og slo seg i sund i uteljande molar. Det sopa med seg alt som i vegen var: stein og bergknausar, mold, torv, skog, og for så ned i vatnet nedunder. Steinskredet hadde slik ei ovmakt at det reiv med seg ei veldig steinurd nede ved vatnet. Her stakk før fram eit noko stort nes, men skredet tok bort heile neset, så det her sidan har vore ei djup vik.

Skredet valda at det i vatnet reiste seg ei ovstor båre, som fylgde djupålen, og det var ho som valda den store skaden. Ein part av storbåra skåla innetter mot Nesdalslandet, sopte bort Ytre- Nesdal med hus og alt som i var av levande og livlaust. Ein annan part av storbåra braut innover Bødalslandet på nordsida av vatnet midt imot skredet. Ho skåla og langt innover land, braut ned og tok med seg sørvestre parten av Bødalsgarden. Ein part av båra for innetter sundet nordafor Nesdalsgardane og slo mot fjellet. Atterslaget av denne parten møttest med den parten som hadde sko1a over Nesdalsgarden, like ved nystova til Lars Indre-Nesdal. Vass-spruten stod jamhøgt med taket, men nystova vart ståande. Hadde det ikkje gått såleis til, hadde truleg Indre Nesdal og stroke med. Denne garden slapp heppeleg med noko mindre skade. Ei løe hjå Ola M. Indre-Nesdal vart ramponert, og smalefjøset under løa vart bortrive, så 20 smalekrøter vart drepne. Fleire kjellarar på Indre-Nesdal vart fylte med vatn, og snøraket låg så tjukt i tunet at det gjekk midt opp etter husveggane. Båreskvalet rakk ikring 80 meter innover Nesdalslandet og nådde radt inn til Kvernelva, der tre kvernhus vart øydelagde. Her fann dei sidan ei kiste frå Ytre-Nesdal.

Den parten av storbåra som slo mot Nesodden, det høge bergknausneset nordafor vatnet i søraust for Bødal, skolda lendet her for grassvor, mold og tre, så berre snauberget var att. I lang tid etter synte det her skilgreitt kor høgt opp båra hadde gått. Eit særs godt prov på det og kva makt båra hadde, har vi i det som hende med dampbåten «Lodølen», som låg i vinterlæge i naust her ved Nesodden. Han vart av båra lyft opp ikring 50 meter og slengd ikring 500 meter innover land, der skroget vart liggjande som eit talande minnesmerke over den sørgjelege tilburden. Etter den parten av båra som sko1a vestetter vatnet, tedde det og synbert merke om morgonen då folk kom ned til fjæra. Alle nausta kringom vatnet på eitt nær var bortskola, og 70-80 båtar var øydelagde. Tilmed Sætabrua på Vassenden ikring 7 km frå skredstaden var bortskola.

Folket i den næraste grenda vart sjølvsagt visse med kva som hadde hendt straks etter skredet hadde gått, med di dei vart vekte av det fælande braket og den sterke brusinga etter ovbårene, og dei kom seg vel på føtene straks. Dei kunne då trass mørkret få ein vissmon om at noko sørgjeleg hadde bore til, men sikker greie på kor stor ulukka var, fekk dei først om morgonen då det vart ljost. Det såg då fælt ut. Heile Ytre-Nesdal og halve Bødal bortsopt, og på vatnet låg og råk ei myrje av tre, materialar og leivder av hus, døde krøterskrottar, klede, matvarer, høy og halm, alt samanbunde i ei uløyseleg vase.

Men lenger borte varde det ein god del av mandagen før folk fekk full greie på skaden, då skadestaden var heilt avstengd frå bygdene ikring av di der ingen telefon var, og alle båtar og dampbåten var øydelagde. Den einaste måten å nå fram på for folk utanfrå, var å gå stranda på nordsida av vatnet, men midtvinters var det svært mødesamt å nå fram den leia. Dei laut då sistpå køyre båtar frå Lonausta opp til Vassenden. Men så skulle denne utvegen med å nå fram med hjelpa og verte stengd med di det vart ein fælande sterk storm som gjorde det umogleg å ro vatnet; stormen vara over eit døger. Den første utanbygdsmannen som kava seg opp stranda og nådde fram etter mykje bal og møde, var dokter Brodtkorb, som vart varsla om å kome til hjelp for dei som var funne i live. Han vart verande på staden eit heilt døger og var den første som kunne gje verda utanfor grenda full utgreiing om kor stor ulukka var.

Tysdagen vart det så sendt telegram til bygdeblada og til storblada i Bergen og Oslo, og derved frettest ulukka så å seie over heile verda. («Verdens Gang» hadde 19.1. ei lang telegrafisk melding frå dr. Brodtkorb.) Fretnaden vekte sjølvsagt åtgaum og stor medkjensle vide kringom, og det kom då hjelp og tilbod om hjelp frå mange stader. Ei sjukesyster vart send til hjelp, men laut som mange andre liggje vérfast på Vassenden. Den første nauda tok grannar og bygdefolk seg av. Sidan kom det hjelp vide ifrå, meir enn som trengdest i første tida. Etter som dei fekk oversyn over skaden, vart det sendt ut opprop og skipa innsamlingsnemnd, og det kom då inn mykje pengar, mat, klevarer og materialar, så dei skadelidne fekk ei god stød.

Det vart no etterrøkt kor stor skaden var. Det synte seg snart at skaden var mykje større enn mange kunne tenkje seg. Av menneske gjekk det til, som før nemnt, i alt 62 i ymse aldrar frå udøypt barn til gamle kårfolk. Av krøter vart drepne 94 naut, 10 hestar, 145 smalar og 16 griser. Alle husa i Ytre-Nesdal - sikkert over 25 - og truleg like mange i Bødal, vart bortsopte, tre kvernhus vart øydelagde, og ymse huseskade leid Indre-Nesdal, alle nausta ved Lodalsvatnet på eitt nær, dampbåten «Lodølen», Sætabrua, ei mengd med innbu av ymse slag, for, matvarer, klede o. m. m. vart øydelagt. Dertil kom all jordskaden på dei tre gardane. Pengeverdet av skaden vart rusa med det same til ikring 120 000 kroner. Det er vel heller lågt sett. Pengeverdet då var vel mangedobbelt imot no. Jordskaden vart verdsett av ei skyldsetjingsnemnd, tilsett av fylket. Ho sette avtaket på gardane 24.11. 1905 såleis: Av Ytre- Nesdal vart avteke halve skylda 7,53 skmk. i 20 år og sidan 2,01 skmk. for alltid av kvart av dei tre bruka. Året etter vart avtaket sett til 1,75 skmk. av kvart bruk. Av Bødal vart avteke berre 1,75 skmk., utjamna på alle 7 bruka; nr. 6 hadde lide mest og vart avteke 0,51 skmk., fem bruk vart avteke frå 0,18 til 0,28 skmk. og eitt bruk 0,02 skmk.

Desse menneske gjekk til:

På Ytre-Nesdal:

Gbr. Peder Salveson, "15 år g. Kona Oline Monsd., 33 år g. Borna Sivert Johan 8 år g., Johanne Samuline 5 år g., Brite Ingeborg 3 år g. Udøypt son, nokre dagar gammal. Terna Dorte Monsd. Nesdal 25 år g. Kårmann Salve Pederson 69 år g. Sonen hans, bygningsmanni Anders 31 år g., kom heim frå Belgia laurdagskvelden. Alle desse frå br. nr. 1.

På br. nr. 2: Kårmann Rasmus R. Langeset 61 år g.; dessutan vart drepne 6 born: Oline 15, Olav 13, Eline 10, Anna Bertine 8, Jenny 5, Rasmus 3 år g., og terna Lea Karoline Bentsd. Langeset 19 år g. Foreldra Jon Olson og kona Synnøve var på reis til Bergen for å søkje lækjar-råd, og dei gjekk såleis unna. Johanne Rasmusd. Helset, som mellombels var her, vart og drepa; ho var 41 år g.

På br. nr. 3: Gbr. Abraham Jakobson 30 år g., kona Anne Larsd., f. Åning, 41 år g. Borna Johan Andreas Elias 10, Lars 9, Martin 6, Dagfinn 3 år g. Kårfolka Jakob Abrahamson 64 år g., kona Mari Andersd. 64 år g. Dessutan dei to plassemannshuslydane Åmund Andersson 76 år g., kona Marte Jonsd. 64 år g., med dottera Johanne Andrine 18 år g., og husmann Anders Kolbeinson 44 år g., kona Sigrid Knutsd. 38 år g., og sønene Karl Johan 13 år g., Knut 9 år g. og Eilert 5 år g.

I alt 35 menneske.

På Bødal gjekk desse til:

På br. nr. 1: Gbr. Elling Kolbeinson 65 år g., kona Jartrud Andersd. 55 år g., men borna deira vart heppeleg berga.

På br. nr. 2: Gbr. Anders Knutson 34 år g., kona Kristiane Jørgensd. 36 år g., borna Eline Kristine 11 år g., Anna Jenny 9 år g., Klara Lovise 7 år g., Knut 4 år g., Jenny 3 år g.

På br. nr. 3: Gbr. og postopnar Elling Samuelson 39 år g., kona Elisabet Ottesd., f. Grøddis, 33 år g., kårkone Brite Sjursd. 75 år g., borna Edvard Dagfinn 8 år g., Eli Bertanna 5 år g., Elling si syster Jartrud 29 år g.

På br. nr. 5: Gbr. Vilhelm Eirikson 70 år g., kona Ingeborg Olsd., f. Nesdal, 52 år g.

På br. nr. 6: Gbr. Samuel Larsson 66 år g., kona Brite Absalonsd., f. Årheim, 56 år g. Plasseemann Knut Kolbeinson 53 år g., kona Sigrid Knutsd. 38 år g., og dottera Andrine.

*************************************
Start

Lodalsulukka 13. september 1936

Turistbåten Lodølen ved kai i Bødal før ulukka i 1936

Bødal og Nesdal vart bygt opp att på nytt etter ulukka i 1905. Dei hadde fått store og gilde hus, og gardane var godt oppdyrka. Dei hadde bygt samlingshus og eit nytt tidhøveleg skulehus. Lodalen var eigen skulekrins med todelt skule.

Då kom ulukka på nytt. Sundag den 13. september 1936 rasa det atter ut eit stykke av Ramnefjellet og fall i Loenvatnet. Denne gongen laga det og ei stor båre som slo innover land, og ei ulukke enda større og fælare enn den i 1905 gjekk over Bødal og Nesdal.

Den ofselege båra som reiste seg etter raset, sopa med seg alt som fanst i hennar veg. Om lag 50 meter høgt gjekk ho oppetter bakkane på andre sida av sundet, og ho gjekk fleire hundre meter innover land. I Nesdal tok ho bort tre heimar med alle menneska som var der. Det var Fredsvoll, Anbjørn-huslyden og Mons-huslyden. Lars-stova fekk innslege ein vegg, og halve løa vart øydelagd, men ingen av huslyden kom til skade. I Bødal vart alle husa bortsopte. Berre eit lite hus som var nytta til ysteri og stod høgare oppe enn dei andre stod igjen. Det gjorde teneste som sjukestove, der tok dei inn og stelte alle dei som var såra og sjuke.

På Hogrenning vart Sanda-stova teken og førd på vatnet. Ho hadde stått urøyvd i 1905. To smågutar kom bort, men mora og to andre gutar kom seg opp på taket og vart berga. På Vassenden, 8-9 km frå ras-staden, vart ein heim teken av båra og riven bort. To av huslyden fylgde med og sett livet til, medan to vart berga.

Alle naust, båtar og bryggjer kring heile vatnet vart tekne med unnatak av naustet på Helset. I Kjenndalen vart den store restauranten kasta langt innover land, og vognhus og kjerrer vart mykje øydelagde.

Lodalen Dampbåtlag miste alt sitt materiell så nær som motorbåten «Kjenndal», som var liggjande på land ved osen. Den vart sett på vatnet og nytta til flytting av folk og varer og alt ein måtte frakte bort. Denne båten vart teken av eit like stort ras som kom den 11. november same året, og han gjekk då til botnar.

Også nedanfor vatnet vart det gjort store skader, både av båra og av elva, som vart større enn i nokon storflaum. Sætabrua vart riven bort, sameleis Haugen og Sæten Elektrisitetsverk og ein verkstad. Lenger nede vart Lobrua teken - og ei stampe og i alt 5-6 kvernhus. Det vart og gjort skade på jord, skog, telefon og lysleidningar.

Det vart straks sett i gang eit stort hjelpearbeid. Distriktslegen, lensmannen og ordføraren var snøgt på plassen og planla hjelpearbeidet. Og så snart det spurdest til andre bygder, kom det eit stort hjelpemannskap. Det første det galdt om, var å finne fram og stelle dei som var såra og å hjelpe dei attlevande. Sidan var det å leite fram dei døde som var å finne og få dei sende ned til Loen. Distriktslege Freihow stelte med dei såra, og då eit ambulansefly nådde fram, fekk han dei sende med det til Nordfjord Sjukehus. Saman med sjukesøstrer og andre tok han seg sidan av dei døde og stelte dei så pent at ingen kunne tru at dei hadde fått ei så fæl uferd. Skulehuset i Loen vart teke til likstove, og der låg det på ein gong 20 av dei døde ein hadde funne att.

Onsdag 16. september var gravferdsdagen. Kronprins Olav var til stades, og då bispen i Bjørgvin var i Danmark, møtte domprost Knutsen i hans stad. Det hadde møtt opp mange tusen menneske. Aldri har så mange vore samla kring Loen kyrkje. Dei sørgjande fekk ei kjensle av at dette var ikkje berre ei bygdesorg - det var ei landssorg.

Det var ei gripade sørgjehøgtid i Loen kyrkje, der dei 20 kistene var ordna etter midtgangen som ein stor kross. Musikken spela «I ensomme stunder, når det er tyst» av Ole Bull, og etter salmen «Eg veit i himmerik ei borg», tala domprost Knutsen og sokneprest Eriksen. Etterpå var det atter salmesong og musikk før kistene av slekt og vener vart borne ut til den siste kvilestaden. Norsk Rikskringkasting hadde stelt til høgtalaranlegg for alle som måtte stå ute, og heile høgtida vart send direkte gjennom radioen.

I det heile hadde det i denne ulukka kome bort 74 menneske, og av det var det 34 som ein fann att. Fleire av desse var tenarar og arbeidarar frå andre bygder. Dei vart sende kvar til sine heimstader.

Det synte seg at dei materielle skader og var overlag store. I Bødal var alle hus rivne bort og jordene øydelagde. I Nesdal var det tre heimar der husa ikkje var tekne av båra, men jordene var sterkt skada, og båra tok med seg jorda på store vidder inn på land, så det etterpå såg ut som ei øydemark.

Medkjensla var stor, og det vart innsamla pengar frå heile landet - og frå utlandet med - til dei skadelidne. Ei nemnd med fylkesmann Seip, ordførar Lunde og lensmann Årnes i Stryn vart nedsett til å stelle med utdelinga av dei innsamla midlane.

Likeins som i 1905 vart det nedsett ei skylddelingsnemnd til å verdsetje jordskaden. Både for Bødal og Nesdal kom retten til at jorda hadde lide stor og uboteleg skade, og skylda vart sterkt nedsett. Størst var avtaket for Nesdalsgardane, men avtaka var og svært store i Bødal.

Namna på dei som sette livet til i denne ulukka var:

Bjarne M. Nesdal, f. 1931
Lærar Thomas Sæle, f. 1897
Gbr. Bent D. Skarstein, f. 1882
Dagfinn B. Skarstein f. 1923
Olav B. Skarstein, f. 1926
Gbr. Elias V. Bødal, f. 1876
Johan E. Bødal, f. 1913
Kårm. Simon S. Raudi, f. 1869
Edvard 0. Bødal, f. 1926
Gbr. Arnbjørn A. Nesdal, f. 1906
Anders A . Nesdal, f. 1936
Arb. Kristen J. Sande, f. 1871
Karm. Anders 0. Nesdal, f. 1875
Audun A. Nesdal, f. 1909
Anfinn K. Slagnes, f. 1909
Gbr. Mons 0. Nesdal, f. 1901
Olav M. Nesdal, f. 1926
Udøypt son til M. O. Nesdal, f. -36
Gbr. Bernt D. Fredsvoll, f. 1887
Gbr. Rasmus S. Myrhaug, f. 1893
Sverre R. Myrhaug, f. 1925
Olav R. Myrhaug, f. 1929
Peder K. Frøholm, f. 1917
Gbr. Lasse S. Bødal, f. 1882
Steinar L. Bødal, f. 1917
Ivar L. Bødal, f. 1929
Gbr. Simon S. Raudi, f. 1897
Oskar S. Raudi, f. 1905
Gbr. Oskar E. Bødal, f. 1900
Asbjørn 0. Bødal, f. 1930
Svein 0. Bødal, f. 1932
Egil 0. Bødal, f. 1934
Gbr. Rasmus E. Bødal, f. 1887
Arnold R. Bødal, f. 1927
Simon H. Sanden, f. 1924
Anders H. Sanden, f. 1926
Anders E. Solheim, f. 1915
Rasmus R. Sætre, f. 1902
Trygve Paulsen, f. 1913
Sivert M. Sylte, f. 1882
Matias 0. Rot, f. 1900
Møyfrid A. Nesdal, f. 1908
Svanhild A. Nesdal, f. 1920
Agnes M. Nesdal, f. 1929
Solveig M. Nesdal, f. 1934
Gbr.k. Rakel S. Skarstein, f. 1903
Synneve B. Skarstein, f. 1915
Solfrid B. Skarstein, f. 1925
Kårk. Oleanna 0. Raudi, f. 1864
Målfrid E. Loen, f. 1919
Gudny L. Bødal, f. 1921
Gbr.k. Eli H. Nesdal, f. 1884
Gbr.k. Katrine B. Nesdal, f. 1899
Gbr.k. Gunvor I. Nesdal, f. 1906
Oddrun A. Nesdal, f. 1924
Nikoline K. Os, f. 1914
Samuline Otterdal, f. 1916
Gbr.k. Anna E. Fredsvoll, f. 1883
Gbr.k. Ingeb. 0. Myrhaug, f. 1895
Borgny R. Myrhaug, f. 1923
Gbr.k. Marie S. Bødal, f. 1889
Synneve L. Bødal, f. 1914
Signy L. Bødal, f. 1920
Gbr.k. Dortea L. Bødal, f. 1912
Målfrid B. Skarstein, f. 1929
Oddny S. Raudi, f. 1927
Gbr.k. Malmfrid R. Bødal, f. 1899
Anne Marie Mardal, f. 1899
Ingeborg J. Sæten, f. 1918
Oddny 0. Grov, f. 1916
Gbr.k. Alvhild K. Raudi, f. 1906
Inga I. Seljeset, f. 1915
Oline R. Sætre, f. 1892
Aslaug B. Fredsvoll, f. 1919

*************************************
Start

80 Sæten

Breng

Namnet er i mellomalderen skrive på ymse måtar: i Setin, å Setten, i Sæthina (dat.), Setten, Setter(!). Rettast er vel Setin. Andre parten er vin: god hamne, gard. Første parten er vand å tyde. Kan hende av sat: oppsetjingsstad av di dei her sette opp båtar o. y. a. når dei for over vatnet. Her er den vanlege landingsplassen for gardane oppe ved vatnet.

Garden er sikkert sværande gammal. Han er nemnd i ymse dipl. frå mellomalderen, første gong i 1340, då øydejord og avf all i Alda skpr. vert opprekna. Det var då 6 m.m.b. avfall i Setin. (Dipl. Norv. IX s. 136.)

I diplom, dagsett Settinn 1.7. 1401, kunngjer dei tre mennene Olav Jonson, Jon Siurdson og Siurd Isakson kor mykje jordegods Ellend Jonson a Setten då åtte. Det var: 8 m.m.b. i Setten, 9 m.m.b. i innatunum i Nesdalle, 6 1/2 m.m.b. i yttra tunum, 1 1/2 m.m.b. i Yttra Nesdalle, 6 m.m.b. og 8 tveitars leige i Hugrenni, (ein) m.m.b. i Hellesetter og 7 m.m.b. i Breidinghi (Breng). Alle desse gardane, seier brevet, ligg i Gordudall (Lodalen) i Loda kyrkjesokn i Nordfiordum. Dette godset fekk Jon Ellendson i arv etter faren sin. Dessutan åtte han 8 m.m.b. til i Settinn, som han hadde kjøpt. Ellend og Jon må ha vore meir enn vanleg velstandsfolk, då dei eig alt jordegods i Lodalen med unnatak av Myklabø.

Av dipl., dags. 29.1. 1469, ser vi at dei to lagrettemennene i Nordfjord, Bjørn Sigurdson og Hallvard Annbjørnson, kunngjer at Ulvhild Jonsd. då åtte dette godset: 16 m.m.b. i Sæthina, 5 m.m.b. i Breidinghe, 7 m.m.b. i Hællesæter, 9 m.m.b. i Hogrenne, 19 m.m.b. i Næsdal og derunder halve Tiønnedaal og Muledaal til hagelende (beite). Vidare åtte ho: 5 m.m.b. i Yrine i Alladaal, ein halv teig jord i Fjællene å Bredemne (Felle p. Breim) og 4 m.m.b. i Lefdale i Øyiesfiordhe. Alt dette godset åtte ho fritt og frelst med veg, naust og naust-tuft i Nordanvik. (Er vel Vassenden.) Brevet seier og at rette merkeskil mellom Lodhen og Sæthene var i ytre enden av Jædharnom (Jædhamrom?). Ulvhild må ha vore dotter til Jon Erlendson, som er nemnd i 1401. Som vi ser, eig ho enda meir gods enn f aren åtte.

I 1519 legg Magnus (Mogens?) i Setter(!) 3 1. s. i tiende- pengar og 2 1. s. for jordegods. I 1522 legg han 10 mk. i brevbrudd. Han var vel einaste brukar på garden då.

I 1563 har garden to skatteleggjande menn, Laurits og Rasmus Settenn, som kvar legg 1 dl. i leiglendingsskatt, og Rasmus legg dertil 1/2 dl. 9 skill. for jordegods. Laurits (eller Lasse) Mogenson er lagrettemann i 1584. Av eit dokument frå 1615 ser vi at Laurits, som då var død, hadde desse borna: 1. Rasmus Seten, då død, 2. Eirik Heggestad, 3. Jakob Loen, også død då, 4. Guri, g. m. Anders P. Sunde, Olden, 5. Maritte, då ug. Desse syskena og deira arvingar selde d. år 1 pd. i Sæten til Rasmus sine søner Oluf og Sjur.

I 1.567 svara Settenn 2 geitsk. 2 bukkesk. i leiding. Etter det var landskylda då ikring 3 laup smør.

Landskylda var frå 1600-årstalet 5 1. smør, men skatteskylda vart i 1667 sett til 4 1/2 1. I 1734 vart skylda nedsett med 1 1/2 1. av di garden då hadde lide stor skade, særleg på markeslættene og féhamna.

Jordboka frå 1626 seier om garden at han då var «god til avling». To brukarar var «temmelig formuende», dei andre tre hadde «ganske ringe formue». Det var då mange luteigarar om garden. I 1661 hadde han to kverner, eit minne om då garden var berre to bruk. Matrikkelnemnda i 1723 fann at han låg farleg til for skred, men gjorde ikkje framlegg om noko avtak. Ikring 1730 leid garden mykje skade, og difor vart det halde åstadsgransking den 6.11. 1734 over all den jordskade som garden gjennom lange tider, men særleg dei to siste åra, hadde lide på dei beste utmarkslættene sine (og til dels innmarka med) av snøfonn, vasslaup og fjellskred. Brukarane gav opp at fodnaden på garden då var 2/3 mot før, og dei såg seg ikkje syn med å verte buande på, garden om dei ikkje fekk ei rimeleg avfelling på skylda. Då dei ikkje til fullnad kunne gjere greie for all skaden og heller ingen til fullnad kan tru eller tenkje seg kva skade dei har lide, søkte dei stiftsbefalingsmannen, admiral Ulrich Kaas, om det kunne verte nedsett ein åstadsrett til gransking av skaden og nedsetjing av skylda. På det resolv. Kaas 14.8. 1734 at fut og skrivar skulle la ein åstadsrett sjå over skaden og gjere framlegg om avfelling, som stiftsbefalingsmannen så ville sende til kongen til stadfesting.

Åstadsretten - skrivar P. Schonvig og 6 lagrettemenn granska skaden, og fann at brukarane hadde rett i klaga si. Høyavlen hadde minka med om lag 20 kufor, d. e. om lag 1/3 av garden sin høyavl. På åkeren var ein skade som svara til ein mæle såd. Retten fann vidare at garden hadde «stor besværlighed» med høyavlen, då dei beste slættene og féhamna låg på begge sider av vatnet over ein fjerding frå garden, og mesteparten av høyet og avdråtten av krøtera måtte først berast på ryggen og sidan førast i båt til gards. Særleg fann retten at plassen «Brevig» (d. e. Breng), som i fordoms tider var ein laup i landskyld og som var lagt under Sæten då matrikkelen vart skipa, av snøfonn, elvalaup og fjellskred «var mesten ruinert» og øydelagd, så han no var av liten nytte mot før, då dei der hadde beste slått og féhamn heile sommaren. På sørsida av vatnet var og før framifrå gode enger og slåttemark, men no var dei der og mest øydelagde og bort-tekne. Retten nedsette difor landskylda frå 5 laup til 3 1/2 1., skatteskylda frå 4 1/2 1. til 3 1. (Skatten altså nedsett med 1/3.) Leidingen vart nedsett frå 9 til 6 geitskinn, korntienda frå 5 1/2 tunne korn til 5 tunner, butienda frå 2 1/2 bismerpd. til 1 2/3 bismerpd. smør.

Fodnad og avling har sidan gått monaleg fram. Fodnaden har tviauka, og kornavlen er meir enn firdobla. Få gardar i Nordfjord har vel så gild krøterhamn som Sæten. Dei har to setrar, Breng på nordsida av vatnet og Nesbøen på sørsida. Her ligg dei med krøtera heile sommaren, 14 dagar om gongen på kvar stad.

I 1520 var Sæten eitt, i 1563 to, i 1602 fire og i 1611 fem bruk. Med det står brukstalet til ut i 1640-åra; då vart garden enda meir utparta. Storleiken på dei fem bruka i 1630 åra var såleis: to var 1 1/4 1. kvart, eitt 1 l. 3 mk., eitt 2 pd. 9 mk. og eitt 2 pd. I 1640-åra vart bruket som var 1 l. 3 mk. utparta i tre bruk, to = 1 pd. 6 1/2 mk. kvart og eitt = 14 mk. Dei to gjekk sidan saman att (nr. 4), og dei 14 mk. gjekk inn i eit anna bruk (nr. 6). Det bruket som var 2 pd. 9 mk. vart kløyvt i to like bruk, og det eine av dei største bruka vart i 1659 6g kløyvt i to like bruk (nr. 1 og 5). Dessutan låg ein part på l/2 pd. (av nr. 7) til Knutbruket i Bødal, så garden i alt var 10 brukspartar i 1650-70-åra.

I 1690-åra - då tidene var låke med uår, fattigdom og svolt - vart det noko omskipling med bruka. Somme bruk låg då øyde, og småpartane gjekk saman i store bruk att, så garden då vart sju bruk, og det har han vore til siste tid. (Sjå elles meir om det under dei einskilde bruk.)

Sæten var bondegods og har for det meste vore brukarane sin odel. Laurits A. Nesdal åtte 17 mk. i nr. 7, som brukaren og eigaren Sjur Rasmusson selde, truleg for å berge seg med ei pengebot då han vart landlyst 1618 for legermål med tremenningen sin. Denne parten vart løyst att i 1700. Bødalsparten vart og løyst att ikring 1700. Om prestebolsgodset sjå under Breng.

Strid og semjer. I 1740 vart det dømt i ei odelstrette mellom Ola Larsson på br. nr. 5 og Salve Simonson på nr. 7. Striden, som hadde gått sidan 1700, hadde opphavet sitt såleis: I 1690 vart det gjort semje mellom Sjur Rasmusson og broren Ola, søn. til Rasmus Sjurson på nr. 7. Etter denne semja let Sjur, som var den eldste, men vanhelsa, broren Ola få åsete- og odelsretten til 2 pd. i bruket, og sjølv heldt han att 1 pd., då han kjende seg for lite helsesterk til å styre og bruke heile bruket. Ola, som åtte 16 mk. av dei 2 pd., løyste resten frå fire systrer, gav Sjur 6 «slette» dl. for retten og fekk skøyte på godset. Det eine pundet som Sjur heldt att, skulle han og kona hans bruke si levetid. På grunnlag av semja fekk så Ola 1700 skøyte på 2 pd. som han dels hadde arva, dels løyst frå systrene og Jakob L. Indre-Nesdal. Men Ola døde i 1701, og då enkja hans, Dorte Kolbeinsd., gifte seg att med Lars Sjurson Sæten, vart det gjort ny semje mellom dei og Sjur. Dei skulle gje Sjur 7 rdl., men det pundet han brukte skulle han og arvingane så ha til æveleg odel og åsete utan påkjæring. Den som rippa opp i denne semja, skulle svare 10 rdl. til den andre parten. Enno vart det ikkje stilt med striden. Sjur sin verson Salve Simonson anka på semja, og «for freds og roligheds skyld» let Dorte og Lars i 1721 Salve få eit halvt pd. av bruket deira til kjøps for 15 rdl. Godset vart utmælt og tillagt Salve sitt bruk. Men enno var det ikkje ende på striden. I 1740 var det åstadssak på garden, og då vart det avsagt dom i tretta. Salve sitt odelssøksmål vart avvist, og ifall Salve ikkje no gav seg og heldt opp med påkjæringa si, ville retten døme han til ei høveleg mulkt til justiskassa. (Etter dok. på garden.)

I 1741 vart åkrane bytte etter krav av brukarane på nr. 6 og 4. Åkrevindda var då i alt 159 791 rutealner = om lag 64 mål. På kvar laup skatteskyld vart det om lag 14 1/4 mål. I alt er nemnde ikring 40 åkrar. Dei var: Storåkeren, Reina, Myra, Haugsvad-åkeren, Espåkeren, Storsteinåkeren, nedste og øvste, Nylenda, Nylenderumpa, Hauane, øvste og nedste Storåkerskallen, Rognåkeren, Fjøsbakken, Seljebakken, Litleåkeren, Litlerumpa, Humlegarden, Fjøsåkeren, Stabbursåkeren, Kristiåkeren, Heggåkeren, Gjølrumpa, Holeåkeren, Vassendeåkeren, Vollåkeren, Skarpæte, Bakkestykket, Håreina, Høgereina, Rundåkeren, Andåkeren, Kornkvia, Grovåkeren, Rullebakkåkeren, Kvieåkeren, Danielåkeren. Storåkeren var ikring 8 mål og var største åkeren. I den fekk alle kvar sin lut.

Semjer vart gjort 1803 (tingl. 22.10. d. år) mellom Sæten og Loen om skogen og merkeskila, og i 1874 mellom Sæten og Sande om merkesgard mellom Sande og Breng.

Garden vart utskift i 1895. Fem brukarar flytte ut. No har dei fleste bruk nye hus. Før var det ymse gamle hus på garden. Somme av dei var eldgamle. Stova på Olabr. (nr. 3) var sikkert fleire hundre år gammal, truleg frå 1400-årstalet. Ho vart kjøpt til bygdemuséet i Nordfjord, der ho no står. Opphavleg var ho ei av dei største og gildaste stovene i Nordfjord. Sist vart ho nytta ei tid til stall, sidan til smidje.

Opphavleg var garden bygt i to tun, Oppigard og Nigard, som enno er bruksnamn og minner om den tid då garden var berre to bruk. Dei andre bruksnamna er etter brukarar og er (med unnatak av namnet på Olabr.) nyare namn. Ættelinene på bruka er til dels gamle. Eldste ætta sit på nr. 1 og 7. Om nokon av desse ættar frå Ellend og Jon i 1400-årstalet er uråd å seie.

Start

Breng

Breng er no, som før sagt, seter og slætte til Sæten, men var i mellomalderen ein bygd gard. Namnet er samandrege av den gammalnorske forma Breidingr, dativ i Breidingi, av breidr., brei, og ingr, attpåsleng, som t. d. i vintring, ungr i Greidungr. Namnet har omsyn til lægje. Lendet her er ei brei, vid flate, den einaste ein har ved vatnet mellom Sande og Bødal.

Breng er nemnd som gard både i Bj. K. og i diplom frå 1340, frå 1401 og 1469. Av Bj. K. ser vi at både Lo-kyrkja og Olde-kyrkja den tid åtte jordegods her. Og dipl. frå l401 og 1469 melder at Jon Ellendson og Ulvhild Jonsd. den tid åtte 7 m.m.b. i Breidinghi. (Sjå under Sæten.) Breng er ført i skattemanntal og jordebøker frå første bolk av 1600-årstalet som ein særskilt skyldsett gard, men brukt som underbruk under Sæten. I matriklane frå 1667 og 1723 er garden ført som underbruk til same under namnet Breuig. Breng var prestebolsgods og låg til Innvik prestebol.

Ei gammal segn kan seie av at Breng var bygd gard, som hadde to mann. Då garden vart øydelagd, vart den eine av dei med huslyd også øydelagd. Den andre hadde flytta frå garden før. Han hadde då lenge vore så ottefull at han var ikkje god for å vere her lenger. Og det var på høg tid. Om natta vart garden utteken med hus, innbu og fé. Truleg var det av vassdemme i Brengelva.

Breng ligg ved utlaupet av den stride fossande Brengsåa, som kjem frå breane i Brengsdalen. Når breane brest ut eller det går jordskred i dei bratte dalsidene, vert elva tidt demd opp, og når ho så bryt ut, gjer ho tidt stor skade. Sommaren 1926 hende denne tilburden, og mest halve Brengsbøen vart utteken. Det var så heppeleg at skaden hende om dagen då buskapane var på beite oppe i liene. Hadde det vore om natta, hadde vel buskapane stroke med, då det nett var bulægene som vart uttekne.

*************************************
Start

81 Oppheim

Oppheim ligg på ein vang høgt oppe med eit framifrå utsyn over fjorden, innover Loen og sørover mot Olden. Namnet er særs høveleg. Det provar at garden er gammal. Alle namn på heim er gamle. Ei røys, Dærøysa, er trule- gravrøys. Namnet er i mellomalderen skrive i dativ «i Upphæimi»; nominativ skulle då vere Uppheimr: bustaden, garden høgt oppe.

Av Bj. K. ser vi at prestebolet i Olden åtte 4 1/2 l. i Upphæimi. Garden er elles ikkje nemnd i mellomalderen, og det er likt til at han låg øyde etter Svartedauden til midten av 16. århundre. I 1563 er han nemnd att. Han har då berre ein brukar, Oluff p. Opeme (Irm. i 1584), som legg den vanlege leiglendingsskatten, 1 dl., og 1 dl. i skatt for jordegods.

Landskylda var i 1626 4 1/4 laup. I 1702 vart skylda avteken 1 1/4 1. og stod sidan ubrigda til 19. århundre. Etter segna vart skylda avteken av di åker-reinene brast ut. Av jordboka frå 1626 ser vi at garden då hadde «temmelig avling» enda han låg «på et field». Alle brukarane då hadde «ringe formue». I 1702 vart det med dokument som vi no ikkje kjenner prova at Oppheim var opprudd i Rake si utmark. Av di bøen var så ring, åkrane så grunne og tørre, og garden låg høgt til fjells og var så bratt at alt måtte berast og ein difor måtte ha stor tenarhjelp, vart det då avteke 1 1/4 l.

Mesteparten av garden var bondegods. Kruna åtte 1/2 laup frå før 1602; det låg i br. nr. 3 og vart saman med anna krunegods i 6 gardar i Eid i 1628 av kruna pantsett til nokre borgarar i Bergen for «sølvforstrækning», men løyst att i 1638. Det er likt til at kruneparten i Oppheim vart løyst av brukaren alt i 1660-åra.

Olde-kyrkja åtte 6 mk., som låg i br. nr. 1. I nr. 3 låg 12 mk. til Fana prestebol; det låg opphavleg til «læsemesteren» eller lektoren ved Katedralskulen i Bergen; det vart løyst i 1867 for 130 spd. St. Jørgenspitalet i Bergen åtte før 1673 1 pd., som ei tid låg i br. nr. 3, sidan i nr. 4: vart løyst i 1848 for 150 spd. Segna seier at godset vart gjeve til spitalet for at åker-reinene skulle liggje i ro. Bondegodset var 3 1. 12 mk. og var opphavleg brukarane sitt. Somt av bondegodset var ymse tider pantsett for lån. Presten P. H. Finde hadde såleis pant i br. nr. 3 og 4. Salve Sande åtte i 1680-åra mesteparten av br. nr. 2.

I 1588 tok Jon Olson Oppheim tingprov på kyrkjegarden i Loen av 12 lagrettemenn om korleis han hadde levt og skikka seg i grannelaget. Dei gav han eit godt skotsmål. Det ser ut til at det då hadde vore ein strid mellom Jon og grannen Lasse Knutson (Strand), som då klaga over at Jon med vald og makt hadde stått etter hans eng, avl og liv. (Etter eit ille medfare papirdokument frå Bødal.)

I 1639 makebytte Rasmus Olson og sysken Oluf, Anne og Marte Oppheim 18 mk. i Flo, som var faren Oluf Olson sitt arvegods, imot 18 mk. i Oppheim med Lasse Andersson Flo. Dei 18 mk. i Oppheim hadde Lasse si kone arva etter f ar sin, Øystein Andersson Flo.

Oppheim, som i 1563 var berre eitt bruk, er i 1602 fire og i 1626 seks bruk. I 1630-åra er dei gått saman i fire att. Storleiken då var såleis: Eitt = 3 1/2 pd., eitt = 3 1/4 pd. og to = 2 1/4 pd. kvart. Sidan var garden fem bruk, men i første åra av 1700-årstalet gjekk tre av dei saman i to bruk, nr. 3 og 4. Dei andre to har vore ubrigda frå 1.636.

Garden vart utskift i 1909. Utskiftning var kravd alt i 1835, men dei fann då utskiftning urådeleg.

Plassen Håheim (d. e. Høgeheimen) ligg nede under reina nedafor tunet. Arne Larsson, brukar på br. nr. 4, var lensmann i Olden skpr. 1716-28. I den tid var tinget for Olden halde her, og tingstova har stått til nyleg. Denne ætta var ei. særmerkt ætt med god midel. Frå henne ættar kjøpmann Abraham Oppheim, Bergen, og bonde Ola Haus, Davik.

Gamle namn er Peråkeren, Hampetufta, Jensteigane, Berrrøysa, Berresflata.

*************************************
Start

82 Rake

Namnet truleg av råk, dativ raki: ein stad der lause ting, «råk», rek saman. Ordstomnen rak har ein i mange gardsnamn. Det er dativforma som har fest seg i namnet. Dativforma er brukt noko ustød i mellomalderen såleis: i Raki, a Raki, a Rake. I 15. og 16. århundre er namnet skrive Raak, Rake, Rage. Namnet er særs høveleg då garden ligg på eit nes imot Olde- og Lo- buktene, der straum og vind tidt fører mykje «rak» med seg.

Garden er sværande gammal. I stranda mellom Rake og Solvik er ei - kan hende to - gravrøysar: dei er visst ikkje granska; er truleg frå bronsetida.

Rake er nemnd i Bj. K. Ulfi a Raki er nemnd saman med nokre andre menn som vitne på ei semje 4.9. 1328, sjå om det under Flo og Glomnes. Same stad ser ein at prestebolet i Alda då åtte 6 1. i Raki. Jostein a Raki, n. 1328, er vel den same som den Jostein Arnarson som i 1340, 19.1., saman med broren Håkon, Erling på «Harinum» (Håheim?) og presten Sigmun i Alda var vitne på at Ivar på Rake i kyrkja i Alda rekna opp for Olav Ogmundson veitsler, avfall og øydejord i Alda. Ivar var vel anten sysselmann eller lensmann.

Rake er og nemnd i Munkelivboka. Munkeliv-klosteret eig i 1427 VIII (m.m.b.) i «Raak i Vtnikom(!) i Nordfiordum». I 1463 eig klosteret 1 1/2 laup i Rake. I 1519 legg Hallkel p. Rage 10 lodd sølv og Halword p. R. 3 1. s. i tiendepengar, og Halw. legg 3 1. s. for jordegods. Hallkel er og nemnd i 1522 og svarar då 16 mk. i «brevbrud» (det er gebyr for utskriving av off. dokument). I 1563 legg Peder, Jon, Elling og Anders (Endreson) på Ragenn vanleg leiglendingsskatt, dei tre førstnemnde 1 dl. kvar, Anders l 1/4 dl., og Jon la 2 1/4 dl. i jordskatt. I 1567 svarar Rache 6 gsk. 4 bsk. i leiding, og etter det skulle landskylda då vere om lag 7 laup.

Landskylda var i 1626 5 1/2 pd. sm., 2 huder, 5 tun. korn 6 1/6 laup smør. I 1673 vart avteke 1 pd., i 1687 auka til l 1/2 laup, stadfest 1702, då avtaksretten fann skatteskylda, som var 1 1/2 1. større enn landskylda, urimeleg høg, for frå denne garden er det oppteke dei tre gardane Oppheim, Marså og Strand, utan at hovudbølet fekk avslag på skylda. I 1660åra var Oppitun 2 1/2 pd. 1 h. 5 t. korn = 4 1. 2 pd. sm., og Neditun var 1 1. 2 h. = 2 1. sm.

Grunnen til avtaket i 1687 var at garden då hadde lide «temmelig skade»; dertil kom at det til gardens "største ruin och skade befindis at være fra den optagit gårdene Oppim, Marså och Strand, som tils. skylder 6 1/3 1., uden at hovedjorden har fået nogen lettelse i sin landskyld». Av dette er brukarane vorte så utarma at dei har fare frå garden med sine folk, «og sig til andre fogderier begivet» (Jøstedal?). For at ikkje garden skal verte heilt øyde, set retten avtaket til 1 1/2 laup. Det burde ha vore meir, men dei vågar ikkje å setje det høgare for dei «kong. intrader» si skuld. I 1728 vart avteke 1 pd. til, så skylda sidan er 3 1/2 l.

Jordboka i 1626 seier at garden då hadde «temmelig» avling, men det var mange luteigarar om han, og brukarane hadde «ringe formue». I 1661 seier matrikkelnemnda at kasting etter småsild var godt lunnende til garden. Han hadde då berre ei kvern. I 1723 hadde han ikkje lunnende av sildefiske, og jorda då var tunn og skarp. I nyare tid har fisket etter sild, laks og aure vore eit godt lunnende til garden.

Munkeliv og Innvik prestebol åtte kvar sin part av Rake alt frå mellomalderen av. Munkelivparten = 1/2 1. 1 hud, låg i br. nr. 4 og vart løyst av brukaren i 1716 og 1722 frå Anders Lauki, som i 1710 kjøpte godset av presten Abs. Beyer sine arvingar. Prestebolsparten, som i 1585 var 1/2 1. 1 hud og sidan 4 1/8 pd., låg i nr. 1 og vart løyst i 1868 for 650 spd. Olde-kyrkja åtte i 1585 1 1., sidan 6 mæler korn 2 ½ mk. sm. Dei 2 1/4 mk. låg i nr. 5, resten i nr. 6. Kyrkjegodset i nr. 6 vart frå 1670-åra av nytta av klokkarane i gjeldet. Brukaren løyste det i 1866 for 500 spd. Rentene vart nytta til forbetring av klokkarløna til dess det vart kjøpt klokkargard. Då nytta dei kapitalen til det.

Det var to bruk på Rake som høyrde til klokkargarden. På auksjon 14.12. 1865 kjøpte Anders Rake Dalehaugen, br. nr. 6, for 500 spd. Elling Olson Rake kjøpte br. nr. 10 for 600 spd. Av pengane fekk kyrkje-eigaren 160 spd. for eigedomsretten, og klokkarstillinga 940 spd. for bruksretten.

Resten av garden var bondegods. Noko av det vart dømt under kruna i 1692, då ingen eigar «lot sig finde», men i 1714 vart det kvitta av odelsboka, då ingen kunne gjere greie for kva bruk det låg i. I 1728 vart 2 pd. 10 mk. krunegods (i br. nr. 6-8), som var kome under kruna i 1680-åra, selt til brukaren Jakob Rasmusson for 28 1/3 rdl.

Noko av bondegodset vart pantsett i 1675 til Arne Bø, Stryn; det var 1/2 laup = 4 m. k. og låg i nr. 5. Det vart tid etter tid lovbode til løysing, men ingen løysar melde seg. Panthavaren gav då godset til fattige spilte. I 1726 løyste brukaren det for 30 rdl. Resten av bruket var det i 1680-åra ymse eigarar av. Arne 0. Skaden åtte 15 mk. 1 m. k., som brukaren løyste i 1724 for 16 rdl.

Opphavleg var vel Rake to bruk. Dei låg i kvar sitt tun, Oppigard og Nigard, og vart skilt etter strengemerke. I 1563 er garden fire og i 1608 seks bruk, tre var kvart 1. laup, eitt 4 pd. 9 mk., eitt 1 1/4 pd. og eitt 1 pd. sm. Frå 1650-åra var garden fem bruk med ymse storleik såleis: To var 1 ½ l. kvart, eitt 1 1., eitt 2 ¾ pd. og eitt 1 1/4 pd. Frå 1674 var Rake seks bruk att, og storleiken var no noko omskipla. Til Nigard høyrde br. nr. 1 og 4; dei andre høyrde til Oppigard. I 1783 vart det lagt 10 1/2 mk. frå nr. 8 til nr. 6.

I 1725 var det strid mellom Jakob på br. nr. 8 og Botolv på br. nr. 10 om 12 mk. som Botolv brukte, men som Jakob meinte å ha odelsrett til, endå godset i over 20 år hadde vore skilt frå Jakob sitt bruk. Partane samdest slik at godset skulle kome under Jakob sitt bruk når Botolv og kona får seg noko anna bruk. Botolv skulle ha rett å få utbytt enga som høyrde til; åkrane var bytte før. Btotolv si kone, Ane Valdemarsdotter, meinte ho var rett odelsmann til godset.

Lovleg åkrebyte vart halde her 1728 etter krav av Lars Arneson Rake og eigarane av Olde- kyrkja. Kyrkjegodset sin landbonde, Byrge, hadde aldri hatt meir åker og eng til bruk enn det som svara til ein halvt laup, og heller ikkje hadde han svara landskyld til klokkaren for meir. Lars Arneson fann seg storleg misbytt med åkrebytet. Dei andre brukarane trudde ikkje det var naudturvande å ha nytt byte, då det for ei tid sidan vart halde byte av lensmannen og to mann. Særleg meinte Ola Botolvson, som br. ½ l. 1 hud prestebolsgods, og Lars Knutson, som brukte like mykje odelsgods, at byte av åkeren var uturvande, då deira bruk låg for seg sjølv innafor tre fullgode merkesteinar som dei hadde brukt frå aralds tid upåtalt og utan noko teigblanding med dei andre bruka. Dei budde og for seg sjølv i eitt tun (Nigard). Retten dømde merkelina mellom Neditun og Oppitun fullt lovleg og at det påkravde åkrebytet difor var Neditun-mennene uvedkomande. Åkrevidda var då i alt 66 203 rutealner = 26,4 mål. Åkrane var: Flåtane, øvre og nedre, Heggåkeren, Kaldåkeren, Kringleåkeren, Myra, Mælesæde, Ripa, Skouåkeren, Svadet, Tverrstykket, Undersyfta.

År 1732, den 9.7. o. f. d., var det åstadssak mellom Rake og grannegardane Oppheim, Marså og Strand om merkeskil og bruk, féhamn og slætter etter krav av Rake-karane, som klaga over at dei hadde lide urett av brukarane på Oppheim, som m. a. uløyves hadde lagt inn slåttekvier av den sams féhamna som dei lysta. Oppheimsmennene svara hertil at Rake-mennene vel veit at Marsåelva frå aralds tid har vore lovleg merkeskil mellom Marså og Rake på ytre og Oppheim på indre sida for féhamne, men for skogbruket hadde ei line frå Brennesteinen og inn i Storeskreda ved Lo-merket vore merkeskil. Dei kravde desse linene haldne i lovleg hevd. Elles skulda dei Rake-mennene for å la krøtera gå lause på beite kvar som helst. Åstadsretten tok til med ei gransking og samla partane ved Brennesteinen. Men då Oppheimsmennene «merkede at saken vilde falde dem contrairi, ginge de vrede bort og likesom foragtede retten».(!)

Retten heldt likevel fram med granskinga og sette fem merkesteinar i lina mellom Brennesteinen og Merkesholen ved Lomerket. Så sette retten sju steinar i ei line frå Féhammaren og ut og opp under Lieset-hammaren som merkeskil mellom Oppheim inn og ovafor og Rake og Marså ut og nedafor. Stølsmarka ovafor Liesethammaren skulle som før vere sams stølshamn for dei tre gardane. Sidan sette retten lovlege merkesteinar mellom skog- teigane åt dei fire gardane ute på stranda.

I 1832 vart avsagt dom i strid om fébeite mellom Rake og grannegardane.

Garden vart utskift i 1869-70. Før sat dei seks brukarane i to tun oppe under bøgarden. Etter utskiftninga flytte fire brukarar ut, to sat att i dei gamle tuna. Innleigda og Geilane vart utskift i 1902, og skogen i 1915.

Presten Jens Søfrenson, kapellan i Innvik i «Meister-Jo» si tid, budde her på Rake, som han åtte ein part av. Han budde her til han døde ikring 1636, og enkja hans, Susanne (Pedersd.), brukte bruket her 1636-57. Ho åtte 2 1. sm. Av borna deira er i 1646 nemnde Peder og Søfren (han var i 1650 åndssvak). Ein son, Daniel, var brukar på Rake 1644-48, sidan på Brynestad.

I 1882 hende det ein sørgjeleg tilburd på denne garden. Brukaren på br. nr. 6, Hans Andersson, vart drepen av tenestedrengen sin, Karolus Lohaugen, som slo husbonden sin i hel med ei år medan han låg og sov i båten ei natt dei låg og vakta på silda. Drapet ville han så dølje ved å kvelve båten inne på Lobukta. Men då liket vart funne, synte det skilgreitt at det var gjort valdsverk med mannen, og drapsmannen tilstod då kor det hadde bore til. Han hadde drepe i eit ovsinne. Han vart dømd til livsvarig fengsel. Då han hadde site i 18 år, f ekk han nåde og slapp av di han hadde ført seg så vel.

Frå Rake har det fare mange til Amerika. Ein liten by i Iowa har fått namnet Rake etter garden. Ein av dei mest dugande advokatar i Minneapolis, Elias Rachie, ættar frå Rake.

*************************************
Start

83 Marså

Namnet er i mellomalderskjelder skrive på ymse til dels meiningslause måtar. Bj. K. (frå tida 1306-60) skriv Marso, Masså, Måssa(!) og Masso. I Munkelivboka er namnet skrive Masså (1427), Massås(!) (1463) og Massa (ikring 1490). Etter 1600 er skrive Marso, Mørsa, Mårsåe, Marså. Nokre av desse mellomaldersformene gjeld vel garden Marså i Oppstryn (sjå under Flo). Bygdeuttalen av namnet er Marså med tostavingstone. Tydinga av første parten er vand. Andre parten er vel å, elv. Truleg er namnet opphavleg eit elvenamn.

Garden er sikkert gammal. Ute i Storevik, utafor naustet, er sikkert ei, kan hende to, gravrøyser. Dei er visst ikkje granska. Her er det og funne ei lita gammal handkvern.

Det som Bj. K. melder om Marså, gjeld Marså i Oppstryn.

Munkeliv-klosteret åtte Marså, og garden er som før sagt nemnd i Munkelivboka både i 1427, 1463 og i 1490-åra. Munkelivparten var i 1463 eitt spann sm. i landskyld. Saman med det andre Munkelivgodset kom garden under kruna. Presten Absalon Beyer kjøpte garden saman med anna Munkelivgods i 1660-åra. I 1720 og 1727 løyste brukaren Botolv garden frå Absalon sine arvingar og presten P. 0. Schreuder.

Landskylda var i 1626 2 pd. Garden var då ring, og brukaren hadde «ringe formue». I 1673 vart skylda auka med 6 mk. Garden hadde kvern i 1661.

Då garden korkje i 1520 eller 1563 er nemnd, må han då ha lege øyde. Han vart vel bygd att i 1590-åra.

Marså har alltid vore berre eitt bruk, men alt i 1600-årstalet hadde garden ein husmannsplass som låg ute i Storevika. Husmannen Mikkel, som budde her i 1660-åra, hadde vore med i Hannibalfeiden. Plassen Storekvia vart oppteken for vel 100 år sidan. I 1732 vart det dømt i striden mellom Marså, Rake og Oppheim om fébeite og merkeskil. I 1777, den 6.6., vart tinglyst ei semje om same.

I 1782 selde Marså-mannen jektenaut-tuft til Lasse Bø og Stranda-karane for 2 rdl. Den første brukaren ein høyrer om, var Oluf. Dottera hans, Elina, fekk ein låk lagnad. Ho fekk barn med Ivar R. Flo, som var gift med frenden hennar. Elina drap barnet og vart dømd frå livet og avretta i Bergen 1630. Ivar slapp med ei bot på 30 rdl.

Jens Pederson Krabbe var brukar her ikring 1700. Han var sersjant i Bergenhus regiment og hadde vore med i Gyldenløvefeiden. Han var vel son til Peder Jensson Rake, og i så fall soneson til presten Jens Støfrenson, kapellan i Innvik, d. f. 1636, og kona Susanne. Brite Jensd. Krabbe var trulova med Botolv Simonson, men då han slo opp med henne, gjorde dei i 1717 den semja at ho skulle ha avlen av ein åker, for til ei ku og husvære hjå han. Han var då trulova.

År 1737, same tid som Strand fekk avtak, vart og Marså granska av avtaksretten, som fann at Marså og hadde lide skade på same vis som Strand, og fodnaden hadde minka med om lag 2 kufor. Retten sette avtaket til ¼ eller 18 mk. sm. Dette avtaket vart ikkje stadfest av riksstyret, men etter pålegg av stiftsbefalingsmannen vart det halde ny gransking 30.9. 1739. Brukaren prova no at garden hadde lide stor skade av steinsvor, både i 1724, i 1731 og i 1737, etter avtaket var gjort. Retten brigda no avtaket til 16 mk.

Dei to Marså-mennene Paul Samuelson og Peder Andersson kollsigla i ein stormiling på Oldefjorden vinteren 1807, men vart heppeleg berga av Sjur Vinsrygg, Tore Bø og Ola Jonstad. To kvinnfolk som var med kom bort. Dei to mennene var så medtekne at dei var frå sans og samling.

*************************************
Start

84 Strand

Garden ligg i den lange stranda mellom Marså og Staveneset, og namnet er difor særs høveleg. Han vert somme tider i første bel av 17. århundre også kalla Garpestrand. Første parten truleg av gammalnorsk garpr: stridbar, uroleg Kunne vere nytta i namnet med omsyn til dei jamlege skreda som går her. Den urolege stranda kunne det tyde. Strand er ikkje nemnd føre 1602 og er vel oppteken noko føre år 1600. Garden er sikkert oppteken frå Rake, og er difor 6g kalla Rakestrand.

Landskylda var i 1626 1 l. sm., men vart i 1740 avteke 1 pd. av di garden hadde lide mykje skade av skred. Etter jordboka frå 1626 var garden då ei «ringe jord», hadde lite brennevedskog, og brukaren var fattig.

Helvta av garden var odel, resten var bytt likt mellom Innvik prestebol og Munkelivklosteret. Kvar jorddrott var bygslerådig for sitt. Munkelivparten vart løyst 1716 og 1720 frå prestane P. 0. Schrueder og R. Brandal, som hadde arva parten etter presten Abs. J. Beyer. Prestebolsparten, som låg i same bruk (nr. 1) vart løyst i 1860 for 200 spd. Odelsparten vart pantsett i 1670-åra for 30 rdl. til Vik-ætta, etter segna av di to søner av eigaren då skulle ut i krig (Gyldenløvefeiden). Godset låg så under Vik-ætta. Brukaren løyste godset i 1723 frå Tue L. Bruvoll for 45 rdl., men Tue si dotter tok godset att med odelsrett fem år etter, og ætta hennar åtte godset til 1847 då det vart løyst.

Garden har alltid sidan 1602 vore to jamstore bruk. I 1620åra låg dei nokre år under ein brukar.

Merkeskilsdom mellom Strand og grannegardane innafor

1732. Semje om setrehamna mellom Strand, Årheim og Visnes 1864. Semje mellom dei to Strand-mennene 1875, tingl. 1877, om skogen.

Strand ligg særs stygt til for ovafare. Stein- og jordskred går jamleg nedetter den stupbratte fjellsida, og fleire gonger har garden lide stor skade. Største skaden leid vel garden i 1740.

I 1868 gjekk det ei veldig snøskrede her og, som på mange andre gardar. Ho tok ut løa og fjøset på eine bruket, men krøtera fekk ingen skade. Brukaren vart då så ottefull for framtida at han flytte husa utom bøgarden, der han kjende seg trygg, men det er lang veg til bøane inne ved dei gamle tuftene.

I seinare tid gjekk ei ovstor steinskrede innafor bøgarden. Ho braut ned mykje skog og skamfor den nye vegen.

I 1716 leid Håvard Åmundson på br. nr. 1 stor skade då 6 av husa hans med all hans avl og innbu brann opp 6 veker før jul. Han vart fri skatt eit par år.

År 1737 vart det halde avtaksskjøn ved resol. av stiftsbefalingsmannen etter bønskriv frå brukarane. Skjønet fann at garden låg svært farleg til og hadde tid etter anna lide ymse skade av fjell og steinskred på både inn- og utmark. Husa hadde dei for lenger tid sidan vore nøydde å flytte. Vart av-teke 1 pd. sm. då fodnaden hadde minka med 6 kufor.

Avtaket vart ikkje stadfest av riksstyret. Nytt avtaksskjøn vart halde 30.9. 1739. Då prova brukarane at for over 50 år sidan leid garden stor skade på åker, eng, utmarkslætter og hus, som dei laut flytte. I 1733, 1735 og no dette året hadde store steinsvårer gjort mykje skade på bø og slætter. Difor sette retten avtaket som før til 1 pd.

I 1732 var det åstadssak med dom mellom Strand og grannegardane innafor om merkeskila.

Det er nye folk som no sit på begge bruka. På det eine bruket, nr. 1, sat same ætta, son etter far, i over 200 år. Ei tid var brukarane på br. nr. 2 og av same ætta. Brukarane her var velstandsfolk. Buet etter Anders Eirikson, d. i 1790åra, var verd 720 rdl., ein sum som var sjeldsynt då mellom bønder.

Ved kong. resol., dagsett 16.6. 1922, er gardane i Rakegrenda 1-4 overførde til Stryn herad og Lo-sokna.

Start

96. Bergset.

Namnet er i Bj. K. i dativ skrive "i Berosætre" og "i Berusætre". I gammalnorsk norm. var vel forma Berusetr, av bera, hobjørn (hynebere) og setr, bustad. Etter det kunne namnet tyde bjørnegarden, og det kunne vere høveleg namn, då garden ligg høgt oppe inne i tjukke fureskogen. Namnet kan og kome av kvinnfolknamnet Bera eller elvenamnet Bera, meiner somme namnegranskarar. Namnet er etter 1500 skrive på ymse måtar: Berosetter, Beresetter, Bergzetter, Berseter. Forma Bergset, som har vore brukt i nyare tid, er ikkje rett.

Garden er eldre enn ein skulle tru. Kring 1930 vart det funne ei øks frå vikingtida (no i Bergens Museum). Truleg er garden oppteken då.

Av Bj. K. ser ein at prb. i Innvik åtte (1) laup, St. Lafrans kierkia på Skodi 1/2 1. i Berosætre, prestebolet i Utvik (1) sketting og kyrkja i Inuikum åtte (1) m.m.b. i Berusætre, som fru Æghilæif hadde gjeve. (Ho var gift med Sigurd Lodinson. Av Bj. K. ser ein at ho også hadde gjeve Grotlekvrkja gods i Almdal.) Vinsens Lunge si iordebok (frå ikr. 1535) melder at han åtte "l skiffue bast Isk. i Bersether". Det hadde sikkert høyrt til Nonneset-klosteret sitt gods. Ein ser her at landskylda då vart svara i bast, ei vare som Bergset måtte ha god råd på, då her veks mykje lind. Berre ein gard til i Nordfj., Vik i Stryn, ytte i eldre tid bast-landskyld.

Garden er ikkje nemnd i tiendepengemanntalet frå 1520. Truleg låg han då i øyde. Sikkert veit vi at Ytre-Bergset vart oppteken av øyde ikring midten av 1500-årstalet. Av eit dokument frå 1595 (no på br. nr. 6 hjå Ola Bergset) ser ein at langfredag d. år tok Rasmus Bergset prov av kyrkjelyden på kyrkjegarden i Innvik etter preika om det ikkje var faren hans, Jakob Olson, då avliden, som var rett rudbolsmann til Ytre-Bergset. Kyrkjelyden sannprova at Jakob hadde rudd garden av øyde "fra den tykke skog, som der stod". I den tid han rydja garden, budde han under eit stort furetre til dess han fekk seg opp hus, då han ikkje hadde hus å une seg i. Og fura stod då dei (i 1595) prova dette. Etter dette provet kunne difor 8 svorne lagrettemenn stadfeste at Rasmus sin far, Jakob, var rett rudbolsmann til Ytre-Bergset.

Den fura som er nemnd i provet, var ei overlag tjukk kraddefure, som stod attmed Ola-smidja og difor vart kalla Smidjefura. For ein mannsalder sidan vart ho nedhoggen ein vinter dei var i beit for kveiksel. Det var slik framifrå god spik i henne.

Om det var berre Indre-Bergset som var bygt i mellomalderen eller om det var begge tuna, og dei så begge låg i øyde og vart opptekne att i 1500-årstalet, er ikkje godt å seie med full visse. Sikkert er det i alle fall at i 1563 bur det to mann her, som legg kvar 1 dl. i skatt, Jakob YtreBergset og Laurits (Indre-Bergset). I 1585 eig Innvik- og Utvik-kyrkjene kvar sitt 1/2 pd. i Beresetter.

Landskylda var i 1626 2 1. 2 pd. sm. 4 mæler korn. I 1651 er skylda berre 2 laup, men i 1670-åra var skatteskylda 8 pd. og stod med det til 19. århundre. I 1723 ville nemnda ta av 1/2 pd. Garden vart då sett til 64 skill. i skogskatt.

Det ser ut til at garden var betre før enn i seinare tid. Jordboka seier i 1626 at garden, endå han låg til fjells, likevel hadde "temmelig" avling og "temmelig skog til sage- og husetømmer". Berre ein gard i sokna, Verlo, ser det ut til hadde då så god skog. Alt før 1600 hadde Bergset sagbruk.

Største fura i notida stod nede i Berget, men vart hoggen i 1913. Ho var 40 al. høg, 25 tom. tvert over på 5 alner høgd, 19 t. på 25 al. høgd og 16 t. på 30 al. høgd.

Som før sagt åtte Innvik- og Utvik-kyrkjene kvar sitt halve pund i garden. Utvik-kyrkja sin part var vel det godset som Lafrans-kyrkja på Skåden åtte i mellomalderen. Om prestebolsparten i mellomalderen er same parten som Nonneset-klosteret og sidan V. Lunge åtte, er vandt å seie, men det er ikkje utruleg. Kyrkjepartane som var skogateigar, låg i Ola-bruket. No er Utvik-kyrkeparten løyst. Lungeparten, som i 1626 også var 1 pd., låg då under Bille-ætta. I 1657 selde kruna parten saman med anna Bille- og krunegods til Gabr. Marcelius. Parten høyrde så ei tid til Sandvikgodset, som president Hermann Garmann og sidan sonen presten Kr. Garmann åtte. Godset låg i br. nr. 1 og vart løyst i 1683 av Jon Andersson Bergset frå presten Kr. Garmann. Sigdestadparten, som og var 1 pd., vart løyst i 1729 av Mattis Jonson Bergset frå Mart. Sigdestad og Hans M. Lund, sønene til Mogens Sigdestad, som åtte godset i 1680-åra.

I 1563 var Bergset to bruk, som låg i kvar sitt tun, Innigard og Framigard. Før 1600 vart kvart av dei kløyvde i to bruk, og all fire bruka var jamstore. Eitt av dei vart 1613 - 29 delt i to partar (nr. l). I siste tid er utskilt eit småbruk.

> Til garden har det lege 6 husmannsplassar, to nede med Bergset-nausta, tre på Hjellhaugen og ein i Geilane.

På Arne-, Ola- og Mattisbr. sit gamle ætter. På Arnebr. har same ætta hatt bruket i over 200 år. På Mattisbr. har same ætta hatt bruket sidan før år 1600. På Villumbr. ættar brukarane frå Myklebust i Utvik.

I 1651, 24.9., vart landskylda på garden - etter søknad av brukarane - av skrivaren Iver Ancherson og 6 lagrettemenn avteke 13/4 pd., så ho etter den tid skulle vere 2 I., og leidingen vart avteken 1/5, då retten etter gransking fann at garden hadde ring åker, berre skog til brenneved(!) og ligg høgt, så snøen kjem tidleg og går seint.

I 1718, 7. og 8. oktober, vart åkrar og eng bytt mellom brukarane av skrivar P. Schonvig med 6 lagrettemenn såleis at kvar fekk mest mogleg av bruka sine gamle åkrar, og såleis at det etter mål vart utjamna det den eine hadde meir enn hin. Anders Olson og Anders Markusson skulle gjere omkast med kvarandre. Åkrevidda var då om lag 45 mål, e. ikring 11 mål på kvart bruk.

Åkrane var: Bakkåkeren, Bjørkåkeren, Brekkeåkeren, Dalåkeren, Eineåkeren, Elvåkeren, Faråkeren, n. og ø., Flatåkeren, Fjøsåkeren, Fureåkeren, Gofaråkeren, Hampåkeren, Haugsåkeren, Hjellen, Hjellfloten, Jartrudåkeren, Kleivåkeren, Kvia, Kålgardsåkeren, Laåkeren, Marteåkeren, Myrbakken, indre og ytre, store og litle Moråkeren, Nyåkeren, Nylenda, store og litle, Rotebjørn, Rugåkeren, Skjøldbreid, Skothella, Storåkeren (var ikr. 9,8 mål), Torbjørnsåkeren og fleire.

År 1718 var det åstadssak om bruksdelinga både utan- og innangjerds etter krav av Framigardsbrukarane, som meinte at det ikkje hadde vore lovleg deling. Motparten hadde høyrt av forfedrane sine at det om lag for fire mannsaldrar sidan var deling, og då vart det liedsett strengemerke mellom Y.og I.-Bergset, og det er enno i hevd, men korleis Anders Jonson sitt bruk har vorte tillagt teigar på andre sida av merkelina, kunne dei ikkje seie noko om, då dei gamle breva gjekk til den gongen garden for ikring 50 år sidan brann. Etter skjøn og gransking vart så både enga og skogen bytt i teigar mellom dei fire bruka.

I 1724 var det åstadssak att, då Anders Olson klaga over at han sidan bytet i 1718 ikkje kunne avle så mykje på sin fjerdepart som Anders Markusson skulle leggje frå seg til Anders Olson sin part i Laåkeren = 1556 rutealner. Anders Olson skulle for den tillagde part i Laåkeren leggje Anders Markusson til dei tre små åkrane Eineåkeren, Rugåkeren og Skothella, og Mattis skulle la Anders Olson få eit lite engstykke nede under Laåkeren.

I 1726 vart det gjort semje om Latebakkane og kvier som var innlagde utangjerds.