Vis register

Avisutklipp 2016

Tilbake til Startsida

Tekst-meny

Diverse artiklar publisert offentleg i Fjordingen og andre stader i 2016

1.Kvitfjell tilfredsstiller krava

Publisert i Fjordingen 26.januar.2016.

Av Ove Sveen (ove.sveen@fjordingen.no)

NGI konkluderer med at bustadfeltet i Kvitefell tilfredsstiller krava i plan- og bygningslova når det gield skredtyggleik Dette gield for oppføring av bustadhus

Utanfor faresone

Bustadfeltet ligg utanfor fare-one V/1000 per år, det vil seie at sannsynlegheita for at blokkar skal nå ned til bustadfeltet er mindre enn deffe.

NGI gier likevel merksam på at dersom mykje av skogen vert fjerna i området aust for bustadfeltet og opp mot Kvitefjell, vil dreneringstilhøva, vasstilgong og bekkeløp kunne bli endra. Bustadfeltet kan på ein slik måte bli meir utsett for flaum og flaumskred.

Bør ikkje utvidast

NGI påpeikar at bustadfeltet ikkje bør utvidast mot aust utan at det er giort ei spesifikk vurdering av steinsprangutløp på denne utflatinga. Dette sjølv om ikkje aktsemdkartet viser steinsprangfare der.

Det er på oppdrag frå Stryn kommune at NGI har vurdert skredfaren. Dette med tanke på nye bygg i bustadfeltet. Det vart giort synfaring i desember ved Hedda Breien, og vurderingane er giort ut i frå dagens vegeftasjons- og klimatilhøve.

Loen
Kvitefjell bustadsfelt. Her er det planar for nye utbyggingar. Rapporten frå NGI er oppløftande med tanke på nye etableringar under visse føresetnader

Gå til start

2.Stor folkeauke i Lodalen

Publisert i Fjordingen 29.januar.2016.

Av Anne-Marie Aalberg(redaksjonen@fjordingen.no)

Folketalet i Lodalen har auka monaleg dei siste-fem å,ra. Mange unge familiar har etablert seg i dalen, og fleire kjem.

"Det sku bo folk i husan, husan e førr folk". Det er lenge sidan Ole H. Bremnes sette ord på fraflytting i bygde-Norge.

Verselinja har nok ikkje vore årsak til folketalsauken i Lodalen, men unge familiar lever i høgste grad opp til tankane frå visediktaren. Med stort og smått har 3l nye innbyggjarar kome til dalen dei siste fem åra. Sju familiar har bygd nytt eller overteke gardshus.

I dag er berre eitt gardshus utan faste bebuarar, men det vil ikkje stå tomt lengg. Det vert no pussa opp og blir neste vår heim for sju nye innbyggjarar.

Godt liv

Høgt og fritt med utsyn innover dalen. To nybygde hus for to unge familiar. Rikeleg med tumleplass for borna, både med leikeapparat og i naturen kring om. Vi er benka kring langbordet i eit kjøkken der ein ved kvart måltid kan nyrte "postkort-utsikta', innover Lodalen; Store kjøkkenglas giev morgonsola fritt leide.

Marte Sande og paul Arne Fjerdingren har saman med borna Sigurd (5), Julie (14) og Sol (14) skapt ein heim der dei finn ro og kan nyrte naturen heile året. Høgt oppe i lia. Marte og Paul Arne er ikkje plaga med tankar om at fellet kan rase endå ein gong og skape flodbølgje på vatnet, men dei veit at det kan skje. Det er alle medvitne om, men dei elskar dalen sin. Det er her dei vil bu og la borna vekse opp.

Risiko er det vel overalt, meiner Paul Arne som vaks opp i Stryn. Marte vedgår at ho ikkje søv godt på teltur med overnatting ved vatnet. Det er ei følgje av mørke flekkar i bygdehistoria. Men oppe i huset søv ho godt, fortel Sande.

Nære band

I nabohuset bur Elin Sande Beinnes (Marte si niese) og Geir Hogrenning saman med borna Viljar (2) og Alva (5). Litt lengre nede bur Rune Sande Beinnes og sonen Sebastian (5). Dei samlast ofte, og borna trivst i lag. Samhald er viktig. Det gode her er at dei har leikekameratar i nærområdet, seier Marte.

Vi spør henne om det var vanskar å skaffe jobbar då dei bestemte seg for å busette seg i heimblgda. Vi har jo ikkje utdanna oss til yrker i "smale nisjer", men har teke utdanning til vanlege jobbar som trengst overalt, seier Marte som er lærar. Det kan verke som om alle har tenkt heimbygd som bustad og medvitne valt utdanningsveg. Elin jobbar i barnehage og budde ei tid i.Oslo.

Eg hadde heile tida lengsle om å kome heim att, seier ho. Vi er heimekjære her i Lodalen, supplerer Marte.

Sterkare

Vi skal møte fleire av dei nye innflyttarane. I kafeen på campingplassen vert det liv og røre når alle samlast. Latteren sit laust og diskusjonane har snev av frisk bris. Utan unntak er alle samde om at Lodalen er den finaste staden i verda, men at dei og har utfordringar å jobbe med.

Vi treng 20 meter rasoverbygg for å gjere skulevegen trygg, seier Tom Erik Beinnes Ædeholm. Han fortel om bussjafør Sverre Sande som har to bussar, ein på kvar side av det rasutsette området Merkingsjølet.

Den andre utfordringa er betre nettløysing. Det er strevsamt med tregt nett, både for dei som er turistvertar og for folk elles. Men bygdefolket er optimistar. Det vil bli store økonomiske utfordringar for kommunen med barnehage og skuleskyss om vi ikkje får betre nett slik at vi kan bruke nettet på sengekanten. Tom Erik haustar god latter. Litt fleip og godt humør må til.

Loen Leikeplass med utsikt. Vi er veldig heimekjere i Lodalen, seier Marte Sande saman med familie og gode naboar på Sande. Frå venstre Runde Sande Beinnes med Alva på skuldrane og Sbastian framme, Elin Sande Beinnes med Viljar, Sol Sande Sollid, Julie Sande Sollid og Marte Sande. Foto:Anne-Marie Aalberg

Loen
2 x 3: Blant dei nye innbyggjarane i Lodalen er det tre tvittingpar: Framme til v: Julie Garlid Tenden, Jonas Sande Hoem, Frida Sande Hoem, Simone Garlid Tenden. Bak: Julie Sande Sollid (tv) og Sol Sande Sollid.

Loen
Det gror Emeline (5 mnd) er mellom dei yngste blant nye tilftyttarar i Lodalen. Her med mamma Fride Fjellheim Sande oq pappa Robin Sande.

Loen
Trivst Store vindu slepp tys og vakker natur inn frå alle kantar i det nybygde huset høgt oppe i lia. Frå v: Julie og Sol ed veslebror Sigurd på fanget, Marte Sande og Paul Arne Fjerdingren.

Gå til start

3.Loen har fått eige reiselivslag

Publisert i Fjordingen 12. februar.2016.

Av Gunnhild Sindre (gunnhild.sindre@fjordingen.no)

Loen har fått sitt eige reiselivslag. Laget skal vere eit organ for utvikling av reiselivssektoren i Loen, Rake og Lodalen. 3. februar vart det halde skipings- og årsmøte i Loen Reiselivslag SA på Hotel Alexandra i Loen. Laget er eigd av medlemsbedriftene og er eit direkte framhald av det tidlegare kontaktutvalet for Loen, der Reisemål Stryn og Nordford var ein viktig støttespelar og samarbeidspartnar, opplyser laget i ei pres- semelding.

Gjennom samling og koordinering av interesser og krefter skal Loen Reiselivslag bidra til ei sunn utvikling av reiselivsnæringa i sitt geografiske område, går det fram av ei pressemelding frå skipingsmøtet.

Eitt av dei første og viktigaste tiltaka i laget vil vere opparbeiding, tilrettelegging, merking og vedlikehald av sti- og turløypenettet i og rundt Loen, Lodalen, Rake og på Hoven. Vidare skal laget arbeide for å påverke retningsliner og rammevilkår for næringa, og formidle informasjon om næringa til styresmakter og ulike samfunnsaktørar. Totalt 14 bedrifter melde seg inn i laget på skipingsmøtet.

Loen
Styret
Frå v. leiar Jarle Grov, nestleiar Jan Ove Hogrenning og sekretær/styremedlem Olav R, Faleide, FjordGuides.
FOTO: L0EN REISELIVSLAG

Gå til start

4. Minneord. Anders Hatlenes

Publisert i Fjordingen 1. mars 2016.

Av Geir Stian Ulstein

Byggmester og Grønlandsfarer Anders Hatlenes døde på Volda sykehus 3. desember (2015), etter kort tids sykeleie. En byggende manns liv, i kamp mot naturkreftene, er over.

Hatlenes, født i 1928, vokste opp ved Moldefjorden i Selje. I hele sitt liv bygde han, fra kano til hus til høyblokker. Han gikk snekkerfagskolen i Stryn og bygde første hus som l8-åring. Musikken var i ham, født som han var på nasjonens festdag, og med trekkspillet trakterte han sine jevnaldrende til dans.

Han gftet seg med Bergit Loen 21. april 1951. Etter å ha høstet praktisk erfaring med byggfaget over tre år i Bråtvåg, bar det i l951 til Vest-Grønland. Hatlenes bidro til å bygge opp Færingehavns internasjonale fiskeristasjon.

Senere ledet Hatlenes flere byggeoppdrag for den danske stat på verdens største øy. Lokalbefolkningen kommuniserte han med på eskimoisk. I løpet av tiåsperioden på Grønland ble det bare få uker av gangen hjemme hos familien, som til slutt telte fire barn.

Etter flere år med bygningsarbeid i København, returnerte han til Norge og Karmøy der han var en av ti nordmenn som ble ansatt av Selmer til oppstarten på det norske oljeeventyret. De bygde basen til den første oljeriggen, Ocean Traveler, som ble fraktet fra USA til Norge. Hatlenes var senere blant annet byggeleder på høyblokkene i Haugesund og på Ragdefeltet i odda. I arbeidsiårene i Haugesund utdannet han seg til byggmester på kveldstid.

Etter hvert bar det tilbake til hjemstedet, der han bygde hus giennom eget firma. Anders Hatlenes var i virksomhet til det siste, både med arbeid på garden og som støttespiller for sin kone og hennes pasienter. Han ble gravlagt på Selje kirkegard 11. desember. En av dem som bygde opp landet har overlatt ansvaret for å skape til andre.

Geir Stian Ulstein

Gå til start

5. Det går framover på Loen stadion

Publisert i Fjordingen 15. april 2016.

Av Ove Sveen (ove.sveen@fjordingen.no)

Arbeidet går framover for eit nyttLoen stadion med nykunstgrasbane.

Det nye arenabygget på 12O kvadratmeter er reist, og innreiinga er i gong, seier leiar i fotballgrupp Jørn Moen. Bygget skal ha det meste bortsett frå garderobe og dusjar som finst berre nokre få meter unna i bygdehuset. Det vil bli møtelokale, kjøken, kontor, utstyrsrom, toalettar og tekniske rom i arenabygget. Her er det Utvik Bygg som er ansvarleg.

Sjølve bana er det Yri Sand som er entreprenør for. Elles er det gravd grøfter for lyskabel, og det er støypt fundament for seks lysmaster. Tysdag kveld vart det trekt rør på dugnad, seier Moen som står for myje av det praktiske i organiseringa. Jan Erik Sandbakk har teke seg av det meste når det gield dokumentasjon og søknader.

Nar kan bana bli klar? Vi har ikkje lagt opp til alt for stramt opplegg, og vi er i bra rute. Det skal køyrast inn pukkmasse frå Olden. Elles er det gode stedlege masser under. Vi har skrive kontrakt med Sport Surface i Haugesund om levering av kunstgfas. Håpet er at vi blir ferdig og faktisk spele seriekampar før ferien. Det må understrekast at vi har eit godt samarbeid med Vikane IL på banefronten, seier Moen.

Loen
Går framover. Arenabygget er reist og innreiinga er allereie i gong.

Gå til start

6. Grøftedugnad i Lovik

Publisert i Fjordingen 26. april 2016.

Av Ove Sveen (ove.sveen@fjordingen.no)

Fleire loarar legg ned ein sterk dugnadsinnsats på Loen stadion. Onsdag kveld stod grøftefylling på prograrnmet.

Fleire private traktorar var i sving med å køyre til fin masse som Yri Sand hadde skaffa. Langs grøftetraseen for lyskablane giorde dugnadsfolk jobben med spadar og krafser. Lysfundamenta er allereie på plass.

Vi har fått levert 15O kubikk, så her er litt å ta tak i, sa dugnadsleiar Jørn Moen til Fjordingen.

Etter dette er det mest maskinarbeid som gienstår. Bana skal jamnast ut, og veghøvel skal på plass. Sprengt pukk skal tilførast og på toppen 8-1O centimeter med finare masse, seier Moen.

Nar kan bana stå ferdig? - Veghøvelen vil vi få på plass rundt 1. mai. Deretter følgjer arbeid eit par veker, og det skal også asfalterast rundt. Arbeidet med kunstgraset som kjem frå leverandør i Haugesund vil starte opp i veka etter 17. mai. Håpet er å kunne arrrangere første kampen i midten av juni.

Totalkostnad 8,2 mill.

Utbygginga på Loen stadion er budsjettert med ein totalkostnad på litt over 8,2 millionar kroner for bane og klubbhus. Spelemiddelsøknaden er godkjent, og Jan Erik Sandbakk som styrer med denne delen av prosjektet, meiner dei har rimeleg god kontroll på økonomien Her er mange bidragsytarar. Sparebankstiftingahar gått inn med 2OO.OOO kroner. I tillegg har sponsorar, entreprenærar og lokale samfunnsengasjerte bedrifter og enkeltpersonar bidrege med gode summar, seier Sandbakk. Moen og Sandbakk opplyser at dei også har hatt eit tredje delprosjekt i tankane, og det gjeld eksisterande ballbinge. Denne har sett si beste tid og bør truleg sanerast til fordel for eit fleirbruksanlegg/nærmiljøanlegg plassert nærare barnehagen. Dei tenkjer seg gjerne at skule/barnehage kan ta initiativ her.

Jørn Moen, som også er leiar for fotballgruppa, understrekar det gode samarbeidet med Vikane. I vår har treninga vore på kunstgraset ved skulen i Innvik etter vinterleg aktivitet i Styrkhallen i Innvik og i bygdehuset i Loen.

Loen/Vikane/Stryn 3 har i år felles herrelag i 6. divsjon. I årsklassane 13-14 ar har dei fem lag saman med Vikane. Frå og med 12 år og nedover har Loen heile 1l lag. Av desse spelar sju lag kongleriketurneringar.

Loen
Grpftedugnad Loen stadion: Frå venstre: Gunnar Nystøyl, Per Willy Drageset, Hallstein Loen,0le Dag Auftem, Jan Erik Sandbakk, Erik Brendefur og Jørn Moen.

Gå til start

7. Kunstgras på Loen stadion
Spelar på lag med vergudane

Publisert i Fjordingen 7. juni 2016.

Av Ove Sveen (ove.sveen@fjordingen.no)

Kunstgraset har kome til Lovik, og der spelar dugnadsfolk og montøar på lag med vergudane.

Ja, dette er heilt ideelt. Om dette veret held, skal vi vere ferdig med dekket i løpet av torsdag sa Lisa Furuvik i Haugesundfirmaet Sport Surface då Fjordingen var på besøk måndag. Saman med Ros Lelieveld frå NewZealand skal ho legge, kutte og lime kunstgrasdekket.

I morgontimane kom eit trailerlass med 25 rullar kunstgras, kvar av dei 64 meter lange og fire meter breie. Sjølve graset er produsert i ltalia.

70 tonn med gummikuler

Her er det giort ein kjempejobb med underlaget. I morgon kjem det også ca. 7O tonn med gummikuler og 50 tonn med sand. Dette arbeidet vert utført av andre enn oss, seier Furuvik.

Firmaet frå Haugesund har ordreboka full i sommar. Etter Loen reiser dei til Sæbø og vidare til Stavanger. Denne sesongen legg dei rundt 30 kunstgrasbaner i landet.

Jørn Moen er basen for dugnadgjengen i Loen, og dei siste dagane har det gått slag i slag. Berre med legging av dekket reknar dei 200-250 dugnadstimar.

Arenabygget har fått to strøk måling, og berre dørene manglar før inntrykket blir fullkoment.

Oppslutninga har vore god? - Ja, vi har eit lag med 4-5 personar på om gongen når vi rullar ut graset. Vi har bemanninga klar til og med torsdag, seier Moen i ferd med å starte opp vasspumpa på tankbilen. Med vassslangen måtte han følgie etter Odd Bjarte Rauset som kutta asfalt på eine kortsida. Dessverre la vi for brei stripe med asfalt. Her skal vere tre meter frå asfalten til grasdekket.

Kor stor er bana i Lovik? - Med kunstgras er ho 68 gonger 1O6 meter. Sjølve speleflata er på 64 gonger IOO meter, seier Jørn. Han gler seg til heile anlegget kan takast i bruk, men vil ikkje forskottere nokon dato.

Utbygginga på Loen stadion er budsjettert med ein totalkostnad på litt over 8,2 millionar kroner for bana og klubbhuset. Her er mange bidragsytarar. På sikt skal også ballbingen fernast for å bli erstatta med eit nærmiljøanlegg/ fleirbruksanlegg nærare barnehagen.

Loen
Kunstgraslegging i Loen: Framme frå venstre: Ros Lelieveld og Lisa Furuvik. Bak frå venstre ser vi dugnadskarane: Arild Bødal, Birger Hogrenning og Jarle Sæten.

Gå til start

8. Snart reiser nybygget på toppen av Skåla seg

Publisert i Fjordingen 8. juli 2016.

Av Ingrid Kvåle Faleide (ingrid.kvale.faleide@fjordingen.no)

Kloumantårnet er hovud attaksjonen på Skåla, og det skal det også vere i framtida. Bakgrururen for at det blir reist eit nytt bygg på det 1848 meter høge fjellet er først og fremst to moment:

Det gamle tårnet er særleg utsett vinterstid. Steinmurane er 1,25 m tjukke, og når det vert fyrt opp i omnen i den kalde årstida er det stor fare for skade på veggane. Både via kondens og gjennom tina snø og is som sig ned i sprekkar i murane og fører til frostsprenging. Problemet har blitt større dei seinare åra på grnnn av ein solid auke i talet på ovemattirgar vintertid.

Bergen og Hordaland Turlag har utført eit omfattande vedlikehald i fleire år. Dette er svært kostbart med tanke på arbeidsforholda på fiellet. For at problemet ikkje skal halde fram, kjem det no til ei avlastingshytte. Nasjonalparkstyret gav løyve til bygging av den nye hytta ved Skalatårnet på visse vilkar. Mellom anna at hytta skal vere godt tilpassa landskapet på staden, og ikkje ta for mykje merksemd frå tårnet

Fakta om ny turisthytte;

(Kjelde : Bergenoghordalandturlag.no)

Kompliserte arbiedsforhold 1848 m o.h.

I løpet av neste veke skal det vere klart for å reise det nye bygget på Skåla.

Loen
Erfarne snikkarar: Bjørn Vike har arbeidd med å restaurere Skålatårnt kvart år sidan taket forsvann. Eg begynner å kjenne Skålatårnet godt fortel han.

I den grad det går an å planlegge anleggsarbeid på Skåla, går det greitt etter planen, fortel byggeleiar Bjørn Vike. Det er vel tre veker sidan arbeidet på felltoppen starta. Dei er ferdige med fundamentet og den nødvendig gravinga, og har denne veka støypt ferdig solen.

Planen er at vi skal være klare til å reise bygget i løpet av neste veke, seier Vike. Melt det er krevjande både å planlegge og giennomføre arbeidet med det klimaet som er 1848 m.o.h Då dei begynte å jobbe på toppen var det første dei måne giere å spa vekk snø.

Sidan vi starta opp i midten av juni har vi verkeleg fått opplevd Skåla slik Skåla er, med både vind og snø og sol. Der kan vere alle typar vær i løpetav berre ein dag, fortel Vike.

Byggeleiaren har sett som mål å bli ferdig med hytta i løpet av oktober, men poengterer at vi har liten innflytelse på vær og vind.

Vi må vel gå på ski ned att når vi er ferdige på toppen,seier Vike. Han har etter kvart mykje erfaring med å arbeide på Skåla.

Eg harjobba der oppe nesten kvart år sidan taket forsvann. Då var det eg som restaurerte det, og har sidan hatt mykje arbeid med å tette veggane på tårnet.

God innsats

Der er mellom fire og åtte mann i arbeid på toppen. Der er alltid nokon på jobb, seier Vike. Det er viktig for å kunne utnytte dei godværsdagane vi får. Dei bur i telt på toppen når dei er på jobb.

Ein kan ikkje akkurat gå heim etter skiftet når ein jobbar på ein slik plass, seier Vike. Han skryt av innsatsen til arbeidarane sine, men vil og trekke fram dei lokale som har bidrege til arbeidet. Det hadde vore vanskeleg utan hjelp frå dei lokale, seier han. Dei er viktige i den jobben vi driv med no.

Gå til start

9. Har starta byggearbeidet med restauranten på Hoven

Publisert i Fjordingen 12. juli 2016.

Av Gunnhild Sindre(gunnhild.sindre@fjordingen.no)

Prosjek Hoven Loenveks fort. No er også arbeidet med restaurantbygget i gang.

Vi er i rute, seier dagleg leiar for Hoven Loen, Richard Grov. Fjordstasjonsbygget er så langt ferdig med stålmonteringa Garaventa skal giere. Det som manglar no er tak og litt kledning På bygget. Det arbeidet startar om ikkje lenge.

På fiellstasjonen er bygget kome opp over Kjellarnivå, det er støtypt plate på det som skal vere publikumsareal oppe og ein har byrja med bakveggane. Om ein god månad vil Garaventa byrje med si stålmontering der oppe, fortel Grov

Fundamenta til den 24 m høge masta som skal opp er ogsa godkjende og klare til montering, så det blir veldig synlege resultat av sjølve bana som kjem på plass no framover.

HS Bygg og alle underleverandørar jobbar for fullt med støyping, fortel Grov.

Fundamenta til restaurantblgget er godt i gang, så om ikkje lenge får vi eit restaurantbygg som også byrjar å bli synleg frå Loen.

Den neste store og krevjande jobben er strekkinga av berekablane, fortel Grov. Det er sagt at Garaventa skal igang med det i slutten av august. Det blir tøft. Det er ein svær jobb!

Loen
Synleg i himmelsjå:To store heiskraner har vore i arbeid på Hoven i sommar. Kranene har vore synlege i himmelsjå for publikum nede på fjordnivå og vore eit tydeleg prov på byggearbeidet om pågår.

Loen
I rute: Hoven Loen er i rute. På Fjellstasjonen er bygget kome opp over kjellarnivå, det er støypt plate og ein har byrja på bakveggen, fortel Richard Grov.

Loen
For fullt: HS Bygg og alle underleverandørar jobbar for fullt med støyping på Hoven. No er også fundamentet til restauantbygget i gang.

Loen
Krevjande: HS I løpet av veka skal også den 24 meter høge masta opp. I august ventar ein stor og krevjande jobb, då skal berekablane strekkast mellom fjordstasjonen og Hoven.

Gå til start

10. Populær iskiosk i Loen

Publisert i Fjordingen 22. juli 2016.

Av lngrid Kvåle Faleide (ingrid.kvale.faleide@fjordingen.no)

Rett ved Joker i Loen står det i sommar ein eigen isbar. Den har blitt godt motteken både blant lokale, turistar i bygda og forbireisande.

Det er mest turistar som vil ha is, seier Kristin Bødal (14). Ho har sin aller første sommarjobb i iskiosken. Der kan ein få både softis, milkshake og mange ulike typar kuleis.

Det er veldig populært blant dei som har gått Via Ferrata, fortel Bødal. Og så er det mange som køyrer forbi som stoppar, legg ho til.

For nokre år sidan fekk Per Willy Drageset ved Joker i Loen, spørsmål frå Hennig Olsen om det var interesse for å ha iskiosk utanfor butikken hans. I vinter bestemte han seg for å prøve. Det var spesielt med tanke på alt det som skjer i Loen framover. Det kjem nok ein god del meir folk til bygda dei komande åra, seier Drageset.

Loen
Trivst i sommarjobben:Kristin Bødal (14) på jobb i isbaren ved Joker Loen.

Gå til start

11. Framdrifta på Hoven

Publisert i Fjordingen 29. juli 2016.

Av BengtFlaten (bengt.flaten@fjordingen.no )

Intervju med Richard Grov

HS Bygg nærmar seg innspurten på betongarbeidet ved fellstasjonen på Hoven, om lag 1.000 meter over fjorden i Loen.

Som i alle store prosjekt har også vi møtt på utfordringar som har kravd snarlege løysingar. Noko anna kan ein heller ikkje vente, i eit så komplekst prosjekt og på ein så spesiell bygjeplass som Hoven. Når det er sagt, har vi ein særs løysingsorientert organisasjon som gjer at prosjektet er i rute. Det har gått i full fart gjennom heile sommaren, både på byggjeplassen og hos aIIe leverandørar i alle fag. Stor ros til aIIe for å bidra til at tidsplanen vår held. No nærmar HS Bygg seg innspurten for betongarbeida på Fjellstasjonen for pendelbana. Om to-tre veker startar Garaventa montering av stålkonstruksjonane, seier dagleg leiar Richard Grov.

Ryggsekk-prinsipp

Både fellstasjonen og fjordstasjonen er bygd slik at vekta på bygga held dei fast. Ein nyttar såkalla ryggsekkprinsipp, ved at det vert fylt stein i ein svær "ryggsekk" bak eller under bygget, for så å støype igjen. Vekta gier at bygga står i ro og toler belastningane frå pendelbana, forklarer Grov.

Kablane klare i oktober

Om seks-sju veker startar arbeidet med å strekkje kabel mellom fjellstasjonen og fjordstasjonen. I oltober skal fire bærekablar for pendelbana vere klare. Sjølve kabinen er på det næraste ferdigbygd ved fabrikken i Sveits. I februar vil bana vere klar for test og for bruk til transport under avslutninga av byggjeprosjeket.

Kva med restaurantbygget?

Vi har fått på plass første del av grunnmuren og støypt bakveggen til teknisk rom. Golv til restaurantbygget vert levert i månadsskiftet augpst/ september. Midt i oktober er måIet å få tett tak. Deretter startar fasademontering, seier Grov.

240 millionar

Korleis ligg prosjektet an økonomisk? Meir vegbygging enn opprinneleg budsjettert, jordkabel heilt opp og ein del endringar oppe på fjellet gier at kalkyla for prosjekret er auka frå 202 til 24O millionar kroner. Dette løyser vi delvis ved auka låne opptak, delvis ved auka aksjekapital, seier Grov.

Loen
Fjellstasjonen:Slik ser det ut ved fjellstasjonen for pendelbana. Foto Jarle Grov.

Gå til start

12. Kjenndalsstova har utvida

Publisert i Fjordingen 26. juli 2016.

Av Ingrid Kvåle Faleide (ingrid.kvale.faleide@fjordingen.no)

På lik linje med resten av reiselivsnæringa har dei ein travel sommar på Kjenndalstova. Før sesongen fekk dei utvida restauranten med 56 nye sitteplassar. No er det neste straum.

Det er ikkje berre berre å drive restaurant inst i Lodalen. Utan straum og fiber er alt litt meir tungvint. Men Ingvill Tronrud og Jan Ove Hogrenning brenn for å halde liv i Kjenndalstova og Lodalen - til glede for både lokale og turistar.

Samansett naturoppleving

Vi har bygd ut slik at vi har plass til tre bussar samtidig, fortel Ingvill Tlonrud. No kan vi ta i mot både bussar med cruisegjester og gupper som skal ha aktivitet her på same tid, seier ho. Kjenndalstova har vore eit populært reisemål for cruise- skipturistane som kjem til Olden i alle år.

Heile opplevinga er viktig. Dei får ikkje berre sjå breen og dei flotte fossefalla her inne. På turen inn får dei høyre historia til dalen, og så far dei jo servering her inne, seier Tronrud.

I tillegg til cruisegjester har Kjenndalstova dei siste åra vore ein viktig del av gruppereiser for dei som vil oppleve områda som inspirerte filmskaparane bak filmen "Frost"

Dei kjem frå Geiranger om morgonen, tek båten opp hit, også har vi aktivitetar for dei her i eit par timar, forklarar Tronrud. Ved Kjenndalstova får dei prøve å fiske aure med garn og padle i kano på brevatnet. Deretter får dei servert lunsj.

Restaurant og båt

Kjenndalstova har vorte kjend for å ha skikkeleg, norsk tradisjonsmat. - Vi pleier til dømes å servere viltburger, hjortekaker, rømmegraut og aure frå vatnet her, fortel Tronrud. - Norske vaffelhjarte med rømme og syltetøy er også veldig populært, legg ho til. Sesongen på Kjenndalstova begynner som regel i mai og varar ut september.

Vi tek i mot selskap og arrangement på bestilling. Vi kan skreddarsy pakkar som inkluderer båttur med MS Kjenndal II frå Sande og inn til restauranten, seier Tronrud. Det er og mogeleg å bestille guide til båtturen.

Dei set også opp billettar med MS Kjenndal. Båtturen tek ein time frå Sande, Så ligg den ved Kjenndalsstova i to timar før den går ned att. Frå midten av juni og ut august er det vanlegvis ope for turistar kvar dag, men det har dei ikkje kapasitet til i år. Vi hadde planar om å ha ope kvar-dag i sommar, men så vart Jan-Ove sjuk, og då måtte vi gjere nokre grep, fortel Ingvill. No er der ope frå tysdag til søndag, med servering av varm mat frå fredag til søndag. Elles sel dei heimelaga kaker, vaflar, bagettar og is dei andre dagane.

Vi har ein del avgrensingar no, seier Tlonrud, men vi kjem sterkare tilbake, legg ho til.

Utan straum, dekning og internett

Slik det er no, får Kjenndalstova all straumen sin frå dieselaggregat. - Det er ikkje akkurat ideelt, seier Tronrud - nesten heilt utruleg i 2016, held ho fram. - Det kjem ingen stråler ned hit. Så Facebook og Instagram kan du berre gløyme, ler Åse (2O), dottera til Jan Ove. Vi er så vidt å nå på telefon. Det er knapt nok dekning til at dei kan ha ein bankterminal i restauranten. - Vi kan i alle fall ikkje utvide meir før vi får straum, seier Ingvill. Kapasiteten på kjøkkenet er heilt sprengt.

Dei har jobba i nokre ar med å få lagt både straum og fiber inn dalen på same tid, men det er eit kostbart prosjekt. - Det må leggast i vatnet, noko anna er ikkje fornuftig. Det skal trass alt halde i nokre år, seier Tronrud. - Til neste ar forhåpentleg- vis, seier Åse. - Men først er der ei finansiering som må på plass, understrekar Tronrud.

Loen
Har utvida:No kan vi servere 152 gjester på same tid, fortel Ingvill Tronerud på Kjenndalsstova.

Nokre fakta om Kjenndalsstova

Gå til start

13. Lokalt eigarskap. Hoven

Publisert i Fjordingen 23. august 2016.

Av Roger Oldeode(roger.oldeide@fjordingen.no)

Hoven Loen AS nærmar seg l00 millionar i registrert aksjekapital. Blant dei store og små aksjonærane er det tydeleg at eigarskapet i Hoven Loen AS er sterkt lokalt forankra. Eit sunnheitsteikn, meinar dagleg leiar av selskapet.

Det er pr. i dag innbetalt aksjekapital på 97,179 millionar kroner frå i alt 9l aksjonærar, opplyser Ingvill Flo i PWC. Den store fellesnemnaren for aksjonærane i Hoven Loen AS er at majoritetane av eigarane, store som små, er lokale.

Viktig med lokalt eigarskap.

Det er veldig gledeleg med så mange lokale aksjonærar. Vi er fullfinansiert og det er viktig med stort og tungt lokalt eigarskap. Det er sjølve fundamentet for eit sunt selskap, seier dagleg leiar av Hoven Loen AS Richard Grov.

Ny invitasjon om hjørnet

Grov er godt nøgd med registrert aksjekapital og legg til at ny invitasjon for kjøp av aksjar i dette selskapet er nært føreståande. Dei som vil kjøpe seg inn må giere seg til kjenne, seier Grov.

Loen
Liste over aksje-eigarar i Hoven.

Gå til start

14. Reiser hus på under ei veke.

Publisert i Fjordingen 16. september 2016.

Av Roy Aron Myklebust(roy.aron.myktebust@fjordingen.no)

Loen
Satsar. Rune Solheim, gjennom foretaket Solheim Entreprenør og Eigedom AS, står eine og åleine for utbygginga i Kvitefjell i Loen. Prosjektet med fire bygg og 14 leiligheiter har ein prislapp på i overkant av 30 millionar. Per i dag står snart to bygg med totalt åtte leiligheiter ferdig , seks av dei er selde

Enfteprenør Rune Solheim trur at om folk skal ha råd til å kiøpe seg huvære i framtida må timetalet ibgginga ned. Då kan modulbasert husbygging vere løyshga. Dei kjem med heile veggar, ferdig isolert og med ferdig montert vindauge. På eitt bygg kjem det 14 semitrailarar og ting blir løfta på plass med kran. Det tek berre 4-5 dagar å få eit bygg tett, noko som gir store fordelar med tanke på vatn og tørketid. Vi bur som vi bur og må ta omnsyn til det, seier Solheim.

Satsar åleine.

Vi står på verandaen til eit av husa som er del av Solheim sitt utbyggingsprosjket i Kvitefjellet i Loen. Åleine gjennom føretaket Solheim Entreprenør og Eigedom iA,S, ståf han bak utbygging som samla representerer over 30 millionar kroner. Eit hus med fire leilegheiter er ferdig, og alle einingane er selde. Snart er også bygg to fullført, og her er to av fire leilegheiter selde. Så snart eg har selt ei til startar eg på bygg C, seier Solheim, og peikar i retning av det som i dag er ein stor haug med pukkstein. Der skal ytterlegare fire leilegheiter realiserast. I tillegg er planen å bygge eit siste hus, med to leilegheiter.

Gjennom ein effektiv byggjeprosess klarar Solheim å få ned timetalet og derigjennom kostnaden.

Dette erframtida. Vi er nøydde å fåned timetalet på bygga om folk skal ha råd til å kjøpe. Desse blgga er også produserte av robotar, fortel Solheim.

Pakken må vere god

Den 36 ar gamle entreprenøren vart utfordra av det han kallar eldsjeler i byggjfeltet, om å satse på tomta som ligg nokre steinkast frå Nordfjord Kjøtt. Rett førjul vart grunnarbeidet påbyrja.

Han har sjølv vore med og teikna bygga med hjelp frå Aaland Arkitektkontor. I tillegg til prisfokuset har han vektlagt at det skal vere romsleg både inne og ute.

Eg er fomøgdmed at vi har fått til god plass både mellom husa og i bakkant. Ofte blir det litt trangt i slike busameige. Eg tenkjer at skal ein flytte hit må heile pakken vere god, seier Solheim.

Og så er det er ei positiv utvikling her no, legg han til, og glyttar opp mot Hoven Loen.

Loen
Bygg B. Hus nummer to nærmar seg også ferdig. To av dei fire leiligeheitene er selde, og snart er Solheim klar for å starte på tredje bygget

Loen
Slik skal det bli. I første omgang er det tre bygg som skal på plass i Kvitefjell. Men Solheim planlegg også eit mindre i front av desse. Der skal det vere to leiligheiter

Gå til start

15. Namnet Skålabu er offisielt.

Publisert i Fjordingen 30. september 2016.

Av Roger Oldeide (roger,oldeide@fjordingen.no)

Loen
Skålabu. Foto: Johny Bjørge

Blant dei 537 namneforslaga som var komne inn, var ikkje juryen i tvil: Den nye turisthytta på Skåla er døypt "Skålabu". Det var på bakgrunn av ein namnekonkurranse at den nye turisthyna har fått namnet sitt.

Engasjementet rundt konkurransen har vore stor og vi fekk inn heile 537 narnn. Omlag 5O personar foreslo Skålabu som ofrsielt namn på den nye turisthytta på Skåla, seier leiar i Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven til Fjordingen.

Skålabu kling godt saman med Skålatårnet. I tillegg var Skålabu det namnet som var føreslått flest gongar av publikum. Alle i juryen vart ganske fort einige i at dette er eit godt namn for den nye hytta. Det seier jurymedlem og hytte- og rutesjef i Bergen og Hordaland Turlag,Johnny Bjørge.

Gå til start

16. Nyanlegget i Loen kom til sin rett.

Publisert i Fjordingen 30. september 2016.

Av Sigrid Heggestad (sigrid.heggestad@fjordingen.no)

Loen
Folksamt. Mykje folk møtte opp til den siste miniputt-turneringa i fotball for sesongen, på det nye, flotte idrettsanlegget på Loen stadion. Omlag 400 unge fotballspelarar spelte nesten 100 kampar den sommarlege septemberdagen.

Det nye stadionanlegget i Loen fekk vist seg frå si beste side søndag, under den siste miniputt-turnering i år. Jenter og gutar frå åtte fotballklubbar frå midtre og indre Nordford, fordelt på 63 lag, boltra seg på den flotte kunstgrasbana som opna i sommar. Stemninga var gemyttleg både på og utanfor bana. Arrangørane i Loen IL har langt ned ein enorm dugnadsinnsats for anlegget i bygda. Nytt klubbhus med alle fasilitetar stod klart i haust.

Vi er superfornøgde med dagen, der heile anlegget kom til sin rett. Vi fekk nok ein godversdag på turneringa, som vi har hatt dei siste åra. Ein perfelt dag der vi ikkje kunne fått betre rammer, seier ein fornøgd leiar i fotballgruppa i Loen IL,Jørn Moen.

Gode tilbakemeldingar frå blant anna kretsen, deltakarar, trenarar og dommarar, stadfestar eit godt giennomført arrangement. Ein var spente på oppslutninga, men med strålande sommarvær var det fullt på parkeringa.

Dette er noko vi har venta på. At alle bygdene rundt oss ser at det er behov for eit nytt idrettsanlegg her, seier Moen. Han rettar ei stor takk til alle som stilte opp som frivillige. Utan dei kunne ein ikkje gjennomført turneringa.

Gå til start

17. Skålabu opna.

Publisert i Fjordingen 7. oktober 2016.

Av Thomas Thaule (thomas.thaule@fjordingen.no )

Loen
Endeleg opna. Onsdag (5.10.2016) opna Skålebu dørene for publikum. Med dei gode værmeldingane til helga ventar dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven, storinnrykk til Skålabu.

Onsdag opna det nye bygget Skålabu på Skala. Vi har hatt folk på Skåla sidan laurdag, fortel dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven. Ho seier at alt no er klappa og klart til å ta i mot turgåarar.

Madrassar, ved, glas, panner, supper og mykje meir er på plass. Eg vil tru det er fleire hundre einingar som er frakta opp til Skålabu. Den daglege leiaren var sjølv på plass i Skålabu i helga for å vere med på å få alt i orden. Ødven forventa at det allereie onsdag ville kome overnattingsgiester i det nye bygget.

Ja, vi ventar folk allereie onsdag, og i alle fall til helga. Værmeldingane er også gode, seier ein spent dagleg leiar. Ho fortel at det no er om lag 5O centimeter med snø på toppen.

Ødven oppfordrar turfolket til å ta vare på både det gamle Skålatårnet og nye Skålabu. Dette for at det skal bli ei triveleg oppleving for dei som tek turen opp på Skåla.

Eg oppfordrar også folk om å skrive seg inn i protokollen og betale for seg slik at vi kan sikre ei god drift for framtida.

Gå til start

18. Mats Solheim. Fast plass på Hammarby.

Publisert i Fjordingen 21. oktober 2016.

Av Thomas Thaule (thomas.thaule@fjordingen.no )

Etter fem månader på sidelinja har Mats Solheim i løpet av hausten spelt seg til fast plass på Hammarby.

Livet smiler for 28-åringen frå Loen om dagen. For ikkje lenge sidan kom sonen Mathias til verda, og Mats har etter kvart spelt seg til fast plass på laget efter fleire månader ute med skade. Måndag var han med på å slå byrivalen Djurgarden 4-2 framfor 3O.OOO tilskodarar på heimebane i ein kamp der Mats og co. låg under O-2.

Av dei største

Hammarby er ein av dei største klubbane i Sverige. Resultatmessig har klubben vore litt bakpå nokre år, men den er på veg til å bygge seg opp att. Supportermessig trur eg ganske sikkert at Hammarby er størst i Norden, så føresetnadane er der for å lukkast, fortel Solheim. Heimekampar med over 25.OOO tilskodarar og stor stemning er ikkje uvanleg for Mats og lagkameratane.

Med fire kampar att av sesongen er Hammarby å finne midt på tabellen, men laget har etter ein god periode i haust mogelegheiter til å kome blant topp fem.

Skademareritt

Det er først i siste halvdel av sesongen at loaren har fått spele over ein lengre periode. Grunnen til at eg ikkje har spelt tidlegare i sesongen er at eg hadde ein alvorleg kneskade som eg fekk i ein cupkamp mot Syrianska i februar. Eg sat på sidelinja i fem månader og visste vel eigentleg ikkje om eg ville kome tilbake på fotballbana igien. Eg var gjennom ein lang rehabiliteringsperiode og heldigvis var den så vellukka at eg kunne vere med no i siste del av sesongen, fortel Mats som stort sett har spelt venstre back i ar.

Scoring dedikert til sonen

Høgdepunktet så langt på bana i år var då han fekk mogelegheita til å spele fotball igien etter skaden. Like eins målet han scora mot Häcken. Den scoringa dedikerte eg til sonen var Mathias som vart fødd nokre dagar før.

Trivst i Sverige

Mats har allereie nokre år bak seg i nabolandet i aust, og lite tyder på at han har tenkt å flytte på seg med det første. Det har blitt nokre år i Sverige, ja. Det er veldig stor interesse rundt fotballen her, og stemninga og atmosfæren rundt kampane er veldig bra og artig. Samtidig trivst både eg og sambuaren min, Ina, godt her, så vi har ikkje flytteplanar akkurat no, fortel Mats. Likevel kan ein aldri vere sikker i fotball, seier han. Kanskje det blir ny kontrakt her, eit nytt eventyr i eit anna land eller heim til Norge. Det er mange faktorar som spelar inn i fotballen, så det er vanskeleg å planlegge noko eksakt. Men vi satsar vel på å kome heim til Vestlandet på eit eller anna tidspunkt.

Kvardagen som proff

Kan du fortelje litt om korleis ein dag som proffi Hammarby ser ut? I sesongen reiser eg til treningsanlegget klokka åtte om morgonen. Der har vi felles frukost, og vi førebur oss til treningsøkta. Det er som regel eit møte klokka ti der vi gar gjennom treningsøkta, har analyse av komande motstandar eller pratar om vårt eige spel. Deretter trenar vi i 1,5-2 timar før dei som treng behandling av fysio får det. Tørying, isbad og eventuell ekstratrening star så for tur før felles lunsj.

I oppkøyringa til ny sesong trenar vi to gonger om dagen. Dei aller fleste treningar er med ball, men det er også innslag av ein del tung styrke, frekvenstrening og uthaldstrening fortel Mats Solheim.

Populær blant fansen

Han har blitt ein populær spelar i klubben, og han er kjent for sin "fighterattitydd" og oppofrande spelestil.

Loen
Back. Mats Solheim har blitt ein populær spelar blant fansen i Hammarby. Foto Therese Back.

Fakta om Mats Solheim som fotballspelar

  • Alder:28 år
  • Posisjon: Forsvar
  • Draktnummer:77
  • Klubbar:Loen, Stryn, Sogndat, Kalmar FF og Hammarby(frå 2015)
  • Statistikk2016: 12 kampar,l mål
  • Statistikk, Attsvenskan: 88 kampar,8 mål
  • Kontrakt med Hammarby ut sesongen 2017