Litteratur.
Avisutklipp 2017

Til Litterturlista

INNHALD

(her legges inn menyen for tekstdokumentet)

Avisutklipp 2017

1. NK investert 116 mill.
2. Namnet verrt Loen Skylift.
3. Gangbru til Hoven-fjordst.
4. Flytebrygge-Hoven-fjorsdt.
5. Hoven - oppsummering.
6. Dronninga opna Skylift.
7. Fjelldronninga på toppen.
8. Skålebu offisielt opna.
9. Hoven.Vinterturisme/stiar.
10. Nekrolog. Aud Loen.
11. Alexandra Nybygg- nord.
12. Loen kyrkjegard-vigsling.
13. Loen kyrkjegard-vigsla.
14. Loen Skylift, Årets Gründer.

Diverse artiklar publisert offentleg i Fjordingen og andre stader i 2017

1. NK investert 116 millionar i nye bygg og maskinar

Publisert i Fjordingen 27.januar.2017.

Av Bengt Flaten (bengt.flaten@fjordingen.no)


Spekematavdeling: Teknisk sjef Ove Sæten i det nye spekemat anlegget som vart bygd ifjor sommar.

Nordford Kjøtt i Loen i Loen investerer 116 millionar kroner i nybygg, maskiner og utstyr i 2016 og inn i 20l7.

Sidan i fjor sommar har vi bygd 7.OOO kvadratmeter nye lokale. Inkludert i dette er den nye spekematavdelinga på 2.OOO kvadratmeter, som vi bygde i løpet av to månader i sommar. No er eit storstilt arbeid i gang med å få på plass, montere og få i drift masse nytt produksjonsutstyr som i sum skal giere oss meir rasjonelle og gje oss ytterlegare auka kvalitet, seier dagleg leiar Geir Egil Roksvåg.

Blant mykje nytt utstyr er 3o nye pakkemaskiner som erstattar utstyr som har vore i drift nokre ar. Vi investerer mykje i robotteknologi. 83 millionar av investeringa går til maskiner og utstyr, fortel økonomisjef Alexander Hopland.

2,29 milliardar kroner

Rekneskapen for Nordflord Kjøtt er ikkje revidert enno, men Hopland fortel at netto omsetjing for 2016 vert 2,29 milliardar kroner. Dette er temmeleg likt 2015, då omsetjinga vart på 2,19 milliardar. Både omsetjing og volum har vore stabilt. Førebels resultat før skatt ser ut til å bli 70 millionar kroner. Det er 27 millionar dårlegare enn i 2015 og gir oss ein driftsmargin på om lag tre prosent, seier Hopland.

Geir Egil Roksvåg seier han ikkje er fornøgd med dårlegare resultat enn i 2015, men seier årsakene er todelte: Produktsamansetjing og sjølvsagt dei store investeringane vi har gjort. I slutten av februar vil vi ta i bruk nytt utstyr i nye lokale, og skal dermed verte endå meir effektive, seier Roksvåg.

Trond Leirgulen som er sals- og marknadssjef i Nordflord Kjøtt, fortel om betydeleg produktutvikling i året som har gått.

Det er viktig å følgje trendane. Vi har blant anna lagt mykje ressursar i utvikling av spekemat, der vi på vårparten vil lansere nye produkt med Strynenamnet. Som ein kuriositet kan eg fortelje at vi i fjor selde Strynskinke for heile 36 millionar kroner. Det er mykje på eitt slikt enkeltprodukt, seier Leirgulen.

Ferdigmat vert ein stadig viktigare del av produktspekteret for Nordjord Kjøtt. Blant anna satsar vi med ein serie steikte produkt med 40 prosent grønsaker. Vi vil bli endå større på ferdige rettar og må heile tida utvikle produkt opp mot kva markedet vil ha, seier Leirgulen.

Nordford Kjøtt tel 360 fast tilsette. Før jul var høgsesong med totalt 46O personar i ar beid.

Nordfjord Kjøtt

2. Namnet vert Loen Skylift

Publisert i Fjordingen 10. februar 2017.

Av Bengt Flaten (bengt.flaten@fjordingen.no)


Skylift. Pendelbana i Loen viI frakte turistar opp mot skyene, nokre gonger godt over sky- eller tåketeppet. F0T0: HOVEN L0EN Richard Grov

Pendelbana frå Loen og opp på Hoven har fått namn: Loen Skrylift.

Hoven Loen fungerer lokalt, men ikkje nasjonalt eller internasjonalt. Når vi skulle finne narnn, handla det om å finne fram til noko som blir forstått og som seier noko både om kvar vi er og kva oppleving vi byr på. Loen Skylift fungerer både på norsk og engelsk og gir ei kjensle av å bli løfta høgt i sky. Det er jo akkurat det det handlar om, frå Fjorden og opp på 1011 meter. Loen Skylift vert Europas brattaste pendelbane, og vert den raskaste og enklaste vegen til det beste fell-Norge har å by på, seier dagleg leiar Richard Grov. Han kan fortelje at ordinær pris for ein tur/retur med pen- delbana vert 485 kroner. - Så vert det sjølvsagt mange ulike gruppeløysingar, seier Grov.

Plass til 45

Pendelbana tek maksimalt 45 personar og vil bruke seks minutt på å klatre l.ooo høgde- meter frå ford til fell.

Målet vårt er å frakte minst 4O.OOO turistar til fjells allereie i20l7. Både pendelbana og restauranten på toppen skal vere tilgjengeleg heile året. I sommarhalvåret vil fellområdet bak fellstasjonen invitere til turar på eit omfattande nettverk av stiar. Vinterstid vil området eigne seg godt for skiturar.

100 dagar til opning

Onsdag var det lOO dagar att til opninga av pendelbana og restauranten på Hoven. 2O. mai er datoen då H.M. dronning Sonja skal utføre den offisielle opninga av det største utandørs reiselivsproduktet som er bygd i stor geografisk omkrets.

Vi er i rute til opninga. Det fine veret dei siste vekene har gitt oss god framdrift. Vi er no i full gang med innreiing av restaurantbygget, medan fellstasjonen for pendelbana på det næraste er ferdig. Bana er overlevert oss, og det er ikkje lenge att før vi får driftstillatelse, seier Grov.

25 årsverk

Han opplyser at Jarle Grov vert dagleg leiar i selskapet som skal drifte restauranten. Vi startar etter kvart arbeidet med å rekruttere fleire tilsette både til restaurantdrift og andre funksjonar. Til å drifte pendelbana og restauranten snakkar vi om ca 25 årsverk totalt. I tillegg kjem minst like mange ved hotell og andre verksemder rundt, som direkte konsekvens av utbyggrnga på Hoven. Vi sa i ein tidleg fase at Hoven Loen-prosjektet ville tilføre området 55 nye årsverk. Det trur eg vil stemme, seier Grov.

3. Gangbru til Hoven-fjordstasjon
Håpar å støype gangbrua før påske

Publisert i Fjordingen 4. april 2017.

Av Bengt Flaten (bengt.flaten@fjordingen.no)

Hoven Loen-Prosjeltet er inne i ein hektisk sluttspurt fram mot offisiell opning av Loen Slrylift 2O. mai. Fjordbygget og gangbrua som skal knyte fjordbygget saman med fjordstasjonen for pendelbana, er noko av det siste som vil bli ferdig.

Vi er straks ferdige med betongarbeidet På fordbygget som vert ankomstterminalen for dei som skal opp på fellet. Vi har ambisjon om å få løyve frå Statens vegvesen til å støtype gangbrua over fv 60 før Påske, seier Knut Løvdal på vegne av hovudentreprenør HS Bygg AS.

Vi held på med forskaling av bruspennet i desse dagar. Får vi støypt før påske, kan brua stå og herde i Påska, slik at vi er klare til vidare arbeid rett etter Påske. Vert det støyping før paske, vil det i så fall medføre stenging av fv 60 medan støyping pågar og til brua er tilstrekkeleg herda, sei er Løvdal.


Forskaling. Forskalingsarbeidet er snart ferdig. Kanskje er det støyping av gangbrua over fv60 i Loen før påske.

4. Får legge ut flytebrygge ved Hoven fjordanlegg.

Publisert i Fjordingen 12. mai 2017.

Hoven Loen ved Hotell Alexandra har søkt om å få legge ut flytebrygge i tilknytning til det nye fjordbygget ved Loen Skylift.

Flytebrygga er på 4x2O meter og er konstruert i prefabrikkert betong. Landgangen er 12 x 1,8 meter. Brygga er søkt plassert i eit område som er regulert til havneområde i sjø, og i følgie reguleringsføresegnene er det høve til å legge ut flytebrygger.

Nordford Havn IKS har handsama søknaden og er positive til at det blir lagt ut flytebrygge. Dei vurderer tiltaket til ikkje å kome i vesentleg kon- flikt med naboeigedomar eller allmenn ferdsel på sjøen. Avd. for byggesaker og regulering i Stryn gir også løyve til tiltaket.

5. Loen Skylift. Oppsummering

Publisert i Fjordingen 19. mai 2017.

Av Gunnhild Sindre (gunhild.sindre@fjordingen.no).

6. Dronninga opna Loen Skylift

Publisert i Fjordingen 23. mai 2017.

Av Hans Homøyvik (hans.holmoyvik@fjordingen.no)

Eit fjordlandskap i strålande sol og masse glade menneske. Dette var ramma då dronning Sonja stod for den offisielle opninga av Loen skylift 20. mai 2017

Eivind Grov. Med i følgiet var også mellom andre fylkesmann Anne Karin Hamre og ordførar Sven Flo. Sjå på dette. Heilt fantastisk, sa dronninga og såg seg rundt då ho var framme ved fjordstasjonen. Her venta to elevar frå Loen skule med vakker blomsterbukett. Førsteklassingane Vilde T. Nystøyl og Ian L. Nash var det som fekk æra av å stå for overrekkinga. Etter at Richard Grov, styreleiar Leif Riksheim og fylkesordførar Jenny Følling hadde helsa dronninga velkomen, var det eidagruppa Indigo Child sin tur. Med restaurantbygget i syne oppe på fiellkanten framførte dei "House on a Hill" på ein måte som stod heilt i stil med alt det vakre som kunne opplevast denne dagen.

Eit underverk

Ordførar Sven Flo heldt tale: - Dette er ein historisk dag. Den vil feste seg for alltid som noko unikt og spektakulært, sa ordføraren. Han uttrykte stor glede og takksemd for at dronning Sonja hadde sagt ja til å kome til Loen på opningsdagen. Loen er ei perle på jord. Denne pendelbana er eit nasjonalt prosjekt med internasjonal sprengkraft, sa ordføraren og drog linjene tilbake til verdas sju underverk, alle frå tida før Kristus. Loen Skylift er vårt underverk,2O17 år etter Kristus, Han takka Richard Grov og alle hans hjelparar.

Song som rørte

Elevar frå Loen skule stemte i med Vilde og Anna sin vinnarlåt "Vestlandet" frå MPG junior. Ingen tvil om at den flotte engterte framføringa rørte både dronning Sonja Sonja og alle andre som omkransa området. Snakk om å treffe blink med songvalet denne store og heilt spesielle dagen i Loen.

Trykte på knappen

Dronning Sonja stod for den offisielle opninga. Med sikker hand trykte ho på knappen som opna døra inn til gondolbana. Dermed kunne publikum, truleg eit tusentals, sleppe jubelen laus. Så vart dronninga følgd av Richard Grov og andre inn i fjordstasjonen og vogna som skulle føre dei opp den bratte fjellsida til Hoven. Og då vogna med ei vinkande dronning steig til vers, spela Indigo Child Nordfiordsongen. Vakrare kunne det ikkje bli


Blomster. Dronning Sonja fekk vakker blomsterbukett overrekt av 1. klassingane lan L. Nash og Vilde T. Nystøyl frå Loen skule.

7. Eit av dei flottaste områda i landet sa fjelldronninga

Publisert i Fjordingen 23. mai 2017.

Av Gunnhild Sindre (gunnhild.sindre@fjordingen.no).

Dronning Sonja er "fjelldronninga' over nokon. Ho var full av lovord over Loen Skylift og anlegget på Hoven. Eit fantastisk anlegg som vil føre til at fleire kjem seg tilfjells. lkkje minst dei som ikkje har høve til å gå sjølve, sa ei begeistra dronning på toppen av Hoven 1.011.

Etter at "himmelheisen" var opna laurdag, drog dronninga og resten av følgjet hennar til fjells med gondol. Her oppe var det mellom anna lunsj for inviterte gjester. Under lunsjen var det fotoforbod, men det vert fortalt at Andre Oppheim, kjøpmann og reryentusiast frå Olden, hadde ei storarta framføring av stev til dronning Sonja og Richard Grov.

Gigantisk hestesko

Dronninga fekk også avduke monumentet "Fotspor" ved kartpunktet Hoven. Leif Vinsrygg bles fanfare på lur, og born frå Loen skule song i samband med avdukinga av det som viste seg å vere ein gigantisk hestesko. Skoen spelar på myta om at det skal ha vore Sleipner, hesten til Odin, som har sett fotavtrykket sitt i fellsida her ein gong. Monumentet er laga av Stryvo etter ein ide av Richard Grov, og fekk mykje skryt og merksemd opningsdagen.

Eit av deiflottaste områda i landet

På det flate taket, med utsyn til store delar av fellheimen rundt Notdfjord' fortalde dronning Sonja om nokre av sine mange fjellturar i distriktet. Arne "Gutta på tun" Hjeltnes var intervjuar, og ei godt førebudd dronning stilte med eige turkart og fortalde om dei ulike turane og rutene, frå Segestad og Greidung til Hornindalsrokken, Skåla og Lodalskåpa. Første felltur her i distriktet gjekk ho så tidleg som i 1979. Seinare på ettermiddagen fekk ho tid til å utdjupe si nære tilknyting til distriktet for Fjordingen. Dette er eitt av dei flottaste områda i landet, med spennvidde frå det utfordrande høgfellet og ned til dei frodigaste dalane, som Lodalen med sitt blomsterflor. Det er utruleg fascinerande, sa dronninga. Kva er det med å kome seg til fells som er så viktig for dronninga? - Det er utruleg godt for både sinn og skinn. Du legg rett og slett bekymringane att nede i dalen, og held fokuset på kvar du set foten.

Fantastisk arkitektur

Dronning Sonja la ikkje skjul på at ho var svært begeistra for Loen Skylift og anlegget på Hoven. Det er eit kjempeflott anlegg, med ein fantastisk arkitektur. I det heile er det imponerande kva dei har fån til her oppe. Dette vil verte til stor glede for mange. Ikkje minst dei som ikkje har høve til å gå sjølve for å kome seg tilfells. Kunne dronninga tenkje seg å ta med gjester, som utanlandske kongelege, hit seinare? Det kan nok hende, eg har hatt med gjester hit til distriktet før! Men no er det nok den yngre generasjon som i stor grad skal overta akkurat dette, understreka dronninga, som la til: Men eg tek gierne heile familien med meg hit neste gong!

Berre å setje igang

Det er ikkje tvil om at dronninga er ei svært sprek dame, noko som vart kommentert av mange i løpet av dagen. Og turane hennar held fram, til toppar og på brear. Kva må så ein annan giere for å kunne halde seg så sprek som dronninga? undra Arne Hjeltnes seg på. Svaret kom kontant frå felldronninga: - Det er vel berre å setje i gang å gå, det


Applaus til fjells. Dronninga klappar for lurblåsar Leif Vinsrygg. Til venstre Arne Hjeltnes, som mellom anna intervjua dronninga om fjelltuane hennear.


Fotspor. Dronning avduka monumentet "Fotspor" laga av Styvo AS etter ide av Richard Grov.

8. Skålabu offisielt opna i helga (1.-2. juli)

Publisert i Fjordingen 4. juli 2017.

Av Ingrid Kvåle Faleide (ingrid.kvale.faleide@fjordingen.no).


Opningsfest. 100 personar fann vegen til toppen i løpet av opningshelga, fortel Bergen og Hordaland Turlag. Her framfører Kristoffer Haugen eit passande kved i snøværet. Deretter skar Petter Bjørnstad frå Erling Bjørnstad-skiftinga over den raude snora. Han representerte den største økonomiske bidragsytaren i hytta

Både tilreisande og bygdefolk kjempa seg opp dei 1.848 høgdemeterane for å delta på opninga. Bergen og Hordaland Turlag er svært nøgde med opningsarrangementet.

Det er veldig kjekt å få gjere stas på dei som har vore med å bidrege til at vi fekk bygd Skålabu, seier dagleg leiar Helene Ødven. Laurdagskveld var alle bidragsytarane inviterte til opningsfest i hytta og den offisielle opningsseremonienvar søndag.

Det er 125 år sidan Skålatårnet stod ferdig og vart gitt i gåve til Turistforeningen i Bergen. Ei krevjande gåve å ta i mot, opna styreleiaren i Bergen og Hordaland Turlag, Tore Johan Smidt, med å seie. Tårnet har vorte ei svært poplær turisthytte, og særleg den aukande vinterbruken av tårnet har slite på den. Det var behov for ein ny overnattingsstad på Skåla.

Eit spektakulært bygg! seier generalsekretær i DNI Nils Øveraas. Dette er eit utruleg flott område med mange turmoglegheiter, så det er gledeleg at vi har ein så flott overnattingsstad fjellfolk kan få glede av sommar som vinter i mange år ftamover, sa han.

9. Hoven. vinterturisme/turløyper

Publisert i Fjordingen 1. september 2017.

Av Roger Oldeode (roger.oldeide@fjordingen.no).


Vinterturisme. Hoven har allereie eit nettverk av turstiar til bruk på sommaren. No skal Hoven også bli tilrettelagt for ulike vinteraktivitetar til dømes langrenn og aking. Etter det Fjordingen kjenner til er det potensiale for 15 kilometer med preparerte løyper. Foto: Bengt Flaten

Vinterturisme

I vinter skal ein kunne ta gondolen opp på Hoven, spenne på seg skia og gå ut i preparerte skiløyper, seier Richard Grov.

Med eit budsjett på 55.OOO besøkande i 2017, har Loen skylift alt passert 72.OOO besøkande etter opninga 20. mai. Den store turistsesongen går no mot slutten, men det skal ikkje bli stille på Hoven når snøen etter kvart legg seg, skal vi tru dagleg leiar av Hoven Loen AS, Richard Grov. Han grovskisserar ulike vinteraktiviterar som skal syte for trafikk på Hoven-fiellet også vinterhalvåret.

Vi vil legge til rette for toppturar med randonee og tilby guida turar med Loen skylift som utgangspunkt. Det vil og bli utleige av truger til å gå i fjellet med og vi vil legge til rette for aking med kjelke. Vidare vil vi preparere langtennsløyper. Det er høve for kilometervis med skiløyper der oppe med stabile og gode snøforhold, seier Grov. Han vonar Hoven og kan bli utgangspunkt for samlingar for folk i skimiljøet. Her kan til dømes arrangerast landslagssamlingar, seier Grov.

Heilårsaktivitet

Grov understrekar at tilrettelegging for vinteraktivitetar på Hoven ikkje er nokon ny ide. Ambisjonen har heile tida vore å skape opplevingar rundt Loen skylift heile året. No håpar vi at vi kan opne for vinteraktivitetar frå midten av desember til ut i mai, lenge etter at andre har stengt. Snøen ligg lenge på I.OOO meters høgde, poengterer Grov.

Stor investering

Vil tryggleik bli ei utfordring for slike aktivitetar på Hoven? Kring Loen Skylift vil vi setje opp gjerde så ingen gar seg utfor. Ved løypenettet elles skal vi setje opp stikker slik at ein vil kunne orientere seg ved dårleg sikt. Tryggleiken vil vere ivaretatt, seier Grov.

Grov er klar på at vintersatsinga vil koste. Eg kan ikkje gi deg noko tal på kva dette vil koste no, men det blir ei stor investering til mange millioriar kroner, seier han.


Løypenett. På Hoven er det alt eit omfattande løypenett. I vinter vil det bli preparerte skiløyper på dette fjellet.

Byggjer landets største løypenett

Dette er Norges de sidert største stiprosjekt. Vi forventar at Staten vilbidra idette prosjektet, seier leiar i Hoven Loen, Richard Grov.

Ifølge Richard Grov er det så langt investert 1O millionar kroner i det omfattande stiprosjektet på Hoven der det er potensial for mellom 7O og 8O kilometer med opparbeida løyper.

Vi legg opp til 16 - t7 forskjellige turløyper der. Per i deg er vi ferdige med 1O kilometer, seier Grov som sjølv nytta helga til dugnadsarbeid saman med fleire andre på det drygt I.OOO meter høge fellet.

Vil ha statleg draghjelp

Mykje vert utført på dugnad, men vi har og behov for innleigde folk og anleggsmaskiner utover hausten, fortel Grov. Han er klar på at det enorme stiprosjektet vil ta fleire år å realisere.

Dette er Norges desidert største stiprosjekt over dei neste åra og det krev store investeringar. Vi forventar at Staten vil bidra til å realisere løypenettet, seier Grov.


Dugnad. Mange frivillige stiller opp på bygging av stiar på Hoven. Jan Heggheim t.v og Arild Bødal. I bakgrunnen Richard Grov

10. Nekrolog. Aud Loen

Publisert i Aftenposten 28. september 2017.

Av Greta af Geijerstam Hekneby

Så er Aud borte. Vakre, stolte, flotte Aud, som vi hadde håpet vi skulle få beholde lenge ennå. Men slik ble det ikke. Aud sovnet stille inn den 16. august (2017) etter å ha strittet tappert mot kreften gjennom to slitsomme år. Hun ville så gjerne leve.

Aud Marie Loen var født i Loen i 1942. Som datter av Jenny og Rickard Loen fikk hun tidlig kjennskap til hotell- og reiseliv. Hun tilegnet seg grunnleggende verdier og egenskaper som orden og nøyaktighet og gleden ved å utføre alt arbeid ryddig og samvittighetsfullt

Aud fikk tidlig oppgaver i Utenriksdepartementet Her var hun i ti år, de fem siste ved ambassaden i Wien. Så ble hun spurt av Gro Harlem Brundtland om å være sekretær for henne da hun ledet arbeidet i FNs miljøkomite. Denne jobben hadde Aud i fire år og den førte henne rundt i mange land.

Tilbake i Oslo i 1982 begynte hun som konsulent i det internasjonale sekreariatet på Stortinget. Hun arbeidet på Stortinget til hun gikk av med pension i 2009. Vi ble kjent med Aud da vi gikk på Firda offentlige Landsgymnas på Sandane. Ganske tidlig ble vi en venninnegjeng på fire som hadde mye hygge sammen i en ellers krevende skolehverdag. Aud, Elfrid, Aslaug og jeg ble venninner for livet.

Aud var interessert i det som foregikk. Hun var orientert om politikk og om kunst, og hun leste mye. Hun deltok i diskusjonerpå sin rolige og reflekterte måte, uten å være hverken påståelig eller selvsikker. Hun var en usedvanlig god lytter.

Aud stiftet aldri egen familie, men hun ble til fulle elsket av sine søsken og deres barn og barnebarn. For disse var hun umistelig. Alltid opptatt av tantebarnas ve og vel, alltid interessert, alltid raus, alltid åpen.

Sommeren 2015 fikkAud en alvorlig kreftdiagnose. Gjennom to lange år slet hun seg gjennom behandlinger som tæret på kroppen. Men hun ville ikke gi opp. Vi som fulgte henne i denne vonde tiden, så at hun led mye, og vi følte oss så maktesløse som en kjenner seg når en kjær venn må gå alene den tunge veien på siste reise. Vi venninnene fra Sandane er fattigere uten Aud. Og vi strever litt nå med å finne igjen gleden ved samværet mellom oss. Men vi vet at Aud alltid vil være med oss uansett. Alle de gode minnene lever videre etter henne. Fred med Auds minne.

På vegne av Greta, Aslaug Moen, og Elfrid Gimmestad.

Greta af Geijerstam Hekneby

11. Hotell Alexandra. Har teke i bruk nybygg til 73 millionar

Publisert i Fjordingen 29. september 2017.

Av Thomas Thaule (thomas.thaule@fjordingen.no).


Hotel Alexandra. Oversikt over bygga til hotel Alexandra. Nybygget ser ein berre som ein plen sett ovanfrå

I 2015 starta HotelAlexandra i Loen på byggeprosjektet "Bygg nord. No har hotellet mellom anna opna dørene til eit topp moderne aktivitetssenter.

Etter å ha greve ut om lag O.OOO kubikkmeter masse tok HS Bygg til med grunnarbeidet på nordsida av hotellet for to år sidan. sommar vart nybygget teke i bruk, og berre småplukk står att før alt er ferdig.

73 millionar

Totalt har prosjektet på 2.lOO kvadratmeter kosta 73 millionar kroner, seier hotellsjef lngri Grov Kämpf. tillegg til det nye aktivitetssenteret er det også nye fasilitetar for personalet, fleire oppgraderingar samt laga til tre nye rom for gjester.

Aktivitetssenter

Hotellet sitt treningsrom var det på høg tid å gjere noko med, og ei oppjustering var på sin plass. aktivitetssenteret er det både spinningrom og tre- ningsrom, i tillegg er det fleire biljardbord, eit snookerbord, shuffleboard og mulegheiter til å spele dart, bordtennis, air hockey og brettspel, seier ngri Grov Kämpf. Ho fortel at hotellet særleg hadde dei litt eldre ungdomane i tankane då dei giekk i gang med bygginga av aktivitetssenteret.

Dette har blitt veldig populært blant giestene, seier Daniel Diaw, som er ansvarleg for den nye avdelinga.

Fleire oppgraderingar

Hotellet har giort fleire andre tiltak i høve utbygginga. Det gamle vaskeriet var lite funksjonelt og er erstatta med eit heilt nytt vaskeri. Det same gield varemottaket. AIt unnateke mat blir no levert til det nye varemottaket vårt, fortel Grov Kämpf.

Her er også nytt teknisk rom, nytt søppelrom, nytt relwisitalager og kjølerom og frysarar på rekke og rad. Eit nytt luftingsanlegg skal koplast på det eksisterande anlegget. For dei tilsette har det også blitt ein annan kvardag. Her er ny kantine, nye garderobar og ny personalinngang med ein stor uteterrasse.

Frigjort areal

Vi har fått frigiort ein del are al etter utbygginga. Det gamle vaskeriet skal til dømes bli nvtt leikerom, og der kantina lågiør skal det bli møterom, fortel hotellsjefen.

Vi har med denne utbygginga gitt hotellet eit meir heilskapleg inntrykk, og fasaden har fått eit løft, avsluttar Ingri Grov Kämpf.


Ruvar ikkje i terrenget. Nybygget glir fint inn i terrenget. På taket er det laga til stor plen


Grønt. På taket av det nye bygget er det laga til plen, Herfrå er det god utsikt opp til Hoven, konstaterer Ingri Grov Kämpf

12. Vigsling av nytt felt på Loen kyrkjegard

Publisert i Fjordingen 3. november 2017.

Av Loen sokneråd.

Loen kyrkjegard har blitt utvida, men før han kan takast i bruk til gravlegging, må han vigslast. Dette skjer søndag. Vi går ut på kyrkjegarden for å vere med på vigselshøgtida etter gudstenesta og kyrkjekaffi. Vi vonar mange vil møte fram til denne samlinga. Det skjer ikkje ofte at ein ny kyrkjegard blir vigsla, så det er ei spesiell hending å få med seg. Ritualet er ikkje sa langvarig, men det skal bli høgtideleg og fint, med fleire medverkande.

Det har vore kyrkje i Loen på den same staden sidan l200-talet, og det har heilt sikkert vore gravstad ved kyrkja i heile denne tida. Så når vi no utvidar, står vi i ein langtradisjon. Soknerådet har vedteke at ein del av det nordaustlege hjørnet ikkje skal vigslast. Dersom nokon ikkje ynskjer å ligge i vigsla jord, blir det likevel høve til å bli gravlagt på gravstaden ved kyrkja. Dette er gjort for å kunne tilby ein gravstad for menneske som ikkje kjenner seg heime i den kristne trua og tradisjonen. Slik ynskjer kyrkja å legge til rette for ulike behov. Velkomne til viselhøgtida søndag


Loen kyrkje

13. Vigsla ny del av Loen kyrkjegard
(Same sak som nr. 12 over, etter gjennomføring)

Publisert i Fjordingen 7. november 2017.

Av Gunhild Sindre (gunhild.sindre@fjordingen .no)

Søndag var det hausttakkegudsteneste med litt ekstra høgtid i Loen. Då vart den nye delen av kyrkjegarden vigsla.

Sokneprest Henny Koppen stod for vigslinga av kyrkjegarden.

Det er Kyrkjemøtet som har fastsett rettleiing for vigsling av kyrkjegard. Der heiter det at vigsling av kyrkjegard inneber at det ved Guds ord og bøn blir lagt til rette for kristen gravferd på eit avgrensa, opparbeidd areal.

Under vigslingshøgtida var det både tekstlesing og bøn. Høgtida vart innleia med salmen Ljos over grav, og avslutta med Deg være ære, før velsigninga.

Sokneprest Henny Koppen fortalde også at soknerådet har vedteke at ein del av det nordaustlege hjørnet av det nye arealet ikkje skal vigslast.

Dette er giort for å kunne tilby ein gravstad for personar som ikkje kjenner seg heime i den kristne trua og tradisjonen, og som ikkje ønskjer å ligge i vigsla jord. Slik ynskjer kyrkja å legge til rette for ulike behov.


Vigsling Den nye delen av Loen Kyrkjegard vart vigsla av sokneprest Henny Koppen. Under høgtida deltok folk i alle aldrar.

14. Loen Skylift vart Årets gründer

Publisert i Fjordingen 7. november 2017.

Av THOMAS THAULE (thomas.thaule@fjordingen.no)

Loen Skylift er kåra til Årets Grynder 2017 i Sogn og Fjordane og får med seg 100.000 kroner.

Pendelbana i Loen har sidan oppstarten i mai hatt rundt 85.OOO besøkande, noko som er 3O.OOO fleire enn budsjettert. Bana er ei av dei brattaste i verda og du kan reise frå ford til fjell på fem minutt, opp til Hoven 1O11 moh. Juryen har lete seg imponere over fylkets nye turistattraksjon i verdsklasse, og at prosjektet med hotelldirektør Richard Grov i spissen klarte reise over l4O millionar i eigenkapital til prosjektet, heiter det i pressemeldinga frå prisutdelinga. Prisen vart delt under Temposeminaret i Florø før helga.

Suært gledeleg

Prisen er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Sparebankstiftinga Sogn og Fliordane og Framtidsfylket. Til stades for å ta i mot prisen var Eivind Grov, som var direktør på Hotel Alexandra frå 1965 til 1996.

Det er svært gledeleg å få denne prisen. Ideen om Loen Skyift blei forsterka då Via Ferrata opna i 2Oll, og det å få denne tittelen, viser at arbeidet blir sett pris på, seier Eivind Grov.

Faglege kriterium

Prisen vert delt ut etter faglege kriterium der ein fagjury har ansvaret for det endelege resultatet. Juryen har i år bestått av Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Reidun Aasen Nesheim, rådgjevar i Innovasjon Norge og Kjetil Kvåle, dagleg leiar i Kunnskapsparken. I grunngievinga trekkjer juryen fram at Loen Skylift har høge ambisjonar, og at prosjektet har rydda vekk ein kvar tvil om at det går an å tenke store og luftige tankar i Sogn og Fjordane. Dei rosar at ei tradisjonsrik næring har tatt spranget ut i det ukjende, og ifølgie initiativtakarane for prosjektet er dette berre byrjinga. Samtidig får publikum mulegheit til å stemme fram sin favoritt, og resultatet frå avstemminga vert vektlagt i juryen si vurdering. I år kom det inn om lag 5.200 stemmer, står det vidare i pressemeldinga.

25.000 til dei andre finalistane

Dei fire andre finalistane gjekk heller ikkje tomhendt heim frå kåringa. Sogn Aqua, Sødermann Rådgivning, Hydrowave og Seaweed fekk alle med seg ein sjekk på 25.OOO kroner.


Til topps Loen Skylift er kåra til Årets gründer 2017 i Sogn og Fjordane. Eivind Grov tok imot prisen. Dei ander finalistane er: Sogn Aqua, Søderman rådgivning, Hydrowave og Seaweed fekk alle med seg 25.000 kr. Pressefoto