Litteratur.
Avisutklipp 2018

Til Litterturlista

INNHALD

Avisutklipp 2018

1. Årets nyskapar 2017 .
2. Loen Active bygger ut.
3. Nytt tak på Loen kyrkje.
4. 14 nye tomter på Rake.
5. Ny kommunal veg i Loen

Diverse artiklar publisert offentleg i Fjordingen og andre stader i 2018

1. Loen Skylift er årets nyskapar 2017

Publisert i Fjordingen 16.februar.2018.

Av Gunnhild Sindre (gunnhild.sindre@fjordingen.no)


FRÅ PRISUTDELINGA. Frå v. Ørjan Skåden, Sparebanken Sogn og Fjordane, Olav Næss, Hoven Restaurant, Knut Henning Hjellbakk,Stryn Næringshage, Heidi Anita Lyslo, Hoven Restaurant, Margrete Koppen,_HotelAlexandra, Odd Rune Flo, Loen Skylift (med prien), Åtle Loen (bak), Hotel Alexandra, Jarle Grov Hoven Restaurant, Erik Brendefur, Loen Active, Torgeir Holmøyvik, HotelmAlexandra, Elizabeth Bakken, HotelAlexandra, Aud Løvlid, Hotel Alexandra, Daniel Diaw, HotelAlexandra, Siri Merete Fure, Sparebanken Vest, Bente Flore, Loen Active, Anne Siv Jevnehagen, Nordea, Ingunn Skarstein, Hotel Alexandra, Thomas Kämpf Hotel Alexandra, Oiav'Lars Rake, Hotel Alexandra, Jørn Sønsterudbråten, Stryn Næringssamskipnad og lngri Grov Kämpf, Hotel Alexandra.

Det er Stryn Næringssamskipnad som deler ut prisen kvart år som skal vere med og styrke Stryn sitt omdømme som arena for industri og næringsutvikling.

I statuttane vert det m.a. vektlagt vilje, evne og mot til å realisere og / eller kommersialisere ein god ide og stor ny skapingsevne og kreativitet i utvikling av konsept, produkt eller verksemd. Nyskapingsprisen skal også kunne tildelast bedrifter som over tid har vist høg innovasjonstakt og evne til omstilling.

Ingen tvil

12017 var det ingen tvil i juryen om kven som skulle vinne prisen Årets nyskapar, fortalde Knut Henning Hjellbakk, dagleg leiar for Stryn Næringshage, då han overrekte prisen.

Loen Skylift har meir eller mindre støtte i alle statuttane for prisen, sa Hjellbakk. I grunngievinga frå juryen heiter det mellom anna at Loen Skylift er eit nytt reiselivsikon i Norge, der verksemda er med å styrke Stryn sitt omdømme som reiselivsarena med innovasjon og satsingsvilje, og gir internasjonal merksemd.

Realisere ein 1O år gamal draum

Det vert ogsæ vist til at partane bak Loen Skylift har vist vilje og giennomføringsevne til å realisere og kommersialisere ein 4O år gamal draum, som og viste seg å vere ein god ide.

Loen Skylift har mål om giere heilårsturisme og gjere naturen tilgjengeleg for alle med tilpassa aktivitetar. Dette er med å løfte resten av reiselivsnæringa i same retning. Dette skaper arbeidsplassar og verdiskaping, heiter det i grunngjevinga, der det også vert vist til at Loen Skylift har hatt eit fantastisk opningsår med ca. 35.OOO meir selde billettar enn budsjettert.

Juryen har vore sanansett av representantar for Stryn Næringssamskipnad, Stryn Næringshage, Sparebanken Vest, Sparebanken Sogn og Fjordane og Nordea.

Vekta samarbeidet

Prisen vart delt ut under eit koordineringsmøte for leiargruppene i Hotel Alexandra, Hotel Loenford, Loen Active, Loen Skylift og Hoven Restaurant. Odd Rune Flo, sals- og aktivitetssjef for Loen Skylift, tok imot prisen på vegner av dagleg leiar Richard Grov. Han vektla det gode samarbeidet då han takka for prisen:

Dette er ein pris som skal delast med alle tilsette på ulike avdelingar. Suksessen hadde ikkje blitt like stor utan samarbeidet med alle desse!


ÅRETS NYSKAPAR 2017: Knut Henning Hjellbakk, dagleg leiar Stryn Næringshage, overrekte prisen til sals- og aktivitetsansvarleg Odd Rune Flo, som tok imot prisen på vegner av Richard Grov.

KAKEFEST: Prisen vart utdelt i koordineringsmøtet for avdelingsleiarane, som dermed fekk vee med på kakefeiring.

Desse har vorte Årets nyskaparar

Skylift er den trettande mottakaren av prisen årets nyskapar, utdelt av Stryn Næringshage. Desse har så langt motteke prisen

2. Loen Active byggjer vidare i fjellveggen

Publisert i Fjordingen 27.februar.2018.

Av Bengt Flaten (bengt.flaten@fjordingen.no)

Ein lang og ein kort ekstrem via ferrata i tillegg til to ziplines i Gjølmunna. Loen Active byggjer ut og inviterer til spennande opplevingar i fjellveggen opp mot Hoven.

Via Ferrata Loen har vore stor suksess. No er tida inne for å utvkle og tilby endå meir ekstreme opplevingar. I slutten av mai startar det austenikske selskapet HZI arbeidet med å byggie to nye via ferrataer, samt to såkalla ziplines i fellet oppunder Hoven.

Dei nye via ferrataene eller klatrestiane vert tilbod til dei tøffaste, medan ziplines i øvste del av Gjølmunna vert opplevingar for alle nivå, seier Erik Brendefur, dagleg leiar i Loen Active.

Rett innunder gondolbana

Den lengste klatrestien som skal etablerast vert spektakulær på fleire måtar.

Denne klatrestien startar på 540 høgdemeter, i enden av ein sti som tek av 70 meter nedanfor innsteget på eksisterande via ferrata. Herifra går klatre- stien tett ved og meir eller mindre parallelt med pendelbana til Hoven, heilt til topps. Dei som har køyrd bana veit at dette er stupbratt fjell. Dette vert ein klatresti for dei tøffe og spesielt trente, og ikkje for nybyrjarar. Sjølve via ferrataen vert spektakulær for dei som skal gå han, og det vert og spektakulært fordi passasjerane i pendelbana kan sjå klatrarane rett innunder gondolen, fortel Erik Brendefur. Denne stien vert så bratt at det ikkje vil bli tillate fleire enn fire giester saman med førar i kvart lag.

Ziplines og endå ein via ferrata

I samband med eksisterande via ferrata vil det og bli bygd ut to ziplines øvst i Gjølmunna. Styreleiar i Loen Active, Richard Grov, fortel at kvar zipline vert om lag l2O meter lange. Desse vil bli bygde slik at brukarar på alle nivå kan få oppleve å suse giennom lufta, hengiande i wiren. Etter å ha køyrd ziplne kan folk velje mellom å gå inn på eksisterande via ferrata eller ein ny ekstrem ein.

For dei tøffaste vil vi byggje ein ny ekstrem via ferrata opp ein 90 meter høg fellvegg. Dette vert ein barsk avslutning etter å ha køyrd zipline, og be- tyr at vi vil by på tilbod i heile spekteret frå det enkle til det superekstreme, seier Grov. Firmaet HZI er same selskap som bygde Via Ferrata Loen i 2O11, Gjølmunnebrua i 2013 og Gjølmunnestrengen i 2O15. No er dei klare for endå meir utbygging. Vi satsar på å ha dei nye tilboda klare innan 1. juli, seier Grov og Brendefur.


Ekstrem via ferrata: Denne skissa, som er send inn til Stryn kommune saman med omtale av utbygginga, viser korleis den nye via ferrataen vil gå omtrent innunder gondobana til Hoven.

3. Nytt tak på Loen kyrkje

Publisert i Fjordingen 6. april.2018.

Av Thomas Thaule(thomas.thaule@fjordingen.no)

Tysdag starta jobben med å reparere taket på Loen kyrkje Stryn. Stryn kommune har løyvd ein million kroner i prosjektmidlar til restaureringa.

Det er firmaet Stokk & Stein på Lom som står for arbeidet. Firmaet, som har fire mann arbeid i Loen, har lang erfaring med restaurering av mellom anna kyrkiebygg og har hatt fleire oppdrag for Riksantikvaren.

Lekkasje og råte

Grunnen til at det no er sett i gang rehabilitering av taket er at det vart oppdagp lekkasje og roteskade i takkonstruksjonen, fortel avtroppande kyrkjeverje i Stryn, Børre Lian. Han trur arbeidet med taket vil ta minst to månader, avhengig om ein finn meir skade på tak- og bere-konstruksjonane.

Må sjå an tilstanden

No skal vi legge nytt, tett undertak og legge noko ny skiferstein, men mesteparten av skifersteinen på taket skal brukast opp att, seier Bernd Kirchner i Stokk&Stein.

Takrenner, nedløp med meir er også noko vi skal sjå på. Kor omfattande arbeidet blir er vanskeleg å seie, vi må nesten sjå an kor store skadane eventuelt er, fortel Kirchner vidare. Det betyr at han heller ikkje kan seie kor tid dei reknar med å vere ferdige med arbeidet som kan vere omfattande.

Kirchner seier at firmaet har utført vedlikehaldsarbeid på kyrkja tidlegare. Vi har reparert i berekonstruksjonen før. Om taket som ligg der no er originalt kan ikkje Kirchner seie sikkert, men truleg har det blitt flikka på ved fleire høve sidan kyrkja stod ferdig i 1837.

Arbeider tørt

I forkant av restaureringsarbeidet har Bjørnar Sæten og Ruben Briksdal i Stryn Eiendom entreprenør sett opp stillas rundt heile kyrkja og lagt duk over taket. Dermed treng ikkje dei fire arbeidarane som starta tysdag å bekymre seg for regn eller snø.


Nytt tak Det er sett i gang arbeid med å restaurere taket på Loen kyrkje. Arbeidet er venta å ta eit par månader, avhengig av om det blir oppdaga ytterlegare skader.

4. Nytt bustadfelt med 14 tomter på Rake

Her må du betale for utsikta.

Publisert i Fjordingen 20. april.2018.

Av Roy Aron Myklebust (roy.aron.myklebust@fjordingen.no)

Om kort tid vert tomtene i det nye bustadfeltet på Rake lagde ut for sal. Truleg vil Stryn kommune for første gong legge attraktivitet til grunn når tomteprisen skal fastsetjast.

Då vil vi vurdere heile feltet og giere oss opp ei meining om kva tomter som har best beliggenheit. Her vil tilgjenge, utsikt og opparbeiding av tomta spele inn på ein slags attraktivitetsfaktor, forklarar teknisk sjef i kommunen, Jan Bakke Flore.

Det er ikkje noko nytt og kontroversielt å tenkje på denne måten, og det er jo slik private utbyggarar gier det, men det blir nytt at vi gjer det slik. Fram til no er det i all hovudsak storleiken på dei kommunale tomtene som har bestemt prisen. Lik storleik er lik pris. Flore understrekar at dette ikkje er endeleg vedteke politisk, men førebelse signal tyder på at det blir slik. Det er heller ikkje klart kven som skal gjere jobben med prissetjinga, men han ser det som naturleg at ein anten hyrar inn ein fagperson, eller at det bla etablert ei gruppe for å gjere jobben.

Det vil uansett handle om skjønn i slike spørsmå

Store tomter

Bustadfeltet vart regulert så langt tilbake som på 8o-tdet, og kun mindre tilpassingar og grep er giort. Dei 14 tomtene er i følgie Flore relativt store.

Det normale har vore 1 måI, men i det siste har vi sett at grunna mangel på bustadareal kan ei tomt vere ned mot 7OO kvm. Tomtene her på Rake er frå 878 og opp til 1.250 kvm, men hovudtyngda ligg over I.OOO kvm seier han. Målet er å ha dt det praktiske og prisinga klar innan fellesferien, slik at ein kan lyse ut tomtene for sal då.

Det blir først ei hovudutlysing, der folk melder inn i prioritert rekkefølge kva tomter dei ønskjer. Deretter giennomfører vi trekking og tildeling av tomtene, forklarar han. Flore meiner det nye bustadfeltet bør vere attraktivt, og at det også har kome på plass mykje grunna lokale pådrivarar. Den eine ulempa han ser ved feltet i dag, er det også planar om å giere noko med.

Vegen frå fylkesvegen til bustadfeltet er smal og bratt. Men planen er at denne skal takast i løpet av 3-4 år. Den ligg inne i økonomiplanen til kom- munen, seier han.

Det blir spennande å sjå kor fort det blir fyllt opp, seier Flore, og innrømmer at det alltid er litt spenning på avdelinga når nye kommunale bustadfelt blir lagde ut for sal.


Altraktiv tomt. Denne bør vere av dei meir attraktive tomtene, seier Jan Flore, og rettar blikket innover fjorden mot Olden. Dersom det blir som administrasjonen ønskjer vil nettopp dei mest attraktive tomtene i det nye bustadfeltet på Rake også bli dei dyraste. Totalt 14 tomter vert lagde ut for sal i løpet av nokre månader. Foto: Roy Aron Myklebust.

5. NK vil legge om kommunal veg

Publisert i Fjordingen 13. april.2018.

Av Roger Oldeide (roger.oldeide@fjordingen.no)

Nordfjord Kjøtt har utbyggingsplanar og vil difor legge om den kommunale vegen ved produksjonslokala. Kjøttgiganten har søkt Stryn kommune om delfinansiering av vegen som vil krevje nytt kryss ved fylkesvegen.

Nordford Kjøft AS er allereie i gong med opparbeiding av ny parkeringsplass med plass til 2OO bilar for sine tilsette på andre sida av den kommunale vegen sør for fabrikklokala. Neste byggesteg er opparbeiding av ny kommunal veg med nytt kryss med fflkesveg 6O. Prosjektansvarleg for Nordfjord Kjøtt, Arne Sandnes, viser til reguleringsplanen for Loen sør, som vart vedteken i 2013.

Skal løyse logistikkutfordringar i Nordfjord Kjøtt

Omlegging av den kommunale vegen skal legge til rette for oppføring av industribygg på dagens parkeringsplass for dei tilsette ved Nordford Kjøtt. Bygget skal binde saman tørkelageret og frvseriet med produksjonslokala på andre sida av vegen. Dagens veg går midt i mellom, forklarar Sandnes.

Sandnes fortel at lasting av både ferdigvarer og varer til og frå frys- og tørkelageret går føre seg på austsida av hovudbygget. Varene må transporterast over lange og kronglete strekningar inne i bygget før dei kan lastast på bil. Ved å knyte alle bygg saman vil kjøtgiganten kunne løyse sine logistikkudordringar innomhus.

Vil ha kommunen med på spleiselag

På vegne av Nordford Kjøtt har Sandnes søkt kommunen om delfinansiering ved å ta hand om grunninnløysing, samt 14O meter av den totalt 680 meter lange vegen.

Den nye kommunale vegen vil etter vår meining bli ei oppgradering for Stryn kommune og gi eit tryggare kyss ved fylkesvegen. Tungtrafikken som i dag går internt på området til Nordford Kjøtt vil ikkje lenger måtte krysse kommunal veg, argumenterer Sandnes som har foreslått at kommunen tek seg av prosjektering og opparbeiding av dei første l4O meterane frå fylkesvegen, samt grunninnløysing av det totale prosjektet. Det er alt ei konflikt mellom vegprosjektet og ein grunneigar. Stryn kommune har ikkje gitt svar på Nordford Kjøtt sin førespurnad enno, men kjenner godt til planane.

Det er eit positivt tiltak, men om vi finn midlar i eit allereie stramt budsjett kan eg ikkje seie noko om enno. Vi må fyrst få drøfte saka, seier stryneordførar Sven Flo.


Denne vegen forsvinner: Nordfjord Kjøtt vil byggje saman produksjonslokala på høgre sida med fryseriet etc. på venstre sida av vegen. Planen er ein ny kommunal veg som går bak Nordfjord Kjøtt sine lokale på venstre sida.


Her kjem vegen: Går alt etter planen så kan parkeringsplass og ny veg vere ferdig i 2O2O, seier prosjektleiar i Nordfjord Kjøtt, Arne Sandnes.


Ny veg: Ny veg frå krysset ved fylkesvegen til venstre. Vegen, merka i raudt, er den delen Nordfjord Kjøtt vil at kommunen skal finansiere. Nordfjord Kjøtt sine produksjonslokale i midten.