Litteratur.
Avisutklipp 2019

Til Litterturlista

INNHALD

Avisutklipp 2019

1. Fredagsprat. Emil Solheim.
2. Vatn frå Loen til Stryn.
3. Pengar til bygdebokprosjekt.
4. Luftige høgdenyheiter.
5. Medaljegrossisten frå Loen.
6. Sætakarane i skogen.
7. Ny veg rundt NK.
8. Erna på Hoven.
9. Speedglidar-ulukke på Hoven.
10. Loen-vatn til Visnes.
11. Klatreruta "Ragnarok" opna.
12. Barnehage i Loen bygdehus.
13. Einaste jordbærbonde i Loen.
14. Småbåthamna i Loen er klar.
15. "Lodølen" tilbake i Lodalen.

Diverse artiklar publisert offentleg i Fjordingen og andre stader i 2018

1. Fredagsprat. Emil Goberg Solheim
Flytter nok heim i løpet av nokre år.

Publisert i Fjordingen 1. februar.2019.

Av Thomas Thaule (thomas.thaule@fjordingen.no)

Namn: Emil Goberg Solheim
Alder: 29
Jobb: Financial Controller for Storebrand Asset Management
Kjem frå: Loen
Bur: Oslo

Kva opptek Emil Solheim for tida? Det er hektiske tider på jobb, så mesteparten av tida går til dette. Resten av tida er eg saman med dottera mi som snart er fem månader gamal.
Kvifor flytta du frå Stryn? For å studere.
Kva skal til for at du flyttar heim? Relevant arbeid. Tomt på Rake er allereie kjøpt, så heimflytting skjer nok i løpet av dei neste åra.
Les du Fjordingen? Er innom nettsida eit par gongar i veka, og les e-avisa av og til.
Er det noko lokalavisa gierne kan skrive meir om? Usikker, det viktigaste er at avisa skriv om det som opptek folk i lokalmiljøet.
Kva ville du gjort dersom du var ordførar i Stryn for ein dag? To ting. Bygd gang- og sykkel- veg frå Rake til Loen. I tillegg ville eg av omsyn til elevane lagt ned skulen på Rand.
Har du eit godt ferietips? Om ein likar å sykle eller gå i fjellet vil eg tilrå Gran Sasso- fjella i Italia. Eit godt alternativ til dei mykje besøkte alpane.
Kva ville du vist fram i Nordford til gode vener? Eg ville tatt dei med til Bødals- breen på dagtid, og Johans Pub på kveldstid.
Kva et du helst til frukost? Varme rundsrykke med heimelaga jordbærsylte.
Tenar du, i tilfelle kva? Sykling og fotball.
Kva ser du helst på TV? Seinfeld og Liverpool-kamp.
Kva er ditt forhold til sosiale media (Facebook, Instagram, Snapchat..)? Brukar det dagleg for å kommunisere med vener og familie.
Korleis ser ei perfekt helg ut for deg? No er dette å få tilbringe kvalitetstid saman med dottera mi, samt at Liverpool vinn.
Kven får di helsing gjennom lokalavisa? Den går til min gode ven, Alexander Hopland. Eg vonar veret er fint til helga så han får tatt seg ein tur i skitrekket.

Tomt på Rake er allereie kjøpt.


Fredagspraten Emil Solheim frå Loen bur og arbeider i Oslo. Men han har allereie kjøpt tomt på Rake og reknar med å flytte heim i løpet av nokre år. Foto: Privt

2. Koplar på vatn frå Loen

Publisert i Fjordingen 19. februar.2019.

Av Roger Oldeide(roger.oldeide@fjordingen.no)

Denne veka blir drikkevatn frå Loen kopla på Visnes. Vi er snart i mål, seier prosjektleiaren om det omfattande vassrøyrpro-sjektet.

Som Fjordingen har omtala har det sidan oktober vore arbeida med reserve vassforsyninga mellom vassverket i Stryn og vassverket i Loen. Arbeidet er no i siste fase og skal ifølge prosjektleiaren vere ferdig innan 15. mars

Mandag blir vatn frå Loen kopla på i Visnes. Då står att berre vassleidninga frå Marsåvika til Ugla. Etter planen, og om forholda ligg til rette for det, vil den bli lagt i løpet av denne veka, fortel prosjektleiar i Stryn kommune, Solrun Gjelsvik.

17 kilometermed røyr

Reservevassleidninga er eit stort og omfattande prosjekt der heile 17 kilometer med røyr er lagt på botnen av forden på heile 3OO meters djup. Hensikta er å etablere ei reservevassleidning mellom Loen og Stryn (Holevauret). Vatnet kan koplast om begge vegar.

Når Holedammen skal oppgraderast, må vatnet stengast av. Stryningane vil då få vatn frå Loen.

Utfordrande arbeid

Kommunen samarbeider med hovudentreprenør Kveen AS og dykkarfirmaet O.E. Hagen. Ver og vind har gjort utfordrande arbeid ekstra krevjande. Mykje av arbeidet har gått føre seg under vatn. Fleire stadar må ein ha justert leidninga si beliggheit på botnen slik at den ligg trygt, forklarar Gjelsvik.

I fjorden ved Tenden på Visnes har ei gravemaskin grave i den grunne botnen slik at vassleidninga kan ligge djupt nok. Etter planen kan vatnet frå Loen koplast på i Visnes. Vidare vil vi setje røyra pår reinsing i om lag ei veke. Vi skal etter planen vere ferdig seinast15. mars, fastslår Gjelsvik


Klar for påkopling frå Loen Maskinførar for Kveen AS, Sigurd Berge, i kummen på Visnes der vassrøyr frå Loen skal koplast på dette store flenskrysset. Heile 17 kilometer med røyr skal reinsast, klorast og reinsast igjen den komande veka.


Stort prosjekt Prosjekleiar Solrun Gjelsvik, Jon Gudbrand Kveen i Kveen AS og Olav Erik Hagen i Dykkerfirmaet O.E Hagen

3. Låner pengar til bygdebokprosjekt

Publisert i Fjordingen 8. mars.2019.

Av Roy Aron Myklebust(roy.aron.myklebust@fjordingen.no)

Behovet for ein prosjektleiar til bygdebokprosjektet gjer at Stryn Historielag tek opp lån i påvente av kommunal pengeløyving i 2020. Stryn Historielag, ved eiga bygdeboknemnd, jobbar med å få på plass ei grende- og busetnadssoge for Stryn kommune. Eit arbeid ein ser føre seg skal gå over tre år.

Prosjektleiar

Ein ser det som avgierande for prosjektet at ein får på plass ein prosjektleiar. Stryn kommune har løyvd 2.500.000 kroner i økonomiplanen for 2020 til arbeidet med boka. Prosjektet har eit førebels budsjett på kr 4.900.000 kroner.

Stryn Historielag og bygdeboknemnda ser det derimot som naudsynt i høve framdrifta å tilsetje prosjektleiar før 2O2O, noko som byr på økonomiske udordringar. I brev til kommunen ber dei difor om ein garanti for eit banklån, storleik 3OO.OOO kr.

Lånet, saman med fondsmidlar og støtte frå Stryn Energi, skal finansiere prosjektleiarstillinga fram til den ordinære løyvinga frå kommunen i 2O2O.


Bygdebok Jacob Aaland gav ut bygdebøker for Innvik og Stryn i perioden 1909-1943.

3. Luftige høgdenyheiter i Loen i vår

Publisert i Fjordingen 8. mars.2019.

Av NPK

To luftige "løypestrengar" og ei ny ekstremrute opnar i Loen til våren.Via Ferrata Loen opnar i mai ei ny ekstremrute. Det fortel Fjord Norge i eit nyheitsbrev.

Den nye ekstreme klatreruta har vanskegrad F og blir karakterisert som ei av dei mest krevjande klatrerutene i landet. Med den nye klatreruta meiner Fjord Norge at Via Ferrata Loen er eitt av dei mest fullstendige tilboda i sitt slag i Europa. Bransjeorganisasjonen gjer det samtidig klart at den nye klatreruta ikkje er for kven som helst, men utsikta er topp. Loen Active opnar to såkalla zip lines der folk kan flyge over øvste delen av Tungegiølet ved Hoven. Her kan ein nyte utsikta frå 1OOO meters høgde. Dei to "løypestrengene" ligg cirka ti minutt gåtur unna Loen Skylift og blir 125 og 95 meter lange. (NPK)

5. Medaljegrossisten frå Loen
Jan Ove Hogrenning.

Publisert i Fjordingen 8. mars.2019.

Av Roy Aron Myklebust (roy.aron.myklebust@fjordingen.no)


Medaljegrossisten

Namn: Jan Ove Hogrenning
Jobb: Bonde og drivar av Kjenndalsstova og turistbåten MS Kjenndal ll.
Idrett: Bogeskyting.
Resultat:NM-gull, og tjuetals NM-medaljar. Landslaget.
Karriere:1990 -

Jan Ove Hogrenning kan snart feire 30 år som bogeskyttar. Eigentleg la han opp for tolv år sidan, men klarte det ikkje heilt. Det starta som tilskodar På eit VM i bogeskyting, heime i Loen i 1990. Eit VM det går gietord om framleis i bogeskyttarmiljøet, som det beste VM nokon sinne. Der vart den då 22 år gåmle lodølen inspirert til å ta bogen i eiga hand. Men trass arrangør av VM var det ikkje noko miljø å snakke om i klubben som vart etablert i 1975.

I byrjinga var vi to Personar, eg og Øyvind Andersen. Første tre åra var det kun oss, så det var no litt løje på årsmøtet og klubbmeisterskapen, humrar Hogrenning. Og parallelt med eiga satsing bidrog han til å byggje opp att klubben. Fleire og fleire melde seg inn, og i Perioden 2OO2 til 2006 tok Loen det meste av NM-medaljar.

På slutten av 90-talet fekk Hogrenning ein ny klubbkamerat i Odd Martin Mørk. Begge heldt høgt nivå og i 2OO3 vart dei uttekne til landslaget. På den tida vart det lagt ned mange treningstimar. På den tida var vi tilsett ved Vest Buss, og vi var så heldige at vi fekk løn når vi reiste med landslaget. Så det var jo fantastisk, seier Hogrenning.

Den røynde bogeskyttaren trekkjer fram det mentale som kanskje viktigaste eigenskapen for å lukkast på høgt nivå. Også det tekniske krev sitt. Dei seier at dei mest tekniske idrettane du kan drive med i Norge er hopp og boge skyting. Innandørs skyt ein 60 Piler på 18 meter avstand. 10-poengaren er kun tre cm i diameter. Utandørs skyt ein på 90, 70, 50 og 30 meters hald. På 90 meter er blinken 15 cm.

Sett ut av spel i to år

Hogrenning har vore nære å legge opp fleire gongar - både frivillig og ufrivillig. Då han flytta tilbake til Lodalen for å drive gard, og etter kvart også Kjenndalsstova og turistbåt, var han bestemt på å gi seg. Det var i 2OO7, men eg hadde som mål å halde det ved like og hevde meg blant topp ti i Norge, fortel han. Ni år seinare var han derimot nøydd å ta ein lenger pause, anten han ville eller ikkje. I 2016 fekk han kreft med spreiing i ryggen og det vart operasjonar og cellegiftkur. Eg kom gjennom det og trudde eg var frisk og vart sendt heim. To dagar seinare fekk eg hjerneslag, for dessverre er det slik at ein av 2O.OOO reagerer på cellegift og då er det fare for blodpropp.Så då var det med ambulansehelikopter til Førde. Eg kom meg giennom det også. Det verste var eigentleg at eg ikkje kunne skrive eller snakke, fekk ikkje ut eit einaste ord og måtte mime. Men då har ein prøvd det også og ser kor hjelpelaus ein blir, seier Hogrenning.

Ogsom om ikkje det var nok fekk han kreft endå ein gong, no i nyrene. Til saman var han sett ut av spel i kring to år og var kraftig nedkøyrt både fsisk og psykisk. Men eg vart erklært galen att, altså normal, ler Hogrenning. Eg fann ut at bogesky- tinga var ein fantastisk idrett å trene seg opp att med. Både dette med balanse og finmotorikk, forklarar han.

Nye NM-medaljar

Hogrenning måtte også blåse nytt liv i klubben, sidan denne vart liggjande meir eller mindre nede i sjukdomsperioden. Både eiga opptrening og revitaliseringa av klubben har gttt resultat. - I fjor fekk eg bronse både innandørs og utandørs og satsar i grunn for fullt. Vi reiser til NM i Førde i april med 12 skyttarar, der fem er nye, så det blir spennande.

Hogrenning har eit tjuetals NM-medaljar å vise til.I NM i Førde reknar han med å møte på ein annan bogeskyttarkapasitet frå fylket som skal giere comeback. Martinus Grov, med fjerdeplass frå OL, stiller i konkurransen.

Eghugsar første NM egvar med på, eg hadde ikkje trena meir enn fire månader. På den tid var det dei 16 beste som kom til finaleskyting. Eg som nummer 16 møtte då den beste, som var Martinus Grov. Han fekk 176 poeng og eg skaut "berre" 174 poeng. Ingen andre var i nærleiken av resultata våre. Men då var det mann mot mann og eg rauk ut, fortel Hogrenning. I april vert det kanskje høve til revansje.

6. Tømmerhogst på Sæten
med Sæta-karane.

Publisert i Fjordingen 15. mars.2019.

Av Berit Melheim (redaksjon@fjordingen.no)


Sæta karane Sætakarane lesser tømmer på lessevogna til leveringn. Frå venstre: Bjørn Sæten, Karsten Sæten og Jarle Sæten


Same bildet Frå venstre: Jarle Sæten, Kåre Sæten og Daniel Muri. Stein Sæten er ikkje til stades, men han er også ein av gjengen

Av Landbruksdirektoratet sine statistikkar går det fram at avvirkning av tømmer har auka mykje siste åra. Og vidare at Stryn kommune er ein av kommunane med høgast avirkning i Sogn og Fjordane i 2018.

Fjordingen tok turen til Sæten i Loen for ein prat med Sæta- karane. Desse naboane har drive tømmerhogst i fleire år. Dei har skifta litt mellom vedhogst og avvirkning av tømmer. I vinter har dei hogge mykje skurtømmer og slip.

Det står mykje hogstrnogen skog i brattlende i liene innover mot Lodalen. Vi hadde ikkje fått tak i tømmeret om her ikkje vart satsa på skogsvegar, seier bøndene på Sæten. På slutten av 8O-talet vart det bygd fleire kilometer med skogsvegar frå Sæten og innover mot Nesbøen på sørsida av Lovatnet, seier dei.Heilt nødvendig!

Blant store traktorar og maskinar på lunneplassen fekk vi servert kaffi på ein stor stabel av skurtømmer som står kappa og leveringsklar. Kor gamle må grantrea vere før de kan hogge, spør vi. Cirka 70 ar, seier Jarle og Karsten Sæten. Dei hugsar så vidt skogplantinga som skuleelevane giorde på 6O-talet. Tidlegare var det vanleg å ha plantedag i skulane. Skuleelevane fekk utdelt granplantar for skogplanting. Resultatet ser vi no. Dei tidlegare generasjonane sag på granskogen som ei god framtidig tilleggsinntekt for gardane. Det stemmer i alle fall no, seier Kåre Sæten. Prisane går i bølgedalar, men no er det rett og slett moro. Karsten Sæten opplyser at giennomsnittsprisen no ligg på ca. 435 kroner pr. m3. Det er ein god auke samanlikna med prisane for nokre få år tilbake.

Kåre Sæten og Daniel Muri, som er dei to eldste av tøInmerhoggarane, påstar at "no går vi berre atti hine". Men kunnskapen frå dei eldre er viktig. Og begge er aktive i skogsdrifta viser det seg. Det er hardt arbeid å vere tømmerhoggar. Når du dreg tømmeret med ein vinsj på 8O-9O meter i mot- bakke, treng du i alle fall ikkje å gå på helsestudio, seier Jarle.

De brukar eigne maskiner og rå handmakt framfor å leige inn firma som har spesialisert seg på maskinell tømmerhogst? Vi likar arbeidet, og så far vi litt betre betalt sjølv om kvantumet blir mindre. Vi legg også stor vekt på rydding av felta etter hogsten. Og så skal det plantast ut igien med granplantar til komande generasjonar. Og rekrutteringa På tømmerhoggarar, korleis er den? - Gutane mine stortrivst med dette arbeidet. Akkurat no går dei på skule og er i anna arbeid, så det er aqrensa med tid, men interessa har dei alle tre, seier Jarle Sæten.

Og stablane med både skurtømmer og slip ligg klar til avhenting, kappa etter nøyaktige mål. Vi har ein liten flaskehals her på Sæten, seier Karsten. Brua over elva toler berre 20 tonn, så lasta må lastast om før transporten går vidare. Dette må vi betale for, seier han. Tømmer er i dag ei etterspurd vare. I tillegg er råstoffet forny bart og det er eit viktig punkt i dagens klimadebatt.

80 år og framleis aktiv

Daniel Muri fyller 81 år i ar oge r framleis ein aktiv tømmerhoggar. Han har to skogteigar, på Sæten og skog på Breng. Han driv åleine i sin eigen skogteig. Tørnmeret på sørsida av Lovatnet har svært god kvalitet. Trea veks seint og kvaliteten p materialen blir svært god, seier 8o-åringen. Han har eigen vinsj og to traktorar. Han sagar ned grana med motorsag. Deretter blir treet kvista og kappa før han lesser stokken på lessevogna som fraktar tømmeret fram til lunneplassen. Eg likar arbeidet i skogen, men eg kviler meir enn før, seier Daniel beskjedent. Og det må vere lovnår ein fyller 81år om ei stund.


Maskinar. Store maskinar hjelper til med å få tømmeret ut.


Aktiv. Daniel Muri, 80 år og aktiv tømmerhoggar.

7. Byggjer ny kommunal veg ved Nordfjord Kjøtt

Publisert i Fjordingen 19. mars.2019.

Av Roger Oldeide (roger.oldeide@fjordingen.no)

Nordfjord Kjøtt AS skal ekspandere og byggye saman to lokale. Det krev ny kommunal veg iLoen.

I regi av Nordford Kjøtt AS er arbeidet i full gong med opparbeiding av ny veg og ny parkeringsplass med plass til 2OO bilar for kjøtgiganten sine eigne tilsette søraust for fabrikklokala. Den nye kommunale vegen, med tilhøyrande gangveg, vil bli totalt 680 meter lang og ende i eit nytt kryss til fylkesveg 6O.

Etter det Fjordingen kjenner til, skal Stryn kommune finansiere 14O meter av denne vegen. Som Fljordingen har omtalt tidlegare blir vegen omlagt slik at Nordford Kjøtt AS kan byggie saman tørkelageret og fryseriet med produksjonslokala på andre sida av vegen. Dagens kommunale veg går midt i mellom desse bygga og vil bli lagt lenger sør, bak tørkelageret.

Utfordringa no dreier seg om kor ein skal giere av overskotsmassane etter gravinga. Vi ventar no på ein avtale med kommunen. Når den nye vegen kan stå ferdig er vanskeleg å spå no, men det vil ikkje påverke dei som nyttar vegen. Dagens veg blir ikkje stengt før den nye kommunale vegen har opna, fastslår prosjektansvarleg for Nordford Kjøtt, Arne Sandnes.

8. Statsministeren på besøk i Stryn

Publisert i Fjordingen 26. april.2019.

Av Roger Oldeide(roger.oldeide@fjordingen.no)


Luftig orientering Statsminister Erna Solberg på restauranttaket på Hoven, der ho får orientering frå dagleg leiar Richard Grov. I bakgrunnen ordførar Sven Flo.

Turisme og næringsliv var noko av tematikken då statsminister Erna Solberg besøkte Nordfjord og Stryn torsdag.

Satsministerbn vart tatt i mot i Loen av Ridrard Grov. Saman tok dei gondolen til Hoven, medan Grov forklarte undervegs og heldt fram orienteringa si oppe på restauranttaket. Der fortalde han og korleis han ser føre seg å vidareutvikle attraksjonen oppe på 1.011 høgdemeter. Solberg som var invitert av og deltok i første del av Sogn og Fjordane næringsråd si generalforsamling, var imponert over Loen Skylift og anlegget på Hoven.

Eit heilt fantastisk anlegg og ganske mykje brattare gondolbane enn Ulriksbana, sa statsministeren. I talen til næringsrådet gav ho ros til næringsliv og reiseliv for å sjå i det grøne skiftet.

Det viktige framover er å rekruttere rett kompetanse og halde fram forsking. Og ikkje tenkje at ein er ferdig i arbeidslivet når ein er 62 ar, sa Solberg.

Det er fantastisk gledeleg at statsministeren ville besøke oss i Nordford og vi kunne vel ikkje fått ei betre rarnme rundt besøket enn oppe på Hoven, seier leiar av næringsrådet, Bjørn Lødemel. Han seier at verdiskapingsfylket Sogn og Fliordane var eit sentralt tema under møtet der både næringspolitikk og utfordringar knytt til skattlegging av naturressursar, reiseliv og rekruttering vart dislutert.

Til dømes er det på gang endringar i skattesystemet for fleire av dei naturbaserte næringane, og dette kan få konsekvensar for lønsemd og framtidig lokal verdiskapin& seier Lødemel. Både konsernsjef i Sparebanken Vest,Jan Erik Kjerpeseth, og Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane heldt innlegg under statsministeren sitt besøk. Kjerpeseth tok til orde for at staten må stille like strenge miljøkrav til andre bransjar som til reiarlag som driv bilferjer.

Slo eit slag for varehandelen

Fjordingen giekk i trykken medan statsministeren sitt besøk i Stryn heldt på, men leiar av Stryn næringshage, Knut-Henning Hjellbakk, fortel at ordførar Sven Flo tok imot statsministeren i Moods sine butikklokale der dagleg leiar Jan Egil Flo fortalde om oppturen og nedturen for Moods og forklarte kva ufordringar denne bransjen har i dag.

Vi slo eit slag for varehandelen og måla ikkie noko glansbilete. Dei med skorne på fortalde kor skoen trykker, seier Hjellbakk til Fjordingen. Også kulturskulen i Stryn hadde ei oppvisning for statsministeren i Stryn. Erna Solberg avslutta besøket sitt i fylket med besøk i Operahuset Nordford og West Mekan på Nordfordeid.

9. Speedglidar-ulukke på Hoven
Trefte gondolkabelen og fall i døden.

Publisert i Fjordingen tysdag 26. april.2019.

Av Bengt Flaten(bengt.flaten@fjordingen.no)

Fakta om luftsport

Hanggliding, paragliding og speedgliding og basehopp har det tilfelles at dei kan starte på bakken (til skilnad frå fallskjerm, som har utsprang frå fly el.l.). Hang-, para- og speedglidarar er organiserte i Norges Luftsportforbund. Basehopparar står utanfor forbundet.

Hoven der ulukka hende


Bratt terreng Speedglideren trefte ifølgje politiet gondolkabelen kort tid etter at ho hadde teke av. Kvinna vart hengjande fast ei stund før ho fall i bakken og vart funnen på ei fjellhylle om lag 200 meter nedanfor toppstasjonen til Loen Skylift. På bildet ser vi gondolkabinen rett over den havarerte speedglideren. Foto Thomas Thaule.

Det var den 20 år gamle Astri Brandal Reynolds frå Nesodden i Akershus som omkom i speedgliderulukka på Hoven søndag. Namnet hennar vart frigjeve måndag føremiddag, i samråd med familien hennar.

Kvinna var student i Volda, opplyser lensmann i Nordford, Tormod Hvattum til Fjordingen. Etterforskinga etter ulukka held fram både teknisk og taktisk, men politiet har ei klar oppfatning om kva som faktisk skjedde.

Kvinna var i eit følgie med fleire hopparar, og var den siste i gruppa som hoppa. Kort tid etter at ho tok av, har ho treft kabelen til gondolbana. Slik vi har oppfatta det, vart ho hengiande fast ei stund før ho fall i bakken. Ho vart funnen på ei fiellhylle og vart erklært død på staden, opplyser Hvattum. Ulukka har naturleg nok gått hardt inn på miljøet både i Volda og blant andre som driv luftsport.

Vart funnen på fjellhylle

Kurt Hammerø som var politiet sin innsatsleiar ved Hoven søndag, seier kvinna hoppa ut frå rampen aust for gondolstasjonen oppe på Hoven. Så har speedglidaren gått vestover før ho trefte vaieren til gondolbana og etter kvart giekk i bakken. Ho blei lokalisert mellom 2OO og 250 meter nedanfor toppstasjonen og rett under kabelen, i veldig bratt terreng, opplyser Hammerø. Politiet mottok melding om ulukka kl 14.56 søndag. Representantar frå Sunnmøre alpine redningsgruppe var på staden då ulul&a skjedde. Ettersom kvinna vart lokalisert rett nedanfor vaieren, vart redningsaksjonen utført frå den eine gondolkabinen.

Klatrarar frå alpingruppa med assistanse frå eksterne klatrarar tok seg ned i tau og henta opp den omkomne. Kvinna vart henta opp kI. 16.4O. og vart erklært omkomen på staden, seier Hammerø. Han legg til at Stryn sitt kommunale kriseteamet kom raskt til staden og tok hand om personar som var På staden. - Eg vil berømme involverte etatar for veldig bra gjennomført redningsaksjon under krevjande forhold, seier innsatsleiaren. Ein del Personar er avhøyrde etter ulukka. Politiet vil giennomføre fleire avhøyr og vil i tillegg giere tekniske undersøkingar, blant anna av utstyret som vart brukt.

Har ikkje vurdert forbod

Lensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, seier det ikkje er vurdert å innføre forbod mot luftsportsaktivitetar frå Hoven som følgie av dødsulukka søndag.

Har innført Luftsport-forbod frå Hoven

Politiet melder fredag ettermiddag at dei innfører mellombels forbod mot alle typar luftsport frå fjellet Hoven iLoen. Forbodet gield inntil tre veker, til 27. mai. I følgie politiet vert detre giort med heimel i politilova g' 7, 1. ledd, pkt.2,jf. 2. ledd. Bakgrunnen er den tragiske ulukka 28.4.19 der ein person omkom. Politiet etterforskar ulukka og har mellom anna til hensikt å bringe på det reine om spesielle forhold på staden er årsak til ulukka, skriv Vest Politidistrikt i ei pressemelding fredag.
Roy Aron Myklebust(roy.aron.myklebust@fjordingen.no>

Forbodet mot luftsport er oppheva

Fjordingen 24. mai

Forbodet mot luftsport frå området ved Loen Skylift på Hoven er oppheva. Det er ikkje funne feil eller manglar ved utspringspunktet. Utspringspunktet reknast for å ha tilstrekkelege tryggleiksmarginar i høve det som krevst ved denne typen luftsport, seier lensmann i Nordford, Tormod Hvattum. Politiet vedtok på bakgrunn av dette tysdag (21/5) å oppheve det mellombelse forbodet mot luftsportaktivitetved Hoven i Loen på dagen. Det var rett etter dødsulukka i slutten av april at politiet vedtok mellombels forbod mot luftsportaktivitet frå området ved Loen Slrylift på Hoven medan granskinga av ulukka pågjekk. Gunhild Sindre (gunnhild.sindre@fjordingen.no)

Den førebese rapporten syner at det truleg var brukarfeil på utstyret som har vore ein av medverkande årsaker til at den tragiske ulukka skjedde

10.Loen-vatn i kranene på Visnes

Publisert i Fjordingen tysdag 7. mai.2019.

Av Roger Oldeide(roger.oldeide@fjordingen.no)

Stryn kommune, Kveen AS og 0.E Hagen kan no feire at prosjektet med 17 kilometer med reservevassleidning er ferdig. Drikkevatn frå Loen er no i kranane på Visnes.

Det omfattande prosjektet med å knyte saman vassverket i Stryn med vassverket i Loen tok til i oktober. Prosjektet om- faft ar reservevassleidning mel- lom Loen og Visnes, Solvik og Marsåvika og mellom Mårsåvika og Ugla. Det inneber at heile 17 kilometer med vassleidning no ligg og mudrar ned på botnen av fjorden. På det djupaste ligg vassleidninga på 340 meters djup.

Vatnet er no kopla på og har stått på reinsing over tid. No får vassabonnentar på Visnes drikkevatn frå Loen. Vatnet skal vere heilt reint. Vi har ikkje fått klager på vatnet, seier prosjektleiar i Stryn kommune, Solrun Gjelsvik.

Stort lokalt samarbeid

Forutan sjølve vassrøyra, som vart slept til Stryn frå Helgelandskysten, er det lokale krefter som står bak prosjektet. Prosjektleiaren rosar samarbei- det med Kveen AS og dykkarfirmaet O.E. Hagen AS.

At vesle Sryn kan giere dette utan ekstern hjelp er ganske imponerande, seier Gjelsvik. - Det har vore eit stort og krevjande prosjekt med tanke på både røyrlengde og djupn vassleidninga ligg på. Det er herleg å vere i måI, seier leiar for hovudentreprenøren Kveen AS, Lars Helge Kveen og dagleg leiar Jon Gudbrand Kveen. Dykkarfirmaet O.E. Hagen fortel at dei har jobba skift, for arbeidet måtte gjerast når verforholda tillot slikt arbeid. Det krevjande veret i haust og i vinter førte til utfordringar og forseinkingar.

Vi er takksame for det tolmodet mellom andre dei sjøfarande har vist medan vi har jobba ute i forden, seier dagleg leiar for dykkarfirmaet, Olav Erik Hagen.

Vil sikre vassforsyning

Reservevassforsyninga skal nyttast som vasskjelde når Holevatnet skal tappast ned for oppgradering av Holedammen.

Drikkevatn kan sendast i begge retningar, så vassleidninga vil sikre vassforsyning om noko skulle ske med eit av vassverka, forklarar Gjelsvik. Ho opplyser til Fjordingen at prosjektet har kosta like over 2O millionar kroner. Det ville blitt vesentleg dyrare om vassleidninga skulle ligge i bakken, poengterer Hagen.


Loen Vassrøyr flytande i fjorden har vore eit vanleg syn i haust og i vinter. Her frå Loen i vinter.


17 kilometert Reservevassleidninga strekk seg frå Loen til Visnes, samt frå Solvik til Marsåvika og frå Marsåvika til Ugla. Skisse: Stryn kommune

11.Opna ekstremruta "Ragnarok"

Publisert i Fjordingen tysdag 21. mai.2019.

Av Thomas Thaule (thomas.thaule@fjordingen.no)


"Ragnarok" Den nye ekstremruta "Ragnarok" i Loen er offisielt opna. Laurdag tok dei første klatrarane seg gjennom den særs krevjande klatreruta. Foto Loen Active.

Høgt og luftig hang dei, men dei var definitivt ikkje sure, klatrarane som g1ekk den første offisielle turen i "Ragnarok".

Fjordingen møtte dei erfarne guidane Ronny Baade, Wojciech Flacznski, Thomas Riis og Ctristiah Brurås som akkurat hadde klatra "Ragnarok"

Terningkast 6, seier Riis og Bruras om den ekstreme klatreruta.

Det er ei særsfin løype, men den er rkkje for kven som helst, seier Riis som kjem frå Sunnmørske klatreklubb og som sjølv er ein erfaren klatrar.

Forying er viktig

Driftsleiar i Loen Active, Per Helge Bø, stod for den ofrsielle opninga. Han drog nokre historiske linjer over utviklinga rundt Hoven:

I 2010 var ein gieng pa via ferrata-tur i Alpane. Ei slikl øype ville Ridrard Grov ha her i Loen. Ein 800 meter lang via ferrata vart bygd i 2011, og det vart starta guiding i 2012, 5.000 personar går via ferrata i lag med guide i året, og like mange gar åleine. I 20l3 kom Gjølmunnebrua, og etter kvart har vi fått gondolbana. Bø kom inn på at fonying av anlegget er viktig:

I for vart løypa "Tor's hammar" opna for å gjere anlegget endå meir komplett. I dag opna vi "Ragnarok", ein via ferrata som er ekstrem. Den er lang, tung og stiller krav til styrke og uthald. "Ragnarolo" går også somme sader i overheng og med få plassar for naturleg fotfeste. Han takka dei ansvarlege for bygginga av "Ragnarolk" med austerrikaraneJürg Zisser og Albin Schöpf i spissen:

Det står all respekt av den jobben dei og firmaet HZI har giort.

Ikkje for dei høgderedde

Ei fysisk krevjande løype som set store krav og som ikkje er for dei høgderedde, seier guide i Loen Active, Ronny Baade.

Per Helge Bø har sjølv klatra ruta.

Om ein treng meir enn to forsøk på å forsere eit parti i "Ragrnrok" vil ein truleg ikkje lukkast, så krevjande er det, seier Bø. Han fortel at dei satsar på å ha fire-fem guidar på plass i løpet av sommaren som kan guide folk giennom den nye elstremruta.

0pnar skyshop og kafe

Tysdag opnar skyshopen og ein liten kafe på taket av Restaurant Hoven i Loen,

Her blir det ein butikk som vi har store forhåpningar til, seier Jarle Grov (bildet). Han fortel at det blir litt meir utval i turutstyr samanlikna med det ein kan få kjøpe i fjordshopen.

I samband med kafedelen blir det også eit separat rom med mulegheit for middagsservering for mindre gnupper, seier Grov.


Jarle Grov

12.Får likevel gå i barnehage i Loen

Publisert i Fjordingen tysdag 21. mai.2019.

Av Roger Oldeide (roger.oldeide@fjordingen.no)

Kommunestyret gjekk i mot sitt eige vedtak.

Kommunestyret handsama tysdag saka om sprengt barnehagekapasitet i Loen. Tilrådinga, som var kommunestyret sitt eige vedtak frå 26. mars, var at det vert gjeve dispensasjon frå vedtekter for kommunale barnehagar i Stryn, slik at ein kan opprette ei avdeling i Vikalida barnehage for born som ikkje får plass i Loen barnehage.

Sonja Øvre Flo (H) gav uttrykk for at ordninga er uheldig og medfører logistikkutfordingar for foreldra. Ho kom med følgande endringsframlegg:

1. Leige Loen Bygdehus til småbarnsavdeling ved Loen barnehage for barnehageåret 2019/2020. Kostnaden på 165.000 kroner vert dekka giennom disposisjonsfondet.

2. Med den barnetalsutvikling vi no ser i Loen, bør utbygging av Loen barnehage framskundast til 2020.

Vedtaket, som vart samrøystes vedteke, fører til at det framleis vil vere ledig barnehagekapasitet i sentrum. Torstein Tvinnereim (V) poengterte viktigheita av nettopp dette.

Tilflyttinga til Stryn skjer i hovudsak til sentrurn, og då er det viktig at vi kan tilby barnehageplassar her, sa han.

13. Einaste jordbærbonde i Loen

Publisert i Fjordingen fredag 28. juni 2019.

Av Berit Melheim (redaksjon@fjordingen.no)


Jordbærbonde Karl-Ove Loen er nøgd med avlinga hittil i år. Eit normalår med god kvalitet på bæra, seier han

Jordbærbygda Loen har vore eit kjent begrep i mange år med fleire dyktigejordbærbønder. No er Karl-Ove Loen åleine jordbærbonde.Fjordingen besøkte den travle bonden midt i den hektiske sesongen.

Korleis ser du på sesongen i år? Den er det vi kallar normal. Vi er fornøgd med avlinga hittil. Og smaken og kvaliteten på bæra er gode.

Mykje førehandsarbeid

Og dette gjer seg ikkje sjøtv? Her er mange ting som skal klaffe. Været betyr sjølvsagt mykje. I vinter har vi hatt snø og det er bra. Barfrost i februar/ mars er vi ikkje begeistra for.

Kva med snøfallet som kom i begynnelsen av mai? Det betydde ingenting. Det har vore gode værforhold hittil. Når ein dyrkar på friland slik som vi gier, er også plantevernet ein viktig del for å få gode avlingar. Vi må sikre oss best mogeleg for soppangrep, ugras og ulike sjukdomar som kan ramme planten. Her trengst både kompetanse og lang erfaring.

Kor stort areal har du? Vi har fire mål. Vi må skifte åkrane med jamne mellomrom. Det må gå minst lO år før vi kan plante ut igien.

Du må ha sesonghjelp? Ja vi er så heldige at vi har hatt fem personar frå Polen som har vore her kvar sommar i 25 år.

Leveranser

Og leveransane? I hovudsak sel vi til privatpersonar og laussal gjennom salsboda vår. Vi kan også levere til Innvik Fruktlager. No er vi åleine som jordbærbønder her i Loen så det meste sel vi di rekte til forbrukar her i frå.

Og i salsbuda ved oppkøyrsla til garden møter vi Filippa Vangberg, ei blid og kjekk jente som hadde sin første arbeids- dag sist fredag.

Korleis likar dujobben? Eg tykkjer det er kjekt.

Er det mange turistar som kjøper bær? Ja det er det. Ein del norske, men eg må også snakke engelsk og tysk fleire gongar om dagen. Somme tider står her kø og andre tider kan det vere rolegare. Då får eg tid til å hente nye bær frå lageret.

Vi tek ein runde i åkeren saman med Karl-Ove Loen. Plukkarane har giort seg ferdige for dagen. Planterendene i åkeren står velstelte og bugnar av bær som er klar til plukking neste dag.

Det går med mykje tid til planlegging av åkrane og ikkje minst stell. Her er absolutt plass til fleire jordbærdyrkarar, avsluttar Karl-Ove Loen før han hastar vidare til nye gjeremåI.

14. Småbåthamna i Loen klar til bruk

Publisert i Fjordingen tysdag 9. juli 2019.

Av Berit Melheim (redaksjon@fjordingen.no)


Loen båtlag Eit fint anlegg i Loen med 45 båtplassar av ulik storleik. Foto: Knut Eldegard Haugen

Vik/Ørsta AS overleverte den ferdige småbåthamna til Loen Båtlag fredag ettermiddag.

Representantane for Loen Båtlag, Haldor Hove og Arild Bødal, var strålande nøgd med resultatet. Seljar i Marina, Vik/Ørsta AS, Petter Sandnes takka for oppdraget. Dei to montørane (Christer Øye og Jon Gudnason) starta jobben på måndag. Anlegget har god kvalitet og lang haldbarheit. Vi forventar at den skal ligge i 45 år, seier han. Der er sklisikring på landgangen og på utriggane.

Arild Bødal fortalde om prosessen som har teke 11 ar: Vi starta med ein søknad til Stryn kommune i 2OO8 der vi søkte om ei mindre regulering av plan for småbåthamn og naustområde i Lovik. Bakgrunnen for søknaden var at det var vanskeleg å skaffe seg nausttomt i Loen med mindre ein var grunneigar.

Nausttomtene vart opparbeidde før vi starta jobben med småbåthamna. Her har gått med mange dugnadstimar, fortel Arild Bødal, som spesielt vil trekke fram Kristian Sandbakk som har brukt hundrevis av timar på anlegget. Men vi har også hatt avtale med HS bygg, seier Arild Bødal og Haldor Hove.

15. Modell av dampbåten Lodølen
Lodølen tilbake i Lodalen som modell i Kjenndalsstova

Publisert i Fjordingen tysdag 16. juli 2019.

Av Inge Fænn(redaksjon@fjordingen.no)


Spennande modell Jan Ove Hogrenning (t.v.) og båtbyggjaren Roger Vartdal ved modellen av "Lodølen" som no får plass i Kjenndalsstova. Laurdag var det avduking av modellen.

Ei miniutgåve av "Lodølen,'er tilbake i Lodalen, 114 år etter at bølgjene frå første Lodalsulukka sopte han langt inn på land. Det er Roger Vartdal, sunnmøring tilsett som ingeniør ved Fjordbase AS i Florø, som har ufført arbeidet.

Dette er modell nr. 14, fortel Vartdal medan turistane strøymer i land frå MS Kjenndal.II. Prosjektet starta i 2017 i nært samarbeid med Jan Ove Horenning, som har hatt ansvar for å samle historia kring reiselivet i Lodalen.

Eg tek ikkie betalt, men eg stiller krav om at modellen skal få skikkeleg plassering i glasmonter, og at mottakarane skal samle den historiske delen, seier Vartdal.

Modellen som vart avduka laurdag, har fått fin plass over eit bord i Kjenndalsstova.

Heile historia på skjerm

Her kan guiden vise modellen og fortelje den dramatiske historia medan gjestene får mat, seierJan Ove, som er godt nøgd med resultatet. I tillegg vil historia både om båttrafikken og resten av reiselivshistoria i Lodalen, bli vist på skjerm, både på norsk, tysk og engelsk.

Båtbyggjaren har ikkje timetal på arbeidet, men det er mange. Han kjem rett frå arbeid, et middag og så ser eg han ikkje før langt på kveld, skyt kona inn. Roger Vartdal starta med fire modellar til fiskerimuseet i heimbygda Vartdal. Den mest vidgjetne er nok "Vesle-Kari". Først no har han teke steget til Nordford.

Ligg som rusta vrak

Den første "Lodølen" som no er tilbake som modell, fekk berre tre år på Lovatnet. Under ulukka i 1936 vart han kasta endå lenger inn på land, og ligg no som eit rusta vrak i kultudøypa frå minnetavla og ned til vatnet. Den andre "Lo- dølen" (Alo: Den heitte Lodalen) som gjorde teneste mellom dei to ulukkene vart bygd etter same lest, men den ligg på 70 meters djup.

Korrekt kopi

Kopien er korrekt til minste detalj. Vartdal har bygt etter teikningane frå Trondhjems Mekaniske verkstad, og same materiale. Rustfritt stål, jarn og tre.

Lodalen Dampbåtlag tinga den første båten frå Trondhjemske Mekaniske Verkstad. Dei kom med ferdige jarnplater frå Trondheim, og sette saman skroget på beddingen på Vassenden. Båten hadde dampmaskin, og bak maskinrommet var der ein liten salong med dekk over. Elles var der ikkje overbygg. Båten vart ikkje verre skada enn at dei kunne nytte dampmaskina i den nye.

Båtar på lovatnet


Tro kopi Akkurat slik såg "Lodalen" ut før ulukka i 1905.