Litteratur.
Avisutklipp 2020

Til Litterturlista

INNHALD

Avisutklipp 2020

1. Ny bok om Birgit Hatlenes.
2. Feitetysdag i Loen.
3. 7 meer snø ved Kjenndalskruna.
4. Ansiktsløft for Breng i Lodalen.
5. Balett på Hoven.
6. Minneord om Peder Havnvik.
7. Kjell Haugen sel mjølkekvoten
8. Førde betong kjøpt Stryn betong
9. Loen skylift. Feilen er reparert
10. Aud Drageset.Nær døden av Myggestikk
11. Grete Haugen Vinsrygg. Fårikålreklame
12. Skyliften i drift igjen
13. Ny resteaurant på Hoven
14. Loen sør under ombygging
15. Nekrolog. Jørgen Underthun
16. Pengar til gangveg Loen Solvik

Diverse artiklar publisert offentleg i Fjordingen og andre stader i 2020

1. Ny bok om Birgit Hatlenes

Publisert i Fjordingen 4. februar.2020.

Av Gunnhilsd Sindre (gunnhild.sindre@fjordingen.no)

No kjem boka om Bergit frå Loen. Ho med hendene. Healer-hendene. Landskjend gjennom artiklar, radio og TV, og folk frå heile landet har oppsøk Bergit Loen Hatlenes med sine sjukdomar og plager. Eg har aldri lova nokon noko. Eg har berre sagt eg gier så godt eg kan, seier den vitale 90-åringen til Fjordingen.


Boka om Bergit Loen Hatlenes. No kjem biografien "Min kraft- et liv med helbredende hender" ført i pennen av forfatter Geir Stian Ulstein.

Då sonen til forfattaren Geir Stian Ulstein vart sjuk og helsevesenet ikkje kunne tilby anna enn lindring, kontakta han som siste utveg healeren Bergit Loen Hatlenes i Selje. Møtet skulle bli sterkt, og starten på eit nytt samarbeid. Sist helg vart boka "Min kraft - et liv med helberedende hender" lansert.

Hadde "evner"

Bergit, fødd og oppvaksen i Loen, kom til verda 17. desember i 1929. Faren heitte Oskar, mora kom frå Oldedalen og heitte Kari. Familien hennar hadde kjøpt ein gard på Ørskog, og denne tok foreldra til Bergit over. Men Oskar lengta alltid heim til Loen, og etter kvart flytta dei tilbake hit.

Dei hadde ei jente, Bergit, som døydde av hjernehinnebetennelse. Det var tett før eg kom til verda. Så då eg vart fødd, kalla dei meg opp etter henne, fortel Bergit. Bergit hadde arva den døde systera sitt namn, men ho hadde arva meir: Faren hadde ein eldre slektning som var ei "klok kone". Ho "såg", og folk kom til henne for å få hjelp mot plager og sjuk domar. Denne kvinna såg tidleg sine eigne evner gå i arv hos Bergit.

Gardane våre låg heilt i hop, og alt frå eg var lita kjende eg ei veldig tiltrekking mot henne, fortel Bergit.


..

Nærast ei skam

Men å vere fødd med "evner" var ikkje noko ein skulle vere stolt av. Det var nærast ei skam å ha noko slikt, seier Bergit. Er det andre i slekta som har arva desse evnene? - Ja, sonen min, og barnebarnet mitt har det. Og her er fleire og, seier Bergit.

Bergit og veslesystera Palma miste mor si tidleg. Seks år var Bergit då mora døydde av tuberkulose. Faren gifta seg opp att nokre år seinare, og etter kvart vart det ein syskenflokk på fire, to gutar og to jenter.

Vi møter Bergit på garden Hatlenes i Selje. Dottera Kari Osnes, busett i Innvik, har også teke turen. Ho har vore medhjelpar for Bergit, teke telefonen, reist frå Innvik for å vere med og ta imot alle som kom for å få hjelp. Og det har ikkje vore få. Frå fjern og nær har det kome folk for å få hjelp med sjukdommar og plager.

Mange gongar har media kunne formidle historier frå folk som har fortalt om smerter som forsvann og helse som betra seg etter besøk hos Bergit med dei varme hendene.

Korleis var det å vekse opp med ei mor med slike evner, var det annleis? - Eg trur ikkje det. Det vart aldri snakka om. Eg visste ikkje om dette før eg var godt vaksen, seier Kari. Har du sjølv arva desse evnene? Nei, det har eg ikkje.

Kvakksalvarlova oppheva

Nei, det var ikkje noko det vart snakka om. Det er ikkje noko det er lett å stå fram med i dag heller. Men no har dei no teke vekk Kvakksalvarlova, det har gjort det litt friare, seier Bergit. "Kvakksalvarlova" vart oppheva i 2004.

Det er mange som ikkje har tru på slike "evner". Har du nokon gong følt at det har blitt stempla som humbug, det du har drive med? - Nei, aldri. Men eg har aldri lova nokon noko heller. "vi gjer så godt vi kan", seier eg.

10 år på Grønland

Bergit og Anders gifte seg i Lokyrkja i 1951. Bergit var sterk og sjølvstendig og vand til å ta i eit tak, og det skulle kome godt med då Anders byrja å jobbe på Grønland. Den staute byggmeisteren frå Selje var bygningsleiar for oppbygging av fiskeindustrien i Færingehavn og seinare også andre prosjekt, og var totalt 10 år på Grønland på arbeid. Dermed var Bergit åleine med borna den perioden på året han var på Grønland. Det var nok å ta hand om, og Bergit vart mellom anna første dama i distriktet som tok sertifikat og køyrde bil.

Anders treivst med arbeidet på Grønland og tente godt. Men etter tiande året vart det slutt på grønlandsreisene. -10 år var nok! seier Bergit.

Landskjend

Bergit har i dei seinare åra blitt landskjend gjennom aviser, vekeblad og ikkje minst TV.

TV2 hadde eit eige program, ein eigen film. Denne giekk opp igien i fjor. Eg veit ikkje når dei sender han i reprise, men eg oppdagar det etterpå:

Telefonen står ikkje, seier Bergit. Folk ringjer, dei sender tekstmeldingar, dei skriv, og dei kjem til Selje. Det har hendt dei har kome om natta og stått her og banka på klokka 6 om morgonen! fortel Bergit.

Men Bergit tek ikkje imot lenger. Det slutta ho med for fire år sidan. Då giekk ektemannen Anders bort. 65 ar og fire born fekk dei i lag og Anders var ein god medhjelpar og støttespelar. Etter at han gjekk bort orkar ho ikkje alt styret med å ta imot folk.

Læremeisteren frå nord

Bergit hadde fleire gongar den landskjende samiske sjamanen Mikkel Gaup, bestefaren til skodespelaren med same narnnet, buande på garden i Selje. Hit kom folk langvegsfrå for å få help. Den samiske sjamanen var ein god ven og i prinsippet også ein læremeister, går det fram avboka om Bergit. Når ho såg kor mange som gledestrålande fortalde om korleis han hadde forandra liva deira, skjønte ho at ho siølv også måtte bruke evnene sine og hjelpe så mange som råd.

Kan du hugse første gongen du sjølv la hendene på nokon? - Eg hugsar det ikkje sjølv, men eg har eit søskenbarn i Selje som er tre år eldre, og ho har fortalt om det. Ho var på besøk her hos meg og sa ho hadde eit sår på ein fot som ikkje ville gro. Så ho spurde om eg ikkje kunne legge handa på det. "Ja men er det noke hjelp i då" sa eg. "Ja, kan vi ikkje prøve, då" sa ho. Og så berre gjorde eg det, og sat slik ei stund, fortel Bergit.

Det slutta å verke, og to-tre dagar etter var det grodd. Men eg trudde ikkje på henne! - Du har før sagt at kreftene dine kjem frå naturen, frå fellet. Det er ikkjie noko religiøst? - Nei, eg trur ikkje det. Eller kven veit kva det er som gier dette. Egveit ikkje

2. Feitetysdag i Loen
Gamal tradisjon i ny drakt.

Publisert i Fjordingen 28. februar.2020.

Av Berit Melheim(redaksjonen@fjordingen.no)

Det var skikkeleg «basarstemning» på «Bollas Kafe» på Joker i Loen tysdag. Bygdekvinnene i Loen og Rake inviterte heile bygda til «Familiedag» med rømmegraut og aktivitetar på feitetysdag.

Den vesle kafeen var fullsett etter ei lita stund. Ekstra bord måtte setjast inn. Og damene hadde det travelt på kjøkkenet. Ute var det klart for natursti med 25 postar og leik på skøytebana ved Loen Active.

Bygdekvinnene i Loen og Rake har dei siste vintrane arrangert familiedagar i Loen med aking som ein av aktivitetane. – Med ein bortimot snølaus vinter i år, måtte vi gjere ein vri, fortel to av dei aktive bygdekvinnene Målfrid R. Sæten og Hildegunn S. Dragsund.

Historie

Kvifor ikkje blåse liv i den gamle tradisjonen «Feitetysdag» med rømmegraut, tenkte dei.

Tidlegare var det alltid feitetysdagbasar i det gamle ungdomshuset «Heimtun» som vart rive for nokre tiår sidan. Dit kom bygdekvinnene med kvar si grautapanne, der var basar og heile bygda møtte opp, fortel Inga Bødal.

Vi gjer det litt enklare, seier Inga Bødal. Vi fann ut at vi ville treffe bygdefolket der dei er, nemleg på butikken vår etter arbeidstid. Vi har fått stor velvilje hos innehavar Per Willy Drageset, berre vi ryddar og vaskar opp etter oss, fortel Bødal.

Viktig nettverk i bygda

Bygdekvinnelaga er eit viktig nettverk i bygdene våre. I dag kombinerer vi tradisjonsmat og aktivitet for heile familien. Vi vil vise oss fram og fortelje kva vi driv med. Vi håpar dermed å få med fleire i laget vårt. Dagmar Nesdal er det eldste medlemmen i laget.

Då vi flytta hit i 1962 kjende eg ikkje så mange. Men gjennom bygdekvinnelaget vart eg fort ein del av bygda. Veldig viktig organisasjon, ikkje minst på det sosiale planet. Og så tykkjer eg det er godt å sjå at det kjem unge inn i laget. Det gjev nye impulsar, skapar utvikling og då blir det eit godt samhald i bygda, seier ei ungdommeleg Dagmar.

Ønskjer nye medlemmer

I dag har vi sett opp ei forslagskasse der alle kan legge ønskjer om aktivitetar i bygda. – Vi håpar at fleire damer i Loen og Rake ser verdien av å vere med i dette fellesskapet. Og så ønskjer vi også og bli kjend med kvinnene frå andre nasjonar som er busett i bygda vår, avsluttar damene i Loen og Rake Bygdekvinnelag.


Kjekt at det kjem mykje folk, seier Anne Sæten som auser opp grauten i lag med Berit Hogrenning, Else Loen, Karin Auflem, Lill-Berit Tjugen og Inga Bødal.

3. 7 meter snø ved Kjenndalskruna
Trur på framgang for breane.

Publisert i Fjordingen 6. mars.2020.

Av Roger Oldeide(roger.oldeide@fjordingen.no)

Bresmelting og tilbake- trekking har vore kjenningsmelodien i mange år, men den nedbørsrike vinteren i år kan snu dette. Veldig gledeleg, fastslår professor og bre-ekspert Atle Nesje.

Ferske målingar frå NVE stadfestar at det er særdeles mykje snø i fiellet. Ved Kjenndalskruna på Jostedalsbreen er det målt heile sju meter med snø. Like ved den høgste Breakulen vart det målt 6,5 meter med snø. NVE kom opp i grevens tid, for målestokkane var i ferd med å forsvinne under snøen, fortel professor for geovitenskap ved universitetet i Bergen, Atle Nesje.

Håpar ikkje på ein varm sommar

Men når det gjeld å sjå resultat på sjølve brearmane må ein ha stort tolmod. Dei store snømengdene vi har fått så langt i år vil ikkje vise igien på brearmane før om tre- fire år, seier Nesje.

Vil til dømes Briksdalsbreen vekse framover som følge av denne vinteren? Det kan ein håpe på, men det kjem an på kva temperaturar vi vil få i sommar, seier Nesje som ikkje legg skjul på at han ønskjer seg ein kald sommar med mindre snøsmelting.

Overskotsår som det ligg an til no, kan føre til at breen veks. Eg trur ikkje vi vil sjå ein tilbakegang av breen, slik vi sett alt for mykje av, seier han.

Spent på målingane i haust

Vinteren er enno ikkje over, men Nesje er allereie spent på målingane som skal gierast i september/otober. Ein reknar eitt bre-år frå haust til haust. Eg er veldig spent på målingane i haust med slike snømengder no, seier han.

Nesje fortel at snømålingane på Nigardsbreen begynte i 1962 og ein må tilbake til20l5 for å finne liknande snømengder som no. Elles må ein over 20 år tilbake for å finne slike snømengder. For breane er det veldig gledeleg, fastslar Nesje.

Men om klimaet går i retning av meir nedbør, som regn i låglandet og som snø i høgfellet, har det sine ulemper. Kombinert med høge som- martemperaturar er det jo oppskrifta på større skredfare, poengterer Nesje.

4. Ansiktsløfting for Breng i Lodalen

Publisert i Fjordingen 8. mai.2020.

Av Thomas Thaule (thomas.thaule@fjordingen.no)

Breng i Lodalen framstår nærast i "ny" drakt etter å ha gjennomgått eit aldri så lite ansiktsløft.


Ny drakt. Badeplassen på Breng har fått eit skikkelieg ansiktsløft. Foto: Målfrid Romsøe Sæten

Jan Ove Hogrenninghar vore ein av eldsjelene bak prosjektet "Breng Bade og Familiepark" Eg håpar at bygda og andre vil bruke plassen framover. Mange har nok vegra seg til å kome til Breng etter at villcampinga tok laust, seier Hogrenning. Hogrenning gjorde ein del grovarbeid i dagane før 1. mai, og fekk deretter hjelp til mellom anna planering og såing. I tillegg er badeplassen utvida, det er teke vekk stein frå elveutløpet, det er laga til grillplass og sand har blitt flytta på. Overskotsmasse er tilkøyrd frå Nord{ord Kjøtt.

Eg må få takke Geir Egil Roksvåg for gratis overskotsmasse. Stryn Reiselivslag har også bidrege økonomisk, seier Hogrenning. Han håpar at plassen vil bli teke meir vare på no når det har blitt så fint.

Det har blitt ein fin plass der ein kan bade, fiske oggrille. Området ved badeplassen er no definert som fritidsområde, og det er forbod mot å campe.


Nysådd. Her blir det plen om ikkje lenge. Foto: Målfrid Romsøe Sæten


Ny drakt. Takka vere ildsjeler, grunneigarar og kommunen. Foto: Målfrid Romsøe Sæten

5. Himmelhøgt med Nasjonalbaletten på taket av Hoven

Publisert i Fjordingen 12. juni.2020.

Av Gunnhild Sindre (gunnhild.sindre@fjordingen.no)


Luftig. kan ikkje beskrivast med ord. Foto: Gunnhild Sindre.

5. Ei oppleving som ikkje kan beskrivasst med ord

Nasjonalballeten kom. Onsdag dansa dei på Hoven med himmelhøge løft og svev.

Dette er ei oppleving som ikkje kan beskrivast med ord, sa ballettsjef lngrid Lorentzen, då Hoven i Loen tok imot Nasjonalballetten med kveldssol og vindstille. Publikum var einig: Med bravorop og trampeklapp kvitterte dei for forestillinga, men orda som skulle beskrive det, var vanskeleg å finne.

Den Norske Opera & Ballett har som alle andre hatt lock down i koronaperioden. Ingen forestillingar, ingen øvingar. Men med kreative grep har Nasjonalballetten nok kome seg ut for å danse.

Nokre av verdas beste dansarar

Regissør Marit Moum Aune står bak konseptet "Nasjonalballetten kommer!", der Nasjonalballetten kjem med operabilen og ei 30 minutt lang framsyning med klassisk, romantisk og modeme ballett. Med seg har dei nokre av verdas Beste dansarar, fortel ballettsjefen. Eigentleg gjekk turneen i ein times radius rundt hovudsaden.

Vi har giesta både aldersheimar og fengsel, fortel Lorentzen.

Naturbilde frå Nils Are

Eit par naturbilde frå Strym fra tidlegare operadirektør Nils Are karstad Lysø var nok til at Lorentzen tende på ideen om å ta opera bussen og ramsyninga med over fellet.

Vi har jobba med stryningar før, og veit at dei er raske i snuen, ler ho, og fortel at det giekk mindre enn ei veke frå ho tok kontakt og til dei sto på taket av restauranten på Hoven.

Så eg må berre skryte av styningar, loarar, og tek med oldarar i same slengen!

Fekk felespel og dans på turen

Onsdag på dagtid giekk turen til Eid og forestilling for aldersheim og skuleelevar. Det same var det i Styn torsdag. På vegen heim fra Eid fekk balletten stopp på Fjelli, der Arne M. Sølvberg spelte hardingfele, før han gav fela vidare til sonen Elling og svingte seg med kona Asbjørg i dans, til stor begeistring for ballettensemblet. Så giekk turen til vers med skyliften for balletten.

Dansarane gret då dei kom opp

- Vi var opp her i går, fortel Lo- rentzen. - Og det var heilt overveldande. Fleire ardansarane gret rett og slett da dei kom opp. Tenk at dei har hatt heimekontor som alle andre, dei har trent heime og ikkje vore ute og dansa i det heile. 0g så kjem dei ogskal danse her!

Inspisienten minna publikum om en metersregelen, så var smittevernreglane ivaretekne. Dei som var i familie fekk stå tettare.

Vakrare blir det ikkje!

Og sa vart det ballett. Med solo, ensemble (frå Nasjonalballetten UNG) og par (pas de deux), frå Giselle og La Corsaire til Anna Pavlovas Svanen. Fleire måtte opp i augekroken som snarast når Nae Nishimura si uttrykksfulle svane flaug over dansegolvet, og det giekk fleire gongar gisp gien- nom publikum når cubanske Yoel Carreflo gjennomførte sine høge løft. Men å beskrive det med ord, det er vanskeleg. Uverkeleg kan vel kanskje høve. Eller som ein lukkeleg publikummar sa etter at siste tone hadde lagt seg i finalenummeret Svanen til Saint-Sadns nydelege musikk: - Vakrare blir det ikkje

Det er vi som skal takke

Publisert i Fjordingen 12. juni.2020.

Av Gunnhild Sindre (gunnhild.sindre@fjordingen.no)

Den norske Nasjonalballetten er det einaste ballettkompaniet i verda som er ute og opptrer for tida. 0g den einaste staden dei har gjesta utanom Oslo- området er Nordfjord. Med seg på den vesle spesialturneen hadde dei dansarar frå heile verda. Kompaniet består til saman av 75 dansarar, til Stryn og Loen kom japanske Leyna Magbutay, Nae Nishimura og Gakuro Matsui, franske Martin Dauchez, canadiske Rebekah Bloomfield, cubanske Daniela Cabrera og Youel Carreflo, spanske Isabel Vila og dessutan tre norske dansarar frå Nasjonalballetten UNG, Johanne Wien Pedersen, Astrid Lyngstad og Sofie Ruthenbeck.

Dette var heilt fantastisk. Tusen takk! sa Hotel Alexandra sin "grand old man", hotellvert, gründer og pådrivar giennom fleire tiår, Eivind Grov til ballettsjef Ingrid Lorentzen etter framsyninga. Då slo ballettsjefen ut med armen mot scenarioet av publikum, dansarar og ballettgolv mot ein bakgrunn av snø- og brekledde fjell, fjord og strålande sol: Det er vi som skal takke! For dette

6. Minneord om Peder Havnvik

Fremført av Presten i gravferda 20. juli.2020.

Av Elisabeth Borge

Denne oppsummeringen er skrivet av søsteren til Peder (Elisabeth Borge), og sendt til oss i forbindelse med forbereding av gravferden til Peder. Den var ment som grunnlag for samtale med Presten som skal si minneord ved gravferden. Hele teksten vi mottok er kopiert inn nedenfor.

Peder Havnvik ble født i Årvågsfjorden på Nordmøre i 1930.I 1933 flyttet familien til Vedøya ei øy utenfor Hitra. Der vokste vi opp under krigen på en gård, og som så mange andre familier under vanskelige kår. Fra den tiden husker jeg Peder som en omsorgsfull og snill storebror.

Jeg husker at brødrene lekte og fant mye rart i fjæra bla. en mystisk gjenstand som de bar mellom seg til våningshuset for så å kaste den over et steingjerde for å se om den eksplodere.

Peder gikk 3 og 2 dager i uka på Strand skole på Hitra. Skoleveien var først i båt,og så deretter i 5- 6 km til skolen. Samme vei tilbake. Under krigen ble vår bestefar pålagt å være med å bygge kai for tyskerne, og under byggetiden ble bestefar kjent med en tysk lege. Denne legen reddet kanskje Peders liv, da han tok ansvar og besøkte Peder da han ble svært syk mens vi bodde på Vedøya.Ungdomstida på Vedøya var positivt med mange hyggelige sammenkomster.

Under byggingen av en molo mellom Børøya og Hitra, fikk Peder jobb med å kjøre et lite lokomotiv med tilhenger for frakting av steinmasser. Jeg husker hvor stolt jeg var av Peder.

Som en del av militærtjenesten, var Peder med i Tysklandsbrigaden tidlig i 50-åra.

Peder var alltid interessert i maskiner, og han gjennomførte maskinistskolen i 1957. Til tros for at han gikk på skole, fikk vi hjelp av han til å kjøpe vår første byggetomt.

Hans sjømannsliv startet først ombord på små lokalskip, men ettehvert i utenriksfart som maskinist I P. Meyers rederi.

På grunn av at det var vanskelig å få arbeid i Trondheim, flyttet han til Oslo. Det var her han møtte sin fantastiske kone Marta. Hun ville imidlertid ikke at han skulle være sjømann, og Peder satte seg atter på skolebenken, og gjennomførte sin VVS - ingeniørutdanning. Han fikk jobb hos Eriksen og Horgen,hvor han var ansatt til han ble pensjonist. Han likte å fortelle at han bl.a har bl.a tegnet toalettet til vår tidligere statsminister Gro Harlem Brundtland.

Peder og Marta kjøpte seg etterhvert et rekkehus på Veksthusfløtten. Peder fikk interesse for kjøp og reparasjoner av gamle klokker, og hadde vel ca 100 klokker som han satte i stand. Peder var glad i musikk, og han anskaffet seg derfor noen fioliner, også kjøp på auksjon og reparert av han.

Jeg har mange,mange gode minner fra barndommen, og også av Peder som den rause og omsorgsfulle personen som voksen han var, både overfor meg, våre foreldre.og ikke minst min familie. For meg har du vært en bauta og god og hjelpsom storebror. Selv om du nå er borte, vil minne om deg alltid være i våre hjerter.

7. Kjell Haugen sel mjølkekvoten

Skrive av: Linda Sunde i Bondebladet(6. august 2020)

Tittel: 12 bønder i Stryn kommune vil selje mjølkekvoten.

Kjell Haugen er ein av dei. Det er berre intervjuet med Kjell Haugen som er teke med her
Overskrift: Alt har blitt så stort.

Kjell Haugen (65) er ein av to mjølkebønder i bygda Loen. Men no har han seld kvoten.

Ingen vil ta over for å drive med mjølkher. Det er kanskje eit litt tungvint bruk. Eg har både flater og ein del bratt, forklarer han.

Eg har drygt 62 000 i grunnkvote. Det er eit lite bruk, og eg er snart pensjonist. Eg har slite litt med helsa. Eg begynte som avløysar i L977, og tok ovgr bruket i 1982. Fjøsen er gamal og dårleg, nedsliten. Det er viktig å ha ein god fjøs. Men du må vere mykje større om du skal byggje nytt. Det skulle vore meir midlar til å investere. Det er kostbart å byggje, seier Haugen.

Han fortel om ei veldig optimisme som var i landbruket på 70- og 8o-talet. Men bruka var mindre då. No har alt blitt så stort. Eg ser ikkje fordelen med å vere så veldig stor. Kanskje burde ein gå litt tilbake, så ein slapp å køyre så mykje med dei store traktorane. Eg trur det er like miljøvenleg å vere liten. Eg er ikkje imot dei store bruka, men det må vere plass til begge deler, seier Haugen.

Han er ikkje bekymra for at det skal bli for lite mjølk. Dei store produsentane vil klare å dekke etterspurnaden, trur han. Men det var det med gjengroing. Det arealet som ikkje er ballemark, eller ikkkje er lettstelt, er eg bekymra for, seier Kjell Haugen.

5. Har kjøpt Stryn betong AS
Førde sementvare AS har behov for meir produksjonskapasitet.

Publisert i Fjordingen 8. september.2020.

Av Gunnhild Sindre (gunnhild.sindre@fjordingen.no)


Ny eigar frå 1. september. Stryn betong i Loen. Foto: Gunnhild Sindre.

Førde Sementvare/0pseth lnvest har kjøpt Stryn Betong AS og aktiva i Stryn Betongelement AS i Loen.

Førde Sementvare er ei av dei største industriverksemdene i Førde, og har vore familieverksemd i tre generasjonar. Verksemda vart grunnlagt i 193O av Karl Opseth. No har sunnfjordverksemda kjøpt Stryn Betong AS og aktiva i Stryn Betongelement AS i Loen.

Behov for meir kapasitet

Bakgrunnen for kjøpet er Førde Sementvare sitt behov for meir produksjonskapasitet. Arealet verksemda har i Førde har ikkje vidare utviklings- moglegheiter, opplyser verksemda. Dermed vart det sett på andre løysingar. Førde Sementvare har over tid hatt dialog med eigar Hoddevik Eigedom om kjøp av aktiva i Stryn Betongelement og Stryn Betong AS, seier dagleg leiar Lasse Opseth.

Solid selskap

Sakgrunnen for at vi og kjøper Stryn Betong er at Stryn Betongelement er avhengig an dette selskapet for levering av betong, og at dei står som eigar av eigendommen, seier den tidlegare fotballprofilen. Førde Sementvare er eigd av Opseth Invest AS, som Opseth eig saman med borna Andrea og Kristian.

25 tilsette

Stryn Betongelement AS og Stryn Betong AS har til saman 25 titsette. Talet er noko sesongvarierande, og det blir også leigd eksterne inn på enkelte prosjekt. Opseth seier til Fjordingen intensjonen no er at ein saman med dei tilsette skal utvikle verksemdene til eit solid og framtidsretta selskap.

5. Loen skylift. Feilen er reparert
Men vi skal vite årsaka til feilen før vi startar opp skyliften igjen.

Publisert i Fjordingen 15. september.2020.

Av Bengt Flaten(bengt.flaten@fjordingen.no)


Skyliften står. Richard Grov,dagleg leiar ved lown Skylift, viser bærekabelen og hjul på tappen av kabinen som ligg opp på kabelen når anlegget er i drift.

Snart ein månad etter at Loen Skylift vart stoppa på grunn av skade på eine berekabelen, tør dagleg leiar framleis ikkje setje nokon dato for opning.

Skaden er no reparert, men vi skal vite årsaken til skaden før vi opnar igjen, seier Richard Grov.

Feilen vart oppdaga av ein tilsett ved Loen Skylift 19. august. Då vart anlegget stoppa tvert, dei om lag 200 gjestene på toppen vart skyssa ned med minibussar og ekspertise frå tre land vart kopla inn.

Rustangrep under tak

Det vi oppdaga, var eit utvendig rustangrep på ein liten del av eine berekabelen til eine kabina. Denne kabelen er ikkje i bevegelse, men fungerer som berekabel og stabilisator for kabina. Området av kabelen som har fått rustangrep ligg under tak i fjellstasjonen, fortel Grov.

Leverandøren av kabelen er eit austerriksk firma, medan leverandøren av heile bana, Garaventa, er lokalisert i Sveits. Begge desse vart kopla inn umiddelbart, og har sidan 19. august arbeidd både med reparasjon og forsøk på å finne årsak. I tillegg har Loen Skylift ekspertise frå Sverige til stades.

Ni personar i arbeid

Medrekna eige mannskap, har ni personar vore i arbeid oppe ved fjellstasjonen, samtidig som det vert arbeidd i tre ulike laboratorium utanlands for å finne årsak. Alle, både vi og leverandør, har heilt likt syn på dette: Vi skal reparere skaden, men vi opnar ikkje før vi veit årsak til skaden. Så vil årsak vere avgjerande for korleis dette vert løyst økonomisk, seier Grov.

Ingen skade på den andre bana

Kvar av dei to kabinane på Loen Skylift vert trekte opp og ned som pendelbane mellom fjordstasjon og fjellstasjon av kvar sin kabel, medan hjultrinser oppå kabinen rullar oppå to berekablar, ein på kvar side. Desse kablane er 43 mm tjukke.

Rustangrepet på eit få centimeter stort område utanpå den eine berekabelen sette aldri passasjerar i fare. Hovudberinga ligg inne i sjølve kabelen. Dessutan kan kabinen teoretisk gå med berre ein berekabel. Men denne feilen skulle ikkje skje, og i alle fall ikkje etter så få års drift. Difor har Garaventa sett eit eige team på saka, fortel Grov. Han legg til at skaden no er reparert, og at arbeidet framover handlar om å klargjere for drift igjen. Det er ingen skade på den andre bana.

5. Aud var døden nær etter myggstikk

Publisert i Fjordingen 18. september.2020.

Av Gunnhild Sindre(gunnhild.sindre@fjordingen.no)

Aud Ingunn og ektemann Jostein Drageset frå Olden var på ein hyggeleg campingtur med eit vennepar. Det var veldig varmt den kvelden og ved solnedgang såg Aud at ho hadde fått nokre kraftige myggstikk på armar og lår. Hei seig i hop. Fjordingen har ein lang artikkel om hendinga. Her er berre teke med bilde av ekteparet, og hovedpunkta frå hendinga som bildetekst.


Jostein Drageset seier han var sikker på at det var ein reaksjon på myggalergi, han hadde sett det ein gong før. Godt at han var der og heldt hovudet kaldt. Takk og lov, seier Aud Ingunn. Aud Ingunn rakk berre å seie at ho følte seg dårleg, så seig ho ihop. Jostein treiv tak i meg og forhindra at eg slo hovudet i stigbrettet på bilen, fortel ho. Aud Ingunn må heretter ha med seg adrenalin penn og allergitabelettar. Familie og vener må også lærast opp i bruk av pennen, seier ho.

11. Grete Haugen Vinsrygg. Skodespelar fore ein dag

Publisert i Fjordingen 2. oktober.2020.

Av Thomas Thaule(thomas.thaule@fjordingen.no)


Lodalen som kulissar. Grete Haugen Vinsrygg har spelt inn reklamefilm for fårikål saman med meistarkokken Bent Stiansen på Hogrenningssætra i Lodalen. Foto: Frå Reklamefilmen/Rema 1000

Saman med med meisterkokken Bent Stiansen har ho nemleg spelt inn ein reklamefilm for fårikål.

Det var produksjonskontakten ved Nordfjord Kjøtt som ringde meg då dei trengde nokon herifrå til å vere med, seier Grete. Ho fortel om ein spennande dag på Hogrenningseina ved Lovatnet, der reklamefilmen vart spelt inn i slutten av august.

Alt vart gjort på ein dag. Eg var i grunn på veg til å trekke meg då dei ville byte innspelingsdag, men det vart no til at eg stilte på, seier Grete.

Noko manuskript fekk ho ikkje, det var berre å svare naturleg på dei spørsmåla som Bent Stiansen stilte. Det var sjølvsagt fleire prøvetakingar, mykje venting og kamera, droner og filmfolk overalt.

Så no satsar du på ei skodespelarkarriere, kanskje?
Hehe, nei, nokon skodespelar blir eg ikkje, sjølv om eg har fått gode tilbakemeldingar på reklamefilmen, smiler Grete. Men moro var det, og Bent Stiansen var ein kjekk kar, ja rolegheita sjølv, seier Grete som også fekk fortalt litt om Lodalshistoria til filmfolka.


Lodalen. Grete Haugen Vinsrygg saman med dottera kristianna på Hogrenningseina

12. Skyliften i drift igjen etter over ein måmnad stopp

Publisert i Fjordingen 29. September.2020.

Av Thomas Thaule(thomas.thaule@fjordingen.no)


I drift. Reparasjonane på Loen Skylift er avslutta og gondolen er i gang att. Foto. Bengt Flaten

Etter å ha vore stengt i over ein månad opna Loen Skylift igjen laurdag.

Det var fredag at Loen Skylift sende ut pressemelding om opninga.

Den 19. august, under ein av dei daglege kontrollane, oppdaga banemannskap i Loen Skylift ein mindre skade på eit bæretau i fjellstasjonen. Drifta vart rutinemessig midlertidig innstilt, og ein fekk spesialistar frå Garaventa og tau-leverandør på plass for å rette skaden. Feilen har aldri utgjort nokon fare for sikkerheita i bana, verken for besøkande eller tilsette. Tryggleik er alltid første prioritet for Loen Skylift og Garaventa, heiter det i pressemeldinga.

Spesialistar frå Garaventa og tauprodusent har dei siste vekene reparert skadane på bæretauet. I tillegg har Kiwa Instecta AB med hjelp av MRT/MIP (magnet induktiv testing) teknologi testa og sikkerheitsklarert alle kablar.

Kabelprodusent og ein uavhengig ekspert har bekrefta at alle kablar oppfyller alle krav og at det difor er klart for å gjenoppta drifta av bana frå og med laurdag 26. september, stod det i pressemeldinga.

13. Ny restaurant på Hoven

Publisert i Fjordingen 22. September.2020.

Av Bengt Flaten(bengt.flaten@fjordingen.no)


I startgropa. F.v, Dagleg leiar Richard Grov, John Bjørn Moen i JB Anleggsservice AS og Knut Roar Skåden, driftssjef i Loen Skylift

Om eitt par veker startar byggjearbeidet på det som skal bli endå ein restaurant på Hoven.

Vi byggjer ut 170 kvadrat- meter og får ein ny restaurant med 60–70 sitjeplassar. I tillegg får vi bygd tak over ein del av terrassen. Dette er eit byggjeprosjekt til eit tosifra millionbeløp, bygd av lokale verksemder, seier dagleg leiar Richard Grov.

Prosjektet er handsama og godkjent av styret vårt og vi er så vidt i gang med førebuing av byggjetomta. Kommunen har gitt munnleg grønt lys ettersom vi byggjer i henhald til eksisterande reguleringsplan, og bygget er å sjå på som eit tilbygg. Så sender vi eittrinnssøknad på heile prosjektet, opplyser Grov.

Den nye restauranten vil blant anna bli utstyrt med pizzaomn i stein.

Vi byggjer heilt ny restaurant med eit breitt tilbod som skal appellere til endå fleire. Restauranten vil bli meir innretta mot klatrarar og dei som kjem inn frå fjelltur, kanskje dei som ikkje planlegg å bruke så lang tid på restaurantbesøket. Med 60–70 sitjeplassar her, kan vi og utvikle hovudrestauranten ytterlegare, seier Grov.

Han fortel at eigarane har sett behovet for ein restaurant nummer to heilt sidan 2017.

Vi gjorde ei utbygging som var ferdig i 2018 og opna deretter butikken. Det var full klaff.

Disken og baren vi i dag har som del av terrassen, vert del av den nye restauranten, men der vi flyttar disken framom nytt kjøkken. Dermed frigjer vi plassen der dagens disk står, og får fleire gjesteplassar med magisk utsikt, seier Grov.

Scene på taket

Som del av nybygget får han og eit anna ønske oppfylt: Scene på taket.

Vi har hatt ein del konsertar på taket av restauranten, og ser at det går mykje tid til å rigge scene opp og ned. No byggjer vi permanent scene som del av påbygget. Med scene på plass, kan vi arrangere konsertar på ein enklare og rimelegare måte for alle, seier Grov.

John Bjørn Moen i JB Anleggsservice var i gang med første del av tomtearbeida til restaurantpåbygget førre veke. Han har og brukt tid i haust på å pusse opp terrenget rundt.

Gjennom drifta av heile anlegget har vi sett mønsteret i trafikk og vi har sett kva som skjer kor når snø smeltar og vi får kraftig regn. Denne kunnskapen har vi brukt når vi har rusta opp det nære stinettet, grøfta og laga til fleire utkikspunkt. No håpar vi på god framdrift på det nye restaurantbygget, med planlagt opning i mai, fortel Richard Grov.

14. Loen sør under ombygging

Publisert i Fjordingen 13. november.2020.

Av Bengt Flaten(bengt.flaten@fjordingen.no)


Bustadfelt. 18 leilegheiter fordelt på fire bygg er ein viktig del av prosjektet der vegen vert flytta og industriområdet samla på eine sida av vegen. I forgrunnen delar av ny parkeringsplass for tilsette.


Samlar industriområdt. Omlegging av den kommunale vegen gjer at heile industriområdet som Nordfjord Kjøtt disponerer, kjem på same side av vegen. Det gir betre trafikksikkerheit i området.

Loen sør er under ombygging. Prosjektet inneheld blant anna ny kommunal veg, 18 leilegheiter i eit heilt nytt bustadområde og nye parkeringsplassar for tilsette ved Nordfjord Kjøtt.

Med unntak av 140 meter kommunal veg som vert bygd av Stryn kommune, er det Nordfjord Kjøtt, eller meir presist eigedomsselskapet Legula som står for det omfattande byggjeprosjektet.

Hovudmålet med prosjekteter er å leggje om den kommunale vegen slik at vi får alt industriareal samla på same side av både veg og gangveg. Det gir ein betydeleg betre intern logistikk for Nordfjord Køtt, samtidig som vi frigjer nødvendig areal til vidare utbygging og gir sikrare trafikkavvikling for alle, seier dagleg leiar Geir Egil Roksvåg.

Nordfjord Kjøtt utgjer i dag om lag 70.000 kvadratmeter. Ved å byggje om Loen sør, blant anna med nytt parkeringsareal for tilsette, får Nordfjord Kjøtt frigjort plass til å byggje ut ytterlegare 10.000 kvadratmeter.

Vi treng det for betre intern logistikk i produksjonen vår, seier Roksvåg.

For å gjere heile Loen sør funksjonell både for Nordfjord Kjøtt og trafikken til bustadområda, er ca 250.000 kubikkmeter masse flytta internt. Store mengder jord som er avdekt vart gitt til å reparere Utvik etter flaumen samt dekke skråningar på Hoven.

Dette blir eit heilt nytt område av Loen, der vi ovanfor nytt parkeringsareal for tilsette byggjer 18 leilegheiter fordelt på fire bygg. 16 av leilegheitene vert på 84 kvadratmeter og to på 124 kvadratmeter, fortel Arne Sandnes i Nordfjord Kjøtt.HS Bygg er i gang med å reise det første bygget som skal innehalde dei fire første leilegheitene. Samtidig grev Sigrid Haugen i Vinsrygg Maskin grøft for framføring av vatn og kloakk til det nye byggjefeltet.

Geir Egil Roksvåg har ingen dato for når dei første leilegheitene vert klare for innflytting, men gler seg til å reise eit nytt bustadområde som del av heile Loen-sør prosjektet. Om leilegheitene vert for utleige eller sal, veit han ikkje enno. Det kan bli begge delar.

Dette er eit stort prosjekt vi har halde på med i fleire år. Å endre heile Loen sør har vore omfattande, men det vert svært bra, seier Roksvåg.

Kva vil det koste til slutt?
Nei, det veit eg ikkje.

15. Nekrolog. Jørgen Underthun

Publisert i Aftenposten 27. november.2020.

Av Liljan Smith Aandahl, Ola Johan Basmo og Claes Thorbjørn Nesheim

Det var med stor sorg vi fikk vite at Jørgen ikke lenger er blant oss. Han døde 17 oktober, 71 år gammel. Vi visste jo at det kom til å gå slik. Han hadde vært alvorlig syk i flere år med Parkinsons sykdom.

Jørgen var et lyspunkt på så mange måter. Vi var alle studenter ved det odontologiske fakultet (Tannlegehøyskolen). Det var en fryd å sitte ved siden av Jørgen på labben. Der ble vi skolert i erstatning av tenner, slik at våre pasienter skulle få nyte maten sin. Men det at folk skulle bevare sine tenner, var jo hovedoppgaven.Jørgen var en trivelig medstudent, og han ble mer synlig i miljøet etter hvert.

Jørgen hadde sin yrkeskarriere i Nord- Odal. Han var dedikert og så det som sin viktigste oppgave å drive med forebyggende arbeid. Med den kunnskapen vi har, mente han at det var het unødvendig at barn skal få dårlige tenner. Da han begynte sitt arbeid i Nord-Odal, var tannhelsen blant barna der den dårligste i Hedmark fylke. Jørgen gjorde det som skulle til. Han var en samvittighetsfull klinisk tannlege. Han brukte sine kunnskaper og seg selv for å få bukt med problemet. Etter et systematisk arbeid og et utmerket samarbeid med skoler og helsesøstre hadde l8-åringene i Nord Odal landets beste tannhelse.

Jørgen ble invitert til Helsedirektoratet for å dokumentere sine faglige resultater og å beskrive hva han hadde giort. Det ble stor interesse i hele landet. Han måtte komme og informere på møter i direktoratet og Norge rundt. Jørgen var et fantastisk menneske. Han skrev dikt og sanger som ble fremført på etatens samlinger. Det ble så godt mottatt at alle ville ha mer, selv om han ga stikk til systemsvikt. Han mente det var viktig og fortjent å fremføre sannheten. Vi takkerJørgen for hans bidrag til tannhelsen i Nord-odal og faktisk i hele Norge.

16. Løyvde pengar til gangveg Loen-Solvik

Publisert i Fjordingen 18. desember 2020.

Av Gunnhild Sindre (Gunnhild.sindre@fjordingen .no)


Gangveg langs fv. 60 mellom Loen og Solvik. Foto: Roy Aron Myklebust.

Løyving til gangveg langs den sterkt trafikkerte fv 60 mellom Loen og Solvik på Rake er endeleg vedteken av Vestland fylkeskommune. Føresetnaden var at Stryn kommune bidreg med sin del.

I Regional Transportplan (RTP) for Sogn og Fjordane, vedteken i 2017, heitte det at denne høgt trafikkerte strekninga var prioritert høgt, med bustadar med gangavstand til skule, nytt, planlagt bustadområde og generelt mange gåande pga. Via Ferrata og Loen Skylift.

Men trass i høg prioritering kom gang- og sykkelvegen aldri inn i budsjettet i Sogn og Fjordane. Ved overgangen til ny fylkeskommune vart det sendt ny søknad frå Stryn kommune om forskottering, men søknaden nådde aldri sakshandsamaren. Dermed måtte søknaden til ny fylkeskommune, Vestland.

I januar i år kom saka til behandling i Hovudutval for samferdsle og mobilitet. Denne gongen vart ikkje søknaden avslegen, men utsett, i påvente av ei prinsippsak om forskotteringssøknadar.

Så vart det endeleg utvikling i saka. I september orienterte Jan Bakke Flore, kommunalsjef for teknisk avdeling i Stryn kommune, om at det har vore gjennomført møte med fylkeskommunen der det var positive signal om eit spleiselag mellom fylkeskommunen og kommunen for å få realisert denne gangvegen.

Og omsider kom den mykje etterspurde gangvegen inn i eit budsjettdokument. Då samferdsleutvalet fekk orientering om saldering av budsjettforslag i oktober, låg det ved informasjon om investeringsprogrammet for veg der det sto at det vert prioritert å setje av 12 millionar kr i 2021 og 24 millionar kroner i 2022 til gangveg på fv. 60 Loen-Solvik. Her gjekk det også fram at det er føresett at Stryn kommune dekkjer halvparten av samla prosjektkostnad.

Det vert teke atterhald om at ein får ei finansieringsavtale med kommunen, understreka fylkesdirektør for infrastruktur og veg, Dina Lefdal, då ho orienterte Fjordingen om saka.

For to år sidan var midlane til kommunen si forskottering av gangvegen tekne ut av det kommunale budsjettframlegget av rådmannen, med argumentasjon om at kommunen ikkje «kunne vere bank for fylkeskommunen». Men kommunepolitikarane la budsjettposten inn igjen, og torsdag handsama kommunestyret saka. (Vedtak fall etter avisa si deadline.)