Litteratur.
Avisutklipp 2021

Til Litterturlista

INNHALD

Avisutklipp 2021

1. Kvikkleire - Loen skylift.
2. Ny restaurant -Hoven.

Diverse artiklar publisert offentleg i Fjordingen og andre stader i 2021

1. Kvikkleire ved Gjølmunna i Loen
Måtte flytte Fjordstasjonen for Loen Skylift.

Publisert i Fjordingen 22.januar.2021.

Av Roger Oldeide(roger.oldede@fjordingen.no)


Kvikkleiresone. Deler av Gjølmunna er ei av seks kvikkleiresoner i Stryn kommune. Parkeringsplassen med fjordshopen og deler av fylkesvegen er i kvikkleiresone. Området ville sett annleis ut om det ikkje vart påvist kvikkleire i 2014. Foto Bengt Flaten

Delar av Gjølmunna i Loen er definert som kvikkleiresone i komande rapport frå NVE.

Seks stadar i Stryn kommune er av NVE karakteriserte som kvikkleiresoner i komande rapport og aktsomheitskart. Ein av stadane er Gjølmunna i Loen der kvikkleiresona omfattar både parkeringsplassen ved fjorden, Fjordshopen og del av vegen (sjå kart i botnen) NVE reknar området likevel for trygt.

Når det gjeld Gjølmunna så vart det påvist kvikkleire i fjorden i høve utbygginga som er der i dag og reknast difor som trygt. I vår kartlegging har vi nytta oss av det grunnlaget som allereie finst på dette, seier sjefingeniør i Geoteknikk i NVE, Ingrid Havnen til Fjordingen. Ho opplyser at det finst over 2300 kartlagde kvikkleiresoner i Norge i dag.

Kva betyr kvikkleiresone og kva inneber det?
Kvikkleiresone betyr at bestemte kriterium er oppfylt. Det er påvist eller antatt kvikkleire og at det er høgdeforskjell på minimum 10 meter og ein helling brattare enn 1:15 meter. Kvikkleiresonene representerer område der det kan gå større skred, forklarar Havnen. Ho legg at det kan finst kvikkleire også utanfor kvikkleiresonene som ein likevel må ta omsyn til i areal- og byggesak.

Er det område de (NVE) pr. i dag veit det krevst meir sikring i forhold til kvikkleire i Stryn kommune?
Nei, dette er ein grov kartlegging. For å vite meir om dette må det gjerast vidare grunnundersøkingar og vurderingar, slik det er gjort ved utbygginga i Gjølmunna. Tryggleikskravet er avhengig av faregraden til kvikkleiresona, seier ho.

Omfattande sikringsarbeid

Kommunalsjef Jan Flore viser til dokument i byggjesaka der NGI har ansvarsrett for prosjekteringa av geologi/geoteknikk.

Dokumentasjonen viser at alt skal vere gjort etter boka. Parkeringsplassen ved fjordbutikken vart også forbelasta med store steinmengder i byggjeperioden, så grunnbelastninga er mindre i dag enn den var ved bygginga, opplyser Flore.

Stryn kommune viser til dokumentasjon ved byggjesak av det området dette gjeld. Det går fram av omtalen at det vart påvist kvikkleire i fjorden. I Norconsult sin rapport frå april 2014 går fram det at byggjeprosjektet fekk klare avgrensingar for å ikkje belaste grunnforholda i fjorden for mykje.

Ligg godt til rette for fundamentering

I posisjonane som ligg på oversida av hovudvegen er det berre faste masser. På sjøen blir det gradvis mektigare lag av lause/blaute masser til djupare og lengre ut frå land ein kjem, heiter det i rapporten der også funn av kvikkleire blir omtala.

I nokre av posisjonane utanfor planområdet er laget av siltig leire kvikt, men det er ikkje funne slike masser innanfor planområdet. Lausmassane i planlagt stasjonsområde består av eit tynt lag skogbotn over faste til svært faste masser. Her ligg det godt til rette for fundamentering av stasjon. For parkeringsareal vil vi anbefale å først fylle ut ein steinjete. Denne kan fyllast ut frå endetipp. I denne steinjeten er det viktig å bruke gode fyllmassar av stabil sprengstein. Etter at denne er lagt ut fyllast arealet innanfor, og ein bør helst vente eit par år før ein legg endeleg asfaltdekke på parkeringsplassen for å la fyllinga setje seg, står det i rapporten frå Norconsult, utført av seksjonsleiar for grunnundersøkelsar, Magne Bonsaksen.

Det vart fylt ut på trygg grunn og ingenting på kvikkleire. Dette området er heilt trygt, forsikrar Bonsaksen overfor Fjordingen.

1. Derfor flytta vi fjordstasjonen


Trykkbelastning. Store steinmengder på tomta ved fjorden september 2015. F.v. Seb Lüönd i Doppelmayr Garventa, Richard Grov, Peter Baumann i Garventa og Leif Riksheim. Arkivfoto: Bengt Flaten

Loen Skylift sin fjordstasjon skulle etter planen stå på fylling ute i fjorden.

Det fortel dagleg leiar ved Loen Skylift, Rickard Grov når han blir presentert den komande kvikkleirerapporten frå NVE over Gjølmunna.

Grov er godt kjend med grunnforholda og hugsar godt at nettopp funn av kvikkleire i fjorden heldt på å stogge Skylift-prosjektet i 2014. Fjordstasjonen skulle nemleg stå på fylling lenger ute i fjorden, fortel han.

Enorme mengder stein

Det var ein av dei svartaste dagane mine under bygging av Loen Skylift. At vi klarte å kome i mål med korrigering av dette prosjektet var fantastisk. Det de adresserer her er årsaka til at fjordstasjonen står der den står i dag, som ei av verdas brattaste gondolbanar, fortel Grov.

Området med parkeringsplassen vart også trykkbelasta med enorme mengder stein.

Syretesten vart gjort ved å plassere to enorme haugar med stein på dette området. Alt er solid utført og så trygt det kan bli, forsikrar Grov.


Flytta. Fjordstasjonen skulle etter planen ligge ute i fjorden, men for å unngå å belaste grunnforholda der vart den flytta inn på andre sida av fylkesvegen. Arkivfoto: Bengt Flaten

2. Nyrestaurant på Hoven, ferdig i april .

Publisert i Fjordingen 5. februar.2021.

Av Bengt Flaten (bengt.flaten@fjordingen.no)


Ny restaurant. Dagleg leiar Richard Grov t.v. og driftsjef ved Loen Skylift, Knut Roger Skåden, utanfor det nye bygget som inneheld ny restaurant og overbygd terasse. Utanfor nybygget vil det bli utvida areal til terasse. Foto: Bengt Flaten.

Handverkarar i fleire ulike fag er inne i ein god langspurt for å få ferdig den nye restauranten på Hoven i Loen til 30. april.

Og det reknar dagleg leiar Richard Grov og driftssjef ved Loen Skylift, Knut Roar Skåden at skal gå fint.

Vi ligg godt an i forhold til tidsplanen vår, så kanskje delar av lokalet kan opne noko tidlegare, seier dei to.

Arbeidet med å førebu bygging av ny restaurant starta i september i fjor. Då vart byggjegropa gjort ferdig og klargjort for støyping. I starten av oktober var betongarbeidet i gang, ein månad seinare var veggane oppe, 17. november var bygget tett og 25. november vart golvplata støypt.

Vi var heldige og fekk ein snill haust og vinter reint vêrmessig. Då vi heiste aggregatet til ventilasjonsanlegget på plass 16. desember, var dei største løfta gjort, i dobbel forstand, seier Grov og Skåden.

170 kvadratmeter restaurant

Den nye restauranten vert på 170 kvadratmeter og vil få om lag 70 sitjeplassar. I tillegg vert det bygd 95 kvadratmeter overbygd terrasse med ca. 50 sitjeplassar. Når snøen smeltar vekk, vil også uteterrassen bli utvida.

Med dette byggjeprosjektet får vi eit mykje breiare og meir fleksibelt tilbod. Den nye restauranten vil bli litt meir røff i stilen enn hovudrestauranten, og vere eit godt tilbod til folk som har gått tur på fjellet eller klatra via ferrata. Men du må ikkje vere møkkete og sveitt for å kome inn, flirer Grov.

Med to restaurantar og nytt stort kjøkken som anten kan vere eitt eller delast i to, kan Hoven og køyre lukka selskap i ein restaurant medan hovud-restauranten er open. Det tilbodet har ein mangla fram til no.

Vi har hatt dagar på fjellet der vi har hatt lang ventetid eller ikkje hatt plass til alle som ville inn for å kjøpe mat. Det er aldri kjekt. Med ny restaurant og auka kapasitet skal dette problemet i alle fall bli mindre, seier Grov og Skåden.

Utbygginga på fjellet vil ha ein kostnad på om lag 15 millionar kroner. Så vil det og bli investert i underkant fem millionar kroner til større varemottak og fleire parkeringsplassar nede ved fjordstasjonen.

Dagleg drift frå 19. februar

Loen Skylift har vore open i helgane så langt i vinter, men med stengt restaurant grunna byggjeprosjektet. Frå 19. februar vil både gondolen og restauranten vere ope dagleg. Så sant det ikkje kjem nye og strengare smittevernrestriksjonar.