Litteratur.
Folk frå Loen

Til Litterturlista

INNHALD

Folk frå Loen

  • Dokument-start
  • 1. Rasmus Olsen f. 1817
  • Til dokumentstart

    Historisk om folk frå Loen

    Til dokumentstart

    1. Rasmus Olsen Loen/Otnes f. 1817

    Gards- og Ættesoga for Luster , band X. Prenta i 2013
    Plassen Hauståkeren under gnr. 148, Mo:

    Rasmus Olson Otnes, frå Loen i Stryn, Innvik, var son av gardbrukar Ole Rasmusson på Loen og kona Jannicke Rasmusdotter frå Sæter og f. i Stryn, Innvik 7.4.1817. Han gifte seg i Hafslo 28.1.1841 med Martha Rasmusdotter frå Tonning i Stryn, Innvik. Ho var dotter av gardbrukarson Rasmus Rasmusson frå Tonning og gardbrukardotteri Martha Hansdotter frå Sunde og vart døypt i Stryn, Innvik 25.11.1815. Rasmus og Martha flytte inn som nye plassfolk på Hauståkeren våren 1841. Nokon festesetel på denne plassen finn me ikkje, men derimot fekk Rasmus 17.8.1842 hjå Jens Nilsson Solvi festesetel på Traneberhaugen av Solvi mot pliktarbeid og noko skomakararbeid. Parfolket vart buande på Hauståkeren fram til kring 1844.

    Kring 1844 flytte Rasmus og Martha attende til heimbygdi Stryn, og der var dei ei tid innerstfolk på Loen, men sidan flytte dei til Maurstad i Davik der dei var gardbrukarar til dei kring 1856 vart plassfolk under Otnes i Selje. Sidan vart dei gardbrukarar same staden, men i 1870 utvandra parfolket til Amerika, og me finn dei att som farmarar i Jefferson township, Vernon Co., Wis. under namni Rasmus og Martha Olson. Rasmus d. i Vernon Co., Wis. 11.11.1883, medan Martha Olson d. same staden 22.3.1889. Dei fekk seks born i lag:

    a. Ole Rasmusson, sidan kjend som Ole Rose, f. i Hafslo 10.2.1841, flytte i 1869 til Bergen for å reisa ut som sjømann, men utvandra til Amerika kort tid etter. Han gifte seg i Vernon Co., Wis. 16.1.1871 med Dortha Guriane Larsdotter frå Store-Kjøde i Selje, Amerika kjend som Dorothea Larson. Ho var dotter av gardbrukar Lars Rasmusson på Store-Kjøde, opphavleg frå Helsæter, og kona Abelina Jacobsdotter frå Store-Kjøde og f. i Selje 13.3.1841, men utvandra til Amerika i 1870. Ole og Dorthea farma først i Jefferson township, Vernon Co., Wis., men flytte kring 1890 til ein farm i Sterling township, Vernon Co., Wis. der dei sidan budde levetidi ut. Ole d. ved eit ulukkeshende i Vernon Co., Wis. 15.5.1915, medan Dorthea Rose d. same staden 23.4.1927. Dei fekk ti born i lag.

    b. Johanna Rachel Rasmusdotter, sidan kjend som Johanna Olson, f. i Stryn, Innvik 23.2.1843, utvandra til Amerika med foreldri i 1870 og gifte seg i Vernon Co., Wis. 13.2.1874 med Rasmus Henrik Hansson frå Grimeland i Førde, i Amerika kjend som Rasmus Hanson. Han var son av gardbrukar Hans Simonson på Grimelandshaugen, Grimeland og kona Gjøa Rasmusdotter frå Haugen og f. i Førde 12.12.1841, men utvandra i 1869. Rasmus og Johanna Hanson slo seg ned som farmarar i Jefferson township, Vernon Co., Wis. der Johanna d. 5.4.1906. Rasmus Hanson flytte som enkjemann til ei dotter i Sterling township, Vernon Co., Wis. og sidan vidare til Franklin township, Vernon Co., Wis. der han d. 6.4.1920. Dei fekk ni born i lag.

    c. Rasmus Rasmusson, tvilling, sidan kjend som Robert R. Olson, f. i Stryn, Innvik 3.8.1845, flytte i 1869 til Bergen som sjømann, men utvandra til Amerika alt i 1870. Han gifte seg i Vernon Co., Wis. 3.8.1883 med Anna Marie Olsdotter frå Otnes i Selje, i Amerika kjend som Anna Olson. Ho var dotter av husmann Ole Hansson på ein plass under Otnes og kona Larsine Larsdotter frå Hoddevik og f. i Selje 22.12.1847. Ho utvandra til Amerika i 1883. Robert og Anna slo seg ned som farmarar i Jefferson Co., Vernon Co., Wis. der Robert d. 1.6.1903. Anna Olson d. i Viroqua, Wis. 11.6.1942. Dei fekk ei dotter i lag.

    d. Bertha Marie Rasmusdotter, likeins tvilling, sidan kjend som Bertha Olson, f. i Stryn, Innvik 3.8.1845, utvandra med foreldri til Amerika i 1870 og gifte seg i Vernon Co., Wis. 23.11.1874 med Johannes Abrahamson frå Solem i Førde, i Amerika kjend som John Abrahamson. Han var son av husmann Abraham Olson på Solemsholten under Solem og andre kona Maria Madsdotter frå Ultang og f. i Førde 8.11.1840, men utvandra til Amerika i 1871. John og Bertha farma òg i Jefferson township, Vernon Co., Wis. der John d. 31.1.1902. Bertha Abrahamson d. same staden 11.4.1921. Dei fekk seks born i lag.

    e. Elias Andreas, sidan kjend som Elias A. Rasmussen, f. i Davik 21.7.1852, utvandra òg i 1870 med foreldri til Amerika og gifte seg i Vernon Co., Wis. 31.10.1881 med Susanna Johannesdotter frå Skogateigen under Sviggum i Hafslo, kjend som Susan Swiggum. Ho var f. i Hafslo 15.6.1837, men utvandra til Amerika i 1866. Elias og Susanna skal ha farma ei kort tid i Jefferson township, Vernon Co., Wis., men Elias ser ut til å vera avliden alt i 1882, og Susanna selde då farmen og flytte bort. Lagnaden hennar er førebels ukjend. Elias og Susanna fekk visstnok ikkje born i lag, men Susanna hadde ein son frå før:
    Solfest Larson, son av Susanna og husmannssonen Lars Iverson frå Sandvikøyri under Øvrebø i Luster (1846-1902), var f. i Hafslo 2.9.1865 og utvandra til Amerika med mor si i 1866. Han levde framleis i 1880 då han budde på ein guteheim i Waukesha Co., Wis., men den seinare lagnaden hans er ukjend.

    f. Hanna Elise Rasmusdotter, sidan kjend som Hannah Olson, f. i Selje 3.8.1860, utvandra likeins til Amerika med foreldri i 1870 og gifte seg i Vernon Co., Wis. 31.3.1884 med Anders Absalonson frå Ljåstad i Stryn, Innvik, i Amerika kjend som Andrew A. Johnstad. Han var son av gardbrukar Absalon Aamundson på Ljåstad og kona Britha Knutsdotter frå Tunål, men f. på Johnstad i Stryn, Innvik 14.4.1853. Han utvandra til Amerika i 1873. Andrew og Hannah farma visstnok òg nokre år i Jefferson township, Vernon Co., Wis., men flytte kring 1890 til ein farm i Seely township, Faribault Co., Minn. der Andrew d. 31.1.1908. Hannah Johnstad flytte sidan til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der ho d. 13.9.1940. Dei fekk åtte born i lag.