Litteratur.
Gamalt nytt

Til Litterturlista

INNHALD

Avisutklipp gamalt nytt

01. Steinras i Lodalen 2004
02. Gangveg i Lovik 2004
03. Krossen i Lodalen 2005
04. Gull til Richard Loen. 1965.
05. Restaurant i Kjenndalen. 1990.
06. Wilhelm Bødal i Radio 1965.
07. Kjenndalsvegen sikring 2005.
08. Omlegging i Loen i 25 år
09. Byggjestart Kvitefjell (2005)
10. Gjennomslag Tyvaneset(1966)
11. Franskmann overlevde (1966)
12. Rekordfangst i Lovatnet (2006)
13. Ny i rektorstolen i Bø (2006)
14. Skålatårnet 100 år (1991)
15. Demninga brast i Loelva(1991)
16. Starta ny blomsterbutikk (2006)
17. Bygdehuset i Loen (1991)
18. Rasulukkene 1905 og 1936
19. Kjenndalsvegen snart klar(2006)
20. Briksdalsbreen 1930-1990
21. Kjenndalsstova ny eigar (2007)
22. Ny demning i Lofossen (1982)

Gamalt nytt frå Loen

Dette dokumentet innheld hovedsakleg klipp frå spalten om gamalt nytt i Fjordingen. Dette dokumentet vart starta 1. november 2014. Før den tid vart slike notisar tekne med i utklippsdoumentet for det året dei vart publisert.

1. Steinras over vegen i Lodalen. 2004.

Publisert i Fjordingen 31.oktober 2014.

Eit steinras gjekk laurdag over vegen i Lodalen. Raset gjekk over vegen midt mellom minnetavla og Kjenndalstova. Det var berre sekundar som skilde traffi- kantar frå å få stein over bilane sine.

Det låg ein del stein, både små og store, i vegbana då eg passerte på veg oppover, fortel Eivind Haugen. Eit par minutt etterpå steig han ut av bilen sin ved Kjenndalstova. Då høyrde han eit voldsomt drønn og raset kom. Heldigvis blei ingen treft av raset.

Vegen til Kjenndalen blei stengd der det er eit høgt stup rett i Lovatnet. Fleire bilar vart innesperra i Kjenndalen. Etter 3-4 timar blei vegen mellombels opna slik at desse kom seg forbi rasstaden.

Vegen til Kjenndalen er no stengd og blir ikkje opna før til våren.


Vegen til Kjenndalen i 2004. Massevis av stein hamna i vegbana då raset gjekk over vegen til Kjenndalen. Foto: Eivind Haugen.

Til dokumentstart

2. No blir det gangveg. 2004.

Publisert i Fjordingen 29.september 2014.

Arbeidet med den 600 meter lange gang- og sykkelvegen gjennom Lovik er i gang. Støypearbeid ved brukara og fjerning av 2000 kbm jord mellom Loen Hotel og krysset opp til Nordfjord Kjøtt, står for tur. Den totale kostnaden er på nær 6 millionar kroner, og arbeidet skal vere sluttført 15. desember. Eit skår i gleda er at det ikkje finst midlar til å fullføre ei trygg kryssing inn på gang og sykkelvegen frå Loen -skule.


Loen 2004. Arbeidet med gang og sykkelveg har starta. Foto: Ove Sveen.

Publisert i Fjordingen 12. november 2014.(For 10 år sidan)

Gang- og sykkelvegen i Lovik skal vere ferdig før årsskiftet, opplyser anleggsleier Jarle Lien i HS Bygg til Fjordingen. Små og store loarar kan dermed sjå fram til ei svært etterlengta julegåve.

HS Bygg som fekk oppdraget med å bygge den 600 meter lange gang- og sykkelvegen, starta straks fiskesesongen var slutt 15. september. Bruene på 15 meter og 40 meter er snart klare til støyping. Også vegbygginga fram til NK-avkøyrsla pågår for fullt. - Utan alt for dårleg ver blir det asfaltering før jul, lovar Lien.

Til dokumentstart

3. Krossen i Lodalen. 2005.

Publisert i Fjordingen 14. januar 2015.

I samband med loo-årsmarkering for den første Lodalsulukka, har Loen Bondelag reist ein trekross på Nesodden akkurat der minnetavla for den første ulukka stod. Den er blitt eit landemerke frå vegen og vatnet.

Den nye krossen i impregnert tre vil bli ståande som eit landemerke både for dei som ferdast på vatnet og dei som brukar vegen mot Kjenndalen.

Til dokumentstart

4. Kongens gull til Richard Loen. 1965.

Publisert i Fjordingen 13. februar 2015 (for 50 år sidan).

Richard Loen, ein av turistferdsla på Vestlandet sine fremste pionerar, er tildelt Kongens fortenestemedalje i gull. Vi skryter ofte av at vi har det største hotellet på landsbygda i Norge, og det er Richard Loen vi kan takke for det. Den høge utmerkinga vart overrekt han under ei høgtid på Manger, og det var Fykesmann Nicolai Schei som stod for utdelinga. Loen fyller 7O år 14. april. Loen var i Amerika og kelner på cruiseskip før han tok over familieverksemda.

Til dokumentstart

5.Restaurant i Kjenndalen (1990)

Publisert i Fjordingen 20.2.2015 (for 25 år sidan).
Ved lnge Fænn.

Dersom alt går etter planen vil bygginga av den nye restauranten på Kjenndalssanden starte opp like etter påske. Svein Navelsaker kan fortelje at den nye tomta no er oppfylt og ferdig planert. Det skal vere eit miljøtilpassa hus i same stil som dei husa som giekk med i Lodalsulukka i 1936. Huset får ei brutto grunnflate på 235 kvm. Det blir god plass for 6O gjester og det er same talet som M/B Kjenndal er godkjent for. Det blir også opprusting og skilting av vegen.

Til dokumentstart

6. Willhelm Bødal i radio (1965)

Publisert i Fjordingen 25.2.2015 (for 50 år sidan).
Ved lnge Fænn.

Willhelm Bødal har vore tre veker i Danmark på talarferd for foreningen Norden. Ikkje mindre en 3O foredrag heldt han på denne korte tida. Det vart også tid til å gjere eit halvtimes opptak med Danmarks Radio. Tittelen på dette progmmmet er "Historien om ein norsk lejesoldat". Mannen han fortel om er Store-Knut Anders frå Lodalen som var leigesoldat i Christian den sjuande sin hær i det glade København i 177O.

Til dokumentstart

7. Sikringsarbeidet på Kjenndalsvegen startar i dag (2005)

Publisert i Fjordingen 8.5.2015 (for 10 år sidan).

30. oktober i fjor vart deler av Kjenndalsvegen øydelagt av steinras. No startar firmaet Trollteam arbeidet nred å reinske og sikre ljellsida. Så snart det er giort, vil Yri Sand ta fatt på utbetring av vegen. Vi har håp om at arbeidet skal vere ferdig til 17. mai. Men det er også mogeleg at det vil ta nokre dagar ekstra før trafikken kan gå som normalt, seier Ieiaren i Kjenndal grunneigarlag, Steinar Nesdal.

7b Sikring i Kjenndalen (arbeidet er i gang 2006)

Publisert i Fjordingen 13.5.2016 (for 10 år sidan).

Tre mann frå Fellsikringsfirmaet Trollteam på Åndalsnes er i gang med boltinga av fjellet ved rasstaden i Kjenndalen. Først etter boringa, kan dagleg leiar Jon Kvam seie meir om opningsdatoen. Å reinske fellet, bore og bolte medan vi heng i tauet er ein klar risikosport der vi må ha med oss hovudet. Det er klart vi er redde for å løyse ut stein under dette arbeidet. Difor kan vi heller ikkje seie nøyaktig når vi blir ferdige og om vegen kan opnast til 1. juni slik planen var, seier Kvam.

Til dokumentstart

8. Store endringar i Loen sentrum på 25 år( etter 1990)

Publisert i Fjordingen 2.6.2015.
Harald Vartdal dukkar ned i arkivet til Fjordingen
(harald.vartdal@fjordingen .no)

Omlegginga av vegen gjennom Loen sentrum var avgierande for at Hotel Alexandra kunne utvikle seg til det praktanlegget vi ser i dag. Det har eg Eivind Grov sine ord på.

I 1990 opna Hotel Alexandra den nye parken. Det skjedde i samband med at Loen IL arrangerte VM i bogeskyting. Ein fekk også opparbeidd areal til småbåthamn og eit flott område mot sjøen.

Reguleringsplanen for Loen - der omlegging av elveløpet stod sentralt - hadde brei tilslutning lokalt. Men det kunne fort ha dukka opp nokre skjær i sjøen. Frå naturvernhald vart det nemleg hevda at fyllinga ville øydelegge verdfullt våtmarksområde. Slik eg hugsar det, kom den varsla motsegna for seint til å bli handsama. Noko eg trur alle, inkludert naturvernarar, kan seie seg glade for når dei ser korleis Loen sentrum har blitt pynta opp.

Og endå finare skal det bli. Når ein får realisert planane om pendelbane, vil området mellom hotellet og raudekaio bli ein vakker portal til Loen. Og med sikring av Gjølmunna, er det no fritt fram for å byggje vidare i sentrumsområdet - der Via Ferrata har sitt startpunkt.


Stor utvikling:. Omlegginga av vegen gjorde det mogeleg å byggje ut området nedanfor Hotel Alexandra.

Til dokumentstart

9. Byggjestart i Kvitefjell( for 10 år sidan (2005))

Publisert i Fjordingen 6.10.2015.

Sissel Tenden og BrynjuH Nesje er godt i gang med å byggie seg hus i Kvitefell. Stryn kommune ventar svar frå tre andre som har fått reservert tomt i Loen sitt nye bustadfelt. Kvitefell ligg bak bustadfeltet i Lovik. Der er 14 tomter + 6,7 dekar avsett til konsentrert utbygging (16 bueiningar). Per i dag har kommunen selt ei tomt. Vi ventar svar frå tre andre som vurderer å busetje seg i Kvitefiell, opplyser Astrid Sætre Rake til Fljordingen.

Til dokumentstart

10. Gjennomslag på Tyvaneset (for 50 år sidan (1966)

Publisert i Fjordingen mai 2016.

Tysdag 4. mai kl. 15.OO var det giennomslag i Tyvanestunnelen. Overingeniør Malvin Tonning fekk æra av å utløyse den siste salva. Det har gått med 11,5 tonn dynamitt, og giennomslaget for den 2O4 meter lange tunnelen var vellukka. Det er framifrå arbeid som er giort, og tunnelen er svært god. Kulden i vinter skapte problem, og vegoppsynsmann Karstein Nesje fortel at dei henta llO.OOO liter varmt vatn frå meieriet for å halde arbeidet i gang.

Til dokumentstart

11. Franskmann overlevde (for 50 år sidan (1966)

Publisert i Fjordingen 5. juli 2016.

Ein franskmann var ute og rodde på Lovatnet ved osen på Sæten då båten vart teken av straumen. Båten vart teken av den rivande straumen, for under brua og der vart mannen kasta ut i elva. Meir under eller over vatn vart han slengd utfor fossane og kvervla rundt i dei rasande stryka eit par hundre meter. Det er eit under at han slapp levande frå det, men han krabba nærast uskadd opp på ein holme. Båten vart heilt øydelagt.

Til dokumentstart

12. Rekordfangst i Lovatnet (for 10 år sidan (2006)

Publisert i Fjordingen 29. juli 2016.

Sunnmøringane Bastian Rogne og Ingar Hatløy fekk onsdag ein aure på seks kilo ovanfor Sande Camping.Fjordingen kjenner ikkje til at det er teke så stor fisk i Lovatnet.

Eg ferierer her på Sande Camping for tiande året på rad. Det har blitt mykje fisk, men aldri av denne storleiken før, fortel Rogne. Campingplassvert Magne Beinnes har fisk i Lovatnet sidan han var smågut:

Mine største ørretar er på 4,2 og 3,6 kilo.

Til dokumentstart

13. Ny i rektorstolen i BØ(for 10 år sidan (2006)

Publisert i Fjordingen 19. august 2016.

Kjell Solheim har innteke rektorkontoret på Stryn ungdomsskule når elevane startar eit nytt skuleår i dag. Mange nye ansikt blant 25 lærarar og 191 elevar ventar den nye sjefen. Solheim fortel at det ikkje var meininga å bli rektor no, men han tok imot stillinga slik at ein fekk ei løysing. Han er vikar for mangeåring rektor Arne D. Sunde, som har teke eitt år permisjon. Det blir spennande og ei ganske stor utfordring. Eg får ein del nye ansvarsområde, og som rektor må eg ha totaloversikt.

Til dokumentstart

14. Skålatårnet 100 år for 25 år sidan (1991)

Publisert i Fjordingen 26. august 2016.

Det var fest og feiring som var ein hundreåring verdig då Bergen Turlag inviterte til jubileumsfest for Skålatårnet. Laurdag morgon la 180 personar i veg for å vltje sjølve jubilanten. På toppen var det til og med hornmusikk av spreke representantar for Stryn Musikklag. Laurdag kveld var det stor jubileumsfest med over l00 giester. Det var tre æresgjester, Øystein Nygård, tidlegare snikkar i turlaget og to tidlegare formenn, A. Sørensen og Olav Chr. Pedersen.

Til dokumentstart

15. Demninga brast i Loelva. For 25 år sidan (1991)

Publisert i Fjordingen 26. august 2016.

Laksetrappa mellom øvre og nedre del av Loelva går no så å seie utan vatn etter at demninga på oversida av fossen som leiar vatnet inn i trappa, vart øydelagt i førre veke. Oppsynsmann Kåre E. Loen oppdaga det- te tysdags morgonen. Demninga var bygt opp av stein- blokker og desse vart haldne saman av ospestokkar. Demningå vart siste gang reparert i 1950, og tidas tann har tæra så hardt på, at den store vassføringa braut igjennom.

Til dokumentstart

16. Starta ny blomsterbutikk. For 10 år sidan (2006)

Publisert i Fjordingen 9. september 2016.

Loarane Lene Auflem og Wenche Sæten opna måndag ny blomsterbutikk i kjøpesenteret Amfi i stryn. Floriss er den største franchisebaserte kjeden innan blomster i landet. Dei har i dag 74 butikkar. Vi var bestemt på at skulle vi starte, ville vi starte opp i Amfi. Vi ser lyst på det, og trur det er behov for to blomsterbutikkar i Strym, fortel Wenche Sæten. Lene Auflem har flytta tilbake ti heimbygda etter å ha budd på Rena. Der har ho arbeidd i blomsterbutikk og har utdanning som blomsterdekoratør.

Til dokumentstart

17. Bygdehuset i Loen for 25 år sidan (1991)

Publisert i Fjordingen 13. september 2016.

Arbeidet er no i gang både når det gield bygdehuset og skulen i Lovik. Tysdag giekk ein igang med støyping av ringmuren for skulen, og samstundes føregjekk det utgraving for ringmuren på bygdehusdelen. Vedtaket i kommunestyret om bygging av skule og godkjenning av samarbeidsavtalen med B/A Loen Bygdehus har vekt stor glede i lokalmiljøet. Næringslivet går inn med midlar, og Hotel Æexandra har gått inn med 150.000 kroner.

Til dokumentstart

18. Lodalsulukkene 1905 og 1936

Publisert i Fjordingen 13. september 2016.

Den 13. september 1936 rasa det i Ramnefiellet i LodaleniLoen på nyff,74 menneske omkom.


Bødal etter raset Dette er frå dagen etter ulukka i 1936, medan folk leitar i ruinane. Det er truleg Ragnvald Riise som er fotograf seier Eli Tidemann i Svelgen som har sendt oss bildet. (Arkivbilde).

I l9O5 var det og ei stor rasulukke og 6l menneske omkom. Men i motsetning til ulukka i 1936 så bygde dei attlevande oppatt husa sine og stelte med jorda som var att. Men i 1936 giorde Ramnefellet det veldig grundig, jordsmonnet vart vaska vekk, det var ikkje eksistensgrunnlag lenger i Lodalen. Men dalen og fjellet er der framleis, "fager men fårleg". Ja, det var tittelen på ei bok som Sigurd Nesdal gav ut i 1983, der han fortel om dei to store rasulukkene, men og om kvardagsliv og historie i Loda len.

I år er det 8O ar sidan den siste ulukka. Men var der ikkje noko varsel på førehand, kom ulukka i 1936 uventa på alle i Lodalen? Ei kvinne i dalen hadde i forkant det som Bibelen kallar for "eit syn". Ho såg eit fjell i røyk og flammar og i dette infernoet såg ho ein Kristus skikkelse og ein appell under "kom til meg all". Ho reiste nurdt og fortalde om dette synet som ho hadde fått. Frar min, Sigurd Bødal skulle til ei nabobygd og ta farvel med ein ven som skulle ut å reise. Han gjekk ned på åkeren der resten av familien arbeidde. Kornet vaks veldig godt i Lodalen. Medan far min Sigurd stod der og skulle ta farvel med sine næraste, då kom det ei steinblokk deisande ned frå Ramnefiellet. Då sa Lasse Bødal, far til Sigurd: "Dette går aldri vel", og det fekk han sanneleg rett i, dette var dagen før ulukka i 1936.

Men var det andre i dalen som var ottesame? Ein granne var og merksam på fiellet og frykta det verste. Han kommanderte tenestefolka sine, ein gut og ei jente til å liggja med sko og klede på, han sjølv sat oppe og såg mot Ramnefellet. I halv femtida om morgonen skjedde det fatale. Ramnefellet kom på nytt. Lufttrykket og båra 7o-8o m høg lyfta husa frå grunna av og knuste dei til pinneved. Grannen vekte tenestefolka og sprang av garde. Fyrst kom lufttrykket og det slo dei til marka. Tenestejenta vart litt skadd i ein fot, men husbonden fekk tak i henne og dei skunda seg vidare, for så kom bølga som var like inn under føtene på dei. Bylgja giekk att og fram til dess ho miste si kraft, men då var grenda Bødal totalt øydelagd, også i Nesdal var det store skader. Verst var det med menneska som låg hardt skadde i ruinane og med ufattelege smerter. Men kvar vart det av far min? Han var på veg attende og ville heim til sine. Då hende det noko tragikomisk. Sykkelen punkterte, men han køyrde vidare på fel- gen, så gjekk lyset på sykkelen og til slutt stansa motoren. Det vart overnatting nede i Loen.

Tidleg om morgonen vart far min vekt av sine svigerforeldre. "Du må skunde deg opp i Lodalen, vi er redde det har hendt ei ululke der oppe". Synet som møtte han der var grufullt. Heile grenda var øydelagd, mange døde og aller verst dei mange som låg i ruinane hardt såra og skadde. Widerøe flyselskap landa med småfly på vatnet, endå så farleg det var på grunn av alle vrakrestane. Men det var om å gjere å få frakta dei hardt skadde til sjukehuset på Nordfiordeid. Gravferda i Loen er vel og det største som har vore i Nordfjord. Søndagen etter ulukka den 13. sep. var det mange som reiste inn i Lodalen for å sjå kva som hadde hendt. Mange var dristige og giekk heilt inn til fellet. I alt ca. 5-6OOO menneske. Dagen etterpå rasa det after i Ramnefellet. Hadde dette raset kome dagen før så hadde det vorte ei ufatteleg tragedie. Men var Ramnefellet ferdig med si ugierning? Den 11. november kom det 3 store ras etter kvarandre og desse tre rasa tilsaman var like store som raset den 13. sep., men berre mindre materielle skader no. Elles eit stort ras i 195O, også observert av turistar som ein attraksjon. Men no sa Ramnefjellet takk for seg, berre nokre mindre småras sidan.

På vegen mot Kjendalen er det ei minnetavle over dei som omkom i l9O5 og 1936. Ved Loen kyrkje er det 2 minnestøtter med alle namna innrissa. Lodalsulukkene er ikkje berre ei lokal hending men også ein del av Noreg si soge.

Magnar Bødal

Til dokumentstart

19.Kjenndalsvegen snart klar. For 10 år sidan (2006)

Publisert i Fjordingen 16. september 2016.

Arbeidet på Kjenndalsvegen er i sluttfasen. Yri Sand AS treng ei veke opphaldsver for å giere seg ferdig med vegstrekninga som vart øydelagd av ras hausten 2OO4. Troll Team AS frå Åndalsnes fekk ei kjempemessig utfordring då dei skulle reinske og sikre det rasfarlege fiellet. Då dei avslutta sitt arbeid kring 20. august, gjekk Yri Sand AS i gang med å byggje opp att den skadde vegstrekninga. Vi er ferdige med muringa. No gienstår forskaling og støyping før vegen kan grusast opp og seinare asfalterast, fortel anleggsleiar Lars Arne Loen til Fjordingen.


2006 Lars Arne Loen (bildet) har saman med Bjørn Kjetil Hilde bygd opp att det øydelagde partiet på Kjenndalsvegen (Foto Harald Vartdal)

Til dokumentstart

20.Briksdalsbreen. For 25 år sidan (1991)

Publisert i Fjordingen 16. september 2016.

Frå 1932 til1951 smelta brefronten tilbake heile 964 meter. I 1952 byrja Brilsdalsbreen å rykke fram i gien. Mellom 1952 og 1990 gjekk breen fram 227 meter som eit resultat av auka vinternedbør og ei giennomsnitteleg senking av sommartemperaturane på 0,6 grader. I 1988 rykka breen fram heile 43 meter og i 1990 30 meter. Det var store snømengder. Opp til 10 - 15 meter snø påJostedalsbreen, og det er venta at breen framleis vil gå framover nokre år.

Til dokumentstart

21. Hogrenning kjøper Kjenndalsstova. For 10 år sidan (2006)

Publisert i Fjordingen 13. desember 2016.

Jens og Jan Olav Hogrenning tek over Kjenndalsstova frå 1. januar, og dørene blir opna i igien i mai. Drifta av restauranten blir om lag som før, men i tillegg skal det satsast på aktivitetar som kan styrke drifta. - Vi har kjøpt for å drive Kjenndalsstova vidare, seier Jens Hogrenning som også har vore inne på eigarsida ein kort periode tidlegare. Det finst ikkje maken til Kjenndalen og området i kring, og det må vi utnytte.

Til dokumentstart

22. Praktfull oppbygging (Lofossen). For 25 år sidan (1992)

Publisert i Fjordingen 14. Februar 2017.

Lofossen blir vakrare enn nokon gang. Det må ein trygt slå fast etter å ha sett arbeidet som går føre seg med oppbygging av den nye demninga. Det er firmaet Svein Yri med Kjell Nesje, Sigbjørn Rake og Einar Fløtre som står for arbeidet. Den daglege byggeleiinga er ved Håkon Loen, og avdelingsingeniør Helge Nordvik i NVE Førde, har sått for prosjekteringa. Gamledemninga brast under storflaumen i fjor haust, men no blir alt mykje betre.