Litteratur.
Gamle avisutklipp i Loen.

Til Litterturlista

INNHALD

Gamle avisutklipp

1. Ny epoke for Lovatnet . 1985
2. Nordfjordlaget i Oslo. 1979
3. Dansetrio. 1978
4. Songen til Loen
5. Dikt. Var det husmor du sa?
6. Aslaug med gulrotavling. Bilde
7. Sangen om Lodalen

Diverse gamle avisutklipp funne ved rydding i Loen

Innleiing

Ved rydding i Loen kom vi over nokre gamle avisutklipp. Noke få av desse vart tekne med tilbake til Oslo og skanna. Det var utklipp og ikkje heile sider slik at ein ikkje alltid kunne sjå kva dato og avis det var frå. Dette var heller ikkje alltid ført på utklippa. I og med at dette var nokså urydding valde eg å leggje dei skanna kopiena av desse utklippa i ein eigen katalog og ikkje i katalogen med gamalt nytt før 2000.
Audun 4.8.2019

Til dokumentstart

1. Ny epoke for Loenvatnet 1985

Utklipp frå Bergens Tidende
Tekst og foto: Gunnar Nygjerd


Jenny Loen markerte den nye epoken på Lovatnet, og gav båten namnet "Kjenndal" som her legg ut på prøvetur.

STRYN: Turistbåten på Lovatnet i Indre Nordfjord er klar til spennande tokter mellom dramatiske Fell. Ved ei høgtid før helga fekk han namnet "Kjenndal"

Jenny Loen, tidlegare vertinne ved Hotel Alexandra, markerte dåpen med å knuse ei flaske med brevatn mot båtsida. Styreformann Eivind Grov karakteriserte "Kjenndal" som starten pa ein ny epoke, 49 år etter den siste rasulukka som stoggå den gamle turistbåttradisjonen. Då var det fire båtar på Lovatnet. Berre "Kjenndal" vart berga, og det er etter denne at den nye båten frå 1885 har fått namn

Til dokumentstart

2. Nordfjordlaget i Oslo 1979
Bygdelaget framleis tilbod for utflyttarungdom

Utklipp frå Fjordingen 20. desember 1979
Av: Magne Otterdal

Nordfjordlaget i Oslo er ikkje kva det ein gong var. Dei stadig betre kommunikasjonane mellom landsdelane gjer at utflyttarungdomen ikkje har same trongen til å delta i bygdelaget sine aktivitetar nå som før. I dag kan ein t.d. like så godt reise heim til Nordfjord for å vere med på ein bygdekveld som å møte opp i Nordal Bruns gate 22.


"Nordfjord du fagre og fjellsterke heim" heiter det i Nordfjordsongen. Dette har også Nordfjordlaget nytta som tekst på den flotte fana som styret har teke opstilling ved. Frå venstre Ola Raftevold, kasserar, Jorunn Guddal, skrivar, Ase Melhiem , nestformann og Mattias Grodås, styremedlem. Formannen Inge Lotsberg var bortreist då vi var på besøk.

Elles gjer nok den moderne bygdeungdomen seg meir nytte av dei mange andre fritids- og kultur- tilbod som hovudstaden har å by på. Men trass i dette lever og blomstrar bygdelaget, sjølv om kanskje i ei anna form enn i "gode gamle dagar".

Aktiviteten. går i bølgjedalar, og i augneblinken trur eg vi er på veg mot ein bølgietopp. Vi har i røynda ein god del aktive og flinke medlemar som dannar styre og aktivitetsgrupper, fortel nestformann Åse Melheim i Nordfjordlaget. Melheim giorde oslojente av seg for sju år sidan, då ho braut opp frå heimstaden i Olden for å skaffe seg utdanning i Postverket. Den første tida var ho så oppteken med skulegongen at det ikkje vart høve til lagsaktivitet.

Eigentleg er det berre dei tre siste åra eg har vore knytt til laget, seier ho.

Kvifor søkte du til bygdelaget? -Eg har alltid hatt interesse for lagsarbeid. Den interessa fekk eg heime i Olden - der det er naturleg å begynne i ungdomslaget når ein kjem i konfirmasjonsalderen. Sjølv om Nordfjordlaget blir noko annleis, giev det ei spesiell kjensle av samhald, som er ei svært viktig side ved eit lag som dette.

MEDLESAUKE

Trass i dei gieldande tilhøve, som nemnde innleiingsvis, syner det seg å vere ein viss auke i medlemstalet. Ved siste årsmøte talde ein 115 medlemar. Det er ein auke på femten frå året før, og dei fleste av nykomarane er unge menneskje.

Vi prøver stadig å få med dei unge utflyttarane. I haust arrangerte vi ein vekeslutt-tur for nye medlemar til ei hytte vi leigde i Valdres. Kring tjue personar var med.

Men det ei sagt at de som er aktive, sit i styre og liknande, dannar ein "klikk" som det er vanskeleg å kome innanfor? -Eg har høyrt det same sjølv. Men trass i at dette omdømmet er feilaktig, gjer det at mange kan vere redde for å oppsøkje oss. Eg vil få sagt det nå at vi er ingen klan. Tvert om ønskjer, vi å få inn så mange nye som råd.

DANSEINTERESSA STØRST

Nordfjordlaget har i alt seks særgrupper: presse/PR-nemnd, tur/-idrettsnemnd, teaternemnd, hytte-nemnd, studienemnd og gamal-dansnemnd. Den siste er i hovudsak basert på den ikkje heilt ukjende Sogn og Fjordane-ringen, som er eit fellestiltak mellom dei tre bygdelaga Nordfjord-, Sunnfjord-, og Sognelaget.

Kva er det som gjev mest oppslutnad? Stort sett er det dansen som samlar størst interesse. Det er vel slik at dei som er aktive nå, også deltek i leikarringen. På øvingane møter det kring 60 personar i giennomsnitt. Ringen har til sine tider ei svært hektisk verksemd, spesielt i sommarhalvåret. Då er det regelmessige framsyningar på Norsk Folkemuseum på Bygdøy og på SAS-hotellet. Det vankar også utanlandsreiser. I sommar var vi til Nederland og deltok i ei festivalveke.

RYKKIN-HYTTA

Hyttenemnda forvaltar lagshytta på Rykinn, som har vore til disposisjon for medlemane i ei årrekkje. Der blir det arrangert lagshelgar inn i mellom. Men hytta kunne vore langt meir besøkt, påstår Åse Melheim.

Er det høve for folk å leige hytta privat? -Ja, medlemane kan reise på hytta når dei måtte ønskje det, så sant det ikkje kolliderer med laget sine interesser. Ein kan ta kontakt med samskipnadskontoret der ein får utlevert nøkkel. Det kostar noko slikt som 20 kroner for døgnet, med andre ord eit svært riineleg tilbod. Men som sagt, vi ser gjerne at fleire tek turen opp, særleg når laget byd inn til felles samvær

UTVEKSLING

Nordfjordlaget dyrkar oggså scene-kanten frå tid til anna. Eit skodespel er nå under innøving, og det blir sett opp ut på etterjulsvinteren. Når det gield underholdningskveldar pågår eit samarbeid med dei to andre bygdelaga frå Sogn og Fjordane. Kvart av laga har såleis ansvaret for ein felles programkveld i året, dette giev veldig god oppslutnad. Men mest oppslutnad er det utan tvil når lag heimanfrå besøkjer Oslo med program. Desse osloturane går på omgong mellom dei aktive laga i Firda UL. Kven som skal kome denne vinteren er førebels ikkje avgiort.

KLUBBEFESTEN

Eit eige begrep i samband med Nordfjordlaget i Oslo er Klubbefesten som går av stabelen i Storsalen kvar einaste haust. Dette arrangementet er vel det mest omfattande som laget tek på seg i løpet av året. Då møter det så mange unge og gamle nordfjordingar frå Osloregionen, alle like klubbesvoltne og skjørtørste, at langborda med plass til 200 menneskje blir overfulte. Endå må mange nøye seg med å kjenne lukta av nykokt klubb fordi dei har kome for seint tit å få seg plass ved bordet. Klubbefesten er eit lite maratonløp for laget, ikkje minst med å førebu seg til gildet. Tusen klubbar må til for å mette ein fullsett sal. Programmet som følgjer har ord på seg for å vere av høg standard, også det krev sitt. Budsjettet for klubbefesten i haust nærma seg stygt ti tusen kroner. Då kan ein skjøne at billettprisen er så pass som 65 kroner. Men kostnaden hindrar tydelegvis ikkje at festen blir ein like stor suksess som den alltid har vore.


Tusen klubbar måtte til og gjekk med på årets klubbefest. Her er Jørn Glomnes, Marit Haug Loen og Åse Melhime i ferd med å legge maten på fat.

UTVUDING

Om nokre år kan ein kanskje by inn til endå større klubbefestar. Det er nemleg på gang planar om utviding av lokala i Nordal Bruns gate, seier Melheim. Hovudsakleg er det meininga å byggie tak over gardsplassen, noko som vil gje ein ekstra sal og fleire møterom. Eksi- sterånde lokalitetar skal pussast opp. Desse oppgåvene er det Bygdelagssamskipnaden som tek hand om. Det ser ut til å vere eit oppsving for mange av bygdelaga i Oslo, utvidings- og oppussingsplanane er eit umiskjenneleg teikn i så måte. Kinoane og restaurantane er stridige konkurrentar med bygdelaga om utflyttarungdomen. Men vi er visse på at bygdelaga har styrke til å vere med på leiken. Nordfjordlaget er eit godt eksempel på det.

Til dokumentstart

3. Dansetrio storfagna på Vestlandskappleiken. 1978

Utklipp frå Bergens Tidende 15/8 1978
Av: A.H.

Er det trollet, far? kviskrar ei lita royst bak oss i kappleiksalen i det Sigurd Nesdal svingar sine to kvinnelege meddansarar ut i heiande gangartakt. Sigurd Nesdal, kona Sigrun Nesdal og Marit Harrg Loen haustar brakapplaus for danseframsynlnga si på vestlandskappleiken i helga. Dette trekløveret skilde seg ut frå alle andre både i påklednad og dans, men alt saman var både ekte og heilnorske saker, synte det seg.


Dei er omreisande i bygdekultur, Sigurd Nesdal, kona Sigrun og Marit Haug Loen som her dansar "Gamalt" i bunader som dei fleste bygdefolk gjekk med

Slik så vanlege folk ut når dei hadde helgekleda på. Sylv og stas var for rikfolk. Dei som ikkje sat så godt i det hadde knapt nok råd til dei fem messingknappane som denne broka er pynta med, seier Sigurd Ngsdal. Dei fleste kjenner Sigurd Nesdal frå før. N.V.E.-ingeniøren som gjennom radio og fjernsyn fleire gonger har forbausa halve Noreg med sine folkelege påkanten historiar, "innpakka" i ei sprudlande forteljarevne.

Vi tykkjer det er rett å syna korleis 90 prosent av folket i desse bygdene gjekk kledde ved festar og høgtider. Slike helga-klede utan korkje sølje eller perler var i vanleg bruk så seint som for 80-90 år sidan, får vi vita. Dansen dei framfører har gått ut av vanleg bruk for ikring 50 år sidan, ei utgåve med berre to dansarar heldt seg eit par tiår lenger. Denne heiter "Gamalt", rett og slett. Olav Rygg frå Breim har vore læremeistar for dei tre kappleikdeltakarane som unnateke Sigurd Nesdal er innfødde Oslofolk. Sigrun og Sigurd Nesdal er så interessert i bunader, dans og bygdehumor at dei jamvel tek av sin eigen ferie for å føra kunnskapane vidare. Dei er kjende gjestar frå bokbåten "Epos" som har tråla utkantdistrikta frå Hordaland til Møre og Romsdal. Ein ny bokbåttur skal gjerast i haust. Om bord har Sigrun Nesdal nytta tida til å rosemåla båten innvendig. Epos går sommarstid i turistrute i Hardanger.

Marit Haug Loen er ikkje mindre "danse- og bunadsfrelst". Dansa har ho gjort sidan ho var 6 år, velkjend frå oppvisingar i selskapsdans, Noregsmeisterskap og landskampar. Ho har og hatt ballett på programmet, men set no folkedansen i høgsete. Vestlandskappleiken i år er den fjerde i kappleikrekkja for det glade trekløveret.

Folkedans er meir morosamt og miljøet er mykje trivelegare og mindre beinhardt enn i selskapsdans, meiner Oslo-ijnta Marit Haug Loen som til hausten stiller seg i spissen for kurs i bunadssaum, vev m.m. i Nordfjordlaget i Oslo. I hovudstaden er dei tre med i så mange samanhenger, både for seg sjølve og saman med Sogn og Fjordane-ringen. I fjor vart dei jamvel bedne om å dansa "Gamalt" for pakistanarar som høgtida nasjonaldagen sin i Sentrum kino. Dei opptrer like gjerne i folkeakademi i utkant Norge som i Universitetsaulaen. Alltid med humøret På topp.

Til dokumentstart

4. Songen til Loen

Utklipp frå fest-sanghfte
Forfattar er Leif Arnold Loen. Songen er også med i diktsamlinga hans. Der er også med notar.

Nordfjord svingar om nesa inn, heilt inn mot Loen han skvalar.
sjølve bygda ho ligg så fin, ordlaus ho til oss då talar.
Fjella står kring som ei vakt for dei fredsame dalar.

Dalen smyg fram i mellom fje1l. Lovatnet brådjupt det blinkar.
Bredar brenner i gu1l om kveld, venleiken vitrar og vinkar.
Kjærleik til dalen han veks fram og aldri han minkar.

Ser du Skåla i solarglans, som i mot himmeren leikar?
største tind i ein steingrå kransr er Lodalskåpa som peikar.
Fjel1blå mot himmelen der Jostedalsbreen seg breier.

Slikt eit syn det vil festa seg, seint eller ardri eg gløymer,
Loenbygd som har fostra meg, vaken eg om henne drøymer.
Minna frå barndom og heimen innpå meg dei strøymer.

Til dokumentstart

5. Var det husmor du sa?

Utklipp frå ukjend avis
Dikt av Valborg Loen.

Var det husmor du sa?
Kan no det vere bra?
Kan no det vere eit yrke å ha?
Ein må rydde å vaske,
på kjøkkenet traske,
etter andre du skitten må ta!
Du må lage ein mat som er nærand'og god,
du må ordne det slik at din husbond får ro!?"
du må hjelpe den minste på do.

Du må alltid stå klar,
gi eit skikkeleg svar,
når ditt barn kjem med spørsmål det har.
Du må kunne å sy,
ikkje vere til bry,
lær av feila, å begynn så på ny!
Du må vere vertinne, å ta imot gjester,
å lage selskapsmeny, - du må vere ein mester!
Er du trasig, du må ikkje kny.

Var det husmor du sa?
Var det snekker, og skredder, og kokk?
eller reingjeringshjelp, nei det er ikkje nok
, du må kunne å stoppe ein sokk.
Du er pleierske, gartner, du baker vel brød?
du er rådgjevar, vennen i nød,
du er den som må kunne mest alt her på iord,
for slik er det å vere hustru, og mor.

For mitt yrke eg gløder og brenn!
Det er stort, det er godt, det nyttig og flott,
det betaler seg ikkje i pæng!
Sjølv om alt du må kunne,
er mykie godt vunne,
når familien din har det godt.
Di oppgave er stor,
nesten størst her på iord?
For du oppdrar den komande slekt!

Tenk på det du min venn,
her er arbeid i fleng,
dette yrket er interessant. Du kan skilte med titler som høg't oppe heng
berre prøv, du skal sjå det er sant.
Våre kjære, og vårt land,
treng ei stø og sikker hand som held fast på dei verdiar som vi har!
At vi vernar våre heimar,
gier det gode som vi meiner,
og slik bygger vi vårt samfunn's grunnpilar.

Valborg Loen

Til dokumentstart

6. Stor avling over jorda- mindre bra under?

Avisutklipp med bilde frå 1972
Ukjend avis og fotograf.

Det var fine gulrøter Aslaug Loen i Loen kunne dra opp av åkeren for nokro dagar sidan, men likevel var ho ikkje heilt nøgd. Det var for turt under spiringa, så avlinga vart mindre enn i fjor. Men derimot vaks det godt over jorda: Av eple og anna frukt vart det stor avling i år.


Aslaug Loen haustar gulrot

Til dokumentstart

7. Sangen om Lodalen

Herman Hermani skreiv "Sangen og Lodalen" som i si tid var ein kjend slager

Utklipp frå Fjordingen 6. juni 1983

Fjordingen etterlyste måndag "Sangen om Lodalen", og vi gjekk altså ut og spurde om folk framleis kan songen, og om nokon veit kven som har skrive teksten og laga melodien.

Vi kan forsikre om at reaksjonane har vore mange. Folk har ringt oss frå halve Vestlandet, og vidare med. Somme visste litt om songen, andre mykje. Tydeleg er likevel at songen er vel kjent av mange også idag. Anne Loen var den første som kom til oss med teksten, som ho hadde funne på ei av platene i serien "Frem fra glemselen". Men ho visste ingenting om komponist/tekstforfattar. Det gjorde imidlertid Ragnar Kirkhorn i Hornindal. Under krigen kjøpte han eit notehefte med melodiar av ein på den tid velkjend norsk slagerkomponist, Herman Hermani. Og mellom dei ti melodiane var også "Songen om lodalen". Tekst og melodi: Herman Hermani. Her er så "Sangen om lodalen":

Se naturen hviler for ditt øye
Kan du se hvor vakker dalen er
der hvor fjellet ruver mot det høye
lå en gang det hjem vi hadde kjær.

Alltid har vi elsket dette stedet
inntil stormen kom den mørke natt
fjellet bærer merker etter skredet
Dalen ligger øde og forlatt

Kom la oss bygge opp det gamle hjemmet
Jeg skjønner jo at det er det du vil
for jeg vet at vi vil ikke glemme
det er her som vi to hører til

Tror du at de lykkelige dager
kunne komme til oss to på ny
vi skal rydde opp vår gamle hage
Tror du fjellet nå vil gi oss ly?