Litteratur.
Loen historisk

Til Litterturlista

INNHALD

Loen historisk

INNHALD

1. Forord
2. Loen og Sjurebruket
3. Fjell, fjord og jord blir til
4. Etablering av gardane.
5. Bruksdeling. ca. 1000
6. Svartedauden. ca 1350
7. Loen etter 1500

7.1 Tunet
7.2 Åkrar og teigar
7.3 Eigarar

Garden Loen i historisk perspektiv.

Av Audun Loen.

Eit forsøk på å setje garden Loen inn i ein historisk samanheng frå dei første tider og fram til idag basert på generell litteratur

Forord

Dette tekstdokumentet er ein del av Audun Loen sitt lokalhistoriske informasjonssystem. Formålet med teksten er å plassere garden Loen geografisk og å setje han inn i ein historisk samaheng. Detaljane får ein tilgang til gjennom oppslag i databasane.

Dette dokumentet vart skrive vinteren 1997/98 på toget mellom Oslo og Ås med Holmsens norgeshistorie samt anna litteratur om geologi og lokalhistorien som toglektyre. Kapittel 3 - 6 nedanfor byggjer derfor på generell litteratur om geologi og historie og ikkje på lokale kjelder for Sjurebruket eller garden Loen.

.

Oslo 5.12.99

Audun Loen

Til dokumentstart

2. Garden Loen og Sjurebruket

Garden Loen ligg inst i Nordfjord heilt nede med fjorden. Saman med gardane vidare oppover dalen utgjorde den frå gamalt Loen sokn i Olden skipreid.Frå 1922 vart også gardane Strand, Marså, Rake og Oppheim overførde fra Olden sokn til Loen sokn. Sidan midten av 1700-talet har garden Loen vore delt på 14 bruk. Frå gamalt var det private jordeigarar som åtte mesteparten av Loen, men ein del var prestebolsgods. Dei eldste brukarane vi kjenner til var leiglendingar, men utover i 1700 og 1800 åra vart bruka etter kvart innløyst av brukarane.

Sjurebruket er eitt av dei 14 gardsbruka i Loen. Dei fleste bruka i Loen har lokale namn etter ein brukar. Sjurebruket har såleis namn etter Sjur Rasmussen som var brukar frå 1692 til 1723. Sjur kom inn på bruket ved at han gifte seg med Kari Amundsdotter frå Hogrenning. Ho var enke etter den førre brukaren på Sjurebruket. Kari og Sjur hadde ikkje born som kunne overta bruket, men slekta til Kari vart ført vidare gjennom brordottera hennar, Sigrid Håvardsdotter Strand. Ho gifte seg med Rasmus Olsen, og desse fekk bygsel på bruket etter Sjur og Kari i 1723. Vi trur at Rasmus Olsen var brorson til Sjur, men dette har vi enno ikkje funne sikre prov for. Frå Rasmus og Sigrid har bruket gått i slekta frå far til son fram til i dag. I Bygdesoga for Innvik - Stryn er det fullstendige lister over brukarane på bruka i Loen frå ca. 1600.

Olav A Loen har skrive om Sjurebruket og det daglege livet for slekta som levde på bruket (Garden og Ætta. Sjurebruket i Loen. Trykt 1979). I denne boka er det lagt mest vekt på å få skrive ned det han hadde fått fortalt frå gamle folk, og det han sjølv hadde opplevd, men det er og med opplysningar frå trykte kjelder.

Til dokumentstart

3. Fjell, fjord og jord blir til

Gjennom den geologiske historia har fjellkjeder blitt bygt opp og brotne ned til havnivå igjen. Det er derfor ikkje fjellkjeder frå jorda si urtid og oldtid som har skapt dei landformene vi kjenner frå Nordfjord i dag. Dei geologiske prosessane frå desse periodane har derimot vore avgjerande for kva for slags bergarter som finst. Viktig i denne prosessen var den Kaledonske fjellkjedefoldinga for knapt 400 mill år sidan. Denne kom av at landblokkene med Noreg og Grønland seig mot kvarandre og skapte foldingar og skyvelag. Dette førte til at det stort sett er folda og omdanna bergarter av ymse opphav som finst i Nordfjord (Skriv litt om fjellslaga i Nordfjord )

Fjellformasjonane i Nordfjord har sitt opphav i landhevinga i Tertiærtida for ca 40 - 60 mill. år sidan. Landet vart då heva til dagens nivå langs sprekker utanfor kysten., og bergartene i fjella som heva seg vart då i samsvar med det som var danna tidlegare. Landhevinga var størst i vest og ført til at vasskiljet vart flytta mot vest, og den store høgdeskilnaden gav vatnet stor kravt til å grave. Sprekker i fjellgrunnen gav elvar og seinare brear grunnlag for utgraving av fjordar og dalar.

I Kvartærtida (starta for ca. 2 mill år sidan) var det fleire istider. Den siste starte for ca 70.000 år sidan og varde til ca 10.000 år før vår tidsrekning. Dei lause jordmassane skriv seg i hovudsak frå den siste istida.

Under istida pressa ismassane ned landet slik at havet stod høgare enn i dag. Etter kvart som isen smelta, følgde fjorden med innover område som i dag er land. Det flate og jevnhøge nivået frå tunet i Loen og innover heilt inn til Hagedalen er truleg avsetning under vatn på sjølvdrenerande undergrunn av morene og er svært god jordbruksjord. Etter at isen var smelta bort, steig landet. For Loen kan denne landstigninga ha vore omkring 50 - 100 meter (ikkje målt i Loen, men avlese på kart med isobarar som viser linjer for kvar 50 meter gjennom område med same landstigning). Hovedelv og sideelvar har deretter grave små dalsøkk i det flate landskapet.

Eg har ikkje funne kva tid landhevinga var ferdig, med i den første tida var det opp til 10 - 12 cm for kvart år. Ein kan derfor rekne med at Loen kanskje såg ut omlag som i dag ved starten av vår tidsrekning og etablering av gardane.

I vår tid (1950 -60 åra) vart det store endringar i Loen gjennom planering og legging av bekkar i rør. I 1990 åra har det skjedd endringar gjennom utfylling i Fjorden. (Her bør eg ta med eit bilete av Loen i 1997 med kommentarar).

Til dokumentstart

4. Etablering av gardane.

I og med at heile landet var dekka med is under den siste istida, kan slutten på istida gi grensa for busetnaden her i landet. Dei eldste buplassane ein kjenner til, skriv seg frå ca 6000 -7000 f. Kr.(busetningsspor frå ca 9000 f. Kr ) Dette var jegerfolk som busette seg ved kysten eller i fjellområda (jakta på rein). Denne busetnadsforma helt fram til ca 4000 år f. Kr (eldre steinalder). I denne perioden kan tilfeldige jegerar ha streifa gjennom Loen.

Jordbruket kom med som næringsveg frå ca 4000 år f. kr (yngre steinalder ca 3000 - 1500 f. kr.) Det kan både ha vore jordbrukarar utanfrå som flytte til stadig nye område etter kvart som jorda blei oppbrukt og utpint, og fangstfolk som etter kvart byrja med husdyrhald og korndyrking.

Det kan tyde på sterk ekspansjon i jordbruket frå ca 2000 år f. kr. Perioden frå ca 3000 f. kr til ca 500 f (bronsealderen frå ca 1500 til ca 500 f. kr.) var tørr og varm. I denne perioden blei det neppe etablert gardar med fast busetnad. Det var små samfunn (slekter) som heldt saman, og dei hadde kanskje ulike bustader til ulike årstider. Tilgangen på beiteområder var sikkert viktig for kvar folk og fe heldt til. Med jordbruket flytte busetnaden seg innover i fjordane. Det synest svært sannsynleg at det i denne perioden var folk som hadde åkrar på dei beste plassane i Loen og beiteland for husdyra i dalsidene og på fjella om kring. Åkrane vart etablert ved å brenne skogen og på den måten få tilført næring til jorda. Når jorda var utpint, brende dei ny skog og etablerte åker på ein ny stad.

Ca 500 år f. kr. vart klimaet dårlegare, og det vart nødvendig med hus for dyra. I den første fasen av denne perioden var det kanskje vanskeleg å oppretthalde jordbruket i same omfang som før, og det vart kanskje meir omfang av fiske og fangst. Eit visst jordbruk blei likevel halde oppe. På dei beste stadane i kvar bygd samla bøndene seg og bygde vinterhus for folk og fe og hadde åkerlappane sine i det opne lendet omkring. Loen skulle ha grunnlag både for jordbruk, fikse og fangst.

Mellom fjorden og Lovatnet er det 4 gardar. Tre av desse er av dei eldste gardane i landet. To (Tyfin og Setin) høyrer til gruppa av gardsnamn på «vin», og Loen har namn frå den opphavlege namnet på fjordbotnen på linje med Olden og Stryn.(Alda, Loda og Strjon). Namnet kan ha samanheng med «lo» låg slette attmed vatn. Desse gardane var truleg etablert alt før kristi tid.

Det var først når jernet kom skikkeleg i bruk at det vart fart i ryddig og innhausting av for, og det var ekspansjon i jordbruket dei første 500 åra i vår tidsrekning. Det er frå denne tida ein kjenner dei første gardane frå utgravingar (generelt og ikkje Loen). Gardane bestod av permanente hus for folk og fe, normalt samla innanfor ei inngjerding av den dyrka jorda. Utmarka med beite, skog og andre ressursar hadde ei meir usikker avgrensing. Det budde mang menneske som utgjorde ei ættegruppe på kvar gard. Garden var eit patriarkalsk samfunn med eit overhovud. I tillegg til ætta var det også trælar og andre av lågare rang på garden. Så lenge det var nok næringsgrunnlag, busette nye medlemer av ætta seg på garden. Etter kvart var det nokon av ætta som flytte ut og grunnla nye gardar på området for den gamle garden eller på herrelaust land.

Med bakgrunn i naturtilhøva og kjennskap til generell historie kan ein tenkje seg at det etter kvart utover i steinalderen og bronsealder var ei ætter som fekk hovudtilhald i bygda (ikkje nødvendigvis same ætta uavbrote gjennom heile perioden). Loen var truleg med i den første etableringa av gardar med fast busetting i området (indre Nordfjord). Etableringa av gardar med fast busetnad var truleg ein prosess for foregjekk samtidig på alle dei opphavlege gardane med utgangspunkt i ætter som alt då hadde tilhald i området. Gardane Loen, Tjugen, Sæten, og Bødal er truleg slike opphavlege gardar i Loen-dalføret. Ved den vidare ekspansjonen vart ikkje Loen delt opp i fleire gardar, men det var stadig fleire som fekk sitt opphald på garden. I jernalderen budde det sikker svært mange på garden.. Det vil også være naturleg om husa låg der ein har tunet i dag i tilknyting til det gode jordbrukslandet på teigane innafor. I det 5. og 6 hundreåret e. kr. var dei indre fjordbygdene overfylte og folkeveksten spreidde seg ut over mot kysten, nordover og til og med over fjellet.

Under kapittelet om funn frå romartida (0-400 e.kr.) og folkevandringstida (400 - 600 e. Kr.) i bygdeboka er det omtalt 7 gravhaugar i Loen. Desse låg nord-vest for tuna. I tillegg til desse er det funne 3 haugar i den noverande beitemarka til bruk nr 10. Desse ligg nord-aust for garden. Dette kan ein ta som uttrykk for at det i fleire generasjonar budde slekter i Loen, med slektsoverhovud som fortente sin eigen gravhaug

(Lag teikning av kvar gravhaugane låg, tunet i dag, kyrkja og teigane)

Til dokumentstart

5. Eigedomsrett og bruksdeling Ca 1000 (og litt før) - 1350 e. kr.

Oppdeling og rydjing av nye gardar
I vikingtida (800 - 1000 e. Kr) var det auke i folketalet. På Austlandet og der det var jord nok, vart det etablert mange gardar gjennom deling av gamle gardar og rydjing av nye. Desse var av dårlegare rang enn dei gamle gardane. På kysten skjedde landnåmen over havet mot vest. Frå dei indre fjordbygdene reiste mange til andre områder. Det vart ikkje etablert så mange nye gardar i dei indre fjordbygdene i denne perioden, men oppdeling innafor dei opprinnelege gardane i fleire bruk gjekk svært langt. Sannsynlegvis var dette likeverdige brukarar. I følgje historieboka (generelle opplysningar) hadde dei husa samla i ei klynge og dreiv jorda delevis i fellesskap, eller skifte einsarta åker- og engstykke likt mellom seg. Truleg var det derfor alt omkring år 1000 etablert ein bruksstruktur i Loen med partsbrukarar som likna på bruksstrukturen ein hadde før jordskiftet i 1898.

Eigedomsrett.
I følgje historieboka heiter det at dei lovene som vart skriftfesta på 1100 talet viser at med unntak av Vestlandet var dei fleste bønder i Noreg sjølveigarar (kva med Vestlandet).I ein ny lovredaksjon frå midten av det 13. hundreåret (1200-talet) vart det rekna med at bøndene stort sett var leiglendingar over heile landet. I perioden frå ca 1100 e. kr. til ca 1250.e.kr gjekk derfor hovudtalet på bønder over frå å være sjølveigarar til å bli leiglendingar. For Vestlandet kan dette ha skjedd tidlegare.

Jordegodsdanninga har skjedd i fleire fasar. I den første fasen, som gav kongar og verdslege stormenn samfunnsherredømet i Noreg kom heile gardar på same eigarhand ( Holmsen: Norges historie side 288). Gjennom seinare utøvinga av samfunnsmakta var det også delar av gardar som skifte eigar, og bondegods og kyrkjegods var ofte sterkt oppdelt i partseige.

Eksempel frå Egilsoga side 15. Kap: Kong Harald tek Møre og Fjordane.
I kvart fylke eigna Harald til seg all odel og alt land, bygt og ubygt, og jamel sjøen og vatna, og alle bønder skulle vera hans leiglendingar.

Korleis eigedomsdanninga har foregått for garden Loen er delvis gjetning frå mi side. I og med at Loen var på ei eigarhand (med unntak av ein prestebolspart) i starten av den tid vi kjenner, tyder det på at jordegodsdanning som omfatta Loen, hadde skjedd i den tidlege fasen. Det er derfor grunn til å tru at alle bøndene i Loen var leiglendingar alt før 1100 talet, og at den som åtte garden ikkje budde der.

Historia fortel at vikingtida skapte høvdingar og småkongar med mykje rikdom utanfrå. Dei flest av desse hadde høvdingseta sine på kysten. Kanskje kan erobrinsgmentaliteteten i denne tida ha ført til at høvdingar har lagt under seg også gardar heime. Småkongane hadde sikkert behov for resurrsgrunnlag ut over eigen gard for å skffe seg skip og mannskap til krig mot andre småkongar.

Følgjande avsnitt er gjetning frå mi side. Utviklinga kan ha gått føre seg på den måten at garden først (i jernalderen) tilhøyrde stamfaren for ætta som budde på garden. Garden vart etter kvart delt opp i likeverdige bruk. I løpet av vikingtida kan ein eller annan småkonge ha fått retten til å få landskyld frå Loen (sjå nednafor). Småkongen kan gjennom kamp med litt større høvdingar og kongar ha tapt retten til Loen til desse. Litt støtte for dette kan ein finne i Egilsoga der det under kapittelet "Kong Harald tek Møre og Fjordane" står fylgjande: I kvart eit fylke eigna Harald til seg all odel og alt land, bygt og ubygty, og jamvel sjøen og vatna og alle bønder skulle vera hans leiglendingar. Kongar kan seinare ha gitt retten til garden til nokon av sine menn, og kyrkja kan ha fått ein part for å halde kyrkje og prest på garden.

Leiglendingar og skyld.
Sal av gardar og gardpartar førte ikkje til at bonden måtte forlate garden. Han heldt fram som brukar, men betalte landskyld til den som var eigar. Med dette som utgangspunkt vart eige og partseige å oppfatte som rett til heile eller ein bestemt part av landskylda. Partseiget var ikkje knytt til noko bestemt areal innan garden, berre til ein bestemt andel.

I og med at mesteparten av jorda var omfatta av jordleige, vart landskylda også lagt til grunn for skattar (Magnus Lagabøtes landslov). På Vestlandet vart gardane verdsett som så og så mange månadsmatars bol. (mat for ein leidangskar i ein månad). Månadsmaten vart betalt med 1 laup smør, eller tilsvarande verdi i andre varer.

Regelverket omkring jordleige som vart utforma i Magnus Lagabøtes landslov finn ein igjen i Kristian IV norske lov omsett til dansk på 1600-talet.

Kyrkjer , kloster m.v som hadde mykje jordegods, hadde bruk for register over sine eigedomar. Dette er dei eldste skriftlege kjeldene som gir oversikt over jordeigedomar.

(les Snorre og andre skildringar av levesett. Få tak i landslova og les om teigdeling)

Til dokumentstart

6. Svartedauden og nedgangstider ca 1350 - 1500.

Før svartedauden hadde Loen sikkert hatt like mange bruk (familiar) som i dag, og folketalet var så stort som naturgrunnlaget kunne fø. Pesten som kom til Vestlandet hausten 1349, skapte dramatiske endringar. I Loen som elles må ein rekne med at berre ca 1/3 av folka overlevde, og det gjekk svært lenge (minst 100-150 år) før det på nytt vart skikkeleg vekst. Mannedauden førte til at mange bruk var liggjande øyde, og dei som levde igjen kunne mykje lettare enn før få seg jord. Landskylda gjekk derfor sterkt ned, ikkje berre fordi gardtalet vart redusert, men og fordi skylda for den einskilde gard måtte setjast ned for i det heile å få nokon til å drive.

Det vart ei meir ekstensiv drift med større vekt på husdyrhald og mindre åkerbruk, og mange av åkrane i Loen grodde sikkert igjen og vart nytta som beite. Beiteareal var det sikkert rikeleg med i denne tida, og problemet var å skaffe nok vinterfor til å oppretthalde dyretalet. Loen vart sikkert ikkje liggjande øyde, men brukstalet vart redusert. Sjølv om vi skulle tenkje oss at dei aller fleste i Loen døydde, var Loen truleg ein så god gard at det i alle tilfelle ville vere nokon som ville drive der.

Det første talet på bruk for Loen eg kjenner er frå 1520. I følgje bygdeboka var det då 6 mann som la tiendepengar i Loen. Dette var 170 år etter svartedauden, og brukstalet kan då vere i ferd med å auke

Til dokumentstart

7. Loen etter ca år 1500 (til ca 1900)

I følgje generell historie var det vekst i folketalet frå ca 1500 og fram til 1650. Folketalet var då kome opp på same nivå som før Svartedauden. På Vestlandet var det deretter ein stagnasjon i folkeveksten medan veksten heldt fram på Austlandet. Ei forklaring på stagnasjonen er knytt til giftealderen og går ut på at folk venta med å stifte familie til dei hadde råd til å forsørgje barn. Trass i lang ungdomstid i ugift tilstand var det relativt få uekte barn.

Frå 1700 talet kom husmannsvesenet inn som eit system for å fange opp folkeauken som på nytt skaut fart. Frå slutten av 1800-talet gjekk veksten i folketalet til Amerika. Frå 1500 talet har ein skriftlege kjelder som kan dokumentere utviklinga for Loen. I følgje bygdeboka var det som nemnt 6 brukarar i 1520-åra. I 1563 hadde Loen 8 brukarar, og før 1602 var brukstalet kome opp i 14. Når det seinare er snakk om nedgang i brukstalet, kom det av at eigaren busette seg i Loen, og sjølv dreiv bruka i Nigard.

På garden Loen har det ut frå dette ikkje vore plass til «nye» bruk etter ca 1600. I tillegg til hovedbruka i Loen var det berre 3-4 bustadar (bygslebruk) før 1900. Dei borna som ikkje fekk overta bygsel, måtte derfor gifte seg til bruk, reise bort og skaffe seg bruk/husmannsplass ein annan stad, eller gå ugifte heile sitt liv.

Til dokumentstart

7.1 Tunet

Garden Loen hadde tidleg to tun. Som dokumentasjon for dette viser Bygdeboka til diplom dagsett 25.1.1356 der øvre tunet i Loda er nemnt. Det er sikkert dei same tuna som har utvikla seg vidare til tuna slik dei var før jordskifte i 1898. I boka «Sjurebruket i Loen, Garden og Ætta» er det med kartskisse som viser alle husa, med liste over kva slag hus det var og kva bruk dei tilhøyrde. Det var då i alt 106 hus. Det var 6 bruk i tunet nedanfor kyrkja og 8 bruk ovanfor.

Utskiftningslova frå 1857 gav grunnlaget for oppretting av Utskiftningsvesenet, seinare Jordskifteverket. Dette førte til omfattande utflyttingar i perioden 1860 til ca 1920. Gjennom denne prosessen vart klyngetuna på Vestlandet borte og det vart einskildbruka som dominerte landskapet (Sevatdal, forelesningshete om eigedomshistorie, side 82-83)

Til dokumentstart

7.2 Åkrar og teigar.

Utskiftningskartet som vart teke opp i 1896 viser alle teigane i Loen. Det var då ca 1100 teigar på innmarka fordelt på dei 14 bruka. I oppdrag for samanliknande kulturforskning fekk Olav A Loen skrive på namna på teigane både på innmarka og utmarka med hjelp frå Lars A Loen (Arnebruket). Kart med namn på teigane er teke inn i «Sjurebruket i Loen, Garden og Ætta».

Frå først av var det truleg samdrift av all jorda mellom brukarane. Jordskifte i lovverket frå 1274 til 1821 hadde som hovudføremål å skilje ut teigar frå samdrifta, og lovverket gav reglar for dette. Leiglendingsjorda vart truleg delt på brukarane etter dei same prinsippa (sjå forelesnings -kompendium om eiegedomshistorie av Sevatdal side 54) Det ser ut til å ha vore eit hovudprinsipp at ein til kvar tid og kvar stad berre skifte det som var turvande å skifte. Det som vart delt, skulle delast i like teigar og det skulle kastast lut om teigane. Det kan hende at ein først berre delte dei beste åkrane. Desse vart då delt i like store teigar for kvar brukar. Når ein seinare delte engteigane, måtte desse også delast i like store teigar til kvar brukar Det som eventuelt fans av teigdeling mellom brukarane før svartedauden har truleg blitt borte, og det var truleg garddelingsprosessane som starta på 1500 talet og varde ved til ut på 1800 talet som skapte den teigdelinga som ein fann på jordskiftekartet frå 1896.

I følgje bygdeboka vart det gjort semje mellom brukarane i Loen om åkrane i 1738, og ny sak og nytt byte dagane 1. - 6. Oktober 1751. (Må få tak i det som er tinglyst, sjå også tinglysing referert i mitt skøyte på bruket)

Det første jordskiftet på garden Loen er tinglyst på skøytet for Sjurebruket datert 15.5.1898. Det var jordskifte på Lovik og utmarka tinglyst 16.5.1928. Sjå omtale i i «Sjurebruket i Loen. Garden og Ætta».

På innmarka var det nytt jordskifte tinglyst 10.3.1966. Sjå omtale i «Sjurebruket i Loen. Garden og Ætta».

Sjurebruket slik vi kjenner det i dag er derfor eit heilt anna enn Sjurebruket på 1700 og 1800 talet. Husa på Sjurebruket ligg likevel omlag på same staden som dei har gjort heile tida.

(Her bør takast med ei oversikt over jorskifte på alle gardane i Loen Sokn: Sande: 1882, Sæten 1895, Rake: 1869-70, Nesdal:1878 og 1906)

Til dokumentstart

7.3 Eigarar.

Frå gamalt var garden Loen delt på 2 eigedomspartar, prestebolet (skyld 1,5 laup i 1647) og resten (skyld 12 laup i 1647).

Bygdeboka gjer greie for eigedomstilhøva frå 1564. Sjurebruket vart kjøpt av brukaren i 1767. Nedanfor er det eit kort resyme av eigedomstilhøva for Sjurebruket.