Vis register

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen

Gammal versjon

Tilbake til Startsida

Tekst-meny

Garden og Ætta.

Sjurebruket i Loen
Av Olav A Loen.

Trykt, Oslo 1979

Gardshistorie for Sjurebruket i Loen, og slekta som levde på dette bruket.

Kopi av forsida til boka Garden og ætta
Flybilde av garden Loen
Starten av dokumentet

1. Frå gamal tid.(før 1700)

Dei første brukarane på Sjurebruket

1.1 Funn og gamle kjelder
1.2 Brukstal og brukarar
1.3 Opphavet til slekta på Sjurebruket
1.4 Prest Jon Lauritzen og futar i Loen
1.5 Minner etter embetsfolka i Loen
1.6 Kverner
1.7 Rasmus Rasmussen brukar 1688 og Sjur Rasmussen
1.8 Sjur Rasmussen og Lokyrkja
1.9 Hendingar i Sjur Rasmussen si styringstid
1.10 Kari Aamundsdatter og Hogrenning

Opp til overordna kapittel

1.1 Funn og gamle kjelder

Loen er ein gamal gard. I Aaland si bygdebok om Innvik - Stryn, utgåva av 1973 side 31 finn vi: "Funn og minner fra Oldtiden av Haakon Schetelic,: Det eldste spor som folk har etterlattseg i Indre Nordfjord, er en par steinøkser av meget gammel form, den ene fra Loen, denandre fra Muri i Olden. Både formen og arbeidsmåten viser et redskap som hører til tidsperioden omkring 4000 år før Kristus." Der er og gjort mange gravfunn, og aust for husa til Clarence Sande inst inne mot Hagedalen er der nokre slike graver frå eldre tid som er godt synlege og no er freda av Bergens Museum.

Gjennom gamle dokument finn vi ymse ting om utviklinga på garden, både i Bjørgvin Kalvskinn og Munkelivsboka.Alt i mellomalderen var det bygt kyrkje i Loen. Segna fortel om eit steinkors som no står på kyrkjegarden, at det tidlegare stod ut ved sjøen i Korsvik..Det seiest å vere frå den første kristne tid..Alt så tidleg som i 1367 var Loen delt i to tun, eit ovan for kyrkja og eit nedan for. (Bygdeboka side 579). Ein veit om at det har vore tre kyrkjer i Loen. Den siste vart bygd i 1837.

Opp til overordna kapittel

1.2 Brukstal og brukarar

Av tiendemantalet for 1520 får vi vite namna på dei som gav tiend. Det var Hugligh, Iwer, Sijmon,Lauriss, Pædher og Jacob. Etter det var de seks brukarar den gongen. I 1563 er det otte mann som legg leiglendingskatt. Det er Jacob, Lauritzs Lauritzssenn og Lauritzs Olsenn som kvar legg 1 dl. Stener legg 3 ort, Solmund Louenn og Oluf Olsenn legg kvar 1 dl. Anders (Engelbertson, var Irm. 1584) legg 1 ort og Oluf Suendsenn legg 2 l s. Ingen av dei var jordeigarar.

Sidan 1600 har der for det meste vore 13 brukarar i Loen til 1734, frå den tid har det vore 14 bruk og ymse husmannsplassar. I den siste tida har det vorte reist mange bustadshus. Ein part av Loen har frå gamalt vore prestebolsgods, det er det som no er br.nr. 1 og 2. Alt det andre var det private jordeigarar som åtte. Aaland trur at det i mellomalderen var adelsgods. På 1500talet kom det over til embedsmenn og jordeigarar. Alle brukarane i Loen var såleis leiglendingar. Dei første som løyste inn bruka sine var br.nr. 5 Isakebruket og br.nr. 16 Innigardbruket. Dei fekk i 1698 kjøpt bruka sine med eigaren Løytnant Pfeil. Utover i 1700- talet vart dei fleste bruka innløyste. Seks bruk vart i 1767 kjøpt av brukarane av P.H. Finde, som då var eigar, for 90 riksdalar for kvart bruk. Mellom dei bruka som då vart innløyste,var og br.nr. 6 Sjurebruket.

Opp til overordna kapittel

1.3 Opphavet til slekta på Sjurebruket

Kor lenge den slekta som no er der ,har vore på Sjurebruket, veit vi ikkje sikkert. Dei kjem liksom ut or det historiske mørker, der vi berre får eit skimt av det einskilde menneske, og så klårnar det etter kvart, og fleire og fleire drag og livstilhøve stig fram i dagen. Den første vi høyrer om heitte Rasmus, han var brukar i 1602. Om han slektar til nokon av dei vi har høyrt om før veit vi ikkje. Truleg gjer han det, men kven av dei 8 brukarane vi har høyrt om frå 1563 det veit vi ikkje. Vi veit han var gift, men elles veit vi ikkje noko meir om kor han hadde det, og vi veit heller ikkje kva kona hans heitte og kvar ho var ifrå. Så får vi høyre at i 1617 er det sonen hans som har blitt brukar på garden, også han heitte Rasmus, men heller ikkje kona hans veit vi namnet på. Vi veit at han hadde minst ein son, også den heitte Rasmus Rasmusson. Om honom veit vi at då futen Peder Jørgensen brukte og dreiv sjølv 6 av bruka i Loen som han åtte, då var denne Rasmus Rasmusson dreng med futen(ALo: Vi har ikkje prov for at slekta som har levd på Sjurebruket frå 1723 og fram til i dag er etterkomarar etter Rasmus som er omtalt her. Sjå omtalen av Sjur Rasmussen).

Opp til overordna kapittel

1.4 Prest Jon Lauritzen og futar i Loen

Soknepresten til Lom, Jon Lauritsson (d.f. 1615) åtte m.a. også bruka i Loen. Enkja etter han, Lisbet Torsteinsdotter, erva Loen etter han. Ho vart sidan gift med futen i Nordfjord, Peder Jørgensen. Ho er nemnd som eigar i 1624. Såleis kom futen til å verte eigar og brukar av gardane i Loen.

Vi veit at Peder Jørgensen og kona Lisbet budde i Loen, og segna seier at dei budde på br.nr. 14 Arnebruket, etter at han slutta som fut. Han dreiv truleg alle 6 bruka nedan for kyrkja, br.nr. 3 magnebruket, br.nr. 4 Antunsbruket, br.nr. 6 Sjurebruket, br.nr. 11 Trulsbruket, br.nr. 14 Arnebruket og br.nr. 15 Halsteinbruket. I den tida han var brukar vart truleg alle dei 6 løene i Nigar bygde under ei tekkje , og dei såg ut som ei reipebane står det i Bygdeboka (side 583). Den gamle Arnestova, som det seiest futen budde i, var ei vanleg stor røykstove med kove og gang. Ho vart først reva i 1910. Då dei reiv henne fann dei små rom (nisjer) i muren i futekjellaren, og der var tre golv det eine opp på det andre. Dei 6 ladene stod og under ei tekkje like til utskiftninga i 1898, og dei vart revne kring 1900, med undantak av Arnelada som var reva før, då dei alt hadde bygt den lada som no står.

Etter Peder Jørgensen har futen Jørgen Post dreve dei same bruka og i tillegg til det Tjugen, og han og kona budde også ei tid i Loen. Han var gift med Sofie Jonsdotter, dotter til presten i Lom, og såleis stykkdotter til Peder Jørgensen.

Opp til overordna kapittel

1.5 Minner etter embetsfolka i Loen

Til minne om desse embetsfolka som budde her har vi ymse ting i Loen kyrkje. Eit bilæte av Jesu dåp har bokstavane P.j. 1642. Det er sikkert namnebokstavane til Peder Jørgensen, og såleis ei gåve frå han. Det seiest at både han og kona døde her i Loen. (Bygdeboka side 129). Eit anna bilæte er av Maria Møy med Jesubarnet. Der står skreve: Maria Mater, og bokstavane J.P.S.J.D. anno 1675. Dette er namnebokstavane til Jørgen Post og Sofie Jonsdotter. Der har og vore ein kyrkjestol med namnet til Sofie: S.J.D.P. 1668. Så har ein det vene kyrkjeskipet som heng i midtgangen i kyrkja. Det er eit krigsskip med fullt utstyr med kanoner og segl, - slik dei var på 1600-talet. Etter segna er det Sofie Post som har gjeve dette skipet til kyrkja, og materialane er tekne av ei selje som vaks opp på Tjugen. Kven som har laga dette verdfulle arbeidet veit ein ikkje. Her går også ymse segner om Sofie Post. Ho passa vel på at tenarane nytta vel tida og det seiest at ho sat med kikert ned på Tjugen og passa på slåttefolket når dei var oppe i Berget og Slettene og slo skogaslåtten. Der er og eit jordstykke frå Ingvald Mork sitt hus og opp til Odd Loen sitt som heiter Soffimyra.

Opp til overordna kapittel

1.6 Kverner

Rasmus Rasmusson vert verande i tenesta til futen Peder Jørgensen og truleg og med Jørgen Post så lenge dei dreiv eigedomane. Då dei slutta i 1650-60 åra vart han leiglending og brukar av Sjurebruket, som far hans hadde dreve før. Medan han styrde bruket vart det bygt kvern i Loen. I ei melding frå 1661 vert det fortalt at Loen hadde 2 kvernar. Dette var ein overlag stor framgang, då dei kunne få mala kornet sitt til mjøl med vasskraft. Dei første kvernane stod i den vesle dalen nedan for husa til Clarence Sande. Der heiter det enno Kvernhusdalen og Kvernhushola. Det var flaumvatnet om haust og vår dei måtte nytta, og då måtte dei nok male både natt og dag for å nytta flaumvatnet, for dei var 13-14 i alt, og Loen var kjend for å vere ein god korngard.

Seinare fløtte dei kverna inn til Kleveledet i merke til Sæten, der nytta dei vatnet frå Loelva. I førstninga av 1800 talet bygde dei demme i Lofossen og tok fram vatnet i ei veit til bruk for kvernane. Det vart bygt 3 kvernar. I den første opp mot fossen var det 5 brukarar frå Nigar. I midtkverna var det Erkebruket, Markusbruket, Sjurebruket, Monsbruket og Framigardbruket. Til den 3. kverna høyrde 4 mann frå Oppigard. Desse kvernane vart revne bort av Loenulukka i 1936.

Opp til overordna kapittel

1.7 Rasmus Rasmussen brukar 1688 og Sjur Rasmussen

Sonen hans Rasmus vart brukar i 1688. Også han heitte Rasmus Rasmusson. Og han er den første som vi og får høyre kvar han fekk kona si ifrå. Han var gift med Kari Amundsdotter Hogrenning. Diverre var ikkje han langt liv laga, han døydde kort tid etter at han hadde vorte brukar, og enkja Kari gifte seg med Sjur Rasmusson Loen, truleg var han bror til første mannen hennar, og såleis gjekk det etter Moselova. (tilføya av Audun Loen: Sjur var neppe bror til Rasmus Rasmusen). Vi veit ikkje noko om kva denne Sjur Rasmusson hadde dreve med før han vart brukar i 1692. Etter det vi trur hadde far hans vore dreng med futen, og kanskje hadde Sjur, sidan han ikkje hadde nokon gard i vente, vore borte og tent nokre pengar. Det ser ut til at han hadde eit godt omdøme i bygda, og då hadde han truleg og noko midlar, i 1702 vart han ombodsmann for kyrkja i Loen. I den tida måtte ombodsmannen stå for underskotet når ikkje inntektene som kyrkja hadde dekte dei nødvendige utgiftene.

Opp til overordna kapittel

1.8 Sjur Rasmussen og Lokyrkja

Denne kyrkja var ei fattig kyrkje som hadde små inntekter. (Bygdeboka 115-116). Jordegods hadde ho berre i Ytre Nesdal og Sande, og det gav årleg 4 ort. Kyrkja sin part av korntienda 2 t. blandkort verd kring 8-10 ort, og 6 t. havre verd kring 5 rdl. Av kyr åtte kyrkja 6 i 1660, og det gav ei inkome på 2 rdl. Butienda var 1 våg smør 12 mk. ost med verdi av 1 rdl. 4 ort. 12 skilling.

Av gravleggjingar i kyrkja hadde ho og få og små innkomer. I rekneskapen er nemnd 3 gravleggjingar. Det var Knut Loen med kona som i 1710 vart gravlagd under stolane for 4 rdl, og dottera som i 1719 også vart gravlagd under stolane for 2 rdl.

I alt hadde kyrkja ei innkome på frå 8 til 12 rdl. årleg. Dette var for lite inntekt til å dekkje utgiftene ved skade eller vanleg vedlikehald som melde seg kvart år. Vedlikehaldet vart og større på grunn av at kyrkja var svert gamal som ho var då Sjur var ombodsmann. Av større utlegg som han hadde var byggjing av nytt tårn i 1707. Av Salve Sande og nokre andre fekk han i alt 3 rdl. til dette arbeidet. I 1711 og 13 vart det bygt nytt våpenhus av stavverk, like stort som det gamle som hadde blese ned i ein storm. I 1720 - 22 vart det lagt nytt tak på søre sida av kyrkja. Dei fekk og ein ny benk i koren og vølte tralene kring fonten. Kyrkja var då i 1722 komen opp i ei skuld til ombodsmannen Sjur Rasmusson på 20 1/3 rdl. Han ville då ikkje vere ombodsmann lenger utan å få igjen dei pengane han hadde lagt ut. Kyrkja vart då den 7.8.1723 av futen på kongen sine vegner boda fram på hausttinget og seld på auksjon til bonde og kyrkjeombodsmann Sjur Rasmuson Loen for 19 rdl.

Året etter selde Sjur ein halvpart av kyrkja til svogeren Lars Jakobson Indre Nesdal. Etter at Sjur var død, og enkja Kari åtte den eine halvparten, vart krava om vedlikehald så store at dei to eigarane såg seg ikkje syn med å ta dei på seg, og kyrkja kom på nytt på auksjon i 1728, og var seld på tinget til Peder P. Sunde for 2 rdl. Ein dalar fekk Kari, den andre vart lagt til fatigpengar, då Lars ikkje ville ta imot dei.

Opp til overordna kapittel

1.9 Hendingar i Sjur Rasmussen si styringstid

Sjur Rasmusson er den einaste som har hatt namnet Sjur på dette bruket, så etter han har såleis bruket fått namn. I den tida han styrde var dei utsette for fleire store skred både på nordsida og sørsida av dalen. (Etter bygdeboka side 580-581). Loen har lede "Merkelig" skade av svor frå "det forferdelig store fjeld nordenfor gården" Bumarka var øydelagd og sameleis skog og slåtter og høylader. Såleis vart ei høylade i 1701 øydelagd på en stad som dei trudde var heilt trygg.

Før 1702 gjekk og den store vassdemma på sørsida. Det losna på fjellet innanfor Auflemsetra, og gjorde stor skade på skogen og tok stein og jord og tre med seg. Noko kom ned der vi no kaller Svora, men det meste gjekk ned gjølet vestanfor Svora, og det gjekk ut over store deler av dei store flatene i Lovik og yrde dei ned med stein og grus. Det er først i våre dagar at det har vorte opprydda, og ovan for vegen ligg enno steinen igjen som kom den gongen.

I 1702 vart det halde avtaksforretning i Loen. Dette vart gjort etter at Hugleik Tungøen saman med Johannes Kvame i Oldedalen hadde vore til København med klagebrev frå bønder i Oppstryn, Stryn, Loen og Olden. Retten fann at Loen hadde lede stor skade, men avtaket var berre på 3 laup for heile garden.

Rundt 1700 høyrer vi at sildefisket hadde lede stor skade av elvabrot og grus frå Storelva. I 1702 fann retten ut at beste sildekastet var øydelagt, og dei fann at det gode fisket, som der hadde vore frå gamalt, var det som gjorde at dei hadde så stor skyld på garden og dei fann grunn til å gjere avtak på skylda. (Bygdeboka 580-581). Mange av brukarane var så utarma at dei hadde "undveget" garden, slik at det var jamnt bruk som låg øyde.

Det er rett at sildefisket og fiske i det heile har tidleg vore drive i Loen. På garden hadde dei ei felles stor sildenot som dei åtte. Det var serleg sist på sommaren og om hausten at dei dreiv sildefiske. Men ho vart også av og til brukt etter anna fisk. Det er fortalt at til gravøl og store samkomer var dei ute med storenota, for å få fisk til gravølsmat eller gjestebodsmat. Det vart brukt til lagt fram i 1800 talet. Dei hadde også små kastenøter. Det var då helst 2 eigarar om kvar not. Sjurebruket og Trulsbruket var dei siste som hadde slik not saman. Dei hadde den i lag til første verdenskrig. Serleg om våren tok dei ein del øret med denne nota.

Ein stor brand opplevde Sjur i grannelaget medan han var brukar. I 1714 natt til 14. desember brann 4 hus på Trulsbruket. Det var nærmaste grannen til Sjur, og husa stod svert nær i saman i den tida. Det vart ei syrjeleg natt. Ola Torson Raudi som budde med Trulsane den natta brann inne. Det var stor fåre for at fleire hus kunne stryke med, husa hans Sjur stod også i fåre, men dei greidde å berga det slik at det var fire hus for Trulsane. Dei miste mykje innbu og klæde, men korkje lada eller fjøsane brann ned, og husdyra vart berga.

Opp til overordna kapittel

1.10 Kari Aamundsdatter og Hogrenning

Ekteskapet til Sjur og Kari var barnlaust, Kari hadde heller ikkje born med den første mannen sin (tilføya av Audun: Kari hadde dottera Mallene Rasmusdatter. Vidare hadde Malene ei halvsøster som heitte Maritte Ramsusdatter. Mallene døydde før Kari og hadde ikkje livsarvinagar (skifte etter Mallene )). Kari var sikkert ei myndug kvinne som kravde og gjorde rett for seg. Sjur ville at Rasmus Olsen skulle få garden etter dei. Kva slektskap han hadde til Sjur er ikkje klårlagt, men han kunne vere brorsonen til Sjur. No kravde Kari at skulle Rasmus Olsen få garden etter dei, så skulle han gifte seg med brordoter hennar, Sigrid Håvardsdotter Strand. Dette kravet hennar kan gje oss den tru at Rasmus kunne vere brorson til Sjur, og ved at han gifte seg med brordotter hennar så var det like stor slektskap dei begge hadde til dei som heldt fram på Sjurebruket etter dei. Rasmus Olsen gjekk med på dette kravet til Kari, og gifte seg med Sigrid utan frå Strand.

Om Hogrenning, der Kari kom ifår, veit vi at det i 1563 berre var ein brukar, han heitte Eirik og var lagrettemann i 1588. Karin, kona hans, styrde heile garden etter at han var gått bort. I 1614 let ho frå seg halve garden til Oluf Eiriksson, og då ho sjøl slutta som brukar, fekk ein annan av sønene, Håvard Eiriksson, den andre halvparten av bruket. Heile garden var bondeodel, og det var brukarane som var eigarar. Så tidleg som i 1661 hadde dei fått seg eiga kvern. (Bygdeboka side 610-611 første bind). Kona hans Håvard heitte Bergitta, men det er ikkje nemndt noko om kvar ho kom ifrå.

Sonen til Håvard, Amund, vart brukar i 1653. Det er ikkje fortalt noko sers om han. men vi får vita om 3 av borna hans. Den elste sonen, Håvard, fekk seg gard på Strand, i Losokna no er, og han gifte seg med Ingeborg Andersdotter Rake, ho hadde også eigedomar på Rake samman med Knut, bror sin. Dotter deira, Sigrid, er det som vert gift til Sjurebruket med Rasmus Olson.

Den andre av sønene på Hogrenning, Anders, er det som tek over garden og vert sittjande som brukar på Hogrenning. Søster deira, Kari, er det som vi har høyrt vart gift med Rasmus og sidan Sjur, og ho er det som vil at hennar slekt skal halde fram på Sjurebruket, med at ho får brordottera si gift dertil.

Gå til starten av dokumentet

2. Slekta sler rot (frå 1723)

2.1 Rasmus Olsen (brukar 1723)
2.2 Ola Rasmussen (brukar 1756)
2.3 Ola Jokumson Flo
2.4 Rasmus Olsen (brukar 1779)
2.5 Anders Salvesen Sande (brukar 1802)

Opp til overordna kapittel

2.1 Rasmus Olsen (brukar 1723)

Rasmus Olsen og Sigrid Håvardsdotter tok over garden i 1723. og frå dei har slekta på garden gått i bein line frå far til son fram til denne tid. Det gjekk truleg bra for desse to nye som tok til. Jordeboka av 1726 seier at Loen var ein stor og god gard til avling og hadde "ringe" (det er noko) "lunder" til fiske når åra var gode. Vi har nemnt sildefisket og fiske på sjøen (1727 fredlysing mot at andre fekk kaste etter sild på Lobukta, tinglyst 27.5. same året), men laksefisket var også i Loen ein god lunnende til garden. I Loelva var det både øret og laks, og Sjurebruket hadde sin eigen laksegard nede ved Kjæret. Kva tid den var oppsett veit ein ikkje, men eg hugsa bestefar fortalde om han, men han har sikkert,ikkje vore i bruk i dette hundreåret. I alle høve vart restane bortrevne i ulukka i 1905.

Garden Loen hadde også bjørkeskog og hasleskog. Der var det at karane fann seg vinterarbeid. Det var bjørk til famneved og hasl til tunneband. Om føresommaren for dei til Bergen med Nordfjordjekter og selde desse varene. Ei tid var det to jekter i Loen. Markusbruket og Knutebruket hadde ei jekt i lag. Den andre jekta var kalle Lojekta. Ei av jektene hadde truleg naustet sitt der dampskipsbryggja er no eller der i nærheita. Den andre jekta hadd naust i Markuskleiva i Lovik. Lojekta var borte før bestefar kan hugse, han tok vel til å reise med byføring kring 1865. Han forte at dei leigde jekter frå Fjelli, Innvik og Blakset. Denne jektetrafikken vart slutt kring 1914.

I Rasmus Olsen si styringstid vart det i 1732 halde åstadsak om merkelina mellom Loen og Auflem. Segna fortel at då dei var i marka og såg på tilhøva reid futen seg ned i ei myr, dei kalla Skitnedik, og han fall av hesten og sokk ned i myra. Auflemkarane var då snare og kom futen til hjelp og fekk han opp or myra og opp på hesten igjen. Nokre fortel soga slik at loarane hadde vorte arge på futen, og det var ein av dei som skuva han av hesten og ned i myra. I denne saka fekk ikkje loarane retten til å kome til fjells på sørsida. Merke er slik den dag i dag at ovanfor skogen på Middagsfjellet eller Auflemfjellet som det og heiter, ligg det ein stor merkestein som er skilje mellom Auflem, Loen og Sæten. Frå den steinen går merke rett til fjells. Med Sæten austafor og Auflem vestanfor denne merkelina, og Loen når såleis ikkje høgre til fjells enn til denne merkesteinen.

Sigrid Håvardsdotter døydde tidlegare enn mannen, og han gifte seg oppigjen med Anne Samuelsdotter som etter Bygdeboka var enkja til Jakob Olsen på Innigardsbruket. (tilføya av Audun: det var Jakob Olsen som vart gift med enka etter Rasmus Olsen (trolovet 6.6.1756)) Også i Rasmus si styringstid leid Loen skade av ymse slag, og i 1734 vart det halde avtaksforretning og det vart eit avtak på 232 laup til saman av skylda på garden.

Opp til overordna kapittel

2.2 Ola Rasmussen (brukar 1756)

Sonen Ola Rasmusson vart brukar i 1756. Han vart gift med Sigrid Rasmusdotter Loen frå Monsbruket. Det ser ut til at dei tok til med ei sterkare drift på gardane, såleis la dei større vinn på åkerbruket. Det var også tidleg dei hadde teke til med fruktdyrking i Loen. Det fortelst såleis om Lars Larsson Oppheim, som vart brukar på Arnebruket i 1742, at han åtte ein fin eplehage som var verd 1 rdl. Dette var kanskje den beste eplehagen i Loen, men han var sikkert ikkje den einaste. Dei hadde også humlegard, der dei dyrka humle til bryggjinga, slik at dei var sjølhjelpte. Dei utvida og kornåkrane, for korndyrkinga var svert årviss både for bygg (hommel) og havre. Dei dyrka så mykje korn at dei også hadde korn dei kunne selje. I 1738 gjorde brukarane i Loen semje om åkrane. Ny sak vart det om det same i 1751. Retten var då samla i Loen frå 1. til 6. oktober. I Bygdeboka (side 583-584) finn vi namna på dei åkrane som då var i bruk. Mange av desse namna kjenner vi den dag i dag. Den største åkeren var Teigane. Den låg aust over frå tunet og inn mot Åkredalen, den var kring 40 d.ar. Der hadde dei kvar sin teig alle 14 brukarane. I alt var det over 30 teigar dei dyrka korn på.

I Ola si tid var det og at dei vart sjøleigarar på bruket. Godseigar Henrik Pedersen Finde som budde i Hellevik Ytre Holmedal selde i 1767 eigedomen sin i Loen for 90 rdl. for kvart bruk. Det var desse bruka som då vart sjøleigarar, nr. 3 Magnebruket, nr. 4 Antunsbruket, nr. 6 Sjurebruket, nr. 7 Monsbruket, nr. 8 Framigardbruket, nr. 10 Knutebruket, nr. 14 Arnebruket og nr. 15 Halsteinbruket.

Det var nok ein stor dag for han Ola og kona då dei hadde fått papir med kongens stempel på at dei no var sjøleigarar på det bruket dei hadde levt på og streva med i fleire ættledar. Det hadde ofte vore hardt å magte å betale leiglendingeskatten at åt dei andre tiender og skattar til prest og fut. Diverre fekk ikkje Ola lenge nyte godt av å vere eigar av eigen gard. Alt året etter i 1768 døde han berre 44 år gamal.

Enkja sat att med borna og strevet på garden. Men det var med henne som med dei fleste enkjer som sat att med gardsbruk, at der strakst melde seg mange friarar. Alt i 1771 er Sigrid gift med Ola Jokumson Flo, og han fekk skøyte på bruket. Sonen frå første ekteskap, Rasmus, var då berre 12 år gamal, og såleis berre eit barn.

Opp til overordna kapittel

2.3 Ola Jokumson Flo

Ola Jokumson var frå Flo br.nr. 3 Jokumsbruket. Då stykksonen Rasmus overtok bruket og gifte seg, fløtte Ola bort frå bruket og tilbake til Flo. Men då var det kome eit nytt menneske frå Flo, meddi Rasmus gifte seg med Malene Jonsdotter Nedre flo i 1779. Ho var brordotter til Ola, og frå Jokumsbruket. Der var jamn velstand på bruket, og bestefar til Malene, Jokum Jonson hadde løyst inn bruket og fått skøyte på det i 1728. Han var gift med Malene Jonsdotter som var frå bruk nr. 2 Fridtunbruket, og henne var Malene oppatkalla etter. Jon, sonen til Jokum og Malene tok over bruket og vart gift med Berthe Rasmusdotter Erdal. Ho var frå bruk nr. 3 på Erdal, Larsbruket, også dei var sjøleigarar frå 1698. Det ser ut til at der var noko medel på dette bruket, såleis hadde Jørgen Haraldson som i 1603 var brukar,20 mk.ods. i Myklebust og Roti i Eid. Om v.s. Rasmus og kona Brite står det i Bygdeboka (side 328) "Dei åtte ymse sølv, m.a. ringar, belte, skeier." Berthe kom truleg frå ein velstadsheim og hadde eit godt heimanfylgje med seg då ho gifte seg med Jon Jokumson og fløtte til Flo, dei var det då som var foreldra til Malene som kom til Sjurebruket i Loen.

Rasmus Olsen hadde sikkert noko kjenskap til Malene før dei gifte seg. Han hadde nok vore til Flo saman med stykkfar sin i gjestebod, og det kan og tenkjast at dei frå Flo hadde vore på gjesting til Loen. Det kan såleis også vere noko kjærleik med i spelet til dette ekteskapet. Men så mykje som foreldra hadde å seie for giftarmåla til borna, så har dei sikkert på begge sider rekna det for å vere eit høveleg gifte. Og det har kome istand med godkjenning av alle partar.

Aaland seier at det er gamle ætter som bur på mest alle Flobruka. Ein kan følgje mange av dei 3-4 hundre år attende, og ein kunne sikkert knyta dei saman med dei gamle mellomalder ættene om ein hadde dei gamle ervebytebrev, skøyter og gåvebrev som der sikkert ein gong har vore. (Bygdeboka side 252). Den første ein høyrer om er Erlend Raude, om han melder Bj. K. at han gav ei sælebotsgåva for seg med l 1/2 M.M.B. i Flo i Oppstrionom til kyrkja på Eide (Nedstryn). Dette var i kring 1330, og då han alt den gongen var død, må han ha vore fødd kring 1250 eller noko seinare.

Fleire av etterkomarane hans var prestar. I 1328 høyrer vi om Sira (prest). Erlend som truleg var soneson eller dotterson til Erlend Raude. Og i 1466 høyrer vi om ei Solveig Erlendsdotter, og om kjøpet hennar av gods i Flo. På tinget i Stryn skipreide i 1543 kungjer Kolbein Herlaugson og Eirik Erlendson etter eit gamalt skinnbrev at Kolbein Eilivson hadde selt til si frenke Solveig Erlendsdotter det godset som hans fedre åtte i Flo for 5 mrk. Erlend og Kolbein som bor på Øvre-Flo saman med Oluff som bor i "Netter Floo" er nemnd i "Brevbrudsmantalet" i 1522. Dei to første seiest å vere ættlingar til Solveig Erlendsdotter. Frå den tid er det ikkje langt igjen før vi får kjennskap til slektene i nyare tid, så det er vel ikkje tvil om at det er ætteband mellom dei gamle og dei nye slektene på Flo.

Bruka på Flo gav årleg gode avlingar. Dei låg godt til mot sola. Dei var kjende for krøterstellet og for stor budrått frå fjøsen. Dei kom og tidleg i gang med fruktdyrking. Såleis finn vi i Bygdeboka (side 244) at det på Flo var fine frukthagar alt i 1727. Det er såleis ein produksjon som dei tok til med for lang tid sidan og som høvde godt. Det er noko som har halde fram og i det siste har vorte sterkt auka.

Opp til overordna kapittel

2.4 Rasmus Olsen (brukar 1779)

Malene Jonsdotter var berre 20 år gamal då ho fløtte til Loen og vart gift med Rasmus Olsen som og var på same alder i 1779. Dei var såleis svert unge då dei laut ta over alt arbeidet og ansvaret for Sjurebruket. Mor til Rasmus, Sigrid, var då alt død i 1775, og Jokum, stykkfaren, veit vi fløtte frå garden. Så det vart nok å gjere då dei tok over styringa.

I den tid Rasmus var brukar vart det gjort semje mellom bøndene i Loen om korleis dei skulle bruke sætrehamnen og sætra. Dette gjeld Høgesætra. Der var fleire gode sletter der både på sætervollen, i Hamnen, i Lida og ein del inne på Sjureneset. No galt det å berge denne slåtten frå fefot til dei hadde slege det og fått det inn i løer som dei hadde oppsette til det bruk. Der hadde dei høyet til dei drog det heim om vinteren på snøføre. Dei drog det då heim på høyslodar som det var kalla. Dei hogg først bjørkegreiner som dei la under, og lå så høyet på det, og batt det saman med tog. Som oftast fekk dei med seg unge sterke gutar på dugnad når dei tok heim høyet om vinteren.

For å berge denne slåtten frå krøtera, hadde dei ei sæter eller støyl på sørsida av dalen, den var kalle Lostøylen. Der skulle krøtera gå til dei var ferdige med slåtten på Høgesætra. Då hadde dei krøtera dit, truleg kring olsok, 29. juli. Der hadde dei vådegard for at krøtera ikkje skulle gå seg utføre og i Gjølet. Og dei måtte ha gjætarar til å passe på buskapen. Denne gjætinga var like mykje for å halde dei borte frå der som det var fårleg som for å passe dei frå udyr. Det fortelst at det var desse gjætargutane eller "tular" som dei vart kalla, som har bygt opp den varden som vi ser på fjellet når vi ser opp frå Lotunet.

Palmesøndag 1796 var det ei sørjeleg hending som skaka opp folket både i Loen og i Olden. Det var 8 mann som skulle ro i ein fering frå Loen til Olden. Det seiest at det var i pent ver, men ut ved Tyvaneset kvelvde båten og alle dei 8 sette livet til, og dei fann heller ikkje igjen nokon av dei. Der var ingen frå Logarden, dei fleste var frå Oldedalen, desuten var ein frå Oldeøyra og ein frå Nesdal. Segna fortel ikkje noko om kva ærend dei hadde, og korleis ulukka bar til. Men dette var sambygdingar og slekt og vener, så vi skjønar det vart eit sårt minne i lange tider.

Opp til overordna kapittel

2.5 Anders Salvesen Sande (brukar 1802)

Også denne bonden på Sjurebruket døde tidleg, 42 år gamal i 1801. Vi ser at mange av brukarane døde i sine beste manndomsår før dei fekk setje varande merke etter seg som det gjekk gjetord av på garden. Kona heldt fram med bruket, og i 1802 gifte ho seg med Anders Salveson Sande. Då borna ikkje var myndige, var stykkfaren brukar. Elste sonen Ola var 18 år, Jon var 15 år og Lasse 12 år. Kva dei to yngste gutane tok til med då dei vart vaksne veit vi ikkje, då vi ikkje har funne nokre fleire opplysningar om dei. Den elste sonen Ola fekk skøyte på bruket i 1802, men det var Anders Salveson og kona som styrde bruket i dei første åra han hadde skøyta. Men Malene, mor hans, hadde slete hardt i dei vanskelege tidene som dei opplevde i desse åra. Ho fekk berre så vidt sjå borna sine vaksne, og ho døydde truleg før sonen Ola var gift og tok over bruket i 1807. Anders levde i mange år som kårmann på bruket. Han døydde 85 år gamal i 1855.

Gå til starten av dokumentet

3. Hungersår frå 1783)

3.1 Ola Rasmussen og Jannike Rasmusdatter
3.2 Jannike - Sæten og Breng
3.3 Jannike og situajonen på Sjurebruket
3.4 Krig og fred (1814)
3.5 Sølv til grunnfond i Norges bank
3.6 Potet og Potetprest
3.7 Ny røykstove (tømmeret, transport og saging)
3.8 Ny røykstove - Utgraving og kjellar
3.9 Ny røykstove - Bygging av stova i 1837
3.10 Bryggjing, dugnad og utedo
3.11 Anders Olsen skøyte 1846 og Olina Arentsdatter Rake
3.12 Nystove
3.13 Borna til Ola Rasmussen. - Anders
3.14 Borna til Ola Rasmussen. - Rasmus, Bendikt og Malene

Opp til overordna kapittel

3.1 Ola Rasmussen og Jannike Rasmusdatter

Han Ola (son til Rasmus Olsen) var 24 år gamal då han tok over bruket og gifte seg med Janikke Rasmusdotter. Ho kom frå Perbruket br.nr. 1 på Sæten. Ho var 5 år eldre enn han, og såleis i sin beste alder då ho skulle take til på Sjurebruket. Ho hadde heller ikkje nokor svigermor som kunne gje henne hjelp eller rettleiing, for ho døydde anten strakst føre nykona kom til gards eller strakst etter.

Opp til overordna kapittel

3.2 Jannike - Sæten og Breng

Sjøl om ikkje garden ho Jannike kom frå var så stor, så hadde dei mange gode lunnende på Sæten. Såleis hadde dei i gode år framifrå beite på Breng. Der hadde i mellomalderen vore to sjølstendige bruk med eiga skyld, og dei er nemnde i gamle dokument fram til 1469. Garden vart lagd øyde ein gong kring reformasjonen av ei stor vassdemme som kom ifrå Brengsdalen. Segna seier at folket frå det eine bruket hadde fare bort då dei var redd for ovanfåre, på det andre bruket vart dei verande heime, og då vassdemma fløymde over alle bøane og reiv bort husa,sette dei livet til. Breng vart seinare eit underbruk til Sæten, og vart nytta til sæter. Der kom groden svert tidleg til om våren, og når det var våtsommarar var det eit frodig beite like til hausten. Det gjekk eit ord på Sæten som har halde seg til denne dag, at ein måtte ikkje fore kyrne for sterkt om vinteren, for det var når dei kom til Breng dei skulle få utbytte av mjølka.

Omlag alle bruka på Sæten har gamle ætter sitjande på gardane. Og på mange av dei er det nemnt at dei hadde "god formue". Sjøleigarar hadde dei og vore sidan kring 1700. I mellomalderen budde det ei rik slekt på Sæten. Sæten var den gongen berre eitt bruk. Den første vi høyrer om heitte Ellend, han høyrde til i 1300 talet. I 1401 ver det fortalt om kor mykje jordegods han let over til sonen Jon Ellendson. Det syner seg at han åtte omlag alt i Ytre Nesdal, Hogrenning, Helset og Breng utan om eigedomen på Sæten. I 1469 får vi høyre om at dotter hans Ulvhild Jonsdotter har moteke eigedomane hans, og då har ho i tillegg til det som er nemnt som faren åtte også fått eigedomspapir på Yri i Olden, Felde på Breim og Lefdal i Eid. Ho var vel av dei rikaste jordeigarane i Nordfjord på den tid.

I 1563 et der to mann som legg skatt på Sæten. Den eine, Laurits Mogenson, er lagrettemann i 1584. Det er truleg at han slektar til Ulvhild Jonsdotter. Dette finn ein i Bygdeboka (side 645, 646, 649 og 650). Den andre som legg skatt er Rasmus Settenn, han betalar 1/2 dl. 9 skil. i skatt for jordegods. Om han vert det sagt i 1626 at han hadde "god formue". Han kan kanskje ved slektskap ha fått noko av Ulvhild sin rikdom frå 1469. Rasmus er den første vi høyrer om på Perbruket br.nr. 1, og han er ættefar til den Janikke Rasmusdotter som kom ved giftarmål frå Perbruket til Sjurebruket.

Opp til overordna kapittel

3.3 Jannike og situajonen på Sjurebruket

På begge sider til Loenvatnet var det store vidder med utmark, beite og skogaslått, som høyrde Sæten til. Sjøl om somme av bruka hadde lite åker og slåttevidde heime, så var der så mange lunnende til garden at dei var rekna for store og gode gardar. Og dei hadde lært seg til å nytte vel ut desse godane som dei hadde. Janikke hadde sikkert fått ei god oppskuling, både med utearbeid og med sætergonga til Breng om sommaren og med veving og spinning og mange huslege gjæremål om vinteren. Det kom vel med for i dei første åra ho var i Sjure var det både uår og noko av dei trongaste tidene som folk hadde opplevt. Husa på garden var og svert gamle. Dei Sjurekarane som hadde vore der tidlegare, hadde halde vedlike dei gamle husa så dei var brukande, og dei hadde sett fram til den dagen dei var komne så godt i veg at dei kunne fare ut i Markane og kjøpe seg husetimber. Men i fleire generasjonar hadde dei gått bort før dei kom så langt. Der kom nok nye brukarar som gifte seg med enkjene, men det var ikkje det same med slike som kom inn på garden og ikkje hadde nokon som skulle ta til etter seg. Det vert ikkje eit slikt storarbeid dei då går i gang med.

Å kome så langt at dei fekk nye hus på garden var no den store planen for dei to nygifte på Sjurebruket. Men så kom desse uåra og hungersåra på, og borna kom til og kravde sitt og det vart fleire munnar å mette. Dei laut difor vøla på det gamle best dei kunne, og slå frå seg tanken om byggjing for det første.

Opp til overordna kapittel

3.4 Krig og fred (1814)

I denne tida var det krig med Sverike, og det vart utkommedert folk både i 1807 og i 1814. Vi har ikkje funne noko dokument som fortel om at nokon frå Sjurebruket vart utkommanderte i krigen. Men då ein knapt nok har full greide på alle som døde i krigstenesta, så er der nok mange som har vore ute i krigsteneste og kome velberga heim igjen som ein ikkje har nokor melding om. Dette er eit ope spørsmål som ein ikkje sikkert kan gjere greide for.

I 1814 vart Noreg løyst frå Danmark og fekk si grunnlov på Eidsvoll, med den danske kronprinsen Kristian Fredrik til konge, men ut på hausten gjekk han av og for attende til Danmark, og Noreg kom då i samband med Sverike med same konge. Alle desse spanande omveltningane i landsstyringa gav lite omskifte på dei små gardane her. Presten fortalde om det i kyrkja, og det vart kungjort om val på kyrkjebakken. Men dette var om vinteren og utsendingane til valmannsmøte som var i Sogn nådde ikkje fram, så der var ingen frå Nordfjord prosti som vart utsending til riksforsamlinga som vart halda på Eidsvoll og som laga grunnlova av 1814.

Opp til overordna kapittel

3.5 Sølv til grunnfond i Norges bank

Krigen hadde kravt store skattar, så folk hadde tidsnok å halde den verste armoda borte. Men så i 1816 vart Norges Bank skipa, og folk vart pålagde å betale inn aktier med sølvdalar. På Sjurebruket hadde dei vel lagt opp nokre dalar med tanke på å hjelpe seg når dei no skulle byggje nye hus, men dei såg seg nok ikkje råd til å verte aktionærar i Norges Bank med dei sølvdalarane dei så vel trengde til anna føremål.

Men så kom det krav om at det var plikt å sende inn sølv til grunnfond for banken. Ervesølv og dalarar og skeier og det sølv dei hadde, trengde no dei styrande for å få ordne pengestellet i det frie norske riket som no skulle byggje opp sitt eige pengestell.

Han Sjur Ola kunne nok ha greidt å gøyma undan det vesle sølv som han hadde av pengar eller ervesølv som høyrde garden til, for nokon store rikdomar hadde dei ikkje. No har nok han og kona vorte samde om at dei fekk greide seg enno nokre år i dei gamle husa, og vere med og støtte dette kravet som var kome frå Norges Bank og staten. Om det var nokor fedrelandskjensle som spela med veit vi ikkje. Men dei kjende det kanskje slik at no hadde dei kome seg over vanskelege hungersår, og dei hadde vorte sparde for menneskeliv i krigen, dei fekk gjere noko dei og fordi dei hadde liv og helse, og fekk sitje trygge med sine på den garden som hadde høyrt dei til gjennom mange slektled.

I alle høve så vart det tala om det med nokre av grannane, som han visste også hadde sølv til råvelde, og dei var tre som gjekk saman og løyste inn eit aktie i Norges Bank. Dei to grannane som var med var Abraham Byrgeson på Erkebruket br.nr. 1, og Halkjell Olsen som var komen frå Haugen og var brukar på Framigardbruket, br.nr. 8. Dei fekk eit sølvskattebrev, som det var kalla, med kongens stempel på. Det gav dei kanskje ei kjensla av at også dei og var med mellom dei som gjorde noko for alt det nye som no melde seg.

Opp til overordna kapittel

3.6 Potet og Potetprest

I desse tider nemner dei at dei tok til å dyrka dei første potetene i Loen. På prestegarden i Innvik hadde sokneprest Johan Sigfrid Cammermeyer teke til å dyrke poteter. Han kom til Innvik som sokneprest i 1806 og var der til han slutta som prest i 1843. I Bygdeboka (side 148) står det: 'Han var varmhuga for jorddyrking". Han er kanskje den første som har dyrka poteter på desse kantar, og han har kanskje hatt interesse av å spreide det rundt i det vide prestegjeldet. Elias Skinlo frå Breim fortel at då Innvik kyrkja var bygd i 1822, fekk oldefar hans som var med og bygde kyrkja, poteter med seg av sokneprest Cammermeyer heim til Breim, og det skulle vere dei første potetene som kom der til.

I hans eige prestegjeld var poteta kanskje kjend noko tidlegare, men folk hadde lite skjøn på kor ho skulle brukast i den første tida. Somme meinte at det var potetepla som vaks på stilken ein skulle bruka til mat, vert det fortalt etter gamalt. Det tok nok ei tid før ho kom skikkeleg i bruk i hushaldet. 'Sidan har poteta vore til hjelp i mang ein vanskeleg situasjon.

Opp til overordna kapittel

3.7 Ny røykstove (tømmeret, transport og saging)

Etter kvart vaks no borna til og vart til stor hjelp. Dei hadde no fleire gutar som var i vaksen alder. Dei fekk leggje i veg no dei hadde folkehjelps og i alle høve hogge og få heim tømmeret til den nye røykstova. Så var det å niste seg ut og ta gutane og hesten med seg og fare ut til Dalemannen og få kjøpe skog på rot, og hogge og køyre det ned til Faleide. Arbeidet gjekk godt undan for dei var svert huga på nytt hus både dei eldre og dei unge.

Då våren kom låg det ein stor lunne med material ved sjøen på Faleide. No var det å få båtar og mannskap med seg, for no skulle tømmere på sjøen og bindast saman i flåte, og så skulle ein med båtane ro flåten inn til Loen, beinleies er det vel ei og ei halv mil å ro. Dette var eit seigt arbeid som kravde sterke og uthaldande karar.

Når dei så kom til Loen var det å drage dei tunge stokkane iland og lagra dei på Naustbakketeigane. Her vart det så setje opp stilas for å få saga tømmeret. Det var to mann som hadde arbeidet med saginga, og det laut vere vande karar. Ein stod oppe på stilaset og ein ned under. Også dette var eit langvarigt og seigt arbeid.

Når alt var ferdig oppsaga vart det ny dugnad, og no med hest og mann. Og no var det ofte at lokarane ville prøva hestane og sjå kven som hadde sterkaste hesten. Dei sparde ikkje å lesse på, og det galt no at hesten ikkje stogga før han hadde fått det over den verste kneiken. Det gjekk på æra laus om hesten stogga og ikkje greidde å løyse lasset igjen, og dei måtte sprette frå og få ein annan hest til å ta lasset fram.

Opp til overordna kapittel

3.8 Ny røykstove - Utgraving og kjellar

Så var det tufta til det nye huset. Det skulle vere kjellar under heile huset, og det skulle mengder av stein til. Det galdt å finne passeleg stor hellestein, og så la dei han i leire som skulle binde muren saman. Under der røykomnen skulle vere måtte dei leggje eit breidt steinlag like opp til golvbjelkane.

I kjellaren vart det laga til binge for potetene. Så var der ei stor og romsleg gruve der det var høve å ha to tunne kjelar jamsides eller to steikeheller for flatbrød. Frå gruva gjekk det ein stor skorstein av gråstein opp på taket. I gangen oppe var det og laga ei gruve i samband med same skorsteinen. Den gruva var brukt til storvask av hus og klæde, og til å svida buster av grisehovud og labbar, og for ymse andre ting. Gruva i kjellaren var brukt når dei bryggja øl og baka flatbrød.

Opp til overordna kapittel

3.9 Ny røykstove - Bygging av stova i 1837

No skreiv dei 1837 då dei kom i gang med husebyggjinga for godt. Det var same året som Lokyrkja vart bygd. Han Sjur Ola gjekk når han hadde ei ledig stund og såg alt tilrettes med husebyggjinga. Han vill ikkje spare på nokon ting, og det skulle vere slik som han hadde sett det i andre bygder. Ei stund tenkte han på å få ein av dei store malmomnane, som han hadde høyrt at dei hadde i prestegarden. men det var å gjere seg alt for stor mellom grannane, og ikkje hadde han pengar å koste på det han kunne spare. Det vart til det at han bygde ein røykomn i eine kråa, det var og ein føremun fram om den opne grua midt på golvet.

Sjuregamlestova Loen

Dør frå koven og ut i gangen det ville han ha. Han skulle bli den første i bygda som våga seg til med det. Det var fleire gamle som hadde råda han ifrå. Kårmannen han Anders Salveson var utolug, og spådde at dei skulle bli ille plaga av dei underjordiske, når dei slapp inn i koven utan å måtte gå inn i stova først. Ikkje ville han utsetje borna for at huldrene skulle kunne kome seg så lett til å byte dei til seg. Han Ola meinte at no fekk det vere slutt med å tru på tuss og troll. Han hadde funne ut at gav ein seg til å sjå etter så var det berre naturlege ting alt. Dei skulle få sjå at det kom ikkje til å bli bygd ein einaste kove utan at han hadde dør ut i gangen.

Opp til overordna kapittel

3.10 Bryggjing, dugnad og utedo

Han Ola var glad for at det var så godt kornår i fjor, og dei fekk vel i hus både hommel og havre. Melta og bryggja hadde han gjort fleire gonger, for ein laut hjelpast åt grannane med eit slikt storarbeid. Det var fleire dugnader, og då måtte ein alltid ha øl til dei som var med. og det for vel å ha noko å by på, for det var svert som dei fekk arbeidet til å gå. Det var og reine festdagar. Såleis då dei skulle tekkja den nye røykstova, med never og torv. Det var ein fin dag, og det møtte fram så mange at dei greidde å få ferdig arbeidet på ein dag. Det var ein sommar som både han Ola og ho Janikke kom til å hugse. Men dei kom frå det med helsa, endå det hadde vore eit strævsamt år

Røykstova var både vel frå seg gjort, og såg godt ut då ho var ferdig, like att med vegen opp til kyrkja. No fann han Ola ut at når dei hadde byggjinga for seg så skulle dei og få bygt eit utedo. Det var ikkje vanleg at dei hadde det den gongen. Dei hadde uthusa som dei smette seg inn i når det var lyst. Utedoet bygde han inn til koveveggen på vestsida. Han sette opp halvetak inn til veggen, og klædde dei tre andre veggane med bord.

Opp til overordna kapittel

3.11 Anders Olsen skøyte 1846 og Olina Arentsdatter Rake

Ola og Janikke hadde ordna seg godt i si styringstid, men no var Janikke død i 1841, og Ola tykte at sonen fekk sleppe til, og han ville ta seg kår. Anders fekk skøyta i 1846 og gifte seg. Her har truleg foreldra hatt eit ord med i laget kven som skulle verte den nye husmora på Sjurebruket. For her fekk dei byte med Framigard på Rake br.nr. 5. Olina Arentsdotter Rake vart den nye kona på garden, og søster hans Anders, ho Malene, vart gift med Arent Arentson. Slike søskenbyte kom ofte i stand med foreldra si hjelp. Vørdnad og medel hadde mykje å seie i eldre tid. Ved at dei gjorde slike søskenbyte for ikkje heimanfølgje som ei dotter alltid måtte utstyrast med, ut på vidda. Og dei kunne på den måten verne betre om den medelen som høyrde garden til. Slike tankar kan nok ha lege til grunn for dette ekteskapet og. Han Ola var nok av dei som tenkte både på medelen og vørdnad, og hadde auka det noko i si tid. Kring 1720 hadde Arent-namnet kome frå Fosnes i Oppstryn. I denne slekta på Rake vart mange flinke og evnerike folk. Dei same evnene og framtaket finn vi og hjå borna til Malene og Arent Rake. Ei av døtrene, Gjertrud, kom nok til å bli verande på ein liten plass på Rake, men ho var den første jordemora vi veit om i Loen. Eit anna av borna, Arent, for til Amerika og slo seg ned i Iowa og tok seg land. Der grunnla han ein by som fekk namnet etter heimstaden Rake. Han fekk jarnbanestasjon der, og dreiv sjøl bankverksemd, og var den som sette alt i sving og fekk stor framgang i det distriktet. Dei var mange søsken og alle synte seg å vere framtøke med gode evner.

Opp til overordna kapittel

3.12 Nystove

Ho Olina og han Anders hadde moteke Sjurebruket godt på stell og med den nybygde røykstova. Men dei andre bustadhusa var og til forfall. Anders bygde difor strakst nystove på garden. Den var delt i ei stor stove, der ein hadde kister, gangklæde og sengklæde. Der var og to sengar til bruk om sommaren. Så var der eit lite kammers, men det var ikkje større enn at der var rom til ei seng og ein stol. Senga gjekk frå vegg til vegg og var fest til veggen. Det var tenestgjenta som hadde romet sitt der i sommarhalvåret. Der var eit lite glas med ei rute i veggen rett over senga. Ved sida av dette kammerset var der ein liten gong med trapp opp til loftet, der var det ymse klæder, ein høvelbenk inn med glaset. Der var og skomakar verkty og andre reidskap av ymse slag.

Når ein kom inn i gangen så var der til venstre av huset ein svalegang langs heile nystova. Der hadde dei gogn (vevstol) bom (renningestol) og fleire spinnerokkar, og andre husreidskap stod der når dei ikkje var i bruk. Der var også ei kiste og ymse andre ting i denne svalegongen.

På den andre sida av huset var det svalegang så langt som stoverommet fram til kammerset. Der var det ein open inngang mot nord. Der hadde dei rispelauv, serleg alm, som dei turka og bruka til grisefor. Sjurebruket hadde leigt ein teig med alm av Oppigardbruket på Sæten. Den låg opp under fjellet mellom Sande og Breng. Der var dei ein dag årleg og rispa lauv, dei bar det på ryggen i sekker eller gamle kvitlar (sengteppe) ned til vatnet, rodde det til Vassenden oq køyrde det der ifrå og heim. Der måtte dei legge det utover til turkings på kvorv før dei kunne legge det saman i stål inne i svalgangen. Dette slutta dei med kring 1915.

Opp til overordna kapittel

3.13 Borna til Ola Rasmussen. - Anders

Kårmannen Ola Rasmusson døydde i 1853. Han hadde fått mykje gjort i si tid, og det hadde vore mang ein slitsam dag. I hans tid var det a komunelova kom i 1837, og Stryn vart eige herad i 1842. men vi høyrer ikkje noko om at han blanda seg opp i det komunale styre og stell, og slik vart det også med den nye brukaren, han Anders.

Han Ola og ho Janikke hadde desse borna som vi kjenner til. Anders fødd i 1807. Her er den faste namneskikken som var i den tid broten, meddi guten skulle ha fått namnet Rasmus etter bestefar sin på farssida. Dei hadde kanskje hatt ein gut tidlegare som døde som barn. Vi kan hugse at dette var i dei hardaste hungersåra, då dei ofte måtte blande bork og mose saman med mjølet, og frå soga veit vi at det var mange born som døde i sine første år i den tida. Anders er kanskje oppkalla etter stykkfaren Anders Salvesson Sande, som gifte seg med mor til Ola, Malene, i 1802, for også far til kona hans Ola heitte Rasmus.

Opp til overordna kapittel

3.14 Borna til Ola - Rasmus, Bendikt og Malene

I 1815 får dei så den andre guten og han kallar dei Rasmus. Om dei hadde hatt ein son før som heitte Rasmus, så kunne han vere død, men det hende og at dei kunne ha to søner med same namnet for å følgje namneskikken. Då Rasmus var vaksen reiste han ut til kysten og i 1853 kjøper han og får skøyte på garden Øvre-Myklebust på Bryggja i Rugsund sokna i Davik. Han var visstnok ugift, og i 1860 sel han og skøyter frå seg garden. (Jacob Aaland: Nordfjord frå gamle dagar til no. 11 Dei einskilde bygder. 4 Davik. side 372). Den tridje sonen heitte Bendikt. Han var fødd i 1818. Han halta noko når han gjekk, og han lærde seg til skomakar. Då han var vaksen for han til Nordland og dreiv skomakarverksemd for ein vereigar og handelsmann. Seinare kom han attende til Loen, og var buande på Sjurebruket. Han var ugift.

Malene var einaste gjenta, ho var fødd i 1822, og oppkalla etter bestemor si på farsida. Ho vart gift med Arent Arentsson Rake.

Gå til starten på dokumentet

4. Dagleg liv og arbeid (frå 1807)

4.1 Anders Olssen (f. 1807) og Olina si styringstid
4.2 Ola Anderssen(f. 1847)si styringstid. Familie

Opp til overordna kapittel

4.1 Anders Olssen (f. 1807) og Olina si styringstid

4.1.1 Anders Olssen og familien
4.1.2 Anders og slått i utmarka
4.1.3 Utslåttar for garden Loen
4.1.4 Olina (kvinnene) sin arbeidsdag

Opp til overordna kapittel

4.1.1 Anders Olssen og familien

Om Anders og Olina veit vi ikkje så svert mykje. Dei var strevsame og flittige på sin eigen gard med dei gjeremåla som der var. Han Anders hadde styringa ute med garden og skogen. Og ho Olina hadde utan om husstellet og fjøsen om vinteren, arbeid med å syte for klæde, både gongklæde og sengklæde. Ho hadde også born som vaks opp og kravde sitt stell.

Anders og Olina hadde fem born. Det var fire gutar og ei gjente. Jenta Janik, var den elste, ho heitt etter bestemor si. Så var det han Ola som var oppkalla etter bestefaren. Så var det Arent, han var oppatkalla etter bestefaren på Rake. Den tredje guten kalla dei Lars, kanskje venta dei endå på ei gjente sidan dei ikkje kalla han opp etter bestemora på Rake. Denne guten høyrde vi ikkje meir om då han skulle ha vore vaksen, så han døde truleg ung. Dei fekk endå ein son og den kalla dei Rasmus. Truleg ville dei nye oppatt Rasmus namnet, det har alt vore 6 brukarar med namnet Rasmus frå den første vi høyrer om i 1602.

Av den søskenflokken høyrer vi om dei første frå Sjurebruket som for til Amerika. Det hadde nok fare folk frå Loen tidlegare, men det var vel i 1870 åra, at den store amerikafeberen tok til.

Arent var den første som fekk hug å fare over havet. Han var ung då han for kring 1870. Han fekk seg land i Amerika og dreiv som farmar. Han gifte seg med ei kvinne som var frå Lillestøl i Hornindal. Dei fekk ikkje born og Arent døde i sine beste år. Det var visst ikkje så mykje han hadde samla av dollar. Det vart heimsendt noko klæde etter han då han gjekk bort. Mellom anna fekk han Ola ein dress, diplomat frakk. Det var noko han Ola aldri kom til å bruke, og han gav dressen til Loen ungdomslag, dei nytta han i skodespel der det skulle vere embetsmenn eller storfolk.

Rasmus var spelemann då han var heime, og han spela vel til mang ein dans før han for til Amerika. Det fortelst at det var noko mellom han og ei jordegjente. Men foreldra hennar hadde funne ein som hadde meir medel og det laut ho bøye seg for. Rasmus for til Amerika og busette seg i Benson i Minnesota, og han tok seg land, 280 acre i 1877. Han gifte seg i 1879 med Dortea Bødal. Ho var frå Samelbruket. (om dei som for ut frå Sjure6ruket og etterkomarane deira vert det fortalt om i ei eigen bok seinare.)

Opp til overordna kapittel

4.1.2 Anders og slått i utmarka

Han Anders gjekk opp i det daglege arbeid heime. Mest interessert var han i å skaffe byføring frå skogen. Det var bjørk til famneved og hassel til tunneband. Kvart år for han sjøl til Bergen med byføring saman med andre av grannane. Truleg var Lojekta også i bruk i førstninga av hans styringstid. Det seiest også at han Anders hadde ei serleg omsut for slåtteteigane sine i utmarka. Bestefar min sa ofte at far hans rudde ikkje bort runnane som vaks opp på heimebøen, men i skogaslåtten rudde han bort kvar ein kvist som vaks inn på slåtteteigen.

På Neste Kleiva hadde Sjurane beste skogaslåtten sin. Der var det så fint og frodigt at på somme sletter kunne ein bruke langorv, og der sette dei opp hesjar og turka høyet i. Det hende sjelda at dei låg der om natta, men gjekk heim om kvelden. Men dei hadde slipestein der som dei snudde så dei kunne kvesse ljårne når det trengdest. Denne lada passa han Anders godt på og la på næver og torv når han såg det trengdest. Det var mykje av vinterforet dei samla inn på denne måten, og heile huslyden var med. Denne slåtten heldt dei fram med til 1900. Sjure kleivalada ver den siste som stod igjen i denne slåttemarka, ho var så vel vedlikehalda så ho stod til etter 1930.

Som før nemnt vart høyet teke heim på høyslodar om vinteren. Ein køyrde med hest opp til Gjølet og tok høyslodane på sleden og køyrde dei heim der ifrå. Dette arbeidet var gjort med dugnad og det gjekk for det meste svert godt. Men i 1827 då dei på Monsbruket skulle take høyet heim, kom det ei snøfonn og Rasmus Anderson som då hadde fått skøyte på Monsbruket og broren hans kom inn under fonna og sette livet til. Rasmus var ugift, og ein annan av brørne hans som heitte Mons fekke skøyte og heldt fram på bruket, etter han er det bruket har fått namn.

Opp til overordna kapittel

4.1.3 Utslåttar for garden Loen

Etter opplysningar frå Lars A. Loen hadde Logarden slått på desse stadane:

Innanfor Smalegjølet og til Tjugen sitt merke: Øvste Berget, Neste Berget, Nakkana, Løndaslettet, Nakkeslettet, Hatlefletene, Bjørkefletene, Neste Støylen, Øvste Støylen. Dei fire siste låg att med smalevegen og det var husmennene som slo der. På Neste Støylen var det ein stor heller, der dei la høyet inn under når det var turt, og drog det heim på snøfør om vinteren. På dei andre slåtteteigane var det nokre som hadde skogalader til å ha høyet i. Sjurebruket hadde ingen slått der som ein kjenner til.

Utan for Smalegjølet låg desse slåtteteigane nedan frå og opp over: Knutesvedene, Rota Kleiva, Neste Kleiva, Øvste Kleiva, Antunssvedene, Halsteinsvedene, Hamnen, Lida og Høgesætra.

Vestan for låg Kopane og Styggeskårane.

På alle desse stadene utan om Styggeskårane var det skogalader.

Ovanfor Lotunet og ut til Tungegjølet låg desse slåtteteigane. Neste Volleberget, Øvste Volleberget, Gjeitastøylen. Lenger vest kom Kalvsvedene, Bokhammarsvedene, Glerene, Omnen og Rausvedene.

I lida mot Rake sitt merke låg desse teigane: Buskårflåten, Korsvikesvedene, Svorabakken, Magnebakken, Kupesvorene, Langesvadet og Hella. Desse slåtteteigane var ikkje så gode og dei var dei første dei slutta å slå ein gong i siste halvparten av 1800 talet.

På sørsida av fjorden frå Vikakråna var det slåtteteigar i Markuskleiva, Hamnen, Utigardsneset, Lyngbakkana, Svartesvedene og Engjane. Her slo Erkebruket og Markusbruket dei 3 inste teigane kvar for seg. Den andre slåtten var delt slik, 6 bruk slo Lyngbakkane og Svartesvedene og dei andre 6 slo Engjane. Og så skifte dei annakvart år, slik at dei som slo Engjane eit år, dei slo den andre slåtten det andre året. I det eine skifte var Sjure, Magne, Mons, Framigard, Knute og Halstein. Til denne slåtten møtte dei opp alle 6 same dagen, og dei slo seg helst ferdige på ein dag. Høyet bar dei til sjøen og førde det i båt over fjorden til Loøyra. Der delte dei slåtten, dei tok det i fanget og delte det i 6 dungar. Ein mann vart så blinda og skulle seie kva dunge kvar skulle ha. Etter på bar eller køyrde dei høyet kvar til sine teigar og hesja eller turka det på marka der. Denne slåtten har vel ikkje vore i bruk etter 1900.

Det var ein strevsam slått, men det var rekna for godt og verdfullt for, og det gjorde at dei kunne vinterfore fleire dyr. Vi har høyrt at Anders heldt vel i stand skogaslåtten, serleg på Kleiva. Og vi har høyrt om andre som og heldt skogaslåtten felt gjev. Det vert fortalt at det var ein mann som bytte bort ein slåtteteig på Looyra i ein slåtteteig på Høgesætra. (Om skogaslått og skogalader har eg sendt inn til Instituttet for sammenlignende kulturforskning, eit kart over utmarka i Loen med namn påsette på kartet av denne slåtten og dei skogaladene som Lars A. Loen kunne vise kvar dei stod.) (sjå kart over utmarka side 92-96) .

Opp til overordna kapittel

4.1.4 Olina (kvinnene) sin arbeidsdag

Så snart avlinga var koma i hus var det å få fram rokken når dei hadde ei ledig stund. Det var spøtgarnet som dei tok til med først om hausten, det var mykje arbeid som sleit hardt både på sokkar og vottar, elles var det huver og vestar og spøta trøyer og andre ting. Ho Olina hadde sikkert også terne, og då hende det vel ofte at det var to rokkar i stova. Det var i den store røykstova at all denne heimeindustrien gjekk for seg. Når dei var ferdige med spøtgarnet, tok dei til med garnet til det som skulle vevast. Til jul skulle dei vere ferdige med varpet (det er renningen i veven). Til jul måtte alt rydjast ut, og då var det gjort riktig storvask. For jul skulle det haldast like til trettande dag. Etter jul kom så rokken atter på plass i stova, og då var det å koma igang med å spinne veft (innslaget i veven). Det galdt å kome i gang med vevinga, for alt måtte vere ferdigt til dei tok til med vårarbeidet ute på marka. Det var helst ei skam å la vever- stå i gogna over sommaren. Når borna vart så store at dei kunne hjelpe til måtte dei karde opp tullar og vinde opp i nyste tråden av sneldene.

Det var bygdehandverkarar som laga rokkane og kardene. I dei fleste bygder var det ein eller annan som hadde dreiebenk, og dei laga rokkar som dei selde. Den siste her ikring som laga rokkar, var truleg Anders Meland i Oppstryn. Han arbeidde rokkar like til 1920-30. Karene var det og handverkarar som laga, og dei for sjøl ikring og selde varene sine.

I februar måtte heldst vevinga vere komen i gang. Først var det bommen (renningestolen) som måtte inn i stova for å få istand renninga til veven. Her hadde dei eit hol i beten i stova som dei sette bommen opp i, på golvet under hadde dei eit trestykke der det var skore ut ei hole i treet som bommen skulle gå i, der smurde dei med feitt så det skulle gå lett. Det var ein høgtidsdag både for born og vaksne då han Anders kom inn i stova med gognstolane og det andre utstyret og sette gogna (vevstolen) saman. Det var mange omsyn å ta når ein skulle rulle veven på gogna. Veven måtte kome beint på så han i.kkje vart slakk i eine kanten, og ein måte strame renningen så der ikkje kom snur på tråden, og elles få han jamt utover så han gav godt skil når ein skulle til å veve. Og no vart det ei hard tid for ho Olina og terna og seinare dottera då ho vart vaksen. No kappast husmora og tenstgjenta om kven som fortast kunne fylle alna, dei hadde eit band i veven som dei melte alne med, og som dei fløtte i veven etter kvar aln dei hadde vove.

Det var mange vevar som skulle verte ferdige før våronna tok til. Det var vadmål til gangklæde, helst til karane. Så var det enskjeft til underklæde både for kvinner og menn, og det var tøy til kjolar og skjørt og trøyer. Ofte vov dei det med mønster i tøyet. Så var det sengklæde, kvitlar, tepper og ryer som skulle vevast. Det skulle mykje til i alle sengane, og ho Olina var slik at ho også gjerne ville ha eit godt lager, som ho synte fram når slekta eller andre kom der i gjestebod. Sengklæda hekk på stenger i nystova. Åklæder var den mest kunstferdige vevnaden. Der skulle det vere mange fargar og mønster. Det var nytta til overbreidsle på senger, og prydnad på veggane. Dette var den industrien som ho Olina laut syta for vart gjort. Liknande heimeindustri var i gang rundt om på alle gardane.

Men ho fekk ikkje ha stova for seg sjøl. Om kveldane og når det var styggever så karane ikkje kunne gå på skogen kom han Anders med bandeknakken inn i stova. I den første tida hadde han kanskje hjelp av kårmennene. Han Ola livde 7 år etter han kom på kår og han Anders Salveson vart svert gamal og levde endå i 3 år til. Han Anders, som for til Bergen med si eiga byføring, laut drive på å lage så mykje band som råd var til byføringa. Han hadde stor og fin hatleskog og stelte han vel. Når det leid på våren kom også bonteforma inn i stova, den la dei helst opp på ei tynne eller liknande. Dei laga og bjørkevier som dei batt dei ferdige bontane saman med. Det var såleis ein stor heimeindustri i stova om vinteren, der skulle også borna lære leksene sine i det svake lyset frå kola. Oftast om kvelden var det berre det veike lyset frå kola og skinet frå omnen dei hadde å hjelpe seg med i heile stova. Dei hadde sjøle støypt opp mange talgalys, dei kveikte dei når det var noko sers om å gjere i stova. Lysa brukte dei og i sjålykta når dei skulle i fjøsen og til andre rom etter det vart myrkt.

Opp til overordna kapittel

4.2 Ola Anderssen(f. 1847) si styringstid. Familie

4.2.1 Ola Anderssen og Olina Antonsdatter
4.2.2 Ola - politikk og arbeid
4.2.3 Bendikt - kyrkjetenar
4.2.4 Omgangsskulen og Martines Melheim
4.2.5 Antunsbruket- Helga Antonsdatter og Loøyra
4.2.6 Antunsbruket- slekt frå Jørnbruket på >Sæten
4.2.7 Antunsbruket - slekt frå Gjerstun i Bødal
4.2.8 Kristina, Andrine og Anders reiste til USA
4.2.9 Olina og Monsbruket

Opp til overordna kapittel

4.2.1 Ola Anderssen og Olina Antonsdatter

Om han Ola som vart verande heime er det fortalt at han var svert interessert i fiske i barne og ungdomsåra. Det var både med båt utpå Lobukta etter torsk og småfisk som smelte (kviting) hyse, flyndre og annan fisk. Og i elva der fiska han laks og øret. Det seiest at mor hans klaga seg for han at ho visste ikkje kva ho skulle gjere med all fisken han bar heim.

Då Ola var vaksen ville han gjerne ha noko for seg sjøl å ta til med. Av borna til Anders og Olina var det då berre Rasmus som ikkje var så gamal at han var konfirmert. I han Ola var det så mykje futt og fart at for han først heimanfrå, så fann han seg gjerne noko der som heldt han fast så han ikkje kom heim igjen. Dei let han få skøyte på garden då han var 19 år i 1865. Det var og så lagleg at det her og høvde med søskenbyte. På grannegarden i Antuns hadde jordeguten ei søster, Olina, som då var godt over 20 år, og endå ugift. Her var det høve å ordne seg med eit byte. I sitt 20. år gifte Sjur Ola seg med Olina Antonsdotter. Same året gifte Ola Antonson seg med Janikk Andersdotter. Det var to jamstore bruk, og tilhøva var svert like. Dette verken auka eller minka medelen for dei to Lobruka.

Hjå han Ola og ho Olina på Sjurebruket vart huslyden snart stor. Han Anders og ho Olina var på kår. Dei tok ikkje ut serleg kår, men dei gjekk til bords saman med dei andre husfolket. Ola og Olina fekk og ein heil barneflokk etter kvart. Det vart 3 jenter og 3 gutar. Det var Olina, Kristianna, Andrine, Anders, Andreas og Lars.. Anders døde 76 år gamal i 1883 og Olina døde 67 år gamal i 1886.Så hadde dei ofte ein og to tenarar, så i mykje av si styringstid hadde dei 12 menneske til bords med små og store. Her skulle det mat til, men også klæde i denne tida då dei skulle spinne og væve både gangklæde og sengklæde. Når dei så attåt hadde fjøsen å stelle, med kyr og ungdyr, sauer og griser, som også høyrde matmora til, og så sætergonga om sommaren, så trengde ho Olina terne heile året. Av dette arbeidet var det berre hesten han Ola stelte med. I den første tida hadde han berre unghestar, men seinare fekk han følmerr som hadde føl omlag kvart år.

Bilde av Ola og Olina
Loen

Opp til overordna kapittel

4.2.2 Ola - politikk og arbeid

Ola var venstremann all sin dag. Det var ei politisk innstilling han hadde teke i ungdomen, og den heldt han fast med, men han la seg ikkje serleg fram i korkje bygdepolitikk eller andre politiske saker, anna når han gjorde si borgarplikt til kvart val, og gav si stemme. Av aviser hadde han lokalavisa "Nordfjord" frå det kom ut og så lenge han levde. Det var ei høgre avis, og han les henne vel kvar gong den kom ut, men det hadde ikkje nokon innverknad på hans politiske standpunkt.

Han kom ikkje noko serleg med i styr og stell i komunen. Det var einast i Stryn Sparebank, der vart han tidleg vald inn i forstandarskapet, der vart han med like til han gjekk av for alderdom.

Det var i Stryn møta var haldne, og der til rodde han saman med dei andre frå Loen til vegen vart bygd mellom Loen og Stryn i 1906. Sidan gjekk han til Stryn, det var 11 km. Og han gjekk attende når møtet var slutt. Som oftast gjekk han inn til ein bakar og kjøpte for nokre øre i kringle eller sukkerbrød, det hadde han for det meste med seg-heim og gav det til borneborna i Sjure.

Om sommaren likte han å vere tidleg oppe og gå på slåtteteigen. og etter som han vermdest opp av slåtten så hengde han først frå seg hua eller hatten på ein hesjestaur, noko etter gjekk vesten same vegen og så ermetrøya (ei ulltrøye) på endå ein hesjestaur, og han gjekk igjen med ei kvit leretsskjorte. Alle desse klæplagga var ofte komne på plass på hesjestaurane når hans eigne folk og grannane kom ut på slåtteteigen. Han var ein god slåttekar og likte seg alltid godt med arbeidet.

Opp til overordna kapittel

4.2.3 Bendikt - kyrkjetenar

Bror til Anders, Bendikt, var komen attende frå Nordland og vart verande på garden hjå han Ola. Han levde som ungkar all sin dag. Han dreiv noko med skomakering, og så vart han tilsett som kyrkjetenar i Loen kyrkje, og vart det i mange år. I den tid hadde dei tog i klokkene frå tårnet og ned til midtgangen i kyrkja. Der ned på kyrkjegolvet stod så kyrkjetenaren og ringde til høgmesse og elles når det var vanleg samringing med begge klokkene. Men i høgtidene måtte dei gå opp i tårnet, det var både til jul, påske og pins. Då ringde dei kvelden før høgtidsdagen, og så kvar morgon klokka 7 første og andre dag, første dag ringde dei også om kvelden klokka 5. Sameleis ringde dei nyttårsaftan og nyårdags morgon. Bendikt hadde godt lag til å fortelja frå Nordland når han sat i eit godt lag. Han likte og godt å spele kort når han sat i slike lag. Dei hermer eit yttrykk etter han: "Eg elskar damene og damene elskar meg," sa han når han fekk godt kort. Han døde i 1906.

Bilete frå kyrkjeporten
Loen

Tekst til bilete: Ved kyrkjeporten ca.1890. Dette var ein vanleg samlingsplass for folket i Lo-garden om sundagen og etter arbeid. Kyrkjetenar Bendikt 0. Loen står bakerst ved det avbrotne steinkorset. Dei andre er ståande frå venstre: Gjertrud A. Loen (Markus), Tale Loøyra og Eli Tjugen. sitjande: nr. 2 frå venstre: Olina A. Loen og lengst til høgre ein frå Isakebruket (dei andre er ukjende)

Opp til overordna kapittel

4.2.4 Omgangsskulen og Martines Melheim

Det var omgangsskule då han vaks opp. Skulen vart halden rundt om i stovene, og utstyret til skulemeistaren var ikkje større enn at læraren bar det med seg i ei lita kiste eller skrin. Heile tida hadde han den kjende klokkaren og læraren i Loen, Martines Meleim. Han var frå Erkebruket i Bødal. Frå det bruket har det kome lærarar i mange slektled attover. Berre 19 år gamal tok han til som lærar og klokkar i Loen. I 1850 tok han lærareksamen hjå prost Koren, og vart då fast tilsett til lærar i Loen. Den stillinga hadde han til han slutta som lærar i 1880.

Han fekk rett til ein gard på Meleim i Olden og fløtte der til. Han var kjend for å vere ein dugande lærar og han fekk dette vitnemålet av skulestyret: "Han var ein framifrå bra og heiderleg mann" (Bygdeboka s. 198). Han var og nytta mykje som kjøkemeistar, og han hadde oppskrevne mange regler og brydlaupssongar. Han skreiv og opp segner og soger, dette er visst gått tapt etter at han døde.

Det var serleg rekning og geografi han Ola lika best. Det med geografi følgde han med i heile sitt liv. Han studerte lærebøkene med geografi både til borna sine og til barneborna, og han følgde med i voksteren av byar, skipsfart og næringsvegar. Det var ein gong då han var gamal at han sat og prata med ein handelsjøde, som for ikring og selde tøy. I samtala kom det fram at jøden tykte det var lite dei hadde sett og hadde kjenskap til dei som sat på ein liten jordflekk langt, langt inn i ein avstengd fjord. Dette harma han Ola og han spør: "Kan du seie meg kva som er høgste fjellet i Japan?" Nei der hadde ikkje handelsjøden vore, og han viste ikkje noko å svare på det. Men han Ola kunne fortelje han både kva det heitte og kor høgt det var. Han vaks i augo til jøden etter det, og dei sat fleire kveldar etter arbeidstid og prata og var jamgode og velforlikte.

Opp til overordna kapittel

4.2.5 Antunsbruket- Helga Antonsdatter og Loøyra

Ei eldre søster til Olina, Helga Antonsdotter, vart 18 år gamal gift med bygdedoktoren, Mattis Olson Loen. Han budde på Loøyra, han hadde tidlegare vore gift med Thale Helene Larsdotter. Ho var av den kjende Ravn-slekta. Kaptein Johan Kristofer Kr. Ravn kom i 1749 til Loøyra og vart kaptein ved Strynske kompani. Han og 2. kona hans, Anne Sofie Mønnichen, er gravlagde i Lokyrkja. Dei var oldeforeldra til Thale Helene. Ho Helga var ei pen gjente og tidleg vaksa. Det seiest at Mattis Loøyra sa då ho var i konfirmasjonsalderen: "Du skal bli andre gifta mi". Då han hadde vorte enkjemann kom han til Antuns og spør om han kunne få Helga til kone. Det var ikkje så godt for ei 18 års gjente å gå og gifte seg med ein som var så gamal at han kunne vere far hennar, og han Mattis måtte gå utan lovnad om noko giftarmål. Men då han var komen eit stykke på veg kom han Anton, far hennar, ut på tunet og ropa etter han: "Du må kome igjen, Mattis, for no vil ho Helga." Mattis var kjend for dokteriga si både i Nordfjord og på Sunnmøre. Han gjorde ofte lange reiser til folk som var sjuke. Vinteren 1867 var han på dokterreis til Eid. Det var is på Hornindalsvatnet, og på vegen heim igjen gjekk han isen saman med fleire andre. Dei for då gjennom isen og drukna. Då bodet kom til Loen, reiste både Antuns Ola, som var bror til Helga, og Sjur Ola, som var gift med søster til Helga, til Skrede ved Hornindalsvatnet for å vere med og søkja etter å finne dei igjen. Men vatnet er på fleire hundre meter djupt, og dei som hadde gjenge igjennom isen vart ikkje funne.

Opp til overordna kapittel

Sæten

Antuns slekta hadde fleire gonger ved giftarmål kome inn i gamle slekter i Loen og Lodalen. På Antunsbruket vart det kring 1800 inngift ei Helga Jørgensdotter frå Jørnbruket br.nr. 7 på Sæten. På dette bruket er det ei ubrota line når vi reknar både manns og kvinnelina fram til Laurits Mogenson som var lagrettemann-i 1584. Truleg var Magnus (Mogens) far hans. Han er nemnd i 1519 og er velståande, og var truleg einaste brukaren på garden. Då er det ikkje langt attende til den rike Ulvhild Jonsdotter som i 1469 motok så mykje jordegods av far sin. Så her er vel nær slektskap.

Av eit dokument frå 1615 ser vi at Laurits då var død, og han hadde desse borna: 1 Rasmus som hadde budt på Sæten, men som var død, 2 Eirik Heggestad, 3 Jakob Loen, også død (truleg på br.nr. 5 Isakebruket), 4 Guri gift med Anders P. Sunde Olden, 5 Maritte då ugift. Desse ervingane selde då 1 pd. i Sæten til Rasmus sine søner Oluf og Sjur. Den første finn vi som brukar på Perbruket. (Sjå om Perbruket tidlegare side 16). Den andre Sjur (Siffuert) var på Jørnbruket. Om han står det at han var temmeleg formuande. (Bygdeboka s. 652). Men formuen på dette bruket kom til åa få ein hard påkjenning. Sjur vart landlyst for legermål med tremenningen sin. Tremenningar var så nær skyld at dei kunne ikkje gifte seg i lag i den tid. Og så kan det gå gale med to som har godhug for kvarandre.

Like gale gjekk det med sonen Rasmus. Etter at kona hans var død, vart han dømd fredlaus for legermål med tremenningen til kona. Han kunne ikkje gifte seg med henne, sjøl om kona var død, avdi det var rekna for nær slektskap. Vi ser her korleis dei kom ut for ei urimeleg lov som no for lenge sidan er avskaffa. Truleg har dei berga seg frå landsforvisinga med pengebøter. Sjur, sonen til Rasmus, må late frå seg deler av bruket til bror sin Ola, det vert br.nr. 5 Olabruket. Salve Simonson Haugen kjem då til bruket og gifter seg med Sigrid Sjursdotter. Ei dotter til dei gifter seg til Tjugen, og son hennar, Jørgen Knutson Tjugen, tek over Jørnbruket på Sæten med odel, med han ser det ut-til at velstanden er retta opp at på bruket. Han gifter seg med Sigrid Rasmusdotter Loen, truleg frå Sjurebruket. Dotter deira, Helga, er det som gifter seg med Jakob Antonson på Antunsbruket.

Opp til overordna kapittel

4.2.7 Antunsbruket - slekt frå Gjerstun i Bødal

Anton, son til Jakob og Helga, tek over bruket i 1833 og gifter seg med Kristi Olsdotter Bødal frå Gjerstunbruket, som er eit av dei elste bruka i Bødal. I Bj.K. som er ei jordebok frå 12- 1300 talet er der nemnt ymse gods: Gjerdisjordu, Kleppaluta, Karildarluta og Breidzjordu. (Bygdeboka s. 614). Aaland meinar at Gjerdisjordi er det som no heiter Gjerstun.

Dei gamle slektene i Bødal skal og ætte frå Audun Hugleikson, og etter segna er slekta til Audun koma frå Lodalen. Denne segna har ikkje noko historisk prov som no er litande å hal.de seg til. Segna seier det slik at ein spansk adelsmann måtte røme frå landet og kom her til Lodalen kring 1200. Det vart nemndt at det var i Nesdal han slo seg til. Det skal vere ein kårde som har gått i arv i slekta, som dei kalla spanskekården, og som skulle vere etter han. Der var og nokre sauer som dei kalla spanskesauer, og denne rasen skulle ha halde seg i Nesdal og Bødal. Der var og kome ned i Loen av den langrumpa spanskesauen. Dette er segna, men noko historiske fakta har ein vel ikkje å byggje på.

Det sikraste merke som viser attende til Audun Hugleikson, er det som står i Bygdeboka (s. 614-615) og som viser til at slekta til Audun Hugleikson åtte eigedomar i Bødal i 1300 talet. Einar Hugleikson åtte her eigedomar i 1360, og han var vel ein soneson til Audun. Og i eit diplom dagsett 25. januar 1367 ser vi at det vert halde eit makeskifte i Loen i Øvre tunet ovan for kyrkja, mellom Sigurd Isakson og kona Ragnhild med Øystein Simonson, på vegne av dotter hans Gyrid. Der Sigurd og Ragnhild fekk bytt til seg jord i Bødal mot å late ifrå seg eigedomar i Jølster og Breim. Denne Ragnhild er vel dotter til Einar Hugleikson og mannen hennar er vel son til, den Isak Helgeson som kjøpte og fekk skøyte på eigedom i Bødal, og no har dei auka eigedomane sine der med dette makebytet. Både Isak Helgeson og Einar Hugleikson skriv under som vitne på dette makeskiftet. Frå dei har sikkert slektene gått vidare i Bødal og Nesdal og dei nærmaste bygdene. Hugleik er ikkje noko vanleg namn, men det går ofte igjen i Lodalen og i Loen. Dette syner noko av korleis slektene her i desse avstengde bygdene vart samanbundne og gjekk opp i kvarandre.

Opp til overordna kapittel

4.2.8 Kristina, Andrine og Anders reiste til USA

Då Kristianna vart konfirmert og vaksa tok ho til å snakke om Amerika. Det var fleire som reiste dit kvart år her ifrå, og farbror Rasmus skreiv kvart år til han Ola, bror sin, og fortalde om kor godt han var komen i veg. Eit år hadde ho ordna seg med bilett, og for til Amerika. Ho skreiv flittigt heim, og om ikkje lenge kunne ho fortelje at ho skulle gifte seg med Elias Olsen frå Olabruket på Tjugen, ca. 1892. Han hadde teke seg land i Brimsmade i North Dakota, 360 acres.

Då Andrine vart vaksa fekk ho og svert lyst til å fare til Amerika. Det vart til det at ho skreiv til søster si, og fekk ordne det slik at ho fekk reise over til henne. Det ser ut til at det var mykje bruk for farmarkoner i North Dakota, og Sjuregjentene var både vakre og tiltaksame, og dei var vel vane til arbeid heimanfra. Andrine hadde ikkje vore lenge i Amerika før ho vart gift med Rasmus Løken frå Olden i 1899. Han hadde kome over og fått kjøpt land, 360 acres, i nærleiken av farmen til Elias Olsen. Dei to søstrene bodde side om side på prerien som farmarkoner.

Dei hadde og noko krøter i den første tida til dei fekk prerien pløgd og under kultur. Då gjekk dei over til meir åkerbruk, og det var serleg kveite dei dyrka. Det var skoglaust og dei sakna skogen som dei hadde heime. Elias Olsen som først var komen i gang, planta ein hage i eit lite bakkehall ikkje så langt frå husa. Kristine (som ho kalla seg då ho kom til Amerika) og Elias fekk ikkje born, og det var eit stort sakn for dei. Hjå Andrine og Rasmus auka barneflokken heller fort. Dei hadde 7 born, så det vart snart liv og røre på farmen. I den første tida samlast dei om søndagane og drak kaffi i hagen til Elias, og då gjekk vel ofte pratet om gamlelandet og hendingar heimanfrå, og hadde nokon fått brev så fortalde dei kvarandre siste nytt.

Noko seinare for også Anders til Amerika, til søstrene sine i North Dakota. Men han treivst ikkje så godt der, og tolde heller ikkje klimaet. Han reiste då til Tacoira på Stillehavskysten, der dreiv han fruktdyrking og fiske. I 1908 gifte han seg med Nellie Pederson. Foreldra hennar var frå Noreg, faren var vel frå Olden. Dei hadde 3 born, 2 gutar og ei gjente.

Opp til overordna kapittel

4.2.9 Olina og Monsbruket

Ho Olina (fødd 9.8.1867, død 3.6. 1921)var den elste av borna. Ho kom tidleg i gang med arbeid på garden, både inne og ute. Stor og sterk var ho og ho likte godt å ha eit arbeid i hendene. Ho var koma så med i arbeidet, så mora trengde henne heime. Ho gifte seg med Mons Loen (fødd 20.10.1877, død 29.10.1948). Han hadde nett overteke garden og var kring 20 år då dei gifte seg. Garden var mest lagt øyde av tuberkulose. Anders, far til Mons, døydde berre 30 år gamal. Kona, Anne Andersdotter frå Hogrenning, gifte seg att med Arne Jørgenson Nesdal, men det var ikkje mange åra før han og fekk tering og døydde 33 år gamal. Ho Anne laut no stræva med garden saman med borna. Ho Mari, svigermora, levde, men ho var over 70 år gamal. Han Mons, den elste av gutane var berre 13 år, men han var sterk etter alderen, og måtte stå i med arbeidet som ein vaksen. Så døde ho Anne før han Mons var 20 år gamal. Då stod han igjen med bestemora som den einaste vaksne med ansvar for garden og søskena sine.

Ho Sjur-Olina var nokre og tjuge år, og drivande i alt sitt arbeid. Det var nok eit vågespel å fløtte der til som alt var øydt av den snikande teringa. Men ho var modig og mandomsam, og ho tykte vel synd i han Mons, som hadde meir å stå i enn han vann over. Så fløtte ho til Monsbruket og vart husmor. Det var ikkje lenge før alt kom vel på stell igjen, og han Mons var ein snill mann, og flink til å hjelpe til både i fjøsen og der det trengdest. Tuberkulosen kom til å krevje fleire offer. Ein bror til Mons døde, og dei miste elste dottera si i konfirmasjonsalderen. Det var og den same sjukdomen som tok Olina. Då var ho 54 år, og alt var vel i stand på garden, og dei to borna som levde, var vaksne.

Gå til starten av dokumentet

5. Omskifte, jordbruk og levevis (før 1900)

5.1 Jernplog og åkerbruk
5.2 Vedlikehald av hesjane
5.3 Vedlikehald av risgardane
5.4 Flatbrødbaking
5.5 Fruktdyrking
5.6 Skogsarbeidet og byføring
5.7 Slakting og gjestebod
5.8 Utskiftning
5.9 Husa på garden.
5.10 Nye driftsmaåtar for eng og beite
5.11 Turistnæringa



Opp til overordna kapittel

5.1 Jernplog og åkerbruk

I Ola si tid var det at jarnplogen vart teken i bruk. Før den tid var det treplogen dei hadde å hjelpe seg med her på bygdene. Men i siste halvparten av 1800-talet var det ein mann i Hornindal, Ola Lien, som tok til å lage plogar med veltefjøl og kniv av jarn. Desse plogane kom i bruk i bygdene her i Nordfjord, og dei var kalla Lidaplogar. Det var først seinare at det kom utanlandske plogar, frå England og Amerika med stål til veltefjøler. Desse arbeidde jorda betre, og var ikkje så utsette for å ruste. Det var først i 1890 at dei første plogane av dette slaget kom. Lidaplogane var og eit stort framsteg frå dei plogane dei før måtte hjelpe seg med.

Åkerbruket tok seg mykje opp etter at dei nye plogane kom i bruk. Men ein vanske var det at garden ikkje var utskift. Der var i alt 14 brukarar med over 50 teigar på kvart bruk. Det var vanskeleg å vite merke alle stader, og mange av åkrane var så små at dei måtte gå saman og drive overpløgsle, som det vart kalla. På Buksebakkåkeren var det 6 mann som hadde overpløgsle. Dei pløgde då teigane opp i fellesskap, med den eine hesten etter den andre. Når dei hadde pløgt det opp heile stykket, drog dei opp teigane med merkeveit og sådde kvar sine teigar. Åkeren til kvar mann var ikkje meir enn 5 m brei og 20 m lang. Det var og på fleire andre teigar dei måtte ha overpløgsle. (Det er innsendt eit kart av utskiftninga av 1898 over heimebøen til Instituttet for samanliknende kulturforsking, med namn påsett på dei ymse teigane etter opplysning av Lars A. Loen.)

Det var berre der ein kalla Teigane at det var storbytte åkrar. Der var beste åkerlandet i Loen. I Bygdeboka (s.584) vert det fortalt at før 1900 var dette den største samanhangande åkeren i fylket, 40 dekar. Det var ikkje vekselbruk den gongen, og dei hadde dei same åkrane i mannsaldrar.

Det var folkesamt på Teigane om våren når 14 mann med hest og plog gjekk og pløgde, og dei andre husfolket var med og grov og slo sund moldklumpane og plukka ut ugraset som vaks i åkeren. Det var serleg langerot (kveke) og trauske som dei hadde mykje møde med å renske ut or åkrane.

Arbeidsdagen var oppdelt slik at dei hadde ei arbeidsøkt før frukost. Dei tok til klokka ½ 6 eller 6, etter frukost var dagen oppdelt i 2 sveiter til middag. Når dei kvilde mellom sveitane fekk hestane anten havre eller høy å ete. Folk gjekk då saman og prata, og somme av karane tok seg kanskje ein røyk. Røyk var noko som han Ola ikkje bruka, og han bruka ikkje tobakk i nokor form. Kvilda varde ca. 15 minutt.

Til middag kvilde dei ein time. Etter middag var det 2 sveiter til non. Etter non var det berre ei sveit, då gjekk kvinnfolka og tok seg av fjøsstellet, og han Ola sådde då det som var pløgt den dagen. Sidan horva dei kornet ned i jorda. Dei hadde teke til å bruke ei ledehorv, det var små trestykke som dei hadde sett jarntindar i. Desse trestykka var det bora hol i der dei hadde ein jarntein som feste dei. saman. Dette var for at horva kunne lede seg etter åkeren. Horva var oftast drega med hest , men det måtte følgje med to menneske, dei gjekk ein på kvar side av horva og hadde kvar sin togstubb fest til horva så dei løfte opp når stein eller ugras ville følgje med. Dette arbeidet var dei som regel ferdige med når sola glada i 8-k9 tida om kvelden. Det var såleis ein lang arbeidsdag. Ungane måtte og vere med i alle høve etter frukost. Det var oftast borna som måtte vere med når dei horva.

Kart over innmarka, side 1
Loen
Kart over innmarka, side 2
Loen

Merra hadde ein hard tørning i plogen. Ho hadde ofte føl, og det kunne vere knapt om foret så ho var blitt skrinn når plogen var frå seg gjord. men då var det å sleppe henne ned under Kjelderinene, der kom groren tidleg om våren, og då var det ikkje lenge før ho fekk meir kjøt på beina.

Elles hadde hestane det fint i dei tider. Slåtteteigane var så små at dei kunne ikkje køyre høyet i hus utan å kjøyre over grannen. Difor hadde dei utlader til dei teigane som var lengst ifrå tunet, og det køyrde dei heim om vinteren. Alt det andre høyet bar dei i hus. Dei hadde såleis ikkje noko bruk for hestane, før dei skulle køyre kornet i hus om hausten. Han Ola hadde difor oftast merra i hamne i Hornindal. Det var lang veg å gå både når ein skulle levere henne i hamnen og når ein skulle hente henne igjen, men så var ein fri å sjå etter henne heile sommaren.

Opp til overordna kapittel

5.2 Vedlikehald av hesjane

Dei hadde og ei anna vinne som vi skal nemna noko om. Den gjekk for seg etter at ein hadde gjort seg ferdig med møkabreiinga på bøen om våren, og alle åkrane var pløgde og tilsådde. Då skulle alle hesjane på slåttebøen bindast og setjast i stand til slåtten. Dei hadde trehesjar på all slåttebøen som stod ute heile året. Dei hadde så mange hesjar ståande at dei i gode år rekna med å fylle dei med høy tre gongar, det sa dei slik: "I år fekk vi tre fyllgje med høy". Var det dårlegare år kunne det verte berre to "fyllgjer", men jamt over var det årvisst med høy.

Til desse hesjane nytta dei einestaur til å setje ned i marka, og det var kring 1 aln (63 dm) mellom kvar staur. Til å hengje høyet på nytta dei helst oretrode, det er tynne snarvaksne stenger av kvitor. Dei kunne også nytte rogn og kanskje selje, men det var sjaldan brukt her. Ein batt så trodene på einestauren med bjørkeband i 5 høygder. Desse banda var av tynne bjørkekvister som ein skar av i bladsprettinga. Ein kløvde dei i to etter mergen, det gjorde ein frå den tynnaste og fram over. Var det tjukke kvister, fekk ein meir enn to band av kvar kvist. Desse banda knytte ein så troda til stauren med.

Det var ein spesiell knut ein nytta til dette, ein hadde bandet ein eller to gonger i kring etter som det var langt til, så tok ein toppen på greina og braut saman til ei sløyfe, og batt så tjukkenden av bandet ikring og smette denne enden ned mellom troda og stauren og feste det på den måten så knuten ikkje gjekk opp igjen.

Dei hadde mange hesjar så det tok ofte to fulle dagar å binda alle hesjane om våren. For når bjørkerullane på bandet vart turre og sprø, hadde dei lett for å gå av, og når trodene stod slik ute i alt slags ver vinter som sommar, var det ikkje så lenge dei varde. Det laut difor ha sitt tilsyn kvart,einaste år.

Når ein fyllte dei med gras så kalla dei det graset dei la på ei trode mellom to staurar for ein "kvolm", -og alle 5 kvolmane mellom to staurar kalla ein eit "golv". Når ein skulle ta det igjen og leggje i børar kalla ein kvart fang som ein la i toget for ei "fengje".

Etter at dei hadde overteke nye bruka etter utskiftinga i 1898 og tok til å dyrke opp nyland og gamal eng som dei la igjen med grasfrø, vart det ikkje oppsette hesjar der, anna enn etter kvart dei hadde slege det, og hesjane tok dei ned etter at høyet og håa var kome i hus. Den stauren var oftast av kvit-or, og det var ca. 1 m mellom dei. No tok ein til å nytta ymse slags tog og snøre, men dei var lite varige, og ein gjekk over til å nytte hesjestreng etter kvart. Men ein heldt fram som før med trehesjar på den andre bøen. På Sjurebruket heldt ein fram med dette til dei siste hesjane vart tekna ned i 1933. Når ein no mest nytta slåmaskina alle stader ein kunne kome til var desse hesjane til stor møde. Også av den grunn var ein gla då dei kom bort.

Opp til overordna kapittel

5.3 Vedlikehald av risgardane

Noko anna som måtte gjerast før slåtten tok til, var å setje i stand all risgarden ein hadde. I den tid var det einegard kring all innmarka både kring heimebøen og Lovik. Og Sjurebruket hadde ei lita kalvekvie opp for Bruakleiva att med Sjureholten, som dei hadde alt gjerde ikring. Av det andre gjerde hadde ein visse stykke for kvart bruk. Der nytta ein eine å leggje opp til gard, og så hadde ein staur av kvit-or som ein flette einen inne i og som heldt garden oppe. Desse staurane stod med ein 30-40 tommars avstand.

Var det klage over at garden ikkje var halden i god stand, kunne gardfuten komedere alle med seg ut på synfaring. Det hende at det gjekk ut 14 mann i eit følgje for å sjå på garden (når det her og andre stader i denne samanheng er snakka om garden så er det gjerde det gjeld). Var det då nokon som ikkje fekk garden sin godkjend, fekk dei strengt påbod om å gjere han i stand straks.

Ein hadde og grensegardar å gjerde mellom Auflem og Sæten. Garden mellom Loen og Auflem var delt slik at Oppigard hadde eit stykke og Nigard eit anna stykke. Til Sætagarden gjekk alle i fellesskap. Ein vart utkomederte av gardfuten kva dag ein skulle gjere dette arbeidet. Det ein hogg og la på garden kalla ein for "gardvond", og til desse gardane nytta ein lauvskog, som ein tok nær gjerdet på begge sider. Sætagarden gerde ein like til fjells på Klepp. Til neste delen ned for Gythamrane fekk ein oppsett einepålar og strenggjerde. Etter den siste krigen har det ikkje vore noko årleg tilsyn med denne gjerdeplikta.

Før 1900 hadde ein og noko gjerde å halde i stand for skogaslåtten på nordsida, og vådegard oppe kring Høgesætra. I den tida alle desse gjerda var haldne i stand gjekk mykjé av tida mellom vinnene til dette kvart år.

Opp til overordna kapittel

5.4 Flatbrødbaking

Ein annan ting, som helst fall på kvinnfolka å få gjort før slåtten, var å bake opp flatbrød for heile året. Det var to kvinner ved bakstebordet, og ei som steikte på to heller i gruva. Dei berre halvsteikte dei først, det kalla vi å "løupe" brødet, og la det i lad att med gruva til ein fekk ei ledig helle til å steikje det ferdig. Var det flinke bakarar var det vanskeleg å vinne att i med steikinga. Det var ofte at ein måtte ta det etter at dei hadde slutta for dagen, eller ein fekk nokon å byte for seg og steikje med dei andre gjekk og åt til middag. Det ferdige grødet la ein ut over på eit bord eller liknande, og la ned den sida som var opp på hella, dette var for at brødet ikkje skulle krulle seg i kantane. Det var ofte at han Ola var med og steikte brødet.

Det var ein heil kunst å vere ein flink flatbrødbakar, og så lang dag som dei hadde, så var det travelt arbeid. Ein måtte ha eit godt lag med kjevlet så ein fekk emne til å snu seg så det vart rundt, og å bake ut kantane så leiven vart jamtjukk. Og grønet til knøde måtte vere godt laga, så emna ikkje hengde seg fast i bordet, eller ein reiv det sundt med kjevlet utan at ein bruka for mykje mjøl å baka dei på. Det var stor skilnad på bakstekoner. Dei som var flinke fekk ei hard vinne om våren, for alle ville få tak i dei til bakinga, og det var å fare frå gard til gard. Det var helst husmannskonene som tok dette arbeidet.

Dei bruka ein tein som smalna av til ein noko flattrykt spiss til å ta under leiven og leggja han fram på hella. Den kalla dei "spade". Det var og ein kunst å steikje brødet, så det vart jamt steigt og ikkje brendt i midten, og ein måtte passe på at det ikkje vart for lite steikt i jarane (kantane) . Til å få av sådene og mjølet som låg på leiven, bruka ein ei fille som var festa på ei kort stang, og som ein dyppa i ei bytte med reint vatn og strauk med det over brødleiven etter at han var komen på hella. Det kalla vi ein "rjøpp" og ein sa at ein "rjøppa" brødet.

Når ein talde opp brødet talde ein det i sneiser (20 stk.) Og det måtte mange sneiser til eit hushald for eit heilt år. Brødet bar ein på staburet og la det i store stopelar. Ola hadde også ein serleg ved laga for denne brødbakinga. Det var skier som var 1 aln lange (63 cm) og veden var av tjukk kvit-or. Den veden var det som gav den jamnaste og beste varmen under hella. Og han Ola hadde kvart år eit stort lad ståande turt til dette bruk.

Opp til overordna kapittel

5.5 Fruktdyrking

Frå gamalt hadde det vore nokre frukttre i Loen. Men det var mest søteple og sureple. Han Ola fekk tak i nokre fleire sortar. Han fekk såleis nokon som heitte Store Franskar og Oldenborgarar. Det var årvisse sortar, men kvaliteten var ikkje som dei sortane som kom seinare. Helge Loen tok til å pode nye sortar inn i gamle apallar. Det var i 90 åra at han tok til med det. No kom Gravenstein, Signe Thelis, Fuhr, Sefstaholm o.a. sortar i bruk, og dei fekk perer serleg keiserinne perer. Dei poda ofte perer inn i asaltre.

Opp til overordna kapittel

5.6 Skogsarbeidet og byføring

>

I Sjure hadde flokken minka då dei elste borna hadde fare ut, og foreldra hans Ola var døde. Dei to yngste gutane var enno heime. Den yngste, Lars, døde då han var konfirmert, den andre, Andreas, gav seg til heime for det første. Ein vinter var han i snikkarlære på Loøyra. Elles var han med i skogen og i slåtten og det arbeidet som kravdest på garden. Han Ola var enno i si fulle arbeidsform. Og no dei var to vaksne karar ville han gjerne få stor byføring med famneved og band.

Den vinteren smia han Ola ein bunt ( 40 bandehalver) om morgonen før han gjekk på skogen, og to buntar om kvelden etter at han kom heim. Det var den største byføringa han hadde hatt, men han kjende at han var godt sliten då våren kom, og han sa det sidan at det var for hardt for helsa, så han ville ikkje prøve det opp igjen.

Han Ola var glad i skogen. Når han gjekk der i arbeid, var det som trea var gode kjenningar. Han måtte stogge opp og sjå kor dei hadde vakse, og femne ikring dei og kjenne kor dei fylte meir i famnen for kvar gong. Alltid hadde han noko å fortelje om dei. Om ei bjørk, kunne han seie: "Det er svert som den har vakse, det er ikkje lenge sidan eg hadde tenkt å hogge henne til vagjer (det er eit køyrereidskap dei bruka i tømmerskogen) for der var ein så høveleg bøyg på henne. Men sjå no er det berre så vidt eg kan femne ikring henne." Han måtte bort til henne og legge hendene ikring for å vise det fram.

Ein annan stad var det ei ungeik som vaks så godt i skogen hans. Ho var berre ein renning det første han hugsa, men no var ho så stor at det kunne verte bord av henne, og no hadde det ronne opp fleire eiker i den same teigen. Slik var det alltid i skogen, nye ting å prate om og sjå på for kvar ein dag. Der stod og leivningane etter ei kjerpeeik, han fortalde at ho i si velmakt melte sju farner, og det med vottane på. Men ho var innhola og no hadde halvdelen falle ned, så no var det smått stell med det gamle kjempetreet. Ho stod i Trulsteigen i Svorabakken.

Slik var og arbeidet heime for han. Han fekk mykkje å gere i si tid, men arbeidet var som ein god kjenning som han helste med glede for kvar dag som kom.

Opp til overordna kapittel

5.7 Slakting og gjestebod

Han Ola slakta alle sine dyr sjøl, både storfe og sauer. Då turisttrafikken tok seg sterkt opp sist i 90 åra, trong hotellet mykje kjøt til gjestene om sommaren. Då kjøpte han Ola inn oksar som han slakta og leverte kjøtet på hotellet. Griser hadde han berre til husbruk, og det var helst berre ein for året. Han måtte vere både stor og feit, så det kunne verte drygt å skjere av til spekeflesk.

Det var ei ekstra høgtid når julegrisen skulle slaktast. Den dagen vart vald med ettertanke. Det måtte vere veksande måne, og flødande sjø, for elles skrumpa flesket inn når ein koka det. Han Mons kom og var med og slakta., det gjekk etter det gamle ritualet så lenge han Ola styrde med griseslaktinga slik det hadde vore gjort i fleire generasjonar før han. Dei var som regel tidleg oppe, alt i fem tida var dei oppe, om det passa med sjøen. Då kom dei mannsterke med sjålykt ut i grisehuset. Først var det å få band på eine bakfoten og drage i så grisen sette i eit hyl og opna kjeften. Då galdt det å vere parat og få på trantebandet, og det måtte ein få så langt opp på overkjeften og bak tennene så det ikkje for av. Medan grisen skreik og streta imot var det å draga han over heile tunet.

Grisen skulle like inn i stova. Han Mons gjekk føre og drog i trantebandet og han Ola skuva etter med tog på grisefoten, og så kom han Andreas med sjålykta og lyste for dei. Inne i stova stod ein bryggjeså eller noko liknande og oppå den låg ei dør, og der skulle grisen leggjast når dei skålda han og lema han sund.

I gruva i gangen hadde dei ein tunnekjel over varmen som dei heta skoldevatnet i. Det skulle vere nett under kokepunktet. Såg dei det kokte, slo dei ein skvett kaldevatn opp i kjelen. Det var og ein fast tradisjon korleis grisen skulle delast. Bukflesket skar dei av for seg sjøl, det vart kalla "boka". Det høvde ikkje til spekeflesk, og skulle vere til kokeflesk som ein bruka først. Ein tok og av toppen av sidebeina som eit stykke for seg sjøl, det kalla ein "kråka". Når ein hadde fått ut den andre innmaten så tok ein ut feittet "småltet" til sist. Det tjukkaste bruka ein til klubbefeitt, det andre samla ein saman. I eldre tid saksa ein det med ei lita øks, men seinare mol ein det med kjøtkvern. Så kokte ein det og når feittet hadde bråna tok ein og sila det slik at ein fekk kjøtmaten og det som ikkje var feitt ifrå. Når feittet hadde størkna så salta ein det og hadde det i skåler eller krukker. Dette var det ein kalla "smålt", og ein bruka det i staden for smør serleg på flatbrød att åt fisk, men ein brukte det og på brødskiver. Det som ein sila ifrå kalla ein "skræde", og det vart nytta til middagsmat med flatbrød til og fisk og poteter.

Når ein skulle leme opp grisen så skar ein sidebeina og ryggbeinet ut av flesket. Fleskehalvene med bog og skinke vart lagde i saltetroget med den eine opp på den andre og vart godt overstrødde med salt. Når saltet laka seg,måtte ein passe på at begge halvene vart passeleg salta. Når ein etter saltinga hengde det opp til turkings hadde ein ei bjørkeved i skinka og ei i bogen som ein drog ein hatlestav inn i for å hengje det etter når ein hadde det på staburet. Her skulle det hengje til det var spike og ferdig til bruk. Alt som var vinterslakta kring jul og ut over sa ein var speke når gauken gol.

Ho Olina og terna fekk eit stort arbeid å vaske ut or mage og tarmar, og få det forvelt og reinska så dei kunne male det og få det til pølser. Ein laga alltid spekepølser, sjøl om ikkje pølser av gris var så godt likt som av sau og storfe, så kunne ein ikkje kaste all denne gode maten bort.

Hovudet og labbar vart avskorne med busta på. Han Ola fekk varmen på igjen i gruva, og sette hovudet på ein trestake og heldt det inn i varmen og sveid busta av. Det same gjorde han med labbane. Hovudet vart kokt og oppskore til sylteflesk. Labbane salta dei og kokte til middag skjertorsdag.

Denne griseslaktardagen var ein hard dag, for same kvelden skulle det haldast stort klubbegjestebod i same stova. Slaktaren skulle så kome attende, og han Mons som var nærmaste slekta skulle kome med heile huslyden sin.

Då kvelden kom, var stova nyvaska og rein og fjelga, og alle merke etter slaktinga var borte. Det kom vel med for ho Olina at dei hadde vore tidleg oppe, for dagen vart ikkje for lang til å få gjere alt som skulle gjerast. Lampa var kveikt og talglys hadde dei både på bordet og ved omnen, for no hadde dei alt lenge hatt malmomn der røykomnen hadde vore. Over heile stova breidde det seg ein fin matein, frå den store gryta som stod og koka.

Høgdepunktet for borna var då han Mons kom med huslyden sin, og dei sette seg kring bordet. På eit stort fat låg den rykande mørke blodklubben saman med store stykke av bokeflesket og griselever og nyre. I klubben var det kvitt og fint feitt som mest bråna på tunga. Til denne svære fleskematen var det kokte poteter og kålrabi. Ein fekk sod som klubben og flesket var kokt i til suppe, og det var godt og velsmakande. Feittet som flaut opp på sodet hadde ein flått av og hadde sett på bordet i ei skål som ein kunne forsyne seg av saman med klubben.

Dette var eit storetar gjestebod, for den ferske maten var løstemat bade for born og vaksne. Det var eit måltid som serleg borna hugsa lenge. Eg har tenkt på det sidan, det likna på dei store gjesteboda det er fortalt om frå Valhall, der og var det den nyslagta grisen som var festmat, eller det var som eit gamaldags blotgilde. Dette var sikkert ein gamal skikk som hadde vart gjennom lange tider. Denne skikken varde på Sjurebruket til kring 1900.

Opp til overordna kapittel

5.8 Utskiftning

Etter kvart vert det stor forandring med stellet på gardane og med nye maskiner i jordbruket. Det vart vanskelig å drive gardane skikkeleg med alle dei små teigebyta som dei hadde over alt.Det vart difor forlangt utskifting på garden. I 1897 vart det, etter at det var teke kart over all innmarka og gjort bonitering av jordkvaliteten, lagt fram ein plan for dei nye eigedomstilhøva Det vart no utlagt slik at omlag halvedelen av eigarane fekk eigedomen sin i eitt stykke, medan dei andre fekk det i to. Utan om det hadde dei slåtteteigane i Kviene og i Lovik på den andre sida av elva, som ikkje kom med i denne utskiftninga.

Det var ikkje å vente at ei så stor utskiftning skulle gå av seg utan at nokon vart misnøgde, og det vart anka på utskiftninga, og overskjønet vart halde i 1898. Der vart det berre små endringar gjorde, og planane vart omlag slik dei var framlagde i underskjønet. 5 mann skulle no fløtte ut or det gamle tunet. Det var Markusbruket, Halsteinbruket, Isakebruket, Antunsbruket og Monsbruket.

Opp til overordna kapittel

5.9. Husa på garden.

På utskiftningskartet for innmarka i Loen, som var oppteke i 1896 ser vi at Sjurebruket hadde desse husa heime i Lotunet: Staburet, stove med do inntil vestre koveveggen, nystove, smalefjøs, grisehus,. lade, stall, eldhus. Utan om desse husa hadde dei naust ute ved sjøen, gardfjøs (vår og haustfjøs) inne ved Lofossen, vikalade i Lovik, sel på støylen, skogalade på Kleiva, sel på Høgesætra saman med Antunsbruket og kvernhus saman med Erke, Framigard, Markus og Mons-bruka. I det heile var det 14 hus åleine og 2 saman med andre som høyrde garden til. Desse husa hadde då vore på garden i lang tid, og dei hadde alle frå først av hatt taktekkje av never og torv. Då kartet vart teke hadde nystova fått pannetak av raue panner.

Som ein kan skjøna var det eit stort arbeid med vedlikehaldet av alle desse taka. Nevra tok dei i sin eigen skog om våren på den tida nevra losna frå borken, av store slette bjørkestammar. Med godt og påpasseleg stell kunne desse taka vere tette og gode i mange år. Når det hende at der kom dropar i taket, var det å bøte det med ny never der dropen var, men etter 30-40 år måtte ein til med ny taktekkjing, og det var litt av eit storarbeid. Never hadde dei sytt for og hadde på lager, og så var det å finne ein fin grasvoll i nærleiken av det taket ein skulle tekkje og spade opp passeleg store firkanta torver. Ein tok til med tekkjinga nede på ufsen og la tekkje på opp over mot mønet. Det første ein måtte ha over sperrene var trod, det var ein tomme tjukke furebord, nede på ufsen feste ein så på tverrkrokar av eine, dei var der til å feste for ein stokk som ein la på for at torva og nevra ikkje skulle siga ned av taket. Det første laget av never hadde ein alt lagt under denne stokken og heldt fram opp over taket. Det var ein kunst å leggja nevra slik at det ikkje kom dropar, men at regnvatnet rann ovan-på nevra. Etter kvart som ein kom opp over taket laut ein følgje med og leggje torv opp på nevra. Den la ein slik at grassida vende ned mot nevra og moldsida opp. Det hende og at ein la store flate steiner ut mot vindskeierne, det var for å verne seg mot at vinden skulle få tak på nevra og torva og rive det opp.

Teikning av tunet med alle husa 1898
Loen

Forstørra utsnitt av bilde fra 1894 som viser Nystova, Gamlestova og Stabburet på Sjurebruket

Loen

I LOKHIS er det kartskisse for kvart bruk der husa på vedkomande bruk er markert.

Bruk 11, Truls
1 Nystova, 2 Staburet, 3 Masstova, 19 Veslelada med vedahus, 20 Fjøsen, 21 Stova, 24 Lada

Bruk 6, Sjure
4 Staburet, 5 Stova, 6 Nystova, 7 Smalefjøsen, 22 Fjøsen, 23 Grisehus, 25 Lada, 26 Stallen, 106 Eldhuset

Bruk 3, Magne
8 Masstova, 10 Grisehus og vedhus, 17 Staburet, 18 Stova, 29 Lada, 30 Skot til lada, 37 Veslelada med smalefjøs, 38 Stall og strørom, 39 Fjøsen,

Bruk 15 Halstein
9 Smalefjøsen, 11 Grisehus, 12 Nystova, 27 Lada, 28 Stallen, 33 Fjøsen med lade over, 40 Stov

Bruk 14, Arne
13 Stova, 14 Nystova, 15 Smalefjøsen, 16 Staburet, 42 Do, 43 Grisehus, 47 Lada

Bruk 4, Antuns
31 Lada, 32 Stallen, 34 Fjøsen, 35 Veslelada, 36 Smalefjøsen, 41 Nystova, 44 Stova, 45 Grisehus og do, 46 Staburet

Bruk 8, Framigard
49 Lade, 53 Stova, 56 Grisehus og do, 57 Staburet, 69 Nystova, 83 Prestestova, 105 Eldhuset

Bruk 1, Erke
50 Masstova, 51 Stova, 52 Smalefjøsen, 87 Fjøsen, 88 Grisehuset, 90 Stova, 91 Staburet, 92 Lada

Bruk 5, Isake
54 Lada, 55 Grisehus og strørom, 63 Nystova, 64 Do, 65 Stabburet, 66 Stova

Bruk 16, Innigardsbruket
58 Staburet, 59 Lada, 60 Grisehuset, 61 Stova, 62 Nystova, 67 Masstova, 68 Eldhus

Bruk 7, Mons
70 Do, 71 Stabburet, 72 Stova, 73 Fjøsen, 80 Veslestova, 81 Nystova, 98 Smia, 104 Lada

Bruk 10, Knute
74 Nystova, 76 Stabburet, 77 Stova, 94 Fjøsen med lade over, 95 Smalefjøsen med lade over, 99 Smia, 103 Grisehus,

Bruk 13, Lønda
79 Nystova, 96 Stova, 97 Stabburet, 102 Lada,

Bruk 2, Markus
82 Smalefjøsen og vedahus, 84 Nystova, 85 Stova, 86 Fjøsen, 89 Staburet, 93 Lada

Målarplassen
78 Stova, 101 Lada

Hogaplassen
100 Haust- og vårfjøs

Loøyra
75 Haust- og vårfjøs

Lokyrkja
48 Kyrkja

Då utskiftinga var ferdig i 1898 vart det stort omskifte med husa. Han Ola måtte fløtte alle fjøsane og stallen og lada, og det bygde han alt saman under eitt tak. I 1900 og 1901 bygde halvdelen av bøndene i Loen seg nye ladebygningar. Han Ola var redd for å få for store kontante utlegg, og fjøsane var jamt over i god stand. Han tok då kufjøsen, smalefjøsen og grisehuset og sette det inn i ladebygningen som han bygde. I stallen var det dårlegare materialar og der nytta han berre den beste timbreveggen på eine sida, og på ei side nytta han veggen i kufjøsen, og på dei andre sidene hadde han dubbel tjukn med bord, og brukte halm til isolasjon mellom bora. Under kufjøsen hadde han gjøsselkjellar, med fine gråsteinsmurar og støypt golv i botnen. Til taktekkje på lada nytta han alnsheller frå Utvik på den eine sida og på den andre sida panne. Etter denne omskipinga hadde husa i tunet minka ned til stove, nystove, stabur og lade. Dei andre husa på garden var som før. Då ein kring 1900 slutta med skogaslåtten var det ein man frå Olden som heldt fram med vår slått på Kleiva, og han hadde tilsyn med taket på så den stod til etter 1930. Ved utmarksutskiftninga i 1928 vart Sjurebruket fløtt bort frå alle teigane i Lovik, og fekk ny teig i utmarka til beite og dyrking, og då vart Vikalada reva. I Loenulukka i 1936 vart kvernhuset bort reve, og nytt vart ikkje bygt. Gardfjøsen vart og skada i ulukka og vart fløtt til det nye kulturbeite, og då vart det nytta bølgeblekk til tak. Då riksvegen i 1960 åra vart omlagd igjennom Loen vart nausttomten teken til veggrunn og naustet måtte rivast.

Opp til overordna kapittel

5.10 Nye driftsmaåtar for eng og beite

Etter utskiftninga var det høve til å kome med nye driftsmåtar på gardane, og dei første slåmaskinene kom til bygda. Ola Olson på Antunsbruket fekk den første slåmaskina som kom til Loen. Han hadde ei kort tid vore i Amerika. Etter at han var komen heim og hadde teke over bruket, kjøpte han slåmaskin i 1901. Sidan kom dei andre gardane med litt etter kvart. No kjøpte dei og ein stor vollplog for to hestar, som dei var saman om heile garden. Det vart større fart i nydyrkinga, og dei pløgde opp mosegrodde engstykke. Dei gjekk no over til skiftebruk, og kjøpte inn grasfrø, og fekk auka formengda med mykje større avlingar på kvart mål jord.

Denne nydyrkinga gjorde at fellesbeite på heimebøen vår og haust vart dårleg likt av mange, og somme tok og sette gjerde kring attlegdene sine så dei ikkje kunne beitast. Kring 1914 vart det sett opp gjerde mellom eigedomane, og folk fekk beite kvar på sine eigedomar. Men i Lovik der kvart bruk hadde to slåtteteigar heldt fellesbeite vår og haust fram som før. Dei fleste løyste ut omlag samstundes om våren, og gardfuten avgjorde når beite skulle slutte, og ein skulle ha krøtera i utmarka. Det var og han som avgjorde kva dag ein skulle få sleppe krøtera på Lovik om hausten. I den tida krøtera gjekk i Lovik og i heimeutmarka før dei fløtte på støylen, vart dei om natta bundne inn i sommarfjøsane. Dei stod i eit eige fjøstun ved brua på nordre sida. 13 bruk hadde fjøsane der, berre Knutebruket hadde fjøsen sin på sørsida attmed Knutekvia om lag der husa på Brustad står.

I den tida kyrne fekk beite i Lovik, måtte ein gjæte for elva så dei ikkje kom over elva og gjorde skade på heimebøen, det galdt både haust og vår. Dette var ein gamal skipnad på garden. Det var to som gjette kvar dag, og det gjekk etter ei fast rute frå øvste tunet og ned over slik som dei budde før utskiftninga i 1898. Desse var det som gjætte saman: Lønda og Knute, Mons og Innigard, Isake og Framigard, Erke og Markus, Antuns og Halstein, Arne og Magne og Sjure og Truls. Dette heldt ein fram med like til skogutskiftninga i 1928, då Lovik og var med i utskiftninga, og det vart innlagt ny innmark av utmarka, som vart delt saman med Lovik. Dei 14 brukarane fekk då kvar sin teig der, og dei gjerde inn kvar sine stykke, og sambeite vart slutt og med det også gjætinga for elva. Denne gjætinga var svert tidkrævande, men nødvendig når ein ikkje hadde gjerde som hegna, og det var vanskeleg å setje opp langs elva på grunn av laksefiske. Der dei hadde born i høveleg alder var det dei som måtte gjæte, men dei måtte og i veg vaksefolk der dei ikkje hadde noko anna.

I 1890 åra slutta dei å nytte Høgesætra til beite, og kring 1900 var det slutt på all slåtten der. Med dette skifte gjekk kravet til arbeidshjelp ned, og dei gjekk meir og meir over til å kjøpe det dei trengde, og å selje produkt frå gardane. Både mjølk- og kjøtproduksjonen tok seg svert opp.

Opp til overordna kapittel

5.11 Turistnæringa

Kring 1890 tok dei første turistbåtane til å sende turistane til Loen. I 1890 vart det kjøpt ein båt som heitte Gordon frå Breim og den vart teken i bruk på Loenvatnet.

No fekk dei og bruk for hestane om sommaren heime. Dei skaffa seg skjysskjerrer og køyrde turistarf rå sjøen til Loen-vatnet, der Gordon førde dei over Loenvatnet til Kjendalen.

Sjur-Ola var interessert med i denne turistutviklinga. Men han var snar til å kome i arbeidskleda når turistane var komne vel igjen frå turen til breen. (Mleir om turisttrafikken i eige avsnitt).

Det var i 1890 at dei bygde Claumannstårnet på toppen av Skåla ca. 1850 m.o.h. Her la bygdefolket ned eit stort arbeid og bar opp mange tunge børar då huset vart bygt, han Ola var også med på dette arbeidet. Mange tok turen til Skåla både norske og utlendingar. I den første tida hadde dei helst førar med. Det var bygdefolket som hadde den jobben, og han Ola gjekk ofte etter at han var ferdig med dagsarbeidet som førar for folk som skulle på Skåla. Både turistfersla og desse førarjobbane var med og gav bøndene kontante pengar.

Gardane var små, og dei måtte finne inntekter som dekte dei auka utgiftene som no var kome til med meir kjøp til hushaldet. Nett i desse åra var det eit stort omskifte gjekk for seg på gardane.

Han Ola var slik at han ville ikkje kosta noko før han hadde klårt for seg kvar han skulle ta pengane ifrå. Det vart difor ikkje store omveltingar, men han kjende med seg sjøl at det han hadde, det åtte han. Og han kunne til kvar tid gjere rett og skjel for seg.

Gå til starten av dokumentet

6.Turistferdsla over Lovatnet

6.1 Starten med Faleide som sentrum. 1870
6.2 Hotell, turistbåtar og skysslag.1890-1905
6.3 Dampbåtar før og etter ulukka 1905 og dampbåtlaget
6.4 Ved som drivstoff og makskinisten. 1914
6.5 Motorbåten Kjendal. 1926. Transporten til Lovatnet
6.6 Nytt konkurranseselskap og ulukka 1936
6.7 Veg og bussar etter 1936

Opp til overordna kapittel

6.1 Starten med Faleide som sentrum. 1870

Det var kring 1870 at den vanlege turistferdsla i Indre Nordfjord tok til. Men alt så tidleg som i 1830 åra hadde ymse utlendingar kome hit. Såleis kom ein svensk vitenskapsmann, Udde Myrin, til Loen og like til Bødalsæter for å botanisere og samle namn på tre og blomar, mose og lav som vaks her i 1834. om reisa si skriv han i "Skandia Vl, Uppsala 1835". Dei første engelske fjellklatrarar kom og her til omlag på same tid. Ein av dei første turistpionerane til Nordfjord var John Barrow june. som gav ut ei bok om sine reiser i Russland, Finland, Sverike, Danmark og Noreg i London i 1834. To unge engelskmenn J.W. Clark og J.W. Danning tok i 1856 frå Loen over Jostedalsbreen og ned til Nigardsbreen i Sogn. Dei hadde tre mann frå bygda med seg over breen. Dette er av dei første utlendingar som er på tur over Jostedalsbreen. Seinar kom den kjende fjellmannen, W. Cell Slingsby, på sine ferder i norske fjell i 1872 og 1903. Boka hans "Til fjells i Norge" kom ut i Edinburgh i 1904, og er omsett til norsk hjå J.W. Cappelen i 1966. Både desse engelskmennene som her er nemnde og mange fleire utlendingar som kom her til på sine reiser og skreiv om det når dei kom heim, er omtala i Erland Scheen sin artikkel "Utenlandske reiseskildringer fra Nordfjord i gamle dager" i "Årbok for Nordfjord" 1969.

I 1870 var Faleide sentrum for turistferdsla i Indre Nordfjord. Den gamle ferdslevegen frå Bergen til Trondheim kom syd frå over fjellet til Utvik og med båt der ifrå og til Faleide, og så vidare gjennom Markane og Hornindal til Sunnmøre og nord over langs fjordane på Møre til Trondheim. På Faleide var tingstad og skysstasjon, og her kom tidleg postopneri, og i 1858 vart det handelstad. Olai Tenden kjøpte handelstaden i 1869, og han bygde hotell i 1870 åra. Dette vart ein midtstad for utferder til breane i Olden og Loen. Ei tid i 1880 åra fekk dei ein dampbåt, "Faleide", som gjekk med turistar til Loen og Olden.

Men enno før den tid var det skipa skysstasjon både for hest og båtskyss. Det var 3 faste skysskarar med båt, dei rodde no turistane frå Faleide til Loen. Dei følgde turistane til Loenvatnet, og der leigde dei robåt og rodde dei til Kjenndalen, og gjekk vidare inn til Breen, og så var det same vegen attende. Det var ein velutnytta dagstur i den tid. I 188.0 åra skipa oppsitjarane på Sande, Sæten og Haugen eit skysslag, og frå den tid overtok dei skyssen med robåt over Loenvatnet. Dei nytta både feringar og sekseringar etter kor mange det var som skulle vere med på turen.

Opp til overordna kapittel

6.2 Hotell, turistbåtar og skysslag.1890-1905

I 1884 bygde Anders M. Loen (Markus-Anders) det første byggesteget til det som vart hotel Alexandra, og omlag på same tid kom Bruse Kvamme frå Sunnfjord og bygde Kvamme Hotell. Ved det auka ferdsla opp til Kjenndalsbreen og i 1890 vart det skipa eit lag av dei som budde kring Loenvatnet. Dei kjøpte då dampskipet "Gordon" på Breim. Det var ein Elias Reed som dreiv hotellet Gordon som åtte båten. Før vegen gjennom Våtedalen kom, gjekk ferdslevegen frå Sunnfjord over Breimsvatnet frå Førde til Red. Dette var ruta til Gordon på Breimsvatnet. Denne båten var 35 fot lang og kunne ta ca. 30-40 personar. 1891 var truleg første sesongen han gjekk på Loenvatnet. Trafikken var så stor at når det var turistbåtar på Loen måtte dei nytte store robåtar på slep etter dampbåten.

I 1890 åra tok dei første turistbåtane til å kome her til. Den engelske båten "The Midnight Sun" (Midnattsola) var den første turistbåten. Skipet gjekk berre til Stryn og ankra opp der den første tida, men etter ein sesong eller to, gjekk det inn og ankra opp på Loen. På denne tida var det skipa skysslag i Loen, der alle gardane frå Loen krins utan om Sande var med. Dei møtte fram med hest og kjerre ved dampskipsekspedisjonen og køyrde turistane til Loenvatnet. Etter 1906, då turistferdsla hadde auka og vegen mellom Loen og Stryn var ferdig kom også Rake, Oppheim, Marså og Strand med i skysslaget. Etter 1922, då vegen langsmed Loenvatnet var komen fram til gardane på Sande, vart og dei med. Det var då over 50 hestar som møtte fram med stolkjerre eller trille.

Det var og i 1890 åra at folket i Nesdal og Bødal tok til å arbeide opp køyreveg frå Kjanndalsanden til breen. Dei skipa då Lodalen skysslagi og møtte opp med hest og kjerre og køyrde turistane til breen. Markus Loen, som no var eigar av begge hotella i Loen, bygde restaurant i Kjenndalen.

Turisttrafikken fekk så stor oppsving at dampbåten Gordon vart for liten. I 1902 vart Gordon seld attende til Breim, der var han til 1908, då vart båten seld til Oskar Totland, og båten gjekk til Måløy, der var han nytta til fiskebåt. I 1917 vart båten ombygd ved Ellefsens mek. verkstad, og då vart dampmaskina utbytt, og Gordon gjekk då over til motordrift. Dampmaskina vart sett inn i Totlandsbua i Måløy.

Opp til overordna kapittel

6.3 Dampbåtar før og etter ulukka 1905 og dampbåtlaget

Lodalens Dampbåtlag tinga Trondhjems Mekaniske Verksted til å kome og byggje ny båt på Vasenden. Dei kom med ferdiglaga jarnplater frå Trondheim, og sette saman skroget på beddingen på Vasenden. Båten fekk namnet Lodalen og kom i rute på Loenvatnet i 1902. Han hadde innsett dampmaskin,og hadde sertifikat for ca. 90 personar. Bakan for maskinromet var der ein liten salong med dekk over, elles var han ikkje overbygd.

Om vinteren vart han sett i eit naust i Trosjevika i sundet mellom Bødal og Nesdal. Denne båten fekk ei kort levetid med 3 gode turistsesongar. Loen ulukka 15. januar 1905 tok båten frå vinterleget sitt og hivde han 400 m inn over land, og sjølve skroget vart ein god del skada. Havariet var likevel ikkje verre enn at dei kunne ta ut maskina og nytta i ein ny båt. Skroget vart oppreist, og vart liggjande der til 1936. Mange av turistane gjorde turen inn og såg dette skroget som var eit synleg minne på dei store kreftene som var igang i denne ulukka. Den 13. september 1936 vart båten teken av båra på nytt og ført fleire hundre meter og høgare opp i lia då ei ny og enno større ulukke hende i Lodalen. No ligg båten som eit rusta jarnskrog og er synleg frå vegen til Kjenndalen ved minnetavla oppe i fjellet.

Lodalens Dampbåtlag vart utvida i 1905. Då fekk folk frå garden Loen også kome med i selskapet. I lovene vart det vedteke at det skulle vere 60 aksier, og føremålsparagrafen lydde slik:

"§ 1"

Lodalens Dampbåtlags formål er at drive dampskipsfart på Loenvatnet, at arbeide for trafikens forøkelse samt at befordre reisende bekvemt og betryggende over vandet.

Den første formannen i det nystarta laget var lærar Kolbein Bødal, og til første styret vart valde: Markus Loen, Elias Bødal, Lars Nesdal og Andreas Loen. Kolbein Bødal og Rasmus J. Sæten jr. var i lang tid formenn i laget. Sidan var Simon Haugen og Ola A. Tjugen formenn fram til Loenulukka i 1936.

Andreas Loen var med og fekk nystarta det nye laget i 1905, og han var i styret frå laget var skipa og til han vart sjuk og døde i 1909. Også den nye båten vart bygd på Vasenden av Trondhjems Mekaniske Verksted. Dette var og ein jarnbåt og likna den første båten, og hadde sertifikat på 90 personar. Denne båten fekk namnet Lodølen. Fram til 1914 auka turistferdsla frå år til år, og dei hadde opp til 50 vitjingar av turistbåtar på ein sommar. Denne båten var og for liten og det vart innkjøpt ei stor slepeskute som tok ca. 50 personar.

I 1908 tok o.r.sakførar Ole Loen til med ein konkurrerande motorbåt Bødal, på Loenvatnet. Det var ein trebåt med bensinmotor. Denne båten vart i 1909 kjøpt av Dampbåtlaget, og vart nytta ved sida av Lodølen i turistsegongane frå 1910 til 1915. I 1916 vart denne motorbåten og ei slepeskute seld til Johan Muri, adr. Bergen.

Opp til overordna kapittel

6.4 Ved som drivstoff og makskinisten. 1914

I krigen i 1914 kom laget i vanskar med å få kol til drivstoff for båten. Heile tida tidlegare hadde dei fått kol frå Bergen. Det kom med eiga skute om våren og hadde med kol til heile sesongen. Parteigarane nedan for vatnet køyrde kola opp til Vasenden, der hadde dei laga ein kolbing til å lagre dei i. Maskinisten bar då kola ombord når båten låg ved bryggja på Vasenden så dei hadde rikeleg til heile turen. Anders Lødemel frå Hornindal var maskinist på Gordon frå andre sesongen i 1892. Han bygde seg eit hus på leigd grunn på haugen vest for Øvste Lotunet. Det har fått namnet Klampenborg. Seinare fekk han kjøpe br.nr. 6, Nyheim på Ytre Skarstein, og fløtte med huslyden der til i 1902.

Anders Lødemel var ein svert påliteleg maskinist, som sette si ære i å ha alt i god stand, og å ivareta både maskina og båten på beste måte. Då krigen kom, og vanskane vart store med å få kol til drifta, prøvde dei seg med å bruke oppkløyvd ved av bjørk og ore. Dette gjekk så godt, at'dei heldt fram med dette også etter krigen. Dette vart til ein stor gode for dei som budde i Lodalen. Dei hadde stor og god lauvskog, men då dei ikkje hadde veg langs vatnet var det vanskeleg å få denne veden fram så dei kunne få selje han og ha noko att for strevet. No kunne dei hogge og få levert all den ved dampbåten trengde. Dampbåten Lodølen kunne gå inn til land og hente famnved der det var mest lagleg å levere veden. Det var ei ulempe med å fyre med ved, og det var at det hadde lettare for å kome gneistar enn med kol. Dei fekk nokre erstatningskrav frå turistar for klæde som hadde teke skade av gneistane. Dei fekk då sett opp eit nett for å møte gneistane, og sidan gjekk det godt. Og med Anders Lødemel som maskinist, så vart det gjort alt det som kunne gjerast for å unngå skade. Då han hadde vore maskinist i 30 år, fekk han ei gullklokke frå dampbåtlaget for godt og trufast arbeid. Då ulukka i 1936 kom og tok frå han arbeidsplassen hans hadde han vore maskinist i Lodalens Dampbåtlag i 44 år.

Bilde av Lodølen ved kai ved Kjenndalen restaurant
Loen

Opp til overordna kapittel

6.5 Motorbåten Kjendal.1926. Transporten frå sjøen og opp til vatnet.

Del 1. Frå sjøen opp til Hagedalen
Del 2. Båten fall i Hagedalselva
Del 3. Frå Hagedalen til Lovatnet

Opp til overordna kapittel

6.5 (del 1). Frå sjøen til Hagedalen

Etter krigen kom turisttrafikken igang igjen, og frå 1921 kom turistbåtane til Loen på nytt, og no auka det for kvart år. I 1926 gjorde dampbåtlaget vedtak om å kjøpe motorbåten Kjendal. Det var ein trebåt bygd av Brødrene Gunvald og Nils Ottesen, og det vart innsett ein Original Union motor på 30 hk levert frå Forenede Motorfabrikker i Bergen. Det var ein open båt med solsegl over, og den hadde sertifikat til 81 personar. Anders B. Sæten for til Bergen og var med under monteringa av maskina, og han var med då motorbåten gjekk til Loen.

Transporten opp til vatnet frå sjøen var både vanskeleg og spennande. Lodalens Dampbåtlag hadde sett transporten bort til Kasper Sæten. Han tok opp båten vestanfor dampskipsbryggja. Han hadde fått tak i brukte trikkeskjener frå Bergen som dei sette saman, og dei laga til ein slede båten skulle stå på, og så nytta dei små støypte hjul som skulle gå på skjenene. Dei tok ut maskina og alt som var laust før dei tok han på land, men båten i seg sjøl var svert tung, då han var bygd av fleire lag med plank. Det var litt av eit meisterstykke å få han opp den bratte bakken frå sjøen og opp til riksvegen. Det synte seg og at dei små støypte hjula ikkje tolde den store tyngda av dette skroget og dei brast sund, det var ikkje lang stunda mellom kvart hjul dei måtte skifte ut. Til dragkraft brukte han både ein stor skipstalje og folk og hestar. Då dei hadde fått båten opp på riksvegen tenkta dei at det verste var gjort. Men det synte seg at dagsmarsjane vart små, og nye hjul måtte skiftast inn tidt og ofte. Då dei hadde kome ein ca. 300 meter på riksvegen, var pengane som var lovdé oppbrukte og vel så det. Kasper Sæten såg seg då nøydd til å seie opp avtalen. Dampbåtlaget tok så over transporten vidare. Dei fekk då Anders Meland frå Stryn til å vere formann for arbeidet. Han fekk tak i hjulåsar av jarn, og brukte breie trekubbar til hjul. Dei første hjulåsane han fekk synte seg å vere for veike og bøygde seg, så dei laut få tak i nye og tjukkare dimensjonar.

Det vart stor friksjon når hjulåsen var så tjukk, og det galdt difor om å ha sterke krefter til å drage. Thor Fosnes hadde fått ein traktor med store jarnhjul. Han vart leigd til å kome med traktoren sin. Så hadde dei to hestar som dei sette for taljen og elles hadde dei lange tampar ein på kvar side av båten der folk samla seg på og drog. Nokon av desse folka var leigde, men dei fleste var medlemer i dampbåtlager og dei arbeidde på dugnad.

Dette var midt i turistsesongen, og dei måtte helst nytte natta til å flytte båten, og så galdt det å finne ein høveleg stad der dei kunne setje båten ut av vegen så skysstrafikken slapp fram om. Det var ikkje alltid lett å finne. Vegen var heller ikkje sterk nok til å tole ei så stor tyngd, og dei måtte leggje plankar som hjula gjekk på. Etter som båten gjekk fram måtte det vere folk til å bere plankana fram om igjen. Det tok og tid med å finne nytt feste for taljen kvar gong han gjekk blokk i blokk. Det var difor den første tida berre ein 5-600 m dei kom fram for kvar natt. Men det gjekk då framover utan store uheld, og så fekk ein finne seg i å ta tida til hjelp.

Opp til overordna kapittel

6.5. (del 2) Båten fall i Hagedalselva

Då dei var komne inn til den inste Hagedalselva inn mot Tjugen gjekk taljen blokk i blokk medan bakhjula enno stod ute på steinbrua. Då båten stogga vart det for tungt for bruhellene og dei brast sund og båten for ned i elva med bakenden. Heldigvis fekk dei skora han opp så han ikkje valt over på sida. Dette var då det leid noko ut på kvelden, og neste dag var det ny turistbåt i vente. Dette såg stygt ut, for båten hadde brote ned brua og stengde vegen så ingen kom fram om med noko køyrereidskap.

Det vart strakst send folk i veg etter jakteskruar og plank. og no vart det ei hektisk tid til å skrue opp båten og leggje under plank, og å passe på at båten stod beint så han ikkje kvelvde. Det vart ei spennande tid. Greidde ein å få båten skrua opp og dregen ut av vegen og ny bru bygd så turistane kunne køyre her i morgon tidleg. Alle som kunne,var med og hjelpte til.

Ut på morgonsida var båtkjølen komen opp i høgd med vegbana. Hotelleigar Markus Loen fekk sjølsagt ikkje sova den natta. Han kom no inn og skulle sjå om det var von om å få vegen klar. At ein greidde dette var einaste utvegen for å kunne køyre turistane, for det var inga tid til å laga veg og byggje bru over elva ved sida av den gamle.

Når ein no skulle til å drage galt det at båten ikkje stogga før ein var komne vel over brua. Då fann dei ut at dei ville setje traktoren på taljen, og det synte seg at det var ei oppfinning som var av stor verdi for transporten. No gjekk båten fram utan hjelp korkje av folk eller hestar. Folk berre stod og såg på at båten kom over brua. Markus Loen kjende seg trygg på at dei skulle greie oppgåva, og gjekk heim igjen for å ta mot turistane. Dei fekk båten ut av vegen der Tjugan camping no er, og så gjekk dei i gang med leggja over brua trebjelkar og spikra på plank til vegdekke. Og i god tid stod brua ferdig so turisttrafikken gjekk uhindra til Vasenden.

Opp til overordna kapittel

6.5 (Del 3) Frå Hagedalen til Lovatnet

No hadde dei gjort ei oppfinning som sidan vart til stor nytte. Dei slapp å bruke hestar, og det meste arbeidet for folket var å få på plass plankana som hjula skulle gå på. og no gjekk det utan stans i to netter og ein dag og då var dei komne til Vasenden. Dei hadde laga til skåter så båten skulle gli på sida ned i vatnet, og det gjekk så fint at han også kom på vatnet før kvelden kom. Anders B. Sæten som skulle vere maskinist på båten, fekk folk med seg og gjekk strakst igang med å setje inn maskina, og neste dag var han komen så langt at Kjendal gjekk sin første prøvetur på Loenvatnet. På ei veke hadde dei no greidt å få båten opp i vatnet etter at dampbåtlaget tok over transporten. Og fleire av dei dagane var det turistbåtar, så det berre var om natta dei fekk arbeide med båttransporten. Med dette hadde no det vanskelege arbeidet til slutt fått ein heldig ende.

Bilde av Kjenndal under transport til Lovatnet. Foto: Sonstad
Loen

Medan dei i Loen arbeidde med å få Kjendal opp i vatnet, hadde dei i Olden fått ein liknande motorbåt som fekk namnet Alda, og som no skulle opp i Oldenvatnet. Dei kjøpte det utstyret som hadde vore brukt i Loen, og dei fekk sin båt opp i Oldenvatnet utan sers uheld og vanskar.

Opp til overordna kapittel

6.6 Nytt konkurranseselskap og ulukka 1936

I 1925 tok eit nytt konkurranseselskap til med drift at motorbåten Turisten på Loenvatnet. Det var ein motorbåt med Sleipner bensinmotor 8-12 hk og sertifikat for 26 personar. Denne båten vart i 1927 kjøpt av Dampbåtlaget og fekk då namnet Bødal. Den vart nytta til små turar ved sida av dei andre båtane laget hadde. Det vart og kjøpt inn ei ny slepeskuta for 60 personar. Skuta vart bygd hjå G. Fitje, Gloppen. Det vart no 2 aktieutvidingar av laget. Den første i 1927 og den andre i 1934. Ved det vart alle gardbrukarar i Loen og Lodalen som ynskte det aksjonerar i Dampbåtlaget.

Den 13. september 1936 kom den andre store Loenulukka. Alle båtane låg då i hamn rett over for Vasenden. I denne ulukka gjekk alle laget sine båtar til botnar utan om motorbåten Kjendal som av båra vart kasta langt inn over land. Dei båtane til laget som gjekk til botnar var Lodølen, motorbåten Bødal, og to store slepeskuter. Kjendal vart sett på vatnet att, og hadde ikkje fått større skade enn den vart reparert og sett i drift. Denne hausten fløtte alle folk som livde igjen bort frå Bødal og Nesdal, og motorbåten Kjendal vart nytta til å føre alle folk og dyr og varer ned frå dalen. Same året i november kom eit nytt stort ras frå Ramnefjellet, og i den båra som kom av dette raset, gjekk Kjendal til batnar. Den vart i 1938 teken opp frå botnen av Kasper Sæten og køyrt ned til sjøen, der vart den reparert og gjekk til Bergen og vart seld der.

Opp til overordna kapittel

6.7 Veg og bussar etter 1936

Etter denne ulukka vart det nedlagt forbod av departementet mot å frakte turistar over Loenvatnet. Dampbåtlaget vedtok då å gå over til bussar og ta all turistkøyringa til Kjenndalen. Laget vart då utvida på nytt. Serleg var det Lodalen skysslag som fekk fleire aksiar for rettane til Kjendalsvegen fram til breen som dei då let ifrå seg til laget. Det vart innkjøpt 7 bussar og 2 drosjer frå A/S P.H.T. Schmidt i Bergen, og dei vart tekne i bruk i sesongen 1937.

Vegen langs Loenvatnet var komen opp til Helset då ulukka hende. No vart det vedteke å få vegarbeid i gang for å få vegen ferdig til Kjenndalen så snart som råd var. Saka kom opp i Stortinget før jul 1936, og Dampbåtlaget tok på seg å forskottera vegen med trygd frå Arbeidsdepartementet. Vegen vart ferdig til Bødal i 1937, og turisttrafikken gjekk med bussar berre til Bødal den sesongen. I 1938 var vegen ferdig til Kjenndalen og den sesongen gjekk turen like fram til Kjenndalsbreen. Hotel Alexandra bygde ein restaurant for 200 middags~gjester. Den låg på ei lita høgd midt i dalen med fint utsyn til breen. Dei fekk og fram telefon, men dei var utan elektrisk kraft.

Laget fortsette drifta i 3 gode sesongar med 7 bussar og 2 drosjer like til krigen kom i 1940. Då stogga all turisttrafikk. Under krigen leigde ein bort bilane ei tid, men så vart det slutt med å få bensin. Då vart nokre av bussane selde, og nokre vart rekvirerte til tyskarane, og dei vart då selde. I denne tida utan inntekter for laget greidde dei ikkje sine forpliktelser til renter for det statsgaranterte låten til Kjenndalsvegen. Laget søkte då om at staten overtok ansvaret. I styremøtet den 2.7.41 vart det referert skriv frå Arbeidsdepartementet av 27.1.s.å. at veglånet var innløyst, og Lodalen Dampbåtlag var løyst frå alt ansvar.

Då krigen var slutt hadde laget berre igjen dei 2 drosjene. I den første tida heldt dei oppe rutene til Kjenndalen med dei 2 drosjene og leigd bil når det trengdest. I 1948 vart det innkjøpt ein buss, Volvo, frå Olav K. Henden, Sandane.

I 1953 vart laget oppløyst. Dette vart vedteke på ekstra generalforsamling den 24.1.1953, der 104 røysta for og 6 røysta mot oppløysing.

Ein av dei 7 bussane til Lodalens dampbåtlag. Sjåfør Bård Sande
Loen

Dei 7 bussane til Lodalens dampbåtlag oppstilte ved Dampskipskaia
Loen

Gå til starten av dokumentet

7. Samtalelag og ungdomslag i Loen (1880)

7.1 Samtalelaget. 1870
7.2 17. mai, ungsomslaget og Antuns-Anders

Opp til overordna kapittel

7.1 Samtalelaget

Fram over i siste halvpart i 1800 talet var det ei større interesse mellom bygdefolk både for politikk, nasjonale og kulturelle saker. Skulestellet vart utbygt, og det kom i gang fleire seminar til utdanning av lærarar, dit søkte mange ungdomar ifrå bygdene. Dei første ungdomsskulane kom i gang. Hjelmeset fekk i gang den første folkehøgskulen for Nordfjord på Apalset i Gloppen i 1875. Alt første året gjekk Knut 0. Loen frå Knutebruket i Loen og Rasmus J. Sæten frå Nigard bruket på Sæten på denne skulen. Det var fleire frå Loen og Lodalen som reiste på seminar. Mellom dei var Lars Kr. Mattisson Loen, son til den kjende bygdedoktaren Mattis Loen og Helga Antonsdotter som var frå Antunsbruket. Han tok eksamen ved Stord seminar i 1881, og same året skipa han eit samtalelag i Loen. Lovene til dette laget har vi, og namna på dei medlemene som var med i laget frå først av. Det var stor interesse for desse møta i den første tida, og dei møtte fram både dei som var medlemer og andre. Dei heldt møta ikring i stovene, og emna var både foredrag og diskusjon.

Lovene lyder slik:

"Statutter for Loens samtalelag"
  • § 1 En forening der bærer navnet "Loens samtale-lag" oprettes.
  • § 2 Foreningens formål er ved underholdende samtale at øve medlemmerne i selvstendigt at udtrykke sine tanker, samt hjælpe til at opvække deres sans for og opklare begrebene om nutidens forskjellige spørsmål.
  • § 3 Medlemmer af foreningen er alle mandspersoner fra 15 til 60 år i gården Loen.
  • § 4 De i § 3 nævnte ere medlemmer uden nogenslags indmeldelse. Udenforstående kan også blive medlemmer for længre eller kortere tid ved at anholde "laget", der da setter det under afstemning, om tillatelse.
  • § 5 Mandspersoner i Loen over og under den i § 3 fastsatte alder samt kvinder tilstedes også adgang til diskusjonene, dog uden stemmeret.
  • § 6 Møderne holdes så ofte foreningen selv bestemmer.
  • § 7 Bestyrelsen velges med mundtlig stemmegivning af foreningen, og kun af dens medlemmer.
  • § 8 Til bestyrelse velges med simpel stemmeflertal 1 formand, 1 viseformand samt 3 sækretærer.
  • § 9 Bestyrelsen har at fungere i et - 1 møde. Ingen af medlemmerne har i almindelighet ret til at undslå sig for at modtage valg, medmindre han har fungert i 2 på hinanden følgende valgterminer. I dette tilfælde kan han undslå sig for valg i lige så lang tid.
  • § 10 Det påhviler formanden at lede forhandlingerne og at påse at det går ordentlig til. Han har endvidere at lede valg af styrelse, og underrette om tiden når, og stedet hvor mødet skal afholdes samt hvilket thema der skal behandles, og føre liste over ikke medlemmer.
  • § 11 Formanden har at tilkalde enhver taler at holde sig til de for themaets diskussjon opstilte pungter. For sin egen deltagelse i diskussionen har han at anholde den nærmest påfølgende taler om tillatelse til at erholde ordet.
  • § 12 Sæktretærene på hvert enkelt møde at nedskrive de under diskussionen fremkomne udtalelser og stemmegivninger samt besørge at referat heraf med navns nevnelse indføres i foreningens protokol der opbevares av 1. sæktretær.
  • § 13 Stedet hvor mødet skal afholdes, bestemmes ved stemmegivning af foreningen.
  • §14 Diskussionens evner (themaer) kan fremsættes af enhver af medlemmerne, og det påhviler forslagsstilleren at besørge themaets indledning. Efter ethvert themas diskussion holdes afstemning.
  • § 15 Ethvert thema må være fremsat og andtaget på næst foregående møde. Sprøgsmålene om themaets antagelse afgjøres ved afstemning. I tilfælde av stemmelighet gjør formandens stemme udslaget.
  • § 16 Alle medlemmer, som i forsamlingen viser noget som helst slæt forhold og opførsel, taber sin ret til at deltage i diskussionen for bestandig, lengre eller kortere tid, efter som foreningen ved votering bestemmer.
  • § 17 "Ikkemedlemmer" der forser sig i samme fejl, som i § 16 anført, udvises strakst.
  • § 18 Hvis nogen af foreningens medlemmer finder at nogen av bestyrelsen ikke opfylder sine plikter så har han at fremkomme med et mistillidsforslag, og forsamlingen har da ved afstemning at give til kjende enten han skal blive stående eller ej. I siste tilfælde velges ny bestyrelsemedlem.
  • § 19 Det påligger formanden efter § 10 at bekjendtgjøre tid og sted for mødets afholdelse samt diskussionens thema. Dette har han at bekjendtgjøre ved opslåelse af plakater på de for almenheden mest beferdede steder.
  • § 20 Forandringer av disse statutter kan forandres når laget finder det nødvendigt.

Loøren 1. oktober 1881 L.Kr.Kr.M. Loen (sign.) Disse statutter blev med de nuverende endringer antaget den 20. desember 1881.

L.Kr.Kr. Loen (sign.) (mødets dirigent)

Erbødigst

A. Mykland (sign.) (mødets visedirigent og sækretær), K.0. Loen (sign.) (mødets sækretær)

Rasmus J. Loen (sign.), R.J. Loen (sign.), Joh. 0. Loøren (sign.), Jakob 0. Loen (Sign.), Hans S. Loen (sign.), E.A. Stokke (sign.), Peder P. Fladager (sign.), Salomon Rasmussen Eide (sign.), Bent E. Loen (sign.)

Statuttane er her oppskrivne slik som dei var etter endringane på skipingsmøtet.

Opp til overordna kapittel

7.2 17. mai, ungsomslaget og Antuns-Anders

Lærar Lars Loen for strakst bort frå bygda. Han vart lærar og klokkar i Olden og budde der. Han hadde vore den sjølskrivne leiaren for dette laget, og då han for bort var det ikkje så lenge det vart gåande. Han bodde ikkje lenger borte enn at han ofte hadde kontakt med heimbygda. og i 1886 var det han som fekk til den første feiringa av den 17. mai i Loen. Vi veit ikkje så mykje om kva dei hadde til program, men dei hadde sikkert det reine norske flagget, som vi veit vart nytta i Olden på den første 17. mai som han skipa til der. Dei samlast ved Tiendebuda, der gardsvegen gjekk frå sjøen og fram i Lotunet. Der låg det ein stein som dei kalla klovsteinen. Han hadde før stade oppreist og var rekna for ein bautastein frå gamal tid. No låg han på skakke og mest nedvelt.

Til denne steinen knyter det seg ei segn om Lokjempa og Dalekjempa. Dei låg stødt i strid, og då dei møttest kløyvde dei kvar sin stein med sverdet. Då dei skulle syne styrken med å setje dei saman att greidde Lokjempa det så godt at det synte berre merke etter der han var kløyvd, og denne steinen vart ståande som ein bautastein. Dalekjempa var uheldig og det brotna frå eit stort stykke, og den steinen vart liggande der. I 1880 åra vart han teken og nytta til muren i Kvamme hotellet. (Etter A.O. Loen si bok "Fra Nordfjord" Eget forlag. Nordfjordeid 1893. Oppat prenta i "Årbok for Nordfjord" 1951.)

På denne første 17. mai som dei feira i Loen, fekk Lars Loen folket med seg og reise opp igjen den gamle bautasteinen, og han vart avduka med stor fest og tale av Lars Loen, der han sa at folkeminna var ein arv frå federne som ein måtte ta vel vare på. Der var oppmøtt ein 12 år gamal gut som høyrde på med stor interesse, og han gjorde seg sjøl den lovnaden at han ville gjere det han kunne for å verne om den dyre arven frå federne våre. Det var Anders Olson Loen frå Antunsbruket. Han var brorson til mor åt Lars Loen, så dei to var søskenborn. Og mor hans Anders var Janikke Andersdotter frå Sjurebruket.

I 1893, då han var 19 år, hadde han samla så mange segner frå Loen og Lodalen, og bygdene i Nordfjord at han gav ut ei bok på eige forlag. Boka heitte: "Fra Nordfjord. Bygdesagn, folketro, skrøner, etc. af A.O. Loen. Eget forlag. Nordfjordeid i.o. Olsens bogtrykkeri 1893". Segnene hadde han skreve på bokmål, men der var med nokre prøver på sjølstendig dikting og dei var på ei dialektfarga Nynorsk. Denne boka er oppat prenta i "Årbok for Nordfjord 1951". Der er segnene omsette til nynorsk, og der er eit stykke om A.O. Loen.

I same boka er der ei av segnene som er merkt med H.L. Det er Helge Loen, han vart gift med søster til Lars Loen, og han var søskenbarn til far åt A.O. Loen. Også den er omsett og med i årboka. Det er ei segn om Store-Knut Anders Bødal.

I 1895 fekk Anders Loen ungdomane med seg og tok opp igjen tankane frå samtalelaget og skipa Loen Ungdomslag, han var sjøl første formannen og den drivande krafta i laget. Laget hadde møta og festane i kring i stovene, og dei dreiv med foredrag, opplesing og diskusjon. Dei hadde og eit handskreve blad, som Anders gav namnet "Kometen", og det namnet har det hatt sidan. Rasmus Sande, frå Vasenden, som ofte var bladstyrar, sa at Anders var den flittigaste å skrive i bladet, og der var stor interesse for bladet. Rasmus var sjøl ein ivrig ungdomslagsmann i lang tid, og han var første formann då dei fekk laget i gong på nytt i 1901, og han var formann då dei bygde ungdomshuset "Heimtun" i 1915. Han vart seinare heiderslagslem i Loen ungdomslag.

I dette første laget tok dei og til å øve inn "Ervingen" av Ivar Aasen. Men der var mange i bygda serleg av dei eldre som såg med uvilje på lagsarbeidet. Og skodespel meinte dei var av det vonde. Somme av dei ungdomane som skulle vere med i spelet, vart av foreldra forbodne å vere med. Spelet vart såleis innøvt, men ikkje framsynt.

Firda ungdomslag vart skipa i Stryn i 1896. Og om sommaren vart den første Firdastemna halda på Skåre i Oppstryn. Anders saman med fleire av lagslemene var på denne stemna, og han melde laget inn i Firda ungdomslag. Dei hadde og utsendingar til Firda ungdomslag året etter, og Elias Hogrenneng vart varemann til fylkesstyret.

Anders hadde mange interesser, og han skreiv i "Firda og Sygnafylkets avis" som Mons Litlere gav ut i Bergen. Han var og interessert med i skyttarlaget, og han var til Elverum på eit instruksjonskurs. Han hadde fleire medaljer og skytarpremiar.

Han las "Fedreheimen" og var svert oppteken av dei nye tankane i tida, og han vart skulda for å vere fritenkjar, og det var mange av dei eldre som var mot arbeidet hans i laget. Andre motgangar kom og til. Det fortelst at han ville ha borgarleg vigsle, og ei jente slo då opp med han. Orsaka veit vi ikkje, men i 1898 enda han sine dagar for eiga hand.

Etter det gjekk ungdomslaget han hadde fått i gang i stå, men tanken hadde fengt så sterkt hjå ungdomen så dei tok til med nytt ungdomslag i 1901. Og det fekk då ei rik blomstringstid. Meir om dette ungdomslagsarbeidet seinare.

Gå til starten av dokumentet

8. Dei førse levan de lysbilæte og den første fonografen i Loen (1900)

Kristian Sæten, frå Oppigard-bruket på Sæten, kom i 1900 ein tur heim frå Amerika. Der hadde han vore i nokre år, og arbeidt med ymse ting, m.a. med fotografering og framkalling saman med broren Ingebregt J. Sethen. Då han kom heim til Loen hadde han med seg eit filmapparat, og synte fram levande lysbilæte. Dette er den aller første filmframsyning i Loen, og det var svert populert då han synte det fram.

Han hadde fleire framsyningar, og serleg ungdomen møtte fram alle som kunne. Både Andreas på Sjurebruket, og Marte Skarstein, som det året tente der, var med den andre ungdomen opp til Oppigardstova der han Kristian hadde framsyning. Ein annan gong hadde han framsyning på hotel Alexandra.

Det var små filmstykke han hadde, eit av dei var ungdom som bada på ei fin sandstrand, og hoppa og stupte frå eit stupebrett, og det var andre slike små glimt av folk som levde og rørde seg. Mange hadde fotografert seg, men ingen hadde før sett at personane fekk liv og-rørde seg som verkeleg levande folk, på den kvite duken.

Kor utstyret var er det ikkje fortalt om. Men truleg var det parafinlampe han hadde, og han hadde vel sveiv og snudde med hand når han hadde framsyning. Etter å ha vore heime eit år for han Kristian til Amerika igjen.

I 1904 kom han heim på nytt. No var han gift med Else Larsdotter frå Trulsbruket i Loen, og dei kom no heim for å ta over dette bruket. Då og hadde han med seg ymse ting som ingen hadde sett i Loen før. Såleis hadde han med seg ein fonograf, der det var innspela musikk og song. Ein kunne og ta lyden bort og spele inn på nye ting, tale eller song og musikk. Det var voksrullar som lyden vart spela inn på, og som gav lyden igjen når ein sette fonografen i gang.

Dei sveiva fonografen opp som ein vanleg gramafon med ei sveiv, og rullen var slik at ein kunne sette den inn på eit stativ som snudde rullen rundt når ein spela, og det var ein diamant stift som var fest på ei arm ein kunne svinga til og frå som ein sette ned på rullen og som fekk lyden fram. Det var ein stor vifteforma tut som lyden kom gjennom, likna dei vi har sett på gamle gramafonar. Dette var nytt, og det var før gramafonane kom. Serleg borna var svert interesserte for å få høyre på dette nye musikkinstrumentet.

Han hadde og med seg ein sykkel frå Amerika, truleg var og det den første sykkelen som kom til Loen. I Stryn hadde det vore ein velosiped, med eit stort og eit lite hjul, og der kan kanskje ha vore syklar. Denne sykkelen var som syklane er no omlag, men hjula var ikkje fri, slik at trødene måtte følgje med heile tida. Det var ikkje så greidt i bratte bakkar. Alle som var born i mange år fram over der i krinsen lærde seg å sykle på denne sykkelen.

Gå til starten av dokumentet

9 Eit nytt århundre med fridom og framgang

9.1 Andreas og Marte
9.2 Marte og Hardbog-ætta på Hopland
9.3 Oldeforeldra til Marte
9.4 Besteforeldra og foreldra til Marte- Skarstein
9.5 Stein til mur for nytt stovehus
9.6 Kristina og Elias Olsen frå Amerika
9.7 1905, Olina fødd, moblisering
9.8 Stein til mur for nytt stovehus
9.9 Fesjå og oksar
9.10 Fruktdyrking
9.11 Andreas døydde 1908. Krig 1914, korndyrking

Opp til overordna kapittel

9.1 Andreas og Marte

Han Andreas hadde vore heime på garden og hjelpt til med arbeidet både vinter og sommar. No hadde han funne ei gjente som han ville skulle bli kona hans, og ho hadde sagt seg samd med han. Han måtte då sjå til å få noko for seg sjøl, og få sin eigen heim. Han Ola var ikkje enno nokon gamal mann, men han fann det klokast å få nye krefter til å ta til på garden. Han skreiv til sonen sin, han Anders i Amerika, at no måtte han kome heim og ta over garden. Han fekk svar frå han at han såg det slik at han kom til å verte verande i Amerika. Og han Ola fekk lata over garden til han Andreas som hadde vore heime.

Han Andreas (fødd 21.6.1880 død 14.1.1909) var berre 20 år, men han gjekk med på å overta garden og gje han Ola og ha Olina kår. Han Ola var ikkje meir enn 54 år då han skøytte frå seg og tok kår. Han tok ikkje anna kår enn at han og kona skulle gå til bords med deiandre, og ha klæde og stell. og så hadde han 3-4 epletre som han tok av som han skulle ha frukta av. Han gjekk på garden og var full kar i arbeidet både vinter og sommar.

Han Andreas fekk skøyte i 1901 og same året gifte han seg med Marte Eriksdotter Skarstein (fødd 6.5.1879 død 17.2.1968). Ho var to år eldre enn han og hadde i siste tida vore i teneste på Sjurebruket.

Bilete av Andreas og Marte
Loen

Opp til overordna kapittel

9.2 Marte og Hardbog-ætta på Hopland

Med henne kom ei av dei gamle nordfjordslektene inn i Sjureslekta. Det er Oluf Hardbog ætta på Hopland som ein kjenner til heilt tilbake til 1400. I Bygdeboka 2. bandet (s. 484) seier Aaland at det er prov for at det her har livt høgætta og mektige folk i gamal tid. Edvard Os trur han har funne prov for at Hardbog ætta og Augustin ætta på Vereide høyrer saman og går like tilbake til Kjetil Molla som levde på Vereide på Håkon Jarl si tid. (Stårheim og Stårheimsætta i mellomalderen av Edv. Os side 161). Kong Sverre har på morssida rekna ætta si attende til Kjetil Molla. Denne slekta har hatt mange store jordegods spreidd rundt i kring i Nordfjord. P.M. Skrede som har skreve opp ættetavla til Sjurebruket på denne lina, han fortel og om Agnund Bonde frå Lote som er nemnd i 1320 og var av den kjende riddarætta på Lote. Denne slekta høyrer vi ikkje om etter svartedauden, og på 1400 talet er det Hardbogane som har vorte eigarar av Lotevaldet. P.M. Skrede meiner at Oluf Hardbog si slekt har ved giftarmål vorte eigarar av eigedomane på Lote. Her kjem ein såleis i ættesamband med nokre av dei gjevaste slektene som vi veit om i Nordfjord i gamal tid.

"Storbonden på Hopland,Oluf Hardbog frå år 1400. Skrive 1961 av P.M. Skrede"

Det einaste dokument som vi no veit om som nemner Oluf Hardbog frå 1400, er eit dokument som ligg på Hopland. I ei åstadsak, sunnan i fjorden vert det prova at eigna sunnani fjorden med Brattestøda hadde lege til Hopland i meir enn 6 ættarled som då vart rekna opp såleis: 1 Oluf Hardbog, 2 sonen Bård Olufson, 3 sonen Siurd Bårdson, 4 Oluf Siurdson, 5 Oluf Olufson, 6 Rasmus Olufson som då var brukar på garden.

Elles veit vi ikkje meir om Oluf Hardbog. Ein har gissa på at han er av ætta Hardbo som vi ofte finn namn på i heren og embetsverket. T.d. i 1639 då vi har ein fut i Nordfjord med namnet Niels Harboe.

Edv. Os meinar å ha funne prov for at Hardbogætta og Augustinus ætta på Vereide båe gjeng attende til Ketil Molla som budde på Vereide på Håkon Jarl si tid. I så fall er der vel kongeblod i desse ættene.

På Lothe rådde riddarætta Bonde, i alle fall fram til Svartedauen. Agmund Bonde på Lothe var før 1320 gift med Ingeborg Ellingsdotter Hundeide, sonadotra til Tore hirdmann av storætta Hundeide.

Ein lyt sjå det slik at etter svartedauden er mannsline av Bondeætta på Lothe utdøyd, ein høyrer ikkje meir om den. Men kring 1400 talet er Hardbogane på Hopland vorte eigarar av Lothevalda. Dette må vere på den måten at Oluf Hardbog er gift med ei ifrå riddarætta på Lothe og at han har arva Lothevalda med henne. Mykje tatar for denne gissinga, m.a . at namna Amund, Elling og Ingeborg går så mykje att i ætta til Hardbogane. Elling og Ingeborg kjem i så fall att ifrå storætta på Hundeide og Agmund (Amund) etter riddar Agmund Bonde på Lothe.

Hardbogane på Hopland og Lothe femde vidt og breidt utover Nordfjord. Ved giftarmål kom dei inn i storætta på Ytreide og, og dermed inn i ætta til Audun Hugleikson Hestakorni, Kong Magnus Lagabøters frende og fremste mann, seinare kong Eiriks kanslar og fehirde, baron av Tønsberg.

"Ætteliste over ei grein av Hardbogætta.(oppskreve etter P.M. Skrede si ætteliste)"
  • Skifte omkr. 1540 etter Oluf Siurdson Hardbog (budde truleg ei tid på Lothe). Han er nr. 4 i ættelista etter Oluf Hardbog.
  • Ein av sønene Klemet Olufson fekk 1/3 av Utitun med Aland. 1/3 av dei 2 brorpartane i Ytre- Eide arva han. Ellers får vi ikkje greide på kvar han budde og kva han åtte. Truleg budde han i Hennane. Klemet fekk Larentsparten i Lothe.
  • Sonen Antonius Klemetson i Hennom kjøpte Aland med frenden sin Åmund Olufson på Lothe.
  • Elling Antoniusen og kona Brita . Rudbolsfolk på Aland. Dei delte bruket på sønene Anders og Kristen br.nr. 2 og 3.
  • Anders Ellingson og Marte Olsdotter. Dei første som er nemnde i Bygdeboka på br.nr. 2 på Åland. Anders var brukar i 1634. Bruket pantsett i 1660 til Susanne Slagstad for skuld. Død kring 1660.
  • Antonius Anderson og Marte. Antonius f. ikring 1626, brukar i 1653. Død f. 1689. Marte br. i 1689.
  • Marte Antonsdotter g.m. Lars Jakobson Nos. sk. 1702. Løyste panteskuld 18 mk. til Mons P. Maurstad son til Susanne Slagstad. Lars død kring 86 år gamal i 1738. Marte d.f. 1750.
  • Ragnhild Larsdotter g.m. I Lars Olsen Bergset f. ikr. 1690 br. f. 1714, d.f. 1718. Utkomedert og fall i Tiårskrigen. Før han døde tok han lovnad av kameraten sin Svein Ladehaug å gifte seg med enkja. 2 Svein Olson Ladehaug. Sk. 1738, d. 77 år g. 1760. Ragnhild d. 84 år gamal 1773.
  • Lars Sveinson g.m. Sigrid Jonsdotter Hopland. Sk. 1756. D. 59 å.g. 1780. Farbror til Sigrid. Markus kom til Vanberg og kom sidan saman med denne ættegreina igjen på Indre Skarstein br.nr. 2. Sigrid d. 76 å.g. 1796.
  • Jon Larsson g.m. Synneve Abramsdotter Bergset. Sk. 1778. Jon d. 74 d.g. 1828. Synneve d. 82 å.g. 1823. Ætteline går over til Frøholm br.nr. 2.
  • Marte Jonsdotter Aland g.m. Rasmus Andersson Frøholm. Rasmus d. 68 å. g. 1848. Marte d. 80 å.g. 1869. Rasmus var br. frå 1806. Ættelina går over til Indre Skarstein br.nr. 2.
  • Agnete Rasmusdotter Frøholm g.m. Anders Eirikson Skarstein. Sk. 1838. Anders d. 42 å..g. 1962. Agnete gift 2. gong med Rasmus Rasmusson Heggestad. Ho d. 82 år gamal 1893. Rasmus d. 67 å.g. 1902
  • Eirik Andersson g.m. Kari olsdotter Vanberg. Sk. 1884. Eirik d 83 å.g. 1929. Kari d. 70 å.g. 1909. Ættelina går over til Loen br.nr. 6
  • Marte Eiriksdotter Skarstein g.m. Andreas Olson Loen. Sk. 1901. Andreas død 28 år g. 1909. Marte d. 90 å.g. 1968.
Opp til overordna kapittel

9.3 Oldeforeldra til Marte

Oldemor til Marte, som slekta frå denne Hardbogætta, vart gift med Rasmus Anderson Frøholm. Denne Rasmus Frøholm var flink i boklege fag, og godt inne i skrivekunsten. P.M. Skrede har eit brev frå 1844 som han har skreve og som provar det. Dei hadde ei dotter, Agnete, som hadde vore med dei då dei var i gravøl til Rasmus Jonsson Aaland. Ein jordagut på Aland hadde då tala med henne om at han gjerne ville ha henne til kjærast. Dette brevet er så skreve av far hennar etter at dei har kome heim og ho har fortalt foreldra om denne hendinga. Brevet syner kor klokt og omtenksamt ein bonde på eit småbruk i 1844 kunne skrive og ordleggje seg.

Elias Rasmusson Aaland.

Gode venn.

Efter at der nu gives Leilighet er det min lyst at medele dig følgende Linier, da Peder Larsson Aaland havde talt med vores Datter, da vi var paa Aaland hos dig i Gravøl (til Rasmus Johnson) at han havde en Stor Lyst til at have hende til Kiæreste, hvis det ,var med hans Foreldres Villie og Samtykke. Da vi hendes Foreldre ikke viste noget derom før vi kom Hjem igjen. Men saa vil vi bede dig om du ikke vilde vere så God og Tale med ham på vores Vegne. Saa du kunde høre hvorledes hans Tænkemåte er, om han vil fuldføre det eller ikke, og om han vil gjøre det Bekjendt for sine Foreldre, så du kunde få høre hvad de siger derom. og saa vil vi Bede dig om at komme til Kirke Paaskedag. Og vis da Peder følger med saa faar vi ham herind, saa vi kunde faa høre en Besked i fra ham og det var noqet at Iide paa eller ikke. Thi kunde det skee med alles Villie og Samtykke saa er det os Hjertilig gjerne Kiært.

Indtil Videre denne gang. Andet en at du ikke lader nogen Uvedkommende få at vide hvad Brevet indeholder.

Den 31. Marts 1844. Rasmus Andersson Frøholm.

Her ser det ut til at det kunne verte eit lukkeleg giftarmål med foreldra sitt samtykke, men det vart diverre ikkje noko av dette giftarmålet. P.M. Skrede kan fortelje at Peder Larsson Aaland døde året etter, berre 24 år gamal.

Opp til overordna kapittel

9.4 Besteforeldra og foreldra til Marte- Skarstein

Agnete vart sidan gift med Anders Eirikson Skarstein på Børåbruket. Ho vart blind på sine gamle dagar. Marte hugsa henne frå den tida. Ho leidde henne opp i fjøsen, for ho var enno med og mjølka. Ho hugsa såleis at ho Agnete hadde ein liten stålkniv ned i mjølkebytta når ho mjølka første målet etter at ei ku hadde kalva. Ho hugsa at ho alltid var ei så snill og tolsam kone.

Sonen til Anders og Agnete på Børåbruket, Erik, gifte seg med Kari Olsdotter Vanberg. Dotter deira, Marte, kom som nye kona til Loen på Sjurebruket. Ho var både modig og sterk til å ta eit tak, og ho rekna med å få god rettleiing og hjelp frå svigermora, ho Oline, som enno ikkje var noko gamalt menneske. Men ikkje lenge etter brudlaupet vart ho sjuk og døde brått. Ho Marte laut såleis ta på seg alle huslege plikter strakst og bere andsvaret.

Opp til overordna kapittel

Andreas og Marte dei første åra

Det var i eit nytt hundreår desse to skulle halde fram med arbeidet på bruket. Nyårsnatta til 1901 , var det mange ungdomar samla for å helse det nye året velkome. Det vart då vedteke at dei ville skipe eit avhaldslag i bygda Ungdomslag hadde det vore før, men det hadde sovna av då leiaren Anders 0. Loen frå Antunsbruket gjekk bort på ein så syrjeleg måte i 1891 (Han tok sitt eige liv). Men no vart dei samde om at ungdomslaget skulle kome i gang igjen. Sidan har skipingsåret vorte rekna for 1901.

Han Andreas var med på denne nyårsfeiringa, og han vart med i det nyskipa avhaldslaget, og mellom dei som var med og skipa på nytt Loen Ungdomslag. Der var han kasserar i fleire år, og ein interessert medarbeidar i laget. Dei unge på Sjurebruket hadde såleis vore med og fått i stand ei ny omgangsform både for born og vaksne. Dei hadde også framtidsdraumar for garden og arbeidet der, og då dei fekk den første smågjenta, som sjølsagt måtte heite Olina, såg dei framtida lys i møte. Men det året var det ein strid kikhoste som gjekk mellom borna. Den vesle gjenta fekk og kikhoste, og i ei hard hostebye andast ho. Dette var eit tungt slag for dei unge, serleg gjekk det hardt inn på Marte. Men dei var unge og sterke begge og livet gjekk sin gang. Godt og vel eit år seinare kom så jordekaren, han Vesle Ola (fødd 12.7.1903) og han var nok velkomen då han kom.

Opp til overordna kapittel

9.6 Kristina og Elias Olsen frå Amerika

Den sommaren var Kristine og Elias Olson heime frå Amerika, og dei laut då sjølsagt vere fadderar, og ho Kristine skulle bere jordekaren. Lokyrkja var i reperasjon den sommaren. Året før hadde kyrkjelyden kjøpt Lokyrkja av dei 20 bøndene i Loen sokn som då åtte henne. I 1903 vart det så gjort ei stor vøling og omskipnad i kyrkja. Det var først då dei fekk omn innsett i kyrkja. På grunn av dette arbeidet var kyrkja stengd. Han Ola vart då døypt i Oldekyrkja, for at Kristine og Elias kunne vere fadderar før dei for attende til Amerika. Tidlegare det året hadde dei vore fadderar opp i Mons, og ho Kristine hadde bore jordekaren der, han Anders, til dåpen.

Dette Ekteparet frå Amerika var barnlause, og dei hadde ikkje von om at det skulle verte anleis. Søster til Elias, Gjertrud, var då gift inn i Isake. Ho hadde mist mannen sin i 1899, og hadde ein stor barneflokk på 6 born, der den yngste berre var 7 år gamal. Kristine og Elias bad no om å få den nestyngste guten, Ole, som då var 9 år, med seg til Amerika. Og dei skulle take seg av han som sitt eige barn. Og då dei for vart Ole med dei til Amerika.

Opp til overordna kapittel

9.7 1905, Olina fødd, moblisering

I bygdene vart det etter kvart ei nasjonalkjensle som greip dei fleste. Og då 1905 kom var det spente tider. Dei skjøna at no var det kome så langt at ein måtte vere viljug til å gå til grensa, om ikkje unionen med Sverike let seg løyse på anna vis. Dei unge i Sjure hadde vore med i den flokken som gjekk inn for full fridom utan sams konge med Sverike. Og no kom alvoret og melde seg. Han Andreas hadde vore på bataljonsøving på Nordfjordeid før på året, og ho Marte hadde streva heime. Ho Olina (fødd 4.4.1905) var koma til verda den våren, og han Ola var knapt to år gamal. Men han Gamle-Ola var full kar i altslags arbeid på garden.

No gjekk dei kvar dag og venta på at mobliseringsordra kunne kome. Den dagen det kom melding om at telefonen skulle vere open heile døgnet, og alle i vernepliktig alder skulle vere klar, skjøna dei at no skulle siste avgjerda takast.

Han Andreas pakka ryggsekken, og dei vakte begge to heile den natta. Dagen etter fekk dei vita at kanskje kom det til å gå over utan krig. Dette var eit år med mange dramatiske hendingar. Aret hadde teke til med den store Loenulukka 15. januar 1905, då gardane både i Bødal og Nesdal vart øydelagde, og 61 menneske sette livet til. Dei nærmaste slektningane som Sjurane hadde der opp i Gjerstun og Raudi kom med livet frå ulukka. Dette var den fælaste ulukka som nokon hadde opplevt, og heile bygda var i sorg. Lodølene i Bødal og Nesdal vedtok å byggje opp igjen gardane sine. Dette året gjekk elles med i den fridomsbylgja som gjekk over landet. Først var det den store otten for krig, og så gleda då fridomen var vunnen utan krig. Det var folkeavstemning og gledesfestar. Alt dette var dei unge på Sjurebruket med i, men dei hadde og sine eigne gjeremål å ta omsyn til. I Sjure auka barneflokken med enno ei gjente, Karen (fødd 16.5.1907). Ho var oppatt kalla etter bestemora, Kari, på Skarstein.

Opp til overordna kapittel

9.8 Stein til mur for nytt stovehus

Gamlestova hadde dei halde godt i stand, men det var av dei gamle røykstovene, og no etter utskiftninga tok mange til å få nye hus med lem, så dei kunne ha mange rom i andre høgda. Det var og slik at det kravdest meir sengrom med eldstad no. Og nytt stovehus stod først på programmet for begge to.

Han Andreas fekk med seg ein mann og tok til å lage til stein til husemur. Om vinteren køyrde han steinen heim på snøføre, og la han opp i ei røys att med husa, der han hadde tenkt det nye huset skulle stå. Han og ho Marte hadde alt sett ut tomten til det nye huset. Der ville det verte fint utsyn ut over fjorden og i aust mot det vene Skåle-fjellet. Dette var ei stor oppgåve som dei begge gledde seg til å få gå i gang med.

Opp til overordna kapittel

9.9 Fesjå og oksar

Budråtten av fjøsen kom etter kvart til å få meir å seie for inntektenepå gardane. Og Nordre Bergenhus amts landshusholdningsselskap tok til å halde fesjå eller "dyreskue" kring i bygdene. Etter kvart vart det auka interesse for desse fesjåa. Han Andreas hadde stor interesse for krøteravl, og han fekk seg tak i kalvar og kyr frå gode budskapar. Ho Marte var og interessert i å stella dei vel. Det synte seg at med godt stell så auka budrotten, og ein fekk meir smør til sals.

Utstillingsdagen då desse fesjåa vart haldne var ein festdag for dei fleste i bygda. Dei møtte med kyrne inn med sommarfjøsane på den vesle leikeplassen att med skulen. Den dagen hadde han Andreas vore i fjøsen og kosta og pussa kyrne noko ekstra. Det var mange som hadde møtt fram med kyrne sine, så der var ei stor forsamling med folk og kyr. Amtsagronom 0. Bruskeland saman med to bønder frå ei anna bygd var prisdomarar. Dei gjekk ikring og såg på kyrne og handfor dei og såg på jur og mjølkemerker. Til sist kalla dei alle dei kyrne som dei hadde teke ut som dei beste fram og stelte dei opp i ein ring. Då amtsagronom Bruskeland kom med sløyfene såg dei at han hadde ei kvit sløyfe i handa. Spaninga vart då stor om kven det var som skulle få den. Han gjekk beint bort til han Andreas og bad han leie fram den eine av kyrne. Det var ei svart ku med kvitt hovud og nokre kvite flekkar på sidene. Den var kjøpt som ungdyr med plassemannen Børre Sande (Vassenden). Og den var det som no skulle ha den kvite sløyfa. Det var den einaste som fekk 1. premi, og den første kyra som fekk slik

Det var ei staseleg ku, og det var mange som tinga på å få kalv etter henne. Men dei hadde ikkje held og lukke med henne. Det var ikkje mange kalvane dei fekk av henne før dei måtte slakte ho. Men dei hadde ei kvige etter henne som teikna til å verte like god som mara. Men så låg ho daud i kvernaveita inn med brua . Og med det var det slutt på den slekta hjå dei.

Sidan kjøpte han ein kalv hjå Magnus Rise i Stryn. Han hadde ein gild buskap. Det var ei vakker grå hornet ku, Grådua, som dei fekk mykje glede av. Ho fekk 2. premi mange gonger, og ho fekk mange gilde døtre etter seg.

Dei fekk og igang eit stuteavlslag i Loen, og han Andreas var med og fekk det i gong. Det var svarte eller grå hornete oksar dei hadde, og mange av dei hadde 2. premi. Av denne Fjordfe rasen var Gråmann Kron ein av dei mest kjende i den første tida dei tok til med stutavlslag, og han sette merke etter seg på buskapane i desse bygdene, og var far til mange lagsuksar. Lurifaks var første oksen dei hadde her i laget, og han var ein son etter Gråmann Kron. Han var ein god okse i avlen. Det vart mange velskapte og vene kyr etter han. Men den gongen var ikkje kontrollaga komne i gang, så ein var meir usikre når det galdt mjølkeevna. Med fjøskontrollen vart det ein stor framgang når det galdt å velje ut gode avlsdyr.

Av gode oksar som har vore i fealslaget i Loen kan nemnast: Fingubben, Bergegråen og Staut. Alle desse oksane hadde 2. premi. Då ein gjekk over til raudkoller fekk ein Vesle-Bryn, han var etter 1. premi oksen Bryn. Det synte seg at Vesle-Bryn var sers god i avlen, døtrene var gode mjølkarar og hadde god feittprosent.

Opp til overordna kapittel

9.10 Fruktdyrking

Andreas var og interessert i fruktdyrking. Han braut opp og fekk seg ein hage ned på Øyrabakken. Saman med Helge Loen skreiv han heim fleire nye sortar som dei tok i bruk. Gravenstein var hovudsorten no som før, men no tok dei og til å dyrke Torstein, og Koks Pomona var ei tid dyrka ein del. Åkerø tok seg svert opp og sameleis Signe Thelis.

Av perer var Keisarinne pera den viktigaste frå før, men Gråperer vart no gjev saman med Grev Molke og Dubbel Phillip. Han Andreas prøvde seg med alle desse sortane, også ein del plome, Reine Clode og ein sort som han kalla for Abrikosplomer.

Andreas planta og ein del bærbusker. Av stikkelsbær fekk han ein ny sort med store raue og gule bær. Han planta og ripsbær og solbær, og i den nye hagen fekk han eit felt med bringebær.

Det synte seg at med godt stell var det gode vilkår for frukt. Det vart difor mange som la seg etter fruktdyrking, og fekk seg nye hagar då etter utskiftninga var ferdig. Alle bruka hadde sin frukthage.

Helge Loen var det som hadde den største kunskapen og interessa for fruktdyrking. Andreas var og svert interessert i dette innslaget i gardsdrifta, og han lærde mykje av Helge. I heile amtet var Helge Loen kjend som ein fagmann på dette området. Han var ein framifrå fruktkjennar og han hadde mange slags vokstrar i hagen sin. Han dreiv mykje med okulering og poding og han for i fleire bygder og gjorde dette arbeidet til folk. Eit av dei første åra etter 1900 hadde han eit stipend av Nordre Bergenhus amt landshushaldningsselskap for å studere fruktsortar og fruktdyring i landet. På den turen var han og inn om Ås landbrukshøgskule. Han var og prisdomar på fruktutstillingar som dei hadde i Nordfjord.

Hausten 1908 var det ei stor frukt utstilling på Nordfjordeid. Det året hadde det vore ein god sommar så frukta var godt utvikla. Og dei nye sortane som Andreas hadde planta var då komne så langt at dei var på det beste med å gje god og pen frukt. Serleg Sefstaholm var stor og fin det året. Han Andreas laga ein stor utstillingskasse med bur for kvar sort, ein 8-10 sortar, og stilte ut gruppe av frukt. Han fekk 1. premi for denne gruppa. Utan om han fekk og Helge Loen den utmerkinga, men då han var prisdomar, så kunne han berre få graden utan å få nokon premi utbetalt. Han Andreas fekk ei sølv spiseskeid i premi med inskripsjon frå utstillinga med årstal. Det var ein del andre frå andre bygder som fekk 1. premi for einskilde sortar. Der var og utstilt grønsaker og andre ting.

Opp til overordna kapittel

9.11 Andreas døydde 1908. Krig 1914, korndyrking

Dette året vart Andreas sjuk og i januar året etter døde han berre 28 år gamal. Det var eit tungt slag for ho Marte som sat att med garden og 3 born der den yngste ikkje var 2 år gamal. No kom det vel med at han Gamle Ola var frisk og arbeidsfør og ikkje meir enn vel 60 år gamal. Han tok no på seg alle pliktene med å halde garden i stand med det utearbeidet som fall pågarden. 'Men den store planen om Å få bygt nytt stovehus, måtte stå ut så lenge. Den steinensom var heimkøyrd til husmur vart liggjande i tunet og tente ikkje til anna enn leikeplass åtungane.

I august 1914 kom den første verdskrigen. Det var ei vanskeleg tid, med rasjonering og dyrtid. Alle vernepliktige menn måtte reise ut på nøytralitetsvakt, men dei elste klassane kom igjen strakst. På Sjurebruket var det ingen som var i den alderen. Men frå dei andre gardane måtte både menn og ungdom fare ut. Men freden vart berga for vårt land, og ingen frå Loen let livet på vakt. Berre Dagfinn Strand, ute frå Strand, som seinare kom med i Loen,sokn, miste livet medan han stod på vakt.

Det var sterkt spørsmål etter mat, og på slutten av krigen vart det tvangsdyrking av åker for å auka kornarealet. Sjurebruket måtte auke åkervidda med 3 dekar, og det vart prøvt å dyrke kveite. Og det synte seg at dei fekk både gode mengder og god kvalitet.

Før 1900 hadde dei slutta med tust til å banke kornet ut or halmen. I staden hadde ein fått truskemaskiner som ein snudde med hand. Der var det ei malmtunne med jarnpiggar som slo kornet ut av halmen når kornbanda var sende gjennom maskina.

Det var fire menneske til å snu maskina. Der var to sveiver, ei på kvar side, og så var det to menneske på kvar veiv. Dei stod mot kvarandre når dei snudde. Som oftast var det ein mann og ei kvinne på kvar sveiv. Kvar økt var frå 20 min. til ein halvtime, for kvar gong dei kvilde. Det var eit tungt arbeid så sveitten kom fram, og der var mykje støv så dei såg ut som feiarar i andletet med kvite render etter sveitten.

Det var dei sterkaste som vart sette på sveivene for å snu. Eldre folk og ungar var med i kornstålet og løyste opp kornbundelane og sende dei fram til han som la inn under maskina. Eit menneske raka halmen bort, og hivde korn og agner bort frå maskina. Det trengdest ei stor folkemengde, og dei gjorde som oftast bytearbein med kvarandre. Men somme sterke og framtøke lauskarar leigde seg bort for å snu maskina og fekk med det nokre kontante pengar, som det oftast var lite av.

Når dei var ferdige med truskinga, skulle kornet drøftast. Det vil seie få kornet reinska frå agnene. Der var det ei vifte inn i ei maskine, den snudde ein rundt med eit hjul som der var utveksling på slik at ein fekk stor fart på vifta. Ein auste kornet opp på eit brett og vinden frå vifta bles då agnene bort og kornet fall ned i eit trog som ein hadde under. Dette var lettare arbeid, så det var berre husets folk om dette.

I krigstida då det var så stor auke med korn,vart det prøvt med andre råder for truskinga. Ein prøvde då med vasskraft til å drive maskina. Ein sette opp ein turbin inne i Kverneveita der laksetroppa no er. Midt fram på Teigane ovanfor Isake hadde ein eit stort hjul med to snorgangar. Frå turbinen inne i Kverneveita og fram til vekselhjulet på teigane strama ein opp ei sterk jarnsnor. I den andre snorgangen hadde ein så ein liknande streng til den lada ein skulle truske. No sparde ein slitet med snuinga. Men det var lang veg, minst 500 m. Ofte gjekk strengen av, og då måtte dei avstad heile truskelaget og strekke snora for å få skøyte strengen.

Ein gjekk seg trøytt av dette og fekk seg tak i ein gamal oljemotor, som ein hadde mykje kluss og bal med, både med startinga og andre ting. Nekta han å gå så var det ingen som var serleg motorkunnige, og ein måtte hente han Danel Muri inn for å få han i gang igjen. Det var ikkje bil den gongen så det vart å køyre med hest, og då gjekk det meste av dagen før ein kom i gang igjen. Då det kom elektrisk kraft i 1920, kjøpte ein til truskelaget ein elektrisk motor. Etter nokre år så kjøpte ein og eit truskeverk, då fekk ein kornet reinska og direkte ned i sekkane frå truskeverket.

Tidlegare var det nytta ein mæle av tre som ein brukte til mål for å sjå kor mykje korn ein fekk. Etter at ein fekk truskeverk bar ein det i sekker på staburet og tømde det i dei oppsette børene (det er faste bingar oppsette av bord). Det stod ei på kvar side til å ha hommel og havre i. Elles hadde ein korn-såar der ein hadde kveite når ein dyrka det, og for det beste kornet som ein skulle bruke til såkorn.

Det var ei jamn utvikling med korndyrkinga, som gjorde arbeidet lettare etter som ein fekk nye maskiner og arbeidsmåtar. Korn vart det årvisst dyrka på kvar gard. Det var ikkje noko uår på korn, sjøl om avlinga ikkje var like god kvart år. Det hende og svert sjeldan at det stod på staur så lenge i uveret at kornet tok til å gro. Kornet mol ein sjøl, og dei hadde nok til flatbrød og grautemjøl, og elles ol dei fram ein eller to griser for året av heimeavla mjøl. Det var og vanleg å ha malt ståande eller korn til det. Etter 1900 vart ikkje det gjort på Sjurebruket, men dei følgde dei gamle brudlaupsskikkane.

Gå til starten av dokumentet

10. Nytt stovehus og utskiftning av Lovik og utmarka (1927)

10.1 Mellomkrigstida. Elektristetsverk, turisme
10.2 Bygging av nytt stovehus. 1926
10.3 Utskiftning Lovik 1927
10.4. Nystova og gamlestova vert selde og fløtte bort

Opp til overordna kapittel

10.1 Mellomkrigstida. Elektristetsverk, turisme

Han Ung-Ola hadde stor hug til lesing og skriving, og då han tok til å skriva i blada kalla han seg Olav Alvheim, frå den tid tok han og til å nytte skriveforma Olav i brevskifte og til dagleg bruk. Han vart konfirmert i 1918. Og no var dei både ein ung og ein gamal om arbeidet. Når det galdt slåtten så var og Marte like god å slå som nokon kar. I 1914 kjøpte dei slåmaskin, og no var det den dei brukte der det let seg gjere å slå med maskin. No vart det og meir skogsarbeid om vinteren enn det hadde vore i det siste. Det vart både famneved og band. Det gjekk fint no då dei var to om arbeidet i skogen.

Hausten 1920 reiste Olav til Voss Folkehøgskule. Han hadde hug på lesnad og skule, og Lars Eskeland var då landskjend for skulen sin. Det vart ein overlag gild skulevinter, men så vart det ikkje høve til meir skulegonge for han.

I 1919 hadde dei bygt eit elektrisitetsverk for Sæten og Haugen. Det var eit lite likestraumsverk, men det vart til det at Loen og fekk kraft der ifrå. Til jul 1920 bygde dei linje til Loen, og dei fekk installert til lys. Ein fekk og noke kraft til kokeplate og strykejarn, meir kraft var det ikkje å få. Dette var eit stort framsteg, likeeins som parafinlampa hadde vore eit stort framsteg då dei tok den i bruk ein 50-60 år tidlegare. Men då måtte ein bere lyset med seg når ein i mørkret skulle til uthusa eller nystova og staburet. Den gongen hadde ein lykter til det bruk, og dei var nokså bra å ta i handa, men no var det berre å skrue på ein brytar, så hadde ein lyset både i fjøs og lade og kvart eit rom ein trengde gå i etter det var mørkt. No fekk ein installert i alle dei rom ein trengde om lys.

Turistbåtane som hadde vore borte sidan krigen tok til i 1914, tok i 1921 til å kome igjen, og sende turistar til Kjendalsbreen. Loen skysslag kom igang igjen med ca. 50 hestar med skysskjerre og somme med triller (kjøyretøy med fire hjul). Heile Lobygda var med dei som hadde hestar og frå Raksgrenda like ut til Strand. No var det han Olav som måtte stå for skjussinga. Og ho Olina og ho Karen hadde fått seg nasjonaldrakt, det var hardangerbunad, og dei reiste til Kjenndalen restaurant. Markus Loen leigde bygdegjenter både frå Loen og Lodalen til å vere med i matsalen og på kjøkenet. Det var festdagar som dei likte, og turistane var flittige å fotegrafere både natura og dei bunadklædde gjentene. Men det var harde dagar, ei av gjentene måtte på støylen til krøtera når dei kom heim, og ofte måtte dei andre drive på ut. etter kvelden for å ta inn turrhøy. Mang ein gong kom og regnet på turrhøyet før skyssinga var ferdig, men ein kunne ikkje gå frå turistkøyringa før ein var ferdig med det, kva som røynde på med turthøyet heime.

Opp til overordna kapittel

10.2 Bygging av nytt stovehus. 1926

No var dei blitt god hjelp på Sjurebruket, og no måtte ein tenkje på å få opp stovehuset, som alle stunda svert etter. Det var fint i gamle stova og, men etterkvart tykte både ho Marte og borna at det vart for trongt og vanskeleg no då alle var vaksne, og hadde bruk for meir rom etter slik som tida kravde det no.

I 1924 kom tvillingbror til Marte, Ola Skarstein, som budde i Straumsnes i Sunnfjord, her til for å vere med han Olav og laga glas og dører til det nye huset. Dei budde hjå Jakob Beines i Olden, han var gift med Brite, som var søster til Marte. Dei hadde eit småbruk på Skarstein og dei var barnlause. I andre høgda på huset hadde dei ein stor sal, og der innreidde dei seg med høvlebenkane, og anna snikkarutstyr. Dei var der om vinteren og fekk laga ferdige alle glas og dører til huset.

Neste haust tok dei til å minere og skyte stein, for å få til det som rast av stein til husmuren. Han Ola var enno så bra at han kunne vere med og slå på boren. Ein dreiv då ei tid med to lag. Jakob Beines og han Ola var eit lag, og han Olav og Anders Mykland det andre laget. Anders var ein steinarbeidar som var nærmaste grannen, og var kalla Tamburen fordi han i sine unge dagar hadde vore tambur i det militære på Nordfjordeid. Ei stund hadde dei og han HalsteinElias som utan om bondeyrket også var ein flink murar og steinarbeidar.

Om vinteren hadde dei dugnad og køyrde steinen heim, og våren 1926 tok dei så til med grunnen for-huset. Kvar huset skulle stå hadde Andreas og Marte sett ut for lenge sidan, og der vart huset bygt. Rett aust for vegen som gjekk opptil kyrkja. Grunnen tok dei ut med eiga hjelp og med ein leigekar, og grusen køyrde dei ut med hest.

Halstein-Elias var formann for å setje opp stovemuren, og han hadde tre mann med seg. Det var fin murstein, og dei fekk snart og fint opp muren. Dette var siste huset i Loen som det vart nytta gråsteinsmur til.

Til å byggje fekk Marte to av brørne sine, Ola og Anders. Ola var bygningsformann, han hadde vore formann og sett opp mange hus. Så var det Jakob Beines og Simon Muri, han var ein søsterson til Marte. Simon Raudi var og med ei tid, men han var så uheldig og hogg seg i foten, slik at han måtte slutte i arbeidet.

Huset var av tre toms tømmerplankar, der også deleveggane var av same sort tømmer. Det var bygt med liggande plank. I første høgda over kjellaren var det to stover med eit lite rom i mellom som gjekk ut til ein innbygd veranda. På austsida var det frå syd kjøken, gong og eit soverom. Frå gongen gjekk tropp opp på andre høgda. Der var i syd to soverom og eit lite skrårom for klæde og anna utstyr. I midten var gongen og eit utbygt ark som var nytta til soverom. I nord var det ein stor sal og eit skrårom på kvar side.

Der var tropp opp til øfste loftet, det var i eit rom og vart nytta til å setje tilsides mange ting som ein ikkje til dagleg hadde bruk for. Til tak vart nytta vosseskifer. I kjellaren var det oppsett grue oppmura av gråstein. Den vart brukt til klævask, baking av fint flatbrød og mange andre ting i den første tida. Kjellaren var avdelt med to rom til potetene, men arbeidsrom og vaskerom var i eitt.

Marte var glad då dei hadde fått dette bygverket frå seg. Det hadde kosta mange kontante pengar, men både løner og prisar hadde gått mykje ned etter den høgkonjunkturen som var etter første verdenskrig. Men tidene vart trongare etter kvart med arbeidsløyse og lite å få for det ein hadde å vende. Alle på Sjurebruket var nøgde og gla for at Marte no hadde berga tiltaket vel i hamn.

Bilde av det nye stovehuset
Loen

Opp til overordna kapittel

10.3 Utskiftning Lovik 1927

Då dei hadde utskiftninga på heimebøen hadde ikkje den dyrka marka i Lovik på sørsida av elva vore med, og heller ikkje noko av skogarealet. Kvar mann hadde fleire skogteigar på kvar side av dalen. No vart det forlangt utskiftning av dette feltet, og i 1921 tok dei til med kart~ legging. I 1927 var underutskiftninga ferdig. Det vart då delt slik at 6 bruk fekk to teigar på nordsida og dei andre fekk det i ein teig. Dei som fekk det i to teigar var Isake, Halstein, Mons, Arne, Framigard og Markus. I Hagedalen fekk alle kvar sin teig, med undantak av Isake og Knute som fekk det saman med skogteigane sine. På sørsida var det 3 som fekk det i to teigar, det var Magne, Framigard og Isake. Alle dei andre fekk det i ein teig. Til Lostøylen fekk alle som ikkje åtte inn til utlagt kvar sin støylsteig.

På sørsida vart og mykje av utmarka inn mot Kvitefjellet lagt inn til dyrkningsjord og var delt saman med Lovik, og alle fekk kvar sin teig. Dei som fekk den tillagde utmarka var Antuns, Sjure, Arne og Markus. Ein del av grandane lengst ut mot sjøen vart lagt ut til sameige. På nordsida frå Apallhola og ut til Rake merke vart det og lagt inn noko dyrkningsjord slik at dei fekk kvar sin teig alle bruka. Ved sjøen frå Merkegarden for Loen innmark og vest om dampskipsbryggja fekk kvart bruk naust- eller lagerplass.

Sjurebruket fekk då desse teigane: På nordsida fekk dei ein skogateig i Svorabakken, og under den og til sjøen eit stykke som var utteke til dyrkningsjord. På det stykket har Dagfinn Mindresunde kjøpt tomt og bygt hus. Aust for dampskipsbryggja og vest for riksvegen ligg ein liten lagerplass. I Hagedalen fekk bruket den første teigen frå elva og ligg på begge sider av bygdevegen frå innmarka til Tjugensmerke. På sørsida fekk dei ein skogateig i Bleikstigen og Yste Holtane, ovanfor innmarkstykke deira på Brennhaugen. og så har dei stølsteigen sin aust for den gamle støylsvollen.

Denne utskiftninga vart det anka på, og det vart overskjøn i 1928. Det vart berre nokre få og små endringar, og teigebytet i skogen vart ikkje endra.

I 1928 døydde han Ola, 80 1/2 år gamal. Berre ein einaste brukar tidlegare har nått ein slik alder. Det var Anders Salveson Sande som gifte seg inn på bruket med enkja Malene Jonsdotter i 1802. Ola var all sin dag ein trugen arbeidsmann, og han var glad i alt som høyrde garden til. Han hadde god helse og det kom vel med då sonen døydde så tidleg, og han måtte vere full kar i arbeidet like opp til sin høge alderdom.

Kart over utmarka, del 1 mot Rake
Kart over utmarka, del 2 frå Raudusvedene til Lida
Kart over utmarka, del 3 med Hagedalen og Nakkane
Kart over utmarka, del 4 frå Tyvaneset til Lovik
Kart over utmarka, del 5 med sørsida inkludert Støylen

Opp til overordna kapittel

10.4. Nystova og gamlestova vert selde og fløtte bort

I 1926 då Sjurane bygde det nye huset kom Gabriel Gildestad og ville kjøpe nystova til bustadhus for seg og huslyden. Han hadde fått seg tomt på Auflem. Det vart til det at han fekk kjøpe nystova, og dei reiv og fløtte huset og bygde det opp på tomten på Auflem. Den ligg på neset der ein kallar "Kråka", like vest for riksvegen mellom Loen og Olden. Huset vart bygt opp igjen slik det var, utan at svalegongane eller skota vart bygd opp igjen Og no hadde dei kjellar under heile huset. Det er no Dagfinn Gildestad, son til Gabriel, som bur i huset.

I 1938 ville Alfred L. Loen byggje på ei tomt han hadde på Trulsbruket syd for elva rett ovanfor riksvegen mellom Loen og Olden. Han kom då og ville kjøpe gamlestova. Ho stod då utan å vere i bruk, og taket tok til å verte dårleg slik at det trengdest nytt tekkje på heile taket. Det vart til at Olav selde stova til Alfred, og han reiv og fløtte den til tomten i Lovik, og sette huset opp der. For at det no skulle vere tenleg som bustadhus gjorde han mange endringar. Han delte av den store røykstova, og bygde på høgda slik at han no fekk lem med rom over heile den høgda. Timra i koven hadde vore utbygt noko slik at det ikkje jamfølgde med timreveggen i stova på sydsida, dette bygde han opp slik det var etter gamalt. Han gifte seg og fløtte inn i huset i 1939. I desember same året døde Alfred etter ei ulukke på vedaskog. Det har sidan vore bortleigt. No vert det av brukaren på Trulsbruket utleigt til turistar.

Gå til starten av dokumentet

11. Unge kona og slekta hennar

11.1 Slekta på Undertun.
11.2 Hantveit.
11.3. Slekta kjem til Undertun.
11.4. Daleslekta.
11.5. Undertun.

I 1930 gifte ho Olina seg med Karl Markusson Loen (fødd 18.5.1901) og fløtte ut og vart husmor på Markusbruket. I 1932 gifte Olav seg med Aslaug Andreasdotter Undertun, frå Gulen i Sogn. Det var den første kona på Sjurebruket som vi veit om som ikkje var fødd eller oppvaksa i Stryn eller Innvik komune.

Opp til overordna kapittel

11.1. Slekta på Undertun.

Undertun ligg i Eivindvik som er sæte for komuneadministrasjonen i Gulen, der bur prest og dokter og lensmann. På Undertun har dei no bygt den nye barne- og ungdomsskulen. I 1966 fekk dei vegsamband med riksvegnettet i landet. Iver Kleiva har skrive bygdeboka "Gulen i gamal og ny tid". Der skriv han om Undertun i bind 1 side 383 og om Aslaug si slekt side 393-395.

Undertun er ein gard som er oppteken i nyare tid. Den første som ein høyrer om som legg skatt var ein Oluf i 1612-13 som betalar 5 kanner malt, og det kan godt vere at det er første brukaren på Undertun. Aslaug slektar ikkje til han, for slekta hennar har berre i fire generasjonar butt på Undertun. Den første, Lars Bertelson, kom frå Hantveit i 1863.

Opp til overordna kapittel

11.2. Hantveit.

På Hantveit gr.nr. 29, har slekta gamle røter på br.nr. 2. Baltsar Olsson kom der til truleg frå Austgulen ca. 1675. (Bygdeboka til Kleiva bind 1 side 531). Han var lagrettesmann frå 1681 til 1700. Sonen hans, Knut Baltsarsson, fekk bruksbrev frå biskop Bornemann i 1748 på ½ 1. smør og 1/2 får. Kona hans, Berte, var frå Vestervik. Knut var og lagrettemann og bumerka til han og far hans finn vi i Kleiva si bok om Gulen bind 1. Baltsar Hantveit 1713 (bumerke) og Knut Hantveit 1758 (bumerke). Det siste merke nytta og Jon Hantveit i 1765.

Knut saman med broren Gjevle gjekk gjennom isen og drukna i 1760. I skiftet etter han synte det seg at han hadde 162 rdl. og han hadde såleis vore ein bra velhalden mann for den tid å vere.

Han hadde berre ei dotter, Lisbet, som gifte seg med Lars Knutsson, Nedre Grinde i 1780. Då han døde tidleg, gifte enkja seg opp igjen med Bertel Andersson Netteland, også dei fekk bruksbrev frå bispen som i 1784 heitte Irgens. Bertel var lagrettemann frå 1797. Dei hadde 6 born, og den yngste av dei var Lars Bertelsson, fødd i 1796.

Opp til overordna kapittel

11.3. Slekta kjem til Undertun.

Han var det som gifte seg med Johanne Nilsdotter Dingja og for til Undertun, gr.nr. 22 og frå ca. 1832 vart brukar på br.nr. 3. I 1831 hadde Eivindvik skolevesen fått kongeskøyte på dette bruket, og Lars Bertelsen vart brukar for dei. Her var det at ei av greinene deira kom til å halde fram. Bertel og Johanne fekk 8 born. 2 av dei vart lærarar, Nils var overlærar i Bergen, og han dreiv ein del med kunsmåling, såleis var han til Loen og måla i sommarferiane. Den andre, Andreas, var lærar i Grue Finnskog, og for sidan til Amerika og vart prest, etterkomarane og slekta hans lever i Amerika. Ola vart busett i Bergen og var maskinist. Han hadde mange born som var busette i Bergen. Ludvig var skomakar og budde i Bergen, Jørnille, søster deira var gift med ein tyskar og budde i Bergen. Dei hadde ein son, Alfred, som gifte seg med søskenbarnet sitt, som var av ein ny generasjon frå Undertun, dei for til Amerika. Desutan var det Lisbet som døde ung, og Kristian.

Bertel (fødd 1837) var den 3. av desse søskena, og han var det som tok over bruket på Undertun og fekk skøyte i 1863. Han gifte seg med Orlaug Andersdotter Sætternes i Ytre Holmedal (fødd 1841). Bertel hadde truleg noko arbeid utan om gardsbruket, og vart seinare direktør for Gulen Sparebank. Dei hadde 8 born. 1 Johanne Amalie (fødd 1866) var u ,gift, bodde meste tida i Oslo, var i lang tid husbestyrar med presten Gundersen. 2 Lars (fødd 1868) var gift med Birtitte Lassesdotter og overtok eit bruk i Nordgulen. Anders (fødd 1871) skulle ha overteke bruket, men døde ung i 1907. Torbjørg (fødd 1873) gift med sjøkaptein Østby, budde på Håvardsholm i Hordaland. Nils (1879) arbeidde på Haukeland sjukehus, seinare på kemnerkontoret i Bergen. Nikoline Elisabet (fødd 1881) vart gift med søskenbarnet sitt i Bergen og for til Amerika. Andreas (fødd 1884) gjekk underoffiserskulen, men då broren Anders døde tok han over garden på Undertun og fekk skøyte i 1907. Han vart gift med Gjertrud Ivarsdotter Dale frå gr.nr. 51, br.nr. 4. Borghild var den yngste av borna på Undertun (fødd 1886). Ho gjekk meieriskule, og arbeidde ei tid i meierifaget, sidan vart ho gift med heradsagronom Bernhard Indergård. Dei budde i Skoger ved Drammen.

Opp til overordna kapittel

11.4. Daleslekta.

På Dale, gr.nr. 51, kan ein følgje slekta så langt attende som Ivar Kleiva: Gulen i gamal og ny tid, bind 2 går (side 185-188 og 200-205). Vi får først følgje slekta på br.nr. 1. Den første brukaren Knut er nemnd i 1612-13. Sonen hans er Per, og han har ei dotter, Synneve, som gifter seg med Hans Ivarsson og dei tek over bruket. Kvar han kom frå er ikkje fortalt. Han har bruket til 1720, då sonen Hans Hansson tek bruket etter han og i 1740 får han auksjonsskøyte på bruket, og han er såleis den første som løyser bruket og vert sjøleigar. Han var gift med Kari Jakobsdotter. Sonen deira Hans Hansen fekk skøyte i 1746, og hans Bumerke er det truleg vi finn i Gulen boka bind 3 (side 559) (bumerke)Hans gifte seg med Sygni Hansdotter Dale, frå granne-garden. Ho døydde utan at dei fekk born, og Hans gifte seg for andre gong med Kari Mattisdotter Nappen. Yngste dotter deira, Kari (fødd 1765) gifter seg med Hans Iverson Dale (fødd 1762) og slekta held då fram på br.nr. 4.

På bruk nr. 4 hadde også ei gamal slekt halde fram sidan 1610. Den siste på bruket av den slekta var Marte Olsdotter som i 1745 gifte seg med Ivar Jørgensson Kjellby (Lang-Ivar). Han var visstnok husmannsson frå Kjellby. Dei fekk 4 born, men alle dei gifte seg bort frå garden,.og fekk seg gardar andre stader i Gulen. Ivar Jørgensson gifte seg andre gongen med Lisbet Hansdotter frå br.nr. 1 (fødd 1726). Dei fekk tre born, Mari, Hans og Ivar. Denne sonen, Hans Ivarson, er det som no får bruket nr. 4, og får skøyte på det. Såleis sluttar den gamle slekta på br.nr. 4, og ættlingar frå dei held fram andre stader. Hans gifter seg med søskenbarnet sitt på br.nr. 1, Kari Hansdotter (1765). og no er namnet Hans og Ivar kome inn på bruket og held fram frå far til son i ca. 200 år. Son deira, Ivar Hansson (fødd i 1799) fekk skøyte i 1815, men faren dreiv bruket til 1824, då gifte Ivar seg med Ingeborg Olsdotter Floli (fødd 1801). Ho vaks opp på Slengsol. Medan desse to hadde styringa ser det ut til at medelen auka på bruket, i 1826 var bruket sett til 220 spd. 2 pd. 6 mk. 7 skl. smør, som Ivar åtte fritt. Garden må då ha vore i sverande god stand.

Sonen deira, Hans Ivarson (fødd 1828) gifte seg med Gjertrud Nilsdotter Slengsol (fødd 1829). Dei vart med i den syrjelege båtulukka som hende 22. mars 1863. Det var gardbrukar Endre Olsson på Dale og kona Kari Klausdotter fødd Lund som skulle til kyrkje og døype yngste barnet sitt. Dei for med båt frå Dalsøyra ut fjorden og skulle til kyrkja i Eivindvik, på den turen gjekk båten full og dei fleste av dei som var med sette livet til. Der var 12 menneske i båten med kristnarbarnet. 3 av dei vart berga, men 9 sette livet til. Mellom dei var barnet og far og mor til det, dei og tre andre vart funne døde og gravlagde på kyrkjegarden i Eivindvik. Men 3 vart ikkje funne og mellom dei var Hans Ivarsson og kona Gjertrud Nilsdotter, frå br.nr.4 som var med på denne båten og skulle til kyrkje.

Heime hadde dei 4 born. Den eldste, Ingeborg, var 8 år, Ivar 6 år, Nils 3 år og Ole 1 år. Alle var born som var så små at dei ikkje kunne hjelpe seg sjøl, og besteforeldra var gamle og uføre til arbeid. Då var det at Jakob Ivarsson (fødd 1842), bror til Hans, som då var vel 20 år gamal, tok på seg styringa av br.nr. 4, til borna vart vaksne. Dei som gjekk bort var velstandsfolk, i skifte etter Hans synte det seg at han hadde 1140 spd. 40 skl. Det var rekna for stor velstand i dei dagar. I 1860 hadde dei hatt utskiftning på heimebøen med utflytting og husebyggjing. No vart det Jakob som måtte gjere husebyggjinga i stand. Han stelte garden vel, og vart sidan alltid av dei 4 borna rekna for å ha vore som ein far for dei. I 1885 let han bruket over til Ivar Hansson, og Jakob og kona, Olina Nilsdotter Kjellby, kjøpte seg ein gard på Svardal, gr.nr. 66, br.nr. 4. Han fekk kåret omgjort i pengar då han fløtté dit.

Ivar tok styringa i 1885, og han gifte seg med Johanne Nilsdotter Dale. Ho var koma frå br.nr. 3, og mor hennar Gjertrud Jørgensdotter kom frå Midttun, gr.nr. 20. Ho var søster til Lasse Jørgensson Midttun, og ein av sønene hans var Jørgen Lassesson Midttun som vart lærar i Hordaland, og ein av sønene hans var kringkastingssjef og professor Olav Midttun. Han var såleis tremening til borna åt Johanne og Ivar. Desse to på Dale var interesserte bondefolk og det vart dyrka mykje ny jord og i 1908 kjøpte dei slåmaskin på garden.

Dei hadde desse 6 borna:

Hans (fødd 1881) var den elste. Han gjekk Holmøy arbeidskule i Nordfjord, og var ei tid telefonarbeidar. Han var og til Island og var med og bygde telefonliner der. Han kom heim og overtok garden i 1909, og gifte seg med Ragna Hansine Sjursdotter (fødd 1886) og var ifrå br.nr. 1 på Dale. Hans heldt fram med å dyrke opp jorda, og han fekk mange komunale tillitsyrke. Hans og Ragna var barnlause.

Elste dottera Gjertrud (fødd 1882) vart gift med Andreas Bertelson Undertun, gr.nr. 22, br.nr. 3, og fløtte der til.

Gjertine Oline (fødd 1885) vart gift med Hans Jonsson Kjellevoll, og dei busette seg i Odda.

Berte Johanne (fødd 1899) vart gift med Ole Sjurdsson Dale, dei busette seg i Odda.

Josefine Olea (fødd 1893) var gift med Alfred Langeland og budde i Hosanger.

Ingeborg Bergitte (fødd 1894) døydde ung.

Opp til overordna kapittel

11.5. Undertun.

Andreas Bertelsson og Gjertrud Ivarsdotter vart det som forsette på Undertun etter at dei vart gifte i 1909. Husa var ikkje i god stand og dei måtte strakst gå til vøling og ombyggjing. Stovehuset tok dei først og bygde større og sette det godt i stand i 1914. Han dreiv og sterkt med nydyrking. Då krigen kom i 1914 vart Andreas vaktsjef på Kjerringfjellet, og måtte halde fram med det til i 1918. Dei var 4 mann om arbeidet. Han fekk og mange kommunale gjeremål, i 1912 fekk han arbeidet med Gulen trygdekasse. I den stillinga vart det stor utvikling etter kvart og han heldt fram i stillinga til han nådde aldersgrensa i 1950. Han heldt og fram i faren sin tradisjon som direktør i Gulen Sparebank og var med i direksjonen i mange år. Denne tradisjonen har og halde fram i 3. generasjon, meddi sonen hans, Asbjørn, har vore formann i styret for banken i mange år. Andreas var og med i heradstyret og hadde mange andre ombod.

Når han var så mykje oppteken med gjeremål utan om heimen skjøna vi at Gjertrud fekk tyngste taket på garden og i heimen, og ho er av alle kjend som ei overlag trufast og dugande husmor. Ho såg etter at alt vart gjort og var velstelt på garden. Andreas fekk oppdyrka heile garden, og han fekk planta ut eit stort fredskogsfelt i Åsen, og i 1932 fekk han rydda opp eit stort kulturbeite. Gjertrud døde i 1962 og Andreas i 1964.

Dei hadde desse borna.

Gå til starten på dokumentet

12 Krøteravl. Loen-ulukka og krigstid (1936)

12.1 Olav og Aslaug tok over garden 1932
12.2 Krøteravl
12.3 Loen-ulukka 1936
12.4 Krigsåra

Opp til overordna kapittel

12.1 Olav og Aslaug tok over garden 1932

Dei to unge, Aslaug og Olav, tok over garden 1932, og hadde inntekter og utgifter, men skøyta fekk dei først i 1939. Marte hadde tidleg vorte enkje, og hadde hatt ei lang styringstid åleine, men ho var glad i arbeidet og ho fekk oppdyrka ein del av den udyrka jorda, og ho fekk bygt bustadhuset i si tid.

Då ungefolket tok til, hadde krisetida kome med full tyngde. Kjøpeevna vanta mellom folk, og det var lite å få for det ein hadde å vende. Første året dei styrde selde dei ei stor og gild haustbere ku for 80 kroner. Og mjølka kom ned i under 10 øre literen. Det vart ikkje pengar å avsjå til anna enn dei faste utgiftene.

Då ein tok over dei nye teigane etter utskiftinga vart interessa for skogplanting større, og i 1932 fekk Sjurebruket innvilga å få Hagedalsteigen til fredskogsfelt. Den vart då utplanta med gran i dei første åra etter på. Ein fekk både skuleborna og ungdomslaget å plante. Det vart og planta ein del i teigen på sørsida både i Bleikstagen og på Holtane. Det synte seg at det var lagleg for skog, og grane vaks svert godt.

I 1932 tok dei og til å rydje dei store flatene ovanfor Brennhaugen, og fekk der eit kulturbeite som dei gjødsla opp. Dei tok 30 dekar for det første. Det var og det siste året ein hadde kyrne på Lostøylen. mange av dei andre heldt fram på støylen til etter krigen. Men Sjurane hadde sidan kyrne gåande på kulturbeite om sommaren. Før ein rydda beite var det overvakse med eine og skog, så det var eit stort arbeid med rydjing og brenning av bråtar.

Vår og haustfjøs hadde dei frå før på nordsida av Loelva. Etter ulukka i 1936 var fjøsen skada så dei ikkje kunne ha kyrne der. Vatnet hadde då fløymt over og brote ut døra og skada golvet. Kyrne stod inne då det hende, men ingen av dei vart skada. I 1937 leigde dei Halstein fjøsen, og i 1938 reiv dei ned fjøsen sin og fløtte han til kulturbeitet og sette han opp på søresida av vegen rett over for Ungdomshuset Heimtun.

Opp til overordna kapittel

12.2 Krøteravl

I den første tida var det fjøsen dei satsa på å få inntektene frå. Begge var interesserte i å få fram gode kyr, og, dei hadde vore med i fjøskontrollag frå 1928. I si tid fekk dei 2 kyr som fekk 1. premi, og ei tid hadde dei utan om førstepremi kyrne berre 2. premi kyr på fjøsen. Dei tok no til å ale fram premioksar. Det vart i alt 12 ungoksar som dei fekk premi for. Karl frå Markusbruket var medeigar i nokre av dei. Den første oksen var dei på utstillinga på Sandane med i 1937, og sidan heldt dei fram å ale premioksar til 1956. Dei har ale fram desse premioksane.

Namn på oksen Seld til Premie
Rambern Hordaland Vernepremi
Skjølløgrin Davik fealslag 3. premi
Pellkvist Nordbygda fealslag 2. premi
Losen - Vernepremi
Landsem Alme fealslag 2. premi
Sjugurd Gloppen sokneselskap 3. premi
Tørris Hordaland fealslag 2. premi
Markur Stryn jordbrukslag 2. premi
Sulisen Lote fealslag 3. premi
Kalv 2 månar Hordaland fealslag 2. premi
Spelol Bygda fealslag Stranda 3. premi
Kallblom -- vernepremi

Prisen var for det meste kr. 3.000,- for kvar. Så tronge tider som det var, så var dette ei god hjelp til å få kontante pengar, og i den første vanskelege tida var dette dei beste inntektene dei hadde å hjelpe seg med.

Opp til overordna kapittel

12.3 Loen-ulukka 1936

Den 13. september 1936 kom det ei ny stor ulukke i Lodalen. Denne morgonen var det og eit stort stykke av Ramnefjellet som fall ned i Loenvatnet,, og løyste ut ei bølgje som reiv bort heimane i Bødal og Nesdal. Også på Hogrenning gjekk det til menneskeliv, og på vasenden nedan for vatnet . Dette er den største ulukka som har råka nokor bygd på våre kantar.

Sjøl om det var ved øvre enden av Loenvatnet at raset kom og det var over ei mil frå Loen, så var braket så sterkt at det var mange som vakna av det. Dette var ein søndagsmorgon i 5-tida. Då dei kom fram or senga og fekk sjå ut, såg dei at det var noko forferdeleg som hadde hendt, for elva gjekk langt inn over bøane, og dei som bodde nermast elva hadde rømt ut av husa i berre nattklæda.

Marte var den første som fekk på seg klæda og kom ut, då råka ho Sigurd Bødal, han var komen ned i Loen kvelden før. Å, kva er det som har hendt? spør ho. Jau, det er nok Ramnefjellet som har kome, sa Sigurd og skunda seg i veg til Lodalen. Der hadde han heimen sin, kone, foreldre og søsken.

Etter å ha kome seg av den første redsla, tok mange vegen mot Lodalen. Inne ved fossen var brua borte over elva, det var ei sterk kvelvingsbru av hoggen gråstein som hadde tolt påkjenninga av ulukka i 1905, men no måtte ho gje tapt. Der inne møtte han Olav han Jo handelsmann som og hadde telefonen i Loen, han hadde sett på skaden av elva og var på veg attende.

Det må ha hendt ei stor ulukke i Lodalen, så han. Trur du ikkje eg må varsle i telefonen. Jau, det var Olav samd i, at her måtte det varslast strakst.Eg går og ringjer både til lensmann og dokter, sa han og skunda seg heim.

På Vasenden møtte dei som kom opp over,dei første store skadane. Verkstaden på Holten var reven opp og var velt ut over bustadhuset, men det hadde tolt trykket og vart ståande. Huset vart fyllt av vatn, og mannen og kona stod i vatn til høgt opp på bringa, og mannen heldt den vesle guten sin høgt over vatnet. Slik vart dei ståande i den største spaning til vatnet hadde minka ned, og dei kunne kome seg velberga ut. Nærmare vatnet var eit hus teke bort. Der fekk vi vite at mellom to båredrag hadde far og son berga seg bort, og då båra nådde dei igjen, kneip dei seg fast i ei bjørk og heldt seg fast medan vatnet skola over dei. Den båra tok huset med seg, og dottera og ein gamal mann vann ikkje å kome seg ut før huset for.

Turistflåten som låg der i hamn var borte. Det var dampbåten Lodølen, motorbåten Kjenndal og to slepebåtar. Kjenndal låg langt oppe på turt land, og dei andre båtane hadde gått til botnar.

Opp til Bødal måtte dei gå stranda for der var ikkje båtar igjen. Køyrevegen var arbeidt ferdig til Helset, men derfrå var det mest som ein krøterstig somme stader. På Hogrenning var det og eit hus som hadde fare på vatnet, og det låg mest heilt og flaut på vatnet. To mann fekk tak i ein båt som rak inn mot land og rodde ut til det flytande huset. To store gutar og mora hadde kome seg opp or vatnet og dei vart berga, men to mindre gutar vart ikkje funne, og dei sette livet til.

I Bødal såg det ille ut. Av hus var det berre ysteriet som stod igjen, og sundbrotne hus, stein og tre låg strødd ut over markene. Nokre av dei som var uskadde hadde kome seg ned til Hogrenning, dei andre hadde søkt inn i ysteriet, der hadde dei og fått inn dei som var skada, og i lagerhuset som stod inntil hadde dei bore inn dei som dei fann døde. Det var ein trist dag, men ingen gråt og klage. Folk arbeidde og leita etter levande og døde. I Nesdal var det like ille, og ingen kom seg inn der og fekk vita kor der stod til, då både båtane og ferja hadde gått tapt. Dei to karane Jakob Hogrenning og ein Kandal som arbeidde på vegen, som hadde funne ein båt og berga mora og dei to gutane på det flytande huset, rodde etterpå forbi raset i Ramnefjellet og inn til Nesdal for å sjå kor der stod til. Dei kunne melde då dei kom attende til Bødal at 3 heimar var revne bort, og ingen som bodde i dei heimane vart funne i live. Det var Indre Nesdal, gr.nr. 78, br.nr. 1, 3 og -4. På br. nr. 2 vart og stovehuset mykje skada, og halve lada vart nedbrota. Men der gjekk det ikkje folk til. I alt var det 74 menneske som sette livet til i denne ulukka, og av dei var det 34 dei fann igjen.

Onsdag var den store gravferdsdagen, og det var ei minnehøgtid som greip alle. Ved vegen som går opp til kyrkja, på muren utan for Sjurestova vart kistene oppsette den morgonen, dei vart køyrde fram frå skulehuset i Loen, der alle dei døde hadde vorte inntekne og stelte og lagde i kiste. Dei som ikkje høyrde bygda til vart sende til sine heimstaden. I alt var det 20 kister som stod der. Slekt og vener bar så kistene der ifrå og til kyrkja medan kyrkjeklokkene ringde, og mykje folk følgde med i sørjetoget. Berre ein liten del var det rom til i kyrkja, men folk stod utanfor på vegen og kring kyrkjegarden. Det var oppset høgtalarar og folk følgde med i det som hende med salmesong og trøystande ord frå bibelen og dei som tala for dei syrjande. Aldri har så mykje folk vore samla i Loen. Kronprins Olav var der for kongehuset, domprost Knutsen for bispen i Bjørgvin, som nett då var i Danmark, og alle prestane frå Nordfjord var med. Og folk var det kome langveges frå. Det var sikkert ei trøyst for dei som livde igjen i Lodalen å møte ei slik samkjensle frå alle kantar som dei møtte her.

På Sjurebruket miste dei ikkje nokon nære slektningar. Det kjendest likevel tungt og sårt når to grender som Bødal og Nesdal vart lagde øyde. For dei nede i Loen var ikkje skadane så store. På Sjurebruket reiv elva bort ein holme i Hagedalen som var utplanta, og sommarfjøsen var så skada at han ikkje kunne brukast utan at han vart reparert. Ved fosse vart alle 3 kvernane revne bort, og sameleis stampa til Ole Loøyra og sommarfjøsen hans. Kvernane hadde i den seinare tid vore lite i bruk. Det var kome mylne i Olden, og no køyrde ein kornet dit for å få det male. Det vart ikkje sett opp nye kvernar i Loen.

Den første vinteren fløtte alle folk frå Lodalen. Då fløtte Sakarias Mettenes frå Ytre Nesdal, br.nr. 3, med huslyden sin ned i Loen og budde på Sjurebruket. Dei kom til å bli buande der i nokre år. I den siste krigen fløtte dei attende til Nesdal. Etter krigen kjøpte dei eit jordstykke inne ved Heimtun på sørsida av elva, og bygde seg ein heim der.

Etter kvart vaks no og flokken på Sjurebruket. Det vart 3 born. Marta (fødd 22.4.1933), Gjertrud (fødd 6.8.1935) og Audun Arnor (fødd 7.4.1939). Då krigen kom i 1940 var Marta så stor at ho tok til i skulen. Sidan ulukka hadde ein slutta å halde skule i det gamle skulehuset, fordi elva fløymde kring det på alle kantar ulukkesdagen. Dei hadde sidan halde skule i kjellaren i Heimtun. Under krigen bygde dei nytt skulehus på ny stad, og denne nye skulen vart ferdig og teken i bruk i 1943.

Opp til overordna kapittel

12.4 Krigsåra

Dei 5 krigsåra var vanskelege å kome igjennom. Det var mykje ein laut unvere i dei åra. Tyskarane rekvirerte kjøt , mjølk og poteter av bøndene. Men ein prøve å gøyme av og berge seg så godt ein kunne. Og det var få eller ingen som verkeleg svalt her ikring. Borna fekk ikkje alt dei ynskte seg, men dei sakna det lite, og treivst med det dei hadde. Dei laga leikane sine sjøle, og sakna ikkje det dei ikkje hadde, og både små og store kom seg vel gjennom dei vanskelege åra. Ingen av Sjurebruket var med i krigshandlingane i 1940. Det var maten ein hadde mest strev med, og ein utvida åkerlandet mykje, og desse åra dyrka ein ikkje så reint lite kveite, og fekk gode avlingar. Ein sende kveita til Gloppen Mølle og fekk det male og sikta til fint kveitemjøl. Det hadde ikkje så god bakeevne som det kveitemjølet som ein kjøpte før krigen, men ein fekk då både småkaker og kveitekringler både til jul og andre høgtider. Havre sende ein og til Gloppen mølle og fekk laga havregryn. Det vart omlag dagleg kost, serleg til suppe, men ein hadde og havregrynsgraut og bygg-graut skiftevis. Då krigen var slutt var ein så lei av denne havregrynsupana, så det vart slutt på det for ei tid.

Ungdomslaget hadde alltid samla både unge og eldre i Loen, men no måtte ein leggje ned laget då nasistane overtok Noregs ungdomslag. Men aldri har bygdefolket samla seg meir mannjamt enn dei gjorde til dei bygdekveldane som vart haldne i ungdomshuset i krigsåra. Og til 17.mai samlast dei på Leikarvollen opp i Hagedalen. Det låg avgøymt med høge graner ikring, så dei kjende seg fri for å få ubedne gjester.

Der var det god nasjonal ånd både mellom unge og eldre. Der var leikar og kaffikoking. Det var så gildt å vere der, så ein trudde at der kom ein til å vere også etter krigen. Men då ein kunne halde til kvar ein ville., vart Leikarvollen gløymd. Det var nye ting som både unge og eldre no vart opptekne av.

Gå til starten av dokumentet

13. Ungdomslaget

13.1 Dei første åra og spelestykke
13.2 Kometen, festar og taler
13.3 Nytt ungdomshus(1915)
13.4 Aktivitet i nytt ungdomshus

Opp til overordna kapittel

13.1 Dei første åra og spelestykke

Ungdomslaget har vore til mykje nytte og hyggje i bygda, frå den første tida det tok til på nytt i 1901. Alt første året fekk dei innøvd eit lite spelstykke "På leikvollen" av Anders Vassbotn. Det var eit songspel, og det vart og framsynt i brudlaupet til Andreas og Marte. Spelstykka vart etter kvart ein av dei beste programpostane dei hadde på festane, som dei den gongen heldt rundt om i stovene. Publikum og spelarane kom nær inn på kvarandre. Dei delte frå ein del av stova med flagg eller ein kvit duk som dei feste på ei snor og drog til og ifrå. På den eine sida var det scene der spelarane heldt til, og på den andre sida var så publikum, borna sat på golvet heilt fram ved forhenget. Det var alltid fullt hus når dei hadde spelstykke som dei synte fram. Av spelstykke frå den første tida kan ein nemne: "Dei kvinfolka" av Oskar Braaten, "Ei sjeldfengd kjerring" av Hans Mo, etter eventyret "Lars i Lia" av Asbjørnsen, "Brennefolket" av Olav Stokland var svert vel omtykt, "Ungdomsvegar" av Hans Aarnes, og mange fleire. Som oftast heldt ein til i dei store røykstovene som somme enno hadde igjen den gongen, eller dei var ombygde til å ha lem over stova. Ein 17. mai, truleg i 1914, fekk ein løyve med Markus Loen til å ha "Kvamme" hotellet til festlokale. I skodespelet var det bruk for å ha ei luke i golvet så ein der kunne gå ned i kjellaren, og dei fekk lov til å sage hol i golvet i det høve. Som oftast synte folk stor velvilje for arbeidet i ungdomslaget. Og det var vanleg at også giftefolket møtte fram på ungdomsmøta og var med i ordskifte. Det med ordskifte var folk svert interesserte i dei første åra ungdomslaget var i gang.

Opp til overordna kapittel

13.2 Kometen, festar og taler

Bladet "Kometen" som vart opplese på kvart einaste møte var også litt av eit bygdeblad i dei tider. Dei tok for seg ting som hende i bygda, serleg slikt som ein kunne få noko moro av. Diskusjonane som var haldne i laget heldt ofte fram i "Kometen". I dei første åra var det oftast to ungdomar som var valde til bladstyrarar. Det kunne vere ein gut eller ei jente, men det var og ofte to jenter. Dei var valde på årsmøtet og galdt det året til neste årsmøtet. I den tida var det ikkje berre bladstyrarane som skreiv, men det var mange som hadde tankar og meiningar å bere fram i bladet. Ofte var der viser der gutane skreiv om jentene og jentene skreiv om gutane. Det var morosamt stoff, men det hende at somme tok det ille opp og prøve å gje fantord til dei som dei tenkte var opphavet til skriverier. Når det var fest var bladet så fullsett med dikt og prosa at dei ofte måtte lese det opp i to avdelingar. Det hende nok at dei tok inn stykke eller dikt frå bøker og blad, men det meste var originalt og skrive av bygda sine eigne folk. Det var somme som hadde godt lag å skrive til bladet, og dei hadde alltid bladstyraren på døra når det var fest. Dette var ein god skule til å lære seg å skrive og å feste tankane sine på papiret. Ei tid prøvde dei og med noko som dei kalla Spørdmålskassa. Det var ein kasse med opning til å legge ned brev, men der var lås for loket. Denne kassen vart sett,opp på ein høveleg stad og der kunne ein kome med alt ein ville. Og det var mange underlege spørsmål som kom ned i kassen. Ungdomslaget hadde valt to eller fleire av medlemene som skulle svare på alle spørsmåla som kom inn, og lese opp både spørsmålet og svara på eit ungdomsmøte. Ei tid var det stor moro med dette.

Alt frå den første tida var det å få eige hus ei av dei store oppgåvene i laget. Dei skipa til minst ein basar for året, der dei fekk gåver som vart utlodda eller auksjonerte til inntekt for huset. Ein ting som gav både moro og pengar til byggjefondet var korgefestane. Der hadde jentene med seg korger med mat, ofte slo dei seg saman to og to og hadde ei korg i lag. Desse korgene var svert pent pynta, og så vart dei bodne fram til auksjon. Det vart opplyst om korga var for ein eller to. Dette var det stor spaning med, gutane gissa på kven som åtte korga, og kappast om å byde. Jentene kjende det som ei ære når korga kom høgt i pris. Men det var oftast at jentene hadde dekorert korga så fint at dei ikkje visste kven som åtte korga dei baud på, og det vart overraskingar når dei møtte den som åtte korga og som dei skulle gå saman med til bords, og der fekk dei kaffi som laget baud på. Dei prøvde og ein annan måte for å få maten godt betalt. Då hadde dei ein kvit duk og bak den synte ein skuggebilætet av ei jente, og så baud gutane på skuggen. Då og var det ofte slik at det ikkje trefte på den ein hadde tenkt seg å gå til bords med.

Ein ting som også samla mykje folk i den tid var når kjende talarar kom til bygda, eller kunstnarar, serleg felespelarar, som kom og heldt konsert i ungdomslaget. Då samlast det så mange som kunne kome inn i stova. Markus Loen var og i slike høve viljug å opne hotellet fleire gonger, der var det godt om husrom.

Av talarar kan nemnast presten B.Th. Anker. Han var den første som kom her til bygdene og heldt nynorsk preike i kyrkjene, og tala i ungdomslaga. Denne ferda var etter nyttår 1904. I 1905 var W. Coucheton-Aamot og tala og synte lysbilæte. Han hadde ættetavla i orden til dei gamle norske kongane som han ætta beinveges ifrå, og i 1905 meinte han at han hadde erveretten til den norske kongsstolen. I 1906 kom Jacob Aaland og tala om folkeliv og ætter i nordfjordbygdene i eldre tid. Presten R. Haugsøen og oberst H. Angell kom ofte og dei var svert vel omtykte. Peder Svensen var her og tala om avhaldsaka, han hadde møtet sitt i skulehuset. Hans Seland fortalde skrøner, og til det var han ein meistar, så då måtte alle le. Av felespelarar hugsar eg Haldor Meland frå Hardanger og Torfinn Litlere, son til Mons Litlere. Dette var i tida før ungdomshuset var byggt.

Det var alltid ungdomslaget som stod for feiringa av 17. mai. Dagen vart feira kvart år etter at ungdomslaget vart skipa i 1901, og programmet var nokså likt frå år til år. Dei gjekk alltid i tog, i dei første tider gjekk ein ofte opp gjennom bygda til Vasenden. I nokre få år feira ein 17. mai saman med Lodølene, og var då eit år på kvar stad. Eg hugsar eit år vi var i Bødal, då var festplassen på Høgebakken ovanfor husa i Bødal. Der var det taler, og idrettstevlingar mellom lodølene og loarane. Både ungdomar og mange eldre var med i idrettsleikane.

Når ein gjekk i tog, hadde ein ein eller to spelemenn med feler som gjekk fremst i toget. Ein mann med det norske flagg gjekk først, lenger bak i toget hadde skyttarlaget ei fane dei samla seg under. På fana var ein gul løve på kvit duk. Seinare fekk Losje Freidug si eiga fane og barneavhaldslaget i Loen si fane.

Ein samlast så ein stad der ein heldt fram med programmet, det var både på ein av gardane eller på leikeplassen ved skulen. Der var det ymse idrettar både for born og vaksne. Ein hadde og ymse leikar, som å kappspringe med eit egg på ei skei. Det galdt å nå først fram og ikkje misse egget. Ein annan leik var å plukke poteter. Da la ein potetene opp til 10 stykker i kvar rad med ein meter eller meir mellom kvar potet. Her kunne ein ha så mange rader som der var folk som ville vere med eller som ein hadde poteter og plass til. Alle starta i. same tid og skulle hente potetene og leggje dei i ei korg eller huve, og berre ta med seg ei og ei i gongen. Ein annan leik var å kappspringe i sekkjer. Då sette ein begge føtene ned i ein striesekk og heldt sekken oppe med hendene, og skulle kappspringe til mål. Alt dette var det mykje moro med.

Om kvelden var det ofte dans, om ein fekk tak i ei stove der ein fekk danse. Festkomiteen hadde ofte ein hard jobb med å få hus til festane. Det var dei store og romslege røykstovene som høvde best til festbruk. Eit år vart det vedteke at laget ikkje skulle ha dans, men dei skulle ha ymse leikar og folkeviser. Då kvelden kom var det ein del som tok til å leike ute på tunet. Det var 3. mannen i vinden, og sistepar ut, og "Til seters til seters" og andre slike leikar. Men nokre var av og tinga med han som åtte huset og fekk lov å rydje stova til dans. Og då spelemannen kom på plass, minka flokken ute på tunet, og fleire og fleire kom med i dansen i stova. Sist på var det berre nokre få som ikkje ville bryte vedtaket og heldt leiken gåande ute. Det var ein norsk-amerikanar som sa: "Dei vota ned dansen, men her dansar dei enny how."

Opp til overordna kapittel

13.3 Nytt ungdomshus(1915)

Dette strevet med å få hus til møte og festar, gjorde at trongen til eige hus vart sterkare etter kvart, og dei tok til å emne på å få tak i ei tomt til huset. Då kom ein opp i ein strid om kvar huset skulle stå, og laget delte seg i to flokkar, dei frå ovabygda i ein flokk og dei frå Loen i den andre. Striden var nokså skarp og den varde i fleire år, og begge flokkane var omlag like store. På årsmøta møtte dei godt opp for å vinne valet og få formannen i sin flokk. Det var fleire tufter både opp i bygda og ned i Loen som kom på tale. Sameigna i Loen baud til at dei skulle få gratis tomt på sørsida av elva eit stykke nedan for brua. Det var der som huset seinare vart bygt. Men då kontrakta skulle skrivast kom dei med eit tillegg at om laget vart nedlagt skulle huset falle tilbake til grunneigarane, men kom laget i gong igjen skulle det overta huset. Ovabygdarane ville ikkje gå med på dette tillegget, og striden heldt fram.

Sjøl om striden var hard og mangt eit hardt ord vart sagt, så heldt dei fram med festane og møta i lag, og samla flittig inn pengar til husefondet, for no ville alle ha eige hus, det var dei samde om. Og så var det ein som fann på den heldige løysinga, at dette tillegget på kontrakts vart endra slik at i fall laget skulle verte nedlagt, skulle det gå over til Loen skulekrins og ikkje til grunneigarane. Dermed var knuten løyst, og no skulle det verte fortgang med bygginga, men akkurat den sommaren var det at den første verdskrigen hadde teke til

Rasmus B. Sande var formann, og sjøl om tidene var vanskelege så tok dei til å førebu arbeidet. Elias Loen, som hadde vore formann i laget i mange år, tok på seg å få tak i stein og setje opp husmurane. Gutane melde seg til dugnadarbeid og gardbrukarane kom med hest og steinslede og køyrde steinen fram til tufta på snøføre. Heile tomta var utteke berre med dugnad, dei leigde berre ein til arbeidsformann. Dei som Elias fekk med seg til å setje opp muren, var samde med han i at det her skulle arbeidast godt og billeg. Jentene samlast i ei stove og vov. Dei byttest om arbeidet og dei vov alle gardinane til alle glasa i huset oppe og nede, og dei vov alle borddukane til matsalen, og eit stort tal handdukar til kjøkenet. Her var alle med, kar og kvinne, små og store, for å få huset reist og godt utstyrt.

Så var det å få nokon til å ta på seg byggjinga, men no var alt blitt dyrare og vanskelegare å få. Dei fekk byggmeistar Elias Sætre frå Stryn til å ta på seg å halde materialar og setje opp huset for kr. 5.000,-. Sommaren 1915 vart så huset bygt. Alt steig i pris, men huset vart oppsett etter avtale, meistaren og arbeidarane gjorde eit godt arbeid utan å krevje noko tillegg til avtalen.

Bilete av Heimtun
Loen

Jula 1915 var huset ferdig ute og inne. Ungdomen både kvinner og karar hadde nytta kveldane i fleire viker for å få allting i stand og på plass. og no heldt dei vigslefest i tre heile dagar til ende. Det var så mange som skulle ha ei ekstra takk for å ha vore med og fått huset bygt, og såleis få verkeleggjort det største ynskjet til ungdomen, ja, til heile bygda. I kjellaren var det matsal med kjøken og eit lite rom ved sida av gangen til kjerald av alle slag. I andre høgda var det gong og festsal og scene. På vigslefesten var det lærar Lars Reed frå Innvik, som helt festtalen, han var første formannen i Firda ungdomslag. Ungdomslagsmedlemer synte fram skodespelet "Lars Anders og Jan Anders" av Gustav af Geierstam. Det same spelet synte dei fram på firdastemna i Loen i 1916. På vigslefesten hadde dei og eit lite stykke som dei kalla "Negeren". Det var ein sketsj som Arne Loen hadde sett i Amerika. Den vakte så stor lukke at skuleungane dreiv på i fleire år og spela "Negeren" rundt ikring i stovene.

Opp til overordna kapittel

13.4 Aktivitet i nytt ungdomshus

Spelstykke var elles eit av dei beste programma også etter at dei hadde fått ungdomshuset. Her var mange av dei unge som synte god givnad. Ofte måtte dei reise med spelet og syne det fram i ungdomslag i andre bygder. Dei fekk kunstmålar Angell-Brekke frå Ørsta til å måle kulisser til scena, slik at dei hadde ei ute- og ei stovescene å velje mellom etter som det høvde med stykket.

Av spel som var serleg godt omtykte hugsar eg "Tatargjenta" av Sturla Brørs, "Mellom slagene" av Bjørnstjerne Bjørnson og 'Kven dømer" av Stein Balstad. Dette siste var saman med spelarar frå Rake ungdomslag på firdastemne i Loen i 1949. No dei hadde fått hus kom det og reisande teatergrupper m.a. Ingjald Haaland sit reiseteater med "Dunungen" av Selma Lagerløf. Og Rasmus Breistein var her med filmane "Fant-Anne", "Liv" og "Brudeferden i Hardanger", alle filmane etter bøker av Kristofer Janson. Andre kjende filmar kom og her til, både stumfilmar og seinare talefilmar.

No vart det og sett i gang med mange yrkeskurs i ungdomshuset. Det var snikkarkurs, skomakarkurs og vevkurs og fleire andre kurs. Ein tok og til med sammøte med Lodalens ungdomslag. Det var sommarstemne i Kjenndalen og på Bødalseter, og når ein samlast i Loen var det i ungdomshuset.

Ein fekk og eit songlag i bygda, leia av Arne Loen. Det var og sterkt knytt til ungdomslaget, og var ein god programpost på festane. Det var blanda kor, og der var med både giftefolk og ungdom. Etter at Nordfjord songlag var skipa var dei og med på dei store songarstemnene. I ungdomslaget synte dei fram ei scene av "Foran sydens kloster". Det vart vel omtykt og teke opp igjen fleire gonger.

På ungdomsmøta vart det og synt stor interesse. Der var det foredrag ofte av lagsfolk, ofte var det og ordskifte, men den gjekk ikkje med så stor liv og lyst som i den første tida, men det var mykje opplesing, framseiing og song, og der var heile lagsflokken med. Ofte hadde dei sketsjar på vanlege ungdomsmøte og så var det leik. Ein hadde kurs i folkeviseleik og turdans, og dette gjekk i somme bolkar godt på lagsmøta. Dei fleste medlemene var aktive og viljuge å gjere det dei vart pålagde. Når ein ser attende så trur eg at ein kan seie at ungdomslaget har vore ein god stad å vere med i for dei som vaks opp i bygda i desse åra.

Gå til starten av dokumentet

14. Fleire arbeid og feriereise til Nordkapp (1953)

14.1 Arbeid for Aslaug og Olav i etterkrigstda
14.2 Tur til Nordkapp 1953
14.3 Ny ladebygning(1962)
14.4 Utskiftninga (1968)

Opp til overordna kapittel

14.1 Arbeid for Aslaug og Olav i etterkrigstda

Etter krigen vart det stor framgang med nye driftsmåtar på gardane, og meir av nye maskiner. Korndyrkinga vart heilt slutt på alle gardane her, det var for små vidder ein hadde, og utstyret til skjering og trusking var slik at det kravde store einingar. Både matmjøl og kraftfor var no lettvint og rimeleg å få tak i.

Frukthagen hadde i lang tid vore lite på akta, og det hadde vore mange år utan at ein hadde fått noko serleg avling. Det synte seg at skulle ein få fin avling, så måtte ein sprøyte å stelle trea. Sjurebruket saman med Trulsbruket kjøpte no ei handpumpe for sprøyting av frukttrea. Det var eit tungt arbeid, skulle ein få nok trykk til å sende stråla opp i dei høge tretoppene, og ein gjekk trøytt av det arbeidet. Då kjøpte dei i lag ein bensinmotor med fruktsprøyte. Dette heldt dei fram med i mange år. Dei innstallerta alt på høysleden, og så køyrde ein med hest rundt i hagane. Ei tid etter krigen var frukta svert godt betalt. Endå til pressepla gjekk til god pris til fabrikkane. Prisen var helst 25 øre kiloen men det hende og han gjekk opp i 50 øre, og det var svert god pris etter som andre prisar var i den tid.

Andreas hadde vore interessert i frukt og bær då han levde, sidan hadde det gått attende med denne dyrkinga av bær. No vart Aslaug og Olav samde om at dei ville ta til med bringebær, og dei ville prøve med jordbær. Dette auka dei litt med kvart i åra som kom. og det synte seg at det gav dei meir kontante pengar til å hjelpa seg med. Borna var og så store etter kvart at dei var med og plukka bær, og var til stor hjelp. Avsetnaden var bra, Hotel Alexandra var den største avtakaren i den første tida, og elles gjekk det til private folk slik at det vart seldt utan at ein trong sende noko til fabrikk. Dei låg langt undan og prisen var mindre. Til Måløy gjekk og ein del av bæra til kioskar og til private. Det vart sendt med båt den første tida, men sidan gjekk det helst med bil.

Det var og auka dyrking av kålrot, omlag 2 dekar. Dette vart serleg dyrka til for åt kyrne. Det var bangholm ein avla, og kvaliteten var god og ein fekk gode avlingar. Men etterspørnaden til folkemat var svert liten den første tida. Men avlingane var på topp, ein fekk vel 7000 kg på kvart mål. Seinare fekk ein klumprot i jorda og måtte halde opp med denne dyrkinga ei tid. Det vart prøvt med gulrot, men heller ikkje det var godt å bli av med om hausten då ein tok til. Men både med kålrot og gulrot vart det ein gledeleg snunad med omsetnaden seinare, og etterspørnaden vart større for kvart år. Prisane var ikkje store, men dei var slik at dei gav betre arbeidsforteneste enn husdyrbruket.

Han Olav var og interessert i å ta kunstgjødselen meir i bruk, og fekk store avlingar både med høy, poteter og grønsaker. No var det lada som tok til å verte for lita for høyavlingane. Det var eit tungt strev når ein skulle få det i hus. Ein måtte pakke høyet like under mønet. Det trengdest mykje folk. Ein mann stod på høylasset og hivde det med høygaffel opp på hjellen, og der måtte ein ta det igjen og stappe det opp under taket like til møne. Det trengdest 2 mann til det arbeidet. Det var mykje snakk om å få ny lade og fjøs. Men han Olav sette det ut for det første. Det ville koste mange pengar, og no var dei elste borna vaksne, og han og kona ville gjerne få borna iveg på skular. Tida hadde vorte slik no, at dei greidde seg betre dei som hadde lært seg eit yrke.

Han Olav hadde alt frå han var ung hatt stor hug på å lese og skrive. Men etter kvart han vart oppteken med alt heime på garden vart det mindre og mindre tid til dette. Det vart ikkje til at han gjorde nokon alvorleg freistnad på å realisera desse ungdomsdraumane. Han la det likevel ikkje heilt bort. Men det vart helst til ein prolog av og til når folk bad om det, og brudlaupsongar og andre høvessongar til slekt og vener og festlege tilstellingar.

Likevel vart han dregen meir bort frå arbeidet på garden. Det var ymse gjeremål han fekk utan for. Det var i jordstyret han kom med for det første, der han tok seg av nydyrkinga i Loen med oppmæling og godkjenning. Så vart det skulestyret, heradstyret og formannskap. Det var ikkje løna stillingar, men det tok gode arbeidsdagar bort frå garden. Då skulehuset skulle byggjast, vart han formann i byggjenemnda, det var under krigen så det var store vanskar å få tak i det ein skulle hjelpe seg med. Også dette tok si tid. Ei tid var han formann i dampbåtlaget, etter ulukka hadde dei gått i land og nytta no bussar til å køyre turistane til Kjenndalsbreen. Om sommaren gjekk det mange arbeidsykter til dette. Ungdomslagsarbeidet hadde vore noko av det han hadde hatt glede av å vere med i. Og no vart han vald til formann i Firda Ungdomslag. Det var frå 1950 og i 5 år og det gav mykje hugnad og var ei tid som gav gode minne. Samværet med ungdomen gav ein mod og tru på framtida. Men tid kravde det, både vinter og sommar. Jordbruksinteressa hans var og med og tok arbeidstid bort frå garden. Bøndene i Loen kom med i eit nyskipa Stryn Meieri, der kom han med i styret, og då det gjekk over til Nordfjord Meieri vart han formann i rådet.

Etter at Vestlandske Salslag hadde lovt å byggje slakteri i Olden og seinate gjekk frå alle lovnader dei hadde gjeve til Olden Meieri og Stryn Meieri, tok desse meieria opp arbeidet for å få bygt eit slakteri i Olden. Dette skapte noko strid i meierikrinsen, og det vart mykje arbeid for dei som stod i brodden for dette. Det meste arbeidet fekk Leif Roksvåg, Einar Skarstein og Johan Berge. Men Paul Svarstad, Jens R. Bø og Olav A. Loen arbeidde iherdig for å få dette anlegget bygt. Det vart heitande Nordfjord Kjøttindustri, og Olav kom med i styret då det kom i gang. Han tok tidleg til å vere med i utskiftningar og i skjøn. Alt dette gjorde at arbeidstida og ofte tankane vart dregne bort frå garden og arbeidet der, og det gav lite løn for arbeidet i form av pengar, så det var garden som måtte syte for inntektene no som før.

Ho Aslaug hadde hatt stor trott og interesse for alt arbeidet heime, og no var det meir og meir som kvilde på henne at ho sytte for at arbeidet gjekk sin gang også når han Olav var borte. Det synte seg at ho hadde godt lag å planleggje og ta omsyn til det som lønte seg best. Det vart oftare til det at det var hennar råd ein følgde når det vart sett i gang med noko nytt. Borna måtte og ta sin del av arbeidet. Både med slåtten og i jordbæråkeren.

Opp til overordna kapittel

14.2 Tur til Nordkapp 1953

Aslaug og Olav hadde ikkje hatt høve å ta nokor brudlaupsreis då dei gifte seg. Og heller ikkje sidan hadde dei teke seg tid til nokon lang ferie saman. Men det var noko som dei ofte tala om og hadde stor lyst til, å reise til nye stader og sjå seg om. I 1953 var borna så store at dei kunne sjå etter det som var heime, og det året hadde Noregs Ungdomslag årsmøtet sitt i Tromsø. Olav var vald til utsending frå Firda Ungdomslag. I dette høve hadde Noregs Ung domslag leigt Brand 4 til stemnebåt, og han skulle etter stemna gå heilt til Norkapp. Aslaug og Olav tykte at eit så godt høve var vanskeleg å få igjen og dette laut dei gje seg med på, og dei melde seg på til turen.

Dei gjekk ombord i Brand 4 i Ålesund den 22. juni. Dei var ein tur innom i Trondheim og såg vårt store nasjonale byggverk: Nidaros Domkyrkje. Det er eit byggverk som har følgt historia vår i oppgang og i fall,.og det var med age ein steig inn under desse høge kvelvingane. Store kunstnarar har arbeidt på dette byggverket både i gamal og ny tid. For oss er det interessant å vita at bilæthoggar Anders Svor frå Hornindal også har vore med og arbeidt på dei skulpturane vi ser her.

I strålande fint ver med midnattsol for dei langs Nordlandskysten. Det er historiske og kjende stader å fare fram om på heile leia. På skjer og holmar var det folk som hadde kveikt røykbål som sende blå røyk opp i den fine sommarnatta som var sjølve jonsokkkvelden. På Brand 4 tende dei og eit røykbål som dei slepte etter seg. Der var og ein del svenskar og danskar med på denne turen, og her vart det reist Maistang og leika folkeviser på dekk.

Ein stogga på fleire stader nord over. I Leknes i Lofoten gjekk ein i land og hadde møte med ungdomslagsflokken der. Her møtte dei Ragnvald Muri frå Olden, han var søskenbarn til Olav, og han bad dei opp i heimen sin medan ein stogga i Leknes. Han var styrar for statsrealskulen der. På Sortland møtte dei Borgny Tjugen og ein av gutane, Olav. Borgny var gift med Ole K. Tjugen som var lærar der, og dreiv gartneri ved sida av. Han var tremenning til Olav.

Medan dei var på stemna i Tromsø var dei gjester med eit søskenbarn som Olav hadde der, Håkon Skarstein og kona hans, Johanne. Dei hadde ein fin heim der, og der som han var lærar var det ei svert fin natur om sommaren. I nærheita av han budde nokre samar som hadde reinen på sommarbeite, og dei fekk sjå inn i ei av dei spartanske gammane dei hadde til sommarbruk. Her var dei i 3 dagar med det finaste ver ein kunne ynskja seg, og med ei gild stemne på stemnestaden attmed den nye lærarskulen i Tromsø. Og sola skein og det var leik og underhald på mange stader heile natta til ende. Her var det ikkje råd å tenkje på å sova med ein opplevde alt dette. Her trefte dei og redaktør Rasmus Eide og Sigrid, kona hans, dei var begge frå Olden, og dei hadde ein fin og gjestfri heim i byen. Olav fekk og helse på forfattaren Lars Berg som las prolog på stemna. Det var så gilde dagar så det var vanskeleg å rive seg laus og fare vidare.

No gjekk turen til Nordkapp. Men då dei kom sunnan frå med Brand 4 kom skodda nordanfrå Nordishavet, og dei møttest nå Nordkapn. Det tok bort alt utsynet, og skodda var så tjukk at dei måtte passe vel på å gå etter det reipet som var nedlagt over platået fram til den vesle hytta der ein kunne få kjøpe kort og få stempla som synte at ein hadde vore til det nørste postkontoret i landet. Dette var før det var komen veg frå Honningsvåg og opp på toppen. Dei gjekk glipp av å sjå midnattsola sveve over Nordishavet og leggje gylte stråler over polarnatta. Men midnattsol over land og hav, det såg dei mange gonger på denne turen. Det var ei oppleving å sjå den rike floraen med den store rikdomen i fargar som dei såg på vegen opp til platået. Det var så djupe og sterke fargar, det var interessant, å sjå her på den nordlegaste pynten på vårt havomkransa land.

Bilde av Aslaug og Olav
Loen

Landet vårt er fagert, og heile turen var ei oppleving for dei to bondefolka frå Loen. Då dei kom heim igjen hadde borna dreve jordbruk for alvor, dei hadde teke sin tørning alle, både ho Marta og ho Gjertrud og han Audun. Og ho Marta som var elst hadde hatt kommandoen. Ho hadde sett på og fått nedslegen all maskinslåtten og fått det i hus. Ho var berre 20 år, og ho var nervøs for veret. Men alt gjekk godt, og han Olav og ho Aslaug kunne berre glede seg over at alt høyet var kome i hus.

Marta hadde gått landsgymnaset på Sandane og hadde teke eksamen året før og hadde prøvt seg som lærar i Eivindvik ei stund. Gjertrud var det året ferdig med realskulen på Sandane, og han Audun las for presten det året. Han var alt frå han vart vaksen interessert i arbeidet på garden, og etter å ha teke realskule-eksamen i Stryn, gjekk han Langvin jordbrukskule.

Opp til overordna kapittel

14.3 Ny ladebygning(1962)

Han Audun var fri frå skulearbeidet ein vinter, og då fekk Olav han med seg til å hogge tømmer til material til nye lada. Dette var Audun svert interessert i. Og dei fekk godt vinterføre det året, og arbeidet i skogen gjekk godt. Olav hadde så mykje skog i teigane sine at dei kunne hogge all materialen dei trengde til den nye drifts bygningen. Grana hadde han sjøl planta i skuledagane, og fura var i ein teig som Olav måtte løyse inn under utskiftninga, og no kom skogen vel med. Det var mykje snø, men når dei fekk trakke opp og moka til veg fraus han til og vart fin å køyre. Hesten hadde dei med seg i skogen kvar dag Dei køyrde det først fram på Holtane, og drog og løypte det med handemakt ned til Bleikstigen. Der var det å køyre det på nytt ned til brua. Om våren køyrde dei det til Sande og fekk det saga. Audun var interessert i dette og det var han som tok tyngste taket.

Så var det at ein av grannane kravde ny utskiftning over innmarka, dette vart innvilga, og skulle take til strakst. Han Olav måtte setje ut byggjinga. Dette gjorde at Audun tykte at der var ikkje noko å gjere heime og for til Hamar den vinteren og gjekk på førebuingsskulen til As landbrukshøgskule. Dette gjekk godt, og om våren søkte han om plass på landbrukshøgskulen og fekk plass der.

Då utskiftninga kom i gang fekk Olav av utskiftningsretten løyve å byggje den nye driftsbygningen, og no ville han gå i gang strakst. Dei hadde hogge omlag halvparten av materialane som skulle til, og no skulle denne vinteren nyttast til å hogge resten. Olav tykte det var vanskeleg å få gjort dette utan at han Audun var heime og var med i skogen. Han sa då frå at han ikkje kunne kome til As, og vart verande heime. Alt gjekk greitt og etter planen i skogen, og i 1961 om våren tok ein så til å ta ut grunnen, og fekk arbeidet i gang med oppsetjing av kjellar og fjøsmurar. Det var David Mindresunde og Olav L. Loen som stod for dette arbeidet, og Audun var med dei på bygget kvar dag.

Den nye låven på Sjurebruket 1962
Loen

I 1962 vart så driftsbygningen gjort ferdig og teken i bruk. Det var David Mindresunde og Olav L. Loen som heldt fram med arbeidet og Audun var også dette året med på bygningen, og om hausten for han til As landbrukshøgskule og tok til der.

I kjellaren var det ein gjødselkjellar under grise- og sauefjøsen, og ein under kufjøsen med landkumme imellom. Og under gongen og mjølkeromet hadde ein eit lagerrom. I første høgda hadde ein ifrå syd ein gang og mjølkerom ved sida av. Frå der kom ein inn i fjøsen, der var på den eine sida 7 bådplassar for ku og på den andre sida til forgangen var det ein bing for småkalvar og to bingar for ungdyr. I desse bingane var det støypte spaltegolv. På denne sida var og laga til ein bås for hesten.

Det var støypt vegg mellom kufjøsen og sauefjøsen. Der var det først ein binge for slaktegriser,.og så ein binge for sauer og ein for lam. På den andre sida var det to siloar. Siloane var firkanta med avrunda hjørner innvendes, dei var 3 m i kvar kant og ca. 6,5 m høge. Så var der ein bing for rotvokstrar, og ein bing for kokte poteter til silo. Her ifrå var det og trapp og i lada.

Lada var reisverk med 6 grindar, nokon av dei var frå den gamle lada. Midt på bygget var der eit oppløft i taket mot aust opp mot bygdevegen. Der var det innkjøyrsle opp til den øvste låven, ved sida av den var det ei innkjøyrsle til neste låven. På sydsida av øvste låven hadde ein høystålet, og på den andre sida var det to siloar. Elles hadde ein i lada plass til brenneved, reidskap, og mange andre ting som ein hadde bruk for å setje ifrå seg.

Taket var tekt med eternitplater, og med 3 plater på kvar side av plast så dagslyset kunne kome inn i romet.

Det var ein stor lette i alt arbeidet med innhausting og fjøsstell etter at ein fekk den nye ladebygningen. Og no la dei seg etter ein endå sterkare gjødsling og drift på garden.

Opp til overordna kapittel

14.4 Utskiftninga (1968)

Utskiftninga over innmarka i Loen der også Lovik og alt på sørsida av elva var med, tok til i 1960 og vart avslutta i 1965. Det vart vedteke å fløtte 3 ut frå det gamle tunet. Av dei var det 2 som skulle fløtte til sørsida av Loelva. Denne planen vart anka til overskjøn, det vart også anka over boniteringa, og dette vart avslutta i 1968. Det vart no vedteke at 4 skulle fløtte ut frå det gamle tunet. Også i denne planen vart det vedteke av 2 skulle fløtte til sørsida i Lovik. Det var Løndabruket som fekk ein teig frå sjøen og inn over, med undantak av leirplassen som Wilhelm Bødal hadde der, Løndabruket fekk og eit stykke inn til Kvi.tef jellet, det inste stykket av det som var oppteke frå utmarka i utskiftninga i 1928. Austan for Løndabruket sitt stykke ved sjøen, fekk Framigardbruket sin eigedom. Magnebruket fekk hovudstykke vest for riksvegen og postvesen og i aust grensa det til det nye Sjurebruket. Og så fekk dei eit stykke inn ved skulehuset i Loen. Knutebruket fekk sine eigedomar frå grensa mot Hagedalen og vest over.

Heller ikkje denne gongen vart det delt slik at det vart berre eit stykke til kvar eigar. Det var 8 som måtte ha jorda delt i 2 stykke, det var utan om dei 2 som er nemnde som fløtte ut, også Sjurebruket, Innigardbruket, Trulsbruket, Halsteinbruket, Antunsbruket og Arnebruket.

Sjurebruket fekk då eigedomen sin slik: Frå Magnebruket i vest til bygdevegen og vidare austanfor og nordanfor bygdevegen til merke mot Isakebruket, på dette stykket er det stovehuset står, med lada vestanfor bygdevegen. Det andre stykket ligg sør for Loelva ved ungdomshuset Heimtun, og går frå elva og til deira eigen utmarksteig ovanfor Brenrhaugen. Elles har ein eit stykke som er bortleigt i 99 år til Jon Victor Loen. Det ligg på Loøyra, og grensar til Loelva i vest og til riksvegen Loen-Olden i aust.

Gå til starten av dokumentet

15. Noko om Olav sitt litterere areid

Dei første småforteljingane fekk Olav prenta då han var 14 år, og sidan tok han til å skriva i ungdomsblada og lokalavisen. Alt frå 1918 og ut over skreiv han skisser og forteljingar i blad som Frilynt Ungdom, Folkets ven, Ung Norig og Norsk Ungdomsblad. Seinare har han skreve i Nynorsk Vekeblad, den 17 de mai, Norig, Unglyden, Midnattsol, Gula Tidend o.m.fl. I tidskrift har han skreve i Syn og Segn og Fossegrimen og andre.

I den første tida nytta han løyndenamnet Olav Alvheim, og stundom når han skreiv dikt nytta han namnet Sjur Loar. Desse namna nytta han for å vere ukjend i heimbygda, men der vart han snart kjend under desse namna. Han heldt likevel fram med å nytte Alvheim til etter den siste verdskrigen.

Han skreiv og lenger noveller og forteljingar og spelstykke som han fekk prenta i ymse blad som utklipsbøker. Eg skal har ta med ei liste over det som vart prenta på denne måten. (Under forfattarnamnet Olav Alvheim)

Dei første forteljingane han gav ut som bøker var og under løyndenamnet Olav Alvheim. Vinteren 1924 skreiv han den første lenger forteljinga. Ho kom som framhald i Fjordabladet med namnet Elfrid Kjelset. Seinare sende han det til Norske Forfatteres Forlag (Walter Øverland) Oslo, med namnet Ung elsk. Der vart det godkjendt til utgjeving, men forlaget gjekk konkurs då boka låg ferdigprenta hjå Norsk Sko1etidendes trykkeri på Hamar. Olav betalte dei ein sum, for der var ikkje innbetalt noko frå forlaget for prentinga, og han fekk boka ut på eige forlag. Han har gjeve ut desse bøkene:

Under namnet Olav Alvheim:

Under sitt egen namn Olav A. Loen:

Utan om det som er nemnt har han fått prenta som utklipsbok denne røvar- eller kriminalromanen under løyndenamnet: Lodin Willihause:

Skatten ved Amasonelva. Einar Berg og Jack Cheeme møtest, 111 sider. Utklippsbok i Unglyden Voss 1927-28.

Han har og frå han tok til å skrive heile tida skrive bokmeldingar i ungdomsblad, lokalavisen, Gula Tidend og Sunnmørsposten. Han er medlem i Norsk Litteraturkritikarlag.

I to valbolkar var han med i Kringkastingsrådet. Der vart det halde minst to møte for året. Møta var helst i Oslo i kringkastingshuset på Marienlyst. Men i den tida tok dei og til å halde møte utanfor Oslo. Det første møtet vart halde i Tromsø. Sidan var det eit møte i Trondheim og eit i Ålesund, og denne skipnaden har halde fram seinare. Medan han var med var desse kringkastingssjefar i N.R.K.: Kaare Fostervold, Hans Jakob Ustvedt og Torolf Elster. I den same tida har desse vore formenn i rådet: ei stutt tid Eva Nordland, sidan Hans Jakob Ustvedt, Torolf Elster og Ivar Eskeland.

Det var mange viktige saker oppe til drøfting. Kringkastingsrådet skulle vere eit rådgjevande organ for kringkastingssjefen. Dei skulle kome med kritikk over program som hadde vore, og dei skulle drøfte endringar i programmet og nye idear til program. Ei fråsegn av eit samla råd vart alltid teke omsyn til i N.R.K. Kringkastinga var i ei rik utvikling, og i denne tida var det fjernsynet dagleg tok til med sine sendingar. I det heile var det rike opplevingar og mykje å lære ved å få vere med i rådet. Og samværet med kringkastingsfolk som ein lærde å kjenne og medlemmer i rådet gav minne som alltid vart hugsa. Det var som bonde han var komen med, og skulle representere den gruppa i rådet. Og det var der han kjende seg best heime. Det var nok slik at det var meir han fekk nyte en yte, men ei verdfull og rik tid var det.

Gå til starten av dokumentet

16. Den yngste slektleden

I 1968 døde Marthe Eriksdotter. Ho var då nær 90 år gamal. Ho hadde hatt ein lang arbeidsdag på Sjurebruket. Alt frå borna var små sat ho i uskifta bu, og styrde og hadde ansvaret for garden. Alt heldt ho i godt stell både inne og ute. På sine gamle dagar gledde ho seg når ho fekk born, borneborn og oldeborn ikring seg. Dei tre borna, hadde no kvar sitt å stelle med. Olav dreiv slektsgarden saman med kona. Ho Olina var husmor i Markus, og styrde med garden etter at mannen døde. Karen var den yngste av søskena. Ho hadde gått eit kurs på Nordfjord ungsomskule på Vereide, og mykje av si tid har ho arbeidt på hotel Alexandra. Ho arbeidde og nokre år på "Heimen" i Stryn. Då Richards kro vart bygt vart ho styrar av den i mange år. Den var for det meste stengd om vinteren, og då budde ho heime i Sjur. Såleis var ho heime og stelte med mor si den siste vinteren ho livde. Då ho nådde pensjonsalderen slutta ho på kroa, og har sidan arbeidt ein del på hotel Alexandra, og har butt i Sjur.

No hadde det vakse opp ein ny ættled på Sjurebruket. Ho Marta var den elste. Då ho var ferdig med folkeskulen tok ho til på Firda landsgymnas og tok eksamen der. Ho for så til Hamar og tok eksamen på Hamar lærarskule. Nokre år var ho lærar på folkeskulen i Indre Arna og for så til Oslo og vart lærar på Kjelsås. Der har ho vore sidan, men ho har teke seg fri eit år og gått lærarskulen i husstell på Stabekk, og eitt år og gått på spesiallærarskulen. Ho er gift med Peder Havnvik, fødd 1930 på Hitra. Han er ingeniør og har arbeid i eit konsulentfirrnaog dei bor i Oslo.

Gjertrud tok realskuleeksamen på Firda gymnas og gjekk eit år yrkesskulen på Jølster. Ho tenkte ei tid på å verte handarbeidslærar. Men så søkte ho seg inn på telefonen og fekk arbeid på telefonstasjonen på Tingvoll. Ho var og ei kort tid på telefonen i Bergen, men fløtte attende til Tingvoll. Ho er gift med Gunnar Bråttvik (1963), han er fødd 1934 på Tingvoll. Dei har fått tomt på farsgården hans, der dei bygde hus. Han har også overteke ein gardpart som høyrde morsslekta hans til, til den høyrer det og ein god del skog. Gunnar har både jordbruksskule og handelsskule, og arbeider på trygdekontoret på Tingvoll. Dei har to born: Aud og Anders.

Audun har etter han vart ferdig på landbrukshøgskulen, teke eit kurs i pedagogik på landbrukslærarskulen på Sem. Han fekk først arbeid på Landbruksøkonomisk Institutt i Oslo, og var sidan eit år lærar på vinterlandbrukskulen i Dalane. Den var ambulerande og det året i Egersund. Aret etter fekk han arbeid på jordbruksavdelinga på Statistisk sentralbyrå. Og sidan har han vore der. Han er gift med Marit Haug, fødd i Oslo 1945. Ho er dotter til målarmeistar Oskar Haug og Martha fødd Engelstad frå Toten. Dei har heim på Bekkelagshøgda. Marit og Audun har to born. Olav og Marte. Audun fekk skøyte på Sjurebruket og overtok det frå 1. januar 1973, men dei bor i Oslo.

På garden vart det no satsa meir på jordbær og gulrøter. Ein lærde betre å stelle dei etter kvart, og ein tok til med sprøyting mot ugras og skadedyr, og fekk med det mindre arbeid og større avlingar. Med gulrøter hadde ein og kome fram til ein metode for å gjere arbeidet lettare. Ein tok ved å varme det sterkt opp spireevna frå 2/3 av frøet og sådde det med vanleg såstav. Då fekk ein høveleg avstand mellom plantane og slapp å tynne. Og så sprøytte ein etter såing mot ugras. Dette gjorde arbeidet mykje lettare og meir lønsamt, for tynning og reinsking var svert arbeidskrevjande.

Med jordbærdyrkinga var det noko hektisk når ein skulle hauste bæra. Dei måtte plukkast etter kvart som dei vart modne, og dei måtte helst vendast same dagen dei var plukka. Bæra vart for det meste selde i dei nærmaste bygdene, men ein del måtte ein og sende til Ålesund.

No etter at borna hadde fått eit yrke hadde dei ikkje så lang ferie og dei hadde sin eigen heim å ta omsyn til. Men ho Aslaug rådførde seg med dei kvar vår når ferien skulle planleggjast. Og dei prøve best mogeleg å få ferien på den tid då bæra skulle haustast, og helst ikkje ta ferien alle i ein gong. Dette var ikkje alltid så godt å laga på, då veret gjorde at bæra ikkje vart modne på same tid kvart år, og det kunne ein ikkje vita då ein planla ferien. Ein laut difor somme år leige fleire plukkarar enn andre år. Det var helst unge gutar ein fekk til dette arbeidet. Og dei lærde fort både å plukke snøgt og gjere vel arbeid. Det var akordarbeid, og dei måtte sortere bæra i to avdelingar.Etter at Karen slutta på kroa har og ho vore med i arbeidet. Denne auka dyrkinga av bær og grønsaker gjorde at ein fekk større inntekter, og med det betre betaling for arbeidet på garden.

Då han var yngre hadde Olav tenkt at når han vart 60 år, då var borna vaksne, og då skulle han få meir tid å skrive som han alltid hadde hatt hug å sysle med. Men han hadde aldri vore meir oppteken med garden og mangt anna enn då borna vart vaksne og fekk sitt eige arbeid. Men skriveklåen heldt seg, og interessa for soge og kulturminne auka med åra. Og då han saman med Leif Arnold Loen var beden om å vere med å skrive 50 års soga til Firda ungdomslag, så sa han ja til det. Boka kom i 1947, trykt i Stryn trykkeri, og ho var 255 sider. Ho fekk denne tittelen: "Firda Ungdomslag gjennom 50 år. Festskrift. 1896-1946".

No fekk han hug å få realisert ein tanke som han hadde bore fram for Firda ungdomslag. Og i 1951 kom første årgangen av "Årbok for Nordfjord". Han var skriftstyrar saman med ei nemnd, og Firda ungdomslag og Nordfjord sogelag var utgjevarar. Første boka hadde undertittelen: "Eit skrift for folke- og kulturminne, arbeidsliv og ungdomslagsarbeid". Seinare har dei to siste oppgavene vorte borte og no heiter det: "Eit skrift for folke- og kulturminner. Den siste tida har boka kome anna kvart år og til no er det komne 13 årgangar. Det er mykje godt kulturstoff og folkeminne som har kome med i desse bøkene frå heile Nordfjord. Dette var eit lærerikt og interessant arbeid. Olav tenkte og på at det hadde vore gildt om han fekk tid til å skrive ned det han visste om si eiga slekt, og det han kunne finne om dei i fortal og bøker. Også dei unge har større hug til å vite noko om slekta si no enn før.

Til eldre ein vert til meir ser ein attover til alt som har hendt og ein sjøl har opplevt. Og då er det mangt som er gildt å minnast. Han Olav hadde møtt mange som han hugsa, og som det var ein hugnad å verte kjend med. Han hadde og tykt at det var godt å få kome ut og møte nye folk, og få nye utsyn og tankar og meiningar.

Men det var alltid gildt å kome heim, der kjende ein at ein høyrde til. og når helga kom etter ei strevsam veke, som det ofte var både i onnene og elles, då var det godt både å få kvile, og å gå ut og møte grannar og kjenntfolk, og få røde om vind og ver og leggje kvardagen frå seg. Eller han og ho Aslaug tok borna med seg på ein fjelltur i helga. Ein yngdest opp av den friske fjellufta, og ein fekk hus i det vesle selet på Høgesetra. Der gjekk det an å overnatte når ein brukte heile golvet til sengeplass. Dagen etter tok ein ein tur til Varden, eller ein leita seg fram til lyngtuene og plukka blåbær. Det var alltid hugnadsamt å gå i fjellet, og borna gledde seg til kvar tur. Ein tok og turen til Tjugensetra, og der fekk ein leige den fine hytta til Anders Tjugen, og her hadde ein det same fine utsynet som diktaren, Kristoffer Randers, hadde då han kom over her frå Fosnes i Oppstryn ein fin sonimardag i 1885. Her stogga han opp og turka sveitten og såg det fagre utsynet som opna seg for han med den vesle bygda ned under og fjorden utanfor. Her var det diktarånda kom over han og han skreiv dette diktet:

(Kristoffer Randes: Norsk Natur 1887)

Dei tok og turen til Bødalsæter på bærsanking. Det er minne som strøymer og strøymer på, som Vinje seier. Ja, heile garden er som eit perleband full av minne frå slekt til slekt.

No om somrane kjem dei med bilane sine, ofte står det fleire bilar på tunet, for i vår tid har alle sine eigne bilar. Og no har dei med seg borna sine, det er ein ny generasjon som skal vekse opp. Og no som før er her så mykje å sjå og gle seg over for dei som er born. Det aller likaste var å få rida så lenge dei hadde hest på garden. Men no er det så mykje som forandrar seg både på garden og i bygda. No skal dei kanskje gå i gang med stor kraftutbyggjing. "Jotunheimen Breheimen" heiter det. Ingen veit korleis det vil bli når det er ferdig. Men truleg vil gardane, nokon av dei, overleve med grøne vollar og husdyr som står inne om vinteren, men slepp ut på beite og opp i fjellet når våren vekkjer alt til nytt liv. Og der vil vere born som eignar til seg lam og kalv, og har heile garden til sin leikeplass.

Slektsoversikt, side 1
Loen

Slektsoversikt, side 2
Loen

Slektsoversikt etter 1800