Litteratur.
Harde hender

Til Litterturlista

Harde hender

INNHALD

Forord
Mann i si tid

Harde Hender

Av
Olav A Loen

Forord

Harde hender er ei bok med forteljingar av Olav A. Loen

Berre ei av forteljingane i boka er skanna og teken med her (Mann i si tid). Hovedpersonen i denne forteljinga har mykje til felles med bestefare til Olav A. Loen. Det finns imidlertid hendingar i forteljinga som ikke er kjent for meg frå andre kjelder og som kan vere oppdikta. Eg har likevel valt å ta med denne forteljinga som eit portrett av Ola Andersen fødd 1847.

Audun Loen

Mann i si tid

Del I

Han hadde ikkje sett anna enn at det let seg gjere, same kva det var han tok seg til med. Han hadde ikkje gjeve opp det han hadde teke på seg, han Stor-Halvor. Det var ein sjøl det spurdest om, det hadde han både sett og røynt. Hadde ein arbeidshug og framtak, så kom ein også fram i verda. Hadde ein ikkje det, så vart det berre tull og inkjevetta, og då hadde ein seg sjøl å takke for det.

Og han Stor-Halvor var ikkje av dei som gav seg, same kva det var som stod på. Han hadde vore alt anna enn redd og blaut av seg like frå han var liten. Det er somme som er fødde slik, kunne ein mest tru. Han hadde vore ein stivnakke alt frå han låg i vogga. Pisk hadde han fått meir enn andre. Men det var merkeleg til gut, det såg ikkje ut til at det beit på han, og ikkje løfte han opp målet og skreik kor dei dengde han med ris på berre ræva.

Det vert mann av han, sa han Gamle Halvor, når mora snøgta og gret og bar seg for den gutungen.Tullhøne, sa han. Det er vel ingenting å gråte for at guten har framtak, veit eg. Det må til skal ein kome seg fram, slik var det no i mi tid.

Ofte var han fæl med søskena sine, han kneip dei så dei storskreik.- Er dette ilt då? sa han. - Det er berre de som ikkje toler noko. Knip meg, de, sa han og rette fram handa. Og dei saug seg på han og kneip og beit, det var ikkje noko å spare etter når ein fekk lov.- De er nokre stakkarar til å knipe, sa han. -Eg kjenner det mest ikkje, det er berre loppebit. Sjå her, de, sa han, og kneip seg sjøl i armen så det blåna for fingrane hans. Tårene spratt fram i augo på han, men han berre flein til dei og kalla dei for stakkarar som ikkje tolde noko. Då gav dei opp, for det var ikkje råd med han Halvor.

Han tok til å gå på sjøen og fiske like tidleg som han tok til på skulen. Det var ikkje råd å få han til noko anna. Boka og skulen hadde han mindre hug på, og gløymde leksa til han var så trøytt at han sovna. Det hende han for på sjøen om morgonen før han gjekk på skulen, og kom igjen med ei heil bør med fisk, men i skulen var dei komne fram i andre timen før han kom dit.

Dei hadde lov å bruke ris i skulen i den tida, og han fekk smake det og, han Halvor. Ein gong bad læraren han å gå og hente bjørkeris sjøl. Det gjekk både vel og lenge før han kom igjen, og då hadde han med seg ei heil bjørk, det var berre så vidt han vann å få henne med seg inn døra. Ho fylte mest heile skulestova fram til kateteret. Læraren vart ståande rådlaus, og borna kniste og lo. Då tok sinnet læraren, og han braut av ein kvist og kom mot han Halvor, men han stod like bein og venta på slaget. Men det kom ikkje. Læraren vende seg til dei andre ungane og bad dei vere med og få bjørka ut igjen. Dei hadde (114) eit heilt strev før dei fekk rydje skulestova. Han Halvor vart ståande handfallen og fekk seg ikkje til å hjelpe til, og han kjende det som eit nederlag der han stod.

Dette med fisket varde i fleire år, og så sant det var fisk å få, fann han fram til fisken og fekk han inn i båten.- Eg veit aldri kvar eg skal gjere av all fisken, klaga mor hans seg. - Du kunne no take deg noko nyttigare til. Det vart til det at ho sende han med fisk rundt om til husmannsplassane. Der var det som regel mange munnar å mette. Dei gret sikkert ikkje om dei fekk fisk til middag.

Han var ofte ute på sjøisen og fiska om vinteren, det var så kaldt at fisken vart stivfrosen straks han kom opp på isen. Sjøl var han så gjennomfrosen så han knapt vann å lede seg i den stivfrosne broka. Han måtte setje føtene i kaldt vatn, og issvullen la seg utanpå tærne hans. - Du kjem til å fryse deg helselaus, sa mor hans._ Eg går like godt om eg misser ei tå eller to, sa han. Men mora hadde ilt av åtferda hans, og bad han ikkje tale så stygt og formasteleg. Men ho var og stolt av guten, for ho kjende at det ikkje var vondskapen som regjerte i han og gjorde han så hard og ustyren.

Han tok tidleg til å sjå etter jentene. Og dei skulle vere så galne etter han at dei hoppa. Det var knapt dei gjekk skikkeleg på vegen når dei såg han.

Dansa gjorde han, og det var ingen som heldt så mykje leven som han når det var dans eller leik. Det høyrdest når han får etter vegane og hadde jentene i flokk ikring seg. Det tok til å gå ord om han i den vegen og. Mora tok seg nær av det, og ho sa det med (115) han at det var ein fårleg leik, det vart folkedrøs av det, og kunne verte det som verre var.- Du må stelle deg som anna folk, sa ho. - Ein vert aldri folk av å springe og spørje etter kva folk meinar om det ein gjer, sa han til henne.

Det var ei lita ung jente frå lengst oppe i dalen han feste augo sine på. Han hadde sett inn i augo hennar og gløymde det ikkje. Kristi Haug heitte ho. Ho var ikkje nett av dei som hadde nokon rikdom i vente, i så måte kunne han sikkert sett seg ut ei som det var meir å vinne med. Men han hadde vorte glad i dei augo hennar, og så vart det ho og inga anna.

Han tenkte ikkje på at ikkje ho skulle like han og. Augo hennar hadde fortalt han det, tykte han. Han følgde ho heim når det var fest. Det var langt å gå attende, men då sprang han, og då gjekk det fort.

Det var ein kveld han følgde henne heim, då ville han vere med inn. Nei, det ville ho ikkje. Ho skulle gå med han eit stykke på vegen attende. Dei tok seg ein sving på vegen, men han stod på sitt same at i kveld ville han vere med henne inn. Men ho nekta. Han kom til å spørja om det var så ho var redd han.- Dei seier at du går til så mange jenter.- Veit du ikkje at det er slarv og vas som er livet for folk, dei er ikkje friske utan, sa han. - Men du Kristi må ikkje tru noko ilt om meg. Eg har ikkje sett etter andre jenter sidan eg fekk augo opp for kor gild ei jente du er. Han tok henne i handa, og stod og heldt handa hennar i si. - Du må tru meg når eg seier det. - Du vil ha alt slik som du vil, men du må ikkje be meg om det eg ikkje kan, svara ho han.- Er eg så fårleg då, trur du? - Ja, eg er mest redd somme tider, eg er redd meg sjøl og. Ho drog handa si ut or hans.(116)- Eg vil deg ikkje noko vondt, Kristi. Eg vil berre berre.... eg er glad i deg. No tok han ikring henne, og der var ingen motstand å møte. Han vart varmare og meir eldhuga då han kjende henne inn til bringa si.

- Det må bli du og eg, seier han. Ho seier ingenting, men ho hallar seg inn mot bringa hans. Dei er nett vaksne begge to, og det er vedunderleg å få halde i kvarandre.

- Eg skal ikkje følgje deg inn i kveld, men det er vi to like godt for det. Og no tek han henne inn til seg og kysser henne og seier god natt.

Det vart dei to etter den kvelden. Dei møtest både ved kyrkje og på dans og kvar det høvde. Dei hadde funne kvarandre, og dei hadde hugnad av å vere i lag. Mora tykte nok at han kunne ha funne ei med større medel, han som var jordakar og alt slag. Men det var ingen som hadde noko uord å seie på jenta. Endå det var då dei som sa det i bygda at det var syrgjeleg å sjå kor gale ho sprang etter han Halvor. I heimen hennar var det heller ikkje nokon som prøvde å leggje hindringar i vegen for dei to unge.

- Tru om ho ikkje er i lettaste laget til å gjere folk av han Halvor, var det somme som sa. Men mora tenkte at kanskje var ho Kristi, så stillfarande som ho var, den rette til å få villskapen ut av han, og gjere ein fagna mann av han slik han hadde evner til.

Han Halvor hadde roa seg, og tenkte fram til den dagen då det var han som skulle ha husbondsromet på garden. Han snakka mykje om framtidsplanane når han og ho Kristi var toeine.

Tyfus, som dei kalla sykja der i bygda, kom den vinteren og herja stygt, ho både reiv bort og van-skapa folk. Helst var det unge folk som vart råka av sykja, og dei fleste som vart sjuke strauk med. Ho (117) ,Kristi Haug var ei av dei som sykja tok tak på. Ho låg bleik med sveitteband kring panna. Det gjekk så fort, det barst den vegen at det var berre døden å vente på. Ho hadde så nok med sjukdomen, oftast låg ho og var borte frå alt ikring seg. Ho fekk sende ei helsing til han Halvor, at han måtte halde seg langt borte og ikkje vitje ho no. Ho drøymde om han, sa ho.

Ein gong ho slo opp augo og hadde ei klår stund, sat han Halvor attmed senga hennar. Då såg ho på han og smilte så vent, og så var ho borte igjen. Han Halvor sat der til det var slutt. Det var så tungt for henne å seie noko, men augo kvilde på han heile tida når ho hadde ei klår stund. Namnet hans var det siste dei høyrde ho kviskra.

- No Halvor Det var som ville ho seie det at no for ho. Det vart nokre dagar som ikkje var å ropa hurra for, men han Halvor bar alt for seg sjøl. Han gret heller ikkje den dagen han følgde henne til grava. Her stod han framfor Vår Herre og den opne grava og var hjelpelaus, og visste at her kunne han ingenting gjera. (118)

Dagane hadde vorte grå, og han Stor-Halvor hadde mist hugen til arbeidet. No fekk det gå som best det kunne for han. Men så kom det ein dag då han såg ikring seg, og dagen var like meiningslaus som han hadde vore, men for det skulle ikkje han gå her og ikkje få noko gjort. Nett no skulle han arbeide, om han ikkje lenger hadde noko mål for det han gjorde.

Og så tok han til å bryte jord. Det var slik at han såg kor rydningen vaks og vart vidare for kvar ein dag som gjekk. Sjøen kom han ikkje i hug lenger. Det var storsteinen og steinrøysene rundt om pa jordet han hadde tenkt å få til å fløtte på seg. Han tok dei med list, og han tok dei med makt, etter som dei var store og vrange til. Og somme gav han ein sprengsmell så dei fauk i filler.

No såg han ikkje til den kanten jentene gjekk. Endå dei var vel like forhippa etter han som dei hadde vore. Han ville ikkje rive opp i eit sår som ikkje var grodd.

Slik gjekk åra, eitt etter eitt. Det tok til å grøne tidleg på vollane hans Stor-Halvor når snøen var faren. Og steinen var komen or jorda, og steinrøysane farne på sjøen. Han Halvor tok til å nærme seg dei tretti. Men spelemann var han no ikkje. Han hadde (119) kome inn i ein rytme, og heldt fram og tenkte ikkje meir på det, han tenkte heller ikkje over kor skadeleg det var for framtida til garden og slekta og alt i hop.

Mor hans orda frampå om det rett som det var, at no måtte han sjå å få seg eit menneske, han og. Ho tok til å trøytne i arbeidet, og kjende at alderen gjorde seg gjeldande. Han hadde ikkje tenkt på det at ho kunne verte anna enn slik ho var. Men no såg han at ho hadde det for tungt, ho hadde krokna saman i det siste. Verst var det med tilsynet med alt på garden både ute og inne. Det var tidleg opp og seint i seng, kom han i hug. Ho hadde vel tenkt på det og kanskje at det ville ha vore hyggjeleg om der kom småfolk i huset som krauma til og vaks opp. Det er rart med slike gamle bondekjerringar kva dei kan gå og tenkje på såleis, ho hadde endå til orda frampå til han om det. Ho hadde no dottera som gjekk her og ikkje var bortgift enno. Henne hadde ho og si omsut for, at ho kunne verte sjøleigandes husmor på ein annan gard.

Han Halvor råka på han Pål-Ola borte ved kyrkjeporten ein kveld etter at arbeidet var slutt. Dei brukte å samlast der, grannane.- Du går og lever på det viset som er, du og, ser eg, sa han til han Ola. - Ja, vi må vere til om vi ikkje er gifte og, meinte den andre. - Har du kanskje tenkt å forandre deg med det første? spør han Stor-Halvor. - A, det er vel ingen som vil ha gamle ungkarar, meinte han Pål-Ola. - Det vert nok så for meg og det, sa han Stor-Halvor, - men eg har no ei grepa søster, eg, heime. - Det har no eg og det. Og det er ei som gjer nytte for seg, så det røyner ikkje på for den skuld. (120) - Vi to kunne gjere byte då, og få kjerring i huset istaden for søstre. Vi lyt vel eingong tenkje på å gifte oss, vi to og, slo han Halvor på i spøk.

Og med det vart det. Dei tala nærmare om det og vat samde. At kvinnene skulle ha eit ord med i laget, nemnde dei ikkje noko om. Det vart heller ikkje nokon motstand å merke då saka kom fram for dei. Brudlaupet heldt dei i lag fram på sommaren. Dei tok det vinnemellom slik skikken var. Kvinnfolka hadde utstyret sitt ferdig. Det var berre å få den nødvendige tid til å få melte og bryggje, så kunne brudlaupet stå av seg. Det var fullvaksne karar begge, så dei hadde ikkje noko å vente etter. Det var eit stort lag, men gardane låg ikkje lenger undan enn at dei kunne vere noko i kvar gard. Men sjølve bordseta var i heimen hans Stor-Halvor, og så dansa dei i nystova hans Pål-Ola.

Dette var noko som han Halvor hadde kvidt seg på lenge. Men det var like godt å hoppe i det som krype i det. Og når det først var overstått, så gjekk dette og. Det gjekk endå til godt.

Han hadde det litt sårt for bringa av og til. Men arbeidet var ein velsigna ting, no som før. Ein vart trøytt av det, ein åt godt og sov godt. Det var ein annan velsigna ting åg med dette arbeidet, det gav kontante pengar. Og no var det slik at han hadde fått lyst på det å eige ein grand. Ein fekk større vørnad mellom folk, endå det helst ikkje var så mykje verdt som oftast. Men det kunne vere godt å ha i bakhald.

Han var så fullt oppteken av arbeid og tankar, så kona kom helst bort for han. Ho gjorde arbeidet sitt, og kravde ikkje noko stort rom for seg sjøl. Og han hadde ho for handa når han hadde bruk for henne. Ho var eit stillsleg og fredeleg menneske. Han kunne (121)ikkje noko betre ønskje seg når livet hadde laga det slik det vart for han.

Dei hadde nokre born i lag, og dei vart vaksne etter kvart, og så strauk dei over blåmyra. Amerikafeberen greip serleg dei unge. Det skulle vere så mykje likare der borte. Borna hans kom og tok han i handa då dei for, og han såg dei hadde tårer i augo.

- Farvel, far, sa dei, og så for dei. Han visste at no kom han aldri til å sjå dei meir, men han var like roleg som alltid. Kona hans stod attmed han, og ho gret og tok det tungt. Han tok kona i handa. - Du har då meg, sa han. Då såg ho på han gjennom tårene, og der var slik varm blenk i augo hennar.

Han tok til å verte gamal, han Stor-Halvor og no, og skjeggkransen kring kjakane hadde kvitna. Han kjende ikkje stort anna enn at han vart snarare trøytt når kvelden kom.

Den yngste av gutane vart att heime og tok over garden og gifte seg. Ei av døtrene hadde og gift seg bort til ein jordekar på ein av grannegardane.

Arbeidet gjorde han Halvor no som før, og han var den som var først oppe om morgonen så lenge utearbeidet stod på. Det var ingen som merka det i arbeidet at han hadde vorte gamal. Kona hans fall ifrå, det kom så brått på. Det vart alltid eit tomrom når nokon gjekk bort, han kjende det godt, men arbeidet det var trøysta hans og hugnaden no som alltid.

Sonen, han Knut, hadde teke over styringa på garden. Han var gift, og det var alt komen ein små-Halvor. Ein haust tok han Knut til å skrante, og det vart helsotta av det. Han gjekk oppe eit halvt års tid før han lagdest ned for godt.

Det var ikkje som det skulle vere at det var dei unge som gjekk bort først, det var som å kviste eit tre, tykte han Halvor. Han gjekk med bøygt hovud (122) på kyrkjeveg den dagen. Men han tok mot dette og utan at nokon merka det som rørde seg innunder. Og atter var det arbeidet som låg og venta på han.

Det vart endå meir som kvilde på han no. Og ingenting skulle verte vanstyrt så lenge han hadde helse og arbeidsmod. Og så hadde han odelservingen, han Vesle-Halvor, han tok til å verte til hjelp etter kvart. Det var han som skulle ta romet etter han Stor-Halvor. Det var ein hugnad å ha guten med seg, om det ikkje vart noko sers med arbeidet enno.

Han Stor-Halvor hadde høyrt garden til frå den første dag han kunne minnast. Og no skulle det kome ein Halvor etter han. Her hadde vore Halvor føre han, og det skulle verte Halvor etter han. Det var ei endelaus rad av sterkvoksne karar som høyrde garden til; både når han såg attover og når han såg framover stod dei der, Halvor etter Halvor.

Det var merkeleg med den guten. Han Stor-Halvor kvidde seg ikkje på noko når han berre hadde han Vesle-Halvor med seg. Dei skulle slakte storoksen, då sa mor hans Vesle-Halvor, at i dag fekk ho gå og få ein mann med og slakte. - Eg tenkjer vi to karane skal greie det, sa han Stor-Halvor, og nikka til småen som følgde i helane på han no han visste at det var noko sers som stod på.

Bestefaren batt to tau på oksen, og så gjekk han sjøl føre, og ho Anne, mor hans Vesle-Halvor, gjekk bakanfor med det andre tauet. Då dei hadde fått han på låven og festa han godt, skulle han Vesle-Halvor kome og halde tauet.

Det gjekk alt som det skulle, og då dei var ferdige, sa han det han Stor-Halvor at no kunne dei sjå, det var ikkje det arbeid dei ikkje greidde når dei to slo seg i lag om det. Det var god tale for han Vesle-Halvor å høyre. Det var godt han sa det så mora høyrde på. (123)

Folk tok til å skrante og verte bringeveike rundt på gardane, det var ei fårleg farsott som tok mange liv. Det var serleg dei unge, men det råka også dei som var komne lenger opp i åra. Ein dag var det dottera, ho som var gift på grannegarden som ikkje hadde krefter å vere oppe lenger, og måtte til sengs.

Han stod der saman med folket hennar då ho andast. Det var det siste av borna hans som høyrde gamlelandet til. Dei som var på den andre sida av havet, høyrde han frå til kvar jul, dei skreiv og stakk ein dollar inn i brevet. Det skulle han ha til å kjøpe sukkerbrød og kringler for. Det vart berre eit brev for året han og skreiv. Kvar 3. juledag settet han seg til å takke for julebrevet frå dei tre borna som var farmarar på prærien. Dei var så langt borte, det var som dei høyrde til i ei anna verd. Det var annleis med henne som høyrde til på grannegarden, med alt sitt strev og slit. No hadde ho lagt hendene i fanget og var fara bort.

Han bytte kyrkjeklede av seg den dagen og gjekk på arbeidet då han kom heim. Det var tyngre kvar gong han gjekk etter ei kiste til kyrkjegarden. Men han kom seg i gang igjen. Enno kjende han det slik at arbeidet var ein velsigning. Og så var det han Vesle-Halvor, han kjende seg ikkje så trøytt når han hadde den guten med seg.

Vesle-Halvor las for presten det året, og no hadde han fått det i seg at han ville gå meir på skule. Boka hadde liksom vore det likaste alltid. Og no fanst det ikkje råd å vere til skulle han ikkje få kome ut på skule. - Eg vil prøve det, så veit eg kva det er, sa han, og så for han og sin veg. No stod han igjen åleine kar, han Stor-Halvor. Aldri hadde han kjent seg så lik eit kvista tre som den dagen han Vesle-Halvor for. (124) Det var så mangt som fanga hugen når ein kom ut. Kanskje var det like vågsamt å sende han på skule som om han for til Amerika.

- Livet er som ei båre, tenkte han. Dei gjekk til dei nådde land og vart knuste. Der var store bårer og der var små bårer. Der var lange rolege dønningar, og der var høge kvasse dønningar. Men alle gjekk til land og vart til inkje. Slik var livet. Snart møtte han sjøl fallgarden med det siste båreslag. Den dagen skulle han ha gått glad imøte om han i solargladet fekk sjå han Vesle-Halvor stå i tunet heime. Men det var vel meir eit ynskje enn ei von.

Men han Stor-Halvor hadde arbeidet. Det låg og venta no som før, og det kravde meir no han var gamal og vann mindre. Han var åleine mann på garden som han ofte hadde vore. Årstidene kom og kravde sin mann som dei alltid hadde gjort.(125)

Del III

Det gjekk nokre år, og så kom han Vesle-Halvor heim igjen. Han hadde vore på fleire skular, og det var ikkje jordbruk og gardstelt han hadde lært seg desse åra.

- Eg vert heime no, bestefar, sa han.

Det var så underleg for han Stor-Halvor, han måtte snu seg bort, og han måtte opp i andletet med trøyeerma. Det var kkje det at han gret, men sola skein så midt i augo på han. - Eg held på å bli for gamal, eg, no, sa han. Det var godt at han hadde alderen å skulde på. Men han Vesle-Halvor skjøna at det var gleda som tok tak med han bestefar i dag.

Vinden ruska litt i lauvet, elles var det fint og stilt. Det var grøne engjer og lauvkledde lier. Han Vesle-Halvor tykte at alt var så vent og vonfullt den dagen, Dagen hadde ein annan lysare farge her heime enn borte.

Morgonen etter reiste han Stor-Halvor på sjøen og ville dorge etter aure. Noko som han ikkje hadde gjort på år og dag. Han forstod seg ikkje på kvifor det var barnedagane som kom så for han i dag. Då låg han på sjøen, og fiska meir enn dei vann bruke. No var ingenting slik som det hadde vore i gamle dagar. No (126) var det ikkje storsei og torsk å få, og knapt dei fekk kokefisk av kviting og hyse, dei som var ut på og prøvde etter det.

Han rodde sakte ut kring Hola og dei andre gamle fiskeplassane sine, og sjå der.... Så sanneleg var det ikkje ein rugg som tok fast og vart med. Han Halvor fekk fiskeiveren over seg. Sjå om han ikkje kunne laget enno. Han tok det med ro og lirka med han. Då han fekk han inn til båten, var han der med kleppen og fekk hann inn over ripa.

Etterpå vart han sitjande ei stund og kvile seg. Det var ein pen rugg, blank og fin skein han. Han var sikkert sine to kilo. Fjorden låg så fin, og båten låg still og sjøen krusa seg kring han, av og til kom det ein dønning så han kjende kor båten vogga seg fint opp og ned.

I fjøra stod han Vesle-Halvor og skulle drage opp båten med han då han kom i land. Då han Stor-Halvor skulle stige på land, ville ikkje eine foten følgje med og han heldt på og dette overende på dei håle steinane, hadde ikkje han Vesle-Halvor vore der og fått tak i han, så hadde han lege så lang han var.

- Det er fælt så håle steinane var, sa han, og ville ikkje vere ved at han hadde sote så lenge i båten at han var stiv i føtene. Men med seg sjøl kjende han at han var ikkje lenger skikka til mange fisketurar i båt. Men han kjende inga sorg for det i dag.

- Her er litt å få med seg både på sjø og land for den som gjev seg til heime, sa han Stor-Halvor og var i godlaget sitt.

Han vesle-Halvor tenkte på det der han gjekk, at bestefaren var ikkje av dei som reiste bort for å gripe stjernene, og for å revolusjonere verda. Han hadde funne seg til rettes med det Vår Herre gav han der han var. Han hadde ein ukueleg styrke å bere det (127) tida la på han. Det var så sjølsagt at han høyrde tida til. Han kunne ikkje bli mislukka den som var der han visste at han høyrde til.

- Ja, du bestefar har nok vore ein som har stått midt i di tid, du, sa han Vesle-Halvor. - Eg vert kanskje ein som kjem til å stå ved sida av mi tid. Endå kven veit kva som kan hende.

- Det er ingen som veit det i dag, sa han Stor-Halvor. Han viste ikkje så vel kva jordekaren la i orda sine, men så hadde no ikkje han Gamle-Halvor vore ute og sanka seg lærdom på skular, han. Men det var ingen fåre med nokon ting no då ervingen var komen heim. (128)