Litteratur.
Lodalen 1900-1940

Til Litterturlista

INNHALD

LODALEN 1900-1940

Innleiing
Innleiing

Bødal
Om garden
Bruk 77/1
Bruk 77/2
Bruk 77/3
Bruk 77/4
Bruk 77/5
Bruk 77/6
Bruk 77/7
Bruk 77/8
Bruk 77/9

Nesdal Indre
Om garden
Bruk 78/1
Bruk 78/2
Bruk 78/3
Bruk 78/4

Nesdal Ytre
Om garden
Bruk 79/1
Bruk 79/2
Bruk 79/3

Lodalen 1900 - 1940

AV
Audun Loen
Intern artikkel i LOKHIS

Lodalen. Foto Håkon Loen.

1. Innleiing

Perioden 1900 - 1940 var dramatiske år for Lodalen. I staren av denne perioden var det gode gardar og slekter som hadde levd på bruka lenge. I slutten av perioden var gardane lagt øyde, jordsmonnet vaska bort, mange familiar utrydda og slektsgreiner brotne.

I denne artikkelen har eg prøvd å gje ei framstilling for kvar av gardane og bruka med sine familiar i starten av perioden og kva som hende i denne dramatiske perioden.

Denne artikkelen er basert på følgjande kjelder: Sivert Nesdal: En misjonærs erindringer, Bygdeboka for Innvik og Stryn, Sigurd Nesdal: Lodalen Fager og fårleg, jordskiftekart og økonomisk kartverk (ØK) frå ca år 2000.

Artikkelen er meint å skulle inngår som del av LOKHIS (LOKalHIstorisk informsjonsSystem) for Loen sokn. Kart, bilete m.v. som det er referert til er det tilgang til gjennom dette systemet og desse illustrasjonane er derfor ikkje tekne med i sjølve artikkelen.

Til dokumentstart

4. Bødal

4.1. Om garden

Bilde Bødal før 1905
Bilde Bødal før 1936
Kart Bødal-innmark 2000
Kart Bødal 1905

Historisk vandring i Bødal 2010

Bødalen går frå vatnet mot aust. Sjølve Lovatnent har retning mot søraust. Når det seinare i omtalen er vist til himmelretningar kan det være nyttig å ha dette i minne.

I 1905 var det 7 bruk i Bødal medrekna Raudiparten. Garden var ikkje utskifta før ulukka, og 5 av bruka hadde husa si i eit klyngetun heilt nede ved vatnet (sjå jordskiftekart fra 1905). I eit stykke i Fjordabladet 25.1.05 skrive av dr Brodtkorp stod følgjande om tunet i Bødal

"Bebyggelsen i Bødal er ekte Nordfjordsk. Hver mand havde en hel del smaa huse, altsammen i en klump med trange smug imellom. . Nederst stod en række med nøst, 8 i tallet, saa kom Elling Samuelsens og Anders Knudsens huse i en række, så Knut Kolbeinsens og Wilhelms huse og øverst Elling Kolbeinsens og Samuel Lassesens huse. Der ovenfor to lader og nogle fjøs, det er de siste som står igjen".

Professor Sivert Nesdal skildra tunet på følgjande måte: "Opptil 1900-tallet var Bødal en myldrende landsby. Husene på 5 bruk lå i en klynge, hulter til bulter - et rundaktig tun, nesten som en myretue. Det 6. bruk lå et par hundre meter lenger syd, kloss mot fjellfoten...... Tross de smale, krokete streder var der en viss orden i landsby-anlegget. Nogen mer eller mindre solide brygger stakk ut i vannet. Derefter fulgte en rad av båtnaust. Lenger oppe stod i malerisk uorden beboelseshuse, stabbure og nysstuer om hverandre. Lengst oppe, nærmest utmarken kom tyngden av lader og fjøser, helst sommerfjøser for sauer og geiter"

Det var Gjerstunbruket som låg eit par hundre meter lenger syd. Husa på Raudiparten låg heller ikkje i klyngetunet. Dei låg lenger mot opp mot nord. Gjerstunbruket og Raudibruket gjekk fri for ulukka i 1905. Båra tok alle bustadhusa i klyngetunet. Det var berre nokre av dei øvste fjøsbygningane som vart ståande. Det var 24 menneskje i Bødal som omkom ulukkesnatta og 3 dei neste dagane.

Bødal vart utskifta i 1905 etter ulukka. Jordskiftekartet viser kvar det gamle tunet var, men ikkje dei einskilde husa som då var borte. Dei nye husa var ikkje bygde då kartet vart laga slik at det heller ikkje viser dei nye tuna. Dei nye tuna vart etter kvart bygde opp på nytt ovanfor det gamle tunet. I boka til Sigurd Nesdal er der kartskisser (side 90 og side 128) der plasseringa av bruka før ulukke i 1936 er avmerke. Ved å kombinere dette med Økonomisk kartverk frå ca 2000 med gnr/bnr kan ein identifisere tunteigen for kvart bruk, men ikkje kvar på teigen husa var plassert (sjå omtalen for kvart bruk).

Alle tuna i Bødal låg sør for Bødalselva og innover mot Nesodden. I 1936 var der 9 bruk. I tillegg til dei 6 hovudbruka og Raudiparten var det skilt ut to småbruk Det var Myrhaug, bruk nr 8, utskilt frå nr 6 i 1914 og Solvang, bruk nr 9, utskilt frå nr 1 i 1916. Nærast elva frå vatnet og austover (ikkje bein line) låg bruk nr 7 Raudi, bruk nr 3 Samulebruket, bruk nr 1 Kolbeinbruket og bruk nr 9 Solvang. Deretter mot sør (heller ikkje dette bein line), bruk nr 5 Eirikbruket, bruk nr 2 Knutebruket, bruk nr 4 Gjerstun, bruk nr 6 Lassebruket og bruk nr 8 Myrhaug inst på Nesodden. Ein må også ta med skulehuset for der budde læraren og kona hans. Dette låg nedanfor bruk nr 5. Ysteriet som låg like ovanfor bruk nr 9 Solvang må også nemnast fordi det ikkje vart teke av båra, og kom til å spele ei viktig rolle ulukkesnata i 1936.

Tunplassering før 1936 går fram av kart-kart frå boka til Sigurd Nesdal side 128 Vegar, eigedomsgrenser og plassering av dei gamle tuna grå fram av jordskiftekartet frå 1905. Det ser ut til at det har gått ein veg oppover mot aust frå det nordaustre hjørnet av Rauditeigen. Vidare er det på jordskiftekartet teikna inn ein ny gardsveg mot søraust langs med grena mot Raudi-teigen. Det ser ut til at tunet på Kolbeinbruket (bruk nr 1) ligg sør for vegen som går opp frå vatenet. Vidare ser det ut til at bruk nr 5, 2, og 4 ligg austanfor den nye gardsvegen. Skulehuset ser ut til å ha ligge på nedsida (vestsida) av denne vegen nedanfor bruk nr 5. Sjå kartskisse med tunpunkt

Ved raset i 1936 kom bølgja mykje støre enn i 1905. Medan bølgja i 1905 delte seg mot Nesodden, skola ho no over Nesodden og alle bruka i Bødal vart tekne. Det einaste som stod igjen var ysteriet, og nokre gardfjøsar lengst oppe.

Til dokumentstart

4.2. Bruk 77/1 Kolbeinbruket.

Kolbeinbruket hadde stovehuset sitt i den øvste rekkja i klyngetunet i Bødal før ulukka i 1905. Huset vart då teke av båra.

I 1936 var tunet på Kolbeinbruket og tunet på bruk nr 9, Solvang plassert lengst opp frå vatnet. Bruk nr 9 låg nærast Bødalselva og lengst oppe. Kolbeinbruket låg lenger mot søraust. Huset på Kolbeinbruket vart teke av båra, men loftsetasjen vart ikkje slegen sund, og flaut som ein båt 100 meter oppover. Der vart det ståande på ei røys, og 3 menneskje kunne gå uskadde ut. Biletet som viser restane av huset inngår i LOKHIS

Plassering av tunet etter utskiftninga går fram av bilde og kartskisse i boka til Sigurd Nesdal. På grunnlag av dette har eg teikna inn mogleg tunplassering på utsnitt av ØK på teig som tilhøyrer bruket (sjå kartutsnitt i LOKHIS).

I perioden som er dekka av kyrkjebøkene (1750 -1900) har bruket følgt slekta og namnet på brukarane har skifta mellom Colben og Elling i fleire generasjonar. Elling Colbensen f. 1773 ser ut til å ha vore barnlaus, men då var det ein brorson Colben Larsen som overtok. Då vart både slekta og namnebruken førd vidare. I 1906 var det Anders Ellingsen som overtok. Eg veit ikkje kvifor den eldste guten Colben ikkje overtok, og han var ikkje mellom dei som omkom.

Før ulukka i 1905 var det Elling Colbensen som var brukar. Han var fødd i 1840 og var såleis 65 år då ulukka hende. Han var først gift med Dorte Olsdtr. Tjugen, men ho døde 25 år gamal i 1872. Med henne hadde Elling dottera Anne, fødd 1872. Denne dottera vart gift med Ole på Gjerstunbruket. Men denne dottera døde også ung, 23 år gamal i 1895 men hadde då fått ei dotter som også heitte Anna (Sjå meir under Gjerstunbruket).

Elling på Kolbeinsbruket gifte seg på nytt med Gjertrud Andersdatter Hogrenning. Dei fekk 8 born: Dorte (f. 1875) , Kolbein (f.1877), Anders (f. 1881), Anna (f. 1883), Lars (f. 1883), Rasmus (f. 1887), Johanne (f. 1889) og Rachel (f. 1893).

I følgje boka til Sigurd Nesdal omkom Elling og kona Gjertrud medan alle 6 borna overlevde. Det er to born som ikkje er nemnde (kva har skjedd med dei ?).

Det var sonen Anders som overtok bruket i 1906. Det ser ikkje ut til at han var gift, og han delt bruket på to av brørne sine i 1920. Det var Lars Ellingsen som overtok hovudbruket, medan Rasmus fekk eit nytt bruk med bruksnr 9. Kva som skjedde med Rasmus er omtala under bruk nr 9.

På Kolbeinbruket var brukaren Lars Ellingsen død i 1934, 2 år før ulukka. Det var enkja etter han Malmfrid Rasmusdtr. frå Sætre som styrde bruket. Bror hennar budde hos dei, og då ulukka hende var det også ei søster på vitjing. Lars og Malmfrid hadde 3 born: Gudny, Erling og Reidun. Det var også ei som heitte Rakel som budde på bruket (truleg Rachel Ellingsdtr. tanta til den avdøde brukaren).

I ulukka i 1936 omkom Malmfrid, dottera hennar, Gudny, og bror og søster hennar (Rasmus Rasmusen Sætre og Oline Rasmusdtr. Sætre). Anders, Rachel, Rasmus Sætre og ein tenestegut budde i 2. etasje. Rasmus Sætre sprang ned og ut, og vart teken av båra. Dei 3 andre følgde med øvste etasje av huset til det stoppa, og kunne gå ut uskadde. Borna Reidun og Erling overlevde også, og det var dei som fekk heimel på bruket (heimelsbrev 1939).

Til dokumentstart

4.3. Bruk 77/2 Knutebruket.

Knutebruket hadde stovehuset sitt i nederste rekka av stovehus i det gamle tunet før ulukka i 1905. Huset vart då teke av båra.

Det nye tunet på Knutebruket vart bygt bakanfor og litt austanfor det gamle tunet. Stovehuset hadde eit arkoppbygg som vede mot Lovatnet. I LOKHI er det bilete som viser plasseringa av tunet. Det er også sett av merke på Økonomisk kartverk som tilnærma viser kvar det nye tunet låg. (Sjå LOKHIS). Dei nye husa vart tekne av båra i ulukka i 1936.

Knutebruket er det einaste som er bygt opp igjen i Bødal etter ulukka. Husa er no plassert mykje lenger oppe, og ligg på ovanforsida av vegen til Kjenndalen.

Til Knutebruket i Bødal høyrde også ein plass i Nesdal, som seinare fekk bruksnr 4 i Nesdal Indre med bruksnamnet Fredsvoll. (Sjå omtale for dette bruket under Nesdal Indre).

Knutebruket i Bødal har følgt slekta i heile perioden som er dekka med kyrkjebøker. Namnet på brukaren har skifta mellom Knut og Anders. For eit par av desse brukarane står det i Bygdeboka at dei var uvanleg sterke. Anders Knutsen f. Ca 1749 var livgardist i København, og det går mange segner om han. Han vart kalla store Knut-Anders.

Før ulukka i 1905 var det Anders Knutsen f. 1871 som var brukar. Faren hans var død tidlegare men mora hans, Elisabet Andersdatter Skarstein levde. Det var også ei av søstrene til Anders, Anne Knutsdtr. (f. 1880) som budde på bruket. Anders var gift med Christiane Jørgensdatter Nesdal og dei hadde 6 barn: Eline Kristine (f.1894), Anna Jenny (f. 1896), Klara Lovise (f. 1898), Knut (f. 1900), Jenny (f. 1902) og Alfhild Bergliot (f. 1904).

Heile familien som budde på bruket omkom i ulukka. I tillegg omkom Mons Olai Jakobsen som var tenar på bruket, slik at det i alt var 11 personar miste livet.

På dette bruket som på dei fleste andre var det nokon i slekts som overtok og førde arven vidare. På dette bruket var det Anna Andersdatter frå Bruk nr 4 Fredsvoll i Nesdal som hadde odelsretten og som overtok. Mor hennar (Sigrid Knutsdatter Bødal) var søster til brukaren på bruk nr 2 som omkom. Alle i Fredsvaoll omkom også i ulukka med Anna tente på Anbjørnbruket i Indre Nesdal og overlevde. Ho overlevde fordi ho tente på Anbjørnbruket (bruk nr 78/3).

Anna Andersdtr. gifte seg med Bent Davidsen Skarstein. Dei fekk 4 born, Signe, Synnøve, Aslaug og Anders. Anna døde ca 30 år gamal i 1919, og Bent gifte seg på nytt med Rakel Sivertsdatter Sande. Dette var også den same slekta fordi mor til Rakel kom frå Knutebruket i Bødal. Ho heitte Marthe Andrine Knutsdatter, og var gift med Sivert Arnesen på bruk nr 3 på Sande. Rakel og Bent fekk 5 born: Solfrid, Dagfinn, Olav, Målfrid og Anna.

Ved ulukka i 1936 vart dette bruket på nytt ramma sterkt. Bent, Rakel og 5 born omkom. I tillegg omkom ein tenestegut. Borna som omkom var Synnøve frå første ekteskapet, Dagfinn, Solfrid, Olav og Målfrid.

Eter ulukka i 1936 overtok først den eldste dottera Signe Bentsdtr. Ho var gift med Bernhard Auflem og flytte til bruk nr 2 på Auflem. Då var det Knut Sivertsen Sande som overtok bruket, og bygde det opp på nytt. Han var bror til Rakel, og dermed den same slekta. Dette bruket som kanskje var det som var sterkast råka av alle gjennom dei to ulukkene vart det einaste som vart bygt opp på nytt med fast busetnad fram til i dag (2002).

Til dokumentstart

4.4. Bruk 77/3 Samuelbruket.

Samuelbruket hadde stovehuset sitt i nederste rekka av stovehus i det gamle tunet før ulukka i 1905. Huset vart då teke av båra.

Det nye tunet på Samuelbruket vart bygt nordvest for det gamle tunet nærare elva. Det er også sett av merke på Økonomisk kartverk som tilnærma viser kvar det nye tunet låg. (Sjå LOKHIS). Husa vart tekne av båra også i ulukka i 1936.

Samuelbruket vart drive av Samuel Sæten etter krigen. Jordbruket vart drive i mindre målestokk, men det vart planta mykje skog. På slutten av 1950-talet fekk Samuel også sett opp eige hus.

I dag (2002) er det ingen som bur fast på Samuelbruket.

På same måten som mange av dei andre bruka hadde Samuelbruket følgt slekta i generasjonar, og det var namna Samuel og Elling som gjekk igjen frå far til son. Det var Elling Samuelsen f. 1866 som var brukar i 1905. Både faren og mora hans var døde tidlegare, men den 2. kona til faren, Brite Sjursdtr. Øvreberg levde framleis. Ho var 75 år i 1905. Kona til Elling heitte Elisabet Ottesdtr. Grøddis. Dei hadde 3 born: Samuel Edvard Dagfinn, Eli Berteanna og Oskar. På bruket budde det og ei søster til brukaren som heitte Gjertrud Samuelsdtr. Heile familien med unntak av Oskar omkom i ulukka i 1905. Han var 5 år, og den einaste forklaring han kunne gi var at "Eg stod på ei fjøl".

Etter ulukka i 1905 vart Samuelbruket i ei tid forpakta av Rasmus J. Loen, men vart overteke av sonen på bruket Oskar når han vart vaksen. Oskar gifte seg med Brite Andersdatter Hogrenning, og dei fekk 4 born: Edvard, Asbjørn, Svein og Egil. I ulukka i 1936 omkom Oskar og alle 4 sønene. Det var berre kona Brite som hadde vore på Bødalsetra som overlevde. Ho flytte først til Olden, men gifte seg seinare på ny og busette seg i Innvik.

Det vart Samuel Rasmussen Sæten som overtok bruket etter ulukka i 1936 (skiftesak i 1939). Det ser ut til at det er det gamle Samuel -namnet som helt fram. Det var dottera til Samuel Ellingsen på Samuelbruket, Kristi Samuelsdtr., som hadde gifta seg med Rasmus Johannessen på Sæten som var mot til Samuel Rasmussen Sæten.

Samuel Sæten hadde ikkje born, men bruket gjekk ikkje ut av slekta av den grunn. Morsøstra til Samuel var gift med Rasmus Lassesen Mork, og to av borna hennar, Leif og Sigrun fekk skjøyte på bruket i 1961..

Til dokumentstart

4.5. Bruk 77/4 Gjerstun.

Gjerstunbruket hadde eige tun før ulukka i 1905. Dette tunet låg lenger oppe enn klyngetunet og vart ikkje teke av båra i 1905 (sjå jordskiftekart frå 1905, og gardskart frå ØK ca år 2000).

I bygdeboka står det at Bødal (Myklabø) var delt i fleire bruk som er nemnde i første bolken av det 14. århundre og desse bruka låg då truleg i kvar sitt einskilde tun. Gerdisjord som er nemnd då er truleg det same som Gjerstun i dag. Gjerstun kan såleis være eit svært gamalt tun. Jostein Sonstad hadde eit svært godt bilde som viser tunet på Gjerstunbruket før 1905. Dette bildet er lagt inn i LOKHIS.

Tunet på Gjerstunbruket låg sikkert på same staden fram til ulukka i 1936. Då vart tunet teke av båra, men alle kom seg ut og i sikkerheit før husa vart tekne. Dette tunet låg like opp under bakkane ovanfor og det var kort veg for å berge seg.

Etter ulukka fekk brukaren Ola Olsen Bødal seg tomt på teigane i Loen like ved tunet på Isakebruket (bruk nr 70/5) der han bygde våningshus og låve. Låven vart riven på 1990-talet men våningshuset er bygt på og vert nytta som bustadhus (2002).

Sjølv om heimen vart teken i ulukka i 1936, har familien på bruket overlevd begge ulukkene utan at nokon omkom. På dette bruket heitte brukaren Ola i fleire generasjonar bakover. Her var det ikkje ulukka som braut den beine lina frå far til son, men Ola som var brukar i 1936 hadde berre ei dotter, Anna og ho var ikkje gift. Ola og Anna flytte til Loen etter ulukka.

Ola Olsen f. 1866 som er omtala i avsnittet ovanfor hadde overteke bruket før 1905. Han hadde gifta seg med Anne Ellingsdtr Bødal (frå bruk nr 1 Kolbeinbruket) men ho døde 23 år gamal av barselfeber i 1895 etter at ho hadde fått dottera Anna. Det ser ikkje ut til at Ola gifta seg på nytt slik at familien i 1936 var berre Ola og dottera Anna. Då ulukka hende i 1936 budde også systersonen til brukaren, Ola Beinnes, på bruket som tenestegut, og der var også ei tenestejente. Alle overlevde.

Før ulukka i 1905 levde også foreldra til Ola. Faren heitte også Ola Olsen, og han var gift med Andrine Eriksdatter Bødal (frå bruk nr 5, Eirikbruket). Dei hadde 5 born, Ole f. 1869, Anne f. 1872 (død som barn), Elias f.1875, David f. 1880 og Anne f. 1885. Anne (f.1885) gifte seg med Anders Rasmussen Beinnes, og det var sonen hennar, Gudmund, som overtok bruket i 1963

Til dokumentstart

4.6. Bruk 77/5 Eirikbruket.

Eirikbruket hadde husa sine i den midterste rekka i klyngetunet i Bødal før 1905, og husa vart tekne av båra i 1905.

I 1936 låg tunet på Eirikbruket midt i Bødal rett ovanfor det gamle tunet.. Det ser ut til at dette bruket hadde husa sine rett ovanfor ein ny gardsveg som vart lagt ved jordskiftet i 1905. Skulehuset vart seinare bygt nedanfor på nedsida av gardsvegen. Også denne gongen vart tunet på Eirikbruket sopa bort av båra.

I 1905 var det Willum Erichsen som var brukar på bruket. Med han kom det inn eit nytt namn på eigaren. Dette hadde samanheng med at eldste broren Anders døde 21 år gamal. Den neste eldste broren tok derfor over bruket, men han hadde ikkje born som kunne overta, og då vart det yngste broren Willum f.1835 som overtok og førde slekta vidare.

Willum var gift med Ingeborg Olsdtr frå Indre Nesdal. Dei hadde 4 born, Elias f. 1876, Dorthea f. 1879, Rasmus f. 1883, og Karoline f. 1888. I 1905 omkom foreldra, men alle 4 borna overlevde. Søstera til mora budde også i huset og ho overlevde.

Etter ulukka vart heimen bygd opp på nytt. På dette bruket og 3 andre bruk var det bryllaup når dei hadde fått opp ny hus. På Eirikbruket var det Elias Willumsen som gifte seg med Ingeborg Jakobsdtr frå Innigardsbruket i Loen (bruk nr 16). Dei fekk 3 born, Wilhelm (døde ung), Johan og Vilhelm. Ulukkesnatte var det i tillegg tilfamilien ein tenestegut, Martin Hovland frå Hyllestad i Sogn, og ei tenestejente Olga Kvile frå Breim som budde i huset. Denne morgonen hadde kona på bruket, Ingeborg, stått uvanleg tidleg opp for å sjå etter nokre kyr som ikkje kom heim kvelden før. Ho vart derfor berga. I tillegg overlevde sonene Vilhelm og begge tenarane. Manne Elias og sonen Johan omkom.

Etter ulukka flytte Ingeborg og sonen Vilhelm tilbake til Innigardsbruket i Loen der Ingeborg kom frå. Vilhelm overtok seinare dette bruket.

Til dokumentstart

4.7. Bruk 77/6 Lassebruket.

Lassebruket hadde husa sine i den øvste rekka i klyngetunet i Bødal før 1905, men husa blei likevel tekne av båra i 1905.

Ved utskiftninga i 1905 fekk Lassebruket hovudteigen sin på Nesodden, og der vart også heimen bygd opp på nytt. Ved ulukka i 1936 slo båra over Nesodden, og husa vart tekne også denne gongen.

I 1905 var det Samuel Lassesen som var brukar. Han var gift med Brite Absalonsdatter Årheim. Dei hadde 7 born. Rakel f. 1877, Synneve f. 1880, Lasse f. 1882, Anders f. 1884, Johanne f. 1887, Kristi f. 1890 og Rasmus f. 1894. I ulukka omkom Samuel og Brite. Alle dei 4 borna som då budde heime overlevde, men det går ikkje fram av kjedene kven av borna det var som budde heime. Rakel f. 1877, mor til Sigurd Nesdal, var gift og flytta til Frøholm før ulukka. Rasmus bygde seg ny heim i Bødal (sjå bruk nr 8)

Sonen Lasse (f. 1882) overtok bruket i 1906. Han gifta seg med Marie Steffensdtr frå Halsteinbruket i Loen. I følgje boka "Lodalen Fager og fårleg" gifta dei seg strak etter at dei hadde fått bygt opp att heimen etter ulukka i 1905. Lasse og Marie hadde 7 born: Sigurd, Brit, Synnøve f. 1914, Steinar f. 1917, Signy f. 1920, Anders f. 1924 og Ivar f. 1929. Sigurd hadde gifta seg året før ulukka med Dorthea Larsdtr. Bødal f. 1912.

Då ulukka hende hadde Sigurd vore i Stryn dagen før. På vegen heim punkterte sykkelen, og han overnatta i Loen. På denne måte berga han livet. Heime på garden omkom begge foreldra, Lasse og Marie, 4 av søskena hans, Synnøve, Steinar, Signy og Ivar og kona hans, Dorthea. Søstera Brit var gift og flytta heimanfrå, og broren Anders overlevde på utruleg måte. I boka "Lodalen fager og fårleg" er det sitert frå ein skulestil som Anders skreiv like etterpå.

Etter ulukka busette Sigurd seg på Stårheim, og Anders flytta til søstera si på Voss. Bruket vart selt til Jon Markussen Loen i 1937. I 1940 vart bruket teke på odel av Sigurd Kolbeinsen Nesdal. Mor hans, Rakel, kom frå dette bruket.

Til dokumentstart

4.8. Bruk 77/7 Raudiparten.

Garden Raudi, gardsnr 76 og Raudiparten i Bødal, bruknr 77/7 har vore drive saman som eitt bruk sidan 1614. Dette hadde truleg samanheng med at Raudi låg utsett for ras, og at brukaren måtte ha ei trygg stad å bu. På 1800 talet flytte brukaren tilbake til Raudi fordi det då ikkje hadde gått ras på lenge, men i 1885 gjekk det eit stort steinras over garden. Etter den tid har brukaren budd i Bødal.

Raudihusa i Bødal låg ikkje i klyngetunet men lenger opp og mot nord. Ved raset i 1905 vart husa på Raudiparten ikkje tekne av båra og alle overlevde.

Ved raset i 1936 vart husa på Raudiparten tekne av båra på same måten som alle dei andre tuna i Bødal.

Ved ulukka i 1905 var det 2 genarasjonar på bruket. Den gamle generasjonen var Simon Simonsen Raudi og kona Kristi Olsdtr. Bødal. Han døde 74 gamal i 1910, og ho 73 år gamle i 1913. Simon og Kristi hadde 8 born , Synnøve f. 1867, Simon Olai f. 1869, Anne f. 1872, Ole f. 1875, Sivert Johan f. 1877, Kristiane f. 1880, Sakarias f. 1883 og Rasmus f. 1885. Alle borna var vaksne i 1905, og det var kanskje berre Simon Olai som skulle overta bruket som var heime då ulukka hende i 1905. Mange av dei andre borna var truleg reiste til Amerika, og i boka Lodalen fager og fårleg står det "Ikkje frå noko gardsbruk eg veit har det utvandra så mange". Simon Raudi skal ha fortalt til Synnøve Sæten at det i 1909 var 127 personar i Amerika som slekta fra Raudi

Simon Olai hadde gifta seg i 1893 med Oleanna Ottesdatter Grodås og hadde fått skøyte på bruket same året som han gifta seg. Simon og Oleanna hadde 4 born, Kristine f. 1894, Simon f. 1897, Otto og Oskar f. 1905. Alle overlevde i 1905. Simon Olai hadde dermed både overlevd steinraset på Raudi i 1885 og den første rauslukke frå Ramnefjellet og gjennom eit langt liv skulle han være ein av dei som kjende Lodalen best på både godt og vondt.

I 1936 var det komen ein ny Simon (f. 1897) som brukar. Han fekk skøyte på bruket i 1928. Simon d.y. var gift med Alvhild Knutsdtr. Kjerpeset frå Bremanger og dei hadde ei dotter, Oddny. Heile huslyden som budde på Raudiparten omkom i ulukka i 1936. I tillegg til kårfolka, familien til den nye brukaren og broren Oskar, omkom ei tenestejente, Målfrid Eliasdtr. Loen. I alt 7 personar på dette bruket omkom.

I følgje bygdeboka var det Otto Simonsen (bror til brukaren som omkom) som overtok bruket i 1937. Han var busett på Tonning i Stryn

Til dokumentstart

4.9. Bruk 77/8 Hauebruket/Myrhaug

I bygdeboka er det ført opp 2 bruk med bruksnr 8. Det eine, Hauebruket, vart borte før 1800 ved samanslåing med bruk nr 5 og 6. Kyrkjeboka som går tilbake til 1750 har ikkje gitt grunnlag for å skaffe opplysningar om familien på dette bruket. Det andre, Myrhaug, vart etablert i 1914 ved frådeling frå bruk nr 6. Perioden etter 1900 er heller ikkje dekka med digitale kyrkjebøker, og det er derfor berre bygdeboka og Sigurd Nesdal si bok "Lodalen fager og fårleg" som er nytta som kjelde.

Ingen av dei to bruka er med i matriklane frå 1800-talet. Bruk nr 8 inngår med teigar i Økonomisk kartverk frå 2000, og har innmarka si på Nesodden.

I denne artikkelen som omfattar perioden omkring dei to ulukkene er det berre bruket Myrhaug som er omtalt. Heimen vart etablert etter den første ulukka av Rasmus Samuelsen Bødal. Han var son på bruk nr 6, og overlevde ulukka i 1905. Han gifte seg med Ingeborg Olsdtr. Loen frå Loøyra, og dei hadde 3 born: Borgny f. 1923, Sverre f. 1925 og Olav f. 1929. Rasmus var fjellførar. Heile familien omkom i ulukka i 1936. Saman med familien omkom også søstersonen til Rasmus, Peder Kolbeinsen Nesdal frå Frøholm. Han hadde vore der om sommaren og hjelpt til med slåtten.

Det vart Anders Lasseson Bødal frå bruk nr 6 (sjå der) som overtok bruk nr 8 ved skiftesak i 1939. Han vart lærar i Kaupanger i Sogn.

Til dokumentstart

4.10. Bruk 77/9 Solvang

Bruk nr 9, Solvang, vart etablert i 1916 ved frådeling frå bruk nr 1. Det var brukaren på bruk nr 1 som delte bruket på to av brørne sine. Tunet på bruk nr 9 vart bygt lengst borte frå vatnet mot Bødalselva. Husa låg i ytterkanten av skadeområdet i 1936, men vart likevel tekne av båra. Eit ysteri som stod like ovanfor vart ståande.

Brukaren som overtok i 1916 heitte Rasmus Ellingsen Bødal, og han var fødd på Kolbeinsbruket, bruk nr 1. i Bødal i 1887. Rasmus Ellingsen gifte seg med Synnøve Andersdtr. frå Perbruket på Sæten. Dei hadde 4 born: Gudrun, Einar, Oddlaug og Arnold. Brukaren Rasmus og sonen Arnold omkom i ulukka. Det var også ei ysterske som budde på bruket som omkom. Kona Synnøve og dottera Oddlaug som budde heim vart sterkt skada med overlevde. Dei to andre borna var vaksen og hadde flytta heimanfrå veka før ulukka. I boka Lodalen fager og fårleg er det referert kva dottera Gudrun fortalde frå møtet med mora på Nordfjordeid sjukehus.

Enka Synnøve Andersdtr som overlevde ulukka flytte til Stryn der ho kjøpte hus saman med dottera Oddlaug. Oddlaug gifte seg med Tor Olafson Tenden, og dei overtok bruke nr 9 i Bødal i 1956.

Til dokumentstart

2. Nesdal Indre

2.1. Om garden

Bilde Nesdal 2000
Kart Nesdal-innmark 2000
Kart Nesdal-Indre 1905. Oversikt
Kartutsnitt Nesdal-Indre 1905. Tuna

Omtale av naturen og fjella omkring er stort sett den same som for Nesdal Ytre, og er gitt i Sivert Nesdal sine erindringar i kapittelet om Vinter (sjå der). Sivert Nesdal var fødd på bruk nr 1 i Nesdal Ytre i 1875 og i boka gir han ei fin skildring av Lodalen i sin barndom og ungdom før 1900.

Nesdal Indre vart spart i ulukka i 1905. I fleire kjelder m.a. i boka til Sigurd Nesdal er det omtala korleis dette gjekk til. "Noko av bølgja følgde djupålen i vatnet og fekk større fart. Denne bølgja vart reflektert av Bødalsfjellet på andre sida og støytte mot den delen av bølgja som gjekk langs med Nesdalslandet like før den kom til Indre Nesdal. Då folk i Indre Nesdal vakna og såg ut, var tuna dekte med snø og is til midt opp på husveggene, og vatnet strøymde ned i kjellarane".

Det var jordskifte på innmarka for garden Nesdal Indre i 1906, med kart oppteke i 1905. I og med at Nesdal Indre ikkje vart teke av båra i ulukka 1905, skulle kartet frå jordskiftet gje eit bilete av det gamle tunet. I følgje dette kartet låg hus langs ein veg som gjekk opp frå vatnet, og ikkje langs med vatnet som for Nesdal Ytre.

Det ser ikkje ut til at bruk nr 2 har fått nokon del av det gamle tunet og har derfor truleg blitt flytta ut ved jordskiftet. Tunet på bruk nr 2 vart bygt opp lenger oppe.

Ved ulukka i 1936 vart bruk nr 1 og bruk nr 3 skola bort av båra. Båra gjekk 30 meter opp om husa for bruk nr 2. Vatnet slo over huset, og den eine veggen vart slegen inn, men huset stod.

Den versjonen av ØK som eg har kjøpt frå Statens kartverk har manglefulle og feilaktige opplysingar om eigedomstilhøva i utmarka. Omtalen av utmarka er derfor usikker. Nesdal Indre hadde utmarka si på nordsida av elva i Kvanndalen og Ruteflåtdalen. Vidare hadde garden utmark på sørsida av elva i Kjenndalen. I tillgg hadde både Ytre og Indre Nesdal teigar på nordsida av Kjenndalselva. Dette går fram av utskiftningskart for utmarka til Bødal. I følgje Sivert Nesdal sine erindringar hadde bruk nr 1 i Nesdal Yttre sommar-kufjøs i Kjenndalen. Nesdalsgardane hadde derfor truleg sommarbeite i Kjenndalen.

Garden hadde 2 setrar i Ruteflåten på nordsida av elva. Framsetra og Ruteflåtsetra. På tilsvarade måte hadde Nesdal Ytre to setrar på sørsida av elva slik at det var 4 setrar i Ruteflåtdalen.

Til dokumentstart

2.2. Bruk 78/1 Monsbruket.

Bruket gjekk fri for båra i 1905, men heile tunet vart sopa bort i 1936. Det er i dag (ca år 2000) ikkje hus på bruket. I Landbruksforvaltninga sitt Geografiske Informasjonssystem (LGIS) er eit uthus (sommarfjøs? ) i Kjenndalen nytta som grunnlag for stadfesting av tunet på bruket

Eg har berre kart frå jordskiftet og ikkje skifterekneskapen. Det er derfor litt uklart kva for hus som høyrde til Monsbruket i det gamle tunet. I boka til Sivert Nesdal side 14 er det bilete av Nesdal Indre med nummer på husa. På grunn av forstørring av biletet er avstandsperspektivet i biletet påvirka, og det er vanskeleg å knytte husa på biletet til kartet. (Eg vil trenge hjelp frå nokon som er lokalkjende). Inntil vidare har eg rekna med at husa med gul farge på jordskiftekartet tilhøyrde bruk nr 1. Dette bruket hadde dermed tunet sitt på nordsida av tunvegen som gjekk opp frå vatnet. Husa låg dermed bakanfor nystova til bruk nr 2.

Omkring 1900 var det to generasjonar av brukarar: Mons Olsen f. 1842 og sonen Ola Monsen f. 1878.Mons vart enkemann då kona Brite Eriksdtr Bødal døydde i 1883. Mons gifta seg på nytt med enka Ingeborg Abrahamsen Eide som døydde 91 år gamal i 1925. Mons og den første kona hadde 4 born. I tillegg til Ola som overtok bruket var det Oline, Kari og Dorthe. Oline hadde gifta seg til bruk nr 1 i Ytre Nesdal og ho omkom i ulukka i 1905. Sonen Ola hadde gifta seg med Andrine Johanne Salvesdtr frå Ytre Nesdal slik at her var det søskjenbyte. Ingen av dei som budde på bruket omkom i 1905.

Ola og Andrine fekk 4 born: Mons, Sivert, Brit og Jenny. Etter ulukka i 1905 tok Ola bruk nr 1 i Ytre Nesdal på odelsretten til kona si då dette bruket vart selt ut av slekta. Han hadde derfor bruk å overlate til begge sønene sine. Mons overtok Monsbruket i Indre Nesdal og Sivert overtok Perbruket i Ytre Nesdal. Dette skjedde i 1921 same året som foreldra Mons og Andrine døydde.

Mons gifte seg med Katrina Bertelsdtr Mardal frå Gloppen, og dei fekk 5 born, Olav, Agnes, Bjarne, Solveig og ein son som var udøypt då ulukka i 1936 hende. Mons, kona Katrina og alle 5 borna omkom i ulukka 13.9.1936.

Sivert som var flytta til Ytre Nesdal overlevde ulukka, og han overtok Monsbruket i 1937. Han åtte dermed både bruk 78/1 og 79/1.

Då ulukka hende i 1936 var det ein ny Olav på 10 år som stod for tur til å overta bruket. På dette bruket hadde det veksla mellom Ola og Mons i fleire generasjonar og Olav som var 10 år i 1936 ville ha blitt den 4. i rekka som heitte Olav (Ola).

Til dokumentstart

2.3. Bruk 78/2 Larsbruket.

Larsbruket var det einaste bruket i Lodalen (Nesdal og Bødal) der familien på bruket overlevde begge ulukkene. Brukarane på dette bruket opplevde at naboane først i Ytre Nesdal og seinare i Indre Nesdal vart rivne bort. Ved begge ulukkene var det berre så vidt at husa vart berga. I 1905 var det snø og is til midt opp på husveggen i Indre Nesdal, og i 1936 gjekk båra over taket på våningshuset og gavlveggen vart slegen inn. Huset vart ståande fordi golvbjelkane var mura fast i grunnmuren.

Rasmus, son til Ragnvald på dette bruket har skrive om ulukka i 1936 i boka til Sivert Nesdal side 109. Han var då 13 år.

Det er rekna med at husa på bruk nr 2 er fargelagde med lyseblå farge på jordskiftekartet frå 1905 (usikker kopling av bilete på side 14 i Sigurd Nesdal si bok og jordskiftekartet). Husa på bruk nr 2 låg då nærmast vatnet på begge sider av vegen, med låven noko lenger oppe på sørsida av vegen.

Det er truleg at tunet på dette bruket vart flytta ut ved jordkiftet i 1906, og at bygningane då vart bygde opp i nytt tun lenger oppe.

ØK (ca 2000) viser 2 bygningar på bruket. I følgje det som var skrive av Rasmus vart våningshuset delvis øydelagt, låven vart øydelagd, og nystova kasta av murane i 1936. Bygningane som står i dag kan difor være flytta og bygde opp att på nytt (må undersøkjast med kjentfolk)

Bruket hadde gått frå far til son i fleire generasjonar, og namnet Lars hadde lange tradisjonar. Det var Lars Jørgensen som var brukar i 1905. Han døde 76 år gamal i 1929. Kona hans Torina Olsdtr Nesdal levde heilt til 1951 og vart 91 år. Ho overlevde dermed begge ulukkene. Mora til Lars levde også i 1905. Ho heitte Anne Arnesdtr og kom frå Flo. Ho døde 88 år gamal i 1918. Lars og Torina hadde 6 born, Jørgen, Anne, Oline, Rangvald Einar, Elisa og Andrine Bertine. Alle desse var fødde før 1905 og opplevde derfor ulukka i 1905.

Eg veit ikkje kvifor eldste sonen Jørgen ikkje overtok bruket, og det var den andre sonen Rangvald og hans familie som levde på bruket i 1936. Han var gift med Kari Rasmusdtr Høgalmen. Dei hadde 6 born: Lars, Rasmus, Jørgen, Trygve, Asbjørn og Sverre. Familien på bruket ulukkesnatta i 1936 er beskriven av Rasmus: "Vi var 9 medlemar i huslyden vår. Besta, Torina, budde i kammerset. Far, mor og minstebror Sverre låg i stova. Storebror Lars som var konfirmert året før hadde fått eige rom i 2. høgda, eit rom som vende mot Ramnefjellet. Vi andre fire gutane hadde tilhald på eit guterom, to i kvar seng."

Etter ulukka kjøpte familien seg bruk på Åland.

Til dokumentstart

2.4. Bruk 78/3. Anbjørnbruket

Bruket gjekk fri for båra i 1905, men heile tunet vart sopa bort i 1936. Det er i dag (ca år 2000) eitt hus på bruket i følgje ØK (ca år 2000). Truleg er dette det huset som Elina Nesdal sette opp av vrakrestar i 1942. Ho hadde flytta heimanfrå før 1936, og kom attende til den øydelagde heimstaden sin og overtok bruket i 1940 (kjelde Sigurd Nesdal side 132)

Det er rekna med at det var husa med lys rosa farge på jordskiftekartet frå 1905 som tilhøyrde dette bruket (usikkert grunnlag, sjå omtalen for bruk 1 og 2). Ut frå dette låg tunet på bruk 3 lengst oppe får vatnet på sørsida av vegen opp frå vatnet. Tilgjengeleg kartgrunnlag tyder på at dette bruket har overteke tunområdet for bruk nr 2 som blei flytta ut.

Arnbjørnnamnet ser ut til å kome inn på bruket med Anders Arnbjørnson Bødal f. ca 1710. Sonen hans heitte Arnbjørn og han fekk skøyte på bruket i 1768. Seinare har bruket gått i arv frå far til son, men det var først i 1936 at det kom ein ny brukar med dette namnet.

På Anbjørnbruket var det 2 generasjonar av brukarar i 1905. Den gamle brukaren var Ola Andersen Nesdal som vart brukar i 1882 og som levde til 1927 (døde 78 år gamal). Han var gift med Elina Olava Persdtr Grodås som døde 61 år gamal i 1917. Den nye brukaren var sonen Anders Olssen Nesdal. Anders hadde overteke bruket i 1901 og var gift med Anna Andersdtr Drageset. Ho døde 27 år gamal i 1909. Dei hadde 5 born: Elina, Arnbjørn, Oddrun, Audun og Møyfrid. Alle overlevde i 1905

Før 1936 hadde Anders gifta seg på nytt og den nye kona var Eli Hansdtr Haugen. Dei hadde fått 6 born slik at Anders var far til 11 born. Borna med siste kona var Anna, Hans , Olav, Klara, Svanhild og Oddrun. Før ulukka i 1936 hadde eldste sonen frå første ekteskapet, Arnbjørn, overtek bruket og var gift med Gunvor Iversdtr Bleiklie frå Fana. Dei hadde fått ein son, Anders. På dette bruket omkom 14 personar ved ulukka i 1936. Det var 9 familiemedlemar og 5 tenarar (ysterske, tenestegut og 3 bygningsarbeidarar). Familiemedlemene som omkom var: Anders Olsen (f. 1875 gardbrukar), Eli Hansdtr (f. 1884 ektemaken til brukaren), Audun Andersen (f. 1909 son frå første ekteskap), Møyfrid Andersdtr (f. 1908 dotter frå første ekteskap), Svanhild Kelfrid Andersdtr (f. 1920 dotter frå andre ekteskap), Oddrun Andersdtr (f. 1924 dotter frå andre ekteskap), Anbjørn Anderssen(f. 1906 son frå første ekteskap som overtok som brukar i 1936). Gunvor Iversdtr (f. 1906 kona til Anbjørn), Anders Arnbjørnsen (f. 1936 sonen til Arnbjørn og Gunvor).

Elina, søstera til Arnbjørn kom heim og overtok bruket i 1940. Ho var den siste som flytte frå Nesdal og det var i 1951. Etter den tid har det ikkje vore fastbuande i Nesdal (kjelde Sigurd Nesdal side 132)

Til dokumentstart

2.5. Bruk 78/4 Fredsvoll/Skortene

Det var opprinneleg 2 bygselplassar (underbruk) der tunet til Fredsvoll låg. Desse plassane vart kalla Skortene. Det eine av desse høyrde til bruk nr 2 i Bødal og det andre til bruk nr 2 i Nesdal. Underbruket til Bødal låg truleg på den parten av Nesdal Indre som vart skilt ut og lagt til bruk nr 2 i Bødal ikring 1670, og som vart drive frå bruk nr 2 i Bødal til det 19. århundre. Det var denne plassen som seinare vart bruk nr 4. Den andre plassen var under bruk nr 2 i Nesdal. Denne heimen vart ikkje gjenreist etter ulukka i 1905.

Underbruka kan være bytta om i Bygdeboka. Det synest mest truleg at det var husmannsplassen til Bendix Larsen Nesdal som høyrde til Bødal. Han var gift med Eli Olsdatter Brynestad, og ho var dottera til Ola Knudsen frå Bødal som var brukar på bruk nr 6 på Brynestad. I følgje bygdeboka var sonen til Bendix Larsen, Ola Bendixen, ugift og han flytta til søstera si på Sæten. Det var då naturleg at det var denne plassen Anders Kolbeinsen Bødal overtok og som vart bruk nr 4 under Indre Nesdal. Både bygdeboka og Sigurd Nesdal si bok seier at bruk nr 4 hadde høyrt til Bødal. I følgje boka til Sigurd Nesdal skulle den andre husmannsplassen i 1905 høyre til Nesdal.

Skortene/Fredsvoll låg yst på neset mot vatnet på grensa mellom ytre og indre Nesdal. Husa på denne staden vart sopa bort i begge ulukkene. Rasmus på bruk nr 78/2 har skildra dette i 1936: " Vi stod i vindauget og såg båra braut. Veldig og voldsom kom ho som ein svart vegg innover mot oss. Det gneistra og eldspruten stod framfor veggen. Fredsvollhusa blei små samanlikna med båra. Like før båra nådde husa, var det liksom at dei løfte seg opp, gjekk i oppløysing og blei borte i mørkret - borte for alltid".

I 1905 var det 2 familiar på Skortene. Den eine familien budde på bruk nr 4 (nedanfor kalla Bødalsplassen) og den andre på underbruket som høyrde til Nesdal (nedanfor kalla Nesdalplassen).

Bødalsplassen (Fredsvoll) tilhøyrde bruk nr 2 i Bødal. I matrikkelen frå 1838 var plassen registrert som eige bruk og Knud Andersen Bødal var brukar. Han var oldefaren til ho som var kone på bruket i 1905, Sigrid Knudsdtr Bødal. Ho var gift med Anders Kolbeinsen Bødal. Dei hadde 4 born: Anna, Karl Johan, Knut og Eilert. Alle utanom Anna gjekk til i ulukka i 1905. Ho overlevde fordi ho tente på Anbjørnbruket (bruk nr 78/3). Etter ulukka var det ho som hadde odelsretten til bruk nr 2 i Bødal og busette seg der.

Bødalsplassen (Fredsvoll) vart bygd opp på nytt og Berent Davidsen Skarstein og kona Anna Ellingsdtr Bødal busette seg der. Dei gjekk til i ulukka i 1936. Bruket har seinare tilhøyrt eigaren av bruk nr 2 i Bødal, og har ikkje blitt bygd opp på nytt. Berent var bror til Bent på bruk nr 2 i Bødal, og han fekk skøyte på bruket i 1917 same året som Anna Andersdtr, kona til Bent på bruk nr 2 i Bødal døydde.

På Nesdalsplassen budde brukaren Åmund Andersen Nesdal og den andre kona hans Marte Jonsdotter Sæten i 1905. Den første kona heitte Brite Rasmusdtr Helset og ho var død før 1905. Åmund hadde 5 born med den første kona: Rasmus, Elias, Anders, David og Dorte. Bygdeboka fortel at Anders drukna i Bødalselva og at David let livet i snøskred på Gjørven. Med den andre kona hadde han 2 born: Bent og Johanne Andrine. Amund, kona Marte og dottera Johanne Andrine omkom i ulukka i 1905. Denne heimen vart ikkje bygd opp på nytt.

Til dokumentstart

3. Nesdal Ytre

3.1. Om garden

Bilde Nesdal 2000
Kart Nesdal-innmark 2000
Kart Nesdal Ytre, tunet 1877

Omtale av naturen og fjella omkring er gitt i Sivert Nesdal sine erindringar i kapittelet om Vinter (sjå der). Sivert Nesdal var fødd på bruk nr 1 i Nesdal Ytre i 1875 og i boka gir han ei fin skildring av Lodalen i sin barndom og ungdom før 1900.

Det var jordskifte på innmarka for garden Nesdal Ytre i 1877 slik at det var slutt på den omfattande teigblandinga før 1900. Det var imidlertid ingen av bruka som vart flytta ut av tunet ved jordskiftet slik at det framleis var eit klyngetun før ulukka i 1905. I tillegg til dette hadde alle bruka mange lader i utmarka. På bruk nr 1 var det såleis i alt 26 bygningar, og på dei andre bruka noko tilsvarande. Før 1900 var det bygt ladebygningar på kvart av bruka tekt med skiferstein. Fjøs, grisehus, stall m.v. vart bygt inn i ladebygningen slik at talet på torvtekte hus var blitt redusert. Utskiftningskartet viser bygningane i tunet i 1877.

Ved samanlikning av jordskiftekartet for Nesdal Ytre i 1877, jordskiftekartet for Nesdal Indre i 1906 og dagens ØK kan det sjå ut til at tunet på Nesdal Ytre var blitt lagt delvis inn på Nesdal Indre (bruk 79/3). Dette har blitt justert delvis tilbake ved jordskiftet i 1906 etter at alle husa i Nesdal Ytre var tekne av båra

Sivert Nesdal skriv følgjande om tunet i Nesdal Ytre: "Nesdal var oppdelt i to tun, Indre og Ytre-Nesdal, med tre bruk på hver. Følgelig var bebyggelsen mindre sammentrengt, men i virkeligheten mere klassifisert, især på Ytre- Nesdal. De tre båtnaust stod som vaktposter på en torvgrodd sandbanke ved vannet ca. 100 m. nord for landsbyen. Den betydelige avstand var diktert av det lave, flate, men vakre terreng. Selve tunet var delt av en ikke nettopp snorrett midtgate. På den lavere nordside befant alle fjøs og ladebygninger sig, mens alle beboelseshus, matstover og nysstover opptok den høyere og solrikere sydside.

Bilete og kart som viser tunet før 1905 inngår i LOKHIS

Utmarka sør for garden vart brukt på følgjande måte: Austanfor Tverrelva innover mot Ruteflåten var det sæterområde og sætrar. I Utigardsberget mellom Tverrelva og Utigardselva var det slåttemark. Tverrelva og Utigardselva gav naturleg avgrensning mot beitedyr. I følgje Sivert Nesdal var dette den største samanhengande utslåtten i Nordfjord. Nordan for Utigardselva mot Ramnefjellet var det bukkestod og fjellebeite for sau og geit. Frå sommarfjøset måtte småfeet kvar dag gå tvers over "Storura", under det ville Ramnefjellet til beite nordan for. Ramnefejllet hang truande over med ein meir enn 1500 fot loddrett fjellvegg.

Ved rasulukka i 1905 vart alle husa i Nesdal Ytre tekne av båra. I og med at dette raset var om vinteren med tele i jorda, vart jordsmonnet spart. Alle bruka vart bygt opp igjen men no mykje lenger oppe.

Ved rasulukka i 1936 vart ingen av tuna i Nesdal Ytre tekne, men båra gjekk heilt opp til det nye våningshuset på bruk nr 3. Ved denne ulukka vart jordsmonnet skola bort slik at innmarka berre var stein og grus. Sjølv om husa stod igjen, flytta alle frå dalen etter kvart. Husa står framleis (2002).

Til dokumentstart

3.2. Bruk 79/1 Perbruket.

Heile tunet på bruket vart sopa bort i ulukka i 1905. Bruket vart bygt opp på nytt lenger opp, og husa vart ikkje rørde i ulukka i 1936.

Lokaliseringa av husa på bruket går fram av gardskartet frå dagens ØK(kartid 158) og jordskiftekartet frå 1877 (kartid 161). Det ser ut til at det er teigar merka med B på jordskiftekartet frå 1877 som gjeld bruk 79/1. Før ulukka i 1905 hadde såleis dette bruket den mellomste delen av tunet. Lokaliseringa av teigen der husa stod, går også fram av dagens ØK.

Etter ulukka vart tunet på bruket bygt opp igjen på den øverste innmarkstiegne som tilhøyrde bruket. I følgje dagens ØK står det framleis våningshus og driftsbygning på denne staden.

Diverse bildemateriale samanlikna med kartet frå 1877 tyder på at bruk nr 79/1 hadde fått ny låvebygning etter 1877, men før 1905. Den nye låvebygningen var snudd 90 grader høve til den gamle, og låg såleis med lengderetninga søraust - nordvest. Den nye låvebygningen låg elles på samestaden som den gamle, bakanfor låvebygningen til bruk nr 79/3 sett frå vatnet.

Den same slekta har levd på bruket sidan før 1700. Det ser ut til at bruket har gått frå far til son utan noko avvik frå tradisjonen. Det har såleis heile tida veksla mellom Peder og Salve som brukarar. Ved ulukka i 1905 var det ein Peder (f.1.11.1870) som var brukar, men faren Salve (f. 5.11.1836) levde framleis.

Salve hadde 6 barn: Synnøve (f.1869), Peder (1870), Colbein (f. 1872), Anders (f. 1874), Sivert (f.1875) og Andrine Johanne (f. 1878). Faren Salve budde framleis på bruket og omkom i 1905. Kona hans var død tidlegare. Dottera Andrine Johanne døde i 1870, og dermed før ulukka i 1905. Sonen Anders hadde kome heim frå Belgia kvelden før der han var bygningssnikkar og han omkom i 1905. Colbein var flytta til Frøholm i Innvik omkring 1900 og overlevde. Sivert var flytta heimanfrå og vart misjonær på Madagaskar. Han har skrive ei bok med erindringar, og der er det omtale av Lodalen før 1905. Den yngste dottera Andrine vart gift med Ola Monsen på bruk nr 1 i Indre Nesdal, og overlevde ulukka.

Sonen Peder hadde overtek bruket, var gift med Oline Monsdatter (f. 1872) frå bruk nr 1 i Indre Nesdal og hadde fått 4 born: Sivert Johan (f.1897), Johanne Samuline (f. 1900), Brite Karoline Kamilla (f. 1902) og udøypt son (f.1905). Peder, kona og alle borna omkom i ulukka i 1905. Kona hadde fått siste sonen same dagen, og søstera hennar Dortea Elisabet (f. 1880) var på vitjing for å hjelpe til. Ho omkom også i ulukka. I tillegg til familien omkom ei tenestejente Lea Karoline Bentsdotter Langeset (f. 1886).

Etter ulukka i 1905 vart først Colbein (broren til Peder som omkom) brukar. Han fekk skøyte på bruket i 1909, men selde til Markus M Loen same året. Bruket vart deretter teke på odel av Ola Monsen og kona Andrine på bruk nr 1 i Indre Nesdal. Ho var søstera til brukaren Peder som omkom. Bruket vart drive med forpaktar til sonen Sivert overtok i 1921. Han var den siste som flytta frå Nesdal vinteren 1936/37. Året etter flytte han tilbake til Lodalen, men då til Bødal der han seinare bygde seg hus og dreiv med kafé. Han busette seg seinare på Rake.

Til dokumentstart

3.3. Bruk 79/2 Jobruket.

Heile tunet på bruket vart sopa bort i ulukka i 1905. Bruket vart bygt opp på nytt lenger opp, og husa vart ikkje rørde i ulukka i 1936.

Jobruket hadde den delen av det gamle tunet som låg lengst mot sørvest. Etter jordskiftet i 1877 fekk dette bruket ein hovudteig som grensa inn til og omfatta det gamle tunet. På kartet er teigane frå jordskiftet i 1877 for dette bruket merka med C.

Etter ulukka vart bruket bygt opp på nytt på den øvste teigen på innmarak i Nesdal ytre. På denne teigen står det i følgje dagens ØK framleis 3 hus.

Situasjonen før ulukka i 1905 var såleis. Den førre brukaren Ola Jonson var død 47år gamal i 1870, og Rasmus Rasmussen Langeset hadde gifta seg med enkja Eli Haraldsdtr Rustøy. Ho døde året før ulukka i 1904 og Rasmus Rasmussen omkom i ulukka 61 år gamal.

Ola Jonson og Eli Haraldsdtr hadde 2 born: Thorine Malene og Jon. Thorine var gift med Lars Jørgensen Indre Nesdal og var flytta dit. Ho overlevde dermed ulukka. Jon hadde overteke bruket og gifta seg med Synneve Jørgensdtr Nesdal. Dei hadde fått 6 born Olina, Elina, Olav, Anna Bertine, Jenny og Rasmus.

Alle 6 borna omkom i ulukka i 1905, men foreldra Jon og Synnøve overlevde ulukka fordi dei var hos lækjar i Bergen. Synneve døde imidlertid året etterpå i 1906 i barselseng saman med barnet. På dette bruket omkom også Johanne Rasmusdtr Helset f. 1864 som var på bruket for å passe borna medan foreldra var borte. Ho var i nær slekt fordi Mor hennar, Dorthe Jonsdtr. kom frå dette bruket.

Brukaren Jon gifte seg på nytt med Anne Andersdtr Rand og dei fekk 4 born: Olav, Synneve, Alfred og Borgny. Familien byde opp bruket på nytt, og det var ingen av dei som omkom i 1936. Familien flytte frå bruket og busette seg i Stryn.

Til dokumentstart

2.5. Bruk 79/3 Abrahamsbruket.

Heile tunet på bruket vart sopa bort i ulukka i 1905. Bruket vart bygt opp på nytt lenger opp, og husa vart ikkje rørde i ulukka i 1936. Det vart seinare bygt nytt våningshus på bruket noko lenger nede enn dei endre husa i Ytre Nesdal, og i 1936 gjekk båra heilt opp til dette huset (må kontrollere dette).

Abrahamsbruket hadde den delen av det gamle tunet som låg lengst mot aust. Dette tunet var delvis bygt inn på området for Nesdal Indre. På kartet er teigane frå jordskiftet i 1877 for dette bruket merka med A.

Det ser ut til at dette bruket fekk ein ny teig på området for Nesdal Indre lenger oppe etter ulukka i 1905 og at den delen av det gamle tunet som låg inn på Nesdal Indre sitt område har blitt gjeve tilbake til Nesdal Indre. Etter ulukka vart husa truleg først bygde på den nye teigen på Indre Nesdal, og på denne teigen ligg det framleis eitt hus (ØK). Etter det eg har fått fortalt hadde bruket fått bygt nytt hus like før ulukka i 1936 på bruket sin hovudteig litt lenger nede mot vatnet. Dette huset med litt jord ikring er no skilt ut som bruk nr 7 (dette er rein gjetning etter å ha sett på kartet , må kontrollerast).

Ved ulukka i 1905 var det to generasjonar på bruket. Den gamle brukaren Jacob Abrahamsen var då 54 år og kona hans Mari Andersdtr frå Indre Nesdal var 64 år. Det var sonen Abraham Jakobsen som hadde skøyte på bruket. Han var 30 år og var gift med Anne Larsdtr Åning. Ho var 41 år. Dei hadde 4 born: Johan Andreas Elias (f. 1895), Lars (f. 1896), Martin (f. 1899) og Dagfinn (fødd etter avslutning av kirkeboka). Alle i familien som er nemnde ovanfor omkom i ulukka.

Etter ulukka overtok Sakarias Rasmussen Mettenes og Martha Gjertine Jakobsdtr f. 1867 bruket. Ho var søstera til eigaren av bruket, og bruket gjekk dermed ikkje ut av slekta. Dei bygde opp att bruket og dreiv det fram til den nye ulukka i 1936. Husa vart ikkje øydelagde då, men båra gjekk heilt inn til det nye våningshuset. Dei flytta frå dalen og bygde seg ny heim i Loen. (Viklund, bruk nr 70/40).