Litteratur.
Lokyrkja 150 år

Til Litterturlista

INNHALD


Om heftet
Dokumentstart
Omslag - framside
Omslag - bakside
Innhald

Skanna tekst
Føreord
Loen kyrkje
Krossen
Kantate


Loen kyrkje 150 år. 1838 - 1988

Jubileumsskrift utgjeve av Loen sokneråd 1988
Leiar av skriftnemnda og fotograf: O J Tveit
Layout og trykk: Fjordingen

Omslag framside - Omslag bakside - Innhald

I første omgang er det berre føreordet og kantaten av Olav A Loen som er skanna frå heftet. Noko av innhaldet i heftet finns på denne nettstaden frå før i si originale form. Det gjeld medllom anna Sivert nesdal sine minner om "Det kristelige liv i Nesdal ved århundreskifet" henta fra boka "En Misjonærs Erindringer". Vidare står det om prestegjeldet i boka "Stryn herad gjennom 100 år"

Føreord

«Aar 1838 den 9de september, på 13de Søndag efter Trefoldighed indviedes Loens fra nyt af opførte Kirke ved Provsten i Nordfjord, Hr. W.F. Koren paa Biskop Neumanns vegne», står det i kallsboka til prosten. Difor dette jubileum, og difor dette skriftet.

Det har ikkje berre vore lett å lage denne boka. Så mange av dei gamle i Loen har falle frå i dei siste åra, ikkje minst dei tre diktarane i Lotunet. Det har heller ikkje vore laga noko bok eller skrift om Lokyrkja før. Og under krigen vart møteboka for soknerådet frå 1922 til 1942 henta, og den kom aldri til rette att etter krigen. Her er det så mange opplysningar som er gått tapt, ikkje minst i samband med 100-års jubileet i 1938.

Men vi vonar likevel at dette er blitt ei leseverdig bok, og ikkje minst ei viktig bok for framtida. Alle opplysningar som vi trur er av interesse for ettertida, har vi teke med.

Vi er svært takksame mot Ola Storsletten hjå riksantikvaren, som har skrive hovudartikkelen om kyrkja. Det er rein grunnforskning han har drive med, og eit veldig viktig kulturhistorisk arbeid.

Vi takkar også Ivar Vik for hans forskning omkring steinkrossen ved kyrkja, og Astrid Nesdal Rake for all hennar leiting gjennom gamle protokollar og bøker for å finne opplysningar viktige for denne boka.

Det er kyrkja som er hovudsaka i dette skriftet. Men i ei jubileumsbok om Loen kyrkje, er det uråd å ikkje kome inn på Lodalsulukkene, dei to viktigaste hendingane i kyrkjas historie. Vi har også vore så heldige å ha mange skrivne kjelder om livet i Lodalen før ulukkene.

Kyrkja i Loen har vore eit kjent og kjært haldepunkt i bygda 1 150 år, både i sorg og glede. Den ligg så midt i bygda, høgreist, kvit og vakker. Lat den også i framtida stå sentralt, ikkje berre i bygda, men også i våre liv.

Så mykje av livet i bygdene er blitt forandra i dei siste åra, og ikkje alltid til det betre. Kyrkja står for noko som er heva over tidas skiftande motar. Krossen framføre kyrkja vitnar om ei 1000 år gamal tru og tradisjon her i Indre Nordfjord, som har vori til stor hjelp for våre forfedre. Lat oss take godt vore på denne arven, og gje den vidare til dei komande ættene.

Stryn, juni 1988. For skriftnmnda: Olav Jakob Tveit

Til dokumentstart

Kantate til 150 års jubileet for Loen Kyrje 1988
Tekst av Olav A. Loen

Kantaten er inndelt i følgjande 3 delar:
Krossen ved fjorden
Kyrkja kallar på alle
Lokyrkja


Til start kantate

Krossen ved fjorden

Ved fjorden Kristi kross han stod
som vitne om Guds kjærleik god.
For Jesus kom
frå herlegdom
og gav for oss sitt blod.
Hans kjærleik lyser frå hans kross
der livet sitt han gav for oss
Og krossen er
vårt merke her,
Symbolet på Guds pakt.
Her Jesu kjærleik lyser ned
gjev hjelpelause sjeler fred.
Det stod ved fjord
i Loen jord
ein kross,
har soga sagt.

Munken
Herre dei kjende
deg ikkje.
Odin og Tor
var deira gudar.
Og Balder var død.
Ingen fekk hente
han heim frå Hel
utan alt levande gret,
men Tok mun gråte
turre tårer.

Ei kvinne
Kan du hjelpe meg munk.
Dotter mi bar dei ut
til føde
for ulv og ramn.
Og mitt hjarte
vil breste av sorg.

Munken
Ser du krossen, kvinne.
Kvite Krist sitt merke.
Han vil at alle born
skal leve.
Lat småborna
kome til meg
og hindre dei ikkje,
det er hans ord.

Ein mann
Bror min er drepen
av ein ugjerningsmann,
og eg vert vannvørd av alle
om eg ikkje drep mordaren
eller hans nærmaste slekt.

Munken
Her står ein kross
kjærleikens offertre.
Fall på kne ved denne krossen
og Kvite Krist vil syne deg:
Å elske sin neste
er det største på jord.

Eit barn
Sjå på fjorden
folk kjem i sine båtar,
Og frå skog og mark
kjem dei.
Alle kjem hit.

Kvinne kor
Ved denne krossen mange bad,
haleluja,
og styrke her har funne.
Dei reiste seg og gjekk så glad
halleluja.
når morgensol har runne.
Haleluja,
haleluja.
Vår Herre Krist
vi veit forvist
du har i striden vunne.

Til start kantate

Kyrkja kallar på alle

Kor
Kyrkja oppe på høgda står
synleg og opa for alle.
Klokkeklangen så vide når,
folket til høgtid skal kalle.
Samlar seg her frå grend og gard,
søner, døtre og mor og far.
Bøyer sitt hovud for Herren.

Slekt etter slekt i tida lang
her samlast ved nadverdbordet.
lyfte si røyst til samlesang,
fann styrke i bibelordet.
Vesle barnet til dåpen kom
borne fram for å få eit rom
i Kristi evige rike.

Folket prøvne hunger og nød
store uluker og fåre.
Fjellet det vart mange sin død.
Mange bar sorga den såre.
Kyrkja ho var og er og vert
Herren sitt hus, som vi har lært,
der kan han trøste oss alle.

Presten
Herre Gud gjeve oss
den nåde og fred.

Kyrkjelyden
Vi har kome til kyrkje
så mang ein varm sommardag
og ein rik haust,
og kjende oss glad og frimodige.
I dag kjem vi til deg i vår sorg.

Presten
Mine kjære venner,
hugs at ingen skal
gå tomhendte bort.
Bed så skal de få,
det var Jesu ord
til sine vener.

Ein mann
Dalen er lagt øde.
Før var storebåten full
av skjeggete menner
i kvite skjortearmar
som rodde,
og kvinner i svarte plagg
med langt silkemjukt faks.
Utigardsfossen
gjekk i dur,
og born leika
i velstelte tun.
Det var så fagert
når sola skein
over Kjenndalskruna
ein sundagsmorgen
på veg til kyrkja.

Presten
Gud er å finne
kva som hender.
Det gjev styrke og trøyst
å ha nokon å gå til
når sorga kjem.
Lat oss gå saman
i bøn og song.

Kor
Herre Gud ditt dyre namn og ære
over verda høgt i akt skal vere
og alle sjæler
og alt som mæler
det lydt skal prise
dit namn og vise Deg ære.

Gud er Gud om alle land låg øyde,
Gud er Gud om alle mann enn døydde.
Må ætter sige
nytt liv skal stige
Sjå stjernestimler
på nye himlar Gud strøydde.

Høge hall og hytte fell i sunder
jord og himmel dei skal brått gå under
og berg og tindar
og stolte tindar,
Men fram skal roda
som sol å skodde
Guds rike.

Kronprinsen
I dag står eg her for min far, kongen
og helsar dykk som sørjet.
Og eg vil ta dykk alle i handa
som har mist sine kjære
med eit trøysteos ord frå kongen.
Han er konge
til alle i dette landet
og han tenkjer ofte på dei
som sørjet og har det vanskeleg.
Kronprinsen vender seg mot ei kvinne:
Har du mist mykje
i denne vonde tida.

Kvinna
Eg hadde ein heim
og mann og born.
Og borna var så små og skuldlause.
No står eg her - - - -

Kronprinsen
Må Gud hjelpe deg og alle syrjande,
og hugs at heile landet
deler sorga med dykk.

Kvinna
Hels kongen takk fordi han
hugsar oss i vår sorg.

Kor
Til himmelen til Gud vår far
skal tanken alltid gå,
om sorga tyngjer all vår hug
vi glade syng enndå.
Hans store kjærleik møter meg
og byd meg følgje i hans steg
med nestekjærleg hug.

Og kyrkja ho skal kalle oss
å likna Jesu Krist
og gå som han til dei i nød
som treng vår hjelp forvist.
Vi kjenner vi har fått eit kall
som all vår evne bruka skal
for nesten og for Gud.

Til start kantate

Lokyrkja

Kor
I sorg og glede
har kyrkja samla oss.
Ho har oss bede
til kyrkje og til kross.
I kvardagsstervet
vi gjekk med alt vårt jag
og tidt fekk leve
ein grå og vanleg dag.
Fekk opp oss heve
av kyrkjeklokkeslag.

Ein morgontime
då vintermørket rår
skal klokker kime
og vi til kyrkje går.
Frå alle grender
til julehøgtidsfest
med folda hender
som Jesusbarnets gjest.
Ei takk vi sender
for livet aller mest.

Ein sommar fløymer
og blomar lyser her,
og livet strøymer
i unge bryst iser.
Slik har det vore
og såleis vil det bli,
kvar ætt har bore
sin vår og sommar blid.
Si gjerning gjorde
og fekk si gjestinga tid.

Til kyrkje alle
frå slekt til slekt har gått.
Dei følgde kallet
og dåpens bad har fått.
Her vil vi finne
dei unge lovnad gav,
og mann og kvinne
som brud og brudgom var.
Tilsist dei inne
ved kyrkja fekk si grav.

Kyrkjeverje
I 150 år har denne kyrkja
samla folket til
høgtid og gudsteneste.
20 gjeve menn i dalen
åtte denne kyrkja her.
Sidan kjøpte kyrkjelyden
si eiga kyrkja.
Ved dei store høgtider
som bispevisitas
og konfirmasjon
var kyrkja fyllt
til siste plass.
I kulde og vinter
måtte dei sjølv
varme kyrkjehuset
med sin ande
og sin kropp.
Her var høgt under taket
og dit for det meste av varmen.
Då var det godt med
vadmål og ensjeft
som heldt kulden ute.
Når det var meinis
og hålkeføre
var det livsfårleg
å gå Garpestranda.
Ein prest vart helselaus
på ei slik ferd
til Lokyrkja.
Vår og sommar
med blømande hagar
og grøne lier
då var det ei oppleving
for presteskyssen
å ro frammed Rakslandet.
Kyrkja har høyrt folket til
frå det første til i dag.
Kyrkja har vore Gudhus
i vår bygd
i medgang og motgangs tid,
bindeledet mellom
dette livet og det evige.

Presten
Her har vi hatt
lykkelige år,
rike på lærdom og vekst.
Vi er bundet fast til folket her
gjennom gode og onde tider
som vi har fått lov
å ta del med dem i.
Må Gud signe deres heim
og deres yrke.

Ei kvinne
I hundrede år
har kvinnene
spøta, hekla og sytt,
for Afrika, Madagaskar,
Santal og Kina.
Dei som kjende kallet
fekk høve til å reise
og vinne nye menneske
for Kristus.
Dette såkornet fekk vi
då krossen stod ved fjorden.
No sender vi det same såkornet
til våre søstre og brødre
i framande land
med bøn om at
det må spire
og bere mange fold.

Ei ung jente
Det er så lett å miste
den gleda ein hadde
då ein var barn.
Det er så snart
å gå seg bort
når ein kjem
på framand stad.
Der er så mangt
som kallar seg gleder
som eg ikkje visste om før.
Eg er blitt redd.
Redd meg sjøl.
Redd for livet mitt.

Ein ung gut
Lat oss halde ilag
det er styrke i å vere to.
Vi kan trøyste kvarandre
når vi har feile,
og oppmuntre kvarandre
når vi er modlause,
og saman kan vi gå
til han som ingen
støyter bort.

(Tek henne i handa)
Det er ein fin dag i dag
og sola skin.
Vi vil gå til kyrkja
for å møte Jesus.
(Dei held kvarandre i hendene.)

Kor
Vår kyrkje kallar oss til fest
i dette jubelåret.
Vi kjem i dag som kyrkjegjest
i lag med alle våre.
Vår kyrkje traust er bygt
og ho har stått her trygt
i grunnen godt er fest
mot storm frå aust og vest,
og ifrå lauselds våde

Må kyrkja alltid trygt få stå
og ifrå tårnet kalle.
Og folk skal kome, store små,
for Kristi hjelp treng alle.
Ditt kjærleiksbod han baud
Det held i all vår naud.
Og her på denne stad
skal nye slekter glad
sin Gud og Herre prise
og nesten kjærleik vise.

Til dokumentstart