Litteratur.
Sande Camping. 2019.

Til Litterturlista

INNHALD

1. Gardsbruket og familien.
2. Kortreist ørret på tallerkenen.
3. Kontinuerleg utvikling.
4. Planlegg utbygging.
5. Det meste går til utvikling.
6. Aktive på lnstagram.

Sande Camping har 1700 gjestedøgn årleg

Kjelde: Stryn Magasin 2019.
Tekst: Jørn-Arne Tomasgard

Foto i originalartikkelen: Unda Paula Lauberga/Sande Camping
Artikkelen er skanna og redigert i samssvar med mal for litteratur i Loen bygdebase. Berre nokre av originalbileta er tekne med

Det starta tidleg på 1950-talet då turiestar byrja å spørje om å få slå opp telt på garden. I dag sysselset Sande Camping innehavarane på heiltid, samt sju andre sesongarbeidarar.


Utsikt oppover Lovatnet frå Sande Camping. 2019


Sande Camping. 2019

1. Gardsbruket og familien

Det var foreldra mine, Svanhild og Sivert Sande, som starta opp campingplassen på slektsgarden. Det byrja med at det kom folk som lurte på om dei kunne slå opp telt. Dei såg nok potensialet for å skape ei attåtnæring på garden, som elles var eit middels vestlandsk bruk med kyr, gris og sau, fortel Turid Sande Beinnes. Ho driv Sande Camping saman med mannen Magne.


Sande, bruk nr73/3, 1958

Kontinuerleg utvikling gjer at Sande Camping i dag står fram som ei moderne turistverksemd der du kan leige hytter og leiligheiter av høg standard, du kan setje frå deg campingvogn og bubil, eller slå opp telt. Her er også kafe med 50 sitjeplassar med servering av lunsj og middag. Samt kiosk der du mellom anna får kjøpe ferske brød og rundstykker i sesongen, og utvalde daglegvarer.

2. Kortreist ørret på tallerkenen

På vatnet ligg tre båtar med motor og fire kanoar til leige. Eit samarbeid mellom reiselivsverksemdene i området gjer at fisket er gratis for alle. Du kan jamvel setje garn om du ynskjer. Ørreten frå Lovatnet er den mest populære retten hjå turistane i kafeen. Fisken er på det jamne 200-300 gram stor, det er plass til to på tallerkenen. Elles serverer vi klubb kvar søndag. Det er populært hjå nordmenn, fortel Turid. Ho står sjølv for matlaginga.

I tillegg til turistane har dei mange kundar frå distriktet rundt. Ofte legg folk turen hit for å ete søndagsmiddag. Dei serverer ulike tallerkenrettar frå meny, både tradisjonelle norske rettar og meir i retning gatekjøkkenmat.

3. Kontinuerleg utvikling

Sande Camping ligg fem kilo meter frå Loen, eit par kilometer innover Lovatnet. Turid og Magne byrja involvere seg i drifta på 1990-talet og dreiv ei stund campingplassen saman med foreldra hennar. Tidleg på 2000-talet tok dei over drifta. Ho fortel at dei heile tida har vore opptekne av utvikling og kvalitet. Nokre av dei første hyttene som vart bygde, er framleis i bruk. Men dei er også byrja sanere hytter og erstatte dei med nye, fordi det ikkje er råd å utvikle dei gamle til den standarden dagens gjester ynskjer.

Vi har hytter frå 15-20 kvadratmeter med enkel standard til hytter på 80 kvadratmeter med 10 sengeplassar og alt av fasilitetar. Totalt har vi l5 hytter og leiligheiter, 36 plassar for langtidsutleige av campingvogner og 40-45 plassar for tilfeldig overnatting med bubil, campingvogn eller telt.

4. Planlegg utbygging

Nytt sanitæranlegg stod klart i 1985, kafebygget tre år seinare. Leiligheitene er plassert i kafebygget, tre små i underetasjen og to store i andreetasje.

Dei to store hyttene var ferdige i 2005 og2007. Dei siste åra har vi jobba med å renovere absolutt alt. Dei minste hyttene er iferd med å bli fasa ut. Planen er å byggje nye slik at alle har kjøkken og bad med dusj og toalett, fortel Turid. Verksemda har utarbeida ein reguleringsplan som no er inne til kommunen for god- kjenning. - Vi har utbyggingsplanar for til saman 10-15 hytter. Dette ligg litt fram i tid. Så langt har vi bygd litt etter litt, og det blir nok slik denne gongen også. Vi tek ikkje alt i ein gong.

5. Det meste går til utvikling.

17.000 gestedøgn, kafe, Turid og Magne i heiltidsstillingar, sju deltidsarbeidarar. Oppsummert fortel dette at Sande Camping etter kvart er blitt ei ganske stor verksemd med god omsetnad. Eigarane er likevel nøkterne.

Vi er beskjedne med å ta ut løn. Det meste av omsetnad går til oppgradering og forny- ing. Det er slik det må vere i ei verksemd som dette. Det blir ein runddans. Vi ser at til meir vi klarer å fornye, til betre prisar kan vi halde. 2018-sesongen vart eit nytt rekordår. Eigaren fortel at dette kom på toppen av tre gode år. Valutaen slår gunstig ut for utlendingar så lenge den norske krona er svak. Det kan vere ein grunn. Men vi ser også at stadig fleire nordmenn kjem hit.

Det har skjedd mykje positivt i Loen siste åra, med Via Ferrata, Loen Skylift og motbakkeløpet Skåla Opp. Det er slikt vi dreg nytte av, seier Turid. Ho fortel at ved sidan av utviklinga med at gjestene ynskjer god komfort, ser dei også at fleire søkjer mot det enkle campinglivet. Teltarane er på veg tilbake.

6. Aktive på lnstagram.

Dei har ein fast gjeng fra Lativa som kjem att år etter år for å jobbe, pluss eit par norske. Dei delar sesongen mellom seg, alle er ikkje til stades samstundes. Også sonen Rune, som er tidleg i 30-åra, er med og jobbar deltid med vedlikehald.

Turid fortel at dei driv aktiv profilering på dei sosiale mediuma Facebook og lnstagram. Vi må vere der kundane er, og vi opplever at deling av bilete og informasjon på desse plattformene gjev god respons. Når det gjeld marknadsfØring, er vi med i ei eigarstyrt campingkjede for heile Noreg kalla Pluscamp. Vi er på plattforma til Visit Nordfjord, og vi har ei oppdatert heimeside som er mykje nytta. Vi får mange tingingar gjennom nettstaden vår der vi har eit online bookingsystem. Nokon sender e-post, og i sesongen er det av og til telefonar. I det heile er mykje tinga på førehand.