Litteratur.
Tekst for bruk 70/14

Til Litterturlista
Start bruk-tekst

INNHALD

70/14 Arnebruket i Loen

Til "Reise i kart/bilde"
Bildegalleri
Bruk-detaljar

70/14 Arnebruket i Loen

Arnebruket er eitt av dei 14 hovedbruka på garden Loen med bruksnr 14 under gardsnr 70 i Stryn kommune. I matrikkelen frå 1838 hadde bruket løpenr 127. Skylda på bruket var 4,06 mark i matrikkelutkastet frå 1968.

Gardskartet nedanfor viser Arnebruket slik det var omkring år 2011. Kjelde for visninga er gardskart frå Skog og landskap lagt over flybilde


Arnebruket har i dag desse teigane: Skogsteig vest før Gjølmunna, innmarksteig innanfor Apalhola, hovedteigen med dyrka mark på Teigane med gamal driftsbygning (våningshuset er frådelt), skogsteig i Hagedalen, skogsteig ovanfor Tjugen, bruket 70/59 Brustad som no inngår som ein del av Arnebruket (kjlede: Gardskartet), skogsteig ovanfor bustadsfeltet i Lovik, teig på Lostøylen, og i følgje kartet ein naustteig utanfor Lovik

Arnebruket har i dag ca 50 dekar jordbruksareal og ca 270 dekar produktivt skogareal.

På grunn av jordkskifta i Loen kan ein ikkje knytte dei same areala til bruket bakover i historia. Før jordskiftet som vart avslutta i 1898 var det omfattade teigblanding med innmarka fordelt på 70-80 teigar for kvart bruk.

Frå 1898 til 1968 hadde Arnebruket ein innmarkstieg som i vest gjekk frå Tunet og heilt inn til Hagedalen. Etter skifte av utmarka i 1927 fekk Arnebruket innmarksteig austanfor Brennhaugen frå Saghølen og opp til grensa mot utmarka i sør. I 1952 vart bruk 70/59 Brustad skilt frå hovedbruket, men dette tilhøyre no (2011) same eigar som hovedbruket, og inngår som ein del av dette. Det er seinare frådelt ei bustadtomt i Lotunet(bruksnr 70/113 og 70/160). På denne tomta har det vore drive gartneri, men dette er ikkje ein del av Arnebruket.

Arnebruket hadde ein frukthage inn mot Åkredalen. Bekken i dette dalsøkket var steinsett over heile teigen til Arnebruket. Når det var regn og bekken voks opp, var det bekkaruer å få her.

Hovedhusa på Arnebruket har lege omlag på same staden heile tida og vart ikkje flytta ut ved jordskifta. Våningshuset i Lotunet og nystova er no frådelt frå bruket med eige matrikkelnummer (70/196) Denne eigedomen vart overdrege frå Haldis Flølo til Wenche Flølo og Roar Herrevold 26.9.2011. (Kjelde: Fjordingen 7.10.2011). Bruket har dermed berrre stabbur og låve i Lotuent og dessutan husa på Brustad. Utskiftningskartet frå 1898 viser bygninge som då var. (sjå kartskisse nedanfor). I bildealbumet for Arnebruket er det bilde av husa på bruket.


Stova, nysova og låven ser ut til å liggje akkurat på same plassen i dag som før utskiftninga i 1898. Stabburet var før 1898 plassert på ein annan stad. Postkort og gamle bilde viser at stova frå 1898 var mindre enn dagens våningshus. Dagens våningshus vart bygt i 1912 på den same tomta som gamlestova (kjelde: Roar Herrevold)

Dei fleste bruka i Loen har lokale namn etter ein brukar. Arnebruket har såleis namn etter Arne Antonsen som døde 65 år gamal i 1795. Han fekk skøyte på hoveddelen av bruket i 1767. Ålandsboka gjer greie for eigesomstilhøva og opphavet for bruka i Loen. Eit kort samandrag av eigesomstilhøva er gitt i eit eige notat.

Ei tid budde futane i Nordfjord på Arnebruket i Loen, og frå ca 1630 dreiv futen sjølv Arnebruket saman med dei andre bruka nedan for kyrkja.

Den første brukaren på Arnebruket som er nemnd i Ålandsboka var Jens Olsen Helset. Det står at han fekk sk. i 1699 på 1 laup, men det var vel helst at han vart brukar av 1 laup sidan det var Paul Paulsen i Trondheim og Kruna som då var eigarar. Det står ikkje noko om kven som var kona til Jens Olsen Helset eller om nokon av dei var i slekt med dei som brukte bruket før futane overtok.

Dottera til Jens Olsen vart gift med Anton Arnesen som vart den neste brukaren. Han fekk m.a. ein som som heitte Arne Antonsen og som vart brukar. Deretter gjekk bruket fra far til son heilt fram til Arne f. 1914, og det skifte mellom Lars og Arne heile tida. Bygdeboka går ikkje lenger fram enn til 1968. Der står at Arne L Loen vart brukar i 1955, og at broern Asgeir forpakta ein del av bruket og dreiv med Garteneri. Ei tid hadde han ein åker med roser på teigane innanfor Låven. (sjå bilde nedafor). Meir detaljerte opplysingar om brukarane og deira familiar er med i slektsdatabasen for Loen (Lokhis).
Dersom databasen skal ajourførast fram til dags dato, må det skje med hjelp frå familiane som lever i dag.

Roseåkeren til Asgeir Loen. Foto: Håkon Loen:.


Denne omtalen og innhaldet i slektsdatabasen er basert på offentleg tilgjengelege kjelder: Ålandsboka, kyrkjebøkene frå 1750 til ca 1950, folketeljingar i 1801, 1865, 1900 og 1910, skifte, utvandringslister, gravminne og avisartiklar. Det er av interesse å få bilde og ajourføring av slektene etter ca 1950 og fram til i dag.