Litteratur.
Tekst for bruk 82/3

Til Litterturlista
Start bruk-tekst

INNHALD

82/3 Solvik på Rake

Til "Reise i kart/bilde"
Bildegalleri
Bruk-detaljar

82/3 Solvik (Kappestad) på Rake

Foreløpig og uferdig utkast under etablering.

Solvik (Kappestad) har sin hovudteig på dagens bruksnr 3 på Rake. Denne teigen vart skilt frå bruk nr 1 i 1884. Mykje kan tyde på at dette vare ein husmannsplass før 1884.

Solvik er en meir å rekne som ein bustadeigedom enn som landbrukseigedom, men vert likevel omtala som gardsbruk her. Ut frå prinsippa i landbrusforvaltinga og landbruksregisteret er alt som tilhøyrer same eigar i same kommune å rekne som ein landbrukseigedom. Ut frå dette prinsippet omfattar eigedomen også bruk nr 16 på Rake utskilt frå bruk nr 4 i 1912, og bruk nr 26 i Loen (Helleteigen i grensa mellom Rake og Loen) utskilt frå bruk nr 5 i Loen i 1928. Eigedomen omfatta ei tid også ei tomt i Lovik (70/75) utskilt frå bruk nr 5 i 1957 men den er no kjøpt av NK. Det er også ei standtomt på Marså i grensa mot Rake som tilhøyer eigedomen. (Innhaldet i dette avsnittet er basert på matrikkelen som er trykt av Stryn kommune ajourført fram til 1968, og gardskart frå Jord og landskap med kart ajourført ca 2010).

Lokalisering av eigedomen vist på flybilde:


Solvik ligg på nordsida og Lobukta. Staden har sol heile året fordi det i sør mot Olden ikkje er høge fjell som skygger. Det er flott utsikt innover mot garden Loen med Skåla i bakgrunnen og mot Olden.

Bilde av garden,


Den første som er registrert som brukar (bygdeboka) var Sivert Abrahamsen Opheim. Han kom frå Utigar (bruk nr 4) på Opheim. Han vart gift med Siri Christansdatter Rake. Dei fekk 4 born. Alle borna utvandra til Amerika og då faren var død tok siste sonen med mora til Amerika.

Neste brukarpar i Solvik var Ole Larssen Bolstad og Brita Olsdatter Rise. Då desse overtok vart plassen skilt ut som eige bruk og dei vart eigarar. Det ser ikkje ut til at dei hadde born eller nokon til å overta bruket.

Den slekta som no er på bruket kom inn med at Lars Jocobsen Kobberstad kjøpte bruket i 1921. Han var gift med Eli Isaksdatter frå Isakebruket i Loen. Dei bygde nytt hovedhus som var ferdig i 1924. I slektsdelen (Lokhis) vil slekta på bruket bli ajourført fram til i dag .