LOKHIS. Modell

Til Lokhis-start

Figur 1. Modell

LOKHIS - Modellspesifikasjon

LOKHIS står for Lokalhistorisk Informasjonssystem. Det er eit konsept for å forvalte og formidle lokalhistorisk informasjon ved hjelp av web-teknologi med internett som transportveg for data.

Systemet er basert på at data vert henta frå sjølvstendig databasar og andre arkivkjelder som utveksle data og funksjonalitet. Prinsippet er det same som for Gårdskart på nett som hentar data frå Statens landbruksforvaltning, Statens kartverk, kommunane og Skog og landskap. Prinsippet tilsvarer elles det som er omtalt som SOA (= Service oriented architecture). Denne type informasjonsløysingar forutset samarbeid mellom dei som forvaltar data

Et system for slekt og lokalhistorie etter dette prinsippet vil ha databasar for personar og eigedomar/bustadar som basis (kalt "Slekt" i modellen). I tillegg må det kunne hentast informasjon frå kjeldedatabasar (kyrkjebøker, folketeljingar, matriklar, utvandringslister m.m.), kartdatabase, bildearkiv og digitalt tekstbibliotek.

I staden for trykte bygdebøker vil det etter Lokhis- prinsippet vere eit dataprogram som hentar ut informasjonen og styrer dialogen med brukarane (kalt "Lokhis" i modellen)

Å får til nødvendig samarbeid mellom aktuelle organisasjonar har vist seg å falle utanfor det ein privatperson på hobbybasis kan få til. Det er derfor laga ein prototype for Loen etter Lokhisprinsippet på hobbybasis. Hobbyfortaket Loen-webinfo har etablert databasar for person , eigedom , kjelde, bilde og tekst, og eit oppslagssystem som hentar data frå desse databasane.

Samanlikna med tradisjonelle bygdebokprosjekt vil etablering av eit lokalhistorisk informasjonssystem ha følgjande utfordringar og fordelar:

Utfordring.

Fortrinn.