Sjurebruket Etterslekt.
Generasjon 1844-1857

Tilbake til:
Litterturlista
Start Eterselt etter 1800
Gen. 1814_1823

INNHALD

Gen. 1844-1857
Generelt om fam.

Ola f. 1847
Neste gen. 1867-1882

Jannike f. 1844
Slektsoversikt
Antunsbruket Loen
Johansbruket Tjugen

Arnt f.1849, Rasmus f.1858
Slekta i Amerika. Del 1

Lenke til Lokhis:
Anders olsen f. 1814. Nett ; Privat

Slekter frå Sjurebruket i Loen

Generasjon fødde 1844-1857.

Anders (1814-1883) var gift med Olina Arentsdotter (1819-1886). Ho var frå Framigardsbruket på Rake, og det var søskenbyte slik at Malene, søster til Anders, vart gift til Rake med Arent bror til Olina.

Anders fekk skøyte i 1846. Han hadde stor interesse for slåtteteigane i utmarka. Ola, son hans, fortalde at han såg lite etter å rydje bort runnar som vaks opp på heimebøen, men han passa på å rydde bort kvar ein kvist i skogaslåtten.

Anders og Olina hadde fem born: Ola, Jannike, Arent, Lars og Rasmus.

Ola (1847-1928) vart brukar på Sjurebruket,og i sitt 20. år gifte han seg med Olina frå Antunsbruket (1840-1901). Dei fekk 6 born fødde i perioden 1867-1880. Sjå eige kapittel om denne generasjonen.

Jannike (1845 - 1915) var eldst. Ho vart gift med med Ola på Antunsbruket i Loen (1843 - 1913). (Sjå om henne under Antunsslekta i Loen).

Arent (1849- ) og Rasmus (1858 - 1930) reiste til Amerika. Begge vart gifte, men det var berre Rasmus som fekk born. Rasmus var spelemann då han var heime (sjå omtale av Arent og Rasmus under Sjureslekta Amerika. Del 1).

Lars (1852- ) døydde då han så vidt var vaksen.

Til dokumentstart

Jannike Andersdatter f. 1844 si slekt

Jannike Andersdatter (f. 1844).Slektsoversikt


Jannike vart fødd i 1844 på Sjurebruket i Loen og var den eldste av borna til Anders og Olina. Jannike gifte seg med Ola Antonsen på Antunsbruket i Loen 07.juli 1868. Ho var då 23 år og han 25 år. Med dette ekteskapet er det at Antunsslekta og Sjureslekta kom saman.

Her vart det søskenbyte meddi søstra til Ola, Olina Antonsdotter, gifte seg med broren til Jannike, Ola Anderson frå Sjurebruket.

Ola hadde fått skøyte på bruket 3 år før han gifte seg, og Jnnike gjekk dermed rett inn i rolla som husmor på garden.

Jannike og Ola hadde 3 born. Kristianna (f. 1868) var den eldste. Ho vart gift med Knut Anderson Tjugen på Johansbruket, nr. 2. Om dei er det fortalt i bolken om Johansbruket på Tjugen. Og så hadde dei to søner, Anders (f. 1874) og Ola (f. 1877).Omtala av desse er med i bolken om Antunsbruket i Loen


Til dokumentstart

Jannike Andersdatter f. 1844 si slekt

Slekta på Antunsbruket i Loen.

Antunsbruket og dei første brukarane

Antunsbruket har i dag bruksnr 4 på garden Loen med gardsnr 70.Ved utskitninga i 1898 vart husa på dette bruket flytta ut frå det gamle tunet, og husa vart byde opp att på Bjørkevollen lenger aust.

I Bygdeboka for Innvik og Stryn av Jacob Aaland finn vi ikkje noko om Antunsbruket før kring 1700. Men det er truleg at det var utskilt som eige bruk tidlegare. Den første brukaren vi høyrer om er Jon Jokumson "Nigard". Dette namnet Nigard kunne gje oss tru på at dette var eldste bruket nedan for kyrkja. Ovan for kyrkja veit vi at der var Innigard bnr. 14, Utigard bnr 1 og Framigard bnr 8. Då kunne vi tenkje oss at det var eit bruk nedan for kyrkja som heitte "Nigard. Det kan og vere frå den tid tunet vart delt med bruk både ovan for kyrkja og nedan for. Det er lenge sidan. Vi har eit diplom frå 1367 der det vert fortalt om eit makebyte som gjekk for seg i Loen i øvre tunet ovan for kyrkja. (Bygdeboka bind 1 side 615). Alt då var garden delt i to tun, og nemninga Oppigard og Nigard har vore brukt like til våre dagar.

Korleid denne Jon Jokumson hadde vorte brukar av bruk nr 4 vart det ikkje fortalt noko om, og vi finn ikkje noko om han i manntalet for Loen i 1701. I Bygdeboka står det at han hadde vore i kongens teneste i København, og at han hadde eit pass frå 1701 . Han var gift med Kari Vilhelmsdotter Bødal. Ho var frå bruk nr. 5 i Bødal. Denne Jon Jokumson var brukar i 1711, men han må ha dødt ung, for alt i 1717 er kona hans gift på nytt med Jon Steffenson Bødal som då er oppgjeven som brukar. Vi finn ikkje far til Jon Steffenson i ættetavlene i Bødal, så det er vel noko uvisst om han var frå Bødal.

Vi høyrer ikkje om at der var søner i desse ekteskapa. Har dei hatt søner som vart vaksne, så kan dei ha fare bort. Det var ofte i denne tida at vaksne gutar reiste til koparverket i Røros for å tene pengar, og det var mange som slo seg til der for godt. No får vi høyre om ei dotter, Dorte Jokumsdtatter Loen som vert gift med Jakob Abrahamson, og han vert no brukar på bruket. Han kom kanskje frå bruk nr. 1 og var son til Abraham Byrgeson. Jakob vart brukar i 1741, og truleg var det same året han gifte seg med Dorte, for året etter i 1742 høyrer vi at jordeguten Abraham er fødd. 25 år gamal får Abraham skøyte på bruket, med di han då kjøper bruket av H.P. Finde for 90 riksdalarar, og han vert den første sjølveigaren på bruket. Men alt 3 år etter i 1770 døyr han 28 år gamal. Då han ikkje var gift og hadde nokon livsarvingar, er det søstera Kari som overtek bruket. Ho gifte seg med Anton Larsen, og han var truleg frå bruk nr. 14 i Loen. Han er det bruket har fått namn etter. (I Bygdeboka og i manuskriptet etter Olav A Loen var det skrive Antonsbruket. I denne utgåva på internett har ein skrive Antunsbruket slik det vert uttala i dag) Om bruket tidlegare heitte Nigard etter den første brukaren vi høyrer om, veit vi ikkje, men kvart bruk hadde nok sitt serskilde namn tidlegare og.

Sonen Jakob Antonson fekk skøyte på bruket i 1801. Han gifte seg med Helga Jørgensdotter Sæten frå Jørnbruket nr 7, og ho er frå dei eldste slektene på Sæten. Frå ei av døtrene deira, Siri Jakobsdotter, har vi på Sjurebruket ei plaggøskje frå 1860. Sonen Anton fekk skøyte i 1833 og han vart gift med Kristi Olsdotter Bødal frå Gjerstunbruket nr. 4. Dette er ei evnerik slekt som er spreidd vidt ut over i Nordfjord og vidare med. Borna deira var Helga som var den eldste, Ola og Olina. Helga varT gift med bygdedoktoren Mattis Olson Loen.

Ola Antonsen (1843 - 1913)

Ola gifte seg med Jannike Andersdatter frå Sjurebuket. Med dette ekteskapet er det at Antunsslekta og Sjureslekta kjem saman. Ola fekk skøyte på Antunsbruket i 1865, han var då 22 år gamal. Faren Anton levde enno i 7 år og hadde kår på garden. Det ser ut til at dei ofte i den tida let sønene overta garden i tidleg alder. Han Sjur-Ola fekk og skøyte på garden i 1865, og då var han berre 18 år gamal. Men det var truleg faren som styrde til han Ola gifte seg 20 år gamal.

Ola var ein evnerik kar, og han var serleg interessert i frukthagen sin. Dei hadde ein stor, fin eplehage nedanfor kyrkjegarden før utskiftninga i 1898. I den tida budde Antunsane like opp til kyrkjegarden. Der stod husa tett i tett som ein landsby med Antunshusa nærmast kyrkja, og Halstein og Arne i same tunet. Nedanfor var det Magne, Sjure og Truls. Kvart bruk hadde mange hus og dei stod så nær saman, så det somme stader var berre så vidt ein kunne gå mellomn husa.

Han Ola var ikkje sers høg men kraftig og sterkbygd, og med lange og buskete augnebryn. Han vart tidleg dårleg til beins, det var truleg gikt som gjorde at han fekk skade i føtene. Men i staden var han meir enn vanleg handesterk. Det er fortalt om ein gong loarane var i eit brudlaup i Oldedalen. Det var kanskje i brudlaupet til Helga Olsdotter frå Inigardsbruket som gifte seg med Ingebrigt Yri på bruk nr. 1. Dette brudlaupet var truleg i slutten av 1860 åra. Mange av gardbrukarane i Loen var då i sine best år. Det var Ola Framigard, Gmle Lønden, Sjur-Ola og Antuns-Ola. Det har vorte sagt om dei at dei tolde godt sterke drikkar utan at det synte på dei.

Dei var prateglade og han Antuns -Ola vart noko høgrøsta. Då det leid ut i dette laget var det ein ungdom som gjerne ville prøve styrken sin med ein av lokarane. Dei samrådde seg, og fann ut at han Antuns©Ola var den mest hande- sterke, og fekk han først tak, var han ikkje god å kome ut for. Det vart til det at han skulle prøve seg. Han som ville prøve styrken til lokarane, heitte visst Jens. Då han kom, greip han Antuns - Ola tak i han med begge hendene og drog han inn i famnen sin, så den andre sat som i ei skruestikke. Og så tok han Ola han Jens i trøyekragen og buksebaken og slengde han langt i frå seg. Og då var han høgmelt og ropa ut at slike rotter kallar vi for myser, og er det fleire som vil prøve seg, så fekk dei kome fram. Det var ikkje fleire som melde seg. Og brudlaupet skreid fram og øltynnene vart tømde utan at det er nemnt om meir stridslyst i dette laget.

Ola hadde ingen annan skule enn den ungdomsskulen han gjekk i til han vart konfirmert. Men han var heile si tid overlag interesert i alt som heitte geografi, og lærar Arne Loen sa at han hadde så store kunnskapar i dette faget at han sikkert kunne setje fast mange med lærarutdaning.Då han vart gamal, vart han så dårleg i beina at han måtte gå med to stavar. Han var likevel med i slåtten. Han stødde seg på ljåen og ein stav, og så sette han staven inn mellom føtene og slo ikring seg så langt han nådde. Tok så staven for å gå fram eit skritt til for å nå grastromen, og slo ei ny skåre ikring seg. Og handsterk som han var, så muna det med slåtten på denne måten og. Ho Janikke, kona hans Ola, var stillfarande og arbeidssam. Ho var eit fredens menneske som ikkje førde ufred med nokon, og ho bar sin lagnad, som ikkje alltid vart så lett, med tolmod og utan å klage. Dei hadde tre born. Kristianna var den eldste. Ho vart gift med Knut Anderson Tjugen på Johansbruket, nr. 2. Om dei er det fortalt i bolken om Johansslekta på Tjugen. Og så hadde dei to søner, Anders og Ola.

Anders Olson (1874 -1898).

Han Anders var den eldste av gutane deira. Alt tidleg synte han å ha evner ut over det vanlege. Då dei første gongen feira 17. mai i Loen i 1860 , heldt lærar Lars Kr. M. Loen tala og mana folk til å ta vare på våre gamle fedreminne. Anders var då 12 år, og då lova han seg sjølv at han ville gå inn for å samle og verne om minna frå fedrene, og 19 år gamal gav han ut ei bok: " Fra Nordfjord. Bygdesagn, folketro skrøner etc. Af A.O. Loen . Eget forlag. Nordfjordeid. J. O. Olsens bogtrykkeri 1893". Segnene og folkeminna var på bokmål, men der var og nokre stykke som var fri dikting, som var på dialektforma nynorsk. Han skreiv og i Firda og Sygnafylkets avis som Mons Littlere gav ut i Bergen. I "Unge skud", eit ungdomsblad som kom ut på Nordfjordeid frå 1893, med Lorentz Nybø som redaktør, finn vi i 1894 eit dikt av han. Diktet heiter: "Til unggutten".

Lat Livet deg smage
i ungdommens dage,
mens let er ditt sind.
Pluk blomster og blade
før de deg forlade,
de snart svinder ind.

Se først til at finde
deg en vakker kvinde,
at kalde for din.
med sjel som din egen,
og munter i legen,
med roser på kind.

En slig som kan fatte
de dybeste skatte
ditt hjerte har gjemt.
En slik som kan gjette
det gode og slette,
som længst du har glemt.

En slig som kan finde
det såre der inde
når sindet er klemt.
En slig som til smerte
og jubel ditt hjerte
hver stund kan få stemt.

Og vinder du hende
da let du vil finde
ditt mål og ditt med.
Og rig vil du være
så stort i din kjære
hver tid og sted.

Og dagen vil rinde
og tiden vil svinde
så lyk'lig derved.
Og tanken vil vendes
din sjæbne vil endes i kjærlighed.

A. Loen

Dette var kanskje meir enn romantikk for den 19 år gamle guten. I 1895 skipa han Loen ungdomslag. Men så var det noko som svikta for han. Nokon seier at det m.a. var jentesorg. Det seiest at han hadde ei jente, men då han ville ha borgarleg vigsle, så ville ho ikkje gå med på det. Andre ting kom nok og til, og 24 år gamal i 1898 enda han sine dagar. Kanskje var dei for ulike, han fann ikkje henne "som kan fatte de dypeste skatte, dit hjerte har gjemt" Meir om Antuns -Anders finn de i Årbok for Nordfjord, 1951.

Ola Olson Loen (1877 - 1911)

Ola, bror til Anders, var ein stillfarande mann som ikkje stakk seg fram. Han likna sikkert mykje på mor si. Då han var 20 år for han til Amerika. I den tida var Amerika det vissaste for dei som ikkje hadde noko visst å gå til heime. Broren var det som skulle ha garden, men då han døde hausten 1898, og foreldra bad han om å kome heim, gjorde han seg strakst ferdig og reiste heim. Ei jente som han var saman med før han for, hadde og fått ein gut som han var far til, og no gifte han seg med henne: Brite Steffensdotter Heggen (1879 - 1918). Dei tok no til på Antunsbruket.

Han hadde sett at folk bruka meir maskiner då han var i Amerika, og det vart han som kjøpte den første slåmaskina i Loen i 1901. Etter utskiftninga fekk Antunsane no eit stort arbeid med å fløtte ut frå det gamle tunet. Dei fekk jorda si i eit stykke frå Teigane og inn til Hagedalen, og dei bygde dei nye husa sine på Bjørkevollen. Han Ola var ein ordensmann i alt arbeid han tok seg for, og hendig i arbeid. Skøyte på garden fekk han først i 1910, og alt året etter i 1911 døde han av tuberkulose, 33 år gamal. Brita, kona hans livde igjen med mange små barn. Den eldste var 13 år og den yngste berre 2 år. Borna var: Johannes, han døde ung av tuberkulose, Oskar, Simon, Lina, Alfred og Jenny. Brita gifte seg på nytt med Henrik Bertelson Viken frå Jølster, og han vart då styrar på garden. Men også Brita fekk tuberkulose og ho døde i 1918. Dei hadde desse borna: Olga, Ellen og Borgny. Sidan gifte Henrik seg med Brita Vilhelmsdotter Yri. Dei hadde sonen Bård. Då Oskar overtok bruket i 1928, flytte Henrik med huslyden bort, og dei for sidan til Espeland i Hordaland.

Oversikt over borna til Ola f. 1877.

Namn/ Fødd
Livshistorie.
Oskar f. 1900

Oskar Olsen (1900) var den eldste av borna og overtok Antunsbruket i 1912.

Sjå meir om Oskar i eige kapittel

Simon f. 1902

Simon Olsen (1902) var son til Ola og Brita på Antunsbruket. Etter at han vart vaksen var han tenestegut, serleg var han oppe i Lodalen, men i 1921 for han over til Amerika. Han gifte han seg med søskenbarnet sitt Emma Gimmestad (1910 - 1961). Saman dreiv dei busservice og køyrde skuleborn. Simon Olsen vitaj heimbygda Loen heile 14 gonger.

Meir om Simon Olsen i USA i eige kapittel

Lina f. 1904

Lina Olsdotter Loen Barmen er den eldste dottera til Ola og Brita på Antunsbruket. Ho var gift med Botolf Barmen (f. 1913). Han var fiskar og dei bur på Barmen: Dei hadde berre eitt barn: Oddny (f. 1926).Ho er gift med Wilhelm Kråkereid (1921). Han er industriarbeidar. Barn : Bjarte (1958).

Alfred f. 1906

Alfred var den nest yngste i barneflokken til Ola og Brita i Antuns. Han gjekk Mindresunde rdbruksskule, og var på ymse arbeid. Han gifte seg i 1936 med Borghild Sandal (1909 -1945). Ho hadde ein liten gardpart på Barmøy. Garden var så liten at Alfred dreiv fiske ved sida av. Dei hadde 3 born: Paul, Bjørg og Olav. Etter at første kona var død, gifte han seg med Laura Brmen (f. 1919) i 1954. Dei siste åra hadde Alfred dårleg helse og han døde 70 år gamal.

Jenny f. 1909

Jenny var den yngste av borna i Antuns til Ola og Brita. Ho er gift med Ingvald Tornøe(1896). Han var gardbrukar og hestehandlar, og dei har gard på Fister i Selje. Barn: Karen Brite.

Til dokumentstart

Simon Olson Loen i USA

Simon Olsen (1902) var son til Ola og Brita på Antunsbruket. Etter at han vart vaksen var han tenestegut, serleg var han oppe i Lodalen, men i 1921 for han over til Amerika. Han tok til med ymse arbeid. Han var og i dei store skogane på tømmerhogst. Men det vart liksom ikkje den vinninga som han hadde venta å få i Amerika.

Etter nokre år gifte han seg med søskenbarnet sitt Emma Gimmestad (1910 - 1961), og no tok dei saman til å leggje planar for framtida. Dei budde i Montevideo i Minnesota. Det var ein by i god utvikling. Dei hadde no bruk for buss til å køyre borna til skulen, og Simon Olsen, som han kalla seg etter at han kom til Amerika, fekk denne jobben. Det var i 1933. Han var då nygift familiemann og hadde fått første barnet, Rosella (1927). Sidan fekk han Stanley (1932 - 1935) som døde tidleg til stor sorg for foreldra.

Men på arbeidsplassen hadde dei framgang, og det vart stadig utviding med nye skulebussar. Både Emma og Simon køyrde kvar sine bussar, og elles tok Emma seg av rekneskap og bokføring, og det var eit godt samarbeid mellom dei to. Etter som arbeidet auka, måtte nye folk tilsetjast. Dette var eit yrke som Simon høvde vel til, han hadde nett det rolege og vinnande laget til å vere sjåfør. Han tok til med 4H og anna turkøyring i sommarhalvåret i tillegg til skulekøyringa. Det vart lange turar på fleire dagar, og ofte til mange av dei andre statane. Simon var akkurat den sjåføren alle ville ha. No har han 14 bussar, men no har han nått den alderen at sjølv om helsa er god vil han helst trappe ned. Emma, kona hans, døde frå han i 1961. Då var eit godt kompaniskap slutt som han aldri gløymer.

Simon Olsen var ein god norgesven. To gonger var han til heimbygda Loen medan kona livde og var med han, og no kjem han kvar sommar, han er like viss som fløttfuglane, og han har i alt vore her 14 gonger.

Rosella var einaste dottera til Emma og Simon Olsen, og ho gjekk straks ho var vaksen inn i arbeidet i Buscervice, og har overteke mykje av leiinga i verksemda. Ho er gift med Elroy W Macziewski (1921). Han er farmar. Dei har desse borna: Judi L (1946) Eugene E (1951), David L (1953) og Lanny A. (1966).

Til dokumentstart

Oskar Olson Loen (1900 - 1973).

Oskar hadde alt fått skøyte i 1912. Men etter at han vart konfirmert var han borte som tenestegut, serleg i Lodalen, og han var i snikkarlære. Han kom heim og overtok garden i 1928. Han var då gift med Kari Jonsdotter Eide (1897 -1937). Foreldra hennar hadde kjøpt seg gard i Ørskog på Sunnmøre, men dei selde den garden og fløtte til Antunsbruket til svigersonen og var der så lenge dei livde. Oskar og Kari fekk 3 born: Ei jente som døde som barn, Bergit og Palma.

Bergit (1929) var eldste dottera til Oskar og Kari på Antunsbruket. Ho er gift med byggmeistar Anders Berhart Hatlenes. Dei har desse borna: Kari, Inge Olav, Ove Jan og Anders Ståle.
Palma var i mange år på tekstilfabrikken i Indre Arna. Ho er gift med Otto Andersen. Dei har sonen Kjell Magne (1973)

Oskar var som far sin flink i arbeid. Då demma i Lofossen vart riva bort i Loenulukka i 1936, vart han arbeidsformann og bygde opp att demma slik ho står den dag i dag. Han miste tidleg kona. Ho døde 40 år gamal i 1937 medan begge jentene var små. Sidan gifte han seg med Ingeborg Karolusdotter Kolset (1901) og dei fekk gutane OLa og Kåre. Ola (1944 - 1957) var berre 13 år gamal då han døde brått frå dei. Guten var kvik og evnerik, og det var eit tungt slag for foreldra. Oskar vart tidleg stiv i lemene, og det gjorde han etter kvart arbeidsufør. Det ser ut som det kan vere ein veikskap i slekta. Oskar var vel 72 år gamal då han døde i 1973. Oskar var arbeidskunning og kunne sjøl gjere alt som trengdest på garden av vedlikehald.

Kåre vart brukar på Antunsbruket og fekk skøyte i 1973. Han var gift med Brit Bonsaksen (1950) frå Sandvær på Helgeland. Dei har 3 born : Ann Karin (1969), Odd Ivar (1970) og Ronny (1971).

Til dokumentstart

Jannike Andersdatter f. 1844 si slekt

Johansbruket på Tjugen


Kristianna Olsdatter (f.1868)
Slektsoversikt

Kristianna var gift med Knut Andersson Tjugen (1868 -1918). Med dette giftarmålet kom Johansslekta på Tjugen saman med Antonsslekta og Sjureslekta i Loen. Kristianna var dotter til Ola frå Antunsbruket og Jannike frå Sjurebruket.

Knut Anderson Tjugen overtok bruket og fekk skøyte i 1891.

Kristianna og Knut hadde 11 born: Brita (f. 1891), Josefine (f. 1893), Anders (f. 1895), Ola (f. 1897), Johannes (f. 1899), Anna (f.1901), Oskar (f. 1904, Alf (f. 1906), Konrad (f. 1909), Oddny (f. 1911), og Kristian (f. 1916),

Det var eldste sonen Ander som overtok Johansbruket på Tjugen etter foreldra. Då han døydde ovetok den yngste av borna, Kristian. Det er sonen hans, Knut som er bruket i dag (år 2006). Han driv Campingplass

Til dokumentstart

Jannike Andersdatter f. 1844 si slekt på Tjugen

Johansbruket, bruk nr 2, på Tjugen

Bruket og brukarar.

Bruket og dei første brukarane
På Johansbruket veit vi at same slekta har livt sidan først på1600 talet. Tjugen er truleg ein svert gamal gard. Den gamalnorske forma var Tyfin med gamalnorsk T. Det vitnar om at det er ein "vin" gard, og dei som har denne endinga er rekna for å vere mellom dei eldste gardane i landet. Brukarane var leiglendingar, som dei fleste i desse bygdene var ifrå slutten av mellomalderen.

Ei tid på 1600 talet var garden driven av futen Jørgen Post og kona Sofia Jonsdtr. Garden vart innløyst av brukaren Knut Johannesson som fekk skøyte i 1822. Det går segner om fleire av brukarane at dei var overlag sterke. Serleg er det mange segner om Johannes Knutson (1759-1844). Det fortelst at han tok ein labete på herda inne på Åsen, og han bad dei andre som var der å sende han ein stokk til lettingekjepp, og det var ei lasperre. Han bar både labeten og lasperra på herdane i ein gong frå Åsen og heim. Det var over 1 km. Også ein av sønene hans, Kristen,som var plassemann går det segner om kor sterk han var.

Knut Andersen Tjugen f. 1868
Inn i denne sterke og sermerkte bondeslekta var det Kristianna kom då ho gifte seg med Knut Anderson Tjugen. Han overtok bruket og fekk skøyte i 1891. Knut var ein interessert og flink bonde. Han dyrka opp mange mål av den steinete men flate eigedomen, og han la seg etter å få ein gild buskap både av kyr og sauer. Han var den første i Loen som tok til med reinrasa sheviotsau. Også kyrne utmerkte seg med mange gode premiar på bygdesjåa.

Knut var og ein interessert fjellmann, og han var i mange år førar og hadde tilsyn med Klaumannstårnet på Skåla. Han var og interessert i turistnæringa, og saman med fleire mann frå Loen var han formann for den skysstasjonen med 5 - 6 hestar som var stasjonert ved Hotel Alexandra. Dei dreiv med kalesjeskyss med to hestar. Dei var ofte på langturar til Mindresunde, Hellesylt og Øye. Turen til Mindresunde vart gjort på ein dag både fram og attende. Til Hellesylt (7 mil) og til Øye (8 mil) brukte dei ein dag fram og ein dag attende. Dette varde fram til krigen kom i 1914.

Kristianna var ei stillfarande kone, men ho var kunnig og med i alt arbeid på garden både ute og inne. Kristianna og Knut hadde ein sers ordensans, og sette pris på å ha det velstelt. Sjøl kunne dei gjere arbeidet med å få til sko og klede til heile den store huslyden. Det var 11 born som vaks opp i denne søskenflokken: Brit, Josefine, Anders, Ole, Johannes, Anna, Oskar, Alf, Konrad, Oddny og Kristian. I 1918 døde Knut av lungebetendelse berre 51 år gamal. Borna var då så store at dei elste var farne heimanfrå, og Anders og dei andre søskena som var heime, hjelpte mor si så alt gjekk som før. Kristianna var ufør i dei siste åra og døde i 1937.

Brukarane fram til i dag
Anders f. 1895 var den elste av gutane og tok over ansvaret då faren fall ifrå. I 1929 for han til Amerika og var der i ca. 9 år. Medan han var der borte var det broren Ola f. 1897 som styrde garden. Det var ei vanskeleg tid, men han dreiv garden godt og han hadde ein planteskule og selde frukttre. Anders kom igjen i 1938 og heldt fram som bonde på Tjugen og som fjellførar. Anders var ikkje gift og i 1957 skøytte han garden til den yngste broren, Kristian f. 1916 . Kristian var framleis brukar då Olav A Loen skreiv denne slektshistoria. I dag, 2006, er det sonen Knut f. 1949, som er brukar. Det står meir om Anders og Kristian i kapittelt om borna til Ola og Kristianna

Anders hadde teke til med å forbetre driftsbygningen og Kristian heldt fram seinare. Dei bygde ny låvebru med køyrebane og reiv bort dei tjukke murane under fjøsane, utvida sauefjøsen og fekk lagerrom til kålrot og poteter. I 1962 tok Kristian for seg stovehuset og bygde det opp i to fulle høgder. Kristian har og ført ein hard og utrøytteleg strid med steinen på Tjugen. Mange nye mål jord har kome under kultur i hans tid. Det er slitsamt, men det gjev stor glede og hugnad å sjå voksteren og framgangen. Det vart fleire dyr på båsen og meir å vende. Nye ting med siloar og mjølkemaskiner vart tekne i bruk. Og det siste er at tankbilen kjem på tunet og hentar mjølka inn til meieriet.

Til dokumentstart

Jannike Andersdatter f. 1844 si slekt på Tjugen

Borna til Kristianna og Knut

12.4 Brite Knutsdotter Tjugen (1891-1978).

Brite er eldste dotter til Knut og Kristianna. Ho reiste til Amerika i 1913. Der gifte ho seg med Martin Mikaelson. Han var frå Sverige og dreiv kjøttforetning i Mineapolis i Minnesota. Dei har ei dotter: Marion (1928). Ho er kontordame i eit juristfirma, og er no i Honolulu på Hawai.

12.5 Josefine Knutsdtr. Tjugen (1893 - 1980)

Josefine har gått Kroken husstellskule i Sogn. Gift med Alf Førde (1897 -1970) frå Bremanger. Dei hadde eit lite gardsbruk i Berle, og Alf var anleggsarbeidar og fiskar ved sida av yrket på garden . Dei har borna: Kjellaug, Jenny, Malvin og Knut.

Kjellaug Jorunn Alfsdtr. Førde (1921) er gift med Henrik Fløtre (1921). Han er arbeidsformann for Årdal Aluminiumsverk i Årdal. Dei har 4 born: Jonny Svein (1951),Jorunn Alvhild (1954), Sisel Helene (1956) og Irene (1958). Jonny Svein er gift med Lisbeth Solmøy Svarthumle (1951). Jonny er teknikar på Sandane. Sissel Helene er gift med Nils Johan Bøe. Dei bur på Voss

Jenny Alfsdtr. Førde Dahl (1924) har vore sydame. Gift medOle Dahl (1928). Han er frå Sykylven og er fabrikkarbeidar. Dei har tre gutar: Arne Johan, (1949), Inge Anfinn (1952) og Robert (1956). Arne Jon var gift med Ellen Margrete Ervik (1955) frå Nordfjordeid og dei har ei jente, Jenny. Arne Jon er restaurantsjef i Molde. Inge Anfinn er gift med Kari Skottebø (1952) frå Fagernes. Han har gått hotellfagskule i Stavanger. Han har arbeidd på Hotel Alexandra i Loen, og er no hotelldirektør på Fagernes. Robert Jan er gift med Grete Isaksen (1958) frå Bergen. Han har gått hotellfagskule i Stavanger, har drive med damekonfeksjon på Fagernes, og er no kontorsjef i Auto 23 i Førde.

Malvin Alfson Førde (1929) er fiskar og gardbrukar i Berle. han er gift med Magny Førde (1949) frå Bremanger. Dei har to gutar: Odd Arild (1972) og Jan Inge (1978)

Knut Alfson Førde (1935) er gift med Astrid Vassøy frå Sandnes (1945). Dei har tre born: Anne Gunn (1964), Grete (1966) og Keth Anette (1978)

12.2 Anders Knutsen Tjugen (1895 (-) 1965).

Anders var den elste av gutane og tok over ansvaret då faren fall ifrå. Det var han vel skikka til, han var sterk og glad i å arbeide. Han hadde gått Fjordane fylkesskule på Nordfjordeid og Mo jordbruksskule. Skøyte fekk han i 1927. Det vart mykje nydyrking, og han hadde god hjelp av brørne sine. Han var og ein friluftsmann som var glad i å ta turar i fjellet. Han var førar til Skåla, og elles ein kjend fjellmann som hadde vore til topps på dei fleste fjella her ikring.

I 1929 for han til Amerika og var der i ca. 9 år. Der prøvde han litt av kvart, og lengste tida var han i Canada. Der var vanskelege tider også der borte, men tiltakssam som han var, hadde han alltid fullt arbeid. Han tok på seg arbeidsoppgåver med å byggje hus, og hadde folk i arbeid med seg. Medan han var der borte var det broren Ola som styrde garden. Det var ei vanskeleg tid, men han dreiv garden godt og han hadde ein planteskule og selde frukttre. Anders kom igjen i 1938 og heldt fram som bonde på Tjugen og som fjellførar. Han var og interessert i kulturarbeid og hadde vore formann i Loens Ungdomslag før han for til Amerika. No vart han formann i Loens idrettslag, og han stod for opparbeiding av idrettsplassen og bygging av klubbhuset. I 1957 skøytte han garden til den yngste broren, Kristian. Anders døde nær 70 år gamal i 1965.

12.6 Ola Knutson Tjugen (1897)

Han er den nestelste av gutane til Knut og Kristianna på Tjugen. Han har gått på jordbruksskule, hagebruksskule og lærarskule. Han styrde Johansbruket på Tjugen medan Anders var i Amerika i ca. 9 år. Han fekk lá'árarpost på Sortland og vart skulestyrar på Maurnes skule. Ved sida av læraryrket dreiv han gartneri med drivhus. Han var gift med Borgny Larsdtr. Hilde (1900 (c) 1978). Ho har gått folkehøgskule, og har vikariert som lærar i mange år. Etter oppnådd aldersgrense fløtte dei til Nes i Hedmark og bygde seg heim der. Også der fekk dei seg hage og dreiv med gartneri. Dei har desse borna: Knut, Kristi, Leidulf, Erling, Solveig og Olav.

Knut Tjugen (1937) er eldste sonen til Ole og Borgny. Han har teke artium, handelsgymnas og lærarskule. Han er inspektør ved Drammen ungdomsskule og dei bur i Drammen. Han er gift med Synøve Kristensen (1928) frå Eidsvoll. Ho er sjukepleiar. Born: Erling og Knut Inge

Kristi Tjugen Hagen (1929) har gått ungdomsskule, Stabekk husmorskule og er husmor. Ho er gift med Halvard Hagen (1922) frå Lunner. Han er formann ved Veteriná'árhøgskulen og dei bur i Oslo. Dei har desse borna: Arnulf, Elin, Ole Geir, Bente og Knut Erik

Leidulf Tjugen (1931) har artium, handelsgymnas, befalskule, lærarskule og Statens lærarskule i forming. Han erhøgskolelektor ved den pedagogiske høgskulen i Halden. Han er gift med Charlotte Lutken (1941) frå Kvissek i Danmark. Ho har artium og er bibliotekar. Dei bur i Halden. Born: Ole Bjørn og Karina.

Erling Tjugen (1934 (c) 1954) var berre 20 år då han omkom ved ei drukningsulukke. Det var eit tungt slag både for foreldre og søsken. Solveig Tjugen Kleven (1936) har realskule og Rosenvilde husmorskule, og ho er kontordame. Ho er gift med Kjell Fredrik Kleven (1937), fødd i Skoger. Han har artium og har studert bedriftsøkonomi, og er systemsjef. Dei er busette i Skien. Born: Øystein, Oddbjørn og Marianne. Olav Hilde Tjugen (1942) er cand. real (statistikk hovudfag) og han er forskar. Han er gift med Kari Bråthen (1948) frå Ski og dei bur i Fjellhamar. Kona er sykepleiar. Born: Oddvar, Trygve og Karianne.

12.7 Johannes Knutson Tjugen (1899 - 1981)

Johannes gjekk Fjordane Fylkesskule på Nordfjordeid og Nesna Læarskule. Han har vore lærar på Beieren skule ved Bodø og Fivelsdal skule og almenningsskule. Han er gift med Helga Nore (1908) frå Bryggja. Han er no slutta etter oppnåddaldersgrense, og dei har bygt seg hus og bor på Bryggja.

12.8 Anna Knutsdotter Tjugen Ytrehus (1901)

Anna gjekk Fjordane Fylkesskule på Nordfjordeid. Ho er gift med Knut Ytrehus (1898). Han har gått lærarskule og er lærar på Eike skule i Tysvær kommune, og dei bur ved Grimstad. Dei har desse borna: Bjørg, Kjelrun, Einar og Olav. Bjørg Ytrehus Igland (1929) er gift med Ivar Igland (1930). Han driv med sagbruk og bygningsartiklar ved Grimstad. Dei har desse borna: Knut Arvid (1955), Torstein (1957), Kåre (1958), Bjørn Inge (1964) og Hanne Britt (1966). Kjelrun Ytrehus (1932) er hjelpepleiar og bur ved Grimstad. Einar Ytrehus (1935) er adjunkt i skule i Birkeland. Han er gift med Aslaug Tønnesen (1938). Born: Knut (1962), Erling (1964) og Bjørnar (1971). Olav Ytrehus (1944) arbeider med forsikring i Arendal. Han er gift med Ellen Halvorsen (1951). Ho er operasjonssøster. Born: Steinar (1975) og Geir (1978).

12.9 Oskar Knutson Tjugen (1904 - 1966)

Oskar gjekk Framhaldsskule, Fjordane Fylkesskule på Nordfjordeid, Mindresunde jordbruksskule, handelsskule og meieriskule i Danmark. Han arbeidde på Hedmark Meieri i Hamar. Sidan arbeidde han i fylkesforsyningsnemnda i Hamar.Han døde 62 år gamal etter skade ved ei sykkelulukke. Gift med Helbjørg Austad (1920) frå Romedal i Stange. Dei hadde bygt seg hus og budde i Vang. Born: Helene og Kristiane.

Helene Tjugen Landheimm (1946) har lærar(c) og kjøkenutdanningog er lærar. Gift med Olav Landheim (1941). Han er elektrikar,og har arbeidt som utviklingshjelp på Gullkysten i Afrika. Born: Bjørnar og Ragnhild.

Kristiane Tjugen Brenne (1948) er gift med Tore Brenne (1946). Begge arbeider i skulen i Ottestad som adjunkt. Born: Ingeborg (1972) og Øyvind (1982).

12.10 Alf Knutson Tjugen (1906).

Han gjekk to år på snikkarskule . Han for til Canada i 1928og var der til 1938. Der var tronge og vanskelege tider. Han arbeidde på farm i to år, arbeidde ei tid i skogen. Sidan tok han seg arbeid på smelteverk i Trail i Britisk Colombia. Han tok til som frisør i Stryn i 1940, og med det yrket heldt han fram til 1975. Han har kjøpt og bygt hus i Stryn. Han er gift med Kjelfrid Drageset (1909). Ho har gått Nordfjord Ungdomsskule og handelsskule. Utanom husmoryrket har ho arbeidd på foretningar i Stryn. Born: Knut og Asbjørn.

Knut Alfson Tjugen (1950) har gått Firda Gymnas og N.T.H. i Trondheim. Han er bygningsingeniør tilsett ved Norges Vassdrags og Elektrisitetsvesen i Oslo. Han er gift med Ingrid Strandeng (1950) frå Slagentangen. Ho er adjunkt i Oslo. Dei bor i Gjettum ved Oslo.

Asbjørn Alfson Tjugen (1955) har gått Firda Gymnas og Trondheim Tekniske Skule. Han arbeidde på mekanisk verkatad i Holmedal. Gift med Sonja Rivedal (1954) frå Holmedal. Ho har gått på Firda Gymnas. Begge har gått Vinterlandbruksskulen i Oslo og har vore avsløysarar på gard, og dei paktar no gard i Rivedal.

12.11 Konrad Knutson Tjugen (1909 - 1972).

Han gjekk i snikkarlá'áre med Elling Bø i Stryn. Styrde eit stort hønseri til oberst Mjøen i Gjøvik. Styrde ein gard i Nord Odal, arbeidde på trevareverksemda til Langmoen i Brumundal. Konrad var gift med Magnhild Ruttenborg (1914) frå Kapp på Toten. Born: Laila.

Laila Tjugen Johansen (1950) har gått handelsskule og arbeider i Den Norske Kreditbank i Brumundal. Ho er gift med Leif Johansen. Han arbeider på Moelven Bruk i Hedmark

12.12 Oddny Knutsdotter Tjugen Drageset (1911)

Ho har gått husstellskulen i Stryn, og ho er gift med Asbjørn Drageset (1908). Han har gått Nordfjord Ungdomsskule på Vereide. Han var i Canada frå 1928 til 1932. Det var i dei aller vanskelegaste tidene der borte. Han dreiv med sin eigen bil som lastebilsjåfør. Dei har bygt hus og bor i Loen. Born: Jon Knut og Kirsti Brit.

Jon Knut Drageset (1944) har gått realskule i Stryn, Firda Gymnas, Volda lærarskule og lærarhøgsklulen i Trondheim. Han er adjunkt i Olden skule og klokkar i Loen kyrkje. Han er medlem av Stryn kommunestyre. Gift med Rigmor Eriksen (1949) frå Kjerringøy ved Bodø. Dei har bygt hus og bor i Loen. Born: Siri Janne, Aud Hege, Ruth Solveig, Jon Asbjørn og Oddny Kristin Anette.

Kirsti Brit Drageset Høyheim (1947) har handelsskule på Nordfjordeid, og var eitt år i England. Ho tok telefonkurs i Bergen og arbeider no på telefonstasjonen i Stryn. Ho er gift med Erik Høyheim (1939) frå Lyster i Sogn. Han har realskule og arbeider i resepsjonen på Hotel Aleksandra i Loen. Tidlegare var han ei tid til sjøs og arbeidde i Gasa i Afrika. Dei har bygt hus og bur i Loen. Born: Lina Mette, Tom Stian og Trine Heidi.

12.3 Kristian Knutson Tjugen (1916)

Han Kristian gav seg til ei stund heime då han var vaksen og var alt frå barneåra til stor hjelp for mor si då ho var ufør og hadde bruk for hjelp. Han gjekk Mindresunde Jordbruksskule og arbeidde på ein skofabrikk i Spjelkavik. Han er gift med Hjørdis Johansdtr. Mindresunde (1924). Dei kom heim til Tjugen og gjekk inn i arbeidet på garden i 1951, og skøyte fekk han i 1957. Framgangen gjer at det vert lettare på mange måtar, men arbeidsdagen vert likevel lang både for mannen og kona. Og Hjørdis har vore med både ute og inne, det er mangt som skal gjerast for å halde alt i stand på ein stor gard. Ho har og vore interessert i bondekvinnelaget,og ho har vore formann der. Kristian har vore interesert i ungdomslaget, og serleg har han skapt mykje moro med dei mange rollene han har hatt i skodespel som har vort framsynte. Dei har 3 born: Knut Johan, Kirstin Magny og Terje

Knut Johan Kristiansen Tjugen (1949) har gått yrkesskule i Førde, og vart bygningsmann. Han er gift med Lill Berit Martinsdtr. Nesje (1952). Dei tok til med Tjugen Camping i 1973. Han fekk skøyte på garden i 1983. Dei har borna Kristin Monica, Sølvi og Anders Helge.

Kirstin Magny Kristiansdtr. Tjugen (1954) har gått ungdomsskule. Var gift med Terje Vanberg (1973-1979) Han var stuert og reiste i utenriksfart. Dei kjøpte seg hus på Moelven i Utvik, og fekk dottera Merete. Kirstin Magny vart skild i 1979 og gifte seg oppatt i 1982 med Åge Myklebust frå Nordfjordeid. Dei har borna Kristian og Malin. Dei har hus og eigedom i Hovdebygda i Ørsta.

Terje Kristiansen Tjugen (1959) har gått yrkesskule i Stryn,jarn og metallinja. Han arbeider som sveisar på skipsverftet i Rovde, og har eige hus i Syvde. Han gifte seg i 1980 med Mona Vedlog frå Syvde, men dei er seinare skilde. Dei har eitt barn: Henning

Til dokumentstart

Arent (1849) og Rasmus (1858) si slekt

Sjureslekta i Amerika. Del 1.
(Borna til Anders Olsen (f. 1814) og Olina Arentsdotter (f.1819))

13.1 Arent Anderson Loen (1849- )

Arent var den tredje i søskenflokken, og heitte etter bestefaren sin, Arent Arentson Rake. Då han vart vaksen var det fleire som hadde teke til å fare til Amerika i frå Loen, og Arent fekk hug til å reise. Han reiste til Amerika kring 1870. Der borte fekk han seg land og tok til som farmar. Han gifte seg med ei kvinne som kom frå Lillestøl i Hornindal. Dei hadde ikkje born, og Arent døydde i sine beste år. Han hadde hatt lite kontakt med heimen sidan han for. Då han var død, vart det heimsendt noko klæde til Ola, bror hans, mellom anna ein dress og ein diplomatfrakk. Ola gjekk alltid med heimevovne klæde, og han gav diplomatfrakken til Loen ungdomslag. Der nytta dei han i skodespel når det skulle vere embetsmenn med eller det var storfolk

Rasmus Andersson Loen (1858 - 1930).

Rasmus reiste til Amerika 19 år gamal i 1877. Han fekk seg ein 280 acres farm i Swift Falls ved Benson i Minnesota. I 1879 vart han gift med Dorthea Bødal (1859 - 1897), same året som ho kom til Amerika. Ho var frå Samuelbruket, bruk nr. 3 i Bødal. I "Nordfjordingenes historie i Amerika" står det om Rasmus at han fekk seg "Homestead" ved Swift Falls og budde der til han døde. Han var sterk, og glad i arbeid, og åleine slo han høy til 30 storfe, og hausta inn kveiteåkeren sin. Det var meir og tyngre korppsarbeid den gongen enn no. Han var og trufast med i kyrkjeleg arbeid.

I 1925 kom David Verlo heim frå Amerika. Han hadde og ein stor farm i Benson. Han hadde med helsing og gåver frå Rasmus Loen som han kom inn til Loen med. Han kunne fortelje at Rasmus hadde tenkt å reise saman med David på Norgesturen, men i siste liten kom det noko i vegen. Ola, bror til Rasmus, livde då, og han sende helsing og gåver til bake med David. Rasmus og Dorthea hadde 5 born: Andrew, Lena, Emma, Selmer og Dorthea.

Andrew Rasmusson Loen (1880 - 1964)

Andrew vart gift med Gertrude Strand (1883 - 1971). Begge to var fødde i Benson Minnesota. Foreldra til Gertrude var Rasmus og Lydia Strand. Dei kom til Amerika i 1874, og dei var begge frå Nordfjord. Andrew og Gertrude gifte seg i 1907. Dei budde ei tid i Ray Nord Dakota der dei hadde farm. Andrew var med i Nordfjordlaget i Amerika. I "Nordfjordingenes historie i Amerika" står det at Andrew Loen er storfarmer. Han er ein mann med eit vidt syn og mange interesser. Han har eige elektrisitetsverk på farmen Andrew og Gertrude hadde tre born: Ruda, Garfild og Lauritz.

Ruda Loen (1908) vart gift med Norine Amlie (1906 - 1971) i 1936. Dei hadde ein 400 acres farm ved Benson. I denne farmen er og dei 280 acres som bestefaren Rasmus hadde ått. Dei hadde ikkje born.

Garfild Loen (1909 - 1975) var ugift. Han arbeidde i eit såvarefirma i Benson

Lauritz Loen (1911) gifte seg i 1936 med Mabel Pedersen (1917). Lauritz har 80 acres og arbeider på ein kalkunfarm. Dei har tre døtre: Romona (1936), Marge (1938) og Mary (1938). Dei to siste var tvillingar.

Lena Rasmusdotter Loen (1882 - 1926).

Lena vart gift med Georg Yule (1886 - 1963). George var fødd i Vally Sity Nord Dakota. Han var utdana ved Palmar Kiroprakterskule i Davenport, Iowa. Dei har 3 born: Ruth, Elwin og Marcella.

Ruth Yule (1912) vart gift med Harwin Rudeen i 1957. Ruth er rekneskapsførar og Harwin er farmar. Dei bur i Wilmar Minnesota. Dei har ingen born.

Elwin Yule (1916) gifte seg med Francis Bergland. Elwin er fotograf og dei bur i Wilmar Minnesota. Dei har 3 born: Gary (1957), Debra (1959) og Paul (1962).

Marcella Yule (1926) gifte seg i 1951 med Charles Melberg. Marcella er fødd i Fargo Nord Dakota og Charles i Moorhead i Minnesota. Marcella vart adoptert av Lewis og Anna Mickelson då Lena, mor hennar døde. Ho arbeider hjå Bell Telephone co. og Charles er sosialsjef. Dei har eitt barn: Daniel (1956).

Emma Rasmusdotter Loen (1887 - 1914).

Emma gifte seg i 1906 med Henry Peterson (1882 - 1958). Ho døde berre 27 år gamal. Henry var farmar i Benson. Han var son til David Peterson som hadde farm i nærleiken av farmen til Rasmus Loen. David var fødd i Utvik og er den David Verlo som før er nemnd og som kom ein snartur til Loen i 1925 og hadde med helsingar frå Rasmus til slekta i Loen. Emma og Henry hadde 3 døtre: Marvel Dora, Rosella Denora og Delia.

Dei tre søstrene vart oppfostra kvar for seg hjå slektningar då Emma døde medan dei var små. Faren, Henry Peterson, prøvde først å ha jentene samla hjå seg, men det var vanskeleg å finne nokon som ville vere hjå jentene og utføre husarbeid og gardsarbeid. I april 1917 reiste Delia til onkel til far sin, Andrew Peterson, i Wheaton i Minnesota. Nokre år seinare vart Rosella adoptert av Mr. og Mrs Lars Bakke i Wheaton, og vart heitande Rosella Bakke. Marvel bodde med onkelen sin, Selmer Loen i 3 år.

I 1918 reiste ho for å bu hjå ein annan onkel til faren, Arne Peterson, i Appelton Minnesota. Det var først som vaksne at dei tre vart kjende med kvarandre som søstre. Dei var då mykje saman og var gode vener. Dei var alle medlemer i den Lutherske kyrkja. I 1984 kom Marvel og Rosella til Loen for å vitje Olav A Loen, men han døydde omlag samstundes med at dei reiste fra Amerika

Marvel Dora Peterson (1907) var gift med Glenn Rice Scott (1905 -1960). Ho var lærar i 34 år i Minnesota Sør Dakota og i St. Louis i Missouri. Marvel og Glenn hadde to born: Glenn Roger (1939) og Barbara Anne.

Rosella Deonora Peterson (1909) gift seg i 1938 med Elmer G Hastings (1902 - 1984). Ho var lærar og Elmar varforretningsførar. Han var fødd i Chicago. Rosella og Elmar hadde 2 born: Peter (1940) og Serine Rosell (1948).

Delia Peterson (1911) var gift med Dormen R Headland (1906 -1976). Ho var lærar i Minnesota og Sør Dakota. Sidan tok ho seg arbeid som sekretær i Wheaton i Minnesota for å kunne vere der og ta seg av den gamle tanta si. Etter at ho var død, reiste Delia til Pomona i California og tok til som lærar der. Dormen er fødd i Fargo Nord Dakota og han er prest i den Amerikanske Lutherske kyrkja. Dei fløtte til Tacoma i Washington der han var prest. Han var og prest i Oregon og Yakoma i Washington. Delia hadde opplæring i musikk og ho spelte både piano og orgel. Ho gjorde seg nytte av talentet sitt i kyrkjene der mannen hennar var prest.

Selmer Albert Loen (1889 - 1958).

Selmer var farmar i Benson og han gifte seg i 1907 med Ida Simonson. Med henne hadde han 9 born. Etter at ho døde 34 år gamal, gifte han seg andre gongen med Marie C Simonson (1908) i 1928. I dette ekteskapet var der 5 born og i alt hadde han 14 born. Etter at Selmer Albert Loen var død, gifte Marie seg med Maurice Haugen i 1965. Dei bur i heimen som Selmer og Marie kjøpte i Benson i 1958.

Databasen LOKHIS-Loen gir ovesikt over den talrike etterslekta etter Selmer. Nedanfor er det berre lista opp alle borna til Selmer og deira ektefeller:

Borna til Selmer og Ida (nr 1-9):

1. Ruth Loen (1907 - 1908)
2. Ludie Loen (1909 - 1909)
3. Lillian Loen (1910 - 1959) g. m. Elmer W. Jacksen (1897)
4. Reuben Loen (1912) g. m. Lillian S. Thorson (1913)
5. Inez Loen (1914) g. m. Karney Simonson (1913)
6. Stanley Loen (1917) g. m. Alice Atchison (1922)
7. Elven Loen (1918 - 1918)
8. Delmer Loen (1920) g. m. Audrey Welker (1921)
9. Lloyd Loen (1923) g. m. Doris Olson (1921)

Borna til Selmer og Marie (10-14):

10. Maurice Selmer Loen (1933) g. m. Priscilla Holten (1941)
11. Arden Dale Loen (1935) g. m. Barbara Dokkebekken (1936)
12. Elaine Loen (1936) g. m Thomas Kaitchuck
13. Vera Ellen Loen (1938) g. m. Donald Finnes (1934)
14. Lorna Loen (1940) g. m. Marlyn Bahl (1937)

Harold Jackason , sonen til nr 3. Lillian besøkte Norge i 1996, og har seinare halde kontakt med oss m.a. med julebrev.

Dorthea Rasmusdotter Loen (1897)

Dorthea gifte seg i 1916 med Louis Jens Knox (1893 - 1974). Louis var brannmann for jernbanen medan dei budde i Montana. Elles arbeidde han i Pauline Iowa, Ray i Nord Dakota, El Cajon i California og etter 1969 i Williston i Nord Dakota. Der bur og Dorthea etter at mannen hennar døde. Ho er det yngste av borna til Rasmus Loen som kom til Amerika i 1877. Dorthea og Louis har 5 born: Arlo, Vernon, Corrine, Louise og Alvin.

Arlo Knox døde 1 år gamal

Vernon Chesterfield Knox (1918) gifte seg først med Shirley Feiring i 1946. I 1952 vart dei skilde, og i 1969 gifte han seg på nytt med Shirley Saint. Vernon er farmar og forsikringsagent i Williston. Han har eitt barn med den første kona: Alan (1948).

Corrine Delight Knox (1920) gifte seg i 1947 med Georg Jorgenson ( - 1962). Han var sekretær. Dei hadde to born: George Louis (1950) og Vicki Lynn (1951).

Louise Anna Knox (1924) gifte seg i 1946 med Royve Adams. Dei bor i Wapanuck Oklahoma. Dei har eitt barn: Cynthia Ann Adams (1948)

Alvin Ronald Knox (1928) gifte seg i 1953 med Verena Weyerauch. Alvin er farmar og har deltidsstilling som postmann. Dei bor i Ray Nord Dakota. Dei har 4 born: Michael (1957), Brian (1959), Jeff (1961) og Donald (1968).