Litteratur.
Loen og Sjurebruket

Tilbake til:
Start Etterslekt etter 1800

INNHALD

Dokumentstart
Garden Loen
Sjurebruket
Slekta på Sjurebruket
Eigedomstilhøva

Bilde-album:
Garden Loen-historisk
Sjurebruket

Lenke til Lokhis:
Garden Loen: Nett ; Privat
Sjurebruket: Nett ; Privat

Slekter frå Sjurebruket i Loen

Garden Loen og Sjurebruket.
Denne omtalen inngår som ein del av slektshistoria for Sjurebruket i Loen.

Garden Loen

Garden Loen ligg inst i Nordfjord heilt nede med fjorden. Garden har i dag (2006) gardsnr 70 i Stryn kommune. I matrikkelen i 1838 fekk garden matrikkelnr 39 i Olden skipreide og frå gamlat hadde garden hatt matrikkelnr 41

Loen er ein av dei opprinnelge gardane i Indre Nordfjord. Garden grensar i aust mot Tjugen på nordsida av elva og mot Sæten på sørsida. I sør grensar Loen mot Auflem og i vest mot Rake. Frå gamalt var garden Loen delt på 2 eigedomspartar, prestebolet (skyld 1,5 laup i 1647) og resten (skyld 12 laup i 1647).

Det var utskiftning på garden i 1898. Utskiftningskartet som vart teke opp i 1896 viser alle husa og teigane i Loen. Før utskiftninga var husa på garden samla i to tun, ovanfor og nednafor kyrkja. Det var då ca. 100 hus og 1100 teigar på innmarka fordelt på dei 14 bruka. Det var utskfitning på utmarka i 1927 og ny utskiftning på innmarka i 1968. Gjennom desse utskiftningen vart husa på 8 av dei 14 buka flytta ut frå det opprinnelege tunet

Bruka hadde slåtteteigar i utmarka og lader der dei samla høyet. Høyet vart henta heim på snøføre om vinteren. Olav A Loen har fått avmerka på kartet kvar dei ulike bruka hadde lader (sjå Garden og ætta, kapittel 10.3 med kart frå utskiftninga i 1927). Loen hadde to sætrar: Høgesetera ligg på nordsida på Lofjellet, i ca 800 - 900 meters høgd. På sørsida ligg Lostøylen i ca 300 meters høgd over havet.

I førstninga av 1800 talet bygde dei demme i Lofossen og tok fram vatnet i ei veit til bruk for kvernane. Det vart bygt 3 kvernar. I den første opp mot fossen var det 5 brukarar frå Nigar. I midtkverna var det Erkebruket, Markusbruket, Sjurebruket, Monsbruket og Framigardbruket. Til den 3. kverna høyrde 4 mann frå Oppigard. Desse kvernane vart revne bort av Loenulukka i 1936. I 1950-åra vart det bygt laksetrapp i elvelaupet som tidlgareg førde vat til kvernane. Demme som førde vatn til kvernane/laksetrappa vart riven bort ved ulukke i 1936 og seinare omkring 1990. Demma vart siste gongen bygd opp att med stein. Over Lofossen var det steinbru som vart riven bort ved ulukka i 1936

Frå slutten av 1800-talet kom turisttrafikken til å spele eig viktig rolle for Loen. Turistskipa kom etter kvart inn på Lobukta. Turistane vart førde i land ved kaia og køyrde med hest og stolkjerre til Vassenden. Der vart dei førde med båt over vatnet til Kjenndalen, og vidar med hesteskyss til breen. Etter ulukka i 1936 vart det slutt på båttrafikken over Loenvatnet, og Lodalnes dammpbåtlag kjøpte 7 bussar som i åra fram til krigen køyrde turistane til breen. Hotel Alexandra har sidan starten i 1884 hatt ei viktig rolle for turistrafikken i Loen.

Til dokumentstart

70/6 Sjurebruket i Loen

Sjurebruket har i dag (ca år 2006) bruksnr 6 under gardsnr 70 i Stryn kommune. I matrikkelen frå 1838 hadde bruket løpenr 121. Skylda på bruket var 4 mark 12 øre i matrikkelen frå 1950.

Gardskartet nedanfor viser Sjurebruket slik det er i 2016.


Bruket har i dag desse teigane: Skogsteig i Stranda (mot nordvest), Innmarksteigar i Lotunet, skogsteig i Hagedalen, innmarksteig bak Brennhaugen (mot sør), skogsteig på sørsida opp frå innmarksteigen bak Brennhaugen og skogsteig ved Lo-støylen. Ein liten naustteig innafor dampskipskeia er så liten at den ikkje synes på kart i liten målestokk. Denne naustteigen vert flytta til moloen på andre sida av elva i samband med utbygginga av Sleipner Hoven.Sjurebruket har i dag ca 50 dekar jordbruksareal og vel 200 dekar produktivt skogareal.

På grunn av jordksifta i Loen kan ein ikkje knytte dei same areala til bruket bakover i historia. Før jordskiftet som vart avslutta i 1898 var det omfattade teigblanding med innmarka fordelt på 70-80 teigar for kvart bruk. Frå 1898 til 1968 hadde Sjurebruket ein innmarkstieg som i vest gjekk frå frå tunet og ned til elva på Loøyra, og i aust ca 100 meter innover dei flate teigane. I tillegg hadde Sjurebruket teig i Bråvallsgjerdane mot Hagedalen som seinare vart delt delt i to av vegen mot Lodalen. Etter skifte av utmarka i 1927 fekk Sjurebruket innmarksteig omkring Brennhaugen frå Saghølen og opp til grensa mot utmarka i sør. Teigen gjekk då litt lenger mot vest enn teigen som bruket har i dag, men ikkje så langt mot aust. Området på sjølve Brennhaugen vart kjøpt av kommunen i 1977 og lagt ut til bustadsfelt. Utmarka har vore som i dag sidan utskiftninga i 1927.

Nedanfor er det med ein forminska kopi av kartet frå 1896 med gammal og ny teigdeling.


Hovedhusa på Sjurebruket har lege omlag på same staden heile tida og vart ikkje flytta ut ved jordskifta. I dag (2005) har bruket våningshus bygd i 1926/1927, låve bygd i 1961/1962 og stabbur med ukjend alder. Stabburet stod tidlegare vestanfor gamlestova men vart flytta ein gong etter krigen (1940-50 talet). Etter utskiftninga i 1898 vart fjøsane samle og det vart bygt låvebygg over. Denne gamle låven stod frå ca 1900 til 1962. Utskiftningskartet frå 1898 viser bygninge som då var. (sjå kartskisse nedanfor). Då det nye våningshuset vart bygt (1926/27), vart den gamle Nystova seld til Gabriel Gildestad som sette ho oppp på tomta si på Auflem (Kråka). I 1938 vart Gamlestova seld til Alfred Loen som flytta ho til tomt på sørsida av elva (på Trulsbruket). I bildegalleriet for Sjurebruket er det bilde av husa.


På utskiftningskartet for innmarka i Loen, som var oppteke i 1896 ser vi at Sjurebruket då hadde desse husa heime i Lotunet: Staburet, stove med do inntil vestre koveveggen, nystove, smalefjøs, grisehus,. lade, stall, eldhus. Utan om desse husa hadde dei naust ute ved sjøen, gardfjøs (vår og haustfjøs) inne ved Lofossen, vikalade i Lovik, sel på støylen, skogalade på Kleiva, sel på Høgesætra saman med Antunsbruket og kvernhus saman med Erke, Framigard, Markus og Mons-bruka. I det heile var det 14 hus åleine og 2 saman med andre som høyrde garden til. Desse husa hadde då vore på garden i lang tid, og dei hadde alle frå først av hatt taktekkje av never og torv. Då kartet vart teke hadde nystova fått pannetak av raue panner.

Olav A Loen har skrive ei heil bok om Sjurebruket i Loen (undertittel: Garden og ætta). Denne boka er lagt inn som eige dokument under litteratur for Loen og kan hentast der. Det er derfor ikkje teke med fleire detaljerte opplysingar i denne oversikta.

Til dokumentstart

Slekta på Sjurebruket

Dei fleste bruka i Loen har lokale namn etter ein brukar. Sjurebruket har såleis namn etter Sjur Rasmussen som var brukar frå 1692 til 1723. Sjur kom inn på bruket ved at han gifte seg med Kari Amundsdotter frå Hogrenning. Ho var enke etter den førre brukaren på Sjurebruket. Kari og Sjur hadde ikkje born som kunne overta bruket, men slekta til Kari vart ført vidare gjennom brordottera hennar, Sigrid Håvardsdotter Strand. Ho gifte seg med Rasmus Olsen, og desse fekk bygsel på bruket etter Sjur og Kari i 1723. Vi trur at Rasmus Olsen var brorson til Sjur, men dette har vi enno ikkje funne sikre prov for. Frå Rasmus og Sigrid har bruket gått i slekta frå far til son fram til i dag.

Nedanfor er det eit kort resyme om slekta som levde på Sjurebruket. Ein viser elles til meir detaljert omtale for kvar generasjon frå og med Ola Rasmussen (f.1783) og hans familie.

Rasmus Olsen f. 1701 og Sigrid som fekk bygsel på bruket etter Sjur og Kari fekk tre søner: Ola som overtok bruket etter dei, Jacob som gifte seg med Sigrid Jacobsdotter på Oppigardsbruket på Sæten, og Sjur som gifte seg med Anne Isaksdotter på Olabruket på Tjugen. Etter at Sigrid var død, gifte Rasmus seg med Anne Samuelsdotter frå Hallsteinbruket i Loen. Rasmus og Anne fekk ei dotter som heitte Sigrid (1740-1814), som vart gift med Jørgen Knutson Tjugen (1745-1809).

Ola Rsmusson (1724 - 1768), var gift med Sigrid Rsmusdotter Loen (1718 - 1775). Ho var frå Monsbruket i Loen. Det var Ola som fekk hugnaden av å verte den første sjølveigaren på bruket. Han løyste inn bruket frå H.P.Finde for 90 rdl. og fekk skøyte i 1767. Han døydde alt året etter og enkja gifte seg med Ola Jokumson Flo. Han fløtte opp att til Flo då kona var død og sonen til første mannen hennar, Rasmus Olsson, tok over garden.

Rasmus Olsson (1759 - 1801) henta kona si frå Flo og gifte seg med Malene Jonsdotter N-Flo. Rasmus og Malene fekk tre born: Ola, Jon og Lasse.. Ola overtok bruket i si tid. Jon som var andre sonen, veit vi ikkje noko om kvar det vart av han etter at han vart vaksen. Den tredje sonen, Lasse, finn vi igjen i Brigsdal i 1818, då han er komen der og skal styre bruket. Han vert verande der og styrer det bruket til han døde i 1835. Vi veit ikkje kvifor han kom der opp og vart styrar av bruket. Truleg var han i nær slekt med konene til den førre brukaren i Brigsdal, Barbro og Marta Olsdotter Loen. Lasse var ugift.Etter al Ola døde, gifte enka seg med Anders Salveson Sande i 1802. Han døde 85 år gamal i 1855.

Ola Rasmusson (1783 - 1853) vart gift med Janikka Rasmusdotter Sæten (1778 - 1841). Ola og Janikke hadde fire born: Anders, Rasmus, Bendikt og Malene. Her følgde ikkje han Ola den gamle namneskikken, for første guten skulle ha heitt Rasmus etter far hans, men han vart kalla Anders. Kanskje var det stykkfaren Anders Salveson Sande han kalla opp att med Anders. Etter at borna vart vaksne bygde dei seg nytt stovehus i 1837. Det var i bruk i nær hundrede år. Då kjøpte Alfred L. Loen det og fløtte det til Lovik. Sjå meir om borna til Ola og Jannike i kapittelet om generasjonen 1814-1823.)

Anders Olsen (1814-1894)vart gift med Olina Arentsdotter (1819-1886). Ho var frå Framigardsbruket på Rake, og det var søskenbyte slik at Malene, søster til Anders, vart gift til Rake med Arent bror til Olina. Anders fekk skøyte på Sjurebruket i 1846.Anders og Olina hadde 5 born: Jannike, Ola, Arent, Lars og Rasmus.(Sjå meir om borna i kapittlet om generasjonen 1844-1857)

Ola Andersen (1847-1928) var ikkje meir enn 18 år då han fekk skøyte på garden, og i sitt 20. år gifte han seg med Olina frå Antunsbruket (1840-1901). Også denne gongen var det søskenbyte på Sjurebruket. Ho Jannike, søster hans Ola, vart gift med Antuns-Ola. Han Ola og ho Olina fekk snart ein stor huslyd. Far og mor hans livde som kårfolk, og så hadde dei både dreng og terne i teneste heile året, og dei hadde i alt 6 born. Han Ola fortalde at dei var 12 menneske til bords i mange år. Han Ola hadde og god helse like til sin høge alderdom. I hans tid var det utskiftning som slutta i 1898. Då bygde han alle fjøsane og lada under eitt tak. Dei hadde desse borna: Olina, Kristine, Andrine, Anders, Andreas og Lars. Olina vart gift inn på Monsbruket i Loen (sjå om henne underMonsslekta). Kristine, Andrine og Anders reiste til Amerika (sjå om dei i bolken om Sjureslekta i Amerika. Del 2). (Sjå meir om alle borna til Ola og Olina under generasjonen 1867-1882)

Andreas (1880-1909 ) var berre 20 år då han fekk skøyte i 1901, og same året gifte han seg med Marte Eriksdotter Skarstein (1878 -1968). Han hadde stor interesse for krøteravl og fruktdyrking, men han døde berre 28 år gamal. Marte livde igjen med 3 små born, den elste berre 5 år. Då var det godt at han gamle Ola var frisk og sterk og gjekk inn i arbeidet som før. Marte bygde nytt stovehus på garden i si tid. Det var utskiftning på utmarka i 1927-28. Då fekk dei eit stort stykke av garden lagt på sørsida av elva. Andreas hadde teke til å dyrke frukt og bær, og det heldt ho fram med då borna vart større. Dei hadde 4 born: Olina Leonora, Olav, Olina og Karen. (Sjå meir om alle borna til Andreas og Marte under generasjonen 1902-1907)

Olav Andreassen Loen (1903-1984) vart brukar i 1932 og fekk skøyte i 1940. I 1932 gifte han seg med Aslaug Andredotter Undertun (1910-1986). Ho kom frå Eivindvik i Sogn. Olav har gått Voss folkehøgskule, og han har hatt interesse for kultur og litteratur, og han skreiv nokre bøker. Han var formann i Firda ungdomslag, der han vart heiderslagslem. Frå 1951 har han vore skriftstyrar for Årbok for Nordfjord til 1980. I 8 år var han med i kringkastingsrådet, og han har fått kongens forteneste medalje. Han har og vore med i kommunestyre og formannskap. Aslaug har gått Fjordane Folkehøgskule og Stryn Husstellskule. Aslaug har vore studieleiar i Loen og Rake bondekvinnelag og i mange år bibliotekar i Loen bibliotek. Aslaug og Olav bygde ny driftsbygning i 1962. Dei har 3 born, Marta, Gjertrud og Audun.

Til dokumentstart

Eigedomstilhøva

Frå gamalt var garden Loen delt på 2 eigedomspartar, prestebolet (skyld 1,5 laup i 1647) og resten (skyld 12 laup i 1647).

Bygdeboka gjer greie for eigedomstilhøva frå 1564. Sjurebruket vart kjøpt av brukaren i 1767. Nedanfor er det eit kort resyme av eigedomstilhøva for Sjurebruket.