Bilde ID: 06999_00 |
Bildetekst: Opplyst av Vegard Solheim: Her er eit bilde av hovedhuset på bruk nr 3 på Rake rett etter det stod ferdig i 1924. Paret på trappa er Eli Isaksdatter Loen og Lars Jakobson Kobberstad ( mine oldeforeldre ) den tredje personen er eg usikker på . Det mindre huset mellom hovedhuset og lada er ei nystove som stod der fram til ca. 1972. Denne nystova vart då kjøpt av Anders Fosnes og vart oppattsett på Samuelbruket i Bødal . Det skal visstnok spøke i denne nystova.. så mi bestemor , Kristi Solheim , var glad for å bli kvitt den ;-) Originalfoto er hos mi tante , Eli Solheim . |